SvaMpeN. Pompøs og rocka musikal. SVAMPENredaksjonen: Portrettintervjuet: Karoline Marøy. Første direktesending for Radiohaud



Like dokumenter

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

mmm...med SMAK på timeplanen

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Informasjon til elevane

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


Jon Fosse. For seint. Libretto

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

6. trinn. Veke 24 Navn:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

IKT-kompetanse for øvingsskular

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Brukarrettleiing E-post lesar

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brannsår, rus eller friheit?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SvaMpeN. Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 6. Juni Korleis kan ein takle eksamensangsten?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Med god informasjon i bagasjen

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Med tre spesialitetar i kofferten

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om å høyre meir enn dei fleste

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Info til barn og unge

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Valdres vidaregåande skule

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Plassebakken Barnehage

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

I N N H O L D. Forord

Brukarrettleiing. epolitiker


Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Psykologisk førstehjelp i skulen

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Elevundersøkinga 2016

OK, seier Hilde og låser.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

- Eg har aldri sett ein musikal

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

FANTASTISK FORTELJING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Plassebakken Barnehage BA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Plassebakken Barnehage

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Brødsbrytelsen - Nattverden

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Transkript:

SvaMpeN Internavis for Volda vidaregåande skule - Nr: 3. Januar 2007 Pompøs og rocka musikal Om under ein månad går musikalen av stabelen igjen, for ellevte gong. Både elevar og lærarar arbeidar på spreng for å å eit best mogleg resultat. Årets musikal blir den franske versjonen av Ringaren i Notre Dame. Musikalen er omsett til engelsk, og alt skjer gjennom musikken. Replikkar er erstatta med song og dramaturgi. Les meir side 2 Første direktesending for Radiohaud Fredag den 19. januar hadde Radiohaud si første direkte sending. Vi snakka med dei før sendinga, og då var dei svært spente på korleis dette skulle gå. Les meir side 9 * Marita Wiik, Kim Helge Strømmen og Elise Flak Nordang Portrettintervjuet: Karoline Marøy Bli betre kjend med elevrådsleiar Karoline Marøy. SVAMPENredaksjonen: Ingeborg Leira, Tone Rekkedal, Mai-Elin Tran, Ingrid Brautaset, Henrik Faustino Vatnebakk, Pia Roald og Mariann Aurstad. Elevredaktør: Ida-Mari Mork Ansvarleg redaktør: Synnøve Moltudal Kontakt oss gjerne på e-post: svampen@volda.vgs.no Les meir side 4

