INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

Like dokumenter
NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: totalt 16 timar.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Valdres vidaregåande skule

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Rapport fra arbeidsgruppe for studiekultur

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk Sofie E. Holmen, Høgskulen i Volda Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga,

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Informasjonshefte Tuv barnehage

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Inntak på særskilt grunnlag

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

PRAKSISHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Vurdering av allianse og alternativ

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Frå novelle til teikneserie

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Finansiering av søknaden

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

STUDIEPLAN 2016/2017 NYNO813KFK

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Plan for overgangar. for barn og unge

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Til deg som bur i fosterheim år

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Kvalitetsplan mot mobbing

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Namning av vegar i Fræna Kommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Studenttinget 2011/2012

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Referat Studenttingsmøte 2011/2012

Introduksjon til spansk språk og latinamerikastudium Introduction to Spanish and Latin American Studies Studiepoeng 10 Undervisningssemester

Stemnehandboka for NKSF

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Søknadsskjema Munnleg formidling, 15sp Søknadsfrist

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

10/60-14/N-211//AMS

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Saksbehandling kva er no det?

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Transkript:

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1

2

Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon i studiet... 6 Målform... 6 Kjeldetilvising... 6 Praksis... 7 Basisgrupper... 7 Ansvar for studentar i basisgruppe... 7 Ansvar for basisgruppeleiar... 7 Innhald i det første møtet mellom basisgruppeleiar og basisgruppe... 8 Innhald i utdanningssamtalar... 8 Aktuelle lover og forskrifter... 9 Vedlegg 1: Mal for utdanningssamtaler ved HVO... 10 3

I tillegg til den informasjonen du finn her, bør du også lese studieplanen for det aktuelle studiet. Tid til studiar og undervising Berre ein liten del av arbeidsveka vil vere knytt opp til obligatorisk undervising. Eit arbeidsår er på om lag 1650 timar. For studentar er dette arbeidsåret fordelt på om lag 39-40 veker. I snitt gir dette ei arbeidsveke på godt over 40 timar. Vi reknar med at studentane sjølve, og i samarbeid med medstudentar, brukar heile arbeidsvekene på ein god måte for å sikre seg best mogleg utgangspunkt for det store ansvaret som ligg i å skulle sørgje for opplæringa til born og unge. Vi tilrår at du finn nokon å arbeide saman med. Vi er sikre på at studentane lærer best gjennom å arbeide saman med andre, og utbyttet av studiet vil bli mykje betre. Basisgruppa er også meint som ein slik samarbeidsarena. Frammøte Grunnskulelærarutdanningane utdannar studentar til eit yrke som ikkje kan lærast eine og åleine gjennom å lese teori. Mykje av lærdommen må utviklast saman med andre gjennom samtaler, diskusjonar og gruppearbeid med meir. Av denne grunn er all timeplanfesta undervisingsaktivitet obligatorisk, og vi forventar at alle studentar tar dette på alvor. Merk at det å vere fysisk tilstade i seg sjølv ikkje er nok. Ein må møte førebudd og vere aktive i den undervisingsaktiviteten som føregår. Faga har faste undervisningsdagar. Ordninga med obligatorisk undervising er regulert gjennom Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Alle studentar bør orientere seg om denne forskrifta. Vi vil her kommentere spesielt 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking (1) Studie- og emneplanane skal vise omfanget av og kva delar av undervisninga og andre aktivitetar som er sette som obligatorisk krav for studieprogrammet. (2) Dersom ikkje anna er bestemt i emneplanen, krev ein 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. (3) Ved krav om obligatorisk frammøte/deltaking skal den emneansvarlege syte for at det vert ført logg over frammøtet til kvar student. (4) Studenten skal halde seg orientert om fråværet sitt. 4

(5) Ein student som av særskilde grunnar ikkje klarer å innfri det obligatoriske kravet til frammøte/deltaking, kan søkje dekanen om dispensasjon frå frammøtekravet innan rimeleg tid før undervisningsperioden er ute. Dekanen kan då påleggje studenten fagleg(-e) arbeid som erstatning. Med særskild grunn meiner vi medisinsk grunn eller velferdsgrunn. Søknaden skal vere dokumentert med attest frå lege eller annan sakkunnig. (6) Ein student som har tillitsverv i styringsordningar ved Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden for Sunnmøre, verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar, eller har plikter i offentleg valde organ, kan søkje dekanen om fritak frå heile eller delar av kravet om obligatorisk frammøte. (7) Ein student som ikkje får godkjent frammøtet, misser retten til å gå opp til eksamen i emnet, og må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring. (8) Vedtak om ikkje godkjent frammøte utløyser klagerett. isk frammøte. Semesterplanen i kvart emne skal vise korleis dei obligatoriske delane fordeler seg i studieåret. Praktisering av 4-6 ved grunnskulelærarutdanninga: Emneansvarlege fører fråvær i Fronter. Studentar som trur dei kan kome i ein situasjon der fråværet vert over 20 %, bør så tidleg som mogleg i studieåret informere studieleiar og basisgruppeleiar om dette, t.d. gjennom dokumentasjon frå lege. Om frammøte ikkje er godkjent, skal emneansvarleg melde studenten av eksamen etter siste obligatoriske undervisingsaktivitet. Emneansvarleg skal varsle student, studieleiar og basisgruppeleiar om dette. Studenten kan sende søknad 1 om dispensasjon frå frammøtekravet. Desse søknadene skal stilast til dekan ved AHL. Søknad skal leverast studieleiar, anten per e-post eller i brevs form. Dekan vil ta endeleg avgjerd. Søknadene vert handsama individuelt. Det er viktig at søknader vert levert så tidleg som mogleg. Studentar tar sjølve vare på legeattestar og liknande til 1 Bruk søknadsskjemaet som ligg på www.hivolda.no/glu 5

