Prosjektansvarleg FØREORD



Like dokumenter
Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Til deg som bur i fosterheim år

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brukarrettleiing E-post lesar


Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Turstiar i Kvinnherad

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Den nye seksjon for applikasjonar

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Informasjonshefte Tuv barnehage

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Månadsbrev for Rosa september 2014

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Sandeid skule SFO Årsplan

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Møteinnkalling Formannskapet

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Kunstverkstaden Guddalshuset. Rosendal. Hulda Bohlin - maling. Karin Bøe tekstil

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Stemnehandboka for NKSF

Styremøte 8-9. februar i Bergen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 12. JANUAR 2012

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Finansiering av søknaden

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Forslag frå fylkesrådmannen

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Transkript:

FØREORD Forprosjektet Berekraftig utvikling i lokalsamfunna på Folgefonnhalvøya er gjennomført med både utviding og forlenging av arbeidet frå opphaveleg plan. Eit forprosjekt er likevel eit mellomstadium til eit hovudarbeid. Som prosjektansvarleg er det svært gledeleg å kunna skriva føreordet til sluttrapporten, og samstundes vita at det er sikra finansiering til vidareføring gjennom eit 3-årig hovudprosjekt. Like gledeleg er det at me igjen har sikra oss Arnhild Bleie til prosjektleiar i hovudprosjektet. Ho har arbeidserfaring som forsøks-ringleiar, forskar, gardbrukar, gartnar og handverkar, og kanskje like nyttig i denne samanheng lang røynsle frå frivilleg bygdemobilseringsarbeid heime i Vikebygdkrinsen. Lat dette liggja i bakhovudet når de les sluttrapporten for forprosjektet. Prosjektet Berekraftig utvikling i lokalsamfunna på Folgefonnhalvøya kom i rett tid, både med tanke på nye rammevilkår gjennom ny infrastruktur, men også med tanke på at mange bygder har store utfordringar i høve til folketalsutvikling og alderssamansetjing. Framtida for vestlandslandbruket er utsett i høve til den nasjonale landbrukspolitikken. Bygder som tradisjonelt har hatt landbruk som grunnlag for busetnaden står framfor store og nye utfordringar. Det same gjer Odda, det største av industrisamfunna våre. Nye samferdselsløysingar vil over litt tid knyta bygdene og kommunane på Folgefonnhalvøya saman på ein heilt ny måte. Dei vil i stor grad vera med å smelta Folgefonnhalvøya saman til eit nytt samhandlande bustad-, arbeids- og utdannings- /kompetanseområde, sist og ikkje minst til eit samla ferie- og fritidsområde. I dette biletet har eg stor tru på at hovudprosjektet, og Arnhild Bleie med si innsikt og entusiasme som prosjektleiar kan verta ein katalysator for ny optimisme hjå folk. Ho jobbar frå heimekontor med postadresse 5776 Nå, og alle kan kontakta ho om stort og smått pr brev, via epost: abbl@online.no eller telefon; 53 66 23 53. Eg vil takka alle som har vore med, og så langt gjort prosjektet til ein suksess: Takk til Arnhild Bleie, som med stor energi har reist Folgefonnhalvøya rundt for å registrera, inspirera og snakka med folk som anten er i startgropa med noko, eller går svangre med tankar om noko som kan bli til noko meir, for arbeidet med pilotane, brosjyre og det nye kartet med nye turvegar, som var det konkrete tiltaket i forprosjektet. Takk til Fylkesmannen si landbruksavdeling og Hordaland fylkeskommune for initiativet til prosjektet. Utan dette initiativet hadde ingen andre makta dra dette i gong! Eg er viss på at ettertida vil berømma det regionale myndigheiter her har gjort. Til slutt vil eg takka alle som har vore med og delteke på ulikt vis; Hardanger Vekst, eldsjeler i lokalsamfunna, styringsgruppa, referansegruppa eller på annan måte. Då står det berre att å ynskja god og inspirerande lesnad. Lat dykk begeistra og bli inspirert til krafttak for eigen del, og for fellesskapet bygd på dei samlande momenta rundt Folgefonna som grunnlag for nyetablering og nyskaping i ein ny region! Jondal, desember 2003 John Skogseth Prosjektansvarleg 2

INNHALD SIDE 1. Innleiing 4 2. Kartlegging og systematisering av ressursar, og organisering av arbeidet 5 Langsiktige satsingsområde: a. Forum Folgefonn - koordinering av lokale lag 6 b. Enkeltprosjekt- kartlegging, motivering og oppfølging 7 Konkrete tiltak: c. Pilotprosjekta 9 1. Maurangerpilot - evaluering og vidareføring 9 2. Folgefonnhalvøya rundt - val av ny pilot 11 d. Informasjon - vidareutvikla felles materiell 11 e. Fagturar 12 3. Rekneskap for Forprosjektet med utviding, fagturar og infoarbeidet 12 4. Framhald 12 5. Vedlegg: 13 1. INTENSJONSAVTALE FORUM FOLGEFONN 14 2. VEDTEKTER FORUM FOLGEFONN 17 3. KORLEIS JOBBE? 19 4. PRESENTERING AV HEIMSTADEN samarbeid om opplevingspakkar? 23 5. INVITASJON TIL VERA BESØKSBEDRIFT/-GARD 24 6. TILRETTELEGGING FOR SYKLING 25 7. TILRETTELEGGING FOR MEIR BRUK AV ROBÅT 26 8. TILTAK FOR Å STYRKJE UTKANTBUTIKKANE 27 9. KONTAKT MED UTFLYTTA UNGDOM O.A. VIA EPOST 29 10. KONTAKT MELLOM HYTTEFOLK OG FASTBUANDE 30 11. DIALOG MED EIGAR AV LEDIG HUS OG EIGEDOM 31 12. MATKULTUR 33 13. FINGERNÆME FOLGEFONNINGAR; kunst, handverk, husflid 34 14. MUSIKK, FORTELJING O.A. 37 15. EVALUERINGSRAPPORT MAURANGERPILOT 2002 - breføring 38 16. EVALUERINGSRAPPORT MAURANGERPILOT 2002 robåt 43 17. GRØN FAGTUR PROGRAM 45 18. FAGTUR BJOA PROGRAM 46 19. KART OVER FOLGEFONNHALVØYA, MED TURVEGAR O.A. 47 20. BROSJYRAR; flygar, foldar og minibrosjyrar 48 21. PROSJEKTPLAN FOR HOVUDPROSJEKT 50 3

