Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Informasjonsseksjonen 5020 Bergen Telefon 55 23 99 42 E-post: informasjon@post.hfk.no Bergen 24. august 2011 Hordaland fylkesutval sitt møte i Bergen 24. august 2011: Nei til fredingsforslag for Stødleterrassen i Etne Fylkesutvalet i Hordaland seier nei til fredingsforslaget for Stødleterrassen i Etne. Fylkesrådmannen har fremja forslag om at fylkeskommunen skal gå inn for områdefreding etter kulturminnelova av eit område på vel 900 dekar med vedtekter for vidare bruk av området med omsyn til kulturminne. Hordaland fylkesutval handsama denne saka på møte onsdag 24. august og gjorde slikt vedtak: «1. Fylkesutvalet sluttar seg ikkje til fredingsforslaget for Stødleterrassen i Etne kommune. 2. Fylkesutvalet ber om at det vert utarbeidd ein oversiktleg forvaltningsplan som klargjer og forenklar prosessar for sakshandsaming og ikkje hindrar landbruk og tilpassa næringsutviklinga i området. 3. Fylkesutvalet ber om at forvaltningsplanen vert følgt opp med auka fokus på kunnskapsformidling og utvikling av kulturminna i området og at dette vert gjort i samråd med lokale styremakter og grunneigarar. 4. Fylkesutvalet ber kommunen i samband med rullering av arealplan ta omsyn til kulturminne og utarbeide omsynssoner.» et i fylkesutvalet vart gjort med 9 røyster (Frp, H, KrF, Sp) mot 6 røyster (Ap, SV og V). Mindretalet gjekk inn for å slutta seg til ferdingsforslaget. Mindretalet i fylkesutvalet gjekk inn for dette forslaget sett fram av Arbeidarpartiet: «1. Fylkesutvalet sluttar seg til fredingsforslag for Stødleterrasse i Etne kommune som er eit viktig kulturmiljø knytt til norsk historie. Fredinga skal sikre nasjonale kulturminneverdiar for framtida og fellesskapet.
2. Fylkesutvalet ber om at vert utarbeidd ein oversiktleg forvaltningsplan som klargjer og forenklar prosessar for sakshandsaming og ikkje hindrar landbruk og tilpassa næringsutviklinga i området. Arbeidet må få høg prioritet, og fylkesutvalet legg til grunn at det skal vere tett og løpande kontakt og oppfølging mellom fylkeskommunen/vernestyresmakter og kommunen, eigarar og brukarar framover for å sikra føresetnaden om at landbruk og tilpassa næringsutvikling ikkje skal verta hindra, verken i tida før forvaltningsplanen er ferdig eller etterpå. 3. Fylkesutvalet ber om at forvaltningsplanen vert følgd opp med auka fokus på kunnskapsformidling og utvikling av kulturminna i området og at dette vert gjort i samråd med lokale styresmakter og grunneigarar. Fylkesutvalet ber om at fylkesrådmannen set i gang ein prosess for å vurdera korleis fylkeskommunen konkret kan medverka til å få fortgang i å formidla historia lokalt, til dømes gjennom oppretting av ein visningsdel i Skakkesenteret.» Forslaget frå Arbeidarpartiet fekk 6 røyster (Ap, SV og V) og fall. Halv million til plan for ny ferjekai på Varaldsøy Hordaland fylkeskommune skal gje tilskot på 500 000 kr til planarbeidet for ny ferjekai på Varaldsøy i Kvinnherad. Tilskotet skal innarbeidast i budsjettet for 2012, har Hordaland fylkesutal vedteke. Fylkesutvalet ser det som naturleg at kommuedelplanen for framtidig ferjeleie på Varaldsøy vert utarbeidd i regi av Kvinnherad kommune. Kvinnherad kommune og Varaldsøy bygdelag skal dekka 1 mill. kr av plankostnadene. I handlingsprogrammet for fylkesvegnettet i Hordaland 2010-2013(19) er nytt ferjeleie på Varaldsøy omtalt som aktuelt for vurdering i siste seksårsperiode (2014-2019). Ny ekspressbuss Bergen-Stavanger tilrådd Hordaland fylkesutval går inn for at Nettbuss Ekspress AS skal få ruteløyve for buss på strekninga Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger. Men fylkesutvalet meiner det må knytast fleire vilkår til løyvet. Fylkesutvalet legg til grunn at det vert teke inn som vilkår at ruteplan, takstregulativ, og billettering skal godkjennast Hordaland fylkeskommune. Fylkesutvalet krev også at UngdomSkyss kan nyttast på strekninga Bergen Haugesund. Fylkesutvalet ber Nettbuss Ekspress AS om å vurdera å innarbeida stopp på Føyno og Os i ruteplanen. Fylkesutvalet gjev til og med 31.12.2013 Nettbuss Ekspress AS dispensasjon frå 4 pkt a og 4 2
