VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE 2014-2017



Like dokumenter
Retningslinjer for Næringsfond 1. Herøy kommune. Herøy kommune

VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE

LEIRFJORD KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Øyvind Toft Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 14/761-4 Klageadgang: Nei

DEL 1 Prinsipp og rammer for kommunale næringsfond

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Arkivsak: SAKSPROTOKOLL - REVIDERING AV RETNINGSLINJER - KOMMUNALE NÆRINGSFOND

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

Fordeling av kommunale og regionale næringsfond 2013

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE.

Retningslinjer for Aure næringsfond

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Vedtekter for Åmli kraftfond

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Vedtekter for Åmli kraftfond

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

Fonda skal berre nyttast til lån, herunder ansvarlege lån, og/ eller avsettast til garantifond. Avkastninga kan nyttast til tilskott og betinga lån.

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Innkalling av Kraftfondsstyret

Retningsliner for næringsfondet. Gol kommune. Endra i samsvar med vedtak i K-sak 0055/00 den

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243. Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Vedtekter for Mardølafondet

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Statsbudsjettet Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 05/ /06 Trond Øverland, /&

Søknad om Anbodsgaranti

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/228- Trond Øverland,

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Finansiering av søknaden

Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond RUF

Sakshandsaming. Gloppen hotell 3. september

Møtestad: Hareid rådhus FSK rom Dato: torsdag, Tid:11:45

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT

10/60-14/N-211//AMS

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Narvik kommunes nærings- og infrastrukturfond

Næringsfond BEIARN. kommune VEDTEKTER OG RETNINGSLINJER

MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

R E T N I N G S L I N E R

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

REGLEMENT FOR NÆRINGSFOND

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Forslag frå fylkesrådmannen

Alkoholpolitiske retningsliner for Flora kommune

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Innkallinga og saklista har vore kunngjord med oppslag i rådhuset.

Forstudie Næringshage i Vinje

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Arbeidsreglement Sund kommune

Om avskriving av tap på krav: Sjå økonomihandboka pkt og

Halsa kommune Vedtatt i kommunestyret

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Vedtekter for næringsfondet Os kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

VEDTEKTER FOR BRUK OG FORVALTNING AV TRYSIL KOMMUNES KRAFTFOND

Namning av vegar i Fræna Kommune

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Næring - Retningslinjer næringsfond

MØTEPROTOKOLL. Til å skrive under møteboka vart valt: Signe Sævik Monsen og Frank-Otto Kvalsvik. underskrifter

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ENGERDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Transkript:

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 1 VEDTEKTER FOR NÆRINGSFOND STRANDA KOMMUNE 2014-2017

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 2 Innhald 1 Heimel, kapital, avkasting... 3 2 Føremål... 3 3 Retningsliner for prioritering... 3 4 Stønadsformer... 4 5 Stønadsvilkår... 4 6 Forholdet til internasjonale avtalar på statsstønadsområdet... 5 7 Forvaltning... 6 8 Klage... 7 9 Rapportering... 8 10 Godkjenning av vedtektene... 8

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 3 1 Heimel, kapital, avkasting Næringsfondet vert finansiert av: 1. Årleg løyving frå Møre og Romsdal fylkeskommune 2. Renter og anna avkastning av fondskapitalen 3. Inndraging av løyvingar frå ikkje gjennomførde prosjekt. 4. Eventuelle eigne midlar som kommunen har løyvd til fondet Alle renter og anna avkastning skal førast som inntekt til fondet og må disponerast i samsvar med vedtektene. Det er ikkje høve til å opprette fond for berre delar av kommunen. Fondet bør vere mest mogleg næringsnøytralt 2 Føremål Kommunale næringsfond kan brukast både til bedriftsretta tiltak, og til tilretteleggande tiltak i regi av kommunane eller andre organisasjonar. Det kan berre gjevast støtte til tidsavgrensa utviklingsprosjekt. Bedriftsretta tiltak: Det kan gjevast støtte til bedrifter og nyetablerarar. Tiltak kan vere investering i utstyr og maskiner, støtte til profilering/merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, kurs/seminar, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving, nettverksbygging, e.l. Tilretteleggande tiltak: Det kan gjevast støtte til utviklingsprosjekt som legg til rette for auka vekst, verdiskaping og sysselsetting i regi av kommune eller organisasjonar. Det kan vere tiltak som omdømmebygging, marknadsføring, profilering, kompetanseheving, kurs, seminar, konferansar, konsulenthjelp, kommunalt næringsog tiltaksarbeid, etablering av lokale nettverk og samarbeidstiltak m.m. Støtte til investeringar i maskiner og utstyr kan berre gjevast i kommunane i sone III og IV. (Stranda = Sone III). Støtte til bedriftsretta kompetansehevingstiltak, for eksempel, kurs, seminar, nettverksbygging, konferansar, bedriftsutvikling, produktutvikling, konsulenthjelp, e.l. kan gjevast i alle kommunar. Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til ordinær drift av verksemder. Dette gjeld også for kommunen sine ordinære oppgåver med næringsutvikling (t.d. førstelinetenesta hoppid.no). Det kan heller ikkje gjevast stønad til infrastrukturtiltak som er ein del av kommunen sine ordinære oppgåver. 3 Retningsliner for prioritering Næringsfondet skal ha utløysande effekt (dvs. at tiltaket ikkje vil bli gjennomført utan stønad) på tiltaket.