Musikalen 2007: Diger, pompøs og melankolsk Om under ein månad går årets musikal av stabelen igjen, denne gong for ellevte gong. Både elevar og lærarar arbeidar på spreng for å få eit best mogleg resultat. Årets musikal blir den franske versjonen av Ringaren i Notre Dame. Musikalen er omsett til engelsk, og alt skjer gjennom musikken. Replikkar er erstatta med song og dramaturgi.stein-henrik Vartdal er ein av dei musikkansvarlege lærarane på musikalen. Han fortel at skilnaden på Disney-versjonen og den franske versjonen er ganske stor. - Disneyversjonen er ein barnefilm og er laga for barn. Den er meir tradisjonell. Den franske versjonen blei først sett opp i Paris i 1998. * Stein-Henrik Vartdal meiner at årets musikal vert stor og pompøs Dette var ein diger, pompøs og melankonsk oppsetning. I år 2000 blei den flytta til London der den blei spelt i nokre år for fulle hus. -Musikken er originalskriven og ganske rocka, fortel Stein-Henrik. Musikken er sikkert ukjend for dei * Marita Wiik, Kim Helge Strømmen og Elise Flak Nordang har tre av hovudrollene i årets musikal fleste. Den mest kjende songen som er med er «Live for the one I love», som blandt anna har blitt sunge av Celine Dion. Audition for gutane Rollene er allereie fordelt. I hovudrollene vil vi få sjå Kim Helge Strømmen som Quasimodo, Marita Wiik og Elise Flak Nordang som Esmeralda. Kapteinen vert spelt av Runar Nybø, Fleur vert spelt av Martine Hjertvik, og rolla som Frollo er fordelt mellom Sverre Dalen og Simen Manseth Rebbestad. - I år måtte vi ha audition på guterollene. Vi har mange dyktige gutesolistar her, og mange roller å fylle, så dette løyste vi ved å ha ein liten audition for å finne ut kven som passa best i dei forskjellege rollene, fortel han. Nivået på auditionen var imponerande, og lærarane verkar å vere stolte av elevane sine. -Vi er komne godt i gong med førebuingane, men føler alltid eit visst tidspress likevel fortel Stein- Henrik. Det blir arbeidd på spreng på alle kantar både med media, regi, organisering og korøving. Musikal i Ørsta Musikalen er i år flytta til Ørsta, for første gong. Både musikklinja, og musikalane har blitt for store for samfunnshuset i Volda, fortel Stein-Henrik. Det er betre tilbod når det gjeld lyd, lys, kulisse og scene, for ikkje å snakke om at salen er større. - Denne musikalen blir verkeleg stor og pompøs, seier Stein-Henrik med stor entusiasme. Nok å gjere I fjor sette dei opp ein sjølvprodusert musikal, som dei regisserte sjølve. Dette var sjølvsagt mykje arbeid, men Stein-Henrik vil ikkje påstå at det blir mindre arbeid i år, sidan det er ein ferdig musikal. Dei har fått dvd av musikalen på fransk, og har ein stor jobb med å oversetje frå fransk til engelsk. - Arbeid er det alltid nok av i forkant av musikalane, avsluttar han. Av Ingrid Brautaset og Pia Roald

Rektor Margaret Alme: - Kjempestolt over elevane Rektor Margaret Alme seier ho er kjempe stolt over elevane på Volda vidaregåande skule. Vardefesten gjekk langt betre enn ho hadde forventa. Ho seier at ho ikkje var sikker på om ho torde å tru på at arbeidet for ein heilt rusfri Vardefest ville lykkast så godt. Årets Vardefest hadde langt strengare reglar enn det før har vore. Det var mykje skepsis til om Verdefesten i det heile skulle arrangerast, sidan festen i fjor var det verste tilfellet vi har hatt her på skulen, i følgje båre elevar og lærarar. Det var mange elevar som klaga på alle reglane, og det gjekk og rykte om at eit stort anntal elevar ikkje ville møte opp på Vardefesten, men rektor Margaret Alme er svært nøgd med gjennomføringa av arrangementet. -Vardefesten var vellykka på alle måtar, tykkjer de ikkje det de og, spør ho oss med eit smil om munnen. - Det at eg blei kåra til årets festbrems har eg ikkje noko i mot. Når eg har lukkast med å få fram det eg ville, kan eg gjerne fortsette å vere festbrems. Det kan eg vere stolt av. Vil arrangere Vardefest sjølve Grunna at ein ikkje fekk gjere som ein ville på årets Vardefest, har elevar byrja å spekulere i om dei vil arrangere sin eigen Vardefest til neste år. Dette inneber å leige eige lokale og vakthald, men rektor er ikkje overbegeistra over det. -Dette synest eg ingenting om. Eg veit det er mange skular som gjer det på denne måten, men eg meiner det glamorøse og fine med Vardefesten ikkje vert det same. Dersom elevane meiner at å arrangere sjølve er eit betre val, synest eg dei skal gjere dette ein helt annan dag. Kan vi ikkje halde denne eine dagen i året hellig, spør ho. - Elevane kan gjere akkurat som dei vil alle andre dagar i året, det skal ikkje vere nødvendig å øydeleggje den dagen som skulen har ansvar for, seier ho bestemt. * Rektor Margaret Alme er stolt over elevane Blir like strenge reglar Det var svært innskjerpa vakthald på Vardefesten i år. Rektor ser ingen grunn til at det ikkje skal vere det neste år og. -Vi må halde oss til det som fungerar. Sidan det gjekk så bra i år, gjer vi alt på same måte neste år også. Vi får håpe at Vardefesten neste år blir like vellykka, både for rektor og for elevane si skuld. Av Ingeborg Leira Kråkejeger Det var ein gong ein bonde som hadde problem med at kråkene åt opp alle jordbæra hans. Han blei tipsa av ein kamerat om ein dyktig jeger som ikkje budde så langt unda. Han ringde jegeren og dei avtalte at han skulle kome neste dag for å skyte kråker. - Når kjem du, da? lurte bonden. - Tja, sann åtte - ti på halv ni. Presis klokka åtte neste morgon kom jegeren og dei skaut kråker heile dagen. Då kvelden kom var det ennå mange kråker igjen, så dei avtalte at jegeren skulle kome igjen neste dag. - Du kjem vel sann åtte - ti på halv ni i morgon også, da? spurte bonden. - Ja, det er greitt, svarte jegeren. Og neste dag var han der igjen - presis klokka åtte. Så skaut dei kråker igjen. Da dei hadde halt på ei stund og skulle ha ei pause, sa bonden: - Eg la merke til at du skaut med børsa på høgre skulder i går, men i dag skaut du på venstre skulder. Kva kjem det av? - Å, det er det at eg skyt like bra på begge skuldrane, så det har ingenting å seie for meg kva slags skulder eg brukar. - Men korleis bestemmer du deg for kva for ei skulder du skal bruke, da? lurte bonden. - Eg brukar å sjå på kjerringa om morgonen. - Ligg ho på høgre side, skyt eg på høgre skulder og ligg ho på venstre side, skyt eg på venstre skulder, svarte jegeren. - Men kva om ho ligg på ryggen, da? spurte bonden. - Då kjem eg ti på halv ni...

