Ein trygg stad for trivsel, leik og læring

Like dokumenter
Ein trygg stad for trivsel, leik og læring

ein felles møtestad Årsplan 2011/2012

ein felles møtestad Årsplan 2013/2014

ein felles møtestad Årsplan 2015/2016

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

AVDELINGSPLAN

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Sandeid skule SFO Årsplan

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Informasjonshefte Tuv barnehage

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Informasjon til foreldre

Skjema for eigenvurdering

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN GARNES SFO

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Saman om Ørstabarnehagen

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Handlingsplan Lye SFO

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Leikande, glade barn og natur hand i hand

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Definisjon og formål. Målsetjing

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsplan SFO Sevland skule 2015/2016

Du må tru det for å sjå det

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Årsmelding for Urhei barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

ÅRSPLAN FOR FAGERHOLT FAMILEBARNEHAGE AS 2010/2011

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Trivsel og vekstvilkår

Bjørnehiet SFO - informasjon

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Velkomen til Mork barnehage

Der lek og læring går hånd i hånd

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Transkript:

Ein trygg stad for trivsel, leik og læring Årsplan 2018-2019

INNLEIING Velkomen til eit nytt barnehageår til alle små og store. Vi gler oss til å møte nye barn og foreldre og håpar at alle vil finne seg vel til rette og trivast hjå oss. Vi håpar på eit godt samarbeid med deg som foreldre og vil prøve så godt vi kan å imøtekomme dine ønskjer og behov. Ut frå våre forutsetningar vil vi leggje best mogleg til rette for at barna skal få ei god og trygg tid i barnehagen. Barnehagen er ein stor del av barnas barndom og ein viktig arena for barnas utvikling, leik og læring. Som barnehage er vi avhengig av å ha eit godt og nært samarbeid med dykk foreldre og vi set stor pris på alle tilbakemeldingar vi får. I år ser det ut til å bli 20 barn ved Fiksdal barnehage. Barnehagen er ein del av Fiksdal oppvekstsenter og vi prøver derfor å legge til rette for eit godt samarbeid mellom barnehage, skule og SFO. Telefonnummer til barnehagen: 71 18 43 50 Mobilnummer til barnehagen: 97 04 60 25 Mobilnummer til Gunn Havnsund 90 61 84 06 E-post: E-post: gunn.havnsund@vestnes.kommune.no tine.baardsnes@vestnes.kommune.no

Pedagogisk grunnsyn I Fiksdal barnehage er vi opptatt av at barnehagen skal vere ein trygg plass med mykje nærleik og omsorg. Samtidig skal barna få med seg eit mangfald av kunnskap og gode opplevingar som dei kan ta med seg vidare i livet. Barnet skal bli stimulert til å utvikle seg som eit heilt og fullt menneske. Vi jobbar etter Vygotskys og Bruners teoriar. Dette vil blant anna sei: at vi ser på barnet som sosialt frå fødselen av at barnet utviklar seg og lærer seg sjølv å kjenne ved å være i samspel med vaksne og barn For at barnet skal utvikle eit positivt sjølvbilde, kreves det at barnet opplever seg sjølv positivt i samspel med omsorgspersonar og leikekameratar. I følgje Vygotsky er språket eit viktig reiskap i barnas utvikling. Vi vaksne må være bevisste på å sette ord på barnas opplevingar helt frå første dag i barnehagen. Ved å omgrepsfeste deira opplevingar, får barnet eit reiskap til å tenkje tilbake på opplevingar og prate om kva dei har opplevd. Språket er tankens byggjeklosse. Vi ønskjer og gje barna eit vitt grunnlag, det vil sei at vi ikkje bremsar barna i deira ønske om å lære. Vi må observere kvart enkelt barn for å kunne vete kva barnet er interessert i og held på med akkurat no.

Dette krev at vi er nær barna gjev omsorg er opptatt av at det aldri er for tidleg å introdusere kunnskap, berre kunnskapen er tilpassa barnets nivå Bruner beskriv oss vaksne som stillas for barn når vi støtter dei. Det vil sei at når dei skal lære ny kunnskap, bygg vi stillas for det enkelte barnet etter kor mykje hjelp barnet treng. Etter kvart som barnet meistrar oppgåva sjølv, bygg vi ned stillaset. Ved å være eit støttande stillas for barnet, kan vi hjelpe det og meistre ting som det ikkje hadde greidd utan hjelp. Dette krev at vi som jobbar i barnehagen kjenner barna vi støtter godt, og veit kva dei treng hjelp til og meistre. Barnas utvikling og læring blir av Bruner omtala som ei trapp. Eit trappetrinn stend for ny læring, altså ny kunnskap. Barnet klatrar opp eit trinn, ofte ved hjelp av eit støttande stillas (ein omsorgsperson), og kviler der mens den nye kunnskapen synk inn. Deretter begynner dei på neste trinn. Vi ønskjer å være dette stillaset for kvart enkelt barn. Dette krev at vi har ei observerandes haldning, og at vi er bevisst på kor viktig vår rolle som omsorgspersonar er for barnas utvikling. Nærleik, omsorg og tryggleik er viktige omgrep for oss.

