Arbeid med sikring av friluftsområde i Stranda kommune Inge Bjørdal - Næringssjef - 1
Etablerte prosjekt og Prosjekt til vurdering 1. Etablerte A. Flydalsjuvet B. Øygardsvika-Helsemvika C.Helsemvika D.Hellesyltfjøra E. Øvre Moa Ringstadhaugane 2. Planlagde/under vurdering A. Flofjellet B. Vesterås C.Hellesyltfjøra (badehuset på Hellesylt) 2
Flydalsjuvet Omtale av området Markert elvejuv ved Flydal like inn til riksvegen. Internasjonalt kjend turistattraksjon med utsyn over Geiranger og Geirangerfjorden. Området er berglendt og har noko skog. Parkeringsplass og rekkverk, men elles lite opparbeidd. Området er på 15,4 daa. Inngår i Forvaltningsplan: Nei Verdi: Ikkje verdsett Bruksfrekvens: Ikkje registrert Off. kommunikasjon: Nei (?) Tilgjenge kartlagt: - Status: Statleg sikra Brukargruppe: Nasjonalt 3
Øygardsvika-Helsemvika Omtale av området Strandareal mellom Øygardsvika og Uksagvika. Lang strandlinje på nesten på omlag 1 km med fleire badeplassar. Arealet er på 94 dekar. Grov sandstrand og svaberg. Spreidd vegetasjon med parkpreg. Ei velforeining har driftsoppgåver i området. Statstilskott til leigeavtale for ein del av området,- sist i 1984. Statstilskott til sikring i 64, 73, 74, 75 og 76. Stranda kommune står som grunneigar av området (Gnr/Bnr 18/51, 18/49 og 21/61). Eigen leigeavtale for 18/2 festenr. 2. Etter 1984 kun kommunen som betaler festeavgift. Verdi : Svært viktig Særleg eigna for: Båtutfart i saltvatn Sikringsstatus : Statleg sikra Bruksfrekvens : Stor Tilrettelegging : - Driftstilsyn : Kommunen Oversiktskart 4 Detaljkart
Øvre Moa Omtale av området Attraktivt friområde på 34 dekar. Omfattar også Skaffarhaugen. Nederst lauvskog. Lenger opp storvaksen einer og øvst stor furuskog. Området har sin naturlege tilknyting til ein idrettsplass med klubbhus og ein barnehage. Leikeapparat og ei trimløype med lys. Kommunen har inngått leigeavtale for 14 dekar vest i området. Statstilskott til leigeavtale, sist i 1984, og til kjøp av den austlege delen i 1973 og 1987. Kommunen står som grunneigar av gnr/bnr 53/253, 52/239, 52/241, 52/242 og 52/70. Leigeavtale for 52/1-5 og 6. Verdi : Svært viktig Særleg eigna for: Turer til fots eller på ski i skogen, turar til fots eller på ski i tettbygd, leik og allsidige aktivitetar (grøntdrag, parkar, leikeområde for barn) Sikringsstatus : Statleg sikra Bruksfrekvens : Svært høg Tilrettelegging : Tilkomst, andre opparbeidingstiltak, merking av stiar/løyper, parkeringsplass, sti/gangveg Oversiktskart Totalareal : 35 daa 5 Driftstilsyn : Kommunen Detaljkart
Hellesyltfjøra Omtale av området Lun badeplass ved Hellesylt sentrum i Sunnylvsfjorden. Arealet ned mot sjøen er ein gamal frukthage og plen. I nord er strandområdet bratt,- elles sand- og småsteinstrand. Delvis opparbeidd med kantstein. Eit stort gamalt badehus som står på pålar ute i sjøen er sers karakteristisk for området. Badehuset m/ stupetårn er under restaurering av Hellesylt ungdomslag. Omlag 16 daa er kjøpt med statstilskott. Hellesyltfjøra er mykje brukt lokalt og er nytta av turistar. Det er bygd ei småbåthamn i sørgrensa av området. Den har gjestehamnplassar. Området inngår i reguleringsplan for Hellesylt sentrum,- godkjend 24.10.74. Stranda kommune står som grunneigar (gnr 91, bnr. 200). Verdi : Svært viktig Særleg eigna for: Bading og strandbaserte aktivitetar, båtutfart i saltvatn, turar til fots eller på ski ved sjøen, turar til fots eller på ski i tettbygd, leik og allsidige aktivitetar (grøntdrag, parkar, leikeområde for barn), kulturattraksjon, fiske i saltvatn Sikringsstatus : Statleg sikra Bruksfrekvens : Mykje nytta Tilrettelegging : - Oversiktskart 6 Driftstilsyn : Kommunen Detaljkart
Prosjekt det vert arbeidd med 7
Flofjellet Omtale av området Tiltaket er sentralt i arbeidet med å legge til rette (fleire) landbaserte tiltak i samband med etablering av ny (2012) djupvasskai på Hellesylt. Bruksfrekvensen og nytten for lokalbefolkninga vil også vesentleg større enn i dag. Det er kort avstand/lett tilgang til området både for lokalbefolkninga på tettstaden Hellesylt og resten av bygda. Kven har nytte av tiltaket? Lokal turistnæring og næringsliv, destinasjonsselskap, lokalbefolkning og cruisenæringa /Stranda hamnevesen. Ruta har fått auka popularitet dei seinare åra. Talet på potensielle brukarar Svært stort (cruise) / Stort (lokalbefolkning) / Stort - svært stort (syklistar). Miljøvinsten av tiltaket: Stimulerer til miljøvenleg turisme (fot- og sykkelturisme). Nytteeffekt både for Stranda og Stryn. Turen tek mellom 4 og 6 timar, og går frå Hellesylt Vollset Flofjellet Flo Stryn. Dette er ein av dei beste turane ein kan sykle på sommarstid. Snøen ligg framleis på fjelltoppane, medan det er grønt og frodig i låglandet 8
Vesterås Omtale av området Stien går frå Vesterås til Storseterfossen i Geiranger, og det er også samband frå Hotell Union til Vesterås. 9
Badehuset universell utforming 10
Prosessen hittil 1. Fellesmøte mellom Stryn og Stranda kommune (15.12.11) Miljøvernleiar Stryn Grunneigarar Flo Vollset Geiranger (Vesterås, Holebygda) Planleggjar, Stranda kommune Adm. dir. Fjordsenteret i Geirager (K. Blomvik) Kulturkonsulent, Stranda kommune Repr. for Friluftsrådet for Ålesund og omegn (G. Haugli) Ordførar, Stranda 2. Etablering av arbeidsgrupper Flofjellvegen (grunneigarar) Badehuset (styret for badehusgruppa) 3 Ut b idi k d ( å å ) 11
Utfordringane for kommunen Vern har ein dobbel klang hos mange hos mange grunneigarar Å få til samarbeid mellom grunneigarane Grunnavståing (Vesterås) Balansering av sikringsomsyn og omsyn til grunneigar sin bruk (Flofjellet) Økonomi sikring er ikkje spesielt høgt prioritert oppgåve i kommunar med dårleg økonomi Å få prioritert område som ligg langt frå folkesetnad, men likevel representerer svært viktige utfluktområde (Flofjellet)? Kartlegging/dokumentasjon (t.d. av behov/bruk) Vil bli teke opp til vurdering i arbeidet med Planstrategi Fylle ev. vernetiltak med innhald 12
Eit spesielt spørsmål til slutt Grenseflata mellom allemannsretten og privat eigedomsrett 13