b i Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. ved løyvepliktig transport i Hordaland. Det er Rogaland fylkeskommune som er løyvestyresmakt i denne saka, medan Hordaland fylkeskommune er høyringspart. Hordaland fylkesutval ber Rogaland fylkeskommune halda tilsyn med at Kystbussen og Nettbuss følgjer gjeldande føresegner om rettar til personar med nedsett funksjonsevne, herunder eventuelt har naudsynte dispensasjonar, og med at vilkåra for selskapa si rutedrift på strekninga er like. Nettbuss Ekspress AS si rute vil koma i tillegg til Kystbussen som Tide Buss AS og Boreal Transport Norge AS (tidlegare Veolia Transport Norge AS) har i dag. Ruta som Nettbuss planlegg vil ha same rutetrasé som Kystbussen, men til forskjell frå den: Ha 2-7 avgongar pr dag kvar veg (Kystbussen har 16-20), ikkje ha plassgaranti, berre selje billettar pr internett og eventuelt hjå kommisjonær i Bergens- og Stavangerområda, oppnå kortare reisetid ved å ikkje stoppe på alle haldeplassar og ikkje køyre innom Os sentrum, variere prisane basert på etterspurnad, og ha 1+2 sete i breidda, med arbeidsbord. Den planlagte ruta vil altså ha ein annan profil enn Kystbussen, heiter det i saksutgreiinga. Borgotunnelen Borgotunnelen skal vera namnet på tunnelen på den nye Fv 567 Hauge-Lpnevåg i Osterøy kommune, har Hordaland fylkesutval vedteke samrøystes. Utviding ved Hop vgs Den private Hop videregående skole på Askøy har søkt om utviding med 10 nye elevpalssar ved Vg 2 helse- og sosialfag. Hordaland fylkesutval har ikkje merknader til utvidinga. et vart gjort med 9 (H, Frp, KrF, V) mot 6 (Ap, SV, Sp) røyster. Mindretalet gjekk inn for å gå imot utvidinga. Skulen som i dag har 42 elevplassar er ein del av Blå Kors og driv på religiøst grunnlag. 3
Utviding ved Krokeidesenteret Krokeidesenteret AS har søkt om å få godkjent 55 nye elevplassar. Fylkesutvalet i Hordaland har ikkje merknader til utvidinga. et var samrøystes. Krokeidesenteret AS har i dag 145 elevplassar innan Elektrofaget Vg1-Vg3 og Service og samferdsel Vg1-Vg2. Skulen søkjer om løyvet til å utvida med 27 nye elevplassar innan desse programfaga. I tillegg vert det søkt om to nye programfag. Det gjeld Vg1 Design og handverk med 14 elevplassar, og Vg1 Barne- og ungdomsarbeidarfaget med 14 elevplassar. Krokeidesenteret AS driv på ideell basis med særskild tilrettelagt opplæring for funksjonshemma. Skjelsandkonsesjonar Hordaland fylkesutcval har gjeve konsesjon for skjelsandopptak til Boston AS i Øygarden og til Roslagen AS i Øygarden og Austrheim. Konsesjonen til Boston AS gjeld årleg opptak av 10 000 m 3 massar frå området Braken NØ og inntil 9000 m 3 i området Nautøy V, begge i Øygarden. Konsesjonen gjeld til 27.6.2016. Roslagen AS får konsesjon til årleg opptak av inntil 5000 m 3 skjelsand ved Brattholemn i Austrheim kommune. Konsesjonen gjeld til 14.12.2015. Roslagen AS får forlenga konsesjon for opptak av skjelsand frå dei tre områda Langeskjær SØ, Langeskjær N og Rongesundet i Øygarden kommune, med høvesvis inntil 10000 m 3, 3000 m 3 og 5000 m 3 massar årleg. Denne konsesjonen gjeld til 27.6.2016. Ja til Espelandselvi kraftverk Fylkesutvalet i Hordaland rår til at det vert gjeve konsesjon til bygging av Espelandselvi kraftverk i Granvin herad