FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 17.02.2015 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Flora kommune Bengt Solheim-Olsen Ordførar Ester Frøyen Formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste 008/15 Mellombels trafikktrygging i Stadionbakken NB!: Den andre saka som vart meldt skulle sendast ut før helga, "BHP 2015, oppfølging av salderingsvedtak", vil verte lagt fram i form av eit arbeidsnotat av rådmannen i møtet.
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 008/15 Formannskapet PS 17.02.2015 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Rolf Bjarne Sund K2 - Q80 15/380 Mellombels trafikktrygging i Stadionbakken Framlegg til vedtak: Det blir gjennomfør midlertidige trafikktrygingstiltak, spesielt med omsyn til mjuke trafikantar i stadionbakken, slik det kjem fram av vedlagt kartskisse. Arbeidet skal gjennomførast innanfor ei økonomisk ramme på kr. 1,1 mil ink. MVA. Beløpet blir finansiert som låneopptak i samband med revidert budsjett 2015.
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Gjennomføring av melombelse traffiktryggingstiltak i Stadionbakken. Innleiing: Stadionbakken er ein flaskehals for trafikkavvikling i Florø. Trafikken er og vil være ekstra stor i enda om lag eit år, inntil arbeidet med Kinnvegen er ferdigstilt. I tillegg til mykje biltrafikk er det også mange mjuke trafikantar som nyttar vegen. Det har i den siste tida ikkje vore alvorlege ulykker på strekninga, men situasjonen er svært uoversiktleg for alle typar trafikantar. Den siste tida har det komme fleire tilbakemeldingar på at situasjonen opplevast som vanskeleg og utrygg. Mellom anna så har foreldre og leiinga ved Flora ungdomsskule meldt tilbake at situasjonen for elevar til og frå skulen er særdeles vanskeleg. Trafikkmønstret slik det fungerer i dag i området, er planlagt i eit samarbeid mellom kommunen, Statens vegvesen og politiet. Ulike formar for einvegskøyring er også vurdert. Men dette er ikkje sett i verk mellom anna med utgangspunkt i at det ikkje er ønskelig å spreie trafikkutfordringane til andre delar av byen, kor det også ville ha ført til utfordringar for barn til og frå Florø barneskole. Einvegskøyring i Stadionbakken, uansett løysning, ville uansett ført til større trafikkbelastning i Hans Blomgt. og Jens Helmersgt. Dette er område som er viktig for barn til og frå barneskulen. Trafikken i Stadionbakken vil gå noko ned når Kinnvegen blir ferdigstilt. Når dette skjer er det all grunn til å anta at snittfarten for bilane gjennom Stadionbakken vil auke. Dette vil føre til ei forverring av trafikktryggleiken for mjuke trafikantar i området. Det er utarbeid eit kostnadsestimat som vise at tiltaka samla sett vil koste om lag 1,1 mil kr. Ink mva. Vurdering: Situasjonen i Stadionbakken er ikkje ei ny problemstilling. Rådmannen meiner at situasjonen no er slik at det bør gjerast noko på kort sikt, som sikrar ei vesentleg betre mellombels løysning. Grunnen til dette er at det er uklart når eit permanent alternativ med ny veg mellom RV5 og Havrenesvegen er på plass. Situasjonen for mjuke trafikantar kan ikkje vere slik den er no i denne perioden. Flora kommunen har ein trafikktryggleiksplan som har mange gode tiltak for traffiktryggleikstiltak i heile kommunen. Tiltaket som er omtala i denne saka er ikkje ein del av denne planen og vil komme i tillegg til øvrige tiltak i denne planen. Dei fleste tiltaka som er skissert i framlegget til vetak, er på kommunal veg. Det er difor grunn til å anta at det kan vere vanskeleg å få til ekstern finansiering av tiltaket innafor eit kort tidsperspektiv. Rådmannen vil dersom tiltaket blir vedteke gjennomført, gå vidare innanfor det etablerte samarbeidet med Statens vegvesen, for å sjå om det er mogleg å få til eit samarbeid om finansiering. Dette må gjerast utan at det går utover framdrifta i prosjektet.
