Høyringsuttaling frå fagansvarlig Design og handverk, Osterøy vidaregåande skule



Like dokumenter
BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Forslag frå fylkesrådmannen

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Kvalitetsplan mot mobbing

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Inntak på særskilt grunnlag

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vegvisar til vilbli.no

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vurdering av allianse og alternativ

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Vestlandsk Vidsyn. 25. Sept 2013 Gro Rukan

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Sandeid skule SFO Årsplan

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Orientering til skolane OM INNTAK PÅ SÆRSKILT GRUNNLAG

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Finansiering av søknaden

Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

Den nye seksjon for applikasjonar

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Til deg som bur i fosterheim år

Frå tre små til ein stor.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Valdres vidaregåande skule

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Friluftslivets år 2015

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Øystese barneskule April - 08

2 5 l^ov Saknr. olop^o^ss^yok.m. (p3. Arkivnr. /(jo ^'"^^^h- "S^li/f Hksp. IJ^oiT. Kjære Politikarar. Knarvik

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

AGROGASTRONOMI PLAN FORPROSJEKT UTVIKLING AV FAGSKULE INNAN MATKULTUR PÅ HJELTNES

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Lønnsundersøkinga for 2014

Transkript:

Fra: Irene Fanebus Eknes Sendt: 28. september 2012 Til: Opplæringsavdelinga - Postmottak Emne: Høyringsuttaling frå fagansvarlig Design og handverk, Osterøy vidaregåande skule, referanse 201101096 Høyringsuttaling frå fagansvarlig Design og handverk, Osterøy vidaregåande skule Moods of Osterfjorden Det blir hevda at Osterøy er Hordaland sitt svar på Sunnmøre. Kanskje fordi øya har ein solid tradisjon for å opprette og utvikle store og små verksemder. Særleg knyta til metallindustri, møbelindustri, tekstilindustri, garveriverksemd m.m. Ein har eit stort nettverk, lokalt, regionalt og internasjonalt. Store bedrifter og mindre foretak sitt med rik kunnskap og erfaring som er viktig å ta vare på å vidareutvikle. Ikkje berre innafor kvar bedrift, eller industriområde, men og i høve til utdanningsinstitusjonar der målet er å motivere ungdom i å skape eigne grunderverksemder. Regionen er kjend for si evne til å ta vare på tradisjonshandverk. Likevel er utdanningsnivået, under gjennomsnittet samanlikna med landet elles. I eit slikt bilete er plassering av ei design og handverkslinje på Osterøy vidaregåande skule eit viktig strategisk grep. Til beste for faget og regionen rundt oss. Design er meir og meir viktig for å få fremja verdiskaping og utvikling av tidlegare tradisjonelle handverskbedrifter. Det er ikkje nok å leve på eit godt rykte. Ein må nå ut med tenester og produkt, og bevisst bygge merkevarer for å nå fram til potensielle kundar og brukergrupper. Handverket er framleis viktig, men ein må nå fram med kvifor strikketrøya frå Oleana, har ein anna verdi enn den du kjøper på HM for 50 kr. Identitet og kvalitet er nøkkelomgrep. Noko fleire tekstilbedrifter i regionen er gode døme på, i si satsing på design og handverk. Gründerkultur I læreplan for Design og handverk finn ein fleire kompetansemål retta mot marknaden. Ein stiller krav til rekneskap, priskalkulasjonar, brukarundersøkingar, marknadsføring mm. Ein nytter uttrykk som kunder,brukarar og kollegaer mm, og elevane skal kjenne til produksjonsprosessar og tenester i høve til marknadsføring og sal. Ikkje minst skal dei «begrunne valg av produkt og arbeidsprosess i forhold til ulike interesser og samfunnets behov for produkter og tjenester». Det seier seg sjølv at ein må tenke nytt i høve til tradisjonell verkstad og klasseromsundervisning.

