ÅRSMØTE EID JEGER OG FISKELAG 29.01.2016 Gamlebanken pub og gjestestove
Innhold SAKLISTE... 3 Årsmelding Arbeidsutvalet:... 4 Årsmelding fra trening- og konkurranseutvalget 2014... 5 Aktivitet... 5 Resultater... 7 Handlingsplan for 2016... 9 Budsjett 2016... 9 Årsmelding Hundeutvalet... 10 Handlingplan 2016:... 10 Budsjett 2016 :... 10 Årsmelding Viltstellutvalet... 11 Handlingsplan 2016:... 11 Budsjett 2016:... 11 Årsmelding Ungdom- og Fiskeutvalet... 12 Handlingsplan 2016 :... 13 Budsjett 2016:... 13 2
SAKLISTE 1. Val av ordstyrar 2. Val av møtereferent 3. Val av 2 representantar til å skrive under møteprotokoll 4. Godkjenning av innkalling 5. Årsmelding og handlingsplan for dei ulike utvala 6. Rekneskap og budsjetter 7. Medlemskontigent 8. Treningstider/avgifter 9. Val til styre og utval 10. Innkomne saker frå medlemmar og utval 11. premiering for 2015 / Lag konkurransar 3
Årsmelding Arbeidsutvalet: Eid Jeger- og Fiskelag (EJFL) er med sine 270 medlemar i ulike aldersgrupper. EJFL har eit stabilt medlemstal. Dei fleste medlemmane er aktive i skyting, nokon deltek på ulike skytearrangement rundt om i landet. Vi har hatt fleire skyttarar med gode resultat. Det vart ikkje arrangert messe i 2015 men i 2016 vert det nytt arrangement 2015 har gått med til planlegging av messa. Skyteanlegget på Tua er mykje brukt i år som tidlegare år, skyteanlegget har stor bredde innanfor ulike skyteaktivitetar som krev mykje anlegg og utstyr. For at anlegget ikkje skal forfalle trengs det eit årleg vedlikehald og renovasjon. Anlegget har hatt ei opp gradering på bygg og anlegg dette året, samt bygt nytt overbygg med veggar på standplass 2 leirdubane, her står att noko arbeid med vil bli fullført i 2016. Slike tiltak er økonomiske og dugnadskrevjande for laget, medlemmane som har vert med på dugnaden i år har gjort ein særs god jobb. Arbeidsutvalet har hatt 4 styremøte i år, der vi har tatt opp og vedteke ulike saker i laget. Styret arbeider godt ilag, arbeidsutvalet har som målsetning å auke dei andre aktivitetane i laget. Den obligatoriske storviltprøva vart gjennomført av ca 280 jegerar. I mars/april gjennomførte vi 30timars kurs for fyrstegongs jegerar med 6 eksamenskveldar. Heile 43 kandidatar, jenter og gutar i alderen 14 15 år frå ulike kommunar i Nordfjord gjennomførte kurset. Vi ser no ei aukande interesse for å gjennomføre fyste gangsjeger kurset og det er positivt for kommande jegergenerasjonar. Våre instruktørar Ove, Arve og Roar som har gjort ein kjempejobb i mange Det vart planlagt fleire dagar med skuleringsjakt på Myklebust, men allereie vart 1 dagen avslutta med full utelling av felte dyr. Arbeidsutvalet. 4
Årsmelding fra trening- og konkurranseutvalget 2015 Styret i Trening- og konkurranseutvalget i 2015 har bestått av: Leier: Arild Vonheim Elgbane: Jon Magne Årvik Leirdue: Axel Nielsen Jaktfelt: Per Tore Taklo (medlem i Jaktskyttarutvalget, NJFF Sogn og Fjordane) Vara: Thorarinn Johannesson Jan Inge Kleppe har vært ansvarlig for innkjøp av ammunisjon. Styret har gjennomført 2 møter og flere telefonmøter etter behov i 2015. Styre har fungert bra og hatt et godt samarbeid. Aktivitet Gjennomført Jaktfelt Hundvikefjellet den 1/3-15 med 41 deltakere Hundvikefjellet den 15/3-15 med 48 deltakere Lagsmesterskap på Tua 5
Hundvikefjellet 15/3-15 Gjennomført Leirdue (jegertrap og sti): Jegertrap på Tua den 26/4-15 med deltakere Jegertrap på Tua den 10/5-15 med deltakere Lagsmesterskap Jegertrap med 10 deltakere. Lagsmesterskap Sti med 10 deltakere. LM Elgskyting og Nordisk Jaktskyting gjennomført den 30. og 31. mai Gjennomført Elgbane: Elgskyting den 9. mai Lagsmesterskap på Tua Etter påske startet vi opp med hagleskyting tirsdag og torsdag fra kl. 18:00 til 20:00 på Tua Elgbanen var ordnet i år og har vært skyting på tirsdagene og etter behov. Gjennomført trening og oppskyting til storviltprøva på Tua fra kl. 18:00 til 20:30 hver tirsdag og torsdag fram til jaktstart den 1. september. Tua Lagsmesterskap 2015 6
Resultater Vi har hatt flere skyttere med gode resultater både i cupene og LM på Jaktfelt og hagleskyting. FM i jegertrap og leirduesti i Askvoll Resultat lagsmesterskap leirduesti 2015 på Tua Klubbmester vart Axel Nilsen etter omskytning. Klasse B Resultat lagsmesterskap Trap 2015 på Tua Klubbmester vart Axel Nilsen etter omskytning. Klasse A. 7
Lagsmesterskap Jaktfelt 2015 Lagsmesterskap Elgskyting 2015 8