Karoline Opsal Marøy: -Vil bli make-up artist Ved nedre undervisningsbygg ved skulen vår i Volda, sit ein elev i frå musikklina ved skilleveggen til rom 4. Han spelar gitar. Dei vakre tonane sprer seg forsiktig som ein frisk vårvind rundt om gangane. Dei dannar ei rolig atmosfære, som det ikkje går and å beskrive med ord, ein må vere der for å kjenne det og føle det på kroppen. Oppe ved hemsen som dannar eit overdådig blikk over dei som går rundt i gangane, sitt der elevar som jobbar, medan dei nyt dei vakre tonane som dalar opp mot det spisse taket. Det siv inn ein kald vind, dørene har nettopp opna seg, elevrådsleiar Karoline Opsal Marøy (18) kjem mot meg. Kledd i ein frakk med nyanser mellom lilla og rosa. Knappane på frakken held frakken igjen, eit vern mot den kalde vinden der ute. Frakken er ein del av ho, den er stilfull og vakker, lik eigaren. Ho nærmar seg. Ho smilar, -Er det no du skal intervjue meg?. Eg nikkar. Vi går opp trappa til hemsen. På høgre sida av hemsen sitt elevane og jobba endå, vi går bort til den venstre sida av hemsen, der vi kan prate utan å forstyrre og utan å bli forstyrra. Ho sett seg ned på ein av dei slitte og nedstøva raud-brune stolane, som er att med trebordet med ein liten kaffeflekk på. Ho byrjar å fortelje om barndommen sin. - Den var utruleg underhaldande, er noko av det første ho sa. For ho var svært aktiv i sin unge alder, og ho brukte å leike med dei store borna i nabolaget. Ho vaks opp på ein liten plass i Ørsta, nemleg Sætre, som ligg ca. 4 km i frå Ørsta sentrum. Skulen ho gjekk på, Lystad skule, er veldig liten. Den ligg ca. 2 km frå heimstaden hennar. - Så eg har no vore prega av det, flink til å leike i tre, bryt ho ut i latter. Ho er uviss på korleis barndommen hennar var, -Nei eg veit ikkje eg korleis barndommen min var, eg trur ikkje den var så mykje annleis enn alle andre sine barndommar. Leiaren Eg har berre likt meg så godt her på skulen her, fordi miljøet er så bra. Det er også ein av grunnane til at eg er så interessert i politikk og elevpolitikk. For eg ser kor viktige sånne faktorar er på skulen for at elevane skal trivast. Det er ein av grunnane til at ho er elevrådsleiar ved Volda vidaregåande skule. Men det er ikkje berre miljøet ho brenn for, men også rettigheitene til elevane. Rettigheitene for elevane er veldig viktig for meg, det er ein av grunnane til at eg valde å bli elevrådsleiar. For det er gjennom rettigheitene til elevane ein kan oppnå best mogleg resultat. Elevorganisasjonen interesserar Karoline Opsal Marøy seg aktivt for, organisasjonen er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon for elevar og lærlingar under vidaregående opplæring. Organisasjonen jobbar for at dei som bestemmer over skulen også skal høyre på kva elevane har å seie. Dei jobbar for elevar og lærlingars rettigheiter og for å ivareta deira interesser. Ho har og andre interesser enn politikk og elevpolitikk, nemlig fotball. Laget ho held med er Bolton Wanders, som er ein engelsk fotballklubb som spelar i FA Premier League. - Synest du at det er engasjerande å vere leiar i elevrådet - Ja, eg synest at det er kjempekjekt, men det som er mest engasjerande er å hjelpe folk som spør meg om hjelp. Noko som gjer det spanande å jobbe i elevrådet, ifølge Karoline, er det å jobbe mot ei leiing som har høgare autoritet enn deg sjølv. Elevrådet på skulen er elevane sitt høgste organ på skulen, og skal fungere som bindeledd mellom elevane og skulesamfunnet. Den formelle makta til elevane ligg i elevrådet. - Ser du fram til utfordringane i denne terminen Både og. Men eg grur meg litt til korleis eg skal få tid til alt, når eg har eksamenar og lekser ved sidan av leiarrolla. Eit innblikk i framtida Neste år ønskjer ho å jobbe i eit halvt år først. Etter det trur Karoline ho kjem til å fare til Sverige for å gå på Make Up Institute, for å verte make-up-artist, noko som er draumen hennar. For ho har ein liten lidenskap for sminke. Når ho blir ferdig med utdanninga ønskjer ho å reise til Bollywood for å jobbe som make-up-artist. Der kan ho få sjansen til utforske andre kulturar og språk, noko som er ein av lidenskapane hennar. Av: Henrik Faustino Vatnebakk