1. Innleiing Denne rapporten er forma ut slik at den fyrst og fremst kan vera eit oversiktleg og godt arbeidsreiskap for den som eventuelt skal arbeide med framhald i eit hovudprosjekt. Berekraftig utvikling i lokalsamfunna på Folgefonnhalvøya Hovudmål Auka samhandling for berekraftig utvikling på Folgefonnhalvøya basert på natur- og kulturressursar. Mål for Forprosjektet Etablera og organisera ein sams overbygning for å kunna fremja lokal handling på Folgefonnhalvøya. Synleggjera dei samlande momenta rundt Folgefonna som grunnlag for nyetablering og nyskaping. Desse avklaringane skal og vera grunnlaget for tematisk og organisatorisk innhald i hovudprosjektet. Å hjelpe fram nyetablerarar og nyskaping av alle slag. I styringsgruppa for prosjektet har vore: Ordførarforankring: John Skogseth Lokallaga i Forum Folgefonn: Arne Gjellan, Kåre Grønsnes, Kjersti Bondhus og Johan Haugen Grunneigarinteressene: Leif Sverre Enes gardsbruk og turisme Den norske turistforeining: Anne Kari Enes Kvinnherad Turlag Museumsinteressene: Solveig Jordal Hardanger Folkemuseum Næring- og reiselivsinteressene: Arne Havnerås Rosendal fjordhotell Hordaland Fylkeskommune: Karen Nybø - næringavdeling Prosjektansvarleg: John Skogseth - Jondal - 53 66 95 00 41 67 66 75 - jomarskog@cti.net Prosjektleiar: Arnhild Bleie - 5776 Nå - 53 66 23 53-911 79 79 5 - abbl@online.no Prosjektet vart gjennomført av Hardanger Vekst i Odda med BNL-tilskot frå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og SND Hordaland. Etter opphavlege plan skulle det vera ferdig i mars 2003, men det blei søkt BNL om utviding frå halv til full stilling etter nyåret, samt litt utvida prosjektperiode med to månader. Dataproblem gjorde at ein fekk ikkje fullført alt innan utvikling av informasjonsmateriell og rapportering denne tida. Det har PL måtta jobba med i etterkant i løpet av sommaren og hausten 2003. 4

2. Generelle kartlegging og systematisering av ressursar Prosjektet skulle forankre vidare satsingar på berekraftig næringsutvikling innan tema naturog kulturressursar på Folgefonnhalvøya, og leggje til rette for samordning av planar og tiltak. Utgangspunktet var ein forstudie utført av Tron Bach, Norheimsund Vidareføring av prosjektet er opplista i rapporten frå forstudien Evaluering av Mauranger pilot, hauste erfaringar Logistikk vedrørande utvikling av sykkelturisme Logistikk vedrørande utvikling av robåt turisme inkludert Folgefonnkaia Logistikk vedrørande utvikling av naust- overnatting for robåtturist Utvikle fiskekart Assistera alle einskildstiltak som skal opp og gå, om lag 20 prosjekt pr. mars 02. Gje assistanse til nye (ukjende) etablerarar Utvikling av besøksgard, både korttids for familiar og som Kibbutz light. 10 stølar opp og gå som kommersielle for utleige Stinett for Folgefonna rundt Gamle ferdslevegar/ postvegar skal reetablerast og haldast vedlike kvart år Retningsliner/ bruksanvising for årleg vedlikehald verta forankra lokalt. Problematikken rundt Bumerket/Logo Koordinera/ gje råd i samband med marknadsføring vis á vis RHF Halda aktiv kontakt med etablerte utøvarar/ produkt Motivere for kvalitetssikring Som for marknadsføringa. Bistå ein berekraftig utvikling av lokalmat- gards- og stølskultur Vera ein identitetsbyggjar Del av stillingsinstruks for Folgefonningen, både i for- og hovudprosjektet. Vera regional turistsjef om naudsynt. Vera brubyggjar fysisk og åndeleg ~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ Målgrupper i prosjektarbeidet: 1. Folgefonningane sjølve 2. Tilreisande av alle slag 3. Samarbeidspartar Arbeidet har ein prøvd å organisere i fire hovudpunkt: Langsiktige satsingsområde: a. Forum Folgefonn - koordinering av lokale lag b. Enkeltprosjekt kartlegging, motivering og oppfølging Konkrete tiltak: c. Pilotprosjekt - evaluering og vidareføring, val av ny pilot d. Informasjon - vidareutvikla felles materiell 5

