Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse



Like dokumenter
Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Statsbudsjettet Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Forslag frå fylkesrådmannen

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kvalitetsplan mot mobbing

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Søknad. RF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Barnehageplan for Vinje kommune

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning LivOGLyst Hordaland 2013 Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Vurdering av allianse og alternativ

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PROSJEKTPLAN Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Program for. Sykkylven Venstre

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

Sluttrapport Forsøk med fleksible arbeidstidsordningar i Vestnes kommune.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ROS-analyse i kommuneplan

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING

Søknadsskjema for Bolyst. 1. Hva er navnet på prosjektet? FLYTT TIL HUGLO. 3. Søknadsbeløp: Huglo: kr ,-

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Øystese barneskule April - 08

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

Les for livet - del 2 (Ref # )

SOGN driftig raus ekte

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

tu4- _LW4F DET KONGELEGE OG REGIONALDEPARTEMENT Vår ref 11/ KON

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Strategiplan for Apoteka Vest HF

5. Soknerådsmøte mai Referat

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

10/60-14/N-211//AMS

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Den nye seksjon for applikasjonar

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Friluftslivets år 2015

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

Søknadsskjema for Bolyst. Bulyst gjennom vidareutvikling av skiaktivitet i Hordaland heile året. Dette er søknadsskjema for skibygda Røldal

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Sandeid skule SFO Årsplan

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Transkript:

Bolyst 2013 Tittel Øyliv i Sunnhordland Kort beskrivelse Dette er ei vidareføring av prosjektet "Flytt til LivOGLyst" som fekk støtte gjennom Bulystsatsinga i 2011. Prosjektet er eit samarbeid mellom øysamfunna Espevær, Fjelberg, Huglo og Møkster i fire kommunar i Sunnhordland. Sentralt i prosjektet er tilgang på bustad, trivsel, inkludering og næringsutvikling for å sikra levande og attraktive samfunn for framtida. Prosjektbeskrivelse Prosjektet tek tak i ei utfordring mange bygdesamfunn har felles, nemleg fallande folketal og stadig kamp for å halda oppe institusjonar og arbeidsplassar. Sentralt så langt har vore tilgang på gode og tenlege utleigebustadar. På øyene i prosjektet har det aldri vore fleire hus enn det er i dag, likevel er folketalet lågare enn på svært lenge. Fritidsmarknaden er sterk på øyene, dette er òg ein ressurs for samfunna, men det er heilt avgjerande at det bur folk på øyene kvar dag, heile året. Gjennom prosjektet så langt har me arbeidd med ulike løysingar for å få realisert nye utleigebustadar. På alle øyene vert det lagt ned mykje innsats for å frigi og tilpassa potensielle bustadar. Me har vidareutvikla og presentert "Møkstermodellen" for kommunane våre. Her har øyene arbeida godt for å tilpassa modellen og for å få realisert ein ny utleigebustad på kvar øy så snart som råd. Kvinnherad kommune har allereie gjort vedtak om å gå for denne modellen på Fjelberg. Bømlo og Stord er godt på veg. Det er eit mål at denne modellen kan optimaliserast og nyttast på nye prosjekt vidare. Dette vil no først vera tema på Møkster der ein ser etter nye prosjekt for modellen. Me ser klart at denne modellen har hatt stort overføringsverdi innad i prosjektet, men det tydeleg at den kan ha overføringsverdi òg til prosjekt i andre kommunar. Me ynskjer å arbeide vidare med denne modellen for å gjera den best mogleg. Det er heilt avgjerande for tilflytting at det er attraktive samfunn når det kjem til trivsel. Øyene har aktive og kreative ressurspersonar og stor dugnadsvilje når det kjem til miljøskapande arrangement. Som døme frå det siste året kan nemnast maraton på Møkster og musikkfestivalen Fabrikken2012 på