Bilete frå Vardefesten 2006

Bilete frå Vardefesten 2006

Bilete frå Vardefesten 2006

Bilete frå Vardefesten 2006

FØRSTE SENDING MED RADIOHAUD Fredag den 19. januar hadde Radiohaud si første direkte sending. Vi snakka med dei før sendinga, og då var dei svært spente på korleis dette skulle gå. Redaktør Trine og medredaktør Marina såg fram til denne sendinga. - Vi har forberedt oss godt og lenge på dette, og vi føler vi er klare, kommenterer Trine. Sendinga gjekk svært bra. Klokka 7 kunne du skru på radioen i både Herøy, Ørsta og Volda for å høyre på Radiohaud. Gjekk du glipp av det denne gangen, kan du alltids høyre på det neste gang. Dette var nemleg ikkje siste gang dei hadde sending. Sendinga var stappfull av mykje god underhaldning og ei spanande konkurranse. Dei viste at dei klarte å rette stoffet til mange målgrupper, noko som er veldig utfordrande. Lokalt Radiohaud er altså eit lokalt program, og då fekk vi sjølvsagt høyre om det som har skjedd og * Diskusjon i redaksjonen før sending skal skje omkring her i Volda og Ørsta, slik som aktuelle filmar som går på kino, konsertar osv. Dei hadde og eit eige programinnslag om musikalen, Notredam, der dei intervjua ein av dei som har hovudrolle, Kim Helge. Der gjorde dei ein ny vri, der dei hadde musikk frå musikalen og fortalde om den på ein veldig interessant måte. Problem Radio er krevjande. Det må vere godt planlagt på førehand kva du skal seie, og det er ikkje berre berre å halde seg til eit manus eller snakke fritt for den saks skuld. Når du høyrer på radio, så ser ikkje du på eit bilete, slik som på fjernsyn. Ein må konsentrere seg godt når ein skal høyre på. Beveger du på eit ark, høyrer du godt lyden av det. Dette skjedde litt med Radiohaud. Det vart litt bråk i bakgrunnen. Dei hadde også eit høyrespel som var litt dårleg lyd på. Men radio er som ordtaket seier «øving gjer meister». Vellykka Alt i alt var denne direktesendinga svært imponerande. Det blir spanande å sjå kva som skjer neste gong, om kva dei skal snakke om då. Det er også verdt å kommentere programmet «kropp og sjel». Der snakka Tonje, Ida og Anne Marta om det å ha kjæraste. Der var mykje musikk mellom programma, og der valde dei litt ulike sjangrar som passar til ulike folk. Programmet «Hybelkanine» var retta mot dei studentane som bur for seg sjølve på hybel eller i leilegheit, noko som er mykje av i Volda. Det var svært lærerikt. Vi ser fram til å høyre frå Radiohaud neste gong. Av: Tone Rekkedal * Trine (til venstre) og Marina planlegg programposten Hybelkaniner

