Ekspressbuss Vestlandet - status og framdrift



Like dokumenter
Avslutting av prosjektet "Ekspressbuss Vestlandet" framlegg til vidareføring

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Vestlandsrådet

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Høyring - Kystruta Bergen - Kirkenes Ny konkurranseutsetting

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kollektivseminar. Kollektivstrategi for Hordaland. Litteraturhuset i Bergen 22. mai 2013

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Forslag frå fylkesrådmannen

Bakgrunn I sak 0018/13 Reiselivsstrategi for Vestlandet gjorde Vestlandsrådet følgjande vedtak:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Aurland kommune Rådmannen

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

Forstudie Næringshage i Vinje

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Innkalling av Kraftfondsstyret

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

MØTEBOK Tysnes kommune

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

FELLES FORVALTNING AV ELEKTRONISK BILLETTERING FOR KOLLEKTIVTRANSPORTEN I NOREG.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Transkript:

Ekspressbuss Vestlandet - status og framdrift Fylkesrådmannen rår Vestlandsrådet til å gjere slikt vedtak: 1. Vestlandsrådet har i regi av prosjektet Ekspressbuss Vestlandet vurdert grunnlaget for å få til eit samordna ekspressbuss tilbod på strekninga Stavanger - Trondheim basert på eit samarbeid mellom selskapa som i dag driv ekspressbussruter på strekninga. M.a. med omsyn til konkurranselova tyder mykje på at eit slikt selskapssamarbeid ikkje er mogeleg i dag. Vestlandsrådet vedtek at arbeidet etter denne modellen vert avslutta i denne omgang. Det vil likevel vere aktuelt å sjå nærare på felles marknadsføringstiltak for eksisterande rutetilbod når ein kjem attende til Vestlandsrådet for endeleg handsaming. 2. Vestlandsrådet vil i regi av prosjektet Ekspressbuss Vestlandet ta naudsynt kontakt med Samferdsledepartementet for å greie ut grunnlaget for å samle løyvemynde for heile strekninga Stavanger Trondheim. På denne måten kan fylkeskommunane ta ansvar for den fylkesgrensekryssande persontrafikken etter same modell som den fylkesinterne trafikken. Vestlandsrådet vil elles arbeide for at eit samordna ekspressbusstilbod på Vestlandet må dekkjast i samarbeid med staten, slik vi kjenner det frå nasjonal politikk for jernbanetransport. 3. Vestlandsrådet ber om at saka vert lagt fram på nytt straks naudsynte drøftingar med Samferdsledepartementet er avslutta slik at ein kan gjere vedtak i den einskilde fylkeskommune/fylke samt starte arbeidet å førebu tingingar mellom fylkeskommunane/fylke og staten med omsyn til samordning. Prenta vedlegg: 1. Brev frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet datert 12.11.09 2. Notat frå fylkesrådmannen datert 18.11.2009 Uprenta vedlegg:

