Mobbeplan Harøy skule 2006/2007
Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg arbeidsplass. Sjå funksjonsprogrammet for Sandøyhagen. 1.2. Ordensreglar og rutinar Skulen må ha klare ordensreglar og rutinar. Alle lærarane må vere lojale mot desse. 1.3. Elevrådet Elevrådet har ein viktig funksjon i skulemiljøet. For at elevrådet skal fungere, må klasserådet støtte opp om arbeidet. Dette er kontaktlærar sitt ansvar. Skulering av tillitsvalte i dette arbeidet. Fast mobbemøte kvar haust. 1.4. Klassane 1.4.1 Klassemiljøet Alle skal gjer sitt beste for at alle klassane skal trivast og få ei kjensle av å høyre til der. 1.4.2 Organisering av timen Læraren møter godt førebudd og startar timen presis. Elevane og foreldre veit kva krav som vert stilt dei, og korleis dei skal arbeide. Timen vert avslutta på ein roleg og ryddig måte. 1.4.3 Klasseromteneste Kvar klasse skal ha ei klasseromteneste. Det vil sei ei ordning for orden i klasserommet. Nokre reglar bør vere felles for heile skulen. 1.4.4 Klasseråd Kvar klasse har avsett tid kvar veke til klasserådsarbeid (elevdemokrati). Denne tida må brukast aktivt for å utvikle klasse- og skulemiljøet. 1.5. Lærarmiljøet. Ein god skule har ei klar leiing, og dei tilsette vert tekne på alvor. Lærarane må vere venleg mot kvarandre og gi ros og oppmuntring.
1.6. Skule og heim. Kontakten mellom skule og heim må vere god. Det kan vere faste møter mellom kontaktlærarar og klassekontaktane, der klassemiljøet er tema. Skulen bør informere foreldre om skulemiljøet, og foreldra bør gi naudsynt informasjon tilbake. 2. Avdekking. 2.1 Elevundersøkinga Elevane deltek i den nasjonale undersøkinga elevundersøkinga. Elevundersøking vert tema i klassane. 2.2 Spørsmål på elevkonferansane. Både under elevsamtalane og foreldresamtalane bør ein ha faste spørsmål om mobbing. Dette er viktige signal om at skulen og lærarane vil ha ein mobbefri skule. Spørsmål 1. Meinar du at du blir mobba på skulen? Spørsmål 2. Veit du om nokon som blir mobba? Spørsmål 3. Har du mobba nokon andre nokon gong? 2.3 Vakt og tilsynsordninga. 2.3.1 Vakter i friminutta. Ein vakt på ungdomsskulen Minimum to vakter på barneskulen Vaktene må vere særskilt merksame på risiko-sonane 2.3.2 Andre tilsette Desse må også melde frå til rektor/undervisningsinspektør dersom dei vert merksame på at elevar vert utsette for mobbing 2.4 Elevrådet 2.4.1 Rutinar Elevrådet og klasserådet bør gjennom mobbeplanen kvar haust. 2.4.2 Ansvar Tillitselevane har fått eit stort ansvar på skulen. Dei bør sjå det som ei viktig oppgåve å melde frå dersom dei legg merke til mobbing. 3. Tiltak mot mobbing.
Aktiv bruk av tiltaksplanen Skulen har underteikna manifest mot mobbing Skulen deltek i MOT Bevisstgjere alle tilsette om at mobbing er uønska åtferd. 3.1. Felles haldning Skulen har gjennom manifest mot mobbing forplikta seg på eit aktivt arbeid for å hindre at mobbing skjer. Alle lærarar skal ha ei klar haldning til mobbing som problem. 3.2. Den enkelte lærar. Læraren er forplikta på å arbeide førbyggande, samt vere vaken i høve til å avdekke mobbing Læraren har gjennom tiltakskjeda i denne planen eit handlingsalternativ til å møte konkrete mobbesaker i klassen. 3.4. Ansvarskjeda. 3.4.1 Melding til rektor/undervisningsinspektør Når kontaktlærar får ei konkret mobbesak skal vedkomande gi melding til rektor/undervisningsinspektør som med utgangspunkt i mobbeplanen kan gi råd om korleis kontaktlærar skal arbeide med saka. Ein kan også verte samde om at rektor/undervisningsinspektør tek saka. 3.4.2 Gjennomføring av tiltakskjeda. Kontaktlærar skal til vanleg sjølv gjennomføre pkt. 3.5.1.1. og 3.5.1.2. Er det behov for hjelp, vender han seg til rektor/undervisningsinspektør. 3.5. Tiltakskjeda. 3.5.1. Individuelle samtalar. Start med informasjon om teieplikta. Hugs at alle partar skal visast respekt! Snakk med ein og ein. Dei skal ikkje ha høve til samtale seg i mellom før alle har vore gjennom ein samtalerunde. Dersom det er fleire mobbarar, er det særs viktig at samtalane med desse vert gjennomført utan at dei får høve til å snakke med kvarandre. Mobbarane vert informert om at reaksjonar vert sett inn dersom det ikkje vert slutt med mobbinga.
3.5.1.1. Samtale med mobbeofferet. Samtale med mobbeofferet for å få klarlagt problemet. Stikkord: Eg kjenner til Skap tillit og tryggleik Kva kan du fortelje meg? Du skal ikkje finne deg i det Kva kan eg tenkje meg å gjere Ta kontakt med offeret sine føresette Om naudsynt registrer over fleire dagar Be offeret om løyve til å ta kontakt med mobbar Ny avtale, oppfølgings-samtale etter 3-4 dagar. 3.5.1.2. Samtale med mobbar. Stikkord: Kva eg veit, og at denne åtferd ikkje kan godtakast Mobbar fortel Kva kan offeret stille opp med Noter alle framlegg Redusere tiltaka til noko handterleg 3.5.2. Nye samtalar Før det vert nye samtalar, kontaktar skulen foreldra til mobbaren. Deretter vert det nye samtalar med begge partar(kvar for seg) etter fem dagar, så ei veke. Berre ca. 10 minutt kvar gong. 3.5.3. Dersom mobbinga held fram. 1. Mobbaren møter offeret sine føresette og læraren. 2. Møte mellom mobbaren sine føresette og offeret sine føresett. 3.5.4. Dersom skulen sine tiltak ikkje fører fram. Mobbar og føresette vert kalla inn til rektor. Rektor tek opp om vidare tiltak. Event. P.P.T, barnevern, BUP o.l