LANGSIKTIGE TILTAK a. Forum Folgefonn Dette er eit samlenamn og forum for lokallag og bygdelag på Folgefonnhalvøya. Det skal vera ein møteplass for å utveksla røynsler, samordning og samarbeid. Prosjektet skulle prøva hjelpe fram Forum Folgefonn som eit organ for ulike lag frå lokalsamfunna på halvøya som har som formål å stimulere til initiativ og tiltak i laga, utvikle og samordna synergiske fellestiltak som styrkjer Folgefonnhalvøya som nærings-, rekreasjons-, kompetanse- og busettingsområde. Felles mål er å skape ei trygg identitetskjensle hjå "folgefonningane", basert på lokale initiativ, tradisjonar, idear og røynsler, og eigne natur-, miljø- og kulturressursar. Lag som er med i 2003 er: Åkrafjorden frå Etne kommune, Åkra, Baugstrand, Matre, Utåker, Uskedalen, Rosendal stiftinga, Hattebergsvassdraget, Mauranger-Ænes og deler av Kysnesstrand i Kvinnherand, resten av Kysnesstrand, Torsnes, Jondal, Øvre Krossdalen og Herand i Jondal kommune, Vines, Utne, Vikebygdkrinsen i Ullensvang herad, Hjøllo-Mannsåker i Odda kommune der òg Skare har meldt interesse, men ikkje kome med i praksis. o Nye lag i perioden forprosjektet har jobba er Baugstrand, Uskedalen, Rosendalstiftinga og Utne. o Aktiviteten har ser ut for å ha vore liten eller inkje i ein del lag av ulike grunnar PL ikkje kjenner til. Dette gjeld særleg at i Utåker og Jondal har ein ikkje fått respons tilbake ved forsøk på kontakt. Arbeidsutval på 4 fungerer som eit styre. I 2003 er det Arne Gjellan frå Hattebergvassdraget, Kjersti Bondhus frå Ænes- Mauranger, Kåre Grønsnes frå Opp med Vikebygdkrinsen og Johan Haugen frå Herand. Intensjonsavtale og vedtekter ligg som vedlegg To samlingar pr år er målet deira Fagtur i samband med årsmøte om mogeleg, om ikkje anna så innan sitt eige område for å bli kjede med kvarandre sine lag. o I 2003 var ein utan for området i januar til Bjoa bygdelag og hadde besøk og møte på Kjerringgarden. Uforgløymeleg flaumoppleving for dei som var med. Samarbeidet ein læringsprosess som tek tid, og eg føler det er ikkje automatikk at ein utvekslar informasjon og idear korkje mellom kvarandre, eller med meg som koordinator, utanom når ein møtest. Dette til trass for at vi kommuniserer med alle laga med epost og det ville ikkje kosta mykje. Men dette kan ein lett få ei betre ordning på. Viktig som kontaktledd og nyttig medspelar for PL i prosjektarbeidet. 6

b. Enkeltprosjekt Natur og kultur er hovudtema for tiltak og næringsutvikling i prosjektet. Ei systematisering av aktuelle tema er lita opp nedafor. Tema som kan pakkast inn i ulike 'Opplevingsmenyar' basert på natur og kultur ( om enn ikkje alle i aller fyrste omgang) NATUR sommarskisport breføring vintersport turløyper geologi botanikk fugleliv dyreliv gardsbesøk ( variert) kulturlandskap stølsbesøk skogsoppleving sopp- og bærsanking hagebesøk jakt fiske padling/roing rafting bading dykking sykling klatring paragliding KULTUR mogelege historiske 'fyrtårn' - kva samfunn og næringar var/er her? Agatunet - klyngjetun/ landbruk/jordskiftehistorie Båtbygging - museum Herand Fiske-/kystkultursenter - Sunde Bergverk-/ skiferbrot - Solesnes Reiseliv - Hardanger folkemuseum + Utne hotell? Tyssedal/Odda - vasskraft- og industrihistorie Baroniet Rosendal - aristokrati Museum; fornminne, kulturminne, handverk osv Kunstnarar kunstsenter ynskjeleg KULTUR - 'levande' besøksmål norsk mat og drikke norske heimar barnehagar skular gamleheimar kommunehus kyrkjer/bedehus ungdomshus kunstnarar husflid handverk musikarar forteljarar produksjonsverksemder 7

PL har òg prøvd å systematisere dei enkelte småskala prosjekt og ressursar i tema. Dermed er det lettare å seinare plukka fram dei som kan ha nytte av å ha kontakt seg i mellom for å utveksla erfaring og samarbeide, eller som gruppe kunne få informasjon og tilbod. Tema ein har teke opp i FP gjennom lokallaga, etter innspel frå enkeltlaga matkultur musikk forteljarar kunst handverk båtutleige sykkeltilbod besøksbedrift besøksgard lokalbutikken internettkrok m/ lokal informasjon bygdeblad til utflytta ungdom o.a. kontakt med hyttefolk dialog med eigarar av ledige hus og eigedomar turvegar og gamle ferdslevegar med registrering av kulturminne m.m., Det jobbast òg med andre ting som ikkje er knytt direkte til opplevingar med reiseliv eller undervisning som mål, som t.d. grønt samarbeid. Det er også sjølvsagt at ingen skal føla seg forplikta til å stille opp som besøksvert e. l. fordi om dei står på ressurslistene. Ein kan likevel vera aktuell for å få hjelp til å utvikla tiltaket sitt. Dei namna som er fanga opp i arbeidet er sett inn i oversiktslister i vedlegga bak. Der står litt om kva dei driv med og evt om dei er i gang, eller kan tenkjast å kome i gang i samarbeid med andre. Ein har heilt sikkert ikkje fanga opp alle i denne fasen. Derfor er listene er på ingen måte fullstendige. Det er alltid litt vilkårleg korvidt ein får nyss om utøvarar, men håpar ein kan få nye namn med etterkvart som prosessen går vidare. KONKRETE TILTAK c. Pilotprosjekt Mauranger piloten Ny pilot Folgefonnhalvøya rundt d. Informasjon utarbeiding av materiell Kart Brosjyrar e. Fagturar Bjoatur Grønt samarbeid

