Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»



Like dokumenter
Altas bosetningshistorie

Ajourføring av Herøyboka

Namning av vegar i Fræna Kommune

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Busetnadssoga for Stryn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Til deg som bur i fosterheim år

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kva er økologisk matproduksjon?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Den nye seksjon for applikasjonar

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

«Han (eller ho) kunne fare. Slektsforskardagen Ålesund Arnfinn Kjelland

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Notat om historie og kulturlandskap

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Bustadområde i sentrum. Vurdering

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vegvisar til vilbli.no

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Ungdata-undersøkinga i Bykle 2012

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Valdres vidaregåande skule

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Framtidige behov for hjelpemiddel

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Stemnehandboka for NKSF

MØTEBOK Tysnes kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Melding om behov for verjemål (eller endring i eksisterande verjemål)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Transkript:

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie» Av Arnfinn Kjelland Innleiing Først ei presisering: med «busetnadssoge» meiner eg den tradisjonsrike lokalhistorie- /bygdeboksjangeren «gards- og ættesoge». Denne nemninga er etter kvart blir såpass misvisande at eg og andre lenge har argumentert for å erstatte ho med noko meir dekkjande. Men innhaldet er det same, enten ei relativt klar todeling, eller ei samanveving av ei historisk framstilling av ein bustad og folket som har budd der. Resultatet er ofte mange band sjølv for små kommunar. Den vanlegaste måten å presentere dette stoffet på i bygdebøker er eit lengre eller kortare avsnitt med data og historikk kring bustaden (garden, plassen, bustadhuset), etterfølgt av ei opplisting av folket som har budd på bustaden sidan han vart etablert, evt. sidan kjeldematerialet begynte å gje informasjon (første del av 1600-talet). Bustaden (garden eller plassen) var i eldre tid også livsgrunnlaget, men det er noko som endra seg radikalt i siste del av førre hundreåret. «Folket» på bustaden har i bygdebøkene vanlegvis vore avgrensa til brukarane og deira kjernefamilie, generasjon etter generasjon fram til eit tidspunkt ofte utgjevartidspunktet. Meir eller mindre gode og fullstendige system for krysstilvisingar i bøkene gjer det enklare eller vanskelegare å finne slektssamband innanfor det området bygdebokserien dekkjer. Det ligg altså som oftast som ein føresetnad at personinformasjonen skal førast fram til «dags dato», dvs. så nært opp til trykketidspunktet som praktisk muleg. I dag kan det vere 3 veker, kanskje til og med kortare. Argumentet for det er sjølvsagt at flest muleg av dei som bur i kommunen i dag skal finne att seg sjølve og si slekt i bøkene. Mange har dei siste 30 40 åra spådd at denne sjangeren vil døy ut med modernisering og urbanisering, men det ser ikkje ut til å slå til. Erfaringane eg har gjort dei siste åra med fleire bygdebokseriar eg har hatt ansvaret for (Lom, Sula og Volda) gjer at eg likevel løfter dette fram som eit problem. Framstilling av eldre tids befolkningshistorie (dvs. fram til først på 1900-talet) har sjeldan ført med seg store problem, fordi kjeldematerialet er avgrensa og alle som har prøvd seg på litt slektsgransking veit at «det er ikkje meir å finne» enn det som har nedfelt seg i eit relativt oversiktleg kjeldemateriale (kyrkjebøker, folketeljingar, dødsbuskifte o.l.). Den som arbeider med slikt 1

opplever derfor det paradoksale at «vanlege lesarar» kan bli imponert over kva ein kan finne ut om folk på 17- og 1800-talet, medan dei kan bli skuffa over kor lite ein har funne og kor mangelfullt og kanskje til og med feilaktig stoffet kan vere om det same for 1900-talet, kanskje særleg siste delen. Det kan vere fleire årsaker til dette. Eg vil peike på tre: flyttemønster og endringar i familiestrukturar, hendingar i «manns minne» i høve eldre tid og kjeldegrunnlag: manglande samanhengande seriar, stadig innkomande oppdateringar. Flyttemønster I eldre tid (dvs. fram til først på 1900-talet) har ein nokså avgrensa kjelder som kan kaste lys over ein viktig del av det generelle flyttemønsteret: dei innabygds flyttingane (dvs. flyttingar innafor sokn/prestegjeld). Nokre tilfeldig bevarte heimstadprotokollar syner at slik flytting kan ha vore omfattande. Arbeid med innsamling av informasjon som gjeld dei siste 20 50 åra har synt at det i alle fall i denne perioden har gått føre seg betydeleg kortdistanseflytting rundt om i litt meir tettbygde lokalsamfunn. Informasjon til bygdebokprosjekt om slik flytting får ein stort sett berre gjennom husstandsskjema og andre innspel frå bebuarane og informantar i lokalsamfunna, etter som eit bygdebokprosjekt i prinsippet (av personvernomsyn) ikkje får tilgang til den meir nøyaktige og fullstendige informasjonen som finst i folkeregisteret. Eg har døme på særs detaljert og tilfeldig innkome flytteinformasjon og tilsvarande komplisert flyttemønster i mine prosjekt. Bustadstruktur og -definisjonar Den grunnleggande eininga ein samlar stoffet kring i bygdebøker innan denne sjangeren er bustaden. Opphavleg var det relativt uproblematisk: det var i dei klassiske «gards- og ættesoge»- bøkene ein gard i tydinga eit gardsbruk. Etter kvart som ei form for demokratisering kom inn i bøkene vart òg husmannsplassar og nyare bustadhus definerte inn og behandla. Med aukande flyttemønster, etablering av einpersonshushald i raskt aukande tempo, sterkare tettstadsutvikling m.m. har to spørsmål blitt meir påtrengjande i denne samanhengen: a) kva skal eigentleg definerast som ein bustad (og dermed få eiga overskrift i bygdeboka), og b) korleis skal ein skaffe seg fullstendig oversyn over bustadene i undersøkingsområdet (kommunen)? 2

