Riksregulativet for ferjetakstar - høyring



Like dokumenter
Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Høyring - Kystruta Bergen - Kirkenes Ny konkurranseutsetting

Finansiering av søknaden

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

Granvin herad Sakspapir

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

FELLES FORVALTNING AV ELEKTRONISK BILLETTERING FOR KOLLEKTIVTRANSPORTEN I NOREG.

SAMFERDSELSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesutvalet

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Avslutting av prosjektet "Ekspressbuss Vestlandet" framlegg til vidareføring

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vurdering av allianse og alternativ

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

Bompengepakken Stord Vestside Søknad om utviding av bompengeperioden med 2 år

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

PAPIRLAUSE MØTE I POLITISKE ORGAN

Takstar som virkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt - spørsmål om utviding av ungdomskortordninga - studentmoderasjonar m m

8. Museum og samlingar

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Transkript:

Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen rår Vestlandsrådet til å gjere slikt vedtak: 1 Vestlandsrådet ser positivt på arbeidet med å lage ei ny og meir effektiv billetteringsordning for ferje. Innsparinga med ny ordning må kome dei reisande til gode i form av lågare takstar, betre frekvens eller nytt materiell. 2 Den føreslegne rabattordninga med at rabatten skal følgje køyretøyet, vil vere negativ for næringslivet på Vestlandet. Rabatten for storbrukarkort må følgje bedrifta og ikkje kvart enkelt køyretøy. 3 Vestlandsrådet går i mot at takstane har eit sommarpåslag. Fjordane er eit av dei viktigaste reisemåla i landet og eit auka kostnadsnivå på ferjereisa vil vere uheldig for reiselivsnæringa. 4 Reisande med trygdebil må få ei rabattordning som gjer at kostnaden deira ikkje vert auka utover dagens nivå. 5 Brukarar av elektrisk rullestol må reknast som passasjerar og såleis sleppa å betale køyretøytakst. 6 Vestlandsrådet føreset at det reviderte regulativet ikkje skal innebere auka kostnader for busstrafikk i rute. Vi ber staten tvert i mot, i det reviderte takstregulativet, om å vurdere å sløyfe ferjetakst for busstrafikk i rute ettersom dette vil vere ei positiv prioritering av kollektivtrafikken som kan stimulere fleire til å reise kollektivt. 7 Vestlandsrådet viser elles til vedtaka i dei einskilde fylka. Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg:

Saksframstilling Bakgrunn Riksregulativet for ferjetakstar er no ute på endeleg høyring, jamfør vedlagt brev frå Vegdirektoratet datert 22.04.2005. Høyringsfristen er sett til 31.mai. Det er sendt eigne høyringsuttaler frå fylka, men fylkesrådmannen meiner det er rett å legge saka fram for Vestlandsrådet slik at rådet får høve til å kome med ein eigen uttale. Vegdirektoratet sitt forslag til riksregulativ for ferjetakstar pr 22.04.05 Rabattsystem: Det er hovudsakleg lagt opp til ei vidareføring av eksisterande rabattar. Bussar i rute og trygdebilar får vidareført rabatt med 50%. Dagens rabattsystem inneber 40% rabatt for dei som har kort. Rabatten er uavhengig av bruk, men avgrensa til ruteområdet til eitt selskap. Framlegget til nytt regulativ inneber at all bruk av (verdi) kort vert gjeven ein generell rabatt på 20% uavhengig av ferjeselskap. Brukarar som reiser meir enn ti gonger (5 t/r reiser) innanfor ruteområdet til eitt selskap i løpet av ein kalendarmånad, får ein rabatt på 60% frå og med tur nummer elleve. Dersom ein pendlar har tjue arbeidsdagar ein månad vert dermed den gjennomsnittlege rabatten 50%. Generelt vil dei fleste pendlarar og andre kortinnehavarar ha færre enn førti ferjereiser i månaden. Grunna inkluderinga av passasjertakstane i køyretøytakstane vil reisande som køyrer åleine få ein noko høgare kostnad enn i dag. Dei som køyrer fleire saman vil tene på dette. For næringsdrivande som har nokre reiser i månaden med ferja, vil framlegget medføre ein del høgare kostnad. Dette fordi desse reisande har 40% rabatt frå første reise i dag, i tillegg aukar takstane generelt grunna bortfallet av passasjerbetaling. Sommarpåslag I det første forslaget til nytt ferjeregulativ var det nemnt at det kunne bli høgare takstar om sommaren enn resten av året. Dette er no synleggjort ved at takstane vert auka i perioden 20. juni til 20. august. Sommarpåslaget vert om lag 26% for køyretøy og 20% for motorsykkel. Reisande med kort/brikke betalar vintertakst også om sommaren. Dette vert gjort for å skjerme storbrukarar. Grunngjevinga for sommarpåslaget er målsetningen om større grad av samfunnsøkonomisk prising. Ferjetakstene skal i utgangspunktet tilsvare den kostnad den enkelte trafikant påfører selve ferjedriften og skal gi et signal om hva bruken av selve ferjen koster. Det er derfor rimelig at ferjetaksten bør være høyere i perioder med kapasitetspress. Køyretøyklassar Det er no føresett fire køyretøygrupper, noko som er ei meir enn i regulativet som er under utprøving. Det vert tre og ikkje to grupper for køyretøy som er lengre enn seks meter. I tillegg kjem ei takstgruppe for motorsykkel. Elektriske rullestolar, merka maks 10 km, er ikkje nemnt i framlegget. Desse betalar i dag tilsvarande persontakst.

