2.1 Hovudprinsipp for satsinga Basert på erfaringane skal programmet ha følgjande hovudprinsipp:



Like dokumenter
PROSJEKTPLAN. Program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland - BULYST HORDALAND

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Detaljert handlingsplan 2014

AKTIVE KOMMUNAR ATTRAKTIVE LOKALSAMFUNN

Orientering om LivOGLyst og LUK Best i landet på lokal vekstkraft

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Forstudie Næringshage i Vinje

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Statsbudsjettet Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

8 år med LivOGLyst, eit lokalsamfunnsprogram som skal vare!

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Forslag frå fylkesrådmannen

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SOGN driftig raus ekte

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Stemnehandboka for NKSF

Digital arena (Ref #1065)

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Den nye seksjon for applikasjonar

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Transkript:

Innhald 1. Bakgrunn og grunngjeving... 2 2. LivOGLyst-programmet... 2 2.1 Hovudprinsipp for satsinga... 2 2.2 Effektmål... 4 2.3 Resultatmål... 4 2.4 Kritiske risikofaktorar... 4 3. Iverksetting av programmet... 5 3.1 Tiltak... 5 3.2 Utlysing- og utveljingsprosess... 5 3.3 Kategoriar av LivOGLyst-prosjekt... 5 3.4 Prosjektomfang og prinsipp for korleis nytta verkemiddel... 6 3.5 Kompetansetiltak som satsingsområde... 6 3.6 Felles nettportal kom-an.no... 7 3.7 Samarbeid med høgskule og universitet... 7 4. Prosjektorganisasjon og roller... 7 4.1 Eigarar... 7 4.2 Prosjektansvarleg (PA)... 7 4.3 Prosjektleiar (PL)... 8 4.4 Styret... 8 4.5 Arbeidsgruppa... 9 Oppdragsgjevar for LUK satsinga er ein partnarskap mellom Innovasjon Noreg Hordaland (IN), Fylkesmannen i Hordaland (FM) og Hordaland fylkeskommune (HFK) LUK-styre: Nina Broch Mathisen, direktør, IN Ole Bakkebø, landbruksdirektør, FM Bård Sandal, regionaldirektør, HFK som representantar for Regional Næringsforum Styreleiar i LUK-styret: Mette Nora Sætre, næringssjef, HFK Prosjektleiar: Operativ arbeidsgruppe: Kari Patricia Kleppe, regionalavdelinga, Hordaland fylkeskommune Eli Janette Fosso, landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Hordaland May Britt Otterlei, Innovasjon Noreg Hordaland Kari Patricia Kleppe og Ingerid Solberg, regionalavdelinga, Hordaland fylkeskommune 1