c. Omtale av pilotprosjekta Mauranger piloten 2002 Dette tiltaket var sett i gang på initiativ i forstudiet for at prosjektet skulle vera nokon fysisk og ikkje berre ein mental prosess i lokallaga. Då sesongen var over vart erfaringane oppsummerte slik: EVALUERING AV MAURANGERPILOTEN 2002 Nedafor er sett opp dei som var oppnemnde som "Mauranger-pilotane" den fyrste sommaren. "Roing i Bondhusvatn" Båtutlånar: Bård og Kjersti Bondhus, Mauranger. Flytebryggeutlånar: Trygve Fredheim, Mauranger Ro-kar: Kjetil Solheim, Mauranger Administrator: Evald Storaas, Mauranger "Båtskyss Ænes-Hesvik" Ænes og Mauranger bygdalag: Stig Fredheim "Toalett ved Bondhusvatn" Kvinnherad kommune; kultursjef Stein Haugen. Nordrogaland og Sunnhordland Friluftsråd "Føring over Folgefonna" Folgefonni breførarlag; Åsmund Bakke Breførar: Tron Bach -------------------- I november 2002 var det samla evaluering av pilotarbeida det året i møtelokala til Norske Landbrukstenester i Mauranger. Det føreligg eigne delrapportar på 'Breføringa' og 'Båt på Bondhusvatnet'. Viser difor til vedlegg av desse, og tek her kun med planane om vidare framdrift av desse. Båtskyss Ænes-Hesvik Ænes og Mauranger bygdalag ved Stig Fredheim hadde kontakt med aktuelle båteigarar. Dette kom likevel ikkje i gang pga manglande tid å førebu seg, samt mange lover og reglar som gjorde det kostbart og vanskeleg på ståande fot. Det var òg for seint med tanke på HSD buss og anna koordinering. Toalett ved Bondhusvatn Kvinnherad kommune hadde samarbeid med Friluftsrådet om eit mobilt toalett for utprøving av plass. Det var meininga å ha ute to toalett, både nede ved parkeringa og oppe ved vatnet. Likevel blei kun det oppe ved vatnet plassert ut, litt diskre likevel godt synleg. Rokaren hadde mesteparten av tilsynet med toalettet denne sommaren, og det fungerte godt. Tilbakemeldingane frå turgåarane var svært positive. 9

Breføring Tron Bach hadde ei tilføring under pkt C under avsnitt om marknadsføring: Breførarlaget sendte pressemelding om føringa, men dei blei konsekvent avviste frå avisene. Medan dei hadde fleire innslag om tiltaka ved Bondhusvatnet kalla dei breføringa eit kommersielt tiltak som ikkje kunne få liknande pressedekning. VIDAREFØRING AV MAURANGERPILOTEN I 2003 Båtutleige: I staden for roing på Bondhusvatnet er det truleg meir aktuelt å ha utleige av t.d. 3 robåtar og redningsvestar. Utløpet av vatnet må sikrast for at ikkje ukjende blir tekne av elvastraumen. Ein del annan sikkerheits-informasjon må òg utformast. PL i Folgefonnprosjektet skal ta kontakt med grunneigarlaget for vidareføring av dette. Toalett: Kommunen / Friluftsrådet søkjer om midlar for å få bygd eit fint lite toalett godt tilpassa naturen oppe ved Bondhusvatnet. Friluftsrådet vil ta kontakt med lokale aktørar for rutinemessig påpass og vedlikehald av dette. Båtskyss: Arnhild Bleie tek kontakt med Fartøyvernsenteret for å høyra om dei har ein ledig båt som kan frakte folk over Maurangerfjorden frå Hesvik til Ænes og tilbake. Dette må tilpassast busstransport på Ænessida. På Hesviksida undersøkjer ein med å få tilbod om maxitaxi-transport hjå Jondalsdrosjen. Dersom dette ikkje går vil ein prøva finna andre løysingar. Breføring: Tron Bach peika på desse punkta til forbetringar og justeringar som Folgefonnprosjektet tek tak i. Nedafor er noko kopiert og litt klipt frå rapporten hans: Folgefonni breførarlag har gitt signal at dei også for 2003 er interessert i å være organisatorisk og praktisk tilrettelegger med økonomiansvar Felles plattform m.o.t. marknadsføring i alle ledd og på alle nivå. Folgefonn1/2øya, med sine helt utrulege kvalitetar, med nærheit til Stavanger, Haugesund, Bergen, Hardanger og Voss, må i større grad marknadsførast, ikkje berre som vakker natur, men som et exotisk, mangfoldig og kanskje litt actionpreget (-og tidvis iskaldt-) reisemål Utover mogeleg meirsalg for meir perifere bedrifter, bør Bergen turlag, i samarbeide med dei to lokale turlaga stille med fri kost og logi for føraren. Holmaskjærhytta og området rundt bør kvalitetssikrast for sesongen 2003 Fonnabu hytta bør installere et mini solcelleanlegg, slik at mobiltelefon kan ladast, både for sikkerheit og rent praktisk. 10

Folgefonna rundt - pilotprosjekt 2003 Pilotarbeidet i 2002 hadde stort sett føregått i eit bygdelag sitt område. For at alle laga skulle involverast tok ein i år tak i eit samarbeidsprosjekt for samtlege lag, nemleg starten på eit nettverk av turvegar rundt halvøya. Dermed fekk alle laga sitt å jobba med av ein større heilheit som PL tok ansvar for å setja saman. Dei fleste laga tok tak i restauring av eldre ferdslevegar i nærområda, og ikkje dei alt oppmerka og rydda vegen til fjelltoppar. Dermed kan ein synleggjere kulturminne og spesielle natur langs med vegen. Dette ynskjer dei fleste å jobba med vidare i neste fase av Folgefonnprosjektet. Kvar lokallag har sine kontaktpersone spesielt med tanke på turvegane. Folk rydda og merkte løyper i løpet av sommaren etter dei nye retningslinjene for turvegar i skog, gitt ut av DNT og samarbeidspartar. Det betyr vegane er merkte med blått av omsyn til dei som er raud-grøn fargeblinde i skog. Sjå turvegane merka med grønt i kartet vedlagt bak. d. Omtale av informasjonsarbeidet Kart Vi har fått utarbeidd eit stort felleskart over Folgefonnhalvøya i A2 format. Det vert distribuert både ut av regionen og innad, hjå t.d. utleigarar, hotell, informasjonar, butikkar og skular. Det er meininga at dette kartarbeidet må oppgraderast om få år, i håp om at vi då har klart å byggja opp mange småskala tiltak og samarbeid som kan synleggjerast som besøksmål og opplevingstilbod på kartet. Vidare vil vi då ha ei nasjonalparkgrense å presentere. Kopi i forminska utgåve av dette kartet finn du i vedlegga. Brosjyrar I forstudien hadde ein fått laga ein enkel flygar med kart på eine sida og bilete og tekst på andre. Denne fekk vi litt seint på sommaren 2002, slik at ein fekk kanskje ikkje optimal distribusjon av den. Vi lærte at ein brosjyre bør vera ferdig på hausten slik at ein får god tid på å marknadsføre seg i løpet av vinteren. Derfor satsa vi der no med ny, større infobrosjyre om oss og naturen og kulturen vår på både norsk og engelsk. Den inneheld kartet og litt om den nye regionen Folgefonn. Brosjyren er bretta ut, skanna og lagt som vedlegg bak i rapporten. Minibrosjyrar For kvart naturleg avgrensa lokalområde har ein teke utsnitt av det store kartet og laga A4 brosjyre med lokalkartet på eine sida og litt info om vedkomande område på baksida. 11

