FJALER KOMMUNE TILBODSGRUNNLAG FLEKKE SKULE Nytt ventilasjonsanlegg 1
1 ORIENTERING. Flekke skule vart bygd i 1979 og har eit areal på 830 m 2 fordelt på to plan. I 1997 vart det bygd på 280 m 2 fordelt på to plan. Flekke skule har i dag ca. 65 brukarar fordelt på barnehage og 1 7 klasse trinn. Prosjektet skal gjennomførast som totalentreprise, etter NS 8407, sjå anbodsinnbyding og kontraktsbestemmelsar. Nedanfor vert totalentreprenør nemnd som T. E 2 EKSISTERANDE ANLEGG Ventilasjonsanlegget frå 1. byggesteg (1979) er eit balansert anlegg med varmegjenvinning. Aggregatet er plassert i eige teknisk rom i underetasjen. Dette treng ei full utskifting. Anlegget for barnehagen (tilbygg 1997) har eige balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Ventilasjonsprinsippet er fortrenging. Her trengst ei mindre oppgradering og justering for trekk. Kan vurdere ny varmegjenvinning 3 NYTT VENTILASJONSANLEGG Løysing Det er ikkje skissert noko løysing, ein vil at tilbydarane skal komme med forslag på beste løysing innan for gjeldande regelverk. Anlegget skal vere eit balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning, og tilrettelagt for kjøling. Må kunne sonestyrast for å oppnå den mest lønsame drifta. Det må dokumenterast kva som er best. Anlegget må kunne luftregulerast med trykkuavhengige regulatorar. Det skal ligge ved dokumentasjon på luftmengde, støy, m.m. Prosjektering ansvarsrett. Total entreprenør (T. E) skal utføre full prosjektering med utgangspunkt i gjeldande reglar, areal av bygningen og bygningens bruk. Det er medlagt enkle plan teikningar. Det er ikkje teikna opp kor eksisterande stikk og ventilar er plassert. Den prosjekterte løysinga skal presenterast for tiltakshavar før konvertering til arbeidsteikningar for utføring. Teikningane skal leverast digitalt ( dwg. Format). T. E. skal søke om ansvarsrett PRO/KPR samt søknader til andre offentlige myndigheiter. ( herunder arbeidstilsynet ). FDV dokumentasjon skal leverast i papir og elektronisk format ( pdf.) 2
Kanalar brannsikring isolasjon Tillufts- og avtrekkskanalar skal generelt utførast av spiro der plassforhold tillet det. Kanaler, deler og ventiler dimensjonerast og mengdebereknast av T. E. og vere inkludert i tilbodet. Tillufts kanalar, inntak og avkastkanalar skal kondensisolerast, Kanalar som ligg mot kaldt skal isolerast. Kanalar skal isolerast for både termisk og mot brann i gjennomføringar i etasjar. Alle gjennomføringar i brannceller skal sikrast (brann isolerast og brann fugast). Kanalar skal hovudsakeleg kassast inn. Opne kanalar skal utførast i brennlakkert utføring. Alt arbeidet er sett krav om blir utført etter godkjent kvalitet etter gjeldande føreskrifter. Automatikk / SD anlegg. Aggregatet skal vere ferdig internt el. kobla og med integrerte automatikk klargjort for å kunne kommunisere med SD anlegg. Bygningsmessige arbeider. Prosjektering og utføring av bygningsmessige arbeid skal vere ein del av T.E. sitt tilbod. Utforming skal vere tilsvarande det som er i dag, og utførast etter gjeldande føreskrifter. Alle berørte flater skal vere overflatebehandla med 3 strøk. El. og rørleggararbeid. Prosjektering og utføring av El. og rørleggararbeid skal vere ein del av T.E. sitt anbod. Lysarmaturar som blir demontert skal skiftast ut med nye som stettar gjeldande krav og utførast etter gjeldande føreskrifter. Avfalshandtering. T. E. er ansvarleg for at all avfalshandtering blir utført etter gjeldande føreskrifter. 