Referat Frå Styremøte 4.- 5. februar, Jotktaelva Fjellstue - Alta -- Til stades: Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen Frå adm: Frode Alfarnes, Tor Skeie Olsen, Romar Skeie Olsen Sak 1/14 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Protokoll frå førre styremøte er godkjent Sak 2/14 Sak frå Arbeidsutval Harald Lie orienterte frå møtet Arbeidsutvalet hadde 15. januar på Clarion Hotel Oslo Airport. Saka er teke til orientering Sak 3/14 Sakliste til årsmøtet Årsmøte vert halde på Gardermoen, Quality Airport Hotel. Møtet startar etter lunsj 2. april og blir avslutta til lunsj 3. april. Innlegg under årsmøtet. Styret ynskjer ein person som snakkar positivt om organisasjonen, og byggjer oppunder det arbeidet vi har starta. Stikkord for innleiar er «Kor vil vi dei neste fem åra» Landbruksminister, Sylvia Listhaug og Statsekretær, Hanne Maren Blåfjelldal er allereie spurd, men har takka nei. Personar som vart nemnd som aktuelle innleiarar: o Regiondirektør i NHO - Rogaland, Hallvard Ween o Nils Arne Eggen o Tom Nordlie o Ingebrigt Steen Jensen Festmiddag Biirk vert også i år spurd om å underhalda under festmiddagen. Gjester o o Samarbeidorganisasjonar. Landbruksorganisasjonar.
Årets lag Arbeidsutvalet er jury og kårar årets lag. Vervegruppa kjem med forslag til aktuelle lag. Presse Om det vert vanskeleg å få pressa på plass, leige vi inn ein frilansar som kan laga ein reportasje for oss for distribusjon. Sakliste Sak 1 Opningstale v/styreleiar Sak 2 Godkjenning av innkalling og sakliste v/møteleiar Ole Martin Pettersen. Sak 3 Val av skrivar og to til å skrive under møteboka v/møteleiar Sak 4 Namneopprop, - eventuelle fullmakter v/møteleiar. Sak 5 Årsmelding for 2013 v/styreleiar. Sak 6 Rekneskap for 2013 v/dagleg leiar. Revisjonsmelding v/gjermund Stuve Sak 7 Fastsetjing av kontingent for 2014 v/bodil Mannsverk Sak 8 Arbeidsplan for 2014, v/nestleiar Sak 9 Andre saker. v/styreleiar Sak 10 Budsjett til orientering v/finn Egil Adolfsen Sak 11 Val etter vedtektene v/valnemnd: A. Leiar for 1 år. B. To styremedlemmer for 2 år. C. Nestleiar for 1 år D. Tre nummererte varamedlemmer til styret for 1 år. E. Val av revisor. F. Møteleiar og varamøteleiar til neste årsmøte. G. Ein medlem til valnemnda for 3 år. Ein varamedlem til valnemnda for 1 år. H. Godtgjersle til tillitsvalde. Samrøystes vedteke Sak 4/14 Årsmelding og driftsåret 2013 Siste setning siste avsnitt side 13 vert endra til: «viktig at ein brukar aktivt det som er investert i medlemslaga, vi forventar at vi får igjen for investeringa etter kvart.» Litt diskusjon rundt ordlegging rundt pengebruk på aktivitet i 2013, men det kostar pengar for å nå måla våre. Marknadsføring, brosjyre, treng ikkje stå at ikkje alle har fått. Stryk «eindel lag har fått tilsendt...» og erstatt med «Brosjyren vert brukt i heile organisasjonen» Diskusjon rundt dokumentasjonskravet Sluttord: Gjermund Stuve og Frode Alfarnes Administrasjon innarbeider vedtekne endringar frå styremøte til dokumenta, som så
