KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing.



Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

SOGN driftig raus ekte

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Hemsedal KRF Program

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Ei god framtid for alle!

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Program OSTERØY HØGRE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Program for. Sykkylven Venstre

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Kollektivseminar. Kollektivstrategi for Hordaland. Litteraturhuset i Bergen 22. mai 2013

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Program for Masfjorden Venstre

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

GODKJENNING AV MØTEBOKA Det vart merka at språket i møteboka vekslar mellom nynorsk og bokmål. Dette må verte betre.

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

«Nordhordland kommune»

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Ål Venstre. Ål Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

FDALAND FYLKESKOMMUNE 1 3 SEPT Eksp. 'u.off. ! ^

Plan for Liabygda SFO

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Forslag frå fylkesrådmannen

Program for

Utkast til program Meland Høgre 2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Attraktivt Midt-Telemark. Landskapskonvensjonen. Deltaking. telemarksforsking.no 3. Solveig Svardal

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Forstudie Næringshage i Vinje

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Transkript:

KrF-program 2015-2019 KrF sin visjon er eit varmt og verdiforankra samfunn, der alle har lik verdi, opplever rettferd, og at ressursane vert forvalta ansvarleg til beste for alle menneske. Sogn og Fjordane; det beste fylket i landet! Sogn og Fjordane er eit fylke med store naturressursar. Viktigaste ressursen er likevel folket som bur her. Vi kan vise til gode skuleresultat, låg arbeidsløyse, låg kriminalitet, god helse, trivsel og høg levealder. KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing. Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane for KrF sin politikk. KrF trur at det gode samfunnet vert bygd nedanfrå og i samspel med enkeltmennesket, offentlege styresmakter og privat og frivillig verksemd. Eit godt demokrati kjem ikkje av seg sjølv. Det må hegnast om, lærast og vidareutviklast. KrF vil difor sikre rammer for eit fungerande ungdomsdemokrati med reell påverknad. Sjølv med utfordrande fylkeskommunal økonomi, så har fylket vårt mange ressursar. Og det er endå viktigare med god styring når det må gjerast omstillingar. Slik vil KrF jobbe for å sikre betre rammer for fylket: Vi vil effektivisere drifta på ein måte som råkar innbyggarane minst mogeleg negativt. Vi vil satse på utbygging av samferdsle, fordi dårlege vegar og lite kollektivtrafikk gjer det vanskeleg å bu og arbeide i eit større område. Samordne aktuelle infrastruktur-utbyggingar på tvers av fag og ansvarsnivå, slik at samfunnsnytta blir størst mogeleg i det enkelte prosjekt. Vekstkrafta til tettstadane må stmulerast slik at dei kan verte motorar for omlandet og på den måten også aktivt halde oppe busettinga og tilboda i distriktet. Vi opnar for sal av større eigarpostar der det ikkje er viktig å eige lenger, men vil halde fast på eigarskapen i naturressursane, slik som kraftverk. Omstillingsprosessar krev at fylkeskommunen er ein tydeleg, ryddig og god arbeidsgjevar. Vi vil legge til rette for det. KrF vil halde fram å bruke rolla si på Stortinget til å arbeide for best mogelege og føreseielege rammer for drifta i fylket, og for rammevilkår generelt. Det er uakseptabelt å legge til rette for eit system som ikkje sikrar innbyggarane våre like gode tenester som det dei får andre stader. KrF har ei særskilt rolle inn mot arbeidet i Stortinget. Vi lovar å stå på for folk og fylke! Det hjelper godt på å bli høyrt og få gjennomslag, dersom KrF i fylket blir styrka ved valet i kommunar og fylke.