Om prevensjon Minipillar Kva er og korleis verkar minipillar? Minipiller inneheld berre gestagen, men ein anna type enn i p- sprøyte. Dei verkar først og fremst ved å gjere livmorhalsslimet seigt, men hindrar også eggløysinga hjå ca. 40% av brukarane. Minipiller skal takast kvar dag utan opphald mellom bretta. Dei har kortare verketid og det er svært viktig at minipillene takast til same klokkeslett kvar dag. Har du gløymt pilla i meir enn tre timar kan du ikkje lenger vere heilt sikker. Minipillar reknast av fleire grunnar for å vere mykje mindre sikkert enn både p-pillar og p- sprøyte. I tillegg gir minipillar ofte bivirkningar i form av uregelmessige blødningar. Minipillar er derfor lite brukt i dag. Nødprevensjon Kva er og korleis verkar nødprevensjon? Nødprevensjon i pilleform blir også kalla angrekur eller dagenderpå- pillar. Den består av ein tablett som inneheld dei same stoffa som finnast i p-pillar, men i større dosar. Dette verkar ved å hindre eller senke eggløysinga og/eller ved å endre livmora si slimhinne slik at graviditet ikkje oppstår. Denne typen nødprevensjon bør berre nyttast ein gong i løpet av ein menstruasjonssyklus, og blir derfor rekna som ei nødløysing. Spiral kan også brukast som nødprevensjon dersom den setjast inn innan ei veke etter ubeskytta samleie. Når bør eg ta nødprevensjon? Nødprevensjon eignar seg godt til bruk etter et uhell med kondom eller pessar, eller dersom du har hatt ubeskytta samleie. Nødprevensjon bør også nyttast dersom du gløymer ei p-pille den første veka på brettet. Nødprevensjon i pilleform bør påbegynnast snarast mogleg, og helst innan 72 timar etter samleiet (kan prøvast inntil 5 døgn, men då med dårlegare verknad). Korleis skaffar eg meg nødprevensjon? Du får kjøpt nødprevensjon utan resept på apotek. Det kostar ca. 120 kroner for ein kur. Gynekologisk undersøking er ikkje nødvendig. Ein del ungdomsklinikkar har nødprevensjon i pilleform for utdeling, ofte gratis. Det er ingen aldersgrense på dette. Kva med biverknader og sikkerheit? Nødprevensjon i pilleform er ikkje farleg for nokon, men omtrent halvparten av dei som brukar dette blir kvalme. Veldig få kastar opp. Det skal komme ein menstruasjonsblødning etter å ha brukt nødprevensjon, nokre gongar litt tidlegare, andre gongar litt seinare enn vanleg. Uteblir blødingane må du ta ein graviditetstest. Nød prevensjon er ikkje 100% sikkert du kan vere gravid etter å ha brukt dette. Kva kan redusere effekten av prevensjonsmiddelet? Antibiotika kurar Diaré/omgangssyke: Ved oppkast og diaré kan opptaket av kombinasjon- og minipiller bli redusert, og risikoen for graviditet kan da auke. Naturmidlar: I dag kjenner vi til at Johannesurt kan redusere effekten av prevensjonsmidla. Dette kan også gjelde fleire naturmiddel, men det er lite undersøkt. Legemidlar: Sjekk alltid opp om nye legemiddel når du skal begynne å bruke dei, om dei kan påverke tryggleiken av prevensjonen din. Du skal fortsette å ta prevensjonen din som vanleg, sjølv om det er sannsynleg at du har dårleg beskyttelse. Du kan