Biskop Erling J. Pettersen Visitasforedrag ved visitas i Klepp 19. 24. februar 2013



Like dokumenter
kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Velkomen til soknerådskurs

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Vår grøne. kyrkjelyd

5. Soknerådsmøte mai Referat

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brødsbrytelsen - Nattverden

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

Plan for overgangar. for barn og unge

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Misjon Dere skal være mine vitner i Jerusalem og hele Judea, i Samaria og like til jordens ender. Apg 1,8

Strategidokument

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategidokument Varhaug Misjonshus

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsplan for Hare November

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Samansette tekster og Sjanger og stil

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Valdres vidaregåande skule

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

k o n f i r mant 2013

Organisering av kyrkja.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

«Ny Giv» med gjetarhund

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

KRAFTFÔR - TRUSOPPLÆRINGSPLAN FOR BORE KYRKJELYD 15. juni 2015 INNHALD

Kvalitetsplan mot mobbing

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I SVEIO 30. NOVEMBER 5. DESEMBER 2010

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Politisk program for Jølster KrF

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Den nye seksjon for applikasjonar

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Plan for Liabygda SFO

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Psykologisk førstehjelp i skulen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Pedagogisk plattform

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Transkript:

Biskop Erling J. Pettersen Visitasforedrag ved visitas i Klepp 19. 24. februar 2013 Innleiing «Du sveiper lyset om deg som ei kappe, du spenner himmelen ut som ein teltduk.» Slik lydde teksten frå Salme 104 på Tusenårsplassen på Kleppevarden tysdag morgon. Vi starta visitasen med å be for bygda, for heim og familie, skular og barnehagar, kyrkje og bedehus, idrettslag og frivillige. Kyrkjelyden sine eigne ba for einsame, for dei som strevar, og for ordføraren og alle med politisk ansvar i bygda. For meg blei denne starten, med 360 graders utsyn, eit flott preludium til ei veke full av gode opplevingar, viktige samtalar om samarbeid og strategiske vegval, og inspirasjon som eg trur gjekk begge vegar, om eg skal unne meg litt bergensk beskjedenheit. Eit særtrekk denne visitasveka har vore det positive engasjementet frå kommuneleiinga, med rådmann og ordførar i spissen. Ein spesiell takk til ordføraren for mange gode bidrag undervegs. Samarbeidet mellom kommune og kyrkje kan stå som ein modell for andre! Å stå samen med ordføraren på Tusenårsplassen og sjå for seg den nye kyrkja som eit signalbygg og kulturbygg om ikkje altfor mange år, og vite at dette får vi til i eit felles lyft, var den beste starten vi kunne få. Eg vil også takke kyrkjelydsråd, fellesråd og alle tilsette i kyrkja for ein innsats det står stor respekt av. De har ein visjon som eg har møtt i praksis i løpet av desse dagane: «Kristus for alle, fellesskap og teneste for alle.» Han speglar ein åpen, inkluderande kyrkjelyd med rom for alle, og med plass for både tru og tvil, klage og lovsong. På møtet med fellesrådet stilte leiaren Elin Anita Garpestad spørsmålet: Korleis tenkjer folk i Klepp fellesråd om kyrkja si? Svaret ho ga, har eg lyst til å trekkje fram i dag. Eg trur det vekkjer gjenkjenning, og eg gjer hennar ord til mine etter møtet med kyrkjelyden : 1