Eit lærande fylke Skulen skal byggje på kristne og humanistiske verdiar og halde høg kvalitet. Skulane i Sogn og Fjordane kan vise til gode resultat over tid, og Kristeleg Folkeparti ønskjer å gi skulane rammer som gjer at dette kan halde fram. Vi meiner det er viktig at skulane får høve til å vere offensive i utviklinga av nye undervisingsformer, m.a. gjennom samarbeid mellom skular, næringsliv og lokalsamfunn. Meir praktisk læring, t.d. fleire TAF-linjer (teknisk allmennfag), kan vere eit alternativ. Skulen skal vere både ein dannings og utdanningsinstitusjon med eit trygt miljø, der alle elevar kan trivast og ha lyst til å lære. Målet er å sikre eit godt læringsmiljø med vekt på meistring, trivsel, utvikling, høg gjennomføring og gode resultat. Kristeleg Folkeparti ønskjer ein desentralisert skulestruktur og vil arbeide for at dei vidaregåande skulane skal være gode læringsarenaer og aktive kompetansesenter i alle deler av fylket Fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande skular, fagskular, vaksenopplæring og lærlingeordningar. KrF vil arbeide for: ein desentralisert skulestruktur der flest mogleg av elevane kan bu heime. Skulestrukturen må også sikre elevane førstevalet sitt, noko som kan innebære fleire fylkesliner. at elevar med særlege behov skal få den hjelpa dei treng på sin skule ei styrka skulehelseteneste som er lett tilgjengeleg for ungdom og som gir livshjelp og etisk rettleiing. Vi vil arbeide for eit styrka samarbeid mellom fylkeskommunen og vertskommunane på dette feltet. å sikre kompetansen ved at lærarar får gode etter- og vidareutdanningstilbod at alle elevar skal få ta del i den teknologiske utviklinga av kunnskapssamfunnet og få god rettleiing i etisk bruk av ny teknologi styrking av rådgjevingstenesta styrking av arbeidet mot mobbing, valdsbruk og diskriminering gode arbeidsvilkår for elevdemokratiet at tilbodet om sommarskule vert utvida og gjort betre kjent. at elevar som bur slik til at næraste vidaregåande skule med ønska studietilbod er i nabofylket, må få høve til å gå på denne skulen å sikre kvaliteten på opplæringa til språklege minoritetar. at elevane skal få tilbod om lærebok i alle fag at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar slik at elevar som nyttar nynorsk får tilbod om lærebøker og dataprogram på line med bokmålselevar - og til same tid og pris. styrkje lærlingeordninga i fylket, m.a. ved at fylkeskommunen skal nytte bedrifter med lærlingar når dei gjer innkjøp eller kjøper tenester

at fylkeskommunen skal vere positiv til etablering av friskular som byggjer på livssyn eller alternativ pedagogikk. at det framleis vert gjeve tilbod om fleksibel skuleskyss Eit levande kulturfylke Kulturarv, skapande aktivitet, formidling av ulike kulturuttrykk og deltaking på kulturarenaer gjev meining for enkeltmennesket og bind samfunnet saman. Kjennskap til eigen kulturarv gir tryggleik i møte med auka globalisering. KrF er oppteken av at den kristne kulturarven skal ha ein naturleg plass i samfunnet sitt mangfald av kulturuttrykk. Sogn og Fjordane fylkeskommune si breie satsing innan kultur må halde fram. Målet må vere ein god balanse mellom det profesjonelle og kulturen som frivillige organisasjonar driv. KrF vil arbeide for: at friluftsanlegg får ei utforming som gjer det mogeleg for alle å delta i tilpassa aktivitetar. Prosjekt med tilrettelagde turstiar og gangvegar er medverkande til betre folkehelse også for menneske med nedsett funksjonsevne. eit tilgjengeleg fylkesbibliotek med opningstider og gode tenester for menneske i alle aldrar. vidareføring og styrking av Ungdommens Kulturmønstring (UKM) at distriktsmusikarordninga held fram i samarbeid med kommunane og sikrar profesjonelle lærekrefter til kulturskulane å utvikle Selje kloster som nasjonalt pilegrimsmål og delta aktivt i prosjektet kystpilegrimsleia. at musea vert leia og utvikla slik at formidlinga av historie og samtid blir gjort på ein måte som fenger folk, gjev auka besøkstal og gjer musea til ein viktig samfunnsaktør. etablering av eit tilfredsstillande magasin for museale gjenstandar. transportstøtte for skuleklassar til å besøke musea og andre tilbod innan den kulturelle skulesekk-ordninga. at Gulatinget vert satsa på som ein nasjonal og internasjonal arena for demokratihistorie og demokratiutvikling. å sikre at den kulturelle skulesekken gjev barn og unge frå barnehage til vidaregåande skule eit møte med profesjonelle utøvarar i ulike kunstsjangrar i tillegg til lokale utøvarar i handverk og kulturhistorie. den kulturelle spaserstokken og andre ordningar som fremjar kulturopplevingar, møtestader og folkehelse hos dei eldre. at offentlege midlar må ha ein balanse mellom tilskot til skapande aktivitet der mange kan vere aktive over tid og tilskot til enkeltarrangement. Fylkeskommunen må også vurdere i kva grad det skal nyttast offentlege tilskot til kommersielle arrangement. at arenaer der born og unge er til stades må vere rusfrie. I store arrangement som får offentleg støtte skal ein og ha attraktive rusfrie arenaer.