I 2000 vedtok Stortinget å sette i gang det s.k. Bustadadresseprosjektet, og i etterkant av folke- og bustadteljinga 2001 vart det nye bustadadresseregisteret etablert. Det er no samkøyrt med det s.k. GAB-registreret, der G står for grunneigedomar, A for adresser og B for bygningar. Bustadadresseregisteret skal vedlikehaldast og oppdaterast fortløpande, og skal ha oversyn over alle bustader i kommunen. Prosjektet definerer «bustad» slik: «Ein bustad er eitt eller fleire rom som er bygd eller ombygd til heilårs privatbustad for ein eller fleire personar. Det må vere tilkomst til rommet / romma utan at ein må gå gjennom ein annan bustad. Ein bustad er da til dømes ein einebustad, rekkjehusleilegheit, leilegheit i tomannsbustad, leilegheit i leigegard, blokkleilegheit eller hybelleilegheit. Ein hybel i privathus blir rekna som ein bustad dersom han har eigen inngang. I hybelhus blir kvar hybel rekna som ein eigen bustad, sjølv om kjøkken og bad er felles. Leilegheiter og hyblar som blir disponerte av privathushald i sjukehus, institusjonar, militærforlegningar og liknande, blir alltid rekna som eigne bustader.» Men dette gjeld berre eksisterande bustader; i tillegg er slike prosjekt heilt avhengig av lokale informantar når det gjeld informasjon om eldre bustader, slike som kanskje ikkje finst lenger (husmannsplassar eller bustadhus som er rivne), som er omgjort til feriebustad (og dermed ikkje med i det nye registeret) og / eller kanskje seld ut av den slekta som opphavleg var busett der, og ingen veit lenger noko om dei som budde der før. Det er i det heile ikkje uproblematisk å definere kva som er ein bustad som skal vere med i slike bygdebøker, korkje for moderne tid eller litt eldre tid (attende til først på 1900-talet). Hyblar blir vanlegvis definert ut i, men mange nyare bustadhus er bygde med utleigedel (t.d. sokkelleilegheit) som ofte blir leigd ut ein periode før huseigaren sjølv tek bustaddelen i bruk. Når det er busett ein enkeltperson eller ein familie i slike husvære, skal prosjektet be om skjemainformasjon frå han / ho / dei? På gardsbruk er det ofte fleire bustadhus. Det gjeld både i eldre og nyare tid (kår-/føderådshus). I periodar da det ikkje var kårfolk på garden kunne/kan slike leigast ut. Det må takast standpunkt til om slike skal behandlast som sjølvstendige bustader eller ikkje. I nyare bustadområde er det nye slag hus: to- eller fleirmannsbustader, rekkjehus og kanskje til og med bustadblokker. Alle desse einingane må reknast som bustader på line med gardar i eldre bøker. I eldre tid kjenner ein som nemnt mindre til detaljane i bustadstrukturen, særleg for dei som stod lågast på rangstigen i lokalsamfunna. Dei meir stabile plassane finn ein som oftast i det skriftlege kjeldematerialet, men det har nok òg vore mange små stover kringom i grendene som ikkje er registrert i kjeldene, eller ein berre finn informasjon om i form av stadnamn og attgrodde husmurar. Det er truleg ei viktig kulturminnevernoppgåve i dei fleste bygder å prøve å få med informasjon om slike i bygdebøkene, inkl. kartfeste dei. 3