eventuell søknad vert sendt inn. Dersom dispensasjon vert gitt, vil normalordninga vere at det må leverast kompensatorisk arbeid. Fråværsreglane for praksis er annleis, sjå praksisheftet. Arbeidskrav, eksamen og progresjon i studiet For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet under vere fullført, før studenten kan ta eksamen i emnet. Normalt må alle einaremne i eit fag vere godkjent før ein kan byrje på eit toaremne i faget. Til dømes Norsk 1A og Norsk 1B må båe vere bestått før studenten får gå opp til eksamen i Norsk 2. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, 4-7. Semesterplanar og planar i fag vil bli publiserte i Fronter. Studentane skal halde seg orientert om informasjon som vert lagt ut i Fronter. Studenten må få godkjent praksis kvart studieår for å halde fram neste studieår. Sjå meir om dette i emneplan for praksis. Målform Høgskulen i Volda har ansvar for å sikre at lærarstudentane beherskar både nynorsk og bokmål, då det er valfri målform i skulen. I fyrste studieår er det valfri målform på arbeidskrava, med unntak av norskfaget (sjå emneplan). Men vi oppmodar alle studentar om å skrive nokre arbeidskrav på nynorsk og nokre på bokmål. Det blir og arrangert eit obligatorisk kurs i profesjonsskriving på bokmål og nynorsk. Til kurset er det ein 3-timars skriftleg eksamen med stått/ikkje stått som vurdering. Sjå detaljar i emneplanen i studiehandboka. Kjeldetilvising Ved grunnskulelærarutdanningane følgjer vi APA-stilen når det gjeld kjeldetilvisingar i arbeidskrav og på eksamenar. Sjå biblioteket sine sider for meir informasjon. http://www.hivolda.no/hivolda/biblioteket/skrive-og-referere-/apa-stilen 6

Praksis I løpet av dei fire studieåra skal studenten ha gjennomført 100 dagar praksis. Praksis er fordelt med 30 dagar i kvart av dei tre fyrste åra og 10 dagar fjerde året. Gjennom dei fire studieåra skal studenten ha praksis på ulike klassesteg utdanninga kvalifiserer for. Det finst ein eigne emneplanar for praksis. Basisgrupper Studentane vil høyre til ei basisgruppe som fungerer som arbeidsgruppe i studiet, både i undervisning og praksis. Kvar basisgruppe vil ha ein rettleiar frå dei fagtilsette ved grunnskulelærarutdanningane, og ein eller to praksislærarar som har hovudansvar for praksisopplæringa. Ansvar for studentar i basisgruppe Basisgruppene er arbeidsgrupper og vil bli nytta til samarbeid i ulike samanhengar. For at gruppene skal fungere etter føremålet, er det viktig at alle partar er klar over og utfører sine delar av arbeidet. Det er viktig at dei einskilde gruppene kjem fram til sine arbeidsmåtar og rutinar, men følgjande ansvarsfordeling er felles for alle gruppene. Alle skal møte til avtalt møte. Dersom ein vert hindra, skal ein gi melding om dette på den måten gruppa har blitt einige om. Alle har ansvar for å gjere avtalt arbeid til avtalt tid. Det skal førast logg for arbeidet. Gruppemedlemmene har ansvar for å gå til basisgruppeleiaren dersom det vert problem på gruppa. Alle har ansvar for å syne ei profesjonell haldning til eventuelle problem, det vil mellom anna seie å diskutere sak og ikkje person. Ansvar for basisgruppeleiar Basisgruppeleiar skal ha oppfølgingsmøte med heile basisgruppa. Basisgruppeleiar har ansvar for å kalle inn til desse møta. Det vert tilrådd minst to møte per semester i fyrste studieår. Basisgruppeleiaren har hovudansvar for å hjelpe gruppa dersom det vert problem. Basisgruppeleiar har ansvar for å kalle inn til utdanningssamtalar ein gong i semesteret. Sjå vedlegg 1. Basisgruppeleiarane tar del på organiserte praksismøte på Høgskulen og på praksisskulen. Basisgruppeleiarane møter i årsstegsmøte for kullet. Basisgruppeleiarane møter til praksisoppfølging avtalt med praksislærar. 7

