Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt!



Like dokumenter
Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

mmm...med SMAK på timeplanen

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Velkomen til Mork barnehage

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kva er økologisk matproduksjon?

Kvalitetsplan mot mobbing

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kom skal vi klippe sauen

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Sandeid skule SFO Årsplan

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Brødsbrytelsen - Nattverden

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Valdres vidaregåande skule

Vegvisar til vilbli.no

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

Lærarrettleiing 1. Kornartane

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Lønnsundersøkinga for 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Klepp kommune Tu skule

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Transkript:

Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! Romsdal Mållag 2001

2 Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! 1. Kva grunnlag bør me velje skriftmål på? Korfor er språkspørsmålet så viktig for oss? Dialekten me har lært oss som små, er ikkje berre det språket me uttrykkjer oss mest naturleg på; dialekten vår stikk òg djupare i oss enn dei språka og språkformene me lærer seinare i livet, for all anna innlæring, oppleving og sosialisering skjer gjennom førstespråket. Dialekten, det eigentlege morsmålet vårt, blir dermed nært knytt til omgrep, tankar og kjensler heile livet. Han vil alltid røre ved oss på ein eller annen måte. Skriftmålet bør difor byggje på dialekten. Sosialpsykologar har studert korleis individa opplever språket som bindeledd mellom seg og miljøet rundt seg. Kan me bruke språket vårt fritt, opplever me at me sjølv og miljøet som me identifiserer oss med, blir godtekne. Vurderinga av eige språk er nemleg nært knytt til sjølvkjensla me har. Språket er eit uttrykk for kvar me ønskjer å høyre til. Det er først og fremst romsdalsdialekten som gjer at me kjenner oss som romsdalingar. I nynorsken kan me kjenne att dialekten, mens bokmålet markerer avstand til heimemålet vårt. Ettersom nynorsken markerer seg som eit dialektnært skriftspråk, skaper han større generell toleranse for dialektar og gjer at me kan kjenne oss tryggare som dialektbrukarar. Denne sosialpsykologiske samanhengen fell godt saman med den pedagogiske idéen om at læringa skjer best når elevane får utvikla tiltru til seg sjølv. Eit leiande pedagogisk prinsipp er at undervisninga skal ta utgangspunkt i det som er kjent og heimleg, i staden for å gjere elevane fremmende overfor lærestoffet. Ved å oppleve at skriftmålet byggjer på talemålet, styrkjer ein tiltrua til det heimlege. I skriveopplæringa i dag legg ein vekt på at elevane på dei første årsstega skal få skrive mest muleg slik dei snakkar nettopp for at dei skal få utvikle skriftmålet med utgangspunkt i den uttrykksevna dei alt har i talemålet sitt. Først lenger opp i klassestega skal ein krevje meir korrekt ortografi. Det forenklar læreprosessen at ein kan overføre den grammatikken ein alt brukar og meistrar i dialekten, til det nye uttrykksmiddelet ein skal lære seg: skriftspråket. Denne utviklinga av eit personleg, levande og uttrykksfullt skriftspråk blir mykje enklare viss ein har den dialektnære nynorsken som opplæringsmål i grunnskulen. Når elevane går ut av skulen, har dei stor nytte av å meistre nynorsk godt. Å kunne både bokmål og nynorsk gjev fordelar i mange slags arbeid, og ein har ei grundigare innsikt i den kulturelle breidda i landet vårt. I mange yrke krevst det dessutan at tilsette skriv begge dei offisielle skriftmåla i landet. Ein ser støtt at dei som har lært nynorsken berre som sidemål, ikkje meistrar han godt nok og står opprådde når dei skal forme tekstar. Nynorsk hovudmål i grunnskulen er den aller beste språklege kvalitetssikringa.

Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! 3 2. Nynorsk bakgrunn Nynorsken blei laga med eit pedagogisk og sosialt siktemål: Med å byggje på talemålet hos dei breie lag av folket skulle dette språket gjere det enklare for vanlege folk å ta del i den skriftlege kulturen. På den måten styrkte ein den politiske situasjonen for det store folkefleirtalet ved at dei lettare kunne hevde seg i samfunnet. I Europa blei det skapt mange nye skriftmål på 1800-talet med same siktemålet, og i vår tid skjer det same i andre verdsdelar. Nynorsken skal altså styrkje demokratiet. Bokmålet har utspringet i talemålet åt overklassen i byane, hos dei som sit med mest makt. Sjølv om dette bildet ikkje er heilt likeins i dag som for hundre år sia, er likevel situasjonen mykje lik. Bokmålet har maktsentrumet på si side, og det gjer at denne språkforma kan dominere i samfunnet, f.eks. i massemedia. Derifrå deler ein f.eks. ut mindremannskjensla ved å definere kva som er unormalt og rart. Difor treng ein bevisste motholdningar mot den sosiale rangeringa som språket blir brukt til. Dei siste tiåra har me sett korleis dialektane er tekne i bruk for å markere sjølvtillita kringom i landet. Nynorsken har vore ei slik markering i over hundre år. Nettopp slik kom han òg i bruk i Romsdal. Det er ikkje tvil om at nynorsken har fungert slik han var tenkt. Han har vore med og gitt styrke åt mange folkelege rørsler. Mange politikarar har brukt dette språket, og nynorsken har hjelpt fram mykje av norsk kulturliv. Mellom anna ville norsk litteratur ha vore fattigare utan alle dei forfattarane som nynorsken har forløyst skaparevna hos. For eksempel hadde både Arne Garborg og Olav Duun vore umulege utan nynorsk, og frå vår tid gjeld det same for Kjartan Fløgstad og Jon Fosse, og ikkje mindre dei romsdalske samtidsforfattarane Edvard Hoem og Alf Sæther. Språktonen er ein del av kunsten. Bokmålet har vore fastlåst i ein skrifttradisjon som har hatt vanskar med å ta opp i seg drag frå norsk talemål. I den grad bokmålet har teke omsyn til dialektar, har det retta seg etter dialektane kring Oslo. I 1996 samla bokmålsfagnemnda i Norsk språkråd seg om at ho ved endringar i rettskrivinga skal byggje på søraustlandsk og mest såkalla standardtalemål. Bokmålet overser dermed programmatisk talemålet i landet utanom Oslo-gryta. 3. Kva skriftmål passar best i Romsdal? Nedafor skal me vise ein liten tilfeldig avistekst. Til venstre kjem han på bokmål, slik han stod i avisa, og til høgre er ein nynorskversjon. I midten står teksten skriven på ein romsdalskvariant (med nokre forenklingar der dialekten har lydar som ikkje er brukt i noko av skriftmåla). Så kan ein sjølv samanlikne!

4 Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! NTB-melding 5.8.01: Lommetyvene venter på deg Sommerens turister har for lengst inntatt den franske hovedstaden, og byens lommetyver har gode dager. Politiets statistikk viser med tydelighet at tilreisende bør være på vakt. Ved politistasjonene i Paris er det hver dag køer av ulykkelige turister som er frastjålet og fraranet sine feriepenger og eiendeler. Stor økning Kriminaliteten i byen har ifølge politiet økt med ti prosent bare i første halvår, og økningen i antall overfall og ran på åpen gate har vært på over elleve prosent. Langfingrede lommetyver opererer også i flokk ved Paris' mange turistattraksjoner og plukker daglig med seg store verdier fra lommer og vesker mens ofrene er opptatt av å ta bilder av seg selv og sine nærmeste ved attraksjoner som Eiffeltårnet. Romsdalsk versjon: Lommetjuan venta på de Turistan i sommar he fær lenje sia møtt fram i den franske hovedsta'n, og lommetjuan i by'n he goe dage. Statestikkjin frå poletie vise tydele at tereisenes bør vare på vakt. På poletistasjonan i Paris e det kvar dag køa tå oløkkele turista so e fråstolne og frårana feripengan og eiendelan sine. Stor auking Kriminalitet'n i by'n he ifølje poletie auka mæ ti prosent bære første halvåre, og aukingja i tale på overfall og ran på åpa gate he vore på åver ellve prosent. Langfengra lommetjua åperera au i flokk attmæ dei månge turistattraksjonan i Paris og plokka dagle mæ se store værdia frå lommå og væskå, mæns ofra e opptatt tå å ta bilde tå se sjøl og sine neraste attmæ attraksjona so Eiffeltårne. Nynorsk versjon: Lommetjuvane ventar på deg Turistane i sommar har for lenge sia møtt fram i den franske hovudstaden, og lommetjuvane i byen har gode dagar. Statistikken frå politiet viser tydeleg at tilreisande bør vere på vakt. På politistasjonane i Paris er det kvar dag køar av ulykkelege turistar som er fråstolne og frårana feriepengane og eigedelane sine. Stor auking Kriminaliteten i byen har ifølgje politiet auka med ti prosent berre første halvåret, og aukinga i talet på overfall og ran på open gate har vore på over elleve prosent. Langfingra lommetjuvar opererer òg i flokk attmed dei mange turistattraksjonane i Paris og plukkar dagleg med seg store verdiar frå lommer og vesker, mens ofra er opptatt av å ta bilde av seg sjølv og sine næraste attmed attraksjonar som Eiffeltårnet.

Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! 5 4. Romsdalsk-grammatikken og dei to skriftmåla nokre eksempel Ein dialekt er òg eit språk, m.a. på den måten at han har ein fullstendig grammatikk, dvs. eit grammatisk system som ein kan gje att med reglar i ei bok, slik me kjenner grammatikkane for andre språk. Nedafor skal me sjå på nokre punkt i grammatikken for romsdalsk, og me skal jamføre desse punkta med skriftmåla bokmål og nynorsk. Substantivbøyinga I både romsdalsk og nynorsk er det konsekvent gjennomført ei bøying i tre kjønn. Men i tillegg er òg kvart kjønn oppdelt i undergrupper. Me skal her sjå på dei vanlegaste bøyingsmønstra og jamføre dei først med nynorsk: Hankjønn: A: Romsdalsk ein jobb jobben jobba jobbanj* ein stolpe stolpinj stolpa stolpanj Nynorsk ein jobb jobben jobbar jobbane ein stolpe stolpen stolpar stolpane * nj markerer ein n-lyd med j-klang. B: Romsdalsk ein sau sau'n saue (eller saua) Nynorsk ein sau sauen sauer (eller sauar) sauinj (eller sauanj) sauene (eller sauane) Hokjønn: A: Romsdalsk ei bru brua brue bruinj Nynorsk ei bru brua bruer bruene B: Romsdalsk ei myr myra myra myranj Nynorsk ei myr myra myrar myrane C: Romsdalsk ei dame damå damå damen Nynorsk ei dame dama damer (eller damor) damene

6 Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! I ubestemt form fleirtal av gruppe C finst det fleire endingar i Romsdal: Lengst vest heiter det fleire vise, i inste strøka finst forma fleire visu, mens stordelen har fleire viså (viso). Inkjekjønn Romsdalsk Nynorsk eit tre eit møte eit tre eit møte tree møte treet møtet tre møte tre møte trea møta trea møta Me ser i alle desse bøyingsmønstra korleis romsdalsk og nynorsk følgjest åt. Der romsdalsk skil mellom fleire bøyingsgrupper i fleirtal, gjer nynorsk det òg. Slik kan ein altså kjenne att romsdalsdialekten. Med bokmålet finn me derimot ikkje noko slikt samsvar. For det første har bokmålet hatt vanskar med å godta hokjønnsendinga -a i bestemt form eintal. Det heiter såleis f.eks. diktningen, og ikkje diktinga. Og der det er valfridom i bokmålsrettskrivinga f.eks. mellom dama og damen brukar bokmålstradisjonen aller mest hankjønnsforma (felleskjønnsforma) damen. For det andre kan ein i fleirtal ikkje ha ulike endingar slik romsdalsk har det. Bokmålet har -er overalt i hokjønn og hankjønn. Dessutan kan og skal det i inkjekjønn fleirtal òg vere -er og -ene i somme ord, i andre ikkje: flere hus, alle husa/husene, flere epler, alle eplene. Enda meir avvikande er bokmålsk tre - trær. Bokmålssystemet er altså på ingen måte i samsvar med romsdalsk. Romsdalsk høyrer til dei dialektane som i substantiv og pronomen har hatt eigne dativformer i tillegg til det ein gjerne kallar nemneformer. Det er dermed gjort forskjell på at ho går oppi markja og ho går oppe i markjinj. Eit slikt skilje kan ein ikkje bruke i skriftmåla, verken i nynorsk eller bokmål. Difor heiter det i nynorsk skriftmål: Ho går oppi marka og Ho går oppe i marka. I yngre romsdalsk er dativen lite brukt. (I romsdalsteksten ovafor er difor han heller ikkje brukt.) Nokre pronomen Dei personlege pronomena kan vere viktige for kor nært me identifiserer oss med språket. I første person eintal, altså romsdalsk i, er Såg dei dåkkå? Såg dei dykk? Så de dere? det ikkje fullt samsvar med verken bokmål eller nynorsk. Men i dei andre personlege pronomena samsvarar romsdalsk heilt ut med nynorsk, og dårleg med bokmål: Stordelen av Romsdal har i første person fleirtal me, men tidlegare Hustad kommune har vi. Begge desse pronomena kan ein bruke i nynorsk, i bokmål berre vi. Andre person fleirtal de/di dåkkå svarar til nynorsk de dykk, og tredje person fleirtal dei dei er heilt som i nynorsk. Bokmål har dere dere og de dem, dvs. eit heilt anna system.

Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! 7 Me kan òg sjå på nokre andre pronomen der det er forskjell på bokmål og nynorsk: Nynorsk nokon noko nokre Romsdalsk nåkken nåkkå nåkre Bokmål noen noe noen Nynorsk kven kvar, kor kvarandre somme einkvan Romsdalsk kamm, kannj, kennj kar, kor kvarandre somme ingkvanj, ongkvanj Bokmål hvem hvor hverandre (neppe brukt) (manglar) Verbbøyinga Sterke verb I verbbøyinga ligg største forskjellen på bokmål og nynorsk i bøyinga av dei sterke verba. I notid krev bokmål endinga -er, som ikkje finst i romsdalsk. I fortid har bokmålstradisjonen vanskeleg for å godta diftongen au, og i perfektum partisipp krev bokmålet alltid -t, som heller ikkje finst i romsdalsk. Me kan dermed vise forskjellen frå bokmål og likskapen med nynorsk slik: Nynorsk skyte, komme skyt, kjem skaut, kom skote, komme Romsdalsk sjyte, kåmme sjyt, kjæm skaut, kåmm skote, kåmme Bokmål skyte, komme skyter, kommer skjøt, kom skutt, kommet Svake verb I dei svake verba har romsdalsk notidsendingane -a, -e og inga ending brukt akkurat likeins som -ar, -er og inga ending i nynorsk. Bokmål har ikkje dette skiljet mellom tre typar notidsformer: Nynorsk Romsdalsk Bokmål *L står for tjukk l. kaste, dømme, selje kaste, dømme, sæl* kaste, dømme, selge kastar, dømmer, sel kasta, dømme, sæl kaster, dømmer, selger kasta, dømte, selte kasta, dømte, sælte kastet (eller kasta), dømte, solgte kasta, dømt, selt kasta, dømt, sælt kastet (eller kasta), dømt, solgt Refleksivforma av verba er ulik i nynorsk og bokmål, og her igjen stemmer romsdalsk med nynorsk: å slitast, å møtast i romsdalsk og nynorsk, mens bokmålet har slites og møtes.

8 Romsdalsk? Nynorsk, sjølvsagt! Å forme setningar Bokmål og nynorsk har skapt sine eigne tradisjonar for korleis ein uttrykkjer seg, altså sine eigne stiltradisjonar. Desse tradisjonane vil òg prege det språket elevane lærer seg å bruke. Bokmålstradisjonen har mange uttrykksmåtar som er lite brukt i talemålet. Det gjeld uttrykk som oppgavens sideantall, undervisningens avslutning og ved utferdigelse av kvitteringer. På nynorsk bør det heller heite talet på sider i oppgåva, avslutninga på undervisninga Jeg vil ikke unnlate å henlede oppmerksomheten på visse forhold som vil medføre en ineffektiv utnyttelse av innretningens potensielle ressurser. og når ein skriv ut kvitteringar. Og slik er det ein ordlegg seg på naturleg romsdalsk òg. Det vil seie at verken romsdalsk eller nynorsk brukar genitiv på same måten som bokmål, og ein brukar ikkje tunge substantivuttrykk, som bokmålstradisjonen har vore prega av. Stilidealet i nynorsk er å bruke ordleggingsmåten frå dialekten, ikkje å imponere med fremmende konstruksjonar og klisjéar. 5. Om bymålet i Romsdal Dialekten i byar og på tettstadar skil seg ofte ut frå språket på bygdene. I Romsdal gjeld det først og fremst dialekten på Molde, men òg for ein del på Åndalsnes. Bydialekten skil seg ut med å ha forenkla bøyingane ein del. Det er ein tendens til å bøye alle substantiv likt i fleirtal: fleire bila alle bilan, bygda bygdan, visa visan, møta møtan. Bøyinga av verb følgjer derimot romsdalsk elles, og dermed nynorsk, med inga ending i notid av sterke verb, diftong i fortid og ingen -t i perfektum partisipp av sterke verb: skrike skrik skreik skreke. I første og andre person fleirtal heiter det personlege pronomena vi og dåkker, og i tredje person heiter det dæm for dei elles i romsdalsk. Men det er ikkje noko skifte mellom de og dem slik det skal vere i bokmålet (jf. De kommer og Jeg så dem ). 6. Oppsummering Me har no sett på mange av dei punkta der bokmål og nynorsk er ulike, og i så å seie alle tilfella følgjer romsdalsk det nynorske skriftmålet. Det er eit resultat som ikkje bør vere uventa fordi nynorsken er bygd opp nettopp med det for auge at han skal samsvare med dialektane. For romsdalingar bør nynorsken vere det sjølvsagte skriftmålet. Nynorsken kan skrivast svært nær dialekten, og elevane kan lettare identifisere seg med tekstane og språket sitt.