saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 19.02.2018 16296/2018 Helge Aarset Saksnr Utval Møtedato KF 14/18 Kultur- og folkehelseutvalet 14.03.2018 2018 - Tilskot til kulturminne i verdsarvområdet. Forslag til prioritering av innkomne søknader og tiltak Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler kvart år tilskot til verdsarven frå statsbudsjettet kapittel 1429 post 79. I ein rapport til Riksantikvaren 12.januar har fylkeskommunen meldt eit samla tilskotsbehov i 2018 på i alt 1 350 000 kroner. Riksantikvaren har 7.mars har løyvd 1 000 000 kroner til verdsarvtiltak i 2018. I tillegg har Riksantikvaren gitt ei lovnad på 500 000 kroner for 2019. Fristen for å søkje tilskot i 2018 vart sett til 15. oktober 2017. Året før var fristen 15. august. Vi registrerte at det var uheldig med frist så langt i forkant av tildeling og rett etter sommarferien, og fristen vart endra. Innan fristen mottok vi to søknader om tilskot frå verdsarvmidlane, begge frå Storfjordens Venner på vegne av eigarar i verdsarvområdet. Det lange og gode samarbeidet som vi har hatt med Storfjordens Venner gir tillit til dei prosjekta som foreininga har vald å prioritere no: Løe på Litlesetra Murar til våningshus i Smogeli Vi har parallelt med desse mottatt ein søknad om tilskot frå den fylkeskommunale tilskotsordninga til eit tiltak som ligg i verdsarvområdet og som derfor kan søkje verdsarvmidlar. Søknaden har vorte flytta over til saka som gjeld statsbudsjettet, men denne har ikkje kome med i rapporteringa til Riksantikvaren: Ørjasæternaustet i Geiranger Det låge talet på søknader dette året har truleg samanheng med at fylkeskommunen i 2017 kunne tildele tilskot som innebar at både nye og pågåande prosjekt vart finansiert fullt ut det året og kan avsluttast med grunnlag i 2017- løyvingane. Søknadene i 2018 gjeld såleis nye prosjekt. I tillegg til innkomne søknader ser vi behov for finansiering av desse tiltaka: I det freda gardsanlegget på Møll har det oppstått eit prekært behov for å sikre murar i terrenget. Nødvendige tiltak kan finansierast med midlar både frå post 71 (freda bygg og anlegg) og 79 (verdsarv) i statsbudsjettet kapittel 1429.
Det er behov for ein kulturvernforvaltar knytt til verdsarvområdet både for tilsyn og vedlikehald. Tilskot frå post 79 kan nyttast i eit spleiselag for å finansiere ei slik stilling. Vi ser også eit behov for å gjennomføre ei registrering for å få betre oversikt over gamle murar etter bygningar i verdsarvområdet. Nærare om prosjekta og tilskotsbehovet Gbnr. 96/2, Stranda kommune, Litlesetra på Åkerneset, løe Eigar: Leif Petter Åkernes Søkjar: Storfjordens Venner Total kostnad: 729 763 kroner Søknadssum: 640 000 kroner Litlesetra var eit av i alt fire bruk i Åknesgrenda. Tunet ligg om lag 170 meter over havet mellom Me-Åkneset og Ytste-Åkneset som begge har fått gjennomført prosjekt i regi av Storfjordens Venner. Litlesetra vil såleis vere ein del av bevaringa av eit grendemiljø med tre attverande bruk. Det er berre på Me-Åkneset og Litlesetra at løene står att framleis. Storfjordens Venner har under gjennomføring eit prosjekt på våningshuset på Litlesetra. Dei vil halde fram med rydding kring dette tunet. Løeprosjektet vil vere ei komplettering av innsatsen deira på garden. Løa ligg tverrstilt i landskapet. Inste enden er bygd inn til ein hellar og har fjellet som tak. Løa er grindbygd på tørr natursteinsmur. Taket er tekt med bølgjeblekk. Bygningen har fleire særlege handverksmessige detaljar. Grunnmuren er i ferd med å gli ut. Delar av denne må demonterast og murast opp att. Det er mykje skade i trebygningen både i berekonstruksjon, sperrer, taktro, golv, dører, kledning og innreiing. Det er delvis behov for å skifte ut delar av trekonstruksjonen. Elles må material skøytast og reparerast. Løeprosjektet skal startast opp i 2018 men vil strekkje seg over fleire år. Gbnr. 