fruktdyrkingsområda på Vestlandet



Like dokumenter
«Ny Giv» med gjetarhund

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Bustadområde i sentrum. Vurdering

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Samansette tekster og Sjanger og stil

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

11. Bøker og bokomsetning

Kulturhistoriske registreringar

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

HORDALANDD. Utarbeidd av

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Vurdering av allianse og alternativ

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

8. Museum og samlingar

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Forslag frå fylkesrådmannen

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Viktige faktorar i opplevingsturismen knytte til kulturlandskapet i Vestlandsfjordane

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

Aurland kommune Rådmannen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Til deg som bur i fosterheim år

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

nye bøker i 2004

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Transkript:

32 A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) Kulturlandskapet i fruktdyrkingsområda på Vestlandet Anders Lundberg 1 / Anders.Lundberg@geog.uib.no. og Lars Sekse 2 / Lars.Sekse@planteforsk.no. 1 Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, Fosswinckelsgt. 6, 5007 Bergen. 2 Planteforsk Ullensvang, 5781 Lofthus. Denne studien er ein del av forskingsprosjektet Kulturlandskap i endring i Hardanger, Sogn og Nordfjord konsekvensar for opplevingsturismen på Vestlandet, initiert av Hotel Ullensvang, Lofthus og finansiert av Norges forskningsråd for perioden 2004-2006 (tre år). Prosjektet er eit samarbeid mellom Planteforsk Ullensvang, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen. Eit utgangspunkt for prosjektet er at opplevingsturismen brukar kulturlandskapet i fruktdistrikta som ein bærebjelke i marknadsføringa og at det skapar uro at det skjer store endringar i dette landskapet. Det interessante spørsmålet blir dermed om desse endringane på nokon måte kan kome til å påverke turismen i den eine eller andre retninga. Prosjektet starta i 2004, m.a. med feltarbeid i Hardanger og i Nordfjord, og denne artikkelen oppsummerer litt av røynslene frå den tidlege fasen av prosjektet. Me startar med å presentere målsettinga med prosjektetartikkelen: Målsetting - å kartlegge omfanget av og typen av endringar i kulturlandskapet i fruktdyrkingsområda på Vestlandet - å kartlegge kor raskt endringane skjer - å identifisere viktige drivkrefter bak endringane - å finne ut kva endringane vil ha å seie for opplevingsturismen på Vestlandet Bakgrunn Turismen på Vestlandet er ein av dei viktigaste næringane i regionen og næringa omset for 000 millionar nkr kvart år (NN 2004). Hardanger, Sogn

A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) 33 og Nordfjord er mellom av dei mest besøkte turistdestinasjonane i landet. Til dømes selde hotella i dei sju Hardanger-kommunane og turistnæringa i regionen har om lag 000heile 226 500 gjestedøgn til ein verdi av 97 millionar kroner overnattingar i 2004året (Helge Møller, Reisemål Hardangerfjord, pers. medd.kjelde: ). Undersøkingar har vist at turistane søkjer til Vestlandet fordi det blir opplevd som naturnært, mektig og eksotisk. Konsentrasjonen av fjordar, fjell og fossar på Vestlandet er unik i global målestokk, og kulturlandskapet med frukthagane som eit sentralt element er også ein viktig kvalitet ved Vestlandet som turistattraksjon. I 2004 kåra National Geographic Traveller norske fjordar som det mest attraktive reisemålet i verda, framføre store verdskjente attraksjonar som Yellowstone, Den kinesiske muren og Venezia. Mange vil assosiere norske fjordlandskap med blomstrande frukthagar og det er ingen tvil om at fruktdistrikta ikkje berre har verdi for fruktnæringa, men fruktdistrikta også har stor verdi for turismen. Det klassiske biletet av norske fruktdistrikt er blomstrande epletre med fjord, fjell og bre i bakgrunnen. Slike kulturlandskap kan ein framleis finne, men dei siste tiåra har det skjedd radikale endringar i fruktnæringa som ei tilpassing til endra rammevilkår. Resultatet er blitt at kulturlandskapet i fruktdistrikta på Vestlandet no er inne i ein djuptgripande endringsprosess som synest å gå i to retningar, kontraksjon på dei mest intensivt utnytta areala og ekstensivering og brakklegging på meir marginale og dyrkingsmessig mindre gunstige lokalitetar. I sum gjevr dette eit kulturlandskap av ein annan type enn det klassiske som turistnæringa hittil har brukt i marknadsføringa. Eit viktig spørsmål blir dermed å avklare kva type endringar som skjer, kor dei skjer, kor raskt dei går føre seg, kva konsekvensar dette får for kulturlandskapet sitt uttrykk og kva konsekvensar dette kan få for turistnæringa. Målsettinga med dette prosjektet er å finne svar på desse spørsmåla. Kjelder og metode I startfasen av studien har me søkt opp og samanfatta den kjente kunnskapen om emnet, gjennom studiar av eldre og nyare faglitteratur. Geografen Axel Sømme har publisert fleire relevante arbeider i så måte og dei store verka hans om Jordbrukets geografi i Norge (Sømme 1954) og A Geography of Norden (Sømme 1960a) høyrer begge til den klassiske litteraturen om jordbruket i Noreg. I dei to bøkene har forfattaren presentert mange studiar av kulturlandskapet i fruktdistrikta på Vestlandet og dette har vore tema for meir detaljerte studiar og presentasjonar i fleire av hans regionale arbeider om Vestlandet og Hardanger (Sømme 1957,