Vidare har dei to pilotane som starta opp aktivitet i 2002, breføring over fonna og roing på Bondhusvatnet får utarbeid kvar sine minibrosjyrar. Døme på dette ligg òg kopi av bak i vedlegga. e. Omtale av fagturar Bjoatur PL søkte om midlar til å ta folk med på fagturar fordi ein veit det kan vera vel så inspirerande som å få føredragshaldarar hit. Derfor kombinerte ein årsmøtet i Forum Folgefonn med ein fagtur til Bjoa bygdelag i Ølen kommune. Vi heldt til på Kjerringgarden, og fekk høyre eit inspirerande føredrag om korleis dei gjekk fram i etableringsfasen sin. Deretter fekk vi informasjon om Bjoa Hjernekraft og korleis dei jobbar i deira bygdalag. for til sist å få omvisning i bygda før det bar tilbake til Kjerringgarden og årsmøtet. Kvart bygdelag på Folgefonnhalvøya fekk tilbod om å ta med seg 2-3 personar meir på turen enn den som deltek i forumet for laget. Turen var inspirerande og vellukka for dei ca 20 som deltok. Vi fekk ei ekstra oppleving med at vi vart innestengde pga flaum, og hadde mykje more av at vi måtte fraktast fram og tilbake over flaumelva ståande og vakla bak i ei traktorskuffe! Det var kalkulert med langt større deltaking, veret gjorde sitt til at nokon ikkje kom. Grøn fagtur Dermed sat vi igjen med midlar på denne posten for fagturar, og dei fekk vi lov å nytta til ein annan fagtur innan tema Grønt samarbeid. Vi hadde ein god lang rundtur den 21. mars til Kvam, Samanager og Voss. Programmet for denne turen ligg som vedlegg. Her kunne kun 6 stk delta, andre var interesserte, men kom ikkje ifrå på jobb. Dei som var med gav berre gode tilbakemeldingar. Ei av dei var då alt i gang, ei anna startar opp hausten 2003. 3. Rekneskap for Forprosjektet med utviding, fagturar og infoarbeidet Rekneskapsansvarleg har vore Hardanger Vekst, med Kristi Gjøstein som rekneskapsførar. Dette har ho gjort på ein utmerka måte. Oversikt rekneskap ligg i SLUTTRAPPORTEN. 4. Framhald Eit samla styre gjekk inn for eit framhald med samarbeidet på Folgefonnhalvøya. Planen for eit treårig hovudprosjektet ligg bak i vedlegga. 12

VEDLEGG til sluttrapport forprosjektet BNL Folgefonnhalvøya Nr Vedleggstema (side) 1. INTENSJONSAVTALE FORUM FOLGEFONN ( 14) 2. VEDTEKTER FORUM FOLGEFONN (17) 3. KORLEIS JOBBE? (19) 4. PRESENTERING AV HEIMSTADEN samarbeid om opplevingspakkar? (23) 5. INVITASJON TIL VERA BESØKSBEDRIFT/-GARD (24) 6. TILRETTELEGGING FOR SYKLING (25) 7. TILRETTELEGGING FOR MEIR BRUK AV ROBÅT (26) 8. TILTAK FOR Å STYRKJE UTKANTBUTIKKANE (27) 9. KONTAKT MED UTFLYTTA UNGDOM O.A. VIA EPOST (29) 10. KONTAKT MELLOM HYTTEFOLK OG FASTBUANDE (30) 11. DIALOG MED EIGAR AV LEDIG HUS OG EIGEDOM (31) 12. MATKULTUR (33) 13. FINGERNÆME FOLGEFONNINGAR; kunst, handverk, husflid (34) 14. MUSIKK, FORTELJING O.A. (37) 15. EVALUERINGSRAPPORT MAURANGERPILOT 2002 - breføring (38) 16. EVALUERINGSRAPPORT MAURANGERPILOT 2002 robåt (43) 17. GRØN FAGTUR PROGRAM (45) 18. FAGTUR BJOA PROGRAM (46) 19. KART OVER FOLGEFONNHALVØYA, MED TURVEGAR O.A. (47) 20. BROSJYRAR; flygar, foldar og minibrosjyrar (48) 21. PROSJEKTPLAN FOR HOVUDPROSJEKT (50) 13