Samferdslefylket Det er ei målsetting for Kristeleg Folkeparti å utvikle gode lokalsamfunn i Sogn og Fjordane. Ein viktig føresetnad er gode kommunikasjonar og eit variert næringsliv i distrikta. Det er naudsynt med gode og trygge sambindingsvegar både innan fylket og utover fylkesgrensene. Tiltak for trafikksikring må prioriterast høgt. KrF vil oppretthalde og vidareutvikle flyplassane fordi dei er avgjerande både for næringslivet, offentlege institusjonar og private reisande. arbeide for at det kollektive rutetilbodet med fly, buss, ferje og båt korresponderer godt og slik gjev eit effektivt tilbod for reisande. Dette må sikrast i anbodsutlysingane. skjerme tilrettelagd transport (TT) og serviceskyssen for nedskjeringar og arbeide for ei rettferdig nasjonal ordning. byggje fleire ladestasjonar for el-bil sikre utbygging av breiband og mobildekning i bygdene også der det ikkje er kommersielt interessant ha sterkare folkehelseperspektiv inn i samferdsle både med auka satsing på gang og sykkelvegar i tilknyting til skular og med tilrettelagde turvegar for alle sikre gode tilførslevegar til E-39 følgje prioriteringane i RTP om vegbygging og vedlikehald. arbeide for auka ramme til rassikring. Her har klima særleg stor påverknad. Då er det viktig at ny kunnskap vert teke med i vurderingane undervegs. ta i bruk ferjeavløysingsmidlar for fylkes- og riksvegar i 40 år gje tydelege anbod som krev at ferjemateriell må vere tilpassa lokale ver- og straumforhold i dei sambanda dei skal trafikkere, og sjølvsagt ha universell utforming. halde fram med eit rimeleg ungdomskort, lokale transportmidlar og «Trygt heim for ein 50-lapp» Eit skapande fylke KrF vil at Sogn og Fjordane skal vere ein stad der det er attraktivt å busette seg. Å utnytte muligheitene for verdiskaping og sysselsetting i lønsame næringar er ein nøkkelfaktor for å få dette til. Det er dessutan viktig at næringane driv på ein berekraftig måte som gagnar både lokalsamfunn, lokalmiljø og klima. Fylket har unike ressursar i form av råvarer, natur og kultur. Næringslivet si oppgåve er å utnytte desse ressursane og å skape arbeidsplassane, medan det offentlege skal støtte opp med tilrettelegging som samferdsel, gode bu- og oppvekstmiljø og økonomiske støtteordningar. Stadig fleire unge tek høgare utdanning. Å legge til rette for å kunne skape eigen arbeidsplass, samt syte for større bu- og arbeidsområde og å utvikle ein viss grad av