Sak 5/14 Rekneskap 2013 Vedlagt ligg rekneskap for 2013. Dette syner eit underskott etter skatt på kr. 899.401,-. Det var budsjettert med eit underskot på kr. 440.000,- i 2013. Viktigaste årsaka til differansen er; Lågare driftsinntekter på kr. 188 Auka varekostnad på kr. 356 Lågare lønskostnad på kr. 80 Underskottet er foreslått dekka av eigenkapital. Frode Alfarnes orienterte; Haustsamlingane kosta meir en budsjettert. Reiserekningar for tidlegare år var ikkje sendt inn. NLT bør ha ein filosofi på korleis reiserekningane skal handterast. Det bør innførast ein frist på kor tid reiserekningane skal inn. Helst innan to månader, etter tre månader vert ikkje reiserekninga utbetalt. Forsikringsperiodiseringa kosta oss over kr. 600.000,-. Kursutgifter auka med kr 356.000,- Eigendelen på haustsamlingane har ikkje vert korrigert på 2-3 år. Denne skal i utgangspunktet dekka hotellutgiter. Dagleg leiar disponerar underskotet frå dei fond som er gjeldande. Eigenkapitalen vert redusert med kr 900.000,- Notane vart gått gjennom. Rekneskap for 2013 med disponeringar er godkjent. Sak 6/14 Arbeidsplan 2014 Saker til diskusjon; Strategiplan 2015-2020 o Ny strategiplan Utviklingsprogram for tillitsvalde o Skal inn som kulepunkt Steg for Steg, modulbasert tillitsvaldkurs. 3 kurssamlinger, kostnad 200000,- ein del av utgiftene går via budsjett til haustsamling og vårsamling. Utdjup punktet med dei 5 punkta i tilbodet frå steg for steg. Administrasjonshandbok o Inn i planene som eige kulepunkt under prioriterte oppgaver. Prioritering av punkt Opp med salskurs og tillitsvalde, eigne kulepunkt 3 og 4. Oppfølging av salskursa ved Ladegaard Besøk til laga o Når ein skal avtale besøk med laga skal ein avtale direkte med styreleiar i det einskilde lag. Administrasjon innarbeider vedtekne endringar frå styremøte til arbeidsplan, som så
Sak 7/14 Kontingent 2014 Frode Alfarnes orienterte Kontingenten vert auka til 0.18% av lønsomsetninga. o Grunnkontingenten vert kr 5000,-. For dei som ikkje rapporterar til rett tid vert beløpet dobla til kr. 10.000,- Innrapporteringa er viktig, og håpet er at dersom det ikkje vert innrapportert i tide vil etter kvart styra i dei ulike laga sjå i rekneskapen at laget deira har betalt dobbel kontingent. o Tilleggskontingent skal spesifiserast med eiga linje på fakturaen. Administrasjon innarbeider vedtekne endringar frå styremøte til kontingent, som så Sak 8/14 Budsjett 2014 Frode Alfarnes orienterte og gjekk gjennom budsjettet; Dei ulike utvala vert køyrd som eigne prosjekt i rekneskapen Webtemp o Dersom det vert 30 brukarar på webtemp er budsjettposten i minste laget. Salskurs oppfølgjing o Coaching. Her kan vi dekke kr 2000,- av det det kostar, då maks kr 70.000,- Vi oppfordrar alle til å ta denne coachinga. Dette vert lagt inn under marknadsføring i budsjettet. Vi ber Ladegaard sende full faktura til laga, og så betaler vi ut tilskot til deltakarlaga i etterkant. Utviklingsprogram for tillitsvalde o Dette vert ein del av kursdagen under haustsamlingane Vervegruppa o Budsjettert med to samlingar i tillegg til vår- og haustsamlingane. Kostnader utover dette er ikkje lagt inn. o Sponsing av salskurs kjem utanom dette. o Det er rom for å nytte midlar innafor marknadsføringsbudsjettet til vervearbeid. o Budsjettet står slik det står. Dersom det er bruk for meir pengar i høve besøk til laga vert dette søkt styret om etter kvart. Rekrutteringsutval o Budsjettert med tre møter i tillegg til vår- og haustsamlingane. Fyrste vart halde i samband med salskurs på Værnes. Med auke i kontingenten vil ein ha eit budsjett med kr 55.000,- i underskot for 2014. Administrasjon innarbeider vedtekne endringar frå styremøte til budsjett, som så Sak 9/14 Jordbruksforhandlingane Harald Lie orienterte; Vi held oss til få og konkrete punkt. Fått inn eitt forslag frå laga