få ei bløding midt i syklusen dersom prevensjonsmiddelet si effekt er redusert. Bruk kondom inntil årsaka er borte og du får menstruasjon på slutten av syklusen. Dersom menstruasjonen uteblir, og du har vore seksuelt aktiv, bør du ta ein graviditetstest for å forsikre deg om at du ikkje har blitt gravid. Dersom du har problem med å hugse å ta ein tablett kvar dag, vil nok P-plaster, P-stav, P-ring, spiral eller P-sprøyte passe betre for deg enn ei kombinasjonspille eller ei minipille

Gode råd for tryggleik ved bruk av prevensjon - Les pakningsvedlegget og følg bruksveiledninga nøye. - Kontroller om dei legemidla/naturmidla du brukar kan påverke tryggleiken av prevensjonsmetoden du bruker. - Vel ein prevensjonsmetode du greier å administrere. -Kondom er det einaste prevensjonsmiddel som beskyttar mot seksuelt overførbare infeksjonar (SOI). Tryggleiken med kondom blir redusert dersom det oppbevarast feil, påførast feil, påførast skade ved påføring, blir brukt saman med krem/salve som skader kondomet og dersom kondomet ikkje blir heldt på plass når penis trekkjast ut av skjeden etter samleiet. Kjelder: www.apotek1.no, www.seksuellopplysing.no, www.samliv.net. BURSDAGAR I JANUAR Astrid Eline Høydal 01.01.86 Guro Bakke Liaskar 01.01.89 Malin Renate Sørensen 01.01.88 Guro Årflot Aglen 01.01.89 Kristine Helset 02.01.89 Liisa Mænd 03.01.90 Bjarte Kjetil Bjørkedal Øvregård 03.01.87 Caroline Flote Rotevaten 05.01.89 Øystein Andre Høydal Skare 05.01.89 Silja Osdal Saure 05.01.88 Kathrine Eliassen 06.01.89 Pia Mari Roald 06.01.89 Sara Holmen 06.01.89 Eric Kelvin Jr. Brown 06.01.74 Anne Kjersti Hagen 06.01.89 Tonje Maridal 08.01.90 Tore Eidem Klokk 09.01.89 Silje Johannessen Øvrebotten 10.01.90 Asle Ulstein Lid 10.01.88 Robin Urke 11.01.90 Terje Kårstad 12.01.90 Tobias Vassbotn Evebø 15.01.90 Trine Olin Bakke 17.01.89 Edmund Einar Walton 18.01.91 Ane Lovise Myklebust Krøvel 19.01.89 Mailinn Wetterhus 20.01.88 Trude Iren Saure 20.01.88 Mari Kleiva Nilsen 21.01.88 Sondre Fimland Skår 21.01.88 Marie Halkjelsvik 21.01.89 Mari Sivertsen Norddahl 22.01.90 Magnhild Håskjold 22.01.88 Venke Terese Molvik 24.01.89 Matias Kragset Brekke 24.01.89 Synnøve Sunde 25.01.90 Bjørn Boldt 26.01.89 Sverre Dalen 26.01.88 Vegard Kile 26.01.89 Ingunn Elisabeth Kolgro Strand 27.01.88 Katrine Elise Aarse Bratteberg 28.01.88 Tone Rekkedal 28.01.89 Synne Lüthcke Lied 28.01.89 Høyr på Radiohaud! Fredagar kl. 19.00 på Bygderadio Vest sin frekvens (105,5/103,7/104,9). Mia Novalic 28.01.89 Jogeir S. Øye Vassboten 29.01.90 Simen Åge Aarsæther Lie 30.01.90 Ingrid Helen Brautaset 31.01.89 Stine Helen Brautaset Midtbø 31.01.88 Svampen beklagar Vi kom i førre nummer i skade for å skrive at bestemora til Nathalie Diaz var nakenmodell. Dette stemmer ikkje, og redaksjonen beklagar at dette kom på trykk. I tillegg beklagar vi at vi kom i skade for å mangle to personar på lista over bursdagar i desember. Vi vil personleg gratulere Morten Remøy 1SA1 og Markus Grøtta Helset 2MK1 med vel overstått! Desse hadde bursdag 14. og 05. Desember.