Vedlegg 1 Intensjonsavtale Mellom underskriverne av denne avtalen er det innledet samarbeid med formål å etablere et fellesskap for utvikling av områdene rundt Folgefonna. Denne intensjonsavtalen skal erstattes av en ny avtale innen utgangen av år 2002. 1. Målsettingen 1.1. Vi har alle som mål at Folgefonnhalvøya skal videreutvikle seg som nærings- og bosettingsområde. Dette skal skje gjennom økt samhandling for en bærekraftig utvikling basert på lokale natur-, miljø- og kulturressurser. 2. Formål 2.1. Det lokale arbeidet med gjennomføring av tiltakene for å øke den lokale verdiskapningen og trivselen skal skje i regi av det enkelte grendelag o.l. Arbeidet i grendelaget skal være dynamoen i utviklingsprosessen. 2.2. For oppnå et mest mulig effektivt arbeid lokalt er felles læring, erfarings-utveksling og samordning et viktig strategisk tiltak. Lokal og regional samhandling er også en del av den felles målsettingen. 2.3. Underskriverne har derfor til hensikt å etablere et felles forum for å oppnå disse samordningseffektene. Vi har valgt FORUM FOLGEFONN som navnet på dette samarbeidsorganet. 2.4. Forum Folgefonn skal være et offensivt og uavhengig organ for å samordne og målrette felles tiltak innenfor lokal bygde- og næringsutvikling. Lokal trivsel og bevaring av lokale kulturminner, bygdekultur og -identitet defineres i denne sammenheng som nærings- og samfunnsutvikling. I denne sammenheng skal Forum Folgefonn ovenfor de lokale grendelagene fungere som en pådriver og katalysator for idéer med bakgrunn i erfaring og kompetanse. I områder som ikke har slike lokale grendelag, skal forumet ta initiativ til og være behjelpelig med etablering av slike. 2.5. Gjennom intern informasjon og andre aktiviteter skal Forum Folgefonn bidra til å skape en mer felles identitet i forhold til Folgefonnhalvøya og samtidig gjøre Folgefonnhalvøya mer synlig for omverden. 3. Organisering 3.1. Arbeidet i Forum Folgefonn organiseres som et prosjekt inntil en permanent etablering skjer ved årsskifte 2002/2003. Denne intensjonsavtalen utgjør vedtektene i samarbeidet inntil de avløses av formelle vedtekter ved årsskiftet. 14

3.2. Det er lederen i det enkelte grendelag som deltar i Forum Folgefonn. 3.3. Deltakerne i Forum Folgefonn velger selv en leder som skal lede arbeidsmøtene. Det velges også en nestleder. 3.4. Prosjektleder i forprosjektet Bærekraftig næringsutvikling på Folgefonnhalvøya skal fungere som sekretariat for Forum Folgefonn. Dette vil også bidra til å sikre forankringen av forprosjektet hos Forum Folgefonn. Sekretariatfunksjonene er i hovedsak å sende møteinnkalling, skrive og distribuere møtereferat samt motta og svare på henvendelser pr. tele og post. Kontoradresse inkl. telefon o.l. til prosjektleder vil dermed også være kontoradresse for Forum Folgefonn. 4. Kostnader og finansiering 4.1. Reise- og oppholdskostnader i forbindelse med møtene i Forum Folgefonn dekkes lokalt av det enkelte grendelag 4.2. Kostnadene vedrørende sekretariatfunksjonene dekkes gjennom forprosjektet Bærekraftig næringsutvikling på Folgefonnhalvøya. 4.3. Det er et mål for alle underskriverne at Forum Folgefonn skal ha sin egen finansiering av sekretariatfunksjonen fra 1.1.2003. 5. Rettigheter og plikter 5.1. Idéer og produkter utarbeidet iløpet av prosjektperioden i Forum Folgefonn, er forumets eiendom. Dersom forumet ikke skulle videreføre samarbeidet etter 2002, tilfaller slike idéer og produkter Hordaland fylkeskommune. 5.2. Produkter og rettigheter som en av deltakerne bringer inn i samarbeidet, går ved oppløsning tilbake til deltakeren. 6. Konkurranseforhold og tausethetsplikt 6.1. Opplysninger om øvrige deltakere i Forum Folgefonn behandles med nødvendig konfidensialitet og med taushet overfor eksterne parter. 7. Varighet 7.1. Avtalen gjelder inntil den er avløst av ny samarbeidsavtale eller til beslutning om å la samarbeidet oppløses. 7.2. Gruppens intensjon er å la denne intensjonsavtalen bli avløst av en ny samarbeidsavtale eller vedtekter for Forum Folgefonn iløpet av desember 2002. 8. Tvister 15

8.1. Enhver uoverenstemmelse mellom deltakerne skal, hvis tvisten ikke lar seg løse ved minnelighet, avgjøres med bindende virkning av en voldgiftsrett (tvistemålslovens 32). Hver av partene oppnevner en voldgiftsmann og justitiarius i Bergen byrett oppnevner oppmann som skal være jurist..., 30.5.2002 ---------------------------------- ------------------------------------ for Hordaland fylkeskommune for Hillestad/Åkraområdet ---------------------------------- ------------------------------------ for Forum for Miljødebatt i for Mauranger Kvinnherad ---------------------------------- ------------------------------------ for Herand Grendelag for Krossdalen ---------------------------------- ------------------------------------ for Torsnes for Jondalen sentrum ---------------------------------- ------------------------------------ for Kysnesstrand for Vines ---------------------------------- ------------------------------------ for Vikebygdkrinsen for Hjøllo/Mannsåker/Vasstun ---------------------------------- ----------------------------------- for Åkrafjorden --------------------------------- ----------------------------------- 16

