Innhold. Tekst og illustrasjon Ann Iren Austnes



Like dokumenter
Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Årsplan Kroppsøving 4. Trinn

SPENST, UTHOLDENHET OG STYRKE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

God skolestart. Oppfølgende helsefremmende tiltak etter ressursuke. Tilbud til skolene fra Stavanger kommunes fysioterapeuter

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Årsplan i kroppsøving 1. klasse

mmm...med SMAK på timeplanen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsplan for Hare November

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

I N N H O L D. Forord

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kom skal vi klippe sauen

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Sandeid skule SFO Årsplan

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

«Ny Giv» med gjetarhund

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Veiledning til læreplan i kroppsøving årstrinn

Vi lærer om respekt og likestilling

Utegym: Hauk og due Haien kommer Stiv heks Lenkesisten Per Sjuspring. Personlig hygiene: Samtale om viktigheten av å dusje etter gymtimen.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsbrev for Rosa september 2014

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Innebandy i skolen Innebandy i skolen, Sogn vgs, La Santa 2012

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

God skolestart. Oppfølgende helsefremmende tiltak etter ressursuke. Tilbud til skolene fra Stavanger kommunes fysioterapeuter

Valdres vidaregåande skule

Velkomen til Mork barnehage

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

INDIVIDUELL OPPLÆRINGSPLAN OG HALVÅRSRAPPORT Døme: TOR 1-3 klassing

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Til deg som bur i fosterheim år

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Årsplan for gym 2. trinn.

Periodeplan i fridrett (høst)

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Kva er økologisk matproduksjon?

Uke Eleven skal kunne Tema Aktivitet Utstyr Svømming Gym: Utføre varierte aktiviteter som bygger opp kroppen på ulike måter.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Pasning og mottak. Dempe ball med innersiden, evnt. sålen. Dempe med høyre/ventre ben om hverandre.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Tren til TineStafetten periodeplan vår

Transkript:

Tekst og illustrasjon Ann Iren Austnes Barneidrett er alle idrettsaktivitetar for barn i alderen 0-12 år. Målet med barneidrett er å gi barna ei moglegheit til å meistre ulike dugleikar. På denne måten kan ein leggje grunnlaget for ein framtidig iver til å drive idrett og fysisk aktivitet. I barneidretten er det viktig at ein ikkje set prestasjon foran læring og utvikling. Barneidretten skal leggjast opp på ein slik måte at hovedmålet er å stimulerer barna si fysiske og sosiale utvikling. Det å vere allsidig innanfor barneidretten er heilt sentralt. Aktivitetane bør tilretteleggjast slik at dei er med på å utvikle dei grunnleggjande motoriske dugleikane, slik som motorikk, rytme og balanse. Ikkje minst bør aktivitetane fostre barna sin fantasi og kreativitet. Idrett skal vere gøy! Barneidretten har tre utviklingsnivå: 1. 5-7 år. Her skal leik og allsidig aktivitet stimulere barna si utvikling og den dugleiken barna har. 2. 8-9 år. Dei allsidige aktivitetane skal vere med å hjelpe til ved opplæring og innføring i fl eire idrettsgreiner. 3. 10-12 år. Dette er aldersgruppa der ein kan starte med å spesialisere seg innanfor ei eller fl eire idrettsgreiner. Idrett for barn femner over alle tre utviklingsnivåa. Difor er ein del av øvelsane enkle, medan andre er meir krevjande. Idrett for barn spesialiserer seg ikkje på ei einskild idrettsgrein, sjølv om ein del av øvelsane kan vere nokon lunde bygd på same prinsippet, i staden har vi til dømes rompebasket og kanonball. For at det skal vere muleg å halde 20-40 barn i aktivitet deler vi Idrett for barn i tre delar. To fellesøkter der alle, inklusiv instruktørane, er med og ei gruppeøkt der alle barna er delte inn i fi re grupper. Den første fellesøkta nyttar vi som ei slags oppvarming. Her varmar vi opp med til dømes stiv heks eller kassearerobic. På denne måten får barna bruke litt energi, samtidig som den verste støyen får legge seg. Den andre fellesøkta brukar vi til avslutning. Under gruppeøkta deler vi salen inn i fi re stasjonar, med ei gruppe og to instruktørar på kvar stasjon. Ved å ha to instruktørar på kvar gruppe unngjeng vi konkurrering blant barna, samtidig som instruktørarane får tid til å fylje opp kvar enkelt. Ved hjelp av ei eggeklokke, som ringer kvart sjette mimutt, roterer gruppene med sola. Etter ei runde på stasjonane ryddar vi saman ein del av utstyret før vi fortsetter med fellesaktivitetar. Ein del av øvelsane og aktivitetane vi utøver på Idrett for barn kan ein sjå ved å fl ytte musemarkøren bort på knappane Felles og Grupper. Felles viser øvelser/leikar som ein kan nytte når alle er samla, medan Gruppe viser øvelsar/ leikar som ei gruppe av barn kan holde på med. Innhold Stiv heks Klokka Kasseaerobic Fallskjerm Stolleiken Haien kjem Rompebasket Hauk og due Ringer Tarzan Tarzan-løype Hest og kjerre Hoppetau Høgdehopp Gorillagange Lengdehopp Styltrer Tau-draging Ball-kasting Sile på tjukkas