«Eg har ein bestemt følelse av at kyrkja vår har ein kjær og viktig plass i veldig mange sitt liv. Det har vel aldri vore enklare for folk som ikkje ønskjer å vera medlem, å melda seg ut. Men det er veldig få som tek det steget. Sjølv om dei aller, aller fleste ikkje reknar seg som aktive kyrkjegåarar, ønskjer dei å høyra til i vår folkekyrkje. Dette skal me ta på alvor og yta like god service til alle. Og me har også grunn til å feira store konfirmantkull i alle sokn. Det fortel oss at med har eit kvalitetsprodukt å tilby. For ein lurer ikkje ungdomen. Så er det jo også slik at me i dei fleste sokna har aukande deltaking på gudstenestene og dette gler me oss storleg over. Og det som gjer oss aller mest grunn til feiring, er å sjå det store engasjementet og entusiasmen som rår i kyrkjelydane. Og for å vera heilt ærleg, er det dette som gir meg størst grunn til å vera stolt over å kunne fronta kyrkja vår. Når me opplever alt det frivillige arbeidet, all den glede, det samarbeid, all den dedikasjon, all den kjærleiken til Jesus, til kvarandre og til folk i bygda, då veit me at dette er inspirert av Kristus og då er me på vinnarlaget. Den største ressursen kyrkja i Klepp har, er utan tvil alle dei flotte frivillige menneska som i lag med ein like flott stab utfører si teneste for Herren, gir av sin tid, sine evner og ressursar.» Barne- og ungdomsarbeid Eit av dei områda der det blir lagt ned eit stort frivillig arbeid og der stab og frivillige utfyller kvarandre på ein forbilledleg måte, er arbeidet blant barn og unge. Eit av fleire høgdepunkt denne veka var møtet med drøyt hundre konfirmantar i Klepp kyrkje på tysdag kveld. Det gjorde sterkt inntrykk å møte unge konfirmantleiarar som i tett samarbeid og under god vegleiing av kateketen tok aktivt del i konfirmantopplegget. Mens nokre bidrog med song og musikk, formidla andre sterke inntrykk frå arbeidet kyrkjelyden støttar i Ukraina. De har grunn til å vere stolte over det engasjementet ungdom i Klepp viser, ikkje bare for barn i Ukraina, men også for nærmiljøet sitt, for eksempel slik konfirmantane gjorde på tysdag då dei gjekk frå dør til dør og delte ut bollar og bibelvers. Det eg vil trekkje fram både som ein styrke og samtidig ei utfordring i konfirmantarbeidet, er leiartrening. Måten de har organisert konfirmantarbeidet her i Klepp, er ein modell vi ofte trekk fram i ulike samanhangar i bispedømmet vårt. 2

Eg tenker då på Klekk konfirmantleiarkurs på Klepp eit spesiallaga opplegg der fjoråret sine konfirmantar blir utfordra og utrusta til å vere leiarar. Med ein oppslutnad på ca. 30% av fjorårskonfirmantar, er de her heilt i front. Her gjer de eit solid arbeid! Samtidig byr det å ha ei så breid kontaktflate på utfordringar, både når det gjeld oppfølgjing av den enkelte og når det gjeld å sikre både bredde og djupne i innhald. Trusopplæring Eit viktig skritt for å sikre nettopp den nødvendige bredde og djupne, er trusopplæringsreforma, som er kyrkja sitt viktigaste strategiske grep for å formidle kristen tru og kunnskap til nye generasjonar. Dei siste åra har prostia etter tur blitt tatt inn i reforma, og frå og med i år er også Jæren prosti inne og vil bli tildelt trusopplæringsmidler. At Klepp sokn nå blir teken inn i trusopplæringsreforma, betyr ikkje at det først er nå trusopplæringa startar, men det vil gje dykk auka muligheiter til å byggje ut arbeidet frå 0 18 år. De er allereide godt i gang, noko eg blant anna fekk oppleve då eg på torsdag besøkte dåpsskulen på Tu skule. De har allereide gjort erfaringar med babysang, lys vaken og tårnagenthelg, som gjer at de har eit godt utgangspunkt for det planarbeidet de nå går inn i. Skule-kyrkje Ei viktig side ved kyrkjelyden sin plass i lokalmiljøet, er samarbeidet med barnehagar og skolar. For å styrkje dette samarbeidet inviterer vi ved dei fleste visitasar til ein samtale om kyrkje-skule samarbeid. Tema for møtet mellom skule og kyrkje her i Klepp var «Skulen og kyrkja si rolle i dialog med det fleirkulturelle samfunnet.» Kommunalsjef for skule og barnehage, Trond Roy Pedersen, hadde lagt opp til ein breid presentasjon av det målbevisste arbeidet dei har i ein kommune med over 30 nasjonalitetar representert i skulen. Den største forskjellen på samarbeidet mellom kyrkje og skule før og nå er at samarbeidet nå ikkje skal kallast trusopplæring. Tidligare kunne ein seie at kyrkja nådde heile bredden av dei 3

