Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»



Like dokumenter
Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar Venke Johansen og Inge Nordhaug

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Velkomen til Mork barnehage

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Overgrepsmottak i Sogn og Fjordane.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

10/60-14/N-211//AMS

HANDLINGSPLAN MOT VALD OG TRUGSMÅL I NÆRE RELASJONAR I STRYN KOMMUNE

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

NOTAT om familiehuset

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Vold mot kvinner og barn er eit stort folkehelseproblem

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kvalitetsplan mot mobbing

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Du må tru det for å sjå det

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Til deg som bur i fosterheim år

på vegne av barn og unge

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune


Handlingsplan mot uønska fråvær og skulevegring

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Plan for overgangar. for barn og unge

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

HANDLINGSPLAN MOT VALD I NÆRE RELASJONAR FOR SUND KOMMUNE

Psykisk helse hos barn og ungdom

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Delplan til Omsorgsplan Hå Kommune

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsrapport skuleåret 2014/2015 Eirik Raude-senteret Klepp kommune

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Helsetilbodet til asylsøkjarar - aktuell informasjon 15. mars 2015

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Overgrepsmottak Primærhelsetenesta sitt tilbod til utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. Steinar Hunskår

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Transkript:

Hå kommune Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar» Hå kommune (Mars 2014)

1. Bakgrunn og formål med planen. Vald i nære relasjonar har mange uttrykk og omfattar fysiske, psykiske, seksuelle og materielle overgrep mot ein person som valdsutøvaren har ein nær relasjon til. Det kan også gjelda truslar om vald, sosial vald med isolasjon, avgrensingar av kontaktar, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Vald i nære relasjonar er eit skjult samfunnsproblem. Det er i hovudsak kvinner og barn som vert ramma av denne valden, men også menn. Denne handlingsplanen tek først og fremst for seg barn og unge i Hå kommune som vert utsette for eller er vitne til vald i nære relasjonar. Å verta utsett for vald frå ein nærståande person kjem i tillegg til sjølve valden. Det rokkar med den omsorga og vernet som burde vera frå dei personane som står nært barnet/ungdommen. Vald i nære relasjonar er straffbare handlingar, uavhengig av kven som utøver valden og kor den finn stad. Likevel er mykje av denne kriminaliteten usynleg. Det er framleis mange som ikkje søker politi eller hjelpeapparat, når dei vert utsette for vald. Regjeringa ønskjer å arbeida for at terskelen for å søka hjelp skal verta lågare (Justis- og beredskapsdepartementet: Handlingsplan mot vold i nære relasjonar 2014-2017). Denne handlingsplanen mot «Vald i nære relasjonar» i Hå kommune, skal vera med å setja søkelyset på denne problematikken. Innbyggjarar og tilsette i Hå kommune skal ha ei forståing for at vald kan skje i nærområdet og med barn og familiar dei kjenner. Vald skjer i alle samfunnslag, uansett økonomisk og religiøs bakgrunn. Det er etablert eit ressursteam for «Vald i nære relasjonar» som er samansett av : oppvekstkoordinator/slt-koordinator, fagleg leiar familiesenteret og ein representant frå barnevernstenesta. Gruppa skal halda seg orientert innan fagfeltet, spreia informasjon, vurdera om kommunen har den kompetansen som trengs innan fagfeltet, følgja opp handlingsplanen m.m. For barnet sitt beste - må vi våga å tenka det verste!