Stiv Heks Stiv heks går ut på at person 1 skal springe etter person 2. Dersom person 1 tek borti person 2 på ein eller annan måte og seier Stiv heks skal person 2 stå heilt stille med vide bein. Når ein annan person kryp under føtene til person 2 er denne fri til å springe på nytt. Målet med denne leiken er at person 1 som tek (eller fl eire, alt etter kor mange som er med i leiken), skal prøve å ta alle slik at det berre er han igjen. Stiv Heks Stiv heks er ein artig leik som vi ofte brukar på Idrett for barn. Både barn og voksne er med å leikar og bytter på å ta. Denne leiken er veldig slitsom og ein bør difor bytte ofte på å vere den/dei som tek. For at vi skal sjå skilnaden på kven som tek og ikkje kan det vere lurt å dele ut vestar/band eller liknande til den/dei som tek. Klokka Denne leiken er veldig populær på Idrett for barn, og er ei anna utgåve av det vi kallar sisten. To og to legg seg ned på golvet, med ca. ein meter i avstand til det neste paret. Desse dannar tala i ei klokke. To stykker blir ståande. Desse to skal no jakte på kvarandre. Person 1 skal prøve å ta person 2, før denne personen legg seg ned ved eit av para slik at desse no er tre stykker. Klarar person 2 å leggje seg ned før person 1 tek han, må den personen som ligg yst røyse seg opp og kome seg unna person 1. Slik foregår jakta vidare. Klokka Når ein held på med ein slik leik kan det ofte skje at ikkje alle får springe eller at takaren blir heilt utslitt. På Idrett for barn har vi difor gjort ein avtale med barna. Alle skal få springe, ein skal ikkje springe alt for lenge slik at det blir lenge å vente og at blir takaren sleten er det greit å bytte med den som blir jakta på. Dette har fungert greit, men av og til har vi som instruktørar bedt barna om å huske å bytte.

Kasseaerobic Kasseaerobic Kasseaerobic er eigentleg ein litt misvisande tittel, sjølv om denne aktiviteten er bygd på det same prinsippet, men her skal alle ha kvar sin ball.. Ein av instruktørane skal no fungere som ein aerobicinstruktør og ved hjelp av musikk vise øvelsar. Det er viktig å starte enkelt med rørsler som barna veit dei får til. Stilleståande jobbing er ein ide. Etterkvart som ein får varme i kroppen kan ein gå vidare med sparke til ballen medan ein held ballen i hendene (som vist på bilete). Ein kan legge ballen still og hoppe over den i takt med musikken, sprette med ballen, løfte foten medan ein sprett ballen under foten eller hinke på ein fot. Her er det berre å bruke fantasien! Kasseaerobic er ein øvelse som Idrett for barn brukar til oppvarming. Til musikk brukar vi ein sang med litt tempo i og ei fin rytme. Til dømes Westlife-Uptown girl.