døypte gjennom samarbeidet med skulen, samtidig som skulen ivaretok store deler av dåpsopplæringa gjennom kristendomsundervisinga. I dag er premissane for dette endra. I skulen skal elevane lære om religion og livssyn, dei skal ikkje lærast opp til tru. Kyrkjeskulesamarbeidet har i dag nye muligheiter for å vidareutvikle samarbeidet, og finne nye former og innhald. Eg erfarte i møte med rektorar og lærarar at vi står saman når det gjeld verdien av at barn og unge får kjennskap til og tryggleik i forhold til den kristne kulturarven. Han er ein berebjelke for å kunne navigere i det nye samfunnet, trygg i eigen identitet og åpen i den dialogen vi treng for å motverke rasisme og framandfrykt. Dialog er nødvendig for å forstå den andre ut frå deira tru og overbevising. Her står kyrkja saman med skulen i møte med det aukande mangfaldet som pregar lokalsamfunnet. Det er viktig at alle barn og unge får utvikle ein eigen trygg identitet. Skulen er den einaste institusjonen som kan gje alle kunnskap om religionar og livssyn og dermed fremmje forståing, innleving og gjensidig respekt. Eg ynskjer på vegne av kyrkja å støtte skulen i dette viktige arbeidet. Barnehagane og skolane er staden der alle barn og unge møtes. Det er derfor viktig at den oppveksande slekta her får hjelp til å byggje den nødvendige indre ballasta som skal til for å leve i eit samfunn som stadig er i endring. Både i møtet med skulen og med ordførar og rådmann blei det gitt uttrykk for eit ynskje om å arbeide saman med kyrkja for å møte dei felles utfordringane som det nye livssynsåpne samfunnet representerer. Frå kyrkja si side vil det nyoppretta dialogsenteret i Stavanger vere ein naturlig ressurs inn i kommunen og kyrkja sine felles satsingar for å leggje til rette for ein større aksept av mangfald, og samtidig etablere ein trygg basis for at vi kan fungere og høyre saman som storsamfunn, midt i mangfaldet. Diakoni Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Ho er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Diakonien er den delen av kyrkjelydsarbeidet som kanskje aller tydelegast handlar om truverdet til kyrkjelyden. 4

Eg har denne veka fått bekrefa at Klepp kyrkjelyd gjennom besøksteneste og smågrupper lever ut evangeliet i handling. Eit konkret uttrykk for ynskjet om å vere eit inkluderande fellesskap, er kyrkjelyden sitt tilbud for psykisk utviklingshemma. Eg vil rosa Klepp kyrkjelyd for eit godt arbeid med diakoniplanen. I møtet med Næringslivsforeningen utfordra eg det lokale næringslivet til å engasjere seg i klimasaka som eit moralsk anliggjande. Vi må ta betre vare på kloden vår for å sikre framtidige generasjoner si velferd. Trua sitt svar er å mobilisere til vern om skaparverket og berekraftig forvalting. Dette er også eit viktig diakonalt ansvar: Vern om skaparverket og kamp for rettferd. Her kan det bli spennande allianser på tvers av generasjonar og på tvers av yrkesbakgrunnar. Eg vil utfordre kyrkjelyden til å ta dette inn i sin diakonale satsing, i samarbeid med aktuelle lokale krefter. Klepp kommune har en brosjyre med tittelen «Kor kan du gå viss ingenting stemme», med undertittelen «Ein vegvisar for deg som har ein alvoreg sjukdom og for familien din.» Brosjyren viser at kyrkja er ein integrert del av tenestetilbodet i Klepp. Dette gjeld kommunen sin krisebereidskap og det krevande arbeidet med det vi kallar palliasjon, eller med eit meir kvardagsleg språk: omsorg for menneske som nærmar seg slutten av livet. Det er flott å sjå at kyrkja her er med som ein naturleg og viktig bidragsytar. Prestar og diakonar har vore med og delt av erfaringane sine når det gjeld andeleg omsorg og eksistensielle behov. I kommunen er det oppretta ei ressursgruppe tilknytta lindrande einhet, og her representerer diakonen kyrkja på ein god måte. Dette er bare eit av fleire område der kyrkja sin diakoni på ein naturleg måte er eit fagleg og viktig bidrag til den totale omsorgstenesta i samfunnet. Dette er på ny blitt aktualisert gjennom Samhandlingsreforma, som blei innført over heile landet i 2012. Samarbeidet mellom kyrkja sine tenester og den kommunale innsatsen var tema på torsdag, på eit interessant møte med sentrale personar i kommunen si helseteneste. Her ligg det til rette for eit konstruktivt samarbeid der vi finn gode møtepunkt mellom helsesektoren og kyrkja i lokalsamfunnet, slik at vi saman kan byggje eit godt samfunn for alle som treng hjelp og omsorg. Kyrkja har mykje å bidra med på fleire område som blir berørt av samhandlingsreforma: 5