2. Konsekvensar av vald i nære relasjonar. Konsekvensar av vald i nære relasjonar kan vera omfattande. For mange barn er det som å leva i ei krigssone, berre at denne krigen føregår i det skjulte. Det vanlege livet vert ikkje avbrote, og valden vert det sjeldan snakka om. Traumar, angst, uro og uvisse pregar barna sin kvardag. Studiar viser at seksuelle overgrep, fysisk mishandling og omsorgssvikt har meir å seia for psykisk helse enn andre belastande hendingar. Symptom hos barn kan vera: konsentrasjonsvanskar, aggresjon, angst, depresjon, låg sjølvkjensle, skuldkjensle, manglande sosiale ferdigheiter, skulevegring, rusproblem og psykiske vanskar. 3. Omfang av vald i nære relasjonar. Omfanget av vald i nære relasjonar er vanskeleg å fastslå. Definisjonen og forståinga av vald i nære relasjonar endrar seg over tid og mørketala er store. Basert på omfangsundersøkingar som er gjennomført dei siste åra, vurderer ein det til at mellom 75 000 og 150 000 personar årleg vert utsett for vald i nære relasjonar i Norge (Justis- og beredskapsdepartementet: Handlingsplan mot vold i nære relasjonar 2014-2017). På Jæren (Klepp, Time og Hå) er det i gjennomsnitt 75 familievaldssaker pr. år. Tal frå 2012 viser at 12 kvinner/barn (86 døgn) frå Hå har vore brukarar av Krisesenteret i Stavanger. 4. Betre føre var. Førebygging. God førebygging sparer samfunnet for store menneskelege og økonomiske kostnader og er ei investering for framtida. Erfaring viser likevel at førebygging ikkje vert prioritert i tilstrekkeleg grad. Hå kommune vil med utarbeiding av denne planen vektleggja det førebyggande arbeidet mot «Vald i nære relasjonar». Førebygging kan skje på mange ulike måtar, og vinklinga inn mot målgrupper kan variera. Det er vanleg å dela det førebyggande arbeidet inn i tre nivå: 1. Primærførebygging som er retta mot alle innbyggjarane. I denne planen gjeld det førebyggjande innsats retta mot alle barn og unge i Hå kommune. 2. Sekundærførebygging som er retta mot avgrensa risikogrupper. I denne planen gjeld det innsats retta mot barn og unge der det er mistanke om vald eller overgrep. 3. Tertiærførebygging er retta mot grupper der ein allereie har utvikla eit problem. Desse barna er blitt utsette for vald eller overgrep, og siktemålet er å avgrensa konsekvensar, hindra forverring og snu utviklinga.

5. Mål og tiltak i Hå kommune. 5.1. FØREBYGGING mot at ingen barn og unge vert utsett for vald og overgrep (primærførebygging). TILTAK ANSVAR 1. Utarbeida «Handlingsplan mot vald i nære relasjonar» og (Ferdig mars 2014) sørgja for at planen vert følgt opp. Ressursteam for «Vald i nære 2. Bruka handlingsplanen for å: -Synleggjera problematikken/bryta tabu/gje kunnskap -Gje årleg informasjon til alle tilsette i barnehagar, skular og helsestasjonar om opplysingsplikta til barnevernstenesta (Oppl.lova 15-3 Barnehagelova 22 andre ledd og Helsepersonell-lova 33) -Ta dette opp som fast tema ein gong pr. år i sosialpedagogisk team på kvar skule og barnehage. 3. Informasjon om handlingsplanen som fast innslag til tilsette i skular/barnehagar som er med i «Saman om god oppvekst!» (1-9 år) 4. Etablera eit eige ressursteam for «Vald i nære relasjonar», samansett av oppvekstkoordinator/slt-koordinator, fagleg leiar på familiesenteret og representant frå barnevernstenesta. Gruppa skal halda seg orientert innan fagfeltet, spreia informasjon, vurdera om kommunen har den kompetansen som trengs innan fagfeltet, følgja opp handlingsplanen m.m. relasjonar» Rektor/ styrar i skular/barnehage, leiande helsesøster Kurshaldar og barnevernstenesta Er etablert mars 2014.

TILTAK 5.2. OPPDAGA OG MELDA FRÅ ved mistanke om at barn vert utsette for vald eller overgrep (sekundærførebygging). 1. Tilsette skal vita kva dei skal gjera ved mistanke, eller når dei får direkte kjennskap til vald eller overgrep mot barn og unge. Dei skal ha kjennskap til lovverket; Opplæringslova 15-3, Barnehagelova 22 andre ledd eller Helsepersonell-lova 33, som bl.a. seier: -Når tilsette ut frå fagleg skjønn og kjennskap (logg/dokumentasjon) har «grunn til å tru» at eit barn vert utsett for vald eller overgrep, skal dei utan hinder av teieplikta gje opplysingane vidare til barnevernstenesta. -Foreldra skal ikkje informerast. Det er barnevernstenesta som vurderer når og på kva måte foreldra skal informerast på. -Kvar enkelt tilsett har eit sjølvstendig ansvar og plikt til å melda frå til barnevernstenesta. (Opplæringslova 15-3, Barnehagelova 22 andre ledd og Helsepersonell-lova 33). -Det vil i dei fleste tilfella vera skulen v/rektor eller barnehagen v/styrar som melder frå til barnevernstenesta. Men kvar enkelt tilsett er altså ikkje avhengig av rektor/styrar sin vilje til å melda frå dersom det er «grunn til å tru» at eit barn vert utsett for vald eller overgrep. -Helsepersonell har plikt til å varsla politiet i dei tilfella der ein må forhindra ytterlegare alvorlege skadar på personen. Dersom dei tilsette er i tvil om bekymringa er så alvorleg at ho skal meldast til barnevernstenesta, kan ein ta kontakt og diskutera problemstillinga anonymt med barnevernstenesta. ANSVAR Alle tilsette som arbeider med barn og unge i Hå kommune 2. Tilbod om kompetanseheving for tilsette som jobbar med barn og unge: -Informasjon om eksterne kurs. Få dette inn i opplæringsplanar hos aktuelle tilsette. Ressursteam for «Vald i nære relasjonar» -Gjera kjend oversikt over aktuell litteratur og diverse filmar/materiell som er tilgjengeleg for internt bruk.