Fallskjerm Ved hjelp av ein fallskjerm kan barna utvikle god motorikk. Både barn og instruktøar fordelar seg rundt fallskjermen. På signal byrjar alle å løfte fallskjermen får så å drage den ned. Fallskjermen vil då danne i fi n bue. Når fallskjermen er på veg opp ropar den eine av instruktørane ein farge, til dømes blå. Alle dei som då held i ein blå del på fallskjermen slepp taket i fallskjermen og spring under den. (Her kan det fort bli kaos, men som oftast går det bra.) Så fortsetter ein med dei andre fargane. Fallskjerm Ein kan og dele personane rundt fallskjermen i to grupper. Så hiv ein opppå fallskjermen ein eller to badeballar. Ved hjelp av å lage rørsler i fallskjemen er det om og gjere å få badeballane til å falle ut av fallskjermen. Denne aktiviteten er veldig populær på Idrett for barn. Barna spør etter den kvar gong. Alle er med på aktiviteten og den er god trening til å utvikle både konsentrasjon og motorikk. Samtidig er den artig. Som avslutning på denne øvelsen har vi på Idrett for barn brukt å heve fallskjermen får så å gøyme oss under den. Vi bli då alle setande inni fallskjermen med eit stort smil.

Stolleken Stolleken Stolleiken er ein kjent og kjær leik, som ofte blir nytta i selskap. Alle som deltek i denne leiken skal ha kvar sin stol, forutan ein person. Stolane skal stå rygg mot rygg, slik at dei som deltek skal gå/ springe rundt stolane til musikk. Når musikken stoppar er det om og gjere å fi nne seg kvar sin stol. Personen som ikkje fi nn seg ein stol er ute av leiken. Etterkvart som ein person går ut av leiken tek ein og ut ein stol, slik at der alltid er ein stol mindre enn personar. På Idrett for barn er der så mange barn og instruktørar at vi deler stolleiken i to grupper. På denne måten bruker vi mindre tid, samtidig som vi kan skilje dei største barna frå dei minste. Det er stor skilnad på ein 1. og 4. klassing og det kan difor vere lurt å, av og til, skilje dei på denne leiken. Haiene kjem Haiene kjem I Haien kjem deler ein opp barna i fire grupper, med unntak av ein hai og ein som skal leie leiken (helst ein instruktør). Dei fi re gruppene skal stå i kvart sitt hjørne i gymsalen. Kvar gruppe skal ha eit fi skenamn, til dømes laks. Haien står midt i gymsalen, gjerne opp på ei matte som markerar hans/hennar territorium. Leiaren ropar eit fi skenamn etter det andre. Når gruppa laks blir ropt opp skal den springe rundt haien heilt til leiaren ropar Haien kjem. Då må alle i denne gruppa springe heim til hjørnet sitt. Klarar haien å ta borti nokon, må denne personen vere hai saman med den fyrste. Etterkvart vil fi skane bli mindre og haiane fl eire. På Idrett for barn er denne leiken veldig populær. Det er alltid spennande å sjå kven som blir verande igjen til slutt. Sidan vi på Idrett for barn er åtte instruktørar deler vi oss på fire. På denne måten er også instruktørane med, noko barna synes er kjempegøy. Som oftast er ein av instruktørane hai, medan ein av dei andre styrar leiken. For å ikkje slite barna ut heilt med å springe rundt haien, tek vi ofte berre ei, to eller tre av gruppene. På denne måten får barna ei lita pause mellom kvar gong.

Rompebasket Rompebasket er ein ny vri på basketball. For barn i alderen 6-10 år er det ofte vanskeleg å treffe basketballkorga oppe på veggen. Denne leiken er difor lagt på golvnivå. Som korg nyttar ein ein rockering som er støtta opp av to stolar. Rompebasket Alle som deltek skal ha rompa i golvet. Ingen får røyse seg opp. Skal ein kome seg frå det eine målet til det andre må ein nytte hendene og føtene for å forfl ytte seg. Ballen kan leggjast på fanget når ein forfl yttar seg. Det er ikkje lov å slå ballen ut av hendene på personen som held ballen, men ligg ballen på fanget kan ein godt ta/ slå den vekk. Sjølve reglane er ikkje så viktig. Det viktigaste er å ha det gøy! På Idrett for barn deler vi salen i to baner. Dette gjer vi ved å setje to benkar på langs midt i gymsalen. Sidan det er stor forskjell mellom ein 6 åring og ein 10 åring, brukar vi å la dei to yngste årsgruppene og dei to eldste årsgruppene å spele mot kvarandre med blanda lag. På den yngste gruppa brukar vi og å støtte rockeringen opp ved hjelp av stolseta og ikkje stolryggen. På denne måten blir det enklare å treffe korga. Ein instruktør er med på kvart lag. Det eine laget, på kvar av banene, har vest på seg, slik at det er lett å kjenne igjen lagkameratane. I tillegg til ein instruktør på kvar av banene er dommaren på kvar av banene også ein instruktør. Til tider kan det gå ganske røft for seg og det er difor lurt å la ein ikkje-deltakande person bestemme kast og antall mål.