2. BARNEHAGEN SINE SATSINGSOMRÅDE 2018/2019 2.1 I Fiksdal barnehage vil vi dette året sette fokus på barns medverknad. I den forbindelse har vi utarbeida vår beste praksis som vil sjå slik ut: VÅR BESTE PRAKSIS Vi har god kvalitet på barns medverknad når den vaksne: Tek barna sine tankar og følelsar på alvor ved å: Gje dei tid og rom så dei får uttrykkje seg Oppfordre dei til å komme med eigne ønskjer, idear og følelsar Lytte til dei Fokuserer på samspel mellom barn og voksne ved å: Gje barna tilhørighet gjennom felles opplevingar Sjå og høyre alle saman Barns medverknad kan vi sjå på som todelt; Det kan vere barnas mulighet til å medverke og delta i fellesskapet Og det kan vere at vi lytter til barna og oppfordrer dei til å uttrykkje eigne ønsker, idear og følelsar.

2.2 «Digital praksis i barnehagen» blir eit anna satsingsområdet det neste året. Dette er eit felles opplegg for alle dei kommunale barnehagane i Vestnes. Den digitale kvardagen har kome for å bli, også i barnehagen. I rammeplan står det: «Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring. Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplan sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barna. I samband med bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna. Samtidig skal digitale verktøy brukast med omhug og ikkje dominere som arbeidsmåte. Barnehagen skal utøve digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar ei gryande etisk forståing knytt til digitale medium.» Personalet i barnehagen ser fram til å bli kursa og opplært i korleis vi best mogleg kan ta dei digitale verktøya i bruk i året som kjem. Det første personalgruppa skal vere med på er Romsdalsk barnehagestevne som blir den 8. oktober. Der vil det eine fokusområdet vere; digitalisering i lys av Rammeplan. Elles er det også bestemt at det skal settast ned ei gruppe som skal lage ei langsiktig digitaliseringsplan for barnehagane i Vestnes kommune. Fiksdal barnehage sin representant i denne gruppa blir Tine Bårdsnes.

3. KOMPETANSEUTVIKLING FOR TILSETTE Dette året blir hovudfokuset på «Barns medbestemmelse» og «Digital praksis i barnehagen». Dette vil først og fremst foregå i kvardagen på barnehagen, men det er også satt av nokre andre dagar og tider vi vil jobbe intensivt med dette: Romsdalsk barnehagestevne Studie- og planleggingsdagar Rettleiing og medarbeidersamtale 3.1 Studie- og planleggingsdagar Vi har 5 planleggingsdagar kvart barnehage år. Desse dagane er barnehagen stengt. 6. og 7. august, vi forbereder oss på haustsemesteret. 8. oktober, Romsdalsk barnehagestemne. 25. februar, studiedag om digital kompetanse i lag med dei andre kommunale barnehagane i Vestnes 24. juni Evaluering av vårhalvåret. Planlegg oppstarten til neste haust.

4.TEMA FOR ÅRET Til hausten har vi bestemt oss for å jobbe med miljøvern i barnehagen. Dette er eit veldig aktuelt tema i desse dagar. Som de kan sjå av temaplan nedanfor så har vi valgt å kalle årets gjennomgåande tema for «Medverkande miljøagentar» Dette heng saman med at vi også skal ha fokus på barns medverknad. Det blir eit tema som kjem til å følgje oss igjennom heile året, samtidig som vi skal innom dei årlege tema som vi bruker. Eksempel på dette er årstidene, høgtider som jul og påske osv. Vi har funne eit pedagogisk opplegg som er tilrettelagt for barnehagebarn. Dette kan de lese meir om på revar.no om det er av interesse. Der har dei delt inn det pedagogiske opplegget i fire tema: 1. Resirkulering og sortering 2. Kosthald (sunn og usunn mat, kvar kjem maten frå, økologisk mat m.m) 3. Energieffektivisering (bruk av straum, vatn, bil m.m.) 4. Revar ut i verden (Revar reiser til Svalbard, regnskogen og andre stader som belyser miljøspørsmål) Det er eit ganske nytt og framandt tema for oss og jobbe med også, men vi skal lese oss opp og halde dykk informert på månadsplanane som de får delt ut i løpet av året.