1. Bakgrunn og grunngjeving Landbruksavdelinga v/fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge Hordaland og Hordaland fylkeskommune utgjer ein partnarskap som samarbeider for å stimulere lokalt entreprenørskap og mobilisering i lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. LivOGLyst er eit program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland som er tufta på heilskaplege og inkluderande utviklingsprosessar. Desse er basert på fleire år med røynsler i lokalsamfunns-, bygdeutviklings- og entreprenørarbeid, faglege utgreiingar og eit samrådsmøte med fleire aktørar i Hordaland i februar 2006 1. LivOGLyst skal vere ei langsiktig satsing 2. Målet er å halda fram med programmet slik at læringsprosessen vert vidareført og lokalsamfunn, bygder og bydelar får eit oversiktleg tilbod utover ulike prosjektperiodar. Programmet skal vere med å realisera det prioriterte innsatsområdet Livskraftige lokalsamfunn som er uttrykt i Regionalt utviklingsprogram. Handlingsplan for næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i Hordaland. Programmet legg opp til eit tett samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge Hordaland og Hordaland fylkeskommune. LivOGLyst eit skreddarsydd program tilpassa brukarar i utvikling LivOGLyst har sidan start i januar 2008 etablert eit vel fungerande system for opptak av prosjekt: gradert tildeling av utviklingsmidlar skreddarsydde kompetansetiltak i samarbeid med aktuelle prosjekt og tilhøyrande kommunar rådgjevingsteneste frå partnarskapen gjennom ei operativ LivOGLyst-arbeidsgruppe partnarskapen er representert på alle organisatoriske nivå i programrealiseringa LivOGLyst representerer eit omfattande nettverk som legg til rette for konkrete møteplassar gjennom ein årleg syklus for alle interesserte prosjektdeltakarar. LivOGLyst har utvikla profil og logo som er tilgjengeleg på internett gjennom portalen www.kom-an.no. Dei einskilde LivOGLyst-prosjekta får tilbod om gratis nettside og opplæring på portalen med føremål eigenprofilering og deltaking i nettverk. det er utvikla eit anvendeleg og omfattande kurstilbod i regi av LivOGLyst. Tilbodet vert ytterlegare utvikla og strukturert innanfor LUK-satsinga. Saman med Disktrikssenteret og partnarskapane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har ein utvikla og arrangert Vestlandsk Vidsyn som ein årleg konferanse om lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet. LivOGLyst skal følgje kalenderåret med effekt frå 2013. 2. LivOGLyst-programmet 2.1 Hovudprinsipp for satsinga Basert på erfaringane skal programmet ha følgjande hovudprinsipp: Felles plattform og metodikk som utgangspunkt Satsinga er basert på semje partnarane mellom om ein felles metodikk for korleis arbeida for og med skaping av attraktive lokalsamfunn. Kompetanseheving vert eit utgangspunkt for korleis få til sosiale mobiliseringsprosessar. Utvikling frå grasrotnivå, medverknad og ansvarleg gjering av lokale aktørar i prosjektutviklinga er viktige basiskonsept for korleis fremja eit reelt eigarskap til programmet blant dei medverkande. Samstundes skal programmet syta for god kontakt og inngrep med eksisterande strukturar som fyrstelinetenesta i kommunar, regionråd og den regionale partnarskapen. Programmet skal medverke til å gjera lokalsamfunns- og bygdeutviklingsfeltet oversiktleg, motverka fragmentering, vera 1 Rokkan-notat 14/2005 Perspektiv på bygdeutvikling, faglege utgreiingar og prosjekt som til dømes Trivselgrenda og Bærekraftig næringsutvikling i lokalsamfunnet i Hordaland, Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane. 2 Rokkan-notatet har peikt på prosjekttyranniet 2

inkluderande og rekrutterande og skapa høve for å få eit mangfald av utviklingsaktørar i dialog med kvarandre. Langsiktig og tilrekneleg satsing på ei kopling mellom entreprenørskap og sosiale mobiliseringsprosessar LivOGLyst skal stimulera til vidareutvikling og fornying av lokalt. Det skal takast likeverdig omsyn til entreprenørskap med føremål å styrkja lokalt næringsliv, tenesteyting og skapa nye arbeidsplassar, som til tiltak primært retta inn mot sosiale mobiliseringsprosessar og det å skapa meir trivsel, bulyst, identitetsskaping og sosial integrasjon. I utveljing av deltakande prosjekt er det sentralt at dei medverkande evnar å sjå samanheng mellom 1) korleis entreprenørskap og nye arbeidsplassar påverkar og heng saman med lokale mobiliseringsprosessar 2) korleis mobilisering, trivselstiltak, satsing på attraktivt bumiljø, identitetsskaping, sosial inkludering og god tenesteyting er blant føresetnadane for entreprenørskap og etableringa av nye arbeidsplassar. Dei som vert tatt opp i programmet, må meistra å identifisera dette samspelet. Dei skal planleggja, organisera og setja prosjekta ut i verda i samsvar med dette. Styringsgruppa kan ta initiativ ovanfor kommunar der ein ser programmet som egna til å løyse særskilte utfordringar Styringsgruppa kan vedta større løyvingar til prosjekt når den ser det formålstenleg Identitetsskaping og omdømebygging basert på breie, lokale prosessar Eit livskraftig Hordaland er tufta på at by så vel som bygd står fram som attraktive utviklingsarena for eit mangfald av innbyggjarar og vitjarar. Lokal eigenart er ikkje gjeve ein gong for alle, men er i kontinuerleg endring og må i aukande grad skapast og kommuniserast positivt i samspel med andre. For å gjera lokalsamfunna attraktive for kvinner og menn, unge og gamle, migrantar, etablerte og nytilflyttarar, må det mellom anna satsast på omdømebygging og identitetsskaping basert på breie, inkluderande identitetsskapande prosessar. Omdømebygging, identitetsskaping og korleis fortelja dei gode historiene er også sentralt i produksjonen og marknadsføringa av t.d. tilleggsproduksjon i landbruket, geoturisme, opplevingsbaserte tilbod og i skapinga og marknadsføring av stader som attraktive å bu og leva i. Grasrotengasjement og initiativ for utvikling i eige lokalsamfunn, i samspel med andre lokalsamfunn og prosjekt Nettverksdanning med føremål om erfaringsutveksling, samhandling og kompetanseheving i skjeringspunktet mellom utviklingsaktørar lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt/internasjonalt Satsinga på livskraftige lokalsamfunn føreset god kommunikasjon i vid forstand. LivOGLystprogrammet er tufta på nettverksskaping der målet er reell? utveksling av røynsler på ein slik måte at kompetanse vert generert og akkumulert i samarbeid med andre. Det skal vera rom for eit mangfald av perspektiv og idear på arrangement og konferansar i programmet sin regi. LivOGLyst-arrangement vert lagt til ulike stader i Hordaland, slik at alle som arrangerer kan få profilera seg. Gjennom LivOGLyst vil det regionale nivået verte meir synlege for prosjekta og arbeide for å stå fram med ei dør inn til det regionale virkemiddel- og kompetanseapparatet. Ungdom, kvinner og migrantar er viktige aktørar i arbeidet Kommunane og deira fyrstelineteneste må delta aktivt 3