I august arrangerte UE, Hordaland, gründercamp, på Osterøy vidaregåande, saman med elevar frå Austrheim vg, Der stilte også 3 lokale dommarar til å vurdere og premiere den beste ideen. Alle med bakgrunn i eigne verksemder i regionen.. Og ideane var mange innafor elektro, industriteknologi og design og handverk. Verdt å nemne er m.a. «friluftshengaren» (eit produkt for Tysse?), 3 funksjonell sofa, arbeidbenk for elektro mm. http://hordaland.ue.no/pls/apex32/f?p=16000:1003:2634168254578491:::1003:p1003_hid_id, P1016_HID_INSTITUTION_ID:14813,13 Dette året ser eg og ein ekstra iver hos elevane knytta til utvikling av nye forretningsidear. To av bedriftene har bærekraft og oppvinning som tema for sin forretningside. Dei har tatt utgangspunkt i restar og kapp frå kringliggande industri. Ei gruppe «Kapp» har vore i kontakt med Norlender og vil nytte feilvare og restar frå deira strikkeproduksjon i design av nye trendy skjørt for ungdom og unge vaksne. Oleana og Dale har og vore nemnt som mogele samarbeidspartnarar. Ei anna gruppe har fått fri tilgang på skumgummi frå restlageret til SKISMA. Dei arbeider no ut ulike prototypar av produkt der dette er eit viktig materiale. (Tilgang til desse restane, og samarbeidet med TIP, var og vesentleg då DH klassen fekk designpris i 2010, i samband med utstillinga «Værsågod sitt», i regi av Bergen Kunstmuseum og KHIB. http://dhosteroy.blogspot.no/2010/05/stoldesign.html) Siste gruppa We Style er allereie godt i gang med marknadsføring av sine tenester. Felles for dei er at dei er utplassert hos frisørar ein gong i veka. Gjennom denne kontakten har dei fått mentor, utstyr, og kurstilbod. Det dei lærer gjennom u.b. vil dei igjen få nytte av i praksis. Summen av dette skapar medvit og stolthet blant elevane, som igjen gjer dei meir motiverte som lærekandidatar i salongane. (blogg: http://westyleee.blogg.no/) Status og merkevarebygging Denne gleda og stoltheten står i sterk kontrast til det fylket peikar på som ein mogeleg forklaring på synkande elevtal innafor dh og formgivingsfag. Det er lite status å utdanne seg til eit lavtlønna yrke som, butikkmedarbeidar, frisør, blomsterdekoratør. Om ein ser på profilerte og yrke og trendar i media, er kanskje Jan Thomas, BlomsterFinn, Moods of Norway, «Tid for hjem» mm, gode døme på det motsette? Design og handverk er i vinden som aldri før! Ein peikar på at ein ikkje har læreplassar eller bruk for så mange med denne kompetansen i samfunnet. Men det er ikkje nødvendigvis dei mest profilerte bedriftene som sitt med denne kompetansen. Det finst mange foretak rundt om som ikkje er så synleg fordi dei er små. Kven lagar bunader og sølvet som fylgjer desse? Kven steller håret for milliardar av menneske? Kven utviklar og lagar interiøret eller kallesje i båten? Kven dekorerer parkane, kyrkjene, eller lagar kulisser og kostymer og styler for teater, opera og film? Kva med utforming av hus byrom, og møblar? Kven har utforma gaffelen du et med, eller skibagen du tar med i Myrkdalen? Estetikk, design og handverk er implementert i det meste rundt oss.