Menneske sin rett til eit andelig liv. Vi kan bidra med hjelp i møte med eksistensielle og andelige behov Omsorg ved slutten av livet (palliasjon) Barn og unge sine oppvekstmiljø, førebyggjande arbeid Sorggrupper Kyrka si rolle i kriser og ved ulykker, bereidskapsarbeidet i kommunen I denne samanhangen er det viktig med god dialog med kommunen og å utarbeide gode rutiner for samarbeidet, slik at samhandling blir meir enn ord. Frå vår side vil vi gjerne vere med på å støtte ei utvikling av samarbeidet helse-kyrkje med Samhandlingsreforma som felles plattform. Klepp Stasjon Eg har denne veka også hatt gleda av å bli betre kjent med Klepp Stasjon kyrkjelyd. Gjennom samtalar både med representantar frå styringsgruppe og stab har eg møtt ein kyrkjelyd med eit stort engasjement for lokalmiljøet sitt. Ein visitas er ein god anledning til også å sjå framover. Eg vil her konkret utfordre styringsgruppe og sokneråd til saman å jobbe med ein felles strategiplan for heile soknet når det gjeld kva det inneber å vere folkekyrkje, særleg i ein situasjon med stor folkevekst. Eit konkret skritt i denne samanhengen kan vere at presten på Klepp Stasjon har gravferder og vigsler for personar frå Klepp Stasjon. Eg ser eit stort potensiale for eit tettare samarbeid mellom dei to kyrkjelydane i soknet. Ikkje minst vil dette skje gjennom innføringa av trusopplæringsreforma og dei muligheitene dette gjer. I eit langsiktig strategisk perspektiv vil det også vere naturlig å tenkje gjennom ein mulig samlokalisering av gudstenestlege aktivitetar for Klepp og Klepp Stasjon i eit nytt kyrkjebygg. 6

Her kan ein hente nyttige erfaringar frå liknande prosessar i prostiet vårt, for eksempel frå prosessen der Bærland kyrkjelyd og moderkyrkjelyden Ålgård saman har arbeida seg fram til ei ordning med to gudstenestefellesskap i den nye Ålgård kyrkje. Eg ser også potensiale for eit tettare samarbeid ved at det vert halde regelmessige møter mellom Klepp sokneråd og styringsgruppa på Klepp Stasjon, både for å drøfte aktuelle utfordringar og kyrkjelydsutvikling i soknet. Eg vil også anbefale at intensjonen om ein gjensidig representasjon i sokneråd og styringsgruppe blir gjennomført. Ny kyrkje «Ny kyrkje på timeplanen» var avisoverskrifta då visitasen starta. Og samtalane om nytt kyrkjebygg har vore førte med leiinga i kommunen, med kyrkjelydsråd og fellesråd, og ikkje minst med den ressurssterke stiftinga «Klepp nye kyrkje». Eg har tidlegare vore i samtale med ordføraren om kyrkjeplanane, og har støtta kommunen i deira forslag. I eit brev til Klepp kommune like før jul, skreiv eg: Vi legg i denne saka stor vekt på at kyrkjelyden har behov for ny kyrkje, og ser det som positivt at den eksisterande kyrkjestaden vert vidareutvikla. Det er viktig at ein får eit større kyrkjebygg, både av omsyn til bruk av den nye gravplassen og for kyrkjelyden i eit område med stor folkevekst. Eit nytt kyrkjebygg ved sida av Klepp kyrkje vil bidra til bevaring gjennom bruken av kyrkja. Planane legg godt til rette for ei fordeling av bruk mellom kyrkjebygga. Det nye kyrkjebygget vil dessutan gi nødvendige tilleggsfunksjonar til den gamle kyrkja, og sikre ei betre universell utforming av området. Føresetnaden for bygging av ny kyrkje tett opptil Klepp kyrkje må sjølvsagt vere at ein finn fram til ei god arkitektonisk løysing som er tilpassa omgjevnadane. Nå står eit møte mellom kommune og riksantikvar for tur, og eg er trygg på at ein vil kome fram til gode løysingar som gjer at folk i kommunen kan begynne å glede seg til den store festdagen når ny kyrkje skal vigslast. 7