Hest og kjerre Hest og kjerre Hest og kjerre er ei øving som forutset at ein har matter (gjerne teppeprøver, snudd opp ned). Desse mattene skal nemleg vere glatte slik at ein kan gli på dei. Ein treng også hoppetau. Barna går saman to og to. Den eine set seg ned på matta (kan og stå på huk) med eit hoppetau i hendene, medan den andre står. Hoppetauet skal den som set ha rundt den som står (som ein sele). Den som står tek tak i hoppetauet og startar å springe. Den som set på bak må halde godt fast i tauet. Ei anna øving med mattene er å late som ein er skøyteløpar. Då nyttar ein ei matte på kvar fot. Dette er ei artig øving på Idrett for barn. Det kan til tider gå ganske fort for den som set på, men det er berre kjekt. I denne øvinga er det veldig viktig at ein huskar å bytte på kven som set og kven som spring. Det er tungt for dei som spring, så dei blir difor fort trøytt og lei. Sjølv om mange av barna har ulik storleik har det vore slik på Idrett for barn, at dei likevel skal prøve å drage både større og mindre barn enn seg sjølv. Kommentarar som han er for tung har vi aldri fått. Ser vi derimot at det er store skilnadar på barna i para brukar instruktørane å ta over litt av draginga. På denne måten får alle gleda av å vere den som blir drege avgarde. Hauk og due Hauk og due Hauk og due er ein gammal klassiker. For å leike denne leiken treng ein null utstyr. Alle som deltek, forutan ein person, samlar seg i den eine enden av gymsalen. Desse er duene. Hauken står midt i gymsalen. Når han/ho ropar Alle mine duer, kom ut! skal duene springe frå den eine enden til den andre (endane er gjerne markerte med ein blå strek). Dei som bli tatt borti av hauken skal frå no av vere hauk sjølve. Dette foregår til alle duene er tatt. På Idrett for barn er dette ein av oppvarmingsøvingane. Dersom det er over tjue barn på Idrett for barn denne dagen brukar vi to eller tre haukar (alt etter antall barn). Vi køyrer denne leiken to eller tre gongar før vi går vidare til stasjonane. Den aller siste gongen er det alle instruktørane som er haukar. Sjølv om vi er åtte stykker er det alltid ein del av barna som kjem seg gjennom.

Tarzan løyper Denne øvinga er ei forlenging av Tarzan-øvinga. Den startar på same måten, men fortsetter med andre utfordringar. Etter at barna har slengt seg ned på tjukkasen må dei vidare ved å balansere på to benkar som står etter kvarandre, med den minste sida opp. Etter benkane må barna gjennom tre hindringar med rokkeringar. To av rokkeringane er støtta opp av to stolar. Den fyrste rokkeringen er støtta opp av to stolryggar. Den er difor ganske høg. Barna skal her gå under rokkeringen og røyse seg opp i den, bøye seg ned og gå ut av den, utan å vere borti rokkeringen. Den neste rokkeringen er støtta opp av to stolsete. Denne rokkeringen skal barna gå nedi og ut att utan å røyve rokkeringen. Den tredje rokkeringen er knytt fast, ved hjelp av hoppetau, til høgdehoppstativet. Barna skal her kome seg gjennom rokkeringen, som er i ei viss høgde, utan å kome borti ringen. Så gjeng barna opp på spenstbrettet og hoppar frå rokkering til rokkering, som ligg på golvet, til dei når mattene. Her skal dei anten stupe kråke eller rulle rundt til dei når enden av mattene. Tarzan løyper Denne øvinga nyttar vi på Idrett for barn både som gruppeøving og fellesøving. Dei gongane oppmøtet er svært lavt kan vi byggje ut løpa slik den går over heile salen. Barna møter då utfordringar heile vegen samtidig som ein av instruktørane er med og ser om dei meistrar alle utfordringane. Som gruppeøving køyrer vi øvelsen som forklart ovanfor, men vi bytter ofte ut ei utfordring med ei anna slik at barna heile tida får noko å strekke seg etter.