Innhald i det første møtet mellom basisgruppeleiar og basisgruppe Bli kjende Opne for spørsmål om årsplanen og organiseringa av studieåret. Snakke om vurderingsformer og arbeidsformer Snakke om arbeid i basisgruppe: o Ei profesjonell arbeidsgruppe ein viktig læringsarena. Døme på kva ein arbeider med og korleis ein kan arbeide. Samarbeid o Kva er deltakarane sitt ansvar? Kva er basisgrupperettleiaren sitt ansvar? Knyte basisgruppene til praksis og snakke litt om praksis: Basisgruppa skal vere saman i praksis gjennom heile året, difor er det vanskeleg å løyse opp gruppa. Opplegg rundt praksis Kva er ein praksislærar? Orientere om kvalitetssystemet for studiekvalitet ved Høgskulen i Volda Forklare kva utdanningssamtalar er, og bli einige om når desse samtalane skal gjennomførast. Basisgruppeleiarane kallar inn til individuelle utdanningssamtalar haust og vår Kvar ein finn informasjon: o Fronter hovudinformasjonskjelde o E-post o Sørvistorget, studieleiar, praksiskonsulent, faglærarar o www.hivolda.no/glu Innhald i utdanningssamtalar I tillegg til dei sentrale føringane for utdanningssamtalar ved HVO legg vi ved grunnskulelærarutdanningane følgjande føringar for utdanningssamtalen: Alle studentar skal ha ei individuell 2 utdanningssamtale med sin basisgruppeleiar i løpet av kvart semester. Studentane møter til oppsette samtaler. Om studentar ikkje møter, skal studieleiar ha melding. Studieleiar vil då kalle inn studenten til samtale. I utdanningssamtalen vert det lagt vekt på følgjande punkt: Studere ved Høgskulen i Volda o Informasjon og informasjonskanalar o Studentmiljø og klassemiljø o Trivsel o Organisering av studiet (basisgrupper, seminargrupper, plenum) o Frammøte/fråvær Praksis 2 I andre og tredje studieår kan gruppesamtaler vere aktuelt, men om student eller basisgruppeleiar vil det, skal samtalen vere individuell. 8

Studenten sitt fagval og fagleg progresjon Om å vere student o Frammøte o Arbeidsmåtar og arbeidsforhold o Nettetikk (Facebook, blogg m.m.) o Kvifor vil eg bli lærar? o Kontakt med faglærarar Vegen vidare Andre aktuelle saker Vi føreset at både studentar og faglærarar førebur seg til samtalen. Sjå elles vedlegg 1 for innhald i utdanningssamtalene seinare i løpet. Aktuelle lover og forskrifter Sentrale lover, forskrifter og ordningar studentar bør orientere seg i, er samla på denne nettsida: hivolda.no/regelverk 9

Vedlegg 1: Mal for utdanningssamtaler ved HVO Framlegg til tema og spørsmål ein kan diskutere i utdanningssamtale. Ved spørsmål utdanningsrettleiar ikkje kan svare på, viser ein vidare til aktuelle fagpersonar, studiekonsulent eller studierettleiar i studieadministrasjonen. Generelt Korleis opplever studenten studiesituasjonen? Er det ting i emneplan/undervisingsopplegg som er uklare? Faglege mål diskusjon av læringsutbytte individuelle mål ut over studieplanen arbeidsmåtar i faget fristar i studiet kva ønskjer studenten med utdanninga kva vil ein jobbe med seinare Fordjupingsområde Har studenten spesielle faglege interesser, noko ein ønskjer å fordjupe seg meir i? Tema for prosjektarbeid, semesteroppgåver eller frie oppgåver i studiet Valemne, spesialisering, litteratur, osb. Individuelle tilretteleggingar? Opplyse studenten om kvar dei skal sende seg om særordningar til eksamen og anna, ut frå handlingsplanen for inkluderande læringsmiljø. Må undervisinga leggjast særleg til rette på nokon måte Planlegging av utdanningsløp Studenten skal søke å planlegge studieløpet sitt så langt som råd, men ein må ikkje legge plan for alle åra i studiet. Ein kan kome tilbake til ting seinare/neste semester. Innpassingar Progresjon Planlegg ein avbrekk/permisjonar? Vil ein måtte studere på deltid ein periode? Valmodular/opphald andre stader Når vil ein/kan ein legge inn utanlandsopphald/opphald ved annan institusjon Kva valmodular vil ein ta når? Praksis Vidare studium etter fullført grad/utdanning 10