Saksframstilling Oppsummering Vestlandsrådet vedtok i sak 12/06 den 29.09.06 at det skal utgreiast eit høgfrekvent ekspressbusstilbod på Vestlandet. Fase 1 (forprosjekteringa) er sluttført og fase 2 er no i gang og det er tilsett prosjektleiar til det vidare arbeidet. Det står 1,5 mill kr til disposisjon til prosjektet i form av KID (kollektivtransport i distrikta) midlar frå Samferdselsdepartementet, løyvd i 2007, 2008 og 2009. Vestlandsrådet løyvde kr 250.000,- til prosjektet gjennom sak 0002/09 budsjett 2009. Det betyr at ramma til fase 2 er på kr 1.750.000,-. Desse pengane skal dekke driftskostnadene til utgreiinga av konseptet for Ekspressbuss Vestlandet Det utarbeida to rapportar om etablering av ein ekspressbusrute på vestlandet. Begge rapportane som prosjektet støttar seg på, konkluderer med at ein bør søke samarbeid med løyvehavarane på strekninga for at Ekspressbuss Vestlandet skal bli røynd. I prosjektet har ein hatt eit særleg fokus på å teste ut grunnlaget for eit ekspressbusstilbodet basert på bedriftsøkonomiske omsyn og marknadsmessige tilpassingar. Ut frå fleire grunnar synest dette å vere vanskeleg. Spørsmål om Kystbussaka, der Konkurransetilsynet konkluderar med at samarbeid om ekspressbussruter er lovstridig, illustrerer m.a. dette. Denne saka ligg no i ESA. Tilsvarande, når Fornyings- og administrasjonsdepartementet på ønskje frå Vestlandsrådet om møte om nettopp konkurranseproblematikken likevel ikkje vil drøfte dette før saka om Kystbussen er handsama i ESA, er det naudsynt å vurdere nærare eit alternativ der fylkeskommunane / fylke samla tek ansvar for ekspressbusstilbodet på strekninga Stavanger Trondheim. I motsett fall stoppar prosjektet opp og kan truleg avsluttast. Det vil likevel vere aktuelt å sjå nærare på felles marknadsføringstiltak for eksisterande rutetilbod når ein kjem attende til Vestlandsrådet for endeleg handsaming. I denne saka vil ein derfor rå Vestlandsrådet til at fylkeskommunane / fylke samla tek ansvar for ekspressbusstilbodet på strekninga Stavanger Trondheim ut frå samfunnsmessige omsyn knytt til ønskje om redusert biltrafikk, betre og meir effektive offentleg transport for brukarane, miljøomsyn. For å få realisert dette, er det naudsynt å endre politikken rundt tildeling av fylkesgrensekryssande ruter, og syte for at løyvestyresmaktene får større innverknad på rutetilbodet. Det vert derfor gjort framlegg om at ein i Fase 3 greier dette ut før ein kjem attende til Vestlandsrådet. I denne fasen vil ein starte tingingar med sentrale styresmakter om å endre vilkåra for løyvetildeling på strekninga Stavanger-Trondheim, og at strekninga vert halde utanfor kravet om kommersiell drift. Dette vil kunne innebere at anbod vert nytta som innkjøpsform, og at dei som får tildelt køyringa vert gjeve einerett på strekninga. Målet er å få til ei Intercityrute langs Vestlandskysten etter modell frå togbaserte intercityruter elles i landet. Det er ein føresetnad at staten deltek på tilsvarande måte og er med å realiserer dette tiltaket. Bakgrun Vestlandsrådet vedtok i sak 12/06 den 29.09.06 at det skal utgreiast eit høgfrekvent ekspressbuss tilbod frå Kristiansand til Trondheim. Det er seinare blitt klart at Vest-Agder ikkje ønskjer å delta i prosjektet. Dermed vil utgreiinga dreie seg om strekninga Stavanger- Trondheim.