under førsetnad av at det vert stilt krav til minstevassføringa i elva. et vart gjort med 9 (H, KrF, Frp, Sp) mot 6 (Ap, SV, V) røyster. Småkraft AS har søkt om løyve til bygging av Espelandselvi kraftverk i Granvin herad. Kraftverket vil få ein installasjon på 2,5 MW og vil årleg gje om lag 7,5 GWh. Utbygginga inneber bygging av to inntak, røyrgate, kraftstasjon i dagen, jordkabel og ny tilkomstveg fram til inntak. Utbyggjar legg opp til minstevassføring på 0,20 m 3 /s i perioden 1. mai til 30. september og 0,02 m 3 /s resten av året. Kraftverket er kostnadsrekna til 32,5 mill kr. 4
I fylkesutvalet si høyringsfråsegn heiter det: 1. Fylkesutvalet rår til at det vert gjeve konsesjon til Espelandselvi kraftverk under førsetnad av at det vert stilt krav om at det i perioden 1. mai til 30. september vert ei minstevassføring på minimum 0,50 m3/s i perioden for å oppretthalde eit inntrykk av fossen og fossesprøytsona. Det bør òg gjennomførast ei detaljutgreiing av anleggsvegen med ei revurdering av alternativ utan veg til inntak, og med vassveg i fjell for å redusere dei store inngrepa i landskapet. 2. Konsesjonen må ha vilkår som sikrar at det i den vidare planlegginga vert teke særleg omsyn til kvernhusmurane nedanfor fossen og stølsbygningane nedanfor inntaka med tanke på tilkomst og trasé. Eventuelle endringar/justeringar med omsyn til trasé, riggområde o.a. må bli gjort i samråd med Hordaland fylkeskommune. Forslaget som vart vedteke var eit fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg folkeparti og Senterpartiet, sett fram av Magnar Lussand. 5
i fylkesutvalet 24. august 2011: 146/11 PLANLEGGING AV NY FERJEKAI PÅ VARALDSØY : Fylkesutvalet ser det som naturleg at kommunedelplanen for framtidig ferjeleie på Varaldsøy vert utarbeidd i regi av Kvinnherad kommune. Fylkesutvalet vedtek å bidra med tilskot til planarbeidet på inntil kr 500 000. Tilskottet vert å leggja inn i fylkesbudsjettet for 2012, innanfor programområdet planlegging. 147/11 HØYRINGSUTTALE TIL FORSLAG TIL "FORSKRIFT OM MIDLERTIDIGE TRAFIKKREGULERENDE TILTAK FOR KOMMUNAL VEI, FYLKESVEI OG RIKSVEI VED AKUTT LUFTFORURENSNING I BERGEN KOMMUNE". Fylkesutvalet sluttar seg til forslaget til forskrift med desse endringane: a) Tidsavgrensing av partal/oddetalskøyringa innanfor døgnet bør ikkje forskriftsfestast, men bør kunngjerast ved iverksetjinga av tiltaket og gjennom informasjonskampanjar og skilting. b) Det vert nedfelt i 3 at fylkeskommunen og Statens vegvesen skal trekkast inn i vurderinga av innføringa av tiltaket. 148/11 SØKNAD OM RUTELØYVE FOR BUSS PÅ STREKNINGA BERGEN - STORD - HAUGESUND - STAVANGER 1. Fylkesutvalet rår til at søknaden frå Nettbuss Ekspress AS om ruteløyve for buss på strekninga Bergen Stord Haugesund Stavanger vert godkjend. 2. Fylkesutvalet legg til grunn at det vert teke inn som vilkår at ruteplan, takstregulativ, og billettering skal godkjennast Hordaland fylkeskommune. 3. Fylkesutvalet legg til grunn at UngdomSkyss kan nyttast på strekninga Bergen Haugesund. 4. Fylkesutvalet gjev til og med 31.12.2013 Nettbuss Ekspress AS dispensasjon frå 4 pkt a og 4 b i Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. ved løyvepliktig transport i Hordaland. 5. Fylkesutvalet ber Rogaland fylkeskommune halde tilsyn med at Kystbussen og Nettbuss følgjer gjeldande føresegner om rettar til personar med nedsett funksjonsevne, herunder eventuelt har naudsynte dispensasjonar, og med at vilkåra for selskapa si rutedrift på strekninga er like. 6. Fylkesutvalet ber Nettbuss Ekspress AS om å vurdera å innarbeida stopp på Føyno og Os i sin endelege ruteplan. 149/11 FV 567 HAUGE-LONEVÅG - SKRIVEMÅTEN AV NAMN PÅ TUNNEL Fylkesutvalet vedtek at skrivemåten på den nye tunnelen på Fv 567 Hauge Lonevåg vert Borgotunnelen. 6
