Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 31.03.2014 Dykkar dato 10.01.2014 Vår referanse 2014/539 331.1 Dykkar referanse 13/1038 Bømlo kommune Kommunehuset 5430 Bremnes Bømlo kommune - budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan for 2014-2017, vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2013. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til reduksjon i skatteøyret for kommunane frå 11,6 prosent i 2013 til 11,4 prosent i 2014. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr 286,9 mill i skatt på eige og inntekt for 2014. I 2013 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 5,7 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2013 til 2014 med 3,7 %. Kommunen sitt skattenivå i 2013 var 94,1 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2014 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2014 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, etter fråtrekk for inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 614,1 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2014 er no oppdatert med innkomen skatt i 2013 og endelege innbyggjartal pr. 01.01.2014, som dannar grunnlaget for inntektsutjamninga. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2013. I prognosen er skatt og rammetilskot summert til kr 609,8 mill. Kommunen sitt anslag ligg altså noko høgt i høve til siste inntektsprognose. Prognosen byggjer på kommunen sitt gjennomsnittlege skattenivå for dei tre siste åra (2011 2013). Eigedomsskatt Det er budsjettert med kr 27,9 mill i eigedomsskatt for 2014. Det er ein auke frå budsjett 2013/førebels rekneskap 2013 (kr 13,6 mill/kr 13,73mill) og skuldast at kommunen har vedteke auke i skatteøyret frå to til fire promiller. Kommunen har eigedomskatt på alle eigedommar i kommunen (med dei vanlege unntaka, som t.d. bygningar av historisk verde). Kommunen innførde eigedomsskatt frå 2009. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2014 er i vedteke statsbudsjett 3,1 %. Pårekna lønsvekst inngår i denne med 3 ½ prosent. Løn tel knapt 2/3 av prisindikatoren medan resten er pårekna prisvekst på varer og tenester. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr 18,2 mill i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Avdraga synes noko låge i høve til hovudregelen, men kjem ikkje i konflikt med kommunelova. Rådmannen viser i sitt framlegg til at kommunen har vedteke å redusere avdragstida til gjennomsnittleg 25 år. I økonomiplanperioden som ligg føre har kommunen lagt opp til store investeringar i institusjonsplassar og skule, dvs i anleggsmiddel som har lang levetid. Det vert difor føreslått å auke avdragstida til 29 år. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær, bli ført i investeringsrekneskapen. 2
Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det har vore ein overgangsperiode frå 2010 og til og med 2013 med aukande grad av overføring av momskompensasjon til finansiering av investeringar. Frå budsjett- og rekneskapsåret 2014 skal heile kompensasjonen for meirverdiavgift av investeringar bli inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Det er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Netto driftsoverskot vil i 2014 generelt bli svekka for kommunane som følgje av inntektsføring av momskompensasjon knytt til investeringar i investeringsrekneskapen i staden for i driftsrekneskapen. Kommunen har budsjettert med eit netto driftsresultat på kr 3,54 mill. Det er rundt 0,5 % av brutto driftsinntekter, og godt under tilrådinga. Heller ikkje i den resterande perioden er målet oppnådd. Rådmannen skriv at det er krevjande å oppnå ønska resultat. Kommunen vil vere utsett ved auke i rentenivået, og må også dekke inn tidligare inntektsføring av premieavviket. Det vil auke pensjonskostnadane. Ei auke av eigedomsskatten kan gi tilstrekkeleg realvekst i inntektene. Frå 2014 skal all moms på investering inn i investeringsbudsjettet. Isolert sett utgjer dette ei innstramming på kr 4,6 mill på driftsbudsjettet for 2004, men på sikt vil det redusere kostnadar til renter og avdrag. Kommunen legg opp til innsparing tilsvarande 10 årsverk i 2014. Førebelse resultat for 2013 syner netto driftsresultat nærmast i null. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2014 er det planlagt investeringar for til saman kr 75,63 i anleggsmiddel. Den store investeringa er knytt til utviding av Bømlo sjukeheim (kr 51,- mill). Her er det planlagt 25 nye institusjonsplassar og 34 erstatningsplassar. Det vert investert kr 10,7 mill i tekniske føremål, som Bømlo-pakken, ras- og trafikksikring og oppgradering av kommunale bygg. Det vert investert kr 6,9 mill i oppvekst, der kr 4,8 mill går til rehabilitering av skular, og er den største posten. Utover i perioden vil investering i Ny Bremnes ungdomsskule slå inn med kr 50,- mill i 2016 og kr 105,- mill i 2017. For investeringane i 2014 vert det tatt opp kr 9,74 mill i lån. Grunnen til at låneopptaket er budsjettert så lågt, er at den store investeringa i omsorg utløyser refusjonar og tilskot frå staten. Det er ikkje lagt opp til noka mellomfinansiering så langt Fylkesmannen kan sjå. I tillegg kjem mva-refusjon inn med kr 14,19 mill. Det vert tatt opp kr 12 mill i startlån, samt ein trekkrett på kr 30,- mill. 3
Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2012 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr 62 282,-. (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr 47 132,-. Førebelse KOSTRA-tal for 2013 syner at kommunen auka gjelda frå kr 548,53 mill til 605,78 mill i året som gjekk. Grunnen til at gjelda er såpass låg er at VAR og eigedom er organisert utanfor kommunekassa (i aksjeselskap). Det betyr at sjølvfinansierande gjeld/investeringar er lagt utanfor kommunen, og at den gjelda som står att må svarast for av kommunen sjølv. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har eit gjeldsnivå som ligg høgare enn landsgjennomsnittet. Oppsummering Kommunen har budsjettert dei frie inntektene noko høgt. Sjølv om differansen er liten i prosent, utgjer den meir enn budsjettert netto driftsresultat. Kommunen må vurdere om anslaget er for høgt ved utgangen av kvartalet. Det er lagt til grunn innsparing av ti årsverk i 2014 for å avhjelpe den økonomiske situasjonen. Innsparinga går saman med auke i eigedomsskatten. Med ein skattesats på fire promillar har kommunen framleis unytta inntektspotensiale frå eigedomsskatt. Kommunen har ikkje eigne barnehagar. Det betyr at kommunen ikkje har innverknad på satsane, men må halde seg til dei nasjonale. Kommunen finn at det gjer at utgiftene er høgare enn i kommunar det er naturleg å samanlikne seg med, men er nøgd med dekning og kvalitet på tenestene. Kommunen har utfordringar knytte til pensjon. Premieavviket har vore høgt, og har i stor grad vert disponert til driftsføremål. Det gjeld også prognose på premieavvik for 2014 på kr 11,6 mill (ved tidspunkt for framlegg var ikkje talet endeleg). Ved utgangen av 2013 reknar rådmannen med at kommunen har eit premieavvik på kr 49,- mill. Summen har redusert kommunen sin likviditet og skal utgiftsførast i budsjettet dei neste 15/10 åra. Frå 2015 av vert det lagt til grunn ein amortiseringstid på fem år. Avdragsnivået er redusert frå 2013 til 2014, til tross for auke i gjeld, grunna auke i avdragstida frå 25 år til 29 år. Kommunen skriv at dei store investeringane som kjem er i anleggs-middel med lang levetid. Fylkesmannen minner om at reduserte avdrag aukar finansutgiftene på sikt og vil slik svekke kommunen sin økonomi. Budsjettdokumentasjonen er ryddig, god, og gir mykje interessant informasjon. 4
Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Deloitte Sundgaten 119 5517 HAUGESUND 5