34 A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) 1960b). Dei klassiske arbeida til Sømme og andre (t.d. Frimannslund 1960) har i seinare år vore fylgt opp av nyare studiar i dei same områda, t.d. Svendsen (1985), Ahnstrøm (1992) og Røynstrand (1992). Tidlegare studiar kan fungere som nyttige referansar for å dokumentere endringar frå fortid til notid. I Hardanger har me detaljerte kart som viser arealbruk, eigedomsstruktur, busetnad og andre fysiske kjenneteikn i kulturlandskapet frå 1869 til i dag. For dei siste femti åra har me også ei rekkje flyfoto (vertikalfoto) som kan brukast i analysen av den nære fortida og som kan samanliknast med situasjonen i dag. I prosjektet har med skanna og digitalisert ei rekkje flybilete som blir brukt i analysen av endringar av kulturlandskapet ved hjelp av geografiske informasjonssystem (GIS), slik at me kan få fram kvalitative (kva type endring) og kvantitative mål (kor mykje, uttrykt i dekar eller hektar) for endring, retning og fart. I dette arbeidet produserer me kart som viser situasjonen i fortid og notid og me kan kombinere to kart frå ulike tidspunkt for å vise endringar. På den måten produserer me kvantitative data om kva type endring som har skjedd (t.d. frå frukthage til krattskog, får eng til beite osb.), kor i landskapet endringar har skjedd, og me får mål på kor lang tid det går frå brakklegging til krattskog og villniss tar over (i år). Dette kan også brukast til å projisere framtidig landskapsutvikling, gjeve at utviklinga held fram i same retning og i same tempo som i den tidsperioden som er studert. Metoden er gjort greie for i Lundberg (2002, 2005). Resultat av den første feltsesongen Me gjer her kort greie for inntrykk og preliminære resultat frå undersøkingar i 2004 i Hardanger og Nordfjord. Hardanger I mai 2004 arrangerte Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen feltkurs i Hardanger, som ein del av kurset Geo 271 Kulturlandskapets geografi. Sentralt tema under feltkurset var kulturlandskap (tilstand og endringsprosessar), gjengroing, fruktdyrking og framtidsscenarier, og det blei samla inn ei stor mengd data om desse tema. Delar av dette materialet er mellombels samanfatta i upubliserte semesteroppgåver (Blom 2004; Hansen og Fossåskaret 2004; Hestdalen 2004; Nes 2004; Ortis og in t Veld 2004; og Søvde og Wilkensen 2004). I løpet av 2004 gjorde også to masterstudentar i geografi feltarbeid i Hardanger, knytta til hovudprosjektet. Karianne Torvestad er i gang med