5 på skulen om Vardefesten 1. Kva tykkjer du om Vardefesten? 2. Likte du årets program? 3. Falt maten i smak? 4. Når for du heim, og kvifor? 5. Kjem du på Vardefesten neste år med dette opplegget? Vegard Kile Klasse: 2mk1 1. Den var nice, men det var meir deilig i fjor. 2. Årets program hadde mykje mannlege hormon, halvnice. 3. Fattig uten rømmedressing. 4. Ca kl 01:00 pga ei stygg fallskade som gjekk utover panna mi. 5. Ja, om eg ikkje har influensa. Anne Maren Hovdenakk Klasse: 2af2 1. Kjekt, men keisamt at så mange for etter programmet. 2. Ja, mykje bra program. 3. Nei! Kald pizza på pappfat er lite kos. 4. Øh.. ca 00:30? Då var eg dritlei. 5. Det blir siste Vardefesten eg får vere med på, så eg dukkar nok opp. Tuva Lannerholm Klasse: 1st4 1. Konge! Men, litt tamt.. 2. Første året mitt på Vardefesten, så det var sikkert bra. 3. Pizza er pizza. Det var godt. 4. Ca kl 01:00 av anonyme grunnar. 5. Ja. Atle Andreas Remmereit Klasse: 2af2 1. Det var rolegare og meir ryddig enn året før. Det var morro. 2. Årets program falt i smak hjå meg. Kanskje litt langt? 3. Ja, den var god den. Kanskje litt lite, men mett vart eg. 4. Eg for ved midnatt. Då var eg sliten. 5. Ja, eg følger straumen med mine vener. Det er viktig. Solveig Bjørneset Klasse: 1st1 1. Det var bra, men det vart mykje venting og stillesitting. 2. Ja. 3. Pizza er alltid godt. 4. Tidleg, det var ikkje så kjekt på dansegulvet. 5. Det gjer eg sikkert. Har du tips til saker vi bør skrive om? Ta kontakt med SVAMPEN på e-post: svampen@volda.vgs.no eller ta kontakt med nokon av oss i redaksjonen.