Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven



Like dokumenter
Ganddal bydelsutvalg Melding 7/09 -A/-Å ENDING I NAVNESETTINGEN AV STEDSNAVN I SANDNES KOMMUNE

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst /11 NYTT GATENAVN FOR REGULERINGSPLAN HAFRAKVEIEN.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Høring: a-/å-ending i stedsnavn i Sandnes kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vurdering klage på vedtaket i kulturutvalget om stedsnavnene Vassvik og Selvik

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Høringsnotat - Oppfølging av Stortingets dokument nr. 8:58 ( ): Forslag til endring i lov om stadnamn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Saksbehandling kva er no det?

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

ROS-analyse i kommuneplan

«Ny Giv» med gjetarhund

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Stedsnavntjenesten for norske navn i Nord-Norge

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

KLAGENEMNDA FOR STEDSNAVNSAKER

Finansiering av søknaden

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Ny høring reguleringsplan 98329,felt B1.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Aurland kommune Rådmannen

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Samansette tekster og Sjanger og stil

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Melding om vedtak i sak 3/2010, Harstad kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst /10

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Navnesak 2013/05 - Vedtak av skrivemåten for stedsnavnene Horne, Raudstøl og Lislevann i Evje og Hornnes kommune

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Sviland bydelsutvalg sak 20/10

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Adresseføresegner, Sund kommune

Melding om vedtak i sak 5/2014, Målselv kommune

Sprog i Norden. Stadnamnnormering i Noreg. Kilde: Sprog i Norden, 2008, s

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Melding om vedtak i sak 2013/3, Tjønna/Tjørna/Kjønna i Skånland kommune

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

KLAGENEMNDA FOR STEDSNAVNSAKER

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Transkript:

Fra: Sandnes Mållag [sandnes.maallag@epost.no] Sendt: 13. mai 2008 10:05 Til: postmottak; Sandven, Britt I. Emne: Rett skriving av stadnamn Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven Bydelsutvala er høyringsinstans når skrivemåten av stadnamn skal fastsettast. For Sandnes Mållag er det ein del av det språklege kulturarbeidet å ta vare på lokale stadnamn. Me vil derfor be utvala settja seg inn i reglane for fastsetting av skrivemåten og ta eit standpunkt til bruken av desse reglane. helsing for Mållaget Egil Astad --

Sandnes Mållag 14.05.2008 Utvalet for kultur og oppvekst Stadnamn; korleis ta vare på lokale språklege kulturminne. Kulturetaten og Sandnes Mållag hadde nettopp eit møte for å gå gjennom revisjonen/ endringane i Lov om stadnamn. For kommunen møtte kultursjef Erlend Bræin og stadnamnsansvarleg Janne Hestad og for Mållaget Ketil Volden og Egil Astad. Det kom klart fram på møtet at kultursjefen har eit anna syn enn Mållaget på tolking og bruk av loven. Synet kom òg godt fram på sist møte i Utvalet om gatenamnet Høgarindå der kultursjefen uttalte seg ut frå ei rein språkleg vinkling i staden for kulturvern, som dette handlar om. Utvalet har i slike tilfeller iblant vedteke å som ending, i dette tilfellet blei det a. Det burde vera eit krav om ein viss konsekvens i vedtaka. Jf kommunen sitt prosjekt om friluftslivet i Sandnesmarkå. Grunnlaget for korleis stadnamna skal skrivast er gitt i Lov om stadnamn. Mållaget legg særleg vekt på følgande: 1. Formål og verkeområde Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel som skal brukast i skolen. Formålet er som ein ser primært å ta vare på eit kulturminne med hjelp av ei skriftform som fører til aktivt bruk av namna. (Merk at det ligg inga språkpolitisk målsetting i loven. Det er det lite eller inkje grunnlag for i Ot.prp.nr 42.) Det er vert å merka seg at skriftforma er vesentleg for å ta vare på kulturminnet. Det er ført vidare i loven med: 4. Reglar om skrivemåten v/egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no Side 1 av 4