3. Strategi for at innbyggarane skal melda frå ved mistanke om vold og overgrep: -Informasjon mot innbyggarane i Hå kommune slik at dei skal vita kva dei skal gjera ved mistanke om vald i nære relasjonar (høve til å vera anonym, barnevernet og politiet si rolle, alarmtelefon m.m). Vurdera å nytta brosjyre, nettsida til Hå kommune/skulen/barnehagen, lokalavisa eller liknande Ressursteam for «Vald i nære relasjonar» skal arbeida vidare med dette. 5.3 IVARETA OG GJE TILBOD OM OPPFØLGING/BEHANDLING til barn og unge som er blitt utsett for vald og overgrep(tertiærførebygging) TILTAK ANSVAR 1. Sikra at barn og familiar får heilskapleg tilbod Barnevernstenesta 2. Barnevernstenesta har ansvar for: Barnevernstenesta -Følgja opp barnet og familien akutt. -Laga tryggingsplanar ved behov. -Ved behov følgja opp barnet og familien på lengre sikt. -Sikra nødvendig samarbeid mellom barnet/familien og ulike instansar. 3. Politiet sin rolle: Politiet -Etterforsking og straffesak mot valdsutøvar. -Gje tilbod om oppfølgingssamtalar (Risikovurderingsverktøyet SARA) -Tilvisa vidare til konfliktråd/mekling/barnehuset. 4. Hjelpetilbod i Hå kommune som vert tilpassa den enkelte Barnevernstenesta, sitt behov: lege, familiesenter, Kan gjevast av f.eks. barnevernstenesta, lege, PPT, helsesøster.. familiesenteret, PPT, helsesøster.. 6. AKTUELLE HJELPE- OG BEHANDLINGSTILBOD Familiesenteret i Hå: Familiesenteret er eit gratis lågterskeltibod. Ein treng ikkje tilvising frå lege. Familiesenteret tilbyr samtalar til barn og unge opp til 20 år og deira familiar. Tenesta ønsker å arbeida førebyggjande og helsefremjande i sitt møte med barn og unge si psykiske helse, slik at denne vert betre. Jadarvegen 27, Nærbø. 51 79 98 02

Krisesenteret i Stavanger: www.stavanger-krisesenter.no Krisesenteret arbeider for å beskytta, støtta og rettleia valdsutsette kvinner og barna deira. Krisesenteret har ope heile døgnet. Tlf. 51 53 06 23 Voldtektsmottaket: Døgnope tilbod for unge og vaksne i Sør-Rogaland som er utsett for seksuelt overgrep. Også dersom overgrepet har skjedd ei tid tilbake i tid. Tlf. 902 40200 eller 51 51 02 02 (Stavanger legevakt). Barnehuset i Stavanger : www.barnehuset.com Barnehuset har tilbod til barn og unge opp til 18 år og vaksne psykisk utviklingshemma, som har vorte utsett for vald og seksuelle overgrep. Målet er å gje betre tilbod til barna ved at medisinske undersøkingar, dommaravhør og behandling vert tilbode samla. Ein kan kontakta Barnehuset for å få informasjon, råd og rettleiing i uavklarte saker om seksuelle overgrep og vald. Dette gjeld også for saker som ikkje er meldt til politiet. Tlf: 51 51 03 30 Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP): www.helse-stavanger.no Sjå her ulike tilbod for barn og familiar. Det er krav om tilvising frå lege eller barnevernstenesta. Familievernkontoret i Stavanger og Egersund: www.fam.-vern-stvg.no. Tilbod om samtalar/terapi/familierådgjeving. Alle kan ta direkte kontakt og bestilla time. Konfliktråd: www.konfliktraadet.no. Meklarteneste der føremålet er å løysa konfliktar mellom private partar eller mellom individ og samfunn. Tilbod til alle kommunar. Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) http://vest.rvts.no Tilsette kan ta kontakt for drøfting og rettleiing. Sinnemestring for menn: www.fam-vern-stvg.no Stavanger Universitetsjukehus, Psykiatrisk klinikk har gruppetilbod til menn med volds- og aggresjonsproblem i nære relasjonar ( i parforhold, familie eller jobb). Alternativ til vold i Stavanger www.atv-stiftelsen.no