Det blir vår jobb å få fram verdien av dette, og tenke nytt i formidlinga mot ungdommen. Me må få dei til å ha lyst til å drive med dette også i framtida. Design er viktig i å finne gode, bærekraftige løysningar, for ein raskt endrande samfunnsstruktur. Då må me ut i felten og sjå på det som rører seg! Utforske det som skjer no, og ikkje for 100 år sidan. Ein har i alle generasjonar tenkt at etter oss, kan ein umulig finne opp det heilt store Blogg og smilefjes Som liten skule har me måtta tenke nytt, i høve til marknadsføring og satsingsområde. Våren 2010 oppretta me ein blogg for å skape blest om linja. Den har vorte verdifull i å formidle det med driv med for potensielle søkarar,. Etter kvart har me fått mange lesarar, både lokalt, på landsbasis og internasjonalt. Me nærmar oss 9000 treff, og er linka opp mot fleire institusjonar innan vårt fagfelt. Høgskulen i Oslo og Akershus nyttar den som døme på korleis ein kan jobbe i vidaregåande som yrkesfaglærar. Mittyrke.no nyttar bloggen som lenkje til inspirasjon innan design og handverk. (http://www.mittyrke.no) Den lever sitt eige liv og er allereie kjend blant mange elevar, før dei byrjar ved skulen. Me merkar ein stolthet i at dei får ta del i dette. Elevane har også laga eigne bloggar i tilknytning til hovudbloggen. Den er nyttig faglig, men og i å få tilbaklemeldingar frå andre enn læraren i ulike prosjekt. Dei blir og nytta i marknadsføring av ungdomsbedriftene, i tillegg til facebook og twitter. (dh-osteroy.blogspot.com) Kortreist design og handverk Ein må finne potensiale som ligg i kvar region. M.a. ihøve til kompetanse og tilgang på råvarer. Der har me noko å lære frå matindustrien, der konseptet «Kortreist mat», har blitt eit symbol på status og kvalitet. I høringsnotatet for ny skulebruksplan legg ein opp større fagmiljø, innafor kvart programområde Målet er å samle alle design og handverksfag på 5 store regionskular. Ein tenker at store fagmiljø, kan vere ei løysing for å styrke eit fagområde som har hatt ein jamn nedgang i søkarar sidan reformen i 2006. Det kan nok på mange måtar vere riktig. Samtidig er det kanskje eit lite, men dynamisk, fagmiljø som gjer at DH-Osterøy har hatt ein jamn oppgang sidan starten i 2008. Med 7 på venteliste denne hausten! Oppbygging av fag og nettverk tek tid, men det har samtidig gitt oss ein fridom i å rekruttere ut frå behova rundt oss. I vår region er Knarvik trekt fram som einaste utdanningstilbod, for DH, i 4 parallelle løp. Faren kan då vere at mister perspektivet utover, og heller blir meir opptatt av å rekruttere til eigne linjer. Eit lite fagmiljø er dessutan ein vesentleg faktor for det tverrfaglege samarbeid me har fått til på Osterøy. Ungdomsbedrifter innafor Elektro, Industriteknologi og Design og hanverk. Terskelen er lav og avstanden liten mellom kvart fag. Ved innføring av faget design og handverk i 2006, vart nærleiken til lokal verksemd, også ein viktig del av dei estetiske faga. Faget Prosjekt til fordjupning legg opp til at ein skal vere utplassert 15 timar i veka, fordelt over to år. Programområda er titals, og elevane har stor valfridom. Elevane på Osterøy har kunna vore utplasserert i ei stor breidde innafor sitt fagfelt.

