Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-210 Objekt: Arkivsaknr 08/271 Lovlegkontroll av vedtak i H-sak 149/08 -Kvammaskulen - Ny skulestruktur ungdomstrinnet Samandrag: Kvam herad har motteke krav om lovlegkontroll i medhald av kommunelova 59, for vedtak i H-sak 149/08 Kvammaskulen - Ny skulestruktur ungdomstrinnet. Saka vart handsama i heradsstyremøte 11.11.2008. Kravet er sett fram innan fristen og er underteikna av 12 av heradsstyret sine 27 representantar. Lovlegkontrollen er knytt til: Saka er ikkje forsvarleg utgreidd, jfr kommunelova 24. Vedtaket bryt med FN sin barnekonvensjon. Vedtaket representerer brot på arbeidsmiljølova. Saka vart tatt opp til handsaming i strid med kommunelova 34. Saka vart oversendt advokat Heldal for uttale og han har i brev av 23.01.2009 gjeve tilbakemelding. Med bakgrunn i dei juridiske vurderingane frå Heldal finn ikkje rådmannen at det er grunnlag for å gjera om vedtaket. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Kvam heradsstyre meinar at vedtak i H-sak 149/08 Kvammaskulen - Ny skulestruktur ungdomstrinnet er eit lovleg gjort vedtak, og vedtaket vert oppretthalde. 2. Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd. 10.03.2009 Kvam heradsstyre Framlegg til vedtak frå Hallvard Totland, V: Heradsstyret legg til grunn at sak 149/09 ikkje er lovleg handsama og finn vedtaket ulovleg fatta slik at det må opphevast. Det vert særleg synt til krava i opplæringslova og FN`s Barnekonvensjon art. 3. Til artikkelen har Barneombudet uttrykt at saksframstilling i skulenedleggingssaker skal dokumentere at valgt løysing vil vera betre for borna.
Framlegg til vedtak frå Martin Vik, Sp: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Røysting vedr. framlegg frå Hallvard Totland, V: Framlegget fekk 12 røyster og fall mot 15 røyster Røysting vedr. framlegg frå Martin Vik, Sp: Framlegget fekk 15 røyster og vart vedteke 12 røysta mot HST-012/09 Vedtak: 1. Kvam heradsstyre meinar at vedtak i H-sak 149/08 Kvammaskulen - Ny skulestruktur ungdomstrinnet er eit lovleg gjort vedtak, og vedtaket vert oppretthalde. 2. Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd. Protokolltilførsel frå mindretalet på 12 i sak 12/09: Adv. Heldal skriv i si vurdering på s. 2 at «Formelt er det ikke truffet vedtak om lokalisering, og vedtaket er i sin form et prinsippvedtak om skolestrukturen, slik at kommunen for fremtiden har 2 ungdomsskoler. Det ligger likevel i kortene at de 2 fremtidige ungdomsskolene blir i Øystese og Strandebarm, som en konsekvens av de beslutninger som foreligger». Heldal som frittstående advokat og slik sett objektiv i forhold til saken startar si vurdering med å stadfeste at vedtaket inneber nedlegging av Norheimsund ungdomsskole (NUS). Altså et prinsippvedtak om nedlegging av NUS. Spørsmålet vert då kva som ligg i ordet «prinsippvedtak» og kva som er den juridiske skilnaden om det stod at «NUS vert nedlagd frå hausten 2009». Spørsmålet er relevant i høve diverse reglar i opplæringslova, særleg reglane om skulemiljøutvalet sin medbestemmelse, rett til løpande informasjon, rett til å kome med framlegg til vedtak og rett til å uttale seg om alle forhold som vedkjem skulemiljøet. Alle desse rettane skal vera på plass før vedtak vert fatta og skulle derfor vore på plass før 11.11.2008. Fylkesmannen vert beden om å drøfte problemstillinga. Rådmannen i Kvam har etter vedtak 149/08 og på grunnlag av dette førebudd ei oppfølgingsak for å reparere manglane ved saka. Saka er sendt på høyring til ei rekkje instansar. I den samanheng har Samarbeidsutvalet ved NUS (SU) kome med ei omfattande uttale der ulike manglar ved den etterfylgjande sakshandsaming er kommenetret. Kort oppsummert inneheld høyringssvaret fylgjande merknader: Økonomiske- og organisatoriske konsekvensar av vedtaket av 11.11.08 er etterlyst frå rådmannen, men etterlysningane ikkje etterkomne. SU tek atterhald om å fåkoma med ytterlegare merknader til saka når den er tilstrekkeleg utgreidd/opplyst. SU meiner det tradisjonelle klasserommet er den beste organiseringa av skulemiljøet, men høyringsbrevet inviterer ikkje til ein debatt om dette tema. Skulen ein vert invitert til er baseorganisert. Skuleeigar har gjennom 13-10 i opplæringslova eit særlig ansvar for å føre tilsyn med at krava i opplæringslova vert fulgt i kommunen sine skular. Med henvisning til opplæringslova 11-1a Skulemiljøutval ved grunnskular, krev SU at Kvam Herad