Til slutt Det er ikkje lenge sidan lokalsamfunnet på Klepp var prega av ei tragisk trafikkulykke som fekk stor merksemd også i nasjonale medier. Eg tenkte då på det Ole Paus seier: Kirken er et sted hvor vi kan komme med våre største gleder og svarteste sorger. Dette sitter i rommet som et ekko og er den usynlige utsmykningen av kirkerommet. I Klepp har eg møtt ein kyrkjelyd som møter folket i dei største gleder og i dei svarteste sorger. Ein kyrkjelyd som åpnar dørene til trua sitt store rom gjennom dåpssamtalar, sørgjesamtalar og gjennom dei heilage handlingane dåp og nattverd. Eg har møtt tilsette og frivillige medarbeidarar med eit misjonalt engasjement og med misjonal identitet. Eg har også møtt ein kyrkjelyd som er åpen for alle generasjonar, der alle generasjonar trives, altså i ordet sin rette forstand ein fleirgenerasjonskyrkjelyd. Biskopen og administrasjonen i bispedømmet ynskjer å støtte dykk i å vere ein slik kyrkjelyd. Vi vil vere medvandrarar gjennom dialog, deling og nærvær slik at evangeliet om Jesus Kristus kan skape tru, livsmot og glede. Det nye strategidokumentet for Stavanger bispedømme speglar den visjonen som ligg lokalt og den tankegangen vi har delt gjennom visitasen, nemleg denne: Vi er sendt av den treeinige Gud for å dele evangeliet om Jesus Kristus i ord og handling Her ligg det som ber bispetenesta mi. I dette arbeidet tenkjer eg det er ein rikdom at vi er forskjellige. Det er ikkje det å vere einige om mange ting som blir kravd av oss. Det er eininga i Kristus som ber oss. Vi høyrer Kristus til, vi er døypte inn i same kropp. Skal vi lukkast i å skape åpne og inkluderande kyrkjelydar med nedslepne terskler inn til trua sine store rom, må vi bekrefte kvarandre med ei audmjuk og åpen haldning, også der vi er ueinige. Det er dialogen sin veg. Guds gode signing over arbeidet! 8

På bakgrunn av dette vil eg særleg peike på fylgjande utfordringar: o Byggje kyrkje byggje kyrkjelyd : Ein hovudutfordring i åra som kjem er å byggje ny kyrkje. I dette arbeidet er det viktig å halde fast ved at den største utfordringa er å byggje kyrkjelyd. Biskop og bispedømmeråd ynskjer å vere medspelarar både når det gjeld kyrkjebygg og kyrkjelydsutvikling. o Trusopplæringsreforma: Den andre utfordringa gjeld trusopplæringa. Ei viktig oppgåve vil vere å lage dykkar eigen trusopplæringsplan i løpet av dei neste tre åra. I denne planen skal kyrkjelyden sitt særpreg koplast saman med dei nasjonale måla for trusopplæringa. Kanskje kan denne kyrkjelyden vere staden der trua kan syngast inn i den unge generasjonen. Lokal plan for kyrkjemusikalsk arbeid i Klepp sokn er allereide ein god start. o Felles strategi for Klepp og Klepp Stasjon: Ein viktig utfordring i tida som kjem, er å jobbe med ein felles overorda strategi for heile soknet. Klepp kyrkjelydsråd må, som strategisk organ, tenkje heilskapleg om arbeidet både på Klepp og på Klepp Stasjon. o Møtet med det fleirkulturelle samfunnet: Kyrkjelyd og kommune står framføre store, felles utfordringar når det gjeld å møte eit stadig meir fleirkulturelt samfunn. Her vil eg oppfordre både kommune og kyrkjelyd til å nytte seg av den ressurs Stavanger Kyrkjelege Dialogsenter representerer. o Personalmessige ressursar I forhold til kommunen er det viktig å følgje opp arbeidet med å sikre kyrkjelyden sine personalmessige ressurser, særlig med tanke på daglig leiar - stillinga. Eg anbefaler soknerådet å foreta ein gjennomgang av stillingane når trusopplæringsreforma skal gjennomførast. Særleg vil eg anbefala at ein 9

overfor kommunen arbeider for ei stillingsauke knytt til diakonien, opp mot Samhandlingsreforma. Det er også behov for å betre kontorforholda. o Frivillige har store oppgåver. Ein bør difor drøfte behovet for god oppfølgjing av frivillige. Dette kan eventuelt skje i samband med ei utviding av stillinga som dagleg leiar. 10