Vedlegg 2 "Vedtekter for Forum Folgefonn" vedtekne på årsmøtet 25. januar 2003 1: Friviljuge, ikkje-kommersielle, ideelle lag og samanslutningar på Folgefonnhalvøya har i fellesmøte 30.05.02 skipa eit felles samarbeidsog samordningsorgan som vert kalla FORUM FOLGEFONN. 2: "Forum Folgefonn" kan ha si kontoradresse/sekretariat knytt opp mot regionale utviklingsselskap, medan styre- og plenumsmøte (medlems- og utvalsmøte) kan haldast i regi av den einskilde lagseining eller -prosjekt. 3: Forum Folgefonn har fått mandat, styreform og hovedmål definert i ein "Intensjonsavtale" inngått mellom medlemslaga. Organisasjonsform og mandat vert no nedfelt i, og tolka ut av gjeldande vedtekter for forumet. 4: Forumet har som sitt primære arbeidsmål å stimulere til initiativ og tiltak i medlemsorgana, - utvikle og samordna synergiske fellestiltak som styrkjer Folgefonnhalvøya som nærings-, rekreasjons-, kompetanse- og busettingsområde. Eit særskilt og langsiktig mål er å skape ei felles identitetskjensle hjå "folgefonningane", - basert på lokale initiativ, tradisjonar, idear og kompetanse, - og på eigne natur-, miljøog kulturressursar. 5: Årsmøtet, som skal haldast i første kvartal 2. kvart år, skal velja ny leiing for forumet. - Vedtekter og resultat skal evaluerast i høve til mål og mandat. Årsmøtet skal og vurdera om forumet i leiing, prosjekt- og nettverksbygging har levd opp til si rolle som offensivt og uavhengig organ, og forventningar om å vere pådrivar og samordnar, - trivsels-, identitets- og verdiskapar, - og næringsutviklar. Årsmøtet kan gjere framlegg til vedtektsendring, som så kan vedtakast på neste års årsmøte med endeleg verknad. Styret skal telje 4-6 medlemer. Til det første styret skal leiaren og 1-2 medlemer veljast for 2 år, medan den andre halvdelen av styret vert valde for 1 år. Ved ordinær sakshandsaming i styret skal leiaren si røyst telje dobbelt ved likt røystetal. - Innkalling til årsmøtet skal skje med 3 vekers varsel. Styret fastset dagsorden med dei saker og opningar for drøfting som går fram av 1.og 2.ledd, - i tillegg til godkjenning av rekneskap, årsmelding, budsjett og eventuelle honorarsatsar. Saker til årsmøtet skal vera innkomne til styret seinast 6 veker før fastset årsmøtedato. Kvar medlemseining peikar ut 1-2 utsendingar, som møter med ei røyst, til plenums- og årsmøte, - ut frå det ansvar, ærend og mandat dei har fått med seg. Styret skal påakte behov for fornying av medlemsstrukturen, og framelske idear og personlege initiativ som aukar ambisjonsnivå og nettverks-suksess. Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemene møter og er habile. Det kallast inn til ekstraordinært årsmøte når styret eller eit fleirtal av medlemene krev det. 17

Innkallinga skal skje med min. 8 dagars varsel, og berre dei sakene som er nemnde i innkallinga kan handsamast av årsmøtet. 6: Forum Folgefonn skal ikkje ha eigenkapital eller forvalte eigne verdiar utanom det utstyr som er naudsynt for administrasjon, drift og kontakt med medlemsmassen og det øvrige nettverket. Driftsøkonomien skal haldast på eit minimum. Styret og sekretariat skal ha ei godtgjersle fastsett av årsmøtet, medan lagsmedlemene gjennom sin organisasjon eller eigne prosjekt sjølve utgreier eigne utgifter (reise, opphald, administrasjon) i samband med medlems- og årsmøte. Årsmøtet kan fastsetje ein mindre, høveleg medlemskontingent dersom mangelfull økonomi/offentlege tilskot hindrar ei funksjonell styring. Finansieringa av den daglege drifta er i utgangspunktet styret sitt ansvar, - medan prosjektøkonomien må styrast av medlemene gjennom dei tilskotsog låneordningane som stat, fylkeskommune og kommune rår over i distrikts- og næringspolitikken. Privat sponsing er og medlemets utfordring/ansvar. Då reiselivet har ein framtredande plass i regionen, vil samordning i høve til organ for turisme og ideelt arbeid for ålment friluftsliv, natur- og kulturforvaltning vere ei stor og prioritert utfordring for forumet. 7: Dersom drifts- og rammevilkåra for forumet tilseier at aktiviteten vert dempa eller truar med å hindre forsvarleg og meiningsfull styring og drift, kan forumet avviklast etter naudsynt vedtak i 2 påfølgjande årsmøte. Ved endeleg avvikling skal siste årsmøtet vedta korleis verdiane i boet skal ivaretakast og fordelast, saman med forumet sine arkiverte dokument m.v. ( 7 er siste paragraf i desse vedtektene for Forum Folgefonn) o 00 ** ** 00 o Merknad: * Vedtektene er utarbeidde på grunnlag av inngått intensjonsavtale av 30.05.02 (Olaløo), drøftingar i Arbeidsutval og innspel frå medlemer, BNL og offentlege organ, jmf. at vedtektene skal avløyse/presisere intensjonsavtalen. - Vedtektene er første gong vedtekne på årsmøte 25.01.03 (Kjerringgarden, Bjoa). 18

