VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 11.04.2008 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post gunn.westnes@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 12 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 90 98 40 00. ordførar
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 6/2008 PS 7/2008 PS 8/2008 PS 9/2008 PS 10/2008 PS 11/2008 PS 12/2008 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Søknad om permisjon Tiltak for å rekruttere førskulelærarar til dei kommunale barnehagane i Vestnes kommune Søknad om seniortiltak Seniorpolitiske tiltak Vestnes kommune Rekruttering til ferievikariat-pleie og omsorg
PS 6/2008 Godkjenning av innkalling
PS 7/2008 Godkjenning av protokoll frå siste møte
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 2008/1116 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 17.03.2008 Tiltak for å rekruttere førskulelærarar til dei kommunale barnehagane i Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 11.04.2008 9/2008 Administrasjonssjefen si innstilling To assistentar,.. og.. vert gitt følgjande tilbod ved å gjennomføre desentralisert førskulelærarutdanning i perioden 2008 2012 : Permisjon med løn under undervisningsvekene i Volda (dekt av fellesbudsjett for barnehagane) Delvis dekning av studiemateriell. Storleik vert fastsett av adm.sjefen utfrå liknande samanliknbare saker tidlegare (dekt av fellesbudsjett for barnehagane) Innvilging av ekstra lesedagar i samråd med driftsleiar (blir dekt av barnehagen sitt årsbudsjett) Lesedagar og fri med løn ved eksamen (etter reglane i permisjonsreglementet, og dekt av barnehagen sitt årsbudsjett) Bindingstid inntil 2 år ved barnehagane i Vestnes kommune etter endt utdanning SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Dei siste 2 åra har vi i Vestnes kommune etablert 144 nye barnehageplassar. Totalt rekna har vi i dag meir enn 320 barn i barnehagane i Vestnes. Den neste utfordringa blir å fylle kvalitetskravet når det gjeld kompetanse hos dei tilsette. Innan grunnskulen har det vore fokus på kunnskapsløft for undervisningspersonell, og vi har fått midlar frå staten til etter- og vidareutdanning innan språk og matematikk. I barnehagesektoren har det ikkje vore overført midlar til kompetanseheving. Det er uklart om kommunane vil få tilført midlar i komande stortingsperiode.
Utdanningskrav i barnehagane: Etter barnehagelova skal leiaren i ein barnehage ha førskulelærarutdanning. I tillegg skal det vere minst 1 førskulelærar (pedagogisk leiar) ved kvar avdeling. Dersom ein ikkje kan rekruttere førskulelærarar til desse stillingane, må det gjevast dispensasjon. Det er DFU (drifts- og forvaltningsutvalet) som gir slike dispensasjonar. Vi har pr idag slike dispensasjonar i alle kommunale barnehagar med unntak av Helland barnehage. Rekruttering av førskulelærarar: Etter ei stor satsing på utbygging av barnehagar konkurrerer no alle kommunar for å rekruttere førskulelærarar. Som eit ledd i å behalde førskulelærarar i barnehagane, og for unngå overgangar til grunnskulen, vart pedagogiske leiarar i lønsforhandlingane for 2007 gitt eit løft utover vanleg lønsstigning (kr 20.000). Utdanningsforbundet i Vestnes har også vore særs opptekne av og uroa over talet på dispensasjonar i barnehagane. Dei bad difor i september 2007 om drøftingsmøte med administrasjonssjefen (sjå vedlegg 1 til saka). Eit slikt møte vart halde den 4.oktober 2007. Administrasjonssjefen tok då til orde for å satse todelt : både på rekruttering utanfrå og på utdanning av eigne tilsette. Ho føreslo å lyse ut eit stipend til assistentar i barnehagane som ønskjer å delta i desentralisert førskulelærarutdanning. Ein valte på dette tidspunktet ikkje å spesifisere detaljert gjennomføring av tiltaket. Då søknadsfrist for opptak til desentralisert førskulelærarutdanning i Volda går ut den 15.april, valte adm.sjefen å gå ut med eit brev til alle fast tilsette i barnehagane den 11.mars i år. (Sjå vedlegg 2 til saka) Her heiter det : Under forutsetning av politisk godkjenning vil vi tilby følgjande til 2 (to) assistentar: Permisjon med løn under undervisningsvekene i Volda Delvis dekning av studiemateriell Innvilging av nokre ekstra lesedagar pr semester Lesedagar og fri med løn ved eksamen (etter reglane i permisjonsreglementet) Bindingstid inntil 2 år i barnehagane i Vestnes kommune etter endt utdanning Desentralisert utdanning for førskulelærarar: Høgskulen i Volda tilbyr 4-årig desentralisert utdanning for førskulelærarar. I denne utdanninga inngår ca 10 vekesamlingar pr år, samt 20 veker i praksis som ikkje kan leggast til eigen arbeidsstad. Her må ein kunne tenkje seg praksis i ein annan av dei kommunale barnehagane. Mellom samlingane er det sjølvstudium og gruppearbeid. Slik sett ville det vere ein stor fordel at fleire frå Vestnes kommune får høve til å vere med. Dette gir eit godt høve til samarbeid mellom fagsamlingane i Volda. Vurdering: Etter ei storstilt satsing på utbygging av barnehageplassar må det no settast fokus på kvaliteten i barnehagane. Vi har mange dyktige assistentar. Likevel kjem ein ikkje utanom kravet om å bygge opp eit godt fagmiljø med høg formell kompetanse. I konkurranse med andre kommunar kan det vere viktig å finne eigne tiltak. Vi må sette i verk tiltak utan å vente på at staten skal finne ut at ein no må følgje opp barnehagereforma med økonomisk satsing på kompetanseutvikling for barnehagepersonell. Det er lagt inn midlar for permisjon med løn for to assistentar i inntil 4 veker hausten 2008. Vedtaket må følgjast opp for påfølgjande år. Dersom staten løyver kompetansemidlar, vil desse måtte gå inn og dekkje tiltaket i denne saka først. Då ein pr i dag ikkje kjenner til detaljane i opplegget, vil det vere ein fordel at administrasjonssjefen får mynde til å klargjere detaljer både når det gjeld stønadsstorleik og talet på lesedagar.
Særutskrift til: Driftsleiarane for barnehagane Vedlegg: 1 Spørsmål om drøftingsmøte frå Utdanningsforbundet 2 Kvalifisering av tilsette i barnehagane i Vestnes kommune
VESTNES KOMMUNE Administrasjonssjefen Til fast tilsette ved barnehagane i Vestnes kommune Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf 11.03.2008 2251/2008 2008/1116 Tone Roaldsnes 71 18 40 40 Kvalifisering av tilsette i barnehagane i Vestnes kommune Det er med stor glede vi kan konstatere at vi dei siste 2 åra har etablert 144 nye barnehageplassar. Totalt rekna har vi i dag meir enn 320 barn i barnehagane i Vestnes. Dette har vore eit stort løft. Når vi no har fått så mange barn i barnehagane våre, så kjem neste utfordring. Vi treng personale! Etter barnehagelova skal leiaren i ein barnehage ha førskulelærarutdanning. I tillegg skal det vere minst 1 førskulelærar (pedagogisk leiar) ved kvar avdeling. Dersom ein ikkje kan rekruttere førskulelærar til ei slik stilling, må det gjevast dispensasjon for å ha ein ufaglært i stillinga. Vestnes kommune har mange dispensasjonar. Sjølv om vi har mange flinke ufaglærte, så må vi få gjort noko med denne utfordringa. Det viser seg vanskeleg å rekruttere førskulelærarar. Difor satsar vi no på å få utdanne nokre av våre eigne tilsette. Eg oppmodar difor fast tilsette assistentar i dei kommunale barnehagane til å ta til på ei desentralisert førskulelærarutdanning i Volda! Ta kontakt med driftsleiaren din for nærmare informasjon. Under forutsetning av politisk godkjenning vil vi tilby følgjande til 2 (to) assistentar: Permisjon med løn under undervisningsvekene i Volda Delvis dekning av studiemateriell Innvilging av nokre ekstra lesedagar pr semester Lesedagar og fri med løn ved eksamen (etter reglane i permisjonsreglementet) Bindingstid inntil 2 år i barnehagane i Vestnes kommune etter endt utdanning Dersom du er interessert, så send ein kortfatta søknad til driftsleiaren din. Administrasjonsutvalet vil plukke ut dei heldige. Dette vil skje i møte den 8.april. Driftsleiaren din må difor ha motteke søknaden din den 1.april 2008. Med helsing Tone Roaldsnes administrasjonssjef Postadresse: Telefon: Telefaks: Org.nr. Rådhuset 71 18 40 00 71 18 40 01 939 901 965 6390 Vestnes www.vestnes.kommune.no E-post:postmottak@vestnes.kommune.no