Sandnes Mållag 14.05.2008 Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. Nedervd lokal uttale er sjølvforklarande, men kva er eit rettskrivingsprinsipp? 2. Definisjonar I denne lova tyder d) nedervd stadnamn, stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar e) lokal talemålsform, den uttaleforma som er i allmenn bruk av folk som har tradisjonell tilknyting til staden, gjennom busetjing eller årviss næringsverksemd f) rettskrivingsprinsipp, allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift. I Ot.prp.nr 42 står dette berande rettskrivingsprinsippet: Omgrepet rettskrivingsprinsipp som er definert i bokstav f, vil seie dei allmenne reglane for korleis lydar og lydkombinasjonar som gjeld til ei kvar tid skal skrivast. Til dømes skal lang vokal skrivast med ein vokal og ein konsonant, som i tak, mens kort vokal skal skrivast med ein vokal og to konsonantar, som i takk. Desse prinsippa blir realiserte gjennom rettskrivinga, (vår utheving) Vårt grunnlag i loven vert då; oppsummert: Når me skal fastsetta skrivemåten av stadnamn tek me utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og at aktuell rettskriving for stadnamn er gitt av rettskrivingsprinsippa! Rett skriving av stadnamn har slik sitt eige rettskrivingsgrunnlag og vil i mange høve avvika frå den rettskrivinga som me finn i ordboker og andre fasitar. Skal me ta loven på alvor har me då problem med å få f.eks Høgarindå til å slutta på a. Der er ikkje noko rettskrivingsprinsipp/lydkombinasjon som gjer at endinga å kan skrivast som a, og få det til å høyrast ut som å. Men i departementet si forskrift til loven er det kome inn litt språkpolitikk, det står: 3. Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn Ved fastsetjing av skrivemåten skal det veljast ei tillaten form i den målforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan likevel veljast regionale samleformer eller reine dialektformer når særlege grunnar talar for det. (vår utheving) v/egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no Side 2 av 4

Sandnes Mållag 14.05.2008 I store delar av sørvestlandet, med ei folkemengd på nærare 400.000 sluttar hokjønnord i bunden form i den vanlege nedervde uttalen på å f.eks; myrå, vigå, heiå, markå, liå. I fleirtalsform finn me det òg for inkjekjønn, som fjedlå/fjellå. Ingen av dei to jamnstilte målformene passar i desse tilfella tilstrekkeleg inn til ikkje å øydelegga sjølve stadnamnet og slik verta i strid med målsettinga i loven. Den utheva setningen er etter vårt syn då eit solid grunnlag for at me i Sandnes kan vera lojale mot Lov om stadnamn og verna desse å-endingane som samlefomer for sørvest-regionen og til og med ta vare på reine dialektformer når me vil det. Nå er det i den nye loven, i tillegg til forskrifta, faktisk kome også kommentarar til forskrifta. Det er ikkje klart kor sterkt ein slik kommentar står reint juridisk, men det må vera innlysande at element som er flytta frå den tidlegare forskrifta og nå er havna i kommentardelen må vera svekt. Dei meir språkpolitiske elementa frå den gamle forskrifta står nå i kommentardelen. Det blir nærast sjølvsagt at ein snever byråkratisk bruk av den språkpolitiske kommentardelen ved framlegging og for fastsetting av skrivemåten, vil føra til at lokale velkjende stadnamn som Sandvigå og Luravigå vil bli til Sandvika og Luravika. Ingen som er litt kjend i Sandnes uttaler desse namna slik. Dette kjem då i klar motsetnad til loven sine krav om at namna skal skrivat etter rett-skrivingsprinsippa og den lokale uttalen. Eit slik manglande skjønn kan og vil ikkje vera holdbart. Det er misforståing å bruka vedtekter evt. kommentarane til desse slik at dei kjem i strid med sjølve loven. Då Sandnes Mållag lengre tid har hatt denne diskusjonen gåande med administrasjonen om desse endingane vart me for 2-3 år sidan samde om å ta dette opp med departementet. Me hadde sendt inn klage på vedtak om namn som Vassvik og Selvik og handsaminga av klagene skulle derfor avventa eit svar frå departementet. Departementet viste i sitt svar til at revisjonen av Loven ikkje var avslutta og slik fekk me ikkje noko svar. Då dette var klart tok me opp igjen den generelle problemstillinga med departementet. Me viser til vedlegga; vårt brev til departementet og svaret. Som det går fram av svaret frå departemenet er ord som Storamyrå heilt legalt om vedtaksorganet etter sitt skjønn finn sterke nok grunnar til det. Departemenet har heller ingen innvendingar til argumentasjonen vår. v/egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no Side 3 av 4