Det er under alle omstende nødvendig at bygdebokutgjevarar drøftar desse problemstillingane nøye og definerer kva ein skal ta med i det nye verket. Endringar i familiestrukturar og samlivsformer kven er «verdig» å nemnast i bygdeboka? Fenomenet «mine, dine og våre» barn fanst også i familiane i eldre tid pga. hyppigare dødsfall og fordi i alle fall hushald med mindreårige barn kravde to hovudpersonar av kvart sitt kjønn for å fungere langt inn på 1900-talet. Det er likevel grunn til å tru at omfanget av slike samlivsformer aukar på same måte som talet på ekteskaps- og andre samlivbrot og -nyetableringar i nyare tid. Eit moderne bygdebokprosjekt må handtere slike endra familiestrukturar. Nokre døme på korttidsflyttingar og endringar i familiestrukturar: einsleg ungdom flytter på hybel for å gå skule einsleg ungdom flytter på hybel for korttidsarbeid (t.d. sommarjobb) to ungdomar flyttar saman i leilegheit, går skule eller arbeider, flytter frå kvarandre etter ei tid utan å få barn to ungdomar flyttar saman i leilegheit, går skule eller arbeider, giftar seg seinare og etablerer husstand ein annan stad to ungdomar flyttar saman i leilegheit, går skule eller arbeider, får barn saman, flytter frå kvarandre og etablerer seg på kvar sin kant fenomenet særbu: to personar som reknar seg som par, kanskje til og med får barn, men som ikkje bur same stad innflyttarar, einslege eller par med/utan barn, flytter til bygda for ein periode og reiser att, osv. Slike døme vil ein finne i dei aller fleste bygdesamfunn i dag, særleg i tettbygde område kring bygdesenteret. Det vil da vere nødvendig i alle fall å tenkje igjennom og definere kor detaljert informasjon ein vil ha om slike forhold. Ein kan sjølvsagt oversjå dei meir komplekse tilfella, men dei bør handterast etter visse prinsipp. Kva skal t.d. «kravet» vere for at innflyttarar utan slektstilknyting til bygda skal bli nemnde i den nye bygdeboka, og kor mykje arbeid skal ein sette inn på å få tak i informasjon om dei? Dei fleste vil vel meine at sambuarskap som resulterer i barn bør med i slike bøker. Men det kan da bli ei utfordring kvar barna skal førast i teksten. 4

Hendingar i «manns minne» i høve eldre tid Ein grunn til at desse utfordringane er meir omfattande dess lenger opp mot vår tid ein kjem, er sjølvsagt at nolevande personar hugsar kva som har hendt, kven som har budd forskjellige plassar o.l. i motsetning til i eldre tid da ein berre har til dels tilfeldige skriftlege kjelder. Ei erfaring eg har hatt er at det vil vere manglar i informasjonen om personar og bustadhus nesten utan omsyn til kor stor arbeidsinnsats ein legg inn. Det kan særleg gjelde i bildestoffet; om dei som har lånt ut bilde har vore usikre på personnamn og datering, er det gjerne andre ein eller annan stad i området som veit dette heilt nøyaktig. I prosessen er det umuleg å vete kven det er, men når eit bygdebokband er kome ut, reagerer folk ofte negativt på slike feil. Men òg personalstoffet er som nemnt i kontinuerleg endring; det er i praksis forelda allereie i løpet av perioden frå ferdig korrektur blir sendt trykkeriet til boka ligg føre. Kjeldegrunnlag stadig innkomande oppdateringar Ei erfaring mange bygdebokforfattarar har gjort seg, er at interessa stig dess nærare ein kjem utgjevinga av eit slikt bokverk. Dermed «vaknar» folk, tek kontakt med naboar eller prosjektmedarbeidarar og ser til at utfyllande informasjon kjem inn til prosjektet. I prinsippet er dette positivt, men det fører til ikkje ubetydeleg meirarbeid for den som har ansvaret for å sette saman stoffet. Ein kan nemleg slett ikkje alltid stole på slike innkomande opplysningar dei kan kome i konflikt med annan informasjon ein har fått inn frå andre kjelder, og føre til at den fagleg ansvarlege må gjere ekstra undersøkingar og dermed sinke framdrifta. Ei «lettvint» løysing er sjølvsagt å sette ein strek for familieinformasjonen ved eit bestemt årstal, t.d. 1980, men det treng ikkje hjelpe viss den informasjonen som kjem inn etter fristen er av ein slik karakter at den «må» takast omsyn til (dvs. er frå før det årstalet). Mi erfaring er at det kjem stadig meir slik informasjon m.a. fordi Internett/e-post er blitt meir og meir vanleg blant folk. Det bør ein sjå på som ein fordel, for reint generelt hevar det kvaliteten på bøker dersom medarbeidarane er i stand til å gjere seg nytte av teknologien og ta omsyn til ny informasjon til «siste dag» før publisering. Men handteringa av desse problemstillingane i siste fase før utgjeving av eit bygdebokband kan vere ei utfordring, og det bør dei ansvarlege for utgjevinga vere merksam på! 5