A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) 35 ei oppgåve om kulturlandskapet langs Sørfjorden og kartlegg arealbruk og endringsprosessar i tre modellområde Lofthus, Espe/Meland og Børve (Torvestad 2004), etter metodikken i Lundberg (2002, 2005). Mona Kile (2004) er i gang med ei masteroppgåve om regionalt image og merkevarebygging i fruktdistrikta i Hardanger. Undersøkingane i Hardanger i 2004 stadfesta at distriktet er det dominerande fruktdistriktet i landet, målt i produksjon og kompetanse. Vidare kjem det klart fram at fruktdyrkinga er under press og i rask endring. Dette fell godt saman med dei granskingane som er gjennomførte av NILF i seinare år (Knutsen et al. 2001). Talet på aktivt drivne bruk har gått ned, som elles i landet, og dette gjeld også bruk som driv med frukt. På dei gardane som driv med frukt er det ein tydeleg tendens til kontraksjon til areal på betre bonitetar. I denne samanhengen kjem eldre kartleggingar til stor nytte. Mange av dei er så detaljerte at dei lett lar seg bruke til å studere endringar fram til i dag. Ein annan hovudtendens er at mange av jordbrukarane i dag har arbeid utanfor garden, i Kinsarvik, Odda og andre stader. Familien bur framleis på garden, dei har frukt eller sauehald, men gardsdrifta utgjer ikkje lenger familien si hovudinntektskjelde. I ein slik situasjon er det berre dei mest lettdrivne areala som er i bruk, mens brattlende, utkantområde i overgangen mot fjorden eller fjellet, bekkekløfter og andre område som tidlegare var i bruk som beiteareal og slåttemark, er i ferd med å gå ut av bruk. Tidlegare var det vanleg å dyrke frukt opp til 200-225 moh., men i dag dyrkar dei frukt opp til 150 moh. Resultatet av dette er at krattskogen tek over der det før var dyrka. Der det før var eng, beitemark og frukthagar kjem det no fram tette populasjonar av gråor, ask, osp, bjørk og selje. Som biologisk mangfald og kulturlandskapselement er desse kratta for ugras å rekne og mange av dei stengjer for utsikt. Der turistane før hadde ein storslått utsikt til fjord, fjell og bre, blir dei no møtt av ein tett vegg av skrapskog. Ein tysk turist som har besøkt Hardanger mange gonger gjennom dei siste 30 åra sa det slik: Der eg før stoppa for å nyte utsikta, ser eg no berre skog. Om det var skog eg ville sjå, kunne eg heller dra til Sverige eller Finland. Der er det dessutan ikkje så dyrt som i Noreg. Eit anna interessant funn er at det ikkje berre er turistar som reagerer på gjengroinga. Bøndene sjølve ser det same og mange av informantane uttrykte at dei mislikte utviklinga, at dei gjerne skulle sjå at kulturlandskapet blei halden ved like, men at arbeid utanfor garden gjorde at dei ikkje klarer å halde alt areal i hevd.

36 A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) Mange stader i Hardanger er barskogsplantingar i dag eit karakteristisk innslag i landskapet. Mange av dei har ein alder på 40-50 år og har soleis 20-30 år igjen før dei når hogstmoden alder. Fleire av bøndene me snakka med uttrykte at dei gjerne skulle vore kvitt desse plantingane, då dei har for lite beiteareal tilgjengeleg. Ei anna type tilpassing til endra rammevilkår for jordbruket er nokre som satsar på juletreplanting. Juletrea er eit nytt innslag i kulturlandskapet og felta kan haustast etter 10-12 år. Under feltarbeidet i Hardanger i 2004 tok nokre av studia spesielt føre seg landskapsendringar. Utgangspunktet var gamle utskiftingskart, flybilete og eldre fotografi som blei samanlikna med situasjonen i dag, dokumentert med synfaring i felten, kartanalyse og fotografering frå same utsiktspunkt som i eldre fotografi. Med utgangspunkt i ulike framtidige (tenkte) forvaltningsalternativ, støtteordningar og økonomisk utvikling laga me framtidsscenarier som illustrerer korleis landskapet i Hardanger kan bli i framtida. Følgjande mogelege, framtidige utviklingar blei illustrert: gjengroing, meir fruktdyrking, auka bustadbygging, nedlegging av jordbruket, omlegging til husdyrhald og etablering av golfbane. Kvar av desse blei illustrerte gjennom manipulering av digitale landskapsbilete og landskapselement (hus, frukthagar, planteskog, gjengroing osb.) blei lagt til og fjerna etter kva utvikling som skulle illustrerast. Det faglege poenget med dette er å visualisere effekten av ulike typar politikk og lokale respons på nasjonal og regional styring, EU-tilpassing og globalisering, med andre ord å vise effekten av små og store vedtak på ulike geografiske nivå. Nordfjord I oktober 2004 blei det utført ein pilotstudie i Stryn for å kartlegge fruktog bærdyrkinga i kommunen. Me gjorde feltregistreringar og intervjua frukt- og bærdyrkarar, tilsette ved eit fruktlager og i, forsøksringen og landbrukssjefen. Me fant at det har skjedd store endringar i løpet av dei siste 30 åra, både i dyrkingsform, kor fruktdyrkinga går føre seg, kva type frukt som blir dyrka, støtteordningar, korleis frukta blir distribuert og marknadsført. Utan tvil har det skjedd ei modernisering ved større vekt på kvalitet gamle, mindre gode sortar har gått sterkt tilbake og nye kvalitetssortar har auka. I Stryn har talet på frukt- og bærdyrkarar gått tilbake frå 100 i 1995 til 48 i 2003. Arealet brukt til frukt- og bærdyrking har minka frå 798 dekar i 1995 til 559 dekar i 2003. Særleg har arealet brukt til eple og pære gått tilbake. Frå slutten av 1990-åra har det skjedd ei satsing på bringebær, jordbær, bjørnebær og blåbær. Statistikken fortel at talet på fruktbønder er halvert i perioden 1995 til 2003, mens arealet