79/1, Norddal kommune, Smogeli, husmurar og terrengmurar Eigar: John Inge Smoge Søkjar: Storfjordens Venner Total kostnad: 492 000 kroner Søknadssum: 370 000 kroner Tunet i Smogeli med våningshus og løe ligg om lag 350 meter over havet i svært bratt terreng. Saman med gardane Inste og Ytste Smoge lenger nord er dette ei eiga grend. Våningshuset i ein og ein halv etasje frå 1896 er godt vedlikehalde, men den eldste delen av muren under huset har alvorleg setningsskade. Det er ikkje gravd ut bak denne delen av muren. I den andre delen av huset der det er kjellar, er grunnmuren i bra stand. Det eine hjørnet på huset må jekkast opp, husmuren demonterast og jordmasse må fjernast. Berekonstruksjonen skal forsterkast med kraftig bjelke og stav før muren byggast opp att. Det er også skade på terrengmurar både ovanfor og like nedanfor huset. Muren på nedsida skal reparerast og styrkast ved å nytte utrasa stein til å legge opp ny mur på utsida med god halling innover. Ovanfor huset skal det i første rekkje ryddast og muren stellast til. Det er avgjerande for bevaring av bygningen at grunnmuren blir sett i stand. Terrengmuren på nedsida ligg svært nær huset, og terrenget fell bratt unna. Det er
noko usikkert i kva grad denne muren stabiliserer grunnmuren for huset, men det synest i alle høve riktig å gjennomføre heile prosjektet slik det blir søkt om. Dette prosjektet skal utførast i 2018 og er avhengig av full finansiering dette året. Gbnr. 112/1, Stranda kommune, Møll, terrengmurar Eigar: Anette Synneva Møll Total kostnad: 450 000 kroner Tilskotsbehov: 225 000 kroner Heile Mølltunet er freda etter kulturminnelova 19. Ein terrengmur innanfor det freda området og like ovanfor Ørnevegen er i ferd med å rase ut. Det vart hausten 2017 avdekt eit prekært behov for å stabilisere og sikre denne av omsyn til tryggleik for trafikkantar på vegen. Muren må takast ned, grunnen må reinskast før steinane blir murt opp på nytt på underlag av pukk. Det er aktuelt å sikre steinane med boltar. Det er nødvendig å bruke tungt maskinelt utstyr i arbeidet. Det blir tatt sikte på å finansiere nødvendige tiltak som eit spleiselag med 50 prosent løyvd frå fylkesmannen si landbruksavdeling og 50 prosent frå statsbudsjettet kapittel 1429. Gbnr. 118/1, Stranda kommune, Ørjasæternaustet i Geiranger Eigar: Oddvin Ørjasæter Total kostnad: 141 000 kroner Søknad: 70 000 kroner Ørjasæternaustet er ein av bygningane i naustrekkja i Geiranger sentrum. Bygningsmiljøet er verna i reguleringsplan, og nausta er mellom dei som fylkeskommunen finansierte ein tilstandsrapport for i 2005. Det mest prekære tiltaket i søknaden er reparasjon av taket med utskifting av nokre sperr og taktro og omlegging frå bølgjeblekk til torvtekking. Det er også behov for reparasjonar og noko utskifting av material i veggar og golv. Ørjasæter søkjer om 50 prosent tilskot, men tilskotsgrunnlaget må reduserast noko sett i høve til finansieringsplanen. Ørjasæter har planar om innvendig tilrettelegging med vatn og avlaup for å kunne drive næringsverksemd i bygget. Han er budd på at eit tilskot ikkje vil tilsvare søknadssummen. Kulturvernforvaltar knytt til verdsarvområdet Tilskotsbehov: 50 000 kroner Det blir arbeidd med å opprette ei stilling som kulturvernforvaltar for tilsyn og vedlikehald av bygningar og kulturlandskap i verdsarvområdet. Vi reknar at stillinga på årsbasis vil koste om lag 1 000 000 kroner. Stillinga er tenkt finanisert gjennom eit spleiselag, mellom kommunar, fylkesmann, fylkeskommune, venneforeining, Riksantikvaren og andre. Det er mål om oppstart frå 01. juli 2018. det er høve til å bruke ein mindre del av tilskotsposten til tiltak i verdsarvområdet til dette. Samla behov fom er meldt inn til Riksantikvaren er medfinansiering inn til 10 prosent av berekna kostnad av ei slik teneste, per i dag 100 000 kroner. Registrering av bygningsmurar i verdsarvområdet: Tilskotsbehov: 65 000 kroner Vi har det siste året behandla fleire saker som gjeld bygging på gamle bygningsmurar der huset elles er borte. Føresegnene til landskapsvernområdet inneber ei klart restriktiv haldning til slike byggeprosjekt. Men lokalt kan innstillinga