Huglo. Slike arrangement gjev mykje positiv medieomtale og viktigast av alt; slike felles løft knyt folk på øyene saman og utviklar positive og trivelege samfunn. Slik vil òg bulysten auka. Me ynskjer å ha vidare fokus på store og små miljøskapande arrangement på øyene. Målet er å etablera og forankra aktivitetar som kan stå på eigne bein etter prosjektslutt. Eit døme er musikkfestivalen Fabrikken2012 på Huglo som vart arrangert av unge vaksne med tilknytning til øya. Med støtte frå prosjektet vart dette ein stor suksess og festivalen fekk etablert ein god organisasjon med erfaring og økonomi til vidare satsing. Me ynskjer å ha meir fokus på næringsutvikling på øyene framover. Me er overtydde om at øyene i prosjektet har stort potensiale når det kjem til verdiskaping. Me ynskjer å styrka samarbeidet mellom aktørar med potensiale for næringsutvikling på øyene. Alle øyene har mykje felles, og kan ha mykje å henta på samarbeida rundt næringsutvikling. Me vil sjå øyene som ein innovasjonsallmenning der ein har mange fellesressursar som ein kan ta i bruk for verdiskaping. Spesielt vil me støtta opp under lokale initiativ og jobba for å utvikla metodikk for småskala reiselivsnæring på øyene. Me ynskjer å legga til rette for lokalt samarbeid mellom aktørar som samla kan utgjera eit breitt og variert tilbod på øyene. Gjennom prosjektet ynskjer me å vidareføra arbeid gjort på Espevær knytt til stadsuavhengige arbeidsplassar. (Sjå vedlegg) Me ynskjer at Espevær her kan vera ein pilot innad i prosjektet og at me i fellesskap nyttar Espevær i å utvikla løysingar som vonleg kan overførast til dei tre andre øyene. Dette kan òg ha overføringsverdi utover prosjektet vårt. Me har eit mål om auka tilflytting av barnefamiliar på alle øyene. Her vil bruk og optimalisering av den felles profileringsplattforma utvikla i prosjektet vera viktig. Når barnefamiliar kjem flyttande til øyene er integrering og trivsel sentralt for at dei skal bli buande. Me vil halde fram med erfaringsutveksling og samarbeid for å sikra best mogleg integrering på alle øyene. Metodikk og erfaringar knytt til dette tenker me å gjerne dele med andre samfunn/prosjekt. Det er eit tydeleg mål å halda fram det gode nettverkssamarbeidet me har organisert gjennom prosjektet så langt. Me har stor tru på at slikt samarbeid mellom frivillige, private og det offentlege er

rette vegen å gå og vonar dette kan ha overføringsverdi utover vårt prosjekt. Eit mål med alle tiltak som vert sett i gong er at dei skal fremja attraktive lokalsamfunn på øyene. Me ynskjer å stimulera til aktivitet som vert godt forankra lokalt på kvar øy og gjennom dette kan stå seg og utviklast vidare etter prosjektslutt. Bakgrunn "Øyliv i Sunnhordland" er ei vidareføring av det regionale bulystprosjektet "Flytt til LivOGLyst". Det er eit regionalt samarbeid mellom fire øysamfunn i fire kommunar i Sunnhordland: Espevær i Bømlo, Fjelberg i Kvinnherad, Huglo i Stord og Møkster i Austevoll. Øyene kom i kontakt med kvarandre gjennom LivOGLyst-arbeidet i Hordaland. I dette arbeidet fekk ein auka kompetanse rundt lokalsamfunnsutvikling og stort nettverk både til det offentlege og til andre bygder/prosjekt. Gjennom LivOGLyst-arbeidet fekk ein òg gjort mange gode tiltak lokalt, og kanskje viktigast; ein fekk auka tru på framtida og optimisme med tanke på framleis levande øysamfunn. Espevær, Fjelberg, Huglo og Møkster har ei rekkje felles utfordringar som me såg kan løysast meir rasjonelt gjennom samarbeid og overlokale organisatoriske løysingar. Øysamfunna har til felles at dei alle kjempar for busetnaden og folketalet. I dag har dei omlag 100 fastbuande kvar og faren for å missa viktige institusjonar og arbeidsplassar som skule, barnehage og nærbutikk er reel. I tillegg er det ei utfording å halda opp lags- og organisasjonsliv på øyene. Gjennom bulystsamarbeidet "Flytt til LivOGLyst" har øysamfunna opplevd meir effektivt samarbeid om bustadutvikling, nettverksbygging, profilering, rekruttering og integrering av tilflyttarar. Som direkte følgje av dette samarbeidet har alle øyene hatt tilflytting av barnefamiliar siste året, og ein har frigjort fleire bustadar som familiar vil flytta inn i sommaren 2013. Men ein har ikkje fleire ledige hus per i dag, og me har difor fått vidareutvikla "Møkstermodellen" for vonleg realisering av nye utleigehus på alle øyene.

Gjennom prosjektet har ein òg fått utvikla profileringsplattform som skal nyttast og utviklast av alle øyene. Gjennom prosjektet har me vore delaktige på samlingar og konferansar (t.d. Vestlandsk Vidsyn, og Erfaringskonferansen i Bodø) og fått stort nettverk til relevante institusjonar og aktørar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Dette er av stor verdi. Me har ein masterstudent frå Institutt for Geografi ved Universitet i Bergen som skriv oppgåve om regionalisering med prosjektet vårt som "case". Studenten har vore delaktig på møter og samlingar i prosjektet i tillegg til ei veke med feltstudie på kvar øy. Dette har vore, og den ferdige oppgåve vil vera, ein stor ressurs for øyene. Mellom mykje anna kan me òg trekka fram at øyene gjennom samarbeidet har hausta erfaringar frå, og støtta, kvarandre i alt frå kulturarrangement til bustadutvikling og integrering. Alt moment som er av uvurderleg verdi for små øysamfunn med stor prosentdel, men likevel lite reelt antal, eldsjelar. Når me no søkjer bulystmidlar for ein ny periode er det med utgangspunkt i at me ser stor verdi og nytte i det samarbeidet som me har etablert. Me har lukkast med mykje og stemninga på kvar øy er prega av optimisme med tanke på framtida. Likevel er me ikkje i mål og ser tydeleg at her er stort potensiale for vidare utvikling. Difor ynskjer me at samarbeidet og nettverket skapt gjennom halvanna år med bulystarbeid skal utviklast vidare for å skapa enda meir, tryggare og betre "Øyliv". Prosjektmål Den overordna målsetjinga med prosjektet er auka tilflytting, trivsel, integrering og verdiskaping. For å nå målsetjinga vil Espevær, Fjelberg, Huglo og Møkster samarbeida om følgjande tiltak: -utvikla og vidareføra "Møkstermodellen" for realisering av utleigehus på kvar øy. -registrera og gjera ledige bustadar innflyttingsklare for auka tilflytting. -vidareføring av profileringsplattform for felles marknadsføring. -vidareføring, utvikling og gjennomføring av ulike kulturarrangement. Eit døme kan vera miniturne