Satse både i distrikt og bymiljø, større bygdemiljø og kommuneprosjekt skal prioriterast på lik line med mindre samfunn Kompetanselyft for prosjekta Dei involverte regionale utviklingsaktørane forvaltar kompetanse som kjem prosjekta til gode og deltar med kompetanselyft og anna hjelp i prosessen med prosjektutvikling på ulike område. På nettverksamlingane vert det lagt opp til workshop kring utvalte tema. I LivOGLyst-programmet inngår det ein kompetanseplan som er skreddarsydd for prosjekta og er basert på deira ønskje. Føremålet er hjelp til sjølvhjelp innanfor viktige område av prosjektutviklinga. 2.2 Effektmål Systematisk og vedvarande mobilisering av lokal utviklings- og attraksjonskraft gjennom den regionale partnarskapen for å: 1. Gjere fylket meir attraktivt ved å sikre gode lokalsamfunn 2. Auka trivsel, bulyst, sosial integrasjon, identitetsskaping og sosiale mobiliseringsprosessar som er forankra lokalt i Hordaland 3. Styrka lokalt næringsliv 4. Styrka framvekst av entreprenørskap og innovative prosessar 5. Styrka lokal og kommunal kompetanse innan prosjektutvikling og spesifikke handlingsområde og sikre at denne vert verande i lokalsamfunna 2.3 Resultatmål 1. Lokalt prosjektarbeid i løpet av ein treårsperiode. Kvart prosjekt i lokalsamfunna skal i ein brei prosess utvikle ein lokal handlingsplan 2. Kompetanseutvikling gjennom kursverksemd, seminar og konferansar som fremjar prosjektutvikling lokalt og regionalt 3. Utvikle samarbeid og nettverk mellom og med regionale, nasjonale og internasjonale utviklingsaktørar. Kopling til erfaringar og kunnskapsmiljø. 4. Auke talet på arbeidsplassar i lokalmiljø 6. Medieomtale 2.4 Kritiske risikofaktorar Felles evne og vilje til å få til ting blir avgjerande for å lukkast. Både kommunen og lokalsamfunnet må vere motivert for og budd på endringsprosessar. Breie prosessar lokalt i utvikling av handlingsplan, slik at det ikkje blir klubb-utvikling Opplæring i prosjektorganisering for dei lokale aktørane. Dekking av reiseutgifter og godtgjering av tapt arbeidsinntekt på samlingar utanfor lokalsamfunnet slik at dei lokale aktørane kan delta i nettverket. Raske synlege resultat. Ei aktiv fyrstelineteneste 4