Fase 1 Det er utarbeidd to rapportar i forprosjekteringa (fase 1). 34 fjordar - 24 timar" av Odd Steinar Åfar Viset og Ekspressbuss Vestlandet En mulighetsstudie av Civitas. Begge rapportane har som hovudkonklusjon at det er marknadspotensiale for ei samanhengande ekspressbussrute på Vestlandet. Samferdselsdepartementet har løyvd KID- midlar til prosjektet Prosjektet Ekspressbuss Vestlandet er med i Samferdselsdepartementets program for kollektivtransport i distrikta (KID). Vestlandsrådet fekk kr 500.000,- i KID midlar både i 2007, 2008 og 2009. Desse midla står no til disposisjon for fase 2. I tillegg løyvde Vestlandsrådet kr 250.000,- til prosjektet gjennom sak 0002/09 budsjett 2009. Det betyr at det til saman er ei ramme på 1.750.000,-. Det blir forventa også at kvart enkelt fylke deltek med ressursar også inn i fase 2 av prosjektet. Vidare arbeid (Fase 2) Tom Halland Kristiansen er tilsett som prosjektleiar frå 01.04.09 t.o.m. 31.03.10. Prosjektleiaren er administrativt underlagt Hordaland fylkeskommune og har kontoradresse der. Ein syner til framdriftsplanen for oversikt over arbeidsoppgåvene som det blir lagt opp til i fase 2. Status pr. desember 2009 Innleiande tingingar med selskapa er gjennomført Utfordringar rundt billettering er kartlagd Juridiske hindringar for etablering er kartlagd Teke initiativ til møte på departementsnivå Marknadsundersøking er bestilt, oppstart september 09 Planlegging av fellesmøte mellom aktørar/premissleverandørar er starta Diverse korrespondanse/møter/konferansar/mediekontakt vert gjort løpande Utgreiing Innleiing Dagens tilbod med fylkesgrensekryssande bussruter såkalla ekspressbussruter skil seg frå det øvrige busstilbodet på fleire måtar. Medan ordinære by- og distriktsruter etter kvart kjem under aukande offentleg kontroll via fylkeskommunale administrasjonsselskap og anbodsregime, opplever vi at ekspressbussrutene vert meir og meir kommersialisert (rundskriv N-2/2003 frå Samferdsledepartementet). Dette skiljet kan verke unaturleg. Fleire bussreisande gjev færre bilar på vegen. Færre bilar på vegen fører til færre trafikkulukker, redusert miljøutslepp og mindre slitasje på vegane. Tradisjonelt har dei enkelte ruteselskapa hatt stor innverknad på rutetilbodet i sine område. Bussmateriell, rutefrekvens, opningstid osb. har i stor grad vore styrt av ruteselskapa sjølve, og ruteløyva har vore tildelt etter hevd. Etter kvart som infrastrukturen har knytt bydelar og regionar saman, har samanslåing mellom selskap og heilskapeleg tenking i ruteplanlegginga tvunge seg fram. Dei gamle løyvegrensene har vorte utviska som følgje av dette, og erstatta med nye. I fleire fylke går no løyvegrensene i praksis likt med fylkesgrensa. Med innføring av anbod i kollektivtrafikken overtek fylkeskommunen ansvar og kontroll som det enkelte ruteselskap tidlegare rådde over sjølve. Ekspressbussrutene er i stor grad unnateke denne forma for kontroll.