Sandnes Mållag 14.05.2008 Departementet er òg tydeleg på at det er opp til vedtaksorganet å bruka/forstå denne delen av loven. Sandnes kommune kan då i slike høve velja/avgjera skrivemåten for dei stadnamn ( gjeld mest gatenamn) som kommunen gjer endeleg vedtak for. Vår målsetting med denne saken er at Sandnes kommune skal fatta eit generelt vedtak, og spesielt om å-endingane, korleis dei vil bruka Lov om stadnam for å ta vare på desse språklege kulturminna våre. Med helsing For Sandnes Mållag Egil Astad PS Der finns ikkje kulturminne som me kan ta vare på med så liten kostnad. v/egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no Side 4 av 4

Sandnes Mållag 2007.07.17 KKD Kulturavdelingen Jf. dei nye forskriftene for stadnamn. I høyringa tok me opp at det eksplisitt ikkje var opning for endinga å i bunden form av hokjønnsord. Det blir brukt i store delar av sørvestlandet med ei folkemengd på nærare 400.000. Typiske ord er myrå, vigå, liå. I fleirtalsord finn me det òg for inkjekjønn, som fjedlå/fjellå. Denne uttalen og skrivemåten er ikkje på noko vis i strid med rettskrivingsprinsippa i Lov om stadnamn. Prinsippa er klart definerte og er grunnlaget for rettskrivinga av stadnamn. Som det går fram av den under utheva teksten er denne å-endinga vår eigentleg ikkje eit problem all den tid at dette er så utbredd på sørvestlandet at det kan ses på som ei regional samleform. Sitat frå: Forskrift om skrivemåten av stadnamn. 1. Generelle reglar om skrivemåten av stadnamn Det skal takast omsyn til tidlegare normeringspraksis så langt ein kan gjere det utan å komme i strid med lova. Når nye namneobjekt skal namnsetjast, bør namneskikken på staden følgjast. v/ Egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no side 1

Sandnes Mållag 2007.07.17 3. Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn Ved fastsetjing av skrivemåten skal det veljast ei tillaten form i den målforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan likevel veljast regionale samleformer eller reine dialektformer når særlege grunnar talar for det. Men når me går inn i kommentarane til forskrifta forsvinn denne opningen. Derimot er det tatt mange omsyn til ulike former av langt mindre utbreidde austlandske og trønderske dialektar. Sitat frå kommentarane: 3. Kommentarar til forskrifta Til 3 i forskrifta: Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn - nokre presiseringar i. Kjønn, tal og form Grammatisk kjønn og eintals- eller fleirtalsform skal som hovudregel rette seg etter dialektuttalen.... ii. Bøyingsverk Eintal dialekten. Hankjønnsord får i bunden form endinga -en eller -n i samsvar med Sterke hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a. Når dialekten har endinga -i eller -ei, brukar ein -i. Bergensk får -en, mens midlandsmåla kan bruke -e. Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -na, -ne eller -ni brukast. Svake hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a. I det austlandske og trønderske dialektområdet rettar ein seg etter den enkelte dialekten med omsyn til utlydande vokal i jamvektsord (-a, -u, -o, -å). Bergensk får -en. Fleirtal I bunden form kan artikkelen få ei eller to stavingar i samsvar med dialekten. Ein brukar endinga -an(e) når dialekten har -an(e), -ain(e), -ana, -adne, - ad'n/-at'n, -æn(e), -æin. Når dialekten har -en(e), -ein(e), -en(a), -edne, -ed'n/-et'n, -'n, bruker ein -en(e). Der dialekten har -in(e), -un(e), -a, kan ein rette seg etter dialekten. v/ Egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no side 2

Sandnes Mållag 2007.07.17 Inkjekjønnsord får endinga -a, -i eller -e når det er samanfall med bunden form eintal av sterke hokjønnsord. Vårt spørsmål er enkelt; Vil det i vår del av landet vera legalt å bruka og skriva f.eks. Storamyrå? Med helsing for Sandnes Mållag Egil Astad v/ Egil Astad Sandvedliå 22 4321 SANDNES 51662636 sandnes.maallag@epost.no side 3