A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) 37 brukt til frukt og bær har minka om lag 30 %. Dette tyder at dei som driv med frukt og bær har brukar større areal i dag enn i 1995, og dette blir støtta av intervjua me gjorde. Mange som før dreiv med frukt og bær i kombinasjon med anna landbruk eller andre næringar har slutta med frukt og bær, og dei som driv med frukt og bær har dette som hovudinntektskjelde. Fruktdistrikta i Stryn er ikkje mellom dei største i landet, men på mange måtar er det gode vilkår for å dyrke frukt og bær i distriktet, både i høve til klima og i høve til kompetanse. Eit interessant område i så måte er Nordsida/Randabygda på nordsida av Nordfjord. Dei bratte liene ned mot fjorden er sterkt eksponerte mot sør med god solinnstråling og skjerming frå vind og kaldluft frå nord. Epla held god kvalitet og dyrkarane har god tilgang til marknaden. Jamvel om vilkåra for suksess elles var gode, fekk me inntrykk av at det var ein avventande haldning blant folk i støtteapparatet til fruktdyrkinga i Randabygda. Kor lenge kan dei halde det gående, her som det er så bratt?, syntest å vere ei utbreidd haldning. Det kan synast som om jordbruket i Noreg har vore utsett for så mykje kritikk og negativ omtale dei siste åra at trua på framtida er blitt sterkt svekka. Under feltarbeidet i Randabygda blei me slått av den landskapsmessige, klimatiske og kompetansemessige likskapen til vindistriktet Rheingau i Tyskland. Her er det 30 km med ekstremt bratte, sørvende skråningar med vinranker, med dominans av Riesling, som produserer nokre av dei beste vinane i verda, lovprisa av internasjonale vinkjennarar som Jancis Robinson o.a. (Johnson and Robinson 2001). Dette er resultat av gunstig eksposisjon (bratte, sørvende skråningar med god solinnstråling), gunstig klima, godt jordsmonn og spesialiserte dyrkingsmiljø med høg kompetanse. I Rheingau blir dette utnytta som eit komparativt fortrinn, men me høyrde ikkje mykje av den slags under feltarbeidet i Stryn hausten 2004. Kanskje står me her ved eit kjernepunkt i utviklinga av norsk fruktnæring det trengst meir optimisme og tru på framtida. Feltarbeidet i Stryn indierkerer at det ikkje står på frukt- og bærdyrkarane. Samandrag, konklusjon og litt om vidare framdrift Forskingsprosjektet Kulturlandskap i endring i Hardanger, Sogn og Nordfjord konsekvensar for opplevingsturismen på Vestlandet, som starta opp i 2004, har som føremål å granska endringar i kulturlandskapet i desse regionane, og finna eventuelle konsekvensar dette vil ha for turistnæringa. I det første prosjektåret har det vore lagt vekt på å granska biologiske endringar i kulturlandskapet og å identifisera viktige drivkrefter