Kort historikk Ekspressbusstankegangen vaks fram frå midten av 1980-talet av di ein såg trongen for å sjå over fylkesgrensa når ein skulle planleggje gode bussamband. Det var ulogisk at ei bussrute skulle ende ved ei usynleg grense, eller at passasjerane skulle ha ulempa med bussbyte. Dersom det fanst korresponderande tilbod. Dette vart løyst ved at ruteselskapa fleire stader fekk løyve til å kople rutene (koplingsløyve) slik at dei kunne krysse grensa og køyre inn i nabofylket. Dette danna vidare grunnlag for opprettinga av marknadsføringsorganet Nor-Way Bussekspress AS, som er eigd av fleire av dei tradisjonelle ruteselskapa i Noreg. I byrjinga var løyvepolitikken restriktiv, og alle løyvesøknader vart grundig behovsprøvd. Særleg var det viktig for styresmaktene å skjerme jarnbana mot konkurranse. Seinare undersøkingar har synt at konkurranseflata mellom jarnbane og ekspressbuss er lita, og restriksjonane vart mjuka opp. Med nemnde rundskriv N-2/2003 frå Samferdsledepartementet vart kravet om skjerming av jarnbana oppheva, og behovsprøvinga knyt seg etter dette berre til krav om vandel, økonomi og kompetanse. Denne oppmjukinga har ført ekspressbusstilbodet inn i ein ny fase. Situasjonen idag Kommersiell drift er i dag som regel ei føresetnad for å få fylkesgrensekryssande løyve. Lov og forskrifter gjev styresmaktene rett til å gje pålegg om takstar, trasear, bruk av terminalar osb. Vidare seier lova noko om styresmaktene sin rett til å hente inn statistikk som vedkjem drifta. I praksis styrer ruteselskapa ekspressbussrutene utan nemnande innblanding frå det offentlege. Slik får det offentlege eit tilbod som er gratis av di tilbodet står utanfor den ordinære tilskotsordninga. Implisitt i denne praksisen ligg at styresmaktene unnlet å ha meiningar om ekspressbusstilbodet, og overlet til selskapa åleine å leggje eigne marknadsmessige vurderingar til grunn for utviklinga av tilbodet. Ulike billettløysingar utan moglegheit for overgang, tilfeldige/manglande korrespondanse, ulike prosedyrar osb., er ulemper som følgje av kommersialiseringa. Som ei følgje av kommersialiseringa av ekspressbussmarknaden har Konkurransetilsynet teke til å interessere seg for dette. Selskapa sin måte å samarbeide om rutene, som alltid har vore ein føresetnad for fylkesgrensekryssande løyve, vert no påstått å vere ulovleg jfr. Konkurranselova. Samarbeidsruta Kystbussen (Tide/Veolia) som trafikkerer Bergen Haugesund Stavanger har fått kjenne kva dette inneber. Etter ein razzia hos selskapa vedtok Konkurransetilsynet at samarbeidet er ulovleg, og difor måtte opphøre. Tilsynet ser då på Kystbussamarbeidet isolert sett, utan å ta omsyn til alle reiser på strekninga under eitt, nemleg privatbilbruk, snøggbåt og flyreiser. Saka ligg i skrivande stund til handsaming hjå EFTA sitt overvakingsorgan ESA på ubestemt tid. Organisering Det kan vere realistisk å tru at ESA stadfestar Konkurransetilsynet sitt vedtak om Kystbussen. Vidare må ein rekne med at vedtaket får konsekvensar for liknande ruter, og at sentrale styresmakter ikkje vil vedta lover som strid mot dette vedtaket. I framtida står ein då att med to moglege alternative organiseringsformer m.o.t. drift av ekspressbuss. Alternativ 1 Dette inneber at styresmaktene vel å nytte ekspressbusstilbodet på strekninga som eit trafikkpolitisk middel til å redusere bruk av privatbil. Alternativet inneber at fylkeskommunane tek ansvar for den fylkesgrensekryssande persontrafikken etter same modell som den fylkesinterne trafikken. Alternativet inneber dermed ei fullstendig omstrukturering av ekspressbusspolitikken på strekninga.

Alternativ 2 Dette alternativet inneber at framtidig utvikling av ekspressbusstilbodet vert styrt av bedriftsøkonomiske omsyn og marknadsmessige tilpassingar. Styresmaktene si moglegheit til intervensjon er som i dag sterkt avgrensa, og forsøk på dette vil verte møtt med krav om forhandlingar og økonomisk kompensasjon frå operatørane. Finansiering Alternativ 1 inneber behov for finansiering. Grunnlaget er at dei lønsame delstrekningane bidreg til finansieringa av dei ulønsame delstrekningane. Utover dette er det ei føresetnad at fylkeskommunane og staten finansierer resten. Følgjande finansieringsplan er utdrag av vedlegg 1 24 timar-34 fjordar : Totalkostnad ny rute Inntekter/ tilskot eksisterande ruter Passasjerinntekter nye ruter Andre inntekter (staten mv.) Nye tilskot fylka 295 mill. kr. pr. år 155 mill. kr. pr. år 60 mill. kr. pr. år 40 mill. kr. pr. år 40 mill. kr. pr. år I tillegg vil det vere behov for 30 mill. kr. i oppstartsperioden på 2 år, i påvente av at inntektsnivået stabiliserer seg på dei prognostiserte 60 mill. kr. Med utgangspunkt i 60 mill. kr. i inntektsauke på permanent basis synest det naudsynt å redusere tilbodet noko dersom ein skal halde tilskotet til produksjonsauken på eller under det gjennomsnittlege tilskotsnivået for kollektivtrafikken. Dersom tilbodsauken vert 1 million lågare enn i den presenterte tidtabellen*, reduserer det naudsynte bidrag med om lag 15-20 millionar kroner pr. år, litt avhengig av kor stort teoretisk inntektsbortfall ein reknar med. Ein eventuell mindre auke i kostnadane for riksvegferjedrifta som følgje av tilpassingar til den nye ruta er halde utanfor og føresett dekt av Statens Vegvesen i tingingane med reiarlaga. (*sjå vedlegg 1) Kontraktform (netto -brutto) Val av kontraktform har stor innverknad på ansvarsdelinga mellom det offentlege og driftsoperatørane dersom ein vel å legge ruta ut på anbod. Nettokontrakt inneber at selskapet som får kontrakten sjølv har ansvar for økonomi, ruteplanlegging og marknadsføring. Oppdragsgjevaren har i dette tilfelle eit overordna ansvar særleg i samband med utarbeiding av kontrakten, utbetaling av tilskot og forvaltning av sjølve kontrakten i perioden. Dette er den tradisjonelle kontraktforma ved innkjøp av kollektivtenester i Noreg, og har vore nytta både i anbods- og forhandlingsregime. Bruttokontrakt inneber at ansvaret for økonomi, ruteplanlegging og marknadsføring ligg på oppdragsgjevaren. Dette inneber at utførande ruteselskap krev inn billettpengane på oppdragsgjevaren sine vegne. Dersom trafikken aukar eller minkar, er inntekts- auken/bortfallet ruteselskapet uvedkomande, då dei utfører oppdraget etter avtalt pris. Med dette regimet er ein avhengig av eit administrasjonsselskap i ei eller annan form. Dette kan delegerast til samferdsleadministrasjonen i eit av medlemsfylka, eller eit av dei eksisterande