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 4 Prioriteringane skal gjerast på basis av føringar frå fylket t.d. «Handlingsprogram for verdiskaping», og i kommunale vedtekter. Dei kommunale vedtektene vektlegg følgjande moment: Om prosjektet har utløysande effekt Om tiltaket gjeld etablering av ny verksemd, eller inneheld stor grad av nyskaping i eksisterande verksemd Om tiltaket gir betra sysselsetjing, og spesielt for kvinner og ungdom At tiltaket har tilretteleggande tiltak med betyding for fleire At tiltaket fører til samarbeid skule lokalt næringsliv Om tiltaket omfattar mjuke (versus fysiske) investeringar 1 At tiltaket har ein (klar) miljø- og klimaprofil Om prosjektet dersom det dreiar seg om fysiske investeringar, inneheld stor grad av nyskaping Kvalitet på søknad / forretningsplan /anna dokumentasjon Prioriteringar gitt i strategiske dokument (t.d. landbruksplan) for kommunen skal også vere retningsgjevande. Vektinga av dei ulike parametrane ovanfor skal gjerast som del av løyvingsprosessen, og kan endrast og tilpassast dei utfordringane kommunen har til ei kvar tid. Men nyetableringar og mindre verksemder (1-10) skal i alle høve ha prioritet ved tildeling frå næringsfondet. Det same gjeld prosjekt som fører til betra sysselsetting for kvinner og ungdom. 4 Stønadsformer Frå næringsfondet kan det berre løyvast støtte i form av tilskot, dvs. ikkje lån. Midlane skal ikkje brukast til teikning/ kjøp av aksjar eller lutar i private verksemder. Midlane kan ikkje nyttast som garantiar for lån til næringsverksemd (jf. Kommunelova 51). 5 Stønadsvilkår Det kan ikkje gjevast tilsegn som går ut over det som til ei kvar tid står inne på næringsfondet. Det kan heller ikkje gjevast tilsegn som legg til grunn løyving frå fylkeskommunen påfølgjande år. Samla løyving frå næringsfondet til private næringstiltak skal ikkje overstige 50% av samla kapitaltrong. For prosjekt som har særleg verdi for sysselsetting av kvinner og ungdom, og for nyetableringar, kan næringsfondet i særlege høve delta med inntil 75% av finansieringa. 1 T.d. kurs, opplæringstiltak