150/11 HØYRING: FORSLAG TIL RAMMER FOR ORGANISERING AV FRAMTIDIG TAF- OPPLÆRING Hordaland fylkesutval sluttar seg til høyringsutkastet saman med dei endringsforslaga som kjem fram i kommentarane: 2.1: Hordaland fylkeskommune meiner at eit framtidig TAF-tilbod må ha krav om fordjuping i programfag henta frå studiespesialiserande utdanningsprogram i eit omfang på 20 timar. 2.3: Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda på dagens modell, der den teoretiske opplæringa foregår på skulen og den praktiske opplæringa skjer i bedrift. 2.4: TAF-utdanninga kan berre tilbydast der det er eit nært og tett samarbeid mellom skule og bedrift. 2.6: TAF-tilboda må ha ei utforming som gjer det mogeleg å avslutta utdanninga for å byrja på eit nytt utdanningsløp. 2.8: Ein TAF-elev må få den naudsynte praksisen som gjer det mogeleg å gå opp til fagprøve etter endt TAFutdanning. 2.10: Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda på dagens organisering sjølv om det inneber at me tilbyr elevane både kroppsøving (2+2) og Prosjekt til fordyping over 2 år. Dette vil også gjera det lettare for dei elevane som eventuelt vil avslutta TAF-utdanninga å begynna på ei anna utdanning. 2.11: Hordaland fylkeskommune ønskjer at det skal bli meir synleg på vitnemålet at eleven har gjennomført TAF-utdanninga. Namn: Det er viktig at me held på TAF-navnet, som gjennom 20 år er godt innarbeidd. 151/11 SØKNAD OM AUKE I ELEVTALET VED HOP VIDEREGÅENDE SKOLE - UTTALE Fylkesutvalet har ingen merknader til foreslått utviding av utdanningstilbodet ved Hop videregående skole. 152/11 REGIONAL PLAN FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG SETESDAL AUSTHEI, HEIPLANEN - UTSENDING TIL HØYRING 1. Fylkesutvalget legg ut høyringsforslaget til regional plan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, datert juni 2011, på høyring 2. Høyringsfristen settes til 15.11.2011. 153/11 FREDNINGSFORSLAG FOR STØDLETERRASSEN - HØYRINGSFRÅSEGN 1. Fylkesutvalet sluttar seg ikkje til fredingsforslaget for Stødleterrassen i Etne kommune. 2. Fylkesutvalet ber om at det vert utarbeidd ein oversiktleg forvaltningsplan som klargjer og forenklar prosessar for sakshandsaming og ikkje hindrar landbruk og tilpassa næringsutviklinga i 7
området. 3. Fylkesutvalet ber om at forvaltningsplanen vert følgt opp med auka fokus på kunnskapsformidling og utvikling av kulturminna i området og at dette vert gjort i samråd med lokale styremakter og grunneigarar. 4. Fylkesutvalet ber kommunen i samband med rullering av arealplan ta omsyn til kulturminne og utarbeide omsynssoner. 154/11 BOSTON AS - SØKNAD OM FORLENGING AV SKJELSANDKONSESJON - OMRÅDA "BRAKEN NØ" OG "NAUTØY V" I ØYGARDEN KOMMUNE 1 I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, får selskapet Boston AS konsesjon for opptak av skjelsand med inntil 10.000 m3 massar per år frå området Braken NØ og inntil 9.000 m3 massar frå området Nautøy V i Øygarden kommune. 2 Konsesjonen gjeld til 27.06.2016. 3 Konsesjonsvilkåra vert elles i samsvar med dei vanlege konsesjonsvilkåra fastsett i sentralt rundskriv av 1.4.93. 155/11 ROSLAGEN AS - SØKNAD OM FORLENGING AV KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FRÅ OMRÅDET "VED BRATTHOLMEN", AUSTRHEIM KOMMUNE 1 I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, får selskapet Roslagen AS konsesjon for opptak av inntil 5000 m3 skjelsand per år frå området Ved Brattholmen i Austrheim kommune. 2 Konsesjonen gjeld til 14.12.2015. 3 Opptak av massar skal gjerast med grabb. 4 Konsesjonsvilkåra vert elles i samsvar med dei vanlege konsesjonsvilkåra fastsett i sentralt rundskriv av 1.4.93. 156/11 ROSLAGEN AS - SØKNAD OM FORLENGING AV SKJELSANDKONSESJON - OMRÅDA "LANGESKJÆR SØ", "LANGESKJÆR N" OG "RONGESUNDET", ØYGARDEN KOMMUNE 1 I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, får selskapet Roslagen AS forlenga konsesjon for opptak av skjelsand frå dei tre områda Langeskjær SØ, Langeskjær N og Rongesundet i Øygarden kommune, med høvesvis inntil 10000 m3, 3000 m3 og 5000 m3 massar årleg. 8