4 KONKURRANSEREGLAR: Lov om offentlege anskaffingar. NS 8407 Arbeidet er lyst ut via Doffin. Annonsert i Firda og på Fjaler kommune sine heimesider. Tilbodet skal vere kommunen i hende innan, 07.02.2014. kl. 12:00 Tilbodsopning 07.02.2014. kl. 13:00 3
5 KONKURRANSEGRUNNLAG: Konkurransegrunnlag jf. NS 8407: a) Oppdragsgjevar: Fjaler kommune, teknisk kontor, Fjalerhuset i Dale sentrum. b) Adresse: Pb. 54, 6961 Dale i Sunnfjord c) Merking: Tilbod skal merkast: TILBOD - VENTILASJON FLEKKE SKULE d) Ant. Eksemplar Vert utdelt 1 eksemplar, elektronisk (07.01.2014) tilbod. e) Synfaring. 17.01.2014 kl. 13:00 f) Tilbodsfrist: Frist for innlevering, 07.02.2014 kl. 12:00 g) Tid og stad for opning. h) Vedståelsefrist. 90 dagar. i) Skildring av prosjekt. j) Kontrakt Standardkontrakt. K) Event. Reglar i tillegg til denne standarden. L Opning: 07.02.2014 kl. 13:00 i Fjalerhuset, teknisk kontor. Det vert utarbeidt protokoll som vert tilsendt tilbydarane. Skildring i form av tekst og teikningar av eksisterande røyrgate. Val av anbod vil skje etter følgjande kriteria: Pris, (60%) Kvalitet, (20%) Leverings- og ferdigstillingsfrist, (20%). Tiltakshavar står fritt til å forkaste heile anbodsrunden. 6 DOKUMENTASJON:. Tilbydar skal vise følgjande: Organisasjonsnummer, nøkkelpersonell til prosjektet. Referansar frå tilsvarande arbeid. Event. Sentral godkjenning av føretak eller dokumentere at føretaket har kvalifikasjon til å gjennomføre prosjektet. Skatteattest ikkje eldre ein 6 månadar. HMS eigenerklæring. Dokumentere kvalitetssikringssystem i føretaket. Denne dokumentasjon skal leggast ved tilbodet. 7 FRAMDRIFT: Tiltaket skal ferdigstillast til skulestart 2014. Arbeidet må tilpassast drifta av skulen og hovuddelen av arbeidet bør leggast til skulen sin sommarferie. 4
8 ANBODSSKJEMA (KOSTNADSSKJEMA) 1 Fellesytingar, rigg, drift. kr.. 2 Prosjektering, ventilasjon. kr.. 2a, byggningsmesig arbeid. kr.. 2b, El. og rørleggararbeid. kr.. 3 Ventilasjon kr... 4 Bygningsmessige arbeid. kr 5 El. og Rørleggar arbeid. kr.. 6 Gjennomgang av manual og opplæring kr.. SUM totalt eks. mva. kr. 25 % mva kr. SUM totalt for entreprisen inkl. mva kr. Påslagsfaktorar: Påslag administrasjon av sideentreprenørar Påslag full tiltransport av sideentreprenørar (teknisk og framdriftsmessig tiltransport av øvrige fag) Påslag innkjøpte tenester Påslag innkjøpte varer 5
Endringsarbeid: Endringsarbeid kan, dersom det ikkje blir avtalt fast pris eller at einingsprisar kan utførast som rekningsarbeid etter følgjande satsar: nyttast, Timesats fagarbeidar, Ventilasjon Tømrar Rørleggar Elektrikar Timesats serviceingeniør: Timesats prosjektingeniør: kt/t.. Andre:. Timesatsar er utan mva. og faste i heile byggetida. Oppstartsveke:. Ferdigstillingsveke:. ANBODSBREV. Anbodsbrev følgjer vedlagt Underskrift:. Stad dato anbydar sign./stempel. Føretaksnummer 6