opprettar lovpålagde skulemiljøutval i tråd med krava i opplæringslova 11-1a 2. ledd. Dersom samarbeidsutvalet skal fungera som skulemiljøutval krev SU at skuleeigar og rektor ser til at samarbeidsutvalet fungerer i samsvar med lova. Det kan dei ikkje sjå at skuleeigar/rektor har gjort. Det er for få foreldre/elev-representantar i utvalet til at SU kan fungere som skulemiljøutval. Før vedtak om endringar i skulemiljøet vert fatta, må lovleg skulemiljøutval veljast. SU krev at framgangsmåten som fylgjer av opplæringslova 11-1 og 11-1a om brukarmedverknad, 8-1 og 8-2 om organisering av undervisninga og kapittel 9a om elevane sitt skolemiljø vert fulgt i saker som rører ved skulemiljøet. Av rettane som fylgjer av kapittel 9a trekkjer SU fram skuleeigar si informasjonsplikt om alle vesentlege endringar i skulemiljø, jfr. 9a-6. Kravet er at skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak. SU kan ikkje sjå at informasjonsplikta etter ova er oppfylt verken i vedtaket 11.11.09 eller i etterfylgjande sakshandsaming. Vidare har utvala rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet. SU framhevar at dette heller ikkje er på plass all den tid ein ikkje får informasjon om kva konsekvensar ndlegginga får for skulemiljøet. SU etterlyser opplysningar om kven som på grunn av «særleg farleg eller vanskeleg skuleveg» kan rekne med å få dekka skyss sjølv om skulevegen er under 4 km, jfr. Opplæringslova 7-1 fyrste ledd 2. punktum. Dette er heller ikkje omtala i høyringsbrevet frå rådmannen. SU gjer merksam på at dersom framgangsmåten etter opplæringslova ikkje vert følgd, vil kvar einskild elev ved skulen ha klagerett på vedtak som er fatta i strid med opplæringslova. Utover dette vert lagt til at Heldal uttrykkjer at debattar i lokalavisa er tilstrekkeleg som informasjon til utval slik opplæringslova føreskriv. Lova seier at det er skuleeigar si plikt å gje informasjon til utvala og ikkje debattantar i lokalavisa. Dette fylgjer av opplæringslova 9a-6, jfr. 13-1 fyrste ledd fyrste punktum. Utover dette handsamar Heldal ikkje lovlegklaga når det gjeld krava i opplæringslova. Når dette er påklaga, burde det etter juridisk metode også vorte teke opp og drøfta av advokaten. Dette er ikkje gjort. Reidar Tolo, H Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 08/19464 02.12.2008 Lovlegkontroll av Kvam heradsstyre Hallvard Totland m/fl sitt vedtak i sak 149/08 08/19464 02.12.2008 Vedlegg til lovlegkontroll 09/1812 26.01.2009 Skolesaken- Krav om lovlighetskontroll Adv Stiegler v/pål Heldal
08/16654 H-sak 149/08 - Kvammaskulen - Kvam heradsstyre- 11.11.2008 Sak 08/271- Ny skulestruktur ungdomstrinnet For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Etter kommunelova 59 pkt 4 skal ein ved Lovlegkontroll ta stilling til: 1. Om innhaldet i avgjerda/vedtaket er lovleg (dvs.skal ikkje vera i strid med lovverket) 2. Omavgjerda er gjort av det organ som har mynde til å gjera slike vedtak. 3. Om avgjerda/vedtaket er gjort på lovleg vis (rett prosess). Vedtak i H-sak 149/08 har følgjande ordlyd: 1. Kvam heradsstyre vedtar at det skal vere 2 ungdomsskular i Kvam herad frå hausten 2009. 2. Rådmannen legg fram sak om dei økonomiske og organisatoriske konsekvensar av dette. 3. Rådmannen gis fullmakt til å innarbeida innsparinga i budsjettet for 2009 Uttalen frå adv. Heldal ligg som vedlegg til saka, men er ikkje kopiert inn i saksframlegget. Det same gjeld krav om lovlegkontroll frå dei 12 representantane.