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 5 EØS-regelverket gir overordna retningsliner for tildelingar av offentleg støtte, m.a. at det maksimalt kan løyvast 200 000 EURO,- til eitt og same føremål i éi og same verksemd over ein periode på tre år, sjå neste avsnitt. Verksemder som tek i mot stønad pliktar difor å opplyse om det er motteke stønad frå næringsfondet ved eventuelle ytterlegare søknader på offentlege midlar innan utlaupet av treårsperioden. Prosjekt som er så store at trongen for midlar er over halvparten av tildelinga frå fondet siste år, bør drøftast med Møre og Romsdal fylke v/regional- og næringsavdelinga og/eller Innovasjon Norge. Grensa for bedriftsretta stønad følgjer av årleg tildelingsbrev, og omfattar samla kapitalbehov for prosjektet. Prosjekt som har eit totalt kapitalbehov over denne grensa skal sendast til Innovasjon Norge. Grensa gjeld berre for bedriftsretta tiltak (ikkje t.d. lag og foreiningar). Utover dette skal ein legge til grunn følgjande føringar: Nyetablering vs. eksisterande bedrifter: Dersom ein står overfor om lag likeverdige val ( poengsum ) om å løyve til ei nyetablering og ei allereie etablert bedrift som fått tildeling frå fondet dei siste tre åra, skal ein som hovudregel prioritere nyetableringa, sjølv om ein ikkje har nådd tilskottstaket (200 000 EURO) for den etablerte bedrifta. Jf. også pkt. 3. Nedre grense for søknad: Nedre grense for å søkje næringsfondet om støtte er at samla kapitalbehov for prosjekt er større enn 50 000 kr. Karantene: Det er ikkje absolutte karantenereglar for fondet i den forstand at ein ved tildeling er avskoren frå å søkje på nytt før etter eit visst tidsrom, men det bør vere eit mål å få flest mogleg nye etablerarar som søkjarar. Jf. også neste kulepunkt. Overlevingsevne/utviklingspotensial: Alle søkjarar har altså krav på ei vurdering der ein også kan vurdere utsiktene til overleving og utviklingspotensial ved ev. vidareføring av tidlegare støtte. Ei verksemd som tidlegare har fått støtte, men kjem i ein likviditetsmessig vanskeleg situasjon («dødens dal»), kan med andre ord oppnå vidare støtte dersom dette sikrar overlevinga til verksemda. Saksutgreiar kan i slike høve be om naudsynt dokumentasjon. 6 Forholdet til internasjonale avtalar på statsstønadsområdet Artikkel 61 i EØS-avtalen set som hovudregel forbod mot offentleg støtte til næringslivet. Det er gitt ei rekkje unntak frå dette, t.d. bagatellmessig støtte. Kommunale næringsfond er omfatta av regelverket for bagatellmessig støtte. Det kan gjevast inntil 200 000 euro i slik støtte over ein rullerande treårs periode. Det er søkjar sitt ansvar å opplyse om ev. tidlegare motteken bagatellstøtte i søknaden. Det kan ikkje gjevast støtte som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan difor ikkje gjevast støtte til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnader, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk. Det kan likevel gjevast bagatellmessig støtte til følgjande tiltak i samband med eksport: Rådgjeving for å identifisere verksemda sine behov og val av tenester Kompetansehevande tiltak Utarbeiding av eksportmarknadsplan (utført av ekstern konsulent)

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 6 Studiar eller konsulenttenester som vil vere naudsynte for å lansere eit nytt produkt eller eit eksisterande produkt på ein ny marknad Marknadsundersøkingar/ innhenting av marknadsinformasjon (utført av ekstern konsulent) Deltaking på messer Dersom EFTA sitt overvakingsorgan ESA finn at støtte er gitt i strid med regelverket om offentleg støtte i EØS-avtalen, kan ESA krevje at støtta blir tilbakebetalt. 7 Forvaltning Fondsstyre Formannskapet forvaltar fondet og er fondsstyre. Avgjerdsmynde er delegert frå fondstyret til rådmannen for saker med tilskotsbeløp på inntil kr 25 000,- pr. søknad av ev. restbeløp etter hovudtildeling. Tal tildelingar Stranda kommune har hittil praktisert éi årleg tildeling frå næringsfondet. Så lenge denne praksisen gjeld og dersom nokon i perioden mellom tildelinga frå kommunen og fram til ny tildeling frå Møre og Romsdal fylke etterfølgjande år trekkjer søknaden eller det vert frigjort vesentlege midlar av andre grunnar (t.d. underkjenning av prosjekt med løyving eller manglande gjennomføring), kan næringssjefen bestemme å gjennomføre ei utlysing nr. 2. Krava til kunngjering og handsaming er dei same som ved første gongs utlysing. Ein kan også gjere bruk av delegasjonsfullmakta rådmannen har (inntil 25 000 kr) i slike tilfelle, dersom dette gir ei løysing. I tillegg disponerer næringssjefen såkalla avklaringsmidlar gjennom hoppid.no-satsinga. Plassering av fondsmidlane Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto slik at midlane er disponible til ei kvar tid. Innbetaling av renter og avdrag vert førte attende til næringsfondet. Saksutgreiing Saksutgreiing til fondsstyret vert utført av administrasjonen. Under saksutgreiinga bør administrasjonen søkje kontakt med fylkeskommunen og andre fagmiljø i teknisk/økonomisk kompliserte saker, eller der samla kapitalbehov er omfattande, jf. pkt. 5. Innsynsrett Ei tildeling frå næringsfondet vil i utgangspunktet vere omfatta av offl. 2 slik at innsyn kan krevjast. Det er likevel slik at det kan vere unntak frå innsynsretten ut i frå offl. 13 for opplysningar som er underlagt teieplikt. Dette kan t.d. dreie seg om lovpålagt teieplikt i fvl. 13. Sakshandsamar må i kvart einskilt tilfelle vurdere kva det kan gjevast innsyn i og ikkje. Avslag Alle avslag på søknader skal grunngjevast, jf. fvl. 24. Tilsegnsbrev Kommunen skal etter vedtak sende ut tilsegnsbrev med vilkår for tilsegna. Tilsegnsbrevet skal gi ein frist for ferdigstilling og informasjon om dokumentasjonskrav knytt til utbetalinga.