Administrasjonen innarbeidar endringar frå styremøte i innspelet før det vert sendt ut. Styreleiar, nestleiar og dagleg leiar møter avtalepartane for å legge fram NLT sitt syn på velferdsordningane. Sak 10/14 Deltaking på messer Administrasjonen sjekkar ut kor det er messer i 2014. Vi skal oppfordre laga til å stille på lokale messer. NLT skal stille på Dyrsku n (Seljord 12-14. september) og Agrisjå (Stjørdal 22-24. august). Landbrukets HMS-tjeneste ønskjer å stå med oss på stand. Vi bør i alle fall stå i nærleiken av kvarandre. NLT bør vera representert på alle dagane på dei aktuelle messene. : Påmelding til aktuelle messer vert ordna av administrasjon, gjerne i lag med lokale lag. Der NLT skal delta stiller vi krav til utforming av stand. Administrasjonen skal sjå på utforming av stand. Sak 11/14 Instruks for valnemnd Ny instruks for valnemnd vart gjennomgått. Der er gjort endringar på samansetting av nemnd. Inntil eit medlem kan vera tilsett i administrasjon i medlemslag. Resten av nemnda inkludert vara skal vera tillitsvalde i medlemslag. Ny instruks for valnemnd er vedtatt. Sak 12/14 Innleiande diskusjon struktur Frode Alfarnes orienterte; NLT bør køyre ein prosess der ein i samarbeid med medlemslaga ser på om vi har korrekt struktur. Det er vårt ansvar å ruste organisasjonen for framtida. Det vert sett ned eit bredt utval som skal sjå på struktur, her bør vi kanskje ha med nokon utanfrå vår organisasjon. Jostein Frøyland er føreslått som aktuell person å ta med i eit slikt utval. Utvalet bør og bestå av representantar frå ulike lag. Dette bør sjåast på i samanheng med ny strategiplan og diskuterast på haustsamlingane. For å få ei forankring i organisasjonen bør tema vera ein del av debatten på tillitsvalds time og utviklingskurs. Viktig å forankre saka på fleire arenaer. Saka skal forankrast i fleire ledd, og innarbeidast i strategiplan, utviklingskurs for tillitsvalde og haustsamlingane. I tillegg er det ynskjeleg å få med ein person frå næringa utafrå vår organisasjonen. Administrasjonen får fullmakt til å ta kontakt med aktuelle personar og lag som kan vera med i ei slik gruppe. Det er ønskjeleg at saka vert fremma til årsmøtet i 2015. Saka vert teke oppatt på styremøtet i mai
Sak 13/14 Orienteringssaker A. Møter og framdrift i utval Verveutvalet ynskjer å besøke nokre lag i 2014 og hjelpe dei med vervekampanjen. All kontakt og avtalar om besøk skal gå via administrasjon. Dersom det vert mykje av dette kan administrasjonen reise om verveutvalet ikkje har høve. Dersom laga spør etter bestemte personar reiser dei om det høver. Viktig å få ut suksesshistoriar angåande verving ute i laga Utvalet ønskjer å tilby «Coaching frå Ladegaard» til laga, slik at dei enklare kjem i gong med vervekampanjen b. Rekruttering- og etterutdanningsutvalet har som mål i 2014 å arrangere landbruksvikarkurs for heile landet. Ein ser føre seg å dele landet inn i 5 regioner, nord, midt, vest, sør og aust. På samlingane vil ein og ha kåringa av «Årets tøffaste