Tarzan Tarzan Tarzan er ein øvelse som refererer til teikneseriefi g- uren Tarzan. Ved hjelp av tau skal barna slenge seg frå bukk til bukk og til slutt ned på tjukkasen. Her er det viktig at barna held seg fast i tauet. Ein instruktør vil fylje barnet medan han/ho slenger seg frå tau til tau. Barnet må passe på at han/ho held langt oppe på tauet. På denne måten blir det enklare når barnet møter bukkane. Etter den sisten bukken tek barnet tak i eit tau og slenger seg ned på tjukkasen. Denne øvelsen er ein av dei mest populære på Idrett for barn. Her får barna utfolde seg slik dei vil. Nokre av barna lagar også tarzan-lydar når dei slenger seg frå tau til tau. Etterkvart som barna meistrar øvelsen meir og meir legg vi inn hindringar, men berre for dei som vil. Dette gjer vi ved til dømes at ein av instruktørane set seg på bukk nummer 2 eller 3 og let barna svinge seg rundt instruktøren eller rett og slett rundt heile bukken. Høgdehopp Høgdehopp Høgdehopp er ein meget utfordrande øvelse. Ein skal ikkje berre hoppe over ei list i ei viss høgd og lande på ein tjukkas, men ein skal og springe mot lista og hoppe over lista med ryggen til bakken. For å få dette til treng ein trening. Denne øvelsen er vanskeleg for barn og voksne i alle aldrar. Skal ein meistre dette bør ein ha koordinasjonen i orden og ein god del mot. Mot er noko alle barna på Idrett for barn har mykje av. Dei er ikkje redde for å prøve nye ting, men dei er heller ikkje dumdristig. I denne øvelsen ber vi barna om å ta det med ro. Det er ikkje om å gjere å kome fortast muleg fram til lista, men å kome rett på lista. For at ikkje barna skal skade seg, brukar vi eit plastikkband som list. I byrjinga har vi lista så lavt at alle kjem over den.

Ball kasting Ball-kasting er ei øving som ein kan nytte for å trene koordinasjon og ikkje minst; det å kaste ein ball. Ball kasting Øvinga er ganske enkelt oppbygd. To rokkeringar er knytt opp, ved hjelp av hoppetau, på høgdehoppstativet. Rokkeringane er plassert slik at barna skal ha moglegheit til å treffe båe to, ein lav og ein høg. For at barna ikkje berre skal stå og kaste ballen på rokkeringane er det lagt opp til ei lita løype. Denne er markert ved hjelp av kjeglar. Barna startar med å sprette ballen mellom desse kjeglane til dei kjem til den siste. Her skal dei stoppe opp, sikte på rokkeringane og kaste ballen. Målet er å treffe ein av rokkeringane. Eit godt tips: Varier ballstorleiken etter storleiken på barna! Mange av barna på Idrett for barn kan ikkje å kaste ein ball. Dei fl este spelar fotball, men sidan dette ikkje er ein idrett der ein kastar mykje er det få som meistrar denne teknikken. I denne øvinga er instruktørane veldig sentrale. Det er viktig at dei viser barna korleis dei både skal sprette ballen og korleis dei skal kaste. Mange av barna vil gjerne klare det meste sjølve, men ser ein at måten dei gjer ting på ikkje er rett, bør ein ikkje vere redde for å setje ned foten og seie at slik skal det gjerast. Barna er tross alt der for å ha det gøy og å utvikle seg.