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 7 Tilsegnsbrevet skal gi opplysningar om klagerett, sjå pkt. 8. Krav til rekneskapsføring og dokumentasjon Tilskotsmottakar skal føre separat regnskap for bruken av tilskotet. Sluttutbetaling skal i utgangspunkt skje etterskotsvis mot rapport og regnskap. For tilskot over 100 000 kr vert det kravd revisorattestert regnskap og prosjektrapport. Tilskotsmottakar som ikkje er revisjonspliktig kan få rekneskapen stadfesta av autorisert rekneskapsførar. Kommunane kan etter ei vurdering også krevje attest frå revisor/autorisert rekneskapsførar for tilsegn under 100 000 kr. Delutbetalingar Næringssjefen kan vurdere for delutbetalingar og vilkår for dette, men det skal ikkje betalast ut meir enn 75% av tilskotet før prosjektet er avslutta og sluttrapport godkjent. Søknader og rapportering All forvaltning inkl. søknader og oppmoding om delutbetaling skal skje via sakshandsamingssystemet RF 13.50 (https://www.regionalforvaltning.no/startside/velkommen.aspx?). Dette inneber også krav til skriftleg rapportering frå tilskottsmottakar. Næringssjefen kan krevje mellomrapportar (t.d. midtvegsrapport) i tilfelle der det er gitt særleg store løyvingar, eller dersom ein av andre grunnar finn det føremålstenleg. Det kan også stillast krav om meir utfyllande informasjon (t.d. ein forretningsplan) enn det som må fyllast ut i standard søknadsskjema dersom det er tale om større/kompliserte prosjekt. Attendebetaling av løyvingar Dersom kommunen etter at tildelinga vert kjend med at ein søkjar har handla i strid med norsk lov og dette er skjedd i regi av den verksemda det er løyvd stønad til, kan kommunen krevje at pengane vert betalt attende heilt eller delvis. Kommunen skal heller ikkje betale ut midlar dersom søkjar er under etterforsking av politiet. 8 Klage Vedtak i næringsfondet er å rekne som einskildvedtak 2 etter fvl. og kan dermed klagast på av ein part eller ein person med rettsleg klageinteresse. Klageorgan Klageorgan er fondsstyret (formannskapet). Dersom ein klage vert oppretthalden av fondsstyret, skal klagen sendast vidare til kommunestyret. Lovheimlar Det kan klagast etter kommunelova 59 (lovlegskapsklage), og etter forvaltningslova kap. IV (forvaltningsklage, partsklage). 2 Vedtak som gjeld rettar og plikter til ein eller fleire bestemte personar.

Vedtekter for kommunalt næringsfond i Stranda kommune 2014-17 8 Klagefrist Klagefristen for einskildvedtak er etter forvaltningslova 29 er 3 veker frå det tidspunktet underretting om vedtaket er nådd fram til parten. 9 Rapportering Kommunen skal kvart år rapportere bruken av det kommunale næringsfondet etter reglar fastsette i tildelingsbrevet. Årsmeldinga skal òg leggast fram for formannskapet. 10 Godkjenning av vedtektene Vedtektene kan endrast etter vedtak av kommunestyret. Møre og Romsdal fylke v/regionalog næringsavdelinga skal ha avprent av godkjende vedtekter.