TEMAPLAN August Tilvenning Oppstart av førskulegruppe og turgruppe September Medvirkande miljøagentar Haust Brannvernveke Oktober/november Medvirkande miljøagentar Haust Desember Juleførebuing Nissebesøk Julefest Barnegudsteneste Januar/februar Medvirkande miljøagentar Vinter Solfest Samefolkets dag Mars/april Medvirkande miljøagentar Påskeførebuing Vår Mai 17. mai førebuing Vår Juni/juli Brannvernveke Sommarfest Sommar

5. DAGSRYTME I FIKSDAL BARNEHAGE Vi ønskjer å kunne dele barna mest mogleg inn i mindre grupper. Dette for å legge til rette for eit innhald ut ifrå barnas behov og tilpasse aktiviteten etter barnas alder og modning. Det er stor forskjell på behovet til ein eitt åring og ein fem åring. For å kunne ta i vare kvart enkelt barn på best mogleg måte har vi derfor valt å dele barna inn i småbarns- og storbarnsgruppe. I mindre grupper er det mykje lettare å sjå det einskilde barnet og gi rom for språkstimulering, medverknad, individuell tilpassing og god leik. No i oppstarten må vi rekne med å bruke litt tid på å finne ut av korleis vi skal få gruppene til å fungere best mogleg saman og kvar for seg. På tidleg morgon og sein ettermiddag vil det vere naturleg at alle barna er i lag, medan vi i kjernetida mellom klokka 09.30-14.30 stort sett vil vere delt. Slik ønskjer vi å ha det i barnehagen vår: Alle barna som skal ete frukost i barnehagen skal vere på plass i god tid før klokka 08.00. Prøv å unngå å hente barnet midt under fruktmåltidet. Dette skaper unødvendig uro i barnegruppa. Barna skal ikkje ha med eigne leiker og «duppedittar» til barnehagen. Alle klede som barnet brukar i barnehagen skal merkas med navn. Det er foreldra sitt ansvar å halde orden på plassen til barna i garderoben. Støvlar og sko skal hengast opp kvar dag og «posthylla» skal tømmast.

Klokke Innhald Mål Korleis? 07.00 Barnehagen opnar Små og store skal føle Ta i mot barna i seg velkommen garderoben eller 08.00 Frukost Skape god stemning rundt måltidet, samtale med barna. 09.30 Storbarnsgruppa 09.30 Småbarnsgruppa Inndeling i grupper. Høgtlesing og samling. Påkledning for dei minste Gruppeglede, alle barn skal bli høyrd og sett. Formidling av aktuelt tema. Trene sjølvstendigheit og sosial kompetanse. inne på avdelinga Store og små sit saman rundt bordet. Dei vaksne oppfordrar til kommunikasjon. Vi oppmodar alle barna til å delta. Barna medverkar sjølv til korleis aktivitetane utformar seg. Barna prøver å kle på seg sjølv og hjelpe kvarandre med påkledning. 10.00 Storbarnsgruppa Uteleik Styrte aktivitetar inne eller ute. (Eks: turdag, formingsaktivitetar, språkgruppe, førskule) Leik og undring Trene sjølvstendigheit, utholdenheit og sosial kompetanse. 11.15 Lunsj/smøremåltid Barna skal bli mette. Lære normal bordskikk. Sosialt samlingspunkt. Rydde etter måltid. 12.30 Kvile/frileik ute. Kvile for dei barna som treng det. Dei andre har frileik ute. 14.00 Mellommåltid med frukt Skape god stemning rundt måltidet, samtale med barna. 15.00 Frileik/ rydding Leik/ lære å rydde opp leikene vi har halde på med. 16.30 Barnehagen stenger Ha kontakt med den vaksne som hentar barnet. Vi legg til rette for leik og er med å undre oss i lag med barna. Vi legg til rette for forskjellige aktivitetar og undrar oss i lag med barna. Store og små sit saman rundt bordet. Dei vaksne oppfordrar til kommunikasjon. Roleg overgang til dei som skal kvile. Vaksne legg til rette for frileik. Ute eller inne. Alle barna må delta i rydding. Sette av tid til å prate med den som hentar barnet.

6. BARNEGRUPPA DETTE ÅRET Desse barna har plass ved Fiksdal barnehage dette barnehageåret: 2013 2014 2015 2016 2017 Daniel Håkon Frøya Aurora-Lineah Heine Elias Jakob Ingrid Tomine Isabell Oliver Iver Elias Theodor Grete Lily Eilev Johan Håkon Martinus Kaspar Olai Johannes Konrad Haakon 7. PERSONALGRUPPA DETTE ÅRET Elisabeth Selnes Einingsleiar 5% Gunn Havnsund Assisterande styrar 60% Tine Bårdsnes Pedagogisk leiar 100% Marina Dragnes Barne- og ungdomsarb. 100% Gunn Janne Olsen Barne- og ungdomsarb. 100% Marita Tomren Barne- og ungdomsarb. 100% Sølvi Sikveland Barnepleiar 63% Mvh Gunn Havnsund - assisterande styrar -