FLORA KOMMUNE Det må takast atterhald om løyve frå Statens vegvesen om tiltak som er foreslege på fylkesvegen (Havrenesvegen). Økonomiske konsekvensar: Kommunen må lånefinansiere tiltaket. Miljømessige konsekvensar: Dette vil gje ei betre løysning for gåande og sykklande. Noko som vil betre folkehelsa og trafikktyggleiken. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg: Oversiktskart som syner tiltak for å sikre mjuke trafikantar i Stadionvegen Havrenesvegen
Oversiktskart som syner tiltak for å sikre mjuke trafikantar i Stadionvegen. Pk.8.: Skilt for buss-stopp, på høgre side av Fv.545 i retning sentrum. Pk. 6.: Nytt gangfelt m/ belysning, plassering ca. 23 meter frå midpunkt i Stadionvegen og vidare mot Idr. Hallen. Pk. 3.: Grunnerverve middlertidig gangvei ned langs heile Stadionvegen mot G.bnr. 27/413 og 27/402, ca 90 meter. Denne traseen må skiljast frå biltrafikken. Pk. 1.: Skilte innkøyrsle frå Rv.5 til Lindheimsvegen med parkering forbudt. Pk. 2.: Merke vegbana med kvit stripe som gjev gangfelt på ca 2. m bredde langs Lindheimvegen. Eller setje ned fysisk skillere. Pk. 5.: Etablering av gangveg til det nye gangfeltet, ca. 2.m bredde og lengde på 21meter. Denne gangvegen må skiljast frå biltrafikken. Pk. 4.: Få på plass betre siktsone i kryss frå Stadionvegen og inn på Havrenesvegen, dvs. fjerning av hekk. Pk. 7.: Få på plass underskilt "gjelder ikkje buss".
Pkt. 1. 1.1.: Setje opp skilt "parkering forbudt". Skilt plasseres på kvar side av Lindheimsvegen, der 30 sone skilt er plassert. 1.2.:
Pkt. 2. 2.1: Merke vegbana med kvit stripe som gjev gangfelt på max 2. m bredde langs Lindheimvegen. Eller setje ned fysisk skillere i staden for å merke vegen. Som strakstiltak anbefales det å få på plass fysiske skillere ettersom det er det raskeste tiltaket. Merking av vegbana kan først skje når det er blitt varmere og tørrare i været. - Vegbredda ved blå strippla linje er 7,5 meter, og er den smalaste vegbredda i Lindheimsvegen.
Pkt. 2. forts. Kvit markering viser forts..av gangvegen langs Lindheimsvegen. Grå markering, på venstre side av vegen, viser gangfelt. Det anbefales å ta vekk ganfeltet og benytte arealet til biltrafikk. Grunnlag: tungtrafikken må ha svingradius. Pr. d.d. treng tungtransporten omtrent heile køyrefeltet for å komme igjennom svingen.
Pkt. 3. Rød markering viser areal på venstre side av Stadionvegen som må ervervast til gangveg. Lengda her er ca. 40 meter. Bredda på gangvegen ca 2. meter. Ved Kvit og grå markering er det pr. d.d. gangfelt. Det anbefales å fjerne gangvegen.
Pkt. 3. forts - Vegbredda ved blå strippla linje er 7,5 meter, og er den smalaste vegbredda Stadionvegen. - Rød markering syner areal som går med til gangveg. Det anbefales at denne gangvegen bli skilt frå biltrafikken med fysisk skille.
Pkt. 4. Siktsona i enden av Stadionvegen må betrast. Hekken er ikkje høg pr. d.d. men når det er stor høgeforskjell på Stadionvegen og Havrenesvegen blir siktsona dårlig. Eit tiltak er å fjerne hekken heilt. Eit anna tiltak er å setje opp stoppskilt for dei som kjem frå Michael Sarsgate og som skal vidare mot Havrenes.
Pkt. 5 Rødt markert område viser areal som må grunnervervast til gangveg. Lengda på gangvegen blir ca 21 meter og, ca. 2.m bredde. I enden av gangvegen på Havrenesvegen, må det på plass gangfelt med intensivbelysning. Eina utfordringen her er at om vinteren er det vanskelig å få på plass opphøgd gangfelt. Anbefaler difor kun å merke asfasten i første omgang.
Pkt. 6. Plan for nytt gangfelt. Hensikten med å legge gangfeltet her er at trafikantane skal ha best mulig sikt samt trafikksikkert. Plassering av gangfeltet er ca. 20 meter frå midpunkt i Stadionvegen.