Ei samanlikning av gjeldande takstar (2005) og framlegg til nye takstar for sone 3 syner følgjande (før ev rabattar): Takst Vinter Sommar 2005 Person (vaksen) 20 0 (-100%) 0 (-100%) Personbil 49 64 (31%) 81 (65%) Buss (12,5 m)* 282 280 (-1%) 354 (26%) Vogntog (18 m) 394 454 (15%) 574 (46%) Tala i parentes syner endring frå taksten for 2005. * Passasjerane betalar ikkje ved nytt regulativ. Samband i sone 3 er mellom anna Mannheller Fodnes, Brimnes - Bruravik og Hjelmeland - Nesvik. Handsamingar i fylka Rogaland: I Rogaland var saka oppe i fylkestinget 1.mars i år. Vedtak:.1. Rogaland fylkeskommune støttar arbeidet med å leggja til rette for enklare takstregulativ og meir effektive billetteringsordningar i ferjedrifta..2. Rogaland fylkeskommune rår til at passasjerbetaling fell vekk på ferjene..3. Rogaland fylkeskommune legg til grunn at det før iverksetting vert utarbeida rabattordningar som sikrar at næringstrafikken og faste reisande i distrikta ikkje vert påført høgare ferjetransportkostnader..4. Rogaland fylkeskommune legg til grunn at innsparde kostnader i ferjedrifta kjem trafikantane til gode i form av nytt materiell, rimlegare billettar og/eller betre tilbod..5. Rogaland fylkeskommune forutsetter at det reviderte regulativet ikke skal innebære økte kostnader for busstrafikk i rute. Staten bes tvert i mot, i det reviderte takstregulativet, om å vurdere å sløyfe ferjetakst for busstrafikk i rute ettersom dette vil være en positiv prioritering av kollektivtrafikken som kan stimulere flere til å reise kollektivt..6. Rogaland fylkeskommune legg til grunn av store pendlerkommuner, som til dømes Strand kommune, og etter omleggjinga kan oppretthalde snøggbåtrutene i samband med morgon- og ettermiddagsrushet. Hordaland: I Hordaland var denne saka oppe i hovudutval for samferdsle 12.mai og vidare som meldingssak i fylkesutvalet 07.juni:

Fylkesutvalet meiner at takstauken i forslaget til nytt Riksregulativ for ferjetakstar er uakseptabelt høg, og rår til at dette blir endra ved reduksjon i alle takstsoner. Dette skal ikkje føra til endringar i rabattsystema. Fylkesutvalet meiner at alle passasjerar skal reisa gratis med ferjene, og vil ikkje opna for å ta betaling for passasjerar som reiser utan bil. Dette var og er ein føresetnad for innføring av nytt regulativ. Fylkesutvalet ber om at det nye regulativet ikkje vert sett i verk før ein har sikra at alle utanlandsk registrerte bilar også må betala. Fylkesutvalet er særs glade for at pendlarar/storbrukarar er godt varetekne i det nye regulativet. Løyve til førehandstinging, herunder innføring av taksttillegg bør kunne avgjerast av regionvegsjefen etter tilråding frå fylkeskommunen og etter høyring i involverte kommunar. I samband med regelmessig kapasitetsproblem og med tre eller fleire anløp skal det ikkje takast tillegg i taksten ved førehandstinging. Sogn og Fjordane: I Sogn og Fjordane var saka oppe i hovudutval for samferdsle 25.mai og i fylkesutvalet 1.juni. Vedtaket er i samsvar med punkt 1-5 i innstillinga til Vestlandsrådet. Møre og Romsdal: I Møre og Romsdal er saka handsama i Samferdselsutvalet 9.juni. Innstilling til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylke ser positivt på arbeidet med å lage eit nytt og meir effektivt billetteringssystem for ferje. 2. Ein føreset at effektiviseringsvinstane kjem trafikantane til gode i form av lågare takstar og/eller betre tilbod. 3. Møre og Romsdal fylke legg til grunn at det blir utarbeidd rabattordningar som sikrar at næringstrafikken og faste reisande i distrikta ikkje vert påført høgare ferjetransportkostnader. Rabattordninga må leggjast om slik at det blir enklare å oppnå 60% rabatt. 4. Møre og Romsdal fylke aksepterer ikkje sommartakstar som vil vere uheldig for reiselivsnæringa i fylket. 5. Møre og Romsdal fylke legg til grunn at dei nye takstane ikkje skal innebere auka kostnader for busstrafikk i rute.