administrasjonsselskapa. Det kan også vurderast å opprette ein eigen administrasjon med ansvar for drifta, t.d. eit aksjeselskap. Som ein avart av desse nemnde kontraktformar fins eksempel på såkalla bruttokontrakt med incitament. Desse ligg ein eller annan stad imellom netto- og bruttoregimet, avhengig av kor stort incitamentet er. Tanken bak denne kontraktforma er å auke interessa til det utførande ruteselskapet i høve til kunde- og marknadstenking. Døme kan vere at ruteselskapet beheld 20% av dei totale billettinntektene, eller 50% av auken ved ei evt. trafikkauke. Denne kontraktforma inneber ei oppbygging av ein administrasjon i offentleg regi på same måte som med ei ordinær bruttokontrakt. Vurdering Prosjekt Ekspressbuss Vestlandet stør seg på rapportar som føreset at utvida samarbeid mellom eksisterande operatørar på strekninga er den beste metoden for å oppnå målet om ei samanhengande rute, både av omsyn til økonomi og realisme i gjennomføringa. Dette kan verte forhindra av Konkurransetilsynet sitt vedtak. Dersom ein ser på moglegheita for å leggje heile traseen ut på anbod, kan dette synast vanskeleg å gjennomføre, sidan marknaden er såpass deregulert og at løyve ikkje gjev einerett. I tillegg til at den nye ruta vert ei kollektivtrafikkmessig pulsåre langs kysten, kan ein og sjå moglegheiter med å knyte tilbodet til reiselivet i regionen. Gjennom samarbeid og avtalar med reiselivet kan ein utvikle nye produkt som kombinerer ruta med andre reisemiddel, t.d. Hurtigruta, og hotellovernatting. Med tanke på det spektakulære landskapet som kysten har å by på, kan ruta ikkje berre vere eit føretrekt reisemiddel for lokalbefolkninga, men også ein attraksjon i seg sjølv. Dersom Ekspressbuss Vestlandet skal nå måla om samordning av ekspressbusstrafikken på vestlandskysten, viser det seg no at det offentlege må overta ansvaret for ruta og konkurranseutsette den. Eventuelt kan eit av dei eksisterande administrasjonsselskapa eller ei av fylkeskommunane få dette ansvaret delegert. Samferdsledepartementet må innskrenke tilgjenget for å få løyve på strekninga, og delegere løyvemyndet til dette nye organet. Følgjande funksjonar bør gå inn i myndet til det nye organet: Definere frekvens og opningstider Utarbeide anbodsgrunnlag og kontraktar Dele ruta inn i fornuftige anbodspakkar Ansvar for utlysing og tildeling av anbodspakkar Fungere som oppdragsgjevar for operatørane Samarbeide med Vegdirektoratet/Fylkeskommunane om gjennomgangsfrekvens på ferjesambanda Utarbeide felles profil for ruta Innføre eins billetteringssystem Opprette nettportal for billettkjøp og informasjon Samarbeide med reiselivsnæringa om ulike reiseprodukt Marknadsføre ruta Moglege organiseringsformer 1. Drift og utvikling av fylkesgrensekryssande bussruter på strekninga vert underlagd offentleg styring. Dei aktuelle fylkeskommunane må gjere naudsynte grep for å sikre