38 A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) bak endringane. Granskingane viser at tal aktive fruktdyrkarar er redusert siste 10-åra, medan aktivt drive fruktdyrkingsareal også er redusert, men i mindre omfang. Marginale teigar går ut av drift, medan drifta på dei beste bonitetane vert intensivert. Det er laga visuelle bilet-modellar for korleis landskapet vil sjå ut dersom denne utviklinga held fram under ulike rammevilkår. Vidare er det gjennom intervju gjort granskingar av brukarane sitt syn på eiga framtid. Her går det fram at mykje negativ omtale av norsk landbruk i presse og i samfunnet elles vert sett på som eit tydeleg problem for næringa; det skapar frustrasjon mellom yrkesutøvarane og kan vera ein viktig faktor i å hindra rekruttering. Litteratur Ahnstrøm, Anne-Gro 1992. Kulturlandskap i Eidfjord kommune. Fortid, nåtid og fremtid. - I lys av bygdeturisme som satsingsområde. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, hovudfagsoppgåve. 220 s. + vedlegg. Blom, T.H. 2004. Endringer i Opedal, Hardanger. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 271. 27 s. Frimannslund, R. 1960. Aga in Hardanger. s. 78-84 i: Vestlandet. Natur, busetnad, næringsliv. Festskrift til Vestlandske Bondestemna 1932-1957. Eide Forlag, Bergen. Hansen, T.L. og Fossåskaret, F. 2004. Hvilke endringer har skjedd i dette kulturlandskapet? En studie av Sekse i Ullensvang kommune. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 271. 27 s. Hestdalen, E. 2004. Gjengroing i tradisjonelt drevet kulturlandskap i Ullensvang. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 271. 22 s. Johnson, H. and Robinson, J. 2001. The world atlas of wine. 5th Edition. London, 352 pp. Kile, M. Regionalt image og produktutvikling (merkevarebygging) et eksempel fra Hardanger. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 303. 20 s. Knutsen, H., Haukås, T., Borgen, S. O., og Svennerud, M. 2001. Hardangerepler under press. NILF-rapport 2001-7, 91 s. Lundberg, A. 2002. The interpretation of culture in nature. Landscape transformation and vegetation change during two centuries at Hystad, Stord, SW Norway. Norwegian Journal of Geography 56: 246-256. Lundberg, A. 2005. Landskap, vegetasjon og menneske gjennom 400 år. Naturmiljø, arealbruk, slitasje og skog i Hystadmarkjo, Stord. Fagbokforlaget, Bergen. 252 s. Nes, A.K. 2004. Gjengroing i Hardanger. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 271. 23 s. Ortiz, R.K.R. og in t Veld, K.M. 2004. Endringer i arealbruk. En studie av Ystanes fra 1971-

A. Lundberg og L. Sekse / Grønn kunnskap 9 (4) 39 2004. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 271. 33 s. Røynstrand, S. 1992. Ullensvang, kulturlandskap i endring. Kulturlandskapsstudier i eit fruktdyrkingsområde. Universitetet i Bergen, Geografisk institutt, hovudfagsoppgåve. 158 s. + vedlegg. Svendsen, B.E. 1985. Kulturlandskapsstudier i Etne: endringer i kulturlandskapet og vegetasjonsbildet det siste hundreåret. Universitetet i Bergen, Geografisk institutt, hovudfagsoppgåve. vi + 177 s. Sømme, A. 1957. Kvam, ei industrialisert fjordbygd på Vestlandet. s. 85-130 i: Vestlandet. Natur, busetnad, næringsliv. Festskrift til Vestlandske Bondestemna 1932-1957. Eide Forlag, Bergen. Sømme, A. (red.) 1960a. A Geography of Norden: Denmark, Finland, Iceland, Norway, Sweden. Cappelen (Scandinavian University Books), Oslo. 363 s. Sømme, A. 1960b. Vestlandet. Geographical Studies. Norges Handelshøyskole, Skrifter, Geografiske Avhandlinger 7. 84 s. + kart. Søvde, S. og Wilkensen, Ø. 2004. Strukturelle endringer på Ringøy i Hardanger. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 271. 20 s. + 6 vedlegg. Torvestad, K. 2004. Kulturlandskapet langs Sørfjorden fra 1960 til i dag kartlegging og analyse av endringer. Metode. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, semesteroppgåve GEO 303. 18 s. Aas, A., Lode, V. og Johnsen, T. 2004. Frukt- og bærdyrking i Stryn endringer og konsekvenser. Universitetet i Bergen, Institutt for geografi, feltkursrapport GEO 151. 17 s.