2 Konsesjonen gjeld til 27.06.2016. 3 Opptak av massar skal gjerast med grabb. 4 Opptak av massar frå området Rongesundet skal ikkje skje nattetid (23-07) av omsyn til nærliggjande busetnad. Fylkesutvalet meinar generelt at opptaksverksemda må innrette seg etter tilrådde støygrenser for aktuell verksemd, jf. Miljøverndepartementets Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442). 5 Konsesjonsvilkåra vert elles i samsvar med dei vanlege konsesjonsvilkåra fastsett i sentralt rundskriv av 1.4.93. 157/11 SØKNAD OM BYGGING AV ESPELANDSELVI KRAFTVERK I GRANVIN HERAD - FRÅSEGN 1. Fylkesutvalet rår til at det vert gjeve konsesjon til Espelandselvi kraftverk under førsetnad av at det vert stilt krav om at det i perioden 1. mai til 30. september vert ei minstevassføring på minimum 0,50 m 3 /s i perioden for å oppretthalde eit inntrykk av fossen og fossesprøytsona. Det bør òg gjennomførast ei detaljutgreiing av anleggsvegen med ei revurdering av alternativ utan veg til inntak, og med vassveg i fjell for å redusere dei store inngrepa i landskapet. 2. Konsesjonen må ha vilkår som sikrar at det i den vidare planlegginga vert teke særleg omsyn til kvernhusmurane nedanfor fossen og stølsbygningane nedanfor inntaka med tanke på tilkomst og trasé. Eventuelle endringar/justeringar med omsyn til trasé, riggområde o.a. må bli gjort i samråd med Hordaland fylkeskommune. 158/11 FORSLAG TIL ENDRINGAR I KOMMUNELOVA (EIGENKONTROLLEN) - HØYRINGSFRÅSEGN Hordaland fylkeskommune kan i det vesentlege støtta forslaga til endringar i kommunelova slik dei kjem fram i høyringsnotatet Forslag til endringar i kommunelova og enkelte andre lover (eigenkontrollen i kommunane m.m.), men har følgjande merknader: 1. Rapporteringsplikta etter kvitvaskingslova bør gjelda for alle som reviderer kommunale/fylkeskommunale rekneskapar, ikkje berre for dei revisorane som er registrerte eller statsautoriserte. 2. Momskompensasjon for investeringar bør framleis fullt ut reknast som frie inntekter i investeringsrekneskapen. 3. I kontrollutvalsforskrifta 20 tredje ledd første setning må også fylkeskommunen nemnast, jfr pkt. 2.1 i høyringsnotatet. 4. Det er eit mål med avgjerd på lågast mogeleg nivå (nærleiksprinsippet. 5. Det vert elles vist til vedlagde saksframlegg. 9
159/11 RAPPORTERINGSRUTINAR - REKNESKAPSRAPPORT PR 1. HALVÅR Fylkesutvalet godkjenner opplegget for rekneskapsrapportering til politisk nivå slik det er gjort greie for i saka. Fylkesutvalet tek rekneskapsgjennomgangen etter 1. halvår til orientering 160/11 SAL AV OLAV BJORDALSVEI 19 - GNR. 199 BNR. 174 I BERGEN TIL BERGEN KOMMUNE 1) Bodet frå Bergen kommune på 4,75 million kroner for Olav Bjordalsvei 19, Gnr. 199, Bnr. 174 I Bergen kommune vert godkjent. 2) Fylkesrådmannen får fullmakt til å godkjenne justerte grenser for eigedomen, og å framforhandle, godkjenne og signere kjøpekontrakten. 161/11 ÅRLEG LØNSREGULERING FOR FYLKESRÅDMANNEN. GODKJENNING Fylkesutvalet godkjenner protokoll dagsett 20. juni 2011 mellom HFK og Fagforbundet vedkomande årleg lønsregulering for fylkesrådmann Paul M. Nilsen pr. 1.5.2011. 162/11 SØKNAD OM AUKE I ELEVTALET VED KROKEIDSENTERET AS - UTTALE Fylkesutvalet har ingen merknader til foreslått utviding av utdanningstilbodet ved Krokeidsenteret AS. 10