framdrifta til prosjektet. Fylkeskommunane må som løyvemynde for fylkesgrensekryssande persontransport be Samferdsledepartementet om å samle løyvemyndet for heile strekninga Stavanger Trondheim hos eitt samla organ (fylkeskommune, interkommunalt samarbeidsforum eller departementet). Samferdsledepartementet må gjere unntak frå rundskriv N-2/2003 for å gjeninnføre behovsprøving og einerett for framtidige løyve til ekspressbussar på den aktuelle strekninga. Strekninga må vidare anbodsutsetjast og alle eksisterande løyve må inndragast. Vidare må fylkeskommunane kvar for seg gjere vedtak som forpliktar dei til å samle seg om prosjektet og sikre finansiering til drift av ruta. Det er ei føresetnad at overskotet på dei sjølvberande delstrekningane er med og finansierer andre delstrekningar. 2. Det fylkesgrensekryssande rutetilbodet Stavanger Bergen Trondheim vert også i framtida styrt av tilbod og etterspurnad i marknaden. Ekspressbuss Vestlandet kan vere eit føregangsprosjekt som i tillegg til å ha særs god effekt for Vestlandet som ein utvida arbeidsmarknads- og busettingsregion, på sikt kan utviklast til å gjelde for heile landet. Med å ta denne typen grep om ekspressbussdrifta, løyser ein den juridiske floka som næringa er råka av. Myndigheitene får ansvaret for å styre utviklinga av det offentlege ekspressbussnettet. Omorganiseringa fører til at overskotet av drift av dei lønsame rutene vert pløgt attende til kollektivtrafikken til det beste for samfunnet, og kravet til konkurranse vert teke i vare fullt ut. Forslag til vedtak: Vestlandsrådet har i regi av prosjektet Ekspressbuss Vestlandet vurdert grunnlaget for å få til eit samordna ekspressbuss tilbod på strekninga Stavanger - Trondheim basert på eit samarbeid mellom selskapa som i dag driv ekspressbussruter på strekninga. M.a. med omsyn til konkurranselova tyder mykje på at eit slikt selskapssamarbeid ikkje er mogeleg i dag. Vestlandsrådet vedtek at arbeidet etter denne modellen vert avslutta i denne omgang. Det vil likevel vere aktuelt å sjå nærare på felles marknadsføringstiltak for eksisterande rutetilbod når ein kjem attende til Vestlandsrådet for endeleg handsaming. Vestlandsrådet vil i regi av prosjektet Ekspressbuss Vestlandet ta naudsynt kontakt med Samferdsledepartementet for å greie ut grunnlaget for å samle løyvemynde for heile strekninga Stavanger Trondheim. På denne måten kan fylkeskommunane ta ansvar for den fylkesgrensekryssande persontrafikken etter same modell som den fylkesinterne trafikken. Vestlandsrådet vil elles arbeide for at eit samordna ekspressbusstilbod på Vestlandet må dekkjast i samarbeid med staten, slik vi kjenner det frå nasjonal politikk for jernbanetransport. Vestlandsrådet ber om at saka vert lagt fram på nytt straks naudsynte drøftingar med Samferdsledepartementet er avslutta slik at ein kan gjere vedtak i den einskilde fylkeskommune/fylke samt starte arbeidet å førebu tingingar mellom fylkeskommunane/fylke og staten med omsyn til samordning.