Fylkesrådmannen sine vurderingar Fylkesrådmannen ser det som positivt at Statens vegvesen vil lage eit forenkla takstregulativ for ferjetakstar. Det er også positivt at pendlarar og andre storbrukarar i forslaget får gode rabattar då dette er grupper som er avhengige av å nytte ferje. Desse reisande vil truleg kome ut om lag som i dag når det gjeld betaling. Framlegget kan innebere meirkostnader for ein del bedrifter. Dette kan til dømes vere bedrifter som må til Austlandet eller utlandet for å levere varene sine. Desse bedriftene har mange ferjereiser i månaden, men kvart køyretøy har kanskje berre 10-12 reiser. Den føreslegne rabatten skal følgje køyretøyet og ikkje bedrifta som i dag. Storbrukarar har no 40% rabatt på alle reiser, medan det nye regulativet kan medføre at reell rabatt vert berre 20-30%. I tillegg kjem også kostnaden med den generelle takstauken i framlegget. Tal reiser skal teljast i heile ruteområdet til eit ferjeselskap. Det vil gjere det lettare for nokre transportselskap å få ein brukbar rabatt. I høve dagens takstar vil likevel eit vogntog på 18 meter trenge nærare 40 turar i månaden for å kome ned på dagens kostnadsnivå. For rutebilnæringa er framlegget positivt. Kostnaden for buss vert om lag uendra (vinter), men då det ikkje skal krevjast passasjerbetaling på ferja vil buss verte eit betre alternativ enn i dag. Miljømessig er framlegget også positivt då det vil løne seg meir å reise fleire i same bil. I høve reiselivsnæringa vil framlegget slå negativt ut, det gjeld spesielt med omtanke til sommarpåslaget på 26%. Noreg framstår for mange som eit dyrt land å besøke og eit ekstra påslag for køyretøy i sommarsesongen vil ikkje gjere dette betre, trass bortfallet av passasjerbetaling. Fjordane er eit av dei viktigaste reisemåla i landet, og det er ikkje akseptabelt at reisande i sommarmånadene får ein ekstra reisekostnad for å kome seg rundt på Vestlandet. Det er ikkje teke spesielt omsyn til brukarar av trygdebil. Desse reiser ofte åleine og det er i framlegget lagt opp til 50% rabatt. Dette er rett nok lik dagens rabatt, men brukarane vil få ein kostnadsauke grunna det generelle takstpåslaget i nytt regulativ. Dei som nyttar elektrisk rullestol, merka maks 10 km, betalar i dag tilsvarande persontakst. Då passasjerar skal fritakast for betaling bør dette også gjelde dei som nyttar elektrisk rullestol. Det er føresett at samla trafikantbetaling skal vere uendra. Framlegget til nytt regulativ inneber ei vesentleg forenkling av dagens system. Dette bør medføre at det vert innsparingar. Desse innsparingane må kome dei reisande til gode, anten ved lågare takstar, betre frekvens eller nytt materiell. Fylkesrådmannen sin konklusjon /tilråding Retningslinene for rabattar medfører at pendlarar og andre som reiser veldig ofte får eit tilnærma likt kostnadsnivå som før. Det er uheldig at transportselskapa kan få ein større kostnad enn i dag, noko som vidare kan slå ut på næringslivet i på Vestlandet. Transportkostnaden for næringslivet her er allereie veldig høg, og det må difor lagast rabattordningar som tek omsyn til dette. Denne rabattordninga må, som i dag, ta utgangspunkt i at rabatten vert gjeven til bedrifta og ikkje følgjer køyretøyet.

Rutebilnæringa vil få ein positiv effekt då passasjerane vil få ei rimelegare reise. Ei anna miljømessig føremon er at det nye regulativet vil vere ei god oppmoding for meir samkøyring til/frå arbeid eller andre aktivitetar. Fjordane på Vestlandet er av dei mest vitja reisemåla i landet. Ein ekstra takstauke om sommaren vil slå negativt ut for reiselivsnæringa. Brukarar av elektrisk rullestol må definerast som passasjerar og såleis sleppe å betale køyretøytakst. Dei som har trygdebil må få ein rabattordning som medfører at kostnaden ikkje vert auka utover dagens nivå. Eventuelle innsparingar ved nytt regulativ må kome dei reisande til gode, anten ved lågare takstar, betre frekvens eller nytt materiell.