vere at folk med tilknyting til plassane får høve til å opphalde seg, rydde og bruke stadene. Det er behov for ei betre oversikt over omfang og kva som finst av slike kulturminne. Storfjordens Venner har også peika på dette behovet, og vi har drøfta gjennomføring av eit registreringsprosjekt med dei. Ei viss klassifisering vil vere ein styrke i forvaltinga av denne delen av kulturarven i verdsarvområdet. Vi ser for oss ei opplisting og kartfesting basert på tilgjengelege data (SEFRAK) og innhenta lokalkunnskap (Storfjordens Venner). I tillegg vil det ganske sikkert vere behov for å gjere nokre synfaringar. Arbeidet må utførast som eit engasjement. Vurdering Prosjektet i Smogeli er avhengig av fullt tilskot dette året og må etter vårt syn prioriterast. Løeprosjektet på Litlesetra kan delfinansierast i år, og det vil vere høve til å søkje vidare finansiering i 2019. Tilskot til murane på Møll er ikkje lagt inn i innstillinga til fordeling av tilskot frå post 71 til freda bygg og anlegg. Vi tilrår å bruke midlar frå post 79, verdsarvtilskot, til dette prosjektet i år. Istandsetting av Ørjasæternaustet skal skje i 2018. Eit tilskot til dette prosjektet vil vere relativt lite. Vi tilrår tilskot i 2018, men tilskotet blir redusert i høve til søknaden med bakgrunn mellom anna i bygningen sin nytteverdi og reelt tilskotsgrunnlag. Det er dokumentert eit behov for ein eigen ressurs til å føre tilsyn og vedlikehald av bygningar og kulturlandskap i verdsarvområdet. Tildelinga føresett at også dei andre partane forpliktar seg til prosjektet. Behovet for å registrere gamle bygningsmurar i verdsarvområdet er ikkje prekært. Prosjektet kan takast opp att neste år. Vi foreslår desse tilskota frå Riksantikvaren si løyving i 2018: Løe på Litlesætra, Åkerneset i Stranda kommune: Hus- og terrengmurar i Smogelia i Norddal kommune: Terrengmurar på Møll i Stranda kommune: Ørjasæternaustet i Geiranger i Stranda kommune: Kulturvernforvaltar knytt til verdsarvområdet: Tilskot i 2018: 305 000 kroner 370 000 kroner 225 000 kroner 50 000 kroner 50 000 kroner 1 000 000 kroner Vi tilrår slik fordeling av Riksantikvaren si førehandsløyving for 2019: Løe på Litlesætra, Åkerneset i Stranda kommune: Registrering av bygningsmurar i verdsarvområdet: Kulturvernforvaltar knytt til verdsarvområdet: Førehandsløyving for 2019: 335 000 kroner 65 000 kroner 100 000 kroner 500 000 kroner
Forslag til vedtak: Kultur- og folkehelseutvalet sluttar seg til fylkesrådmannen si tilråding om prioritering av tilskot i 2018 til tiltak i verdsarvområdet og vedtek følgjande tildeling: 1. Tilskot i 2018 Objekt, eigar/søkjar Beløp Stranda kommune, gbnr 96/2, løe, Litlesetra på Åkerneset 305 000 Eigar: Leif Petter Åkernes - Søkjar: Storfjordens Venner Norddal kommune, gbnr 79/1, hus- og terrengmur i Smogelia 370 000 Eigar: John Inge Smoge - Søkjar: Storfjordens Venner Stranda kommune, gbnr 112/1, terrengmur på Møll 225 000 Eigar søkjar: Anette Synneva Møll Stranda kommune, gbnr 118/1, Ørjasæternaustet i Geiranger 50 000 Eigar søkjar: Oddvin Ørjasæter Kulturvernforvaltar knytt til verdsarvområdet, halvt år 50 000 I alt 1 000 000 2. Førehandstilsegn for 2019 Objekt, eigar/søkjar Beløp Stranda kommune, gbnr 96/2, løe, Litlesetra på Åkerneset 335 000 Eigar: Leif Petter Åkernes - Søkjar: Storfjordens Venner Registrering av bygningsmurar i verdsarvområdet 65 000 Kulturvernforvaltar knytt til verdsarvområdet, heilt år 100 000 I alt 500 000 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Søknad Litlesetra med vedlegg 2 Søknad Smogeli 3 Søknad Ørjasæternaustet 4 Vedlegg Smogeli 5 Vedlegg Ørjasæternaustet