3. Iverksetting av programmet 3.1 Tiltak Å gje økonomisk stønad og rettleiing og by aktivitetar, kompetansetiltak og nettverk til utvalte lokalsamfunnsprosjekt. Å by proaktivt regionalt samarbeid, mellom anna gjennom ei operativ arbeidsgruppe som er oppsøkjande tilbydarar i prosjektutviklingsprosessane. Å formidle tilbod om formell kompetanse i utviklingsarbeid i lokalsamfunn og stimulera til livslang læring gjennom ei rekkje nettverksaktivitetar med lang tidshorisont og med geografisk og tematisk spreiing. Dette er mellom anna basert på eit modulsystem av tilbod med forskjellig høve for oppfølging og kompetansehevingstiltak for medlemar i LivOGLystnettverket. Programmet legg til rette for workshops, foredrag og kurs som er skreddarsydd etter prosjekta sine ønskje og innspel. Å gje tilbod om nettverksdeltaking til alle lokalsamfunns- og bygdeutviklingsaktørar i Hordaland, mellom anna gjennom felles nettportalsatsing og felles konferansar. Samarbeid med universitet og høgskule og fyrstelinetenesta i kommunar og regionråd om fagleg påfyll og kompetanseutveksling. Programmet skal innehalde inspirasjon, påfyll og opplæring for lokale eldsjeler, kommunepolitikarar, administrasjon frivillige organisasjonar og næringsliv, offentlege aktørar og forskingsmiljø. 3.2 Utlysing- og utveljingsprosess Det er felles utlysing av prosjektdeltaking til lokal utvikling på hausten kvart år Kvart år vert det opptak av nye prosjekt som får finansiell stønad og oppfølging Styret vedtar tal på prosjekt og kva for status dei har på basis av eksisterande budsjettråmer I samband med søknadsrunde vert det gjennomført ein prekvalifiseringsprosess der det vert sendt inn prosjektskisser. Arbeidsgruppa gjennomfører ei fyrste grovsiling av aktuelle kandidatar. Val av prosjekt som får økonomisk stønad, vert utført på basis av ei fyrste evaluering og ei vidareutvikling av eit utval av desse søknadane, med ny frist for innlevering. Etter avslutta stønadsperiode kan prosjekta og kommunerepresentantar fortsett vere med i fylkesnettverket som assosierte medlem. 3.3 Kategoriar av LivOGLyst-prosjekt Alle søkjarar og etablerte prosjekt får tilbod om å delta i LivOGLyst, men på ulikt grunnlag og med ulike rettar. LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) minimum treårig tilknyting høgaste prioritet på oppfølging og kompetansetilbod vert tildelt verkemiddel ut i frå vedtak i styringsgruppa over minimum ein treårig periode LivOGLyst-utviklingsprosjekt (eittårig) vert tildelt verkemiddel ut i frå vedtak i styringsgruppa over maksimum eitt år får høve til oppfølging, kompetansetiltak og hjelp til gjennomføring av utviklingsprosessane lokalt i noko meir avgrensa omfang enn hovudprosjekt Assosierte LivOGLyst-prosjekt, med høve for nettverks- og arrangementsdeltaking får ikkje prosjektstønad, men kan til dømes søkja styringsgruppa om refusjon av einskilde utgiftar i samband med eigen møteverksemd og utvikling av nettverksaktivitetar prosjekt kan koma med ønskje om oppfølging og kompetansetiltak med tanke på prosjektutvikling 5

prosjekt kan koma med innspel på etablering av særskilte modular eller innspel til ønskja tema for workshop og konferansar dersom fleire assosierte prosjekt går saman om å organisera seminar eller liknande og desse kjem nettverket til gode kan dei søkja om stønad til dette kan verte tildelt stimuleringsmidlar, avhengig av søknad og budsjett LivOGLyst-nettverkmedlemar, interessentar og potensielle søkjarar kan delta i ulike nettverksaktivitetar. Programmet vil femna om mange ulike aktivitetar og er såleis eigna for medverknad ut frå ulike føresetnadar og interesseområde hjå partane einskildaktørar kan be arbeidsgruppa om oppfølging ved ulike sider ved eigen prosjektutvikling 3.4 Prosjektomfang og prinsipp for korleis nytta verkemiddel LUK-styret tek avgjerd om omfanget av prosjekt og dei verkemiddel som vert delt til LivOGLyst-hovudprosjekt og LivOGLyst-utviklingsprosjekt innanfor dei budsjettråmer vedteke av prosjekteigarane. Maks 50 % av midlane til prosjekta kan gå til honorar og/eller kompensasjon for tapt arbeidsinntekt. Dei resterande midlane skal gå til stimuleringstiltak, småinvesteringar, nettverksaktivitetar, kompetansetiltak og mobiliseringstiltak. Dei aktuelle kommunane må medverke med minst kr 30.000 årleg til hovudprosjekta. Kommunane m/fyrstelinetenesta skal også delta aktivt i høve til lokalsamfunnssatsinga utover pengeløyvinga. Det er mogeleg å søkje midlar utanom programmet til å delfinansiere større prosjekt/tiltak som kjem opp i den lokale prosessen. Med utgangspunkt i ein kort handlingsplan får kvart hovudprosjekt dei to neste åra nye tildelingar i tillegg til bidrag frå kommunen. 3.5 Kompetansetiltak som satsingsområde I samband med planlegging og gjennomføring av prosjekt av ulik storleik er det trong for kvalifiserte innspel frå profesjonelle fagfolk for å bringa prosjekta vidare i utviklinga og for å lyfta tingingskompetansen til prosjektdeltakarane. Erfaringane hittil er at prosjektdeltakarar ønskjer fagleg påfyll på ulike satsingsområde for betre å ta i vare sosiale mobiliseringsprosessar og utvikling av entreprenørskap. Programmet satsar på å etablera ulike kompetansetiltak når ønskje om dette kjem klårt til uttrykk frå prosjekta si side og under føresetnad om at det finst økonomisk handlingsrom. Det vert differensiert mellom: Felles kompetanseplan for prosjekta Det er utvikla felles kompetansetiltak på felt som vedkjem fleirtalet av prosjekt. Desse er særskilt retta mot hovud- og utviklingsprosjekta, men andre kan også søkja om å delta. Tiltak vert arrangert som nettverkssamlingar, kurs og/eller workshops. Særskilte felles satsingsområde for 2013, er følgjande: må vurderast Prosjektleiing og mobiliseringsprosessar Omdøme- og identitetsbygging som brei prosess Kurs i rolla som vert for eige lokalsamfunn Nettdesign og sjølvpresentasjon på nett/lage eigen heimeside. Arbeidsgruppa jobbar med ei betre strukturering av dette tilbodet samt ei utviding av tilbodet. Kompetansetiltak for einskilde prosjekt Einskilde prosjekt søkjar om å få dekkja eit særskilt kompetansetiltak for eige behov, og som ikkje er del av ein felles årleg kompetanseplan. 6