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 570 Arkivsaksnr.: 2008/1338 Saksbehandlar: Rune Håseth Dato: 04.04.2008 Seniorpolitiske tiltak Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 11.04.2008 11/2008 Administrasjonssjefen si innstilling Med dei uavklarte forholda i samband med lønsoppgjeret i offentleg sektor vert saka realitetsbehandla etter at lønsoppgjeret er ferdig Etter dagens møte vert det i hovedssak ikkje inngått fleire individuelle avtalar før saka er avgjort. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Denne saka har administrasjonsutvalet arbeidd med sidan 2006. Saka vart utsatt i november og administrasjonen skulle arbeide vidare med saka og lage 2-3 eksempel på kostnader ved utmelding og mal for seniortiltak. Frå Kommuneforlaget er det bestilt ei utredning so heiter Attraktiv seniorpolitikk forfatta av Åsbjørn Vetti. Den økonomiske situasjonen har endra seg drastisk og vi er no inne i ei tid med nedskjeringar og reduksjonar på alle nivå. Å innføre kostbare ordningar i ei slik tid er ikkje mogleg og tiltaka må ha minst mogleg økonomisk innslag. AFP ordninga, som mykje er grunnlaget for seniortiltaka, har vore gjenstand for sterke forhandlingar i privat sektor. Resultatet derifrå vil eg tru blir svært retningsgivande for AFP ordninga i offentleg sektor. Gitt at AFP pensjonistar får same avtale som privat sektor skulle det bety at vi får heilt andre ordningar og fare for at større grupper enn no tek ut AFP. Staten må då inn med mykje pengar og seniortiltak, slik vi kjenner dei, blir kanskje heil forandra. Utifrå det bør saka avventast. Dei moment administrasjonsstyret ville ha utreda blir likevel sendt ut no. KS seier at dei vil ha på plass tenestepensjonsordninga før dei kan gå vidare med AFPordninga
Kva forhandlingane i offentleg sektor vil resultere i veit vi ikkje enno, men ny avtale skal være på plass i løpet av april månad. Når kommunen innfører eit seniorsystem må det være framtidsretta og ordninga må gjelde alle. Som vi la fram i saka til forrige møte er talet på moglege AFP pensjonistar på sitt høgste i 2011 med 63 personar i alderen 62-65 år. I 2008 er det 3 årsverk som går ut av ordninga og så langt er det 3,5 årsverk inn i ordninga. Snittkostnaden med 100% forsikring er på kr.183.000.-pr årsverk I 2007 hadde vi 5,3 årsverk i AFP ordninga (KLP) og betalte kr. 1.500.000.- i forsikring, som er ein snittkostnad på kr.283.000.- altså 100.000.- over sjølvkost. Deler vi 1.500.000.- med 183.000.- får vi 8,2. Det betyr at dersom vi er under 8 AFPpensjonistar lønner det seg å være sjølvassurandørar. Eit alternativ er 50/50 forsikring, der vi dekker 50% og KLP-forsikringa dekkjer 50%. Kostnaden til forsikring blir då 750.000.- årleg. Eg har laga ein oversikt som viser kostnadane med /utan forsikring opp tom 11 årsverk AFP. Det skulle etter mitt syn dekke ynskje om eksempel på kostnad ved evt. utmelding av AFPforsikringsordninga med KLP. Kostnad AFP 100% 1 årsverk 2 årsverk 3 årsverk 4 årsverk 5 årsverk 6 årsverk 7 årsverk 8 årsverk 9 årsverk 10 årsverk 11 årsverk ingen forsikring 183000 366000 549000 732000 915000 1098000 1281000 1464000 1647000 1830000 2013000 50% forsikring 374500 466000 557500 649000 740500 832000 923500 1015000 1106500 1198000 1289500 100% forsikring 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 1500000 diff ingen forsikring 1317000 1134000 951000 768000 585000 402000 219000 36000-147000 -330000-513000 Diff 50% forsikring 1125500 1034000 942500 851000 759500 668000 576500 485000 393500 302000 210500
2500000 2000000 1500000 1000000 500000 0 ingen forsikring 50% forsikring 100% forsikring diff ingen forsikring Diff 50% forsikring -500000-1000000 Vurdering: Det er så mange usikre moment at saka bør realitetsbehandlast etter lønsoppgjeret for offentleg sektor Særutskrift til: Organisasjonane
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: Arkivsaksnr.: 2008/1420 Saksbehandlar: Rune Håseth Dato: 15.04.2008 rekruttering til ferievikariat-pleie og omsorg Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 11.04.2008 12/2008 Administrasjonssjefen si innstilling Administrasjonssjefen får fullmakt til å iverksette nødvendige tiltak for at ferien 2008 kan avviklast på ein forsvarleg måte SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Det er vanskar med å skaffe nok ferievikarar til at alle tilsette får avvikla sommarferie. Spesielt gjeld dette for deler av ei driftseining. Vurdering: For å få nok vikarar vurderer ein det slik at ein må inn med spesielle stimuleringstiltak. Det kan her være snakk om ekstra lønn for vikarar på denne eininga. Særutskrift til:driftsleiarar plo