senterstruktur vil vere viktig for å nå denne gruppa. Utflytting av statlege arbeidsplassar vil og medverke til å få til dette. KrF vil: arbeide aktivt for å vidarutvikle Sogn og Fjordane sin verdiskapingsplan for å skape trygge arbeidsplassar i eit mangfald av næringar. ha langsiktige, stabile og konkurransedyktige rammevilkår for næringslivet at det skal vere lett å etablere seg og å drive små- og mellomstore verksemder i Sogn og Fjordane. KrF ønskjer størst mogleg satsing på lokale eigarinteresser. jobbe for eit tett og godt samarbeid mellom fylkeskommunen sine utdanningsinstitusjonar og næringslivet. ha eit sterkt jordvern at dei store rovdyra ikkje skal få etablere seg i fjellområda i Region 1. Skadegjerande rovdyr skal straks takast ut. jobbe for fleire lærlingplassar i næringslivet, m.a. gjennom å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege anbod at fylket saman med næringslivet profilerer Sogn og Fjordane som reisemål profilere Sogn og Fjordane sine næringar og buområde mot ungdom, m.a. gjennom deltaking i Framtidsfylket styrkje Innovasjon Norge si verksemd i fylket. styrkje næringsutviklingsselskapa i kommunen Energi- og miljøfylket KrF byggjer sin politikk ut frå forvaltaransvaret. Dette forpliktar oss til å forvalte natur, miljø og ressursane vi har på ein berekraftig måte. Vi eig ikkje Sogn og Fjordane, vi låner det av framtidige generasjonar. Fylkeskommunen må vere aktiv i miljøspørsmål og engasjere seg for å verne natur. I mange tilfelle er bruk det beste vern. Difor må ein ha ein god dialog mellom verneinteressene og dei som ønskjer å nytte naturen. KrF vil ha ei regulert utnytting av dei fornybare energikjeldene. Desse energikjeldene er viktige fordi dei er klimanøytrale, men utnytting kan medføre store naturinngrep. Gjennom skånsam utbygging kan vi likevel nytte meir vasskraft, fjordvarme og vindkraft. KrF vil satse på lokalt eigarskap, kompetanse, ei miljøtilpassa utbygging og eit godt linjenett. Fylket må og ta sin del av dei globale miljøutfordringane, særleg oppvarminga av det globale klimaet. Dei viktigaste tiltaka for å få ned klimagassutsleppa er det enkeltmenneske som gjer i kvardagen, og det offentlege si oppgåve er å støtte opp om slike val. Fylket har og eit ansvar. KrF vil at det i fylkeskommunale bygg vert brukt fornybar energi og at enøkpotensialet i bygga vert henta ut. Det må og leggast til rette for betre kollektivtransport og gang- og sykkelvegar, samt at ein må bygge ut for bruk av miljøvennlege drivstoffkjelder. KrF vil:

ha eit godt kollektivtilbod kring tettstadane som gjer bussen til eit reelt alternativ til bilen ha sortering og gjenvinning av mest mogeleg avfall frå private hushaldninger og næringsliv. at fylkeskommunen nyttar energieffektive køyretøy utnytte bruk av fjernvarme og vassboren varme i offentlege bygg framleis ha skånsam utbygging av vasskraft auke kapasiten på linjenettet auke satsinga på vindkraft og bølgjekraft legge til rette for lokal omsetning av mat som er produsert og foredla lokalt. styrke oljevernberedskapen langs kysten at aktuelle ferjestrekningar skal, ved anbodsutsetting, påleggast å gå over til miljøvenleg energi utvikle eit nasjonalt kompetansemiljø i Sogn og Fjordane for småkraft og vindkraft at fylkeskommunen skal ha eit aktivt eigarskap innan energisektoren at alle delar av fylket skal ha ei tilstrekkeleg og sikker kraftforsyning og at nettet har kapasitet til å ta imot ny energi frå småkraftverk og bio- og vindkraftverk. legge føre-var-prinsippet til grunn ved utvinning av ikkje- fornybare ressursar som mineral og fossil energi. Framtidsfylket er ein vestlandsregion Komande valperiode vil vere avgjerande for korleis fylkesgrensene skal bli og kva oppgåver fylket skal ha. KrF meiner fylkesgrensene må avklarast samtidig med kommunegrensene, fordi storleiken til det eine nivået vil påverke det andre, og for at oppgåvene skal bli fornuftig fordelt. KrF er klare på at vi skal ha tre folkevalde nivå; kommunestyre, fylkesting og storting. Vi meiner fylket/regionen er viktig for at fleire tenester og oppgåver skal flyttast frå sentrale direktorat til lokal folkevald styring. KrF meiner Hordaland, Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal vil vere ein sterk og god region, med felles kultur og stort utviklingspotensiale. Kommunane avgjer sjølve korleis dei vil samarbeide eller slå seg saman. KrF vil at ei eventuell samanslåing skal vere ønska av innbyggarane og gje betre offentlege tenester. Vidaregåande skule og samferdsel vil framleis vere sentrale tenester for fylkeskommunen. Folkehelsearbeid, kultur, universell utforming av samfunnet, tannhelse og god tilrettelegging for næringslivet er andre viktige regionale oppgåver. Ved å innføre større folkevalde regionar, meiner KrF at også spesialisthelsetenesta kan kome tilbake til regional folkevald styring. Det er naturleg at statlege tenester følgjer regional inndeling. Men det betyr ikkje at arbeidsplassar knytt til tenestene blir sentralisert til berre ein stad. KrF vil aktivt bruke offentlege arbeidsplassar for å utvikle regionen.