Gorillagange Gorillagange Gorillagange er ein øvelse som handlar mykje om balanse. I denne øvelsen startar barna med å gå oppover ein benk som ein gorilla. Med det meiner vi at barna har både føtene og hendene på benken, slik at ein krommar seg som ein gorilla. Når ein har nådd toppen av benken tek ein tak i ribbeveggen og går bortover mot den neste benken. På denne benken skal ein sile ned på matta. Her er det viktig å ha hendene festa til benken bak ryggen. Ein vil då ha betre balanse. Etter å ha landa på matta skal ein igjennom svartål. Dette er eit sceneteppe lagt over mange stolar, slik dei dannar eit rør.her skal barna, i mørket, krype mellom stolane og ut på den andre sida. For å meistre denne øvelsen er det viktig at barna tek det med ro. Det er og viktig at instruktørane fylgjer med og hjelper dei som treng det. På Idrett for barn er vi opptatt av sikkerheit. Vi legg difor mindre matter rundt benkane slik at dersom eit barn skulle falle treff dei ikkje golvet direkte. Hoppetau Hoppetau Hoppetau er ein gammal klassiker som aldri gjeng ut av moten. For at eit barn skal meistre det å hoppe tau treng han/ho god koordinasjon. Einaste måten ein kan få dette på er ved å øve. Ein kan hoppe tau på mange måtar. Dei to mest brukte er ein og ein med kvar sitt tau, eller mange med eit tau. Når ein er mange på eit tau, er det to som sveiver tauet. Dei som hoppar bruker gjerne regler medan dei hoppar. På denne måten treng ein ikkje å hoppe og hoppe til ein gjeng ut, men ein sluttar når regla er over. Døme på regler er Klokka og Bamse bamse. Denne øvelsen kan vere veldig lett for somme og veldig vanskeleg for andre. Ein må her både fylgje med tauet og når ein skal hoppe. På Idrett for barn blir denne øvelsen nytta gruppevis. Ein får på denne måten betre tid til å eventuelt hjelpe dei som ikkje får det til, samtidig som ein kan få alle inn i tauet på ein gong.

Ringane Ringane er svært vanskelege for barn i alderen 6-10 år. For å kunne hanskast med ringane treng ein ei viss styrke og spenst. Dei fl este ringane i små gymsalar er gøymt i taket. Sjølv om ein senker desse så langt det går vil det likevel vere ein viss avstand frå golvet og opp til ringane. Så for mange barn kan det vere veldig vanskeleg å både kome seg opp til ringane og til å kunne gå rundt sin eigen akse. For dei barna som både har spenst og koordinasjon kan det vere veldig enkelt. Det er difor viktig at alle barna får dei same mulegheitane. Kjem ein seg ikkje opp på eiga hand, får ein hjelp til det av ein instruktør. Kjem ein seg opp og rundt treng ein nokon som kan gi ein idear på kva anna ein kan gjer. Ringane På Idrett for barn er dette ein av dei vansklegaste øvelsane som barna er med på. For mange er det både vanskeleg og tungt å drive med ringane. Vi som instruktørar må difor heile tida vere der for å hjelpe dei med både å kome seg opp på ringane, men og for å skryte av dei. Det å få ros er noko alle veks på og i barneidrett er dette viktigare enn noko anna. Barna treng å få vite at det dei gjer er bra samtidig som dei er stolte av seg sjølv. Lengdehopp Lengdehopp er ei øving som trenar opp spenst, balanse og motorikk. Denne øvinga kan gjerast på to måtar. Den fyrste er utan spenstbrett, altså stille lengde. Barna står ved sidan av ei matte. Dei svingar med hendene samtidig som dei bøyer knea. I det hendene er på veg fram og knea opp, hoppar dei med samla føter fram på matta. Lengdehopp Den andre måten er ved hjelp av spenstbrett. Barna må fortsatt svinge armane samtidig som knea går ned. I det armane er på veg fram og knea opp hoppar barna, med samla føter, fram på matta. Sidan det er spenstbrett i denne øvinga bør ein ha to matter istaden for ei. Denne øvinga krev mykje av barna, men er og ganske grunnleggjande for kroppsmeistring til barna. På Idrett for barn er dette ei øving som går igjen ofte, men i ulike former. Instruktørane må vere ganske konsekvente i korleis øvinga skal utførast. Får barna styre sjølv, utan rettleiing, kan øvinga verte svekka.