Handlingsplan for 2016 Videre arbeid med utbedring av leirduebane 2 og dugnad/vedlikehold av anlegget på Tua Gjennomføring av Jaktfelt den 12/3 og 2/4 på Hundvikefjellet og 9/7 på Tua Gjennomføring av Elgskyting Gjennomføring av Jegertrap 24/4, 28/5 og 11/6 på Tua Gjennomføring av Sti den 12/6 på Tua Gjennomføre lagsmesterskap for elgskyting, jaktfelt, jegertrap og leirduesti/sporting. Gjennomføring av familiedag med skyting Opplæring i Treffdata og Leirduenett Budsjett 2016 Viser til sak økonomi og budsjett Takker styret for en god jobb Trening- og konkurranseutvalget Arild Vonheim 9
Årsmelding Hundeutvalet Hundeutvalet ville i løpet av dette året prøve å rekruttere fleire ettersøkshundar i kommunen, og valde derfor å arrangere eit grunnkurs i blodspor og ettersøkskurs. Der var ikkje moglegheit til å gjennomføre eit slikt kurs før etter sommaren, og kurset vart lagt til 21 23 august. I løpet av sommaren var der 7 deltakarar påmeldte. Desse deltakarane var frå Eid, Måløy og Førde. Der var i tillegg ein person som ville delta på delar av kurset. I løpet av kort tid før kurset var der fleire av deltakarane som måtte melde fråfall, og der var to påmelde deltakarar att. Kurshaldar og underteikna valde då å avbryte kurset for å ta det igjen ved eit seinare høve. Den gode påmeldinga viser at der er interesse for eit slikt kurs i regionen, og at ein bør prøve å arrangere eit liknande kurs våren 2016. Handlingplan 2016: Blodsporkurs våren 2016 og saueaversjonskurs. Budsjett 2016 : 5000,- Mvh. Kristian Andre Kjørstad Leiar i hundeutvalet EJFL 10
Årsmelding Viltstellutvalet April- Kurs i bygging av Revebås Remedalen hos Ragnar Vedvik 5 deltakarar Det er startet opp med fangstpremie på rovvilt av følgande arter: Ravn, kråke, skjære, nøtteskrike og mår. Det er i 2015 innmeldt nærmare 30 mår, 10 ravnar og nokre kråker. Vi har ikkje fullstendig oversikt og vil jobbe med å få eit bedtre system på innraportering og loggføring av innraportert fangst. Vi håpar på meir fangst 2016.01.12 Vi satsar også på utbetaling av fangstpremie på rev til tross for at nokre beitelag allereie utbetalar. Jegerane kan også melde seg opp som prøvetakarar hjå veterinærinstituttet der dei tar inn prøvar av tunger, øyre, lever og drit. Godgjørast med kr 450 pr rev. Handlingsplan 2016: Kurs i fellefangst Betre loggføring på mottak av fangst. Bidra på villmarksmessa. Bygge revebås for bruk til viltstell i laget. Budsjett 2016: 5000 kr Mvh Oddbjørn Frislid Leiar Viltstellutvalet 11
Årsmelding Ungdom- og Fiskeutvalet Vi byrja året med Fiskesommararrangementet rett etter skuleferien,19-20 juni. Vi rigga oss til i Fladalen med lavvo, bålpanne, flotte premiar og godt humør. Hadde kjøpt inn mat til ein heil armè. Vi sette ut kanoar, ordna med fiskeutstyr til alle som ville komme. Dessverre var det ikkje ei einaste sjel som ville vere med oss den fine kvelden, bortsett frå oss som styrte med arrangementet og eit par andre frå Eid JFL som tok turen innom. Kva grunnen til det kan vere, veit vi rett og slett ikkje, for vi var veldig flinke til å marknadsføre arrangementet med avisinnlegg, plakatar på skulane, på butikkar osv. Heilt bortkasta var det likevel ikkje, for dei ungane som var der storkosa seg. Alle involverte gjorde ein kjempejobb, og alt vi hadde tenkt å gjere gikk på skinner. Vi plastra opp dei skadane vi fant på båten som skal ligge på Hornindalsvatnet og køyrte den over på Nesjartun camping. Heldigvis tok eg ein tur oppom for å sjå etter den et par dagar seinare, for då var den full i vatn att. Der var fleire små hol i botnen etter gamle skruar som lak. Etter dette torde eg ikkje la den ligge på vatnet, og drog den på land rett nedom flytebrygga. Skadane som er på båten er såpass omfattande at vi sel båten og skaffar ny (1nøkkel-100båtar NJFF) Vi tok inn att lavvo og kanoar i oktober, etter at det heile rett og slett vart gløymt av. Dette tar eg ansvaret for og beklagar dette. Lavvoen hadde fått ei rift i toppen, men det lar seg greitt fikse. Kanoane var blåst på vatnet, men det er fordi nokon har brukt dei og ikkje lagt dei skikkelig opp og knytt dei faste igjen. Kanskje vi skulle laga ein plakat med litt reglar for plassen der? Der var også ein del søppel rundt omkring, kanskje ein skulle fått opp ei søppelkorg? Kanoar, lavvoen, bålpanna og båten frå Hornindalsvatnet er per dags dato lagra på Sagesetra. 12
Handlingsplan 2016 : Aktivitetar på Moengården med fiske og skytesimulator. Legge ut kanoar ved Langevatnet og setje opp lavvo. Markedsføringstand for villmarksmessa på hingsteutstillinga. Skaffe ny båt gjennom NJFF Budsjett 2016: 5000kr Hans Arild Rosø 13