Vedlegg 3 - Korleis kan vi jobbe? Til Bygdalaga i Forum Folgefonn SYNLEGGJERING AV LOKAL RESSURSAR Eg treng dekans hjelp Fyll ut side 4 og send tilbake seinast 1.desember? I prosjektarbeidet så langt føler eg at både Forum Folgefonn, pilotarbeid og vidareutvikling av brosjyremateriell er kome nokolunde i gang. Det fjerde punktet lista opp som prosjektet skal jobba vidare med er idear for næringsutvikling. Dette kjem eg til å jobba mest med no framover, men for at det koma best mogeleg resultat utav det treng eg dekans hjelp. Fyrst nokre ord om korleis eg trur vi kan gripa tak i det. I rapporten frå Tron Bach sin forstudium er mange slike nemnde. I denne fasen skal prøver eg å vidareutvikle og samordna dei ulike ideane. Min bakgrunn har eg ikkje fortalt om, men det kan gjerne vera greitt for deko å vita litt? Tidlegare jobberfaring her lokalt er m.a. 12 år som ringleiar frå forsøksringen i Indre Hardanger, 3 år forskingsprosjekt på Planteforsk Ullensvang. Deretter satsa eg som heiltids-bonde med allsidig interesse innan hagebruk; frukt, pyntegrønt, prydhage, skog, litt bier, og så bur det eit gen for kreativitet i meg så eg puslar litt med handverk òg. Fritidsarbeid som leiar for bygdamobilisering for Vikebygdkrinsen frå 1995, til dess eg overtok som koordinator for Områdetiltaket i OMV 'frå Fjord til Fonn' i 2001. I både forsøksring og bygdemobilisering jobba eg svært mykje opp mot smågrupper, og det fungerte i dei fleste tilfelle svært godt. Eg vart spurt om eg ville verta prosjektleiar for Folgefonnprosjektet på deltid. Heile halvøya var ein ny ukjent region, og med mykje av utviklingsarbeidet knytt opp mot reiseliv som er langt i frå mi bakgrunn var eg litt usikker om dette kunne fungere på så kort tid. Saka er den at i dag stortrivest eg med dette.. og synest det er altfor kort tid prosjektslutt rundt 1.april. At det er eit 'Korttidsprosjekt' er ei av årsakene til at de føler eg gjerne 'masar mykje'.. tilgi det - og hugs det til alle sitt beste. Tidlegare arbeid i smågrupper liknar litt strukturen eg jobbar etter i Folgefonn-prosjektet, berre at her er bygdalaga 'hovudgruppene' for mange fellestiltak innan bygdene. Ein skal sjølvsagt ikkje laga ekstra 'bygda-byråkrati' i denne samanheng slik at styre i bygdalaga føler dei fer for mykje ansvar for kontakten med Folgefonnprosjektet, på bekostning av det dei sjølve vil jobba med lokalt. Det er det like naturleg for meg å jobba opp mot enkeltpersonar i ein del tiltak, eller med mindre interessegrupper innan eller/og på tvers av bygdene i nokon tilfelle. Til slutt kan det koma 'prikkar på kartet' som eit nettverk av ulike grupperingar på det store kartet der vi presenterer oss i fellesskap. Saman fer vi eit større mangfald vi all vinn på. Slik eg tolkar oppgåva mi i prosjektet føler eg det er to hovudmålgrupper: 1. folgefonningane sjølve, i alle aldrar 2. tilreisande, både norske og utanlandske ( invitera til innflytting?) Folgefonningane ynskjer eg å motivere til å sjå det positive potensiale i dekans eigne lokalsamfunn og deko sjølve. Vidare at de skal få inspirasjon og føla at alle på halvøya vinn på det samarbeidet vi prøver å få til gjennom Folgefonnprosjektet. Sist og ikkje minst at de føler dette ER dekans prosjekt; noko de sjølve er med på å forma ut på dekans premissar. Tilreisande - skal ynskja å koma hit fordi dei finn ein nasjonalpark med eit mangfaldig i natur og samfunn rundt, og ikkje minst nærkontakt med noko rotekte i folk og kultur. 19

Mykje av det vi syslar med kan nyttast i reiselivsutvikling. Samstundes som vi prøver å styrkje eksisterande næring og kultur med å laga oppleving av det vi driv med. Tron Bach kalla det ein stad i '" Er du svolten?" rapporten sin 'none-synthetic tourisme' (ikkje-syntetisk turisme). Det betyr at vi leitar fram dei ressursane som alt er her og synleggjer dei. Derfor utviklar vi i fyrste omgang små nisjer i tilknytning til det eksisterande fordi det er rimelegaste og snarast å koma i gang om vi fokuserer på det vi har. Det er å håpa at vi kan få mange med på den måten. Deretter må vi rekna med at nokon av desse vil vidareutvikle seg til større tiltak. Ei og ei blir vi for små, nesten ingenting kjem i gang då. Truleg kun med å gjere dette i fellesskap kan vi få eit stort 'opplevingsprodukt' å selja tilreisande. Eg trur òg dette er ein veg å gå for å skapa oss ein identitet og styrkja optimisme som smittar. Det vil gjere oss attraktive for tilbakeflyttarar, eller tilflyttingsmål for grynderar som gjerne i utgangspunktet var her som turistar og likte det dei såg? Denne samansette og mentale prosessen tek tid, men langsiktige mål er òg nødvendige, og må berre begynnast på. Det er ofte bra å vera utolmodig og vilja at det skal skje ting fort, men tolmod er òg ein dyd, samt respekt for og ikkje avskriva dei som treng litt tid. Viss vi verkeleg har tru på det vi held på med gir vi ikkje opp så lett! Hugs det! Derimot kan egoisme eller likesæle vera tilstandar som er verre å kjempe med, fordi det etter mi tru nærmast er dagen's samfunn sine sjukdomsteikn? Kan vi få nokon utor slike tilstandar har vi vunne ein liten seier. Ikkje bruk unødige krefter på irritere deko på byråkratiet, berre litt Det er eit ord etter Frans frå Assisi eg ofte nyttar sjølv i slike samanhengar: "Begynn med det nødvendig, hald fram med det mogeleg, og til sist klarar du det umoglege!" Hovudmål i prosjektet er: Auka samhandling for berekraftig utvikling på Folgefonnhalvøya basert på natur- og kulturressursar. 1. Ta tak i det vi i dei enkelte bygdene har, og er med tanke på å 2. stimulere til synleggjering av det.. 3. for å formidla/selja det som kunnskap eller produkt 4. Kartleggja kva har vi av menneskelege ressursar? 5. Kartleggja kva har vi av fysiske ressursar? 6. Ha direkte kontakt for motivering til igangsetjing m.m. 7. Nettverksbygging både innan like/nærslekta grupper, og tverrfagleg. 8. Samordna vidareutvikling - marknadsføring gjennom etablerte kanalar. 9. Grupperingar innan næringar kan vera delt inn i: besøksgardar ( hagebruk/jordbruk/grønt samarbeid - stort mangfald) norske heime (besøk, overnatting, 'bed & bread?) offentlege institusjonar ( besøk ) industribedrifter ( besøk - små og store) kunst ( besøk, sal, kurs) husflid & handverk ( som ovafor + tradisjonsberar) musikk (minikonsertar, kultur, fest) forteljarar el. skrivande personar ( gode opplesarar - kulturformidling, ) matkultur ( servering, sal, besøk, kurs, tradisjonsberar) kulturminne ( besøk, kunnskapsformidling ) natur og friluft ( mange, mange ulike tema - kurs, utleige, oppleving og formidling) helse og velvære ( besøk, sal, ) tilskipingar ( samordne, samarbeide, informere ) 20