Stylter Stylter Styltrer er ein vanskeleg, men veldig effektiv måte å trene både balanse, motorikk og koordinasjon. Barna legg styltrene litt på skrå og held hendene rundt dei. Så stig dei opp på den eine styltra, medan dei sparkar frå med den andre foten. I det dei løftar seg frå golvet, set dei den andre foten opp på den andre styltra. For at dei ikkje skal dette ned med det same er det viktig at dei løftar venstre fot og venstre hand (medan dei held i styltra) samtidig. Dei fl yttar så den venstre styltra, saman med resten av kroppen, framover. Etter å ha satt ned den venstre styltra, må dei løfte høgre fot og høgre hand samtidig. Akkurat sompassgang! På Idrett for barn har vi kjøpt inn seks par styltrer. Desse er laga i tre forskjellege storleikar, slik at barna, uansett alder og storleik, skal ha moglegheit til å gå på dei. Det vanlege med styltrer er at ein skal gå utandørs, men på Idrett for barn har vi ordna det slik at ein og kan nytte dei innandørs. Ved å feste ein liten teppebit (med den glatte sida opp) under styltrene vart styltrene mindre glatte. Denne øvinga er ikkje lett, korkje for instrukrørar eller barna. Vi har difor gjort det slik at to av instruktørane er med å held dei som øvar seg. Sidan der er mellom seks og ti barn på kvar gruppe må barna prøve sjølve, men vi prøvar heile tida å hjelpe alle. Når vi har ein del foreldre på besøk nyttar vi desse til å hjelpe å halde barna.

Tau-draging Tau-draging er ei øving der ein trenar både koordinasjon pg motorikk. Tau-draging Eit godt, tjukt tau blir strekt over salen slik at det ligg ca. ein meter over golvet. Barna legg seg ned på ryggen for så å ta tak i tauet med hendene. Føtene legg dei opp på tauet. Dei skal no forfl ytte seg over salen ved hjelp av hendene og føtene. Hendene skal fl yttast etterkvarandre, som om dei skal gå opp ein stige. Føtene skal henge laust, og dragast etter. På Idrett for barn er dette ein av øvingane som vi nyttar blant stasjonane. Ein del av barna kan ha litt problem med å fl ytte hendene etter kvarandre, men med litt øving kjem dei fl este seg raskt. For at øvinga ikkje skal vere altfor statisk, brukar vi ofte å endre litt på korleis barna skal kome seg over salen. Ein måte kan vere å sete rett opp og ned, med blikket framover, og berre drage seg framover. Hendene utfører då den same prosessen, men barna opplever den på ein annan måte. Sile på tjukkas Sile på tjukkas er ei øving som er god trening på å klatre og å våge litt. Sile på tjukkas Tjukkasen er støtta opp av to benker. Desse er festa i ribbeveggen. Tjukkasen ligg opp på benkane. Sjølve tjukksen er og festa, ved hjelp av hoppetau, i ribbeveggen. Barna klatrar opp i ribbeveggen. Derifrå kryp dei over på tjukkasen. Så slenger dei seg ned tjukkasen og lander på matta, som virkar som ein støtdempar. Denne øvinga er ganske populær på Idrett for barn. Barna kan utfalde seg slik dei vil på tjukkasen. Dei kan sile ned på rompa, på ryggen, med hovudet ned, rullande eller alt dei kjem på. Kanskje det mest vansklege med denne øvinga er å kome seg frå ribbeveggen til tjukkasen. For nokre av barna er dette nifst, og det kan difor ta litt tid frå dei klatrar opp til dei er klar til å slie ned. Det er her viktig at ein ikkje masar på barnet. Dersom ein gjer det kan barnet fort bli stressa og ikkje våge seg over på tjukkasen. Ser vi at eit av barna nølar, snakkar vi med det og forklarar at ein av oss alltid står ved sidan av. På kvar side av tjukkasen fi nn ein ein instruktør. Desse står der for å passe på at ingen dett av eller for å gi fart til dei som vil det.