Landbruksvikar». Her er planen å arrangera like konkurransar på kvart kurs, der det vert kåra ein vinnar av kvart kjønn som går vidare til landsfinale. NLT håpar slike samlingar kan vera med å styrkje landbruksvikarordninga med kompetanseheving og statusheving for yrket. c. Jorulf Refsnes orienterte kort om HMS-utvalet. B. Kriseplan Frode Alfarnes orienterte om kriseplan. Arbeidsutvalet kjem med forslag om kriseplan. Det er planlagt eit møte med NHOML, der ein vil sjå på om dei kan bistå oss i dette arbeidet. C. Heimesider Romar Skeie Olsen orienterte Procano krev at laga betalar abonnementsavgift for 2014. Vi har advokat som ser på saka. D. Ny forskrift om bemanningsforetak Frode Alfarnes orienterte; Tilsette som har vikariert på same staden samanhengande i fire år kan krevje fast stilling. NHO vil ta dette opp til diskusjon internt, for så å ta det opp med Fagforbundet. Vi let saka foreløpig ligga i ro i påvente av NHO M&L E. Møte med Finnmark Landbruksrådgiving Finn Egil Adolfsen orienterte; Forholdsvis lite lag med medlemar i eit stort geografisk område.. Ein tilsett i 25% stilling når det gjeld avløysarsida. Opptekne av tilpassing av landbruksvikarordninga. Slit med rekruttering til yrket. 1,5 stilling med beredskapsavløysing. Utfordringar med store avstandar i ansvarsområdet. F. Møte med Voss Jorulf Refsnes orienterte. Laget slit med færre og færre bønder. Orientering er teke til etterretting.
Sak 14/14 Referatsaker A. Mat og Landbruk Norsk Landbrukssamvirke Harald Lie, Jorulf Refsnes og Frode Alfarnes møtte for NLT. Harald Lie og Jorulf Refsnes refererte. o Konferansen var delt opp i to hovudtema, Fremtidsbilder i et internasjonalt perspektiv og Politikk og marknad o Kostbar konferanse, men positivt å representere NLT på ein slik arena. B. HMS-utvalet Jorulf Refsnes refererte o Departementet ynskjer diskusjon på framtida til utvalet. Referatsaker er teke til etterretting. Sak 15/14 Eventuellt A. Sammenslåing av NHO Mat og Landbruk og NHO Mat og Drikke Det har til no vore store avstandar mellom desse organisasjonane, dette har endra seg litt etter MIA-rapporten. Det er ikkje vedteke samanslåing enda, men det er vedteke at ein skal drøfte moglegheitane ein har ved ei slik samanslåing. Ein vil då få ein større organisasjon internt i NHO med fleire kort å spele på og meir intern makt. B. KLP Det er stor frustrasjon ute i laga. Ein opplever dobbelfakturering og feil med oppdatering av tilsette m.m. Overgangen har teke lengre tid en forventa. NLT og Willis skal i møte med toppleiinga i KLP i mars. C. Studieforbundet Næring og Samfunn (SNS) SNS har sendt ut sin strategiplan 2014-2016 på høyring. Strategiplanen skal takast opp og vedtakast på årsmøtet til SNS. Styret meiner at det ser ut som våre interesser vert ivaretekne i strategiplanen, men administrasjonen ser over planen og fremmar eventuelle innspel. D. Brev frå Avløysarlaget Nord-Jæren Brevet gjeld saka om standardisering av medlemslaga. Avløysarlaget Nord-Jæren ynskjer ikkje at ei slik standardisering skal vera styrt sentralt frå NLT. Time Avløysarlag og Landbrukstenester Jæren har tilslutta seg brevet og kravet til Nord- Jæren. Sak 16/14 Eigenevaluering av styret Styret tok ein gjennomgang av arbeidet, møter med meir i styret. Referent: Romar Skeie Olsen..