Arbeidsgruppa tek i mot innspel på ønskje om tiltak og styringsgruppa set dei økonomiske råmene for dette tilbodet. LivOGLyst hovudprosjekt har fyrsteprioritet i å nytta desse tilboda. Prosjekta må søkja om og grunngje kvifor dei ønskjer tilbodet. Dei vert eventuelt løyvd eit slik tilbod dersom tiltaka det vert søkt om, er svært sentrale for vidare framdrift i prosjektutviklinga deira. Ekspertane som eventuelt vert leigde inn til å hjelpa prosjekta skal primært operera som coach og mentor. Dei kan vera offentleg tilsette eller sjølvstendig næringsdrivande. Dei skal ikkje fremja eigne forretningsinteresser i samband med tiltaket. 3.6 Felles nettportal kom-an.no kom-an.no er ein brukarvenleg nettportal for entreprenørskap og lokalsamfunnsutvikling og er blant dei kommunikasjonsfremjande tiltaka som har positive ringverknadar for LivOGLyst-prosjekt. Prosjekta får høve til å eksperimentera med og utvikla eigne nettsider med rettleiing frå nettdesignar. 3.7 Samarbeid med høgskule og universitet LivOGLyst er i dialog med det tverrfaglige UIB-programmet Region og regionalisering om eit fagleg samarbeid. Gjennom LUK-programmet har LivOGLyst eit samarbeid med Høgskulen for Landbruk og Bygdenæringar om eit poenggjevande kurs i samfunnsentreprenørskap. 4. Prosjektorganisasjon og roller I samband med LUK-satsinga er styrene for kom-an.no, Kommuneprosjektet og LivOGLyst slått saman til eit styre. 4.1 Eigarar Programmet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge Hordaland. Hordaland fylkeskommune er vertsorganisasjon for gjennomføringa av programmet og arbeidsgjevar for prosjektleiar. Det er ein føresetnad at gjennomføringa skal skje i tett samarbeid mellom dei fire partnarane. Til eigarmøte stiller regionaldirektør Bård Sandal, landbruksdirektør Ole Bakkebø og direktør Nina Broch Mathisen for Innovasjon Norge Hordaland. 4.2 Prosjektansvarleg (PA) Prosjektansvarleg er regionaldirektør Bård Sandal, Hordaland fylkeskommune. Prosjektansvarleg kallar inn til eigarmøte. Møta skal fungera som avgjerdspunkt. PA skal: Ha det samla økonomiske ansvaret. Sjå til at programmet vert utvikla i samsvar med målsettinga. Ha det overordna kvalitetssikringsansvaret. Syta for klåre rammer og arbeidstilhøve for prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar. Tilrå engasjement av eventuelle nye medarbeidarar. Ta avgjerd om eventuelle nye samarbeidspartnarar som skal vera med. Vera hovudansvarleg for innhald og utforming. Stå ansvarleg for ekstern informasjon om prosjektet. 7