(interiør, motedesign, skular/barnehagar, frisør, blomsterdekoratør, utstillingsdesign, taksidermist, seglmakarfaget, aktivitør mm) Den kunnskapen og erfaringa dei får her, handlar ikkje berre om på meistre eit handverk eller ein teknikk, materiale, men dei får kjennskap om kva det vil sei å ha eit yrke knyta til den utdanninga dei har velt. Dei får ein meir medvit i høve til sin eigen kulturbakgrunn og identitet. Dei blir del av ein kollektiv sjølvtillit der dei kan sjå seg sjølv som framtidige verdiskaparar, og produsentar. Samarbeid med industrikonsulenten og Osterfjord Næringsfond har og sett oss i kontakt med interessante og inspirerande designarar og gründarar. M.a. Flettverk og Institute Nord. (http://dhosteroy.blogspot.no/2012/01/merkevarebygging.html) (http://www.hordaland.no/hordaland-fylkeskommune/naring/sok-tilskot/prosjekt/prosjekt- 20111/Kulturnaringar/Flettverk/) Design og berekraftig nyskaping Statistikkar viser at Noreg, som nasjon kjem langt ned på lista over land som fremjar gründervirksomhet og nyetablering. Dette er og noko fylket har tatt inn over seg gjennom Regionalt utviklingsprogram (RUP). Ei «felles satsing for meir innovativ og bærekraftig næringsutvikling i fylket». RUP tildeler støtte til store og små utviklingsprosjekt med føremål tilrettelegging for næring i eit breitt perspektiv». (http://koman.no/index.php?option=com_content&view=article&id=788&itemid=1337). Satsingsområda for RUP er m.a. næringsretta kompetanse, entrepenørskap og innovasjon, livskraftige lokalsamfunn. Ei av næringane ein særleg satsar på er kulturnæringane. I læreplan for vg1 design og handverk er innovasjon og entrepenørskap også sentrale omgrep. Samanlikna med R94 og teikning form og farge, er kanskje dette nøkkelen, for at ein meir direkte kan nytte design og handverkskompetansen vår i utvikling av livskraftige lokalsamfunn. Våren 2011 sette osterøyv g av midlar til å utarbeide eit nytt fagtilbod på vg2 nivå for Design og handverk. Arbeidstittelen for programmet var «Design og berekraftig nyskaping». Kort fortalt handla det om å utvide kompetansen innan produktdesign og innovasjon i eit 2-3 årig studieløp. Med tanke på å få ei meir praksisnær utdanning, sml. med t.d. formgivingsfag. I K06 er desse omgrepa fråverande i eksisterande læreplanar innan vg2, som t.d. design og tekstil, design og trearbeid, interiør og utstillingsdesign, gjørtlarfaget mm Elevane har etterspurd å kunne bli meir kjend med breidden i faget, også 2. året. Ei løysing me såg på, var å trekkje ut kompetansmål frå nemnte vg2 løp, og på den måten spisse det som er felles. Samtidig få meir kjennskap til ulike handverk, materiale og teknikkar. Målet er å sjå på muligheten i samspelet mellom desse. Me ynskjer å rekruttere elevar som vil jobba med praksisnære designfag og samtidig oppnå ein studiekompetanse. Ein slik modell er allereie godkjend i departementet for Ole Vig vidaregåande i Trøndelag, for Design og handverk, innan interiør) Fornesmodellen.

(https://epost.hfk.no/owa/redir.aspx?c=at8cbnn89kayuix3jpp6drr6xcpsbm8iq0wykvwt_uw Zskod0wLtnHw5YpLAullFqklAyxU8aFg.&URL=http%3a%2f%2fwww.kunstogdesign.no%2fform30 7%2ffornesmodellen.html). 28. mars 20110 hadde me eit møte på Osterøy vidaregåande for å drøfte løysingar i få til eit slikt løp ved skulen. Her møtte repr. frå Industrilaget, Design Region Bergen, HIB, NHHIL og frå representantar frå HFK (opplæringsavdelinga. KHIB kunne ikkje delta på møte, men har vore positiv til eit samarbeid, seinast no i haust. Felles for alle var at dei gav uttrykk for at dette var viktig og tidsriktig initiativ! Vidare arbeid med planane vart dessverre ikkje godkjent i fylket, i påvente av ny skulebruksplan. Sidan den gongen har ikkje behovet for nytenkning innan design og handverksfaget, i vidaregåande skule, vorte mindre. Dei positive erfaringane me har i samarbeid med næringslivet og i auka bruk av entrepenørskap i undervisninga, gjer oss enda meir lysten på å utforske dette i ein større skala. Ein bør også kunne sjå på modellar der ein kan oppnå ein yrkeskompetanse, etter «vg2 Design og berekraftig nytenkning».(2+2, eller evt. 3+2 løp). Så kjære Hordaland Fylkekommune: La Osterfjorden og Osterøy vidaregåande skule, få lov å vere med i ei «felles satsing for meir innovativ og bærekraftig næringsutvikling i fylket». Gjennom «næringsretta kompetanse», «entrepenørskap og innovasjon». I opplæring av framtidige arbeidstakarar for kringliggande næring, og i form av framtidige pågangsrike gründarar. Irene Fanebust Eknes Fagansvarlig design og handverk Osterøy vidaregåande skule