4.3 Prosjektleiar (PL) Prosjektleiar er knytt til Hordaland fylkeskommune si næringsavdeling. Prosjektleiar har det utøvande ansvaret for prosjektet og skal: Innanfor ramma av prosjektet planleggje, leia og sjå til gjennomføringa av prosjektet. Utarbeide framdriftsplan og milepælar for prosjektet. Styre aktivitetane i prosjektet, inkludert konferansar, seminar og kurs i tett samarbeid med Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Syta for at PA har kvalitetssikra underlag ved eigarmøte og styremøte. Fremja forslag til PA om eventuelt engasjement av medarbeidarar. Syta for dialog med samarbeidspartar og medverke til å skapa gode samarbeidsrelasjonar i prosjektet. Utarbeida status-, fagrapportar og økonomisk rapportering. Prosjektleiar skal i samarbeid med arbeidsgruppa jobbe oppsøkjande og pro-aktivt på lag med dei utvalte prosjekta. Prosjektleiar medverkar i prosessane med nettverksbygging, tilrettelegging av kunnskaps- og innovasjonsfokus gjennom den årlege tiltaksplanen som har fokus på kompetanselyft, samarbeid med høgskule om traineeutplasseringar og liknande. Prosjektleiar rapporterer til PA. Prosjektleiar koordinerer Arbeidsgruppa, som er eit proaktivt og oppsøkjande prosjektteam. 4.4 Styret Styret i LUK er breitt samansett av aktørar frå den regionale partnarskapen, KS, kommunane, regionråd, samt høgskule/universitet og innvandrarorganisasjon. Styreleiar er næringssjef i Hordaland fylkeskommune Mette Nora Sætre. Ho har som hovudoppgåve: Å leia styremøte Utarbeide valprosedyre ved årleg uttak av nye prosjekt Vera samtalepart for prosjektleiar og representera PA på styremøte. Styret er på ei side eit fagleg råd med stor grad av fagleg innverknad på prosjektet, og på andre sida eit forvaltningsorgan med mynde til å ta avgjersler. Styringsgruppa har hovudansvar for utveljing av nye prosjekt og organisering av LivOGLyst. Styret skal vedta slike i samråd med det mandat og det ansvar som eigarmøte løyver. Styringsgruppa skal: Ha som ansvar å godkjenne budsjett og rekneskap. Styret vedtar budsjettfordeling mellom ulike postar Foreta årleg utveljing av nye hovudprosjekt og utviklingsprosjekt Godkjenne /vedta mindre justeringar i prosjektplanen for LivOGLyst Godkjenner/vedtek årleg aktivitetsplan Større/vesentlege endringar i budsjettråmene og/eller i prosjektplanen for LivOGLyst vert førelagt eigargruppa for godkjenning Styret freistar å kanalisera hovudprosjekt inn i andre eksisterande stønads- og verkemiddelordningar når prosjektrealiseringa tilseier det. Styret kan melde inn og gje oppmoding om tildeling av midlar frå Regionalt Utviklingsprogram for prosjekt som i særskilt grad lukkast. Skal medverke med kompetanse og sikre framdrift i prosjektet og sikre heilskapen rundt satsinga. Skal vere pådrivar for å jobbe meir effektivt i det breie nettverket. Skal medverka fagleg og gje råd i saker som PA og prosjektleiar legg fram. 8

Skal følgja opp dei sakene som handsamast i Styringsgruppa. Skal medverka til inkluderande samarbeid og nettverk mellom partnarane og andre medarbeidarar. Skal støtte prosjekteigarane, prosjektleiar og andre medarbeidarar i prosjektet. 4.5 Arbeidsgruppa Det er etablert ei proaktiv arbeidsgruppe som driv oppsøkjande arbeid og hjelper prosessane i lokalsamfunna. Arbeidsgruppa består av tilsette ved dei tre regionale utviklingsaktørane HFK, FMLA og IN. Gruppa sine medlem er Kari Patricia Kleppe, Ingerid Solberg, Eli Janette Fosso og May Britt Otterlei. Arbeidsgruppa er ansvarleg for å gjennomføra prosessen med prekvalifisering. Arbeidsgruppa gjennomfører halvtårsvitjingar i prosjekta. Arbeidsgruppa får delegert mynde til å operasjonalisera eksperthjelp-ordninga og andre teneste- og kompetanseretta ordningar innanfor dei råmene som styret sett. Arbeidsgruppa gjennomfører halvtårsvitjingar og deltar i andre prosjektsamanhengar og arrangement. 9