med musikkartist til øyene. -styrka samarbeid mellom lokale aktørar med potensiale for næringsutvikling på øyene. Med mål om bærekraftig/varig næring for framtida. -støtte opp om og skapa nettverk for lokale gründerar. Utvikla metodikk og opplegg for småskala reiselivsnæring (lokalmat, kultur, friluftsliv m.m) -bruka Espevær som pilot innad i prosjektet i utvikling av stadsuavhengige arbeidsplassar (sjå omtale under Espevær). -vidareføra samarbeid med "Slepp oss til - unge inn i landbruket" for å registrera ledige bruk på tvers av dei fire øysamfunna. -gjennom nettverket i prosjektet dela erfaringar om korleis sikra best integrering av tilflyttarar. Vidareføring av kontakt med Distriktsenteret om dette. Det er eit overordna mål å vidareføra arbeidet for fremjing av attraktive lokalsamfunn på dei fire øyene. Dette vil punkta ovanfor alle verka positivt til. Me vil enkelt kunne måla tilflytting og om folketalet går opp eller ned, og dette vil seia oss mykje om me har lukkast i å fremja attraktive samfunn å bu i og flytta til. Som tidlgare nemt er det eit mål at tiltak og aktivitetar som vert etablert skal kunne stå på eigne bein og fremja utvikling på øyene òg etter prosjektperioden. I tillegg til fellesinnsats og koordinering på tvers av prosjekta, vil kvart øysamfunn arbeide med spesifikke tiltak for å fremja tilflytting, næringsaktivitet, trivsel, integrering og bulyst. Forankring Prosjektet har god forankring lokalt på kvar øy ved at øyene har ei gruppe under bygde- /grendelaget som jobbar med bulyst. Det at øyene har vore gjennom fleire år med både LivOGLyst og bulyst gjer òg at forankringa har vorte betre for kvart år. Dette ser me er viktig. Me har forankra prosjektet til det kommunale nivået ved at ein person frå administrasjonen i kvar kommune sit i styringsgruppa. I tillegg er ein ordførar styreleiar. Me har hatt møter med

ordførarane i dei fire kommunane og erfarer at prosjektet har fått forankring òg på politisk nivå. Dette ser me verdien av då me i desse dagar har oppe sak i kommunestyra om utleigehus som tidlegare er presentert. Gjennom ein god del medieomtale og fokus på prosjektet ser me at det vert betre kjent og forankra både i kommunane og elles i regionen. Til det fylkekommunale nivået har me vore godt forankra heilt sidan LivOGLyst-arbeidet tok til. Ein person frå den regionale partnarskapen i Hordaland sit i styringsgruppa for prosjektet. Prosjektorganisering På kvar øy er arbeidet organisert som ei eiga gruppe under bygde-/grendelag. I desse gruppene sit fire-seks personar. Arbeidsgruppe:Ein representant frå kvar øy er i arbeidsgruppa for prosjektet. Styringsgruppe: ein representant frå kvart av dei fire øysamfunna, ein representant frå administrasjonen i kvar kommune, ein representant frå den regionale partnarskapen i Hordaland(Eli Janette Fosso), ein næringslivsrepresentant (Pål Lorentzen) og ein ordførar vald gjennom Samarbeidsrådet for Sunnhordland som er styreleiar for prosjektet (Odd Harald Hovland, Bømlo). Det er ansatt ein prosjektkoordinator for prosjektet. Denne er skrivar for både arbeidsgruppa og styringsgruppa. Samarbeidspartnere På kvar øy samarbeider prosjektet tett med lokale lag og organisasjonar. Det er viktig å støtta opp under initiativ for å sikra forankring og engasjement. Me har tett samarbeid med lokalt næringsliv. Dette samarbeidet ynskjer me å vidareutvikla når me no vonleg får fleire bustadar og auka tilflytting. Øyene har òg fått økonomisk støtte/sponsing

til ymse tiltak frå næringslivet i regionen. Det er heilt sentralt at tilflyttarar kan finna relevant arbeid anten på øyene eller i regionen. Det kan nemnast at Fjelberg har hatt svært godt samarbeid med ein næringslivsaktør, og at dette har skaffa arbeid til fire tilflytta familiar. Som sagt ynskjer me no å vidareføra og utvikla samarbeid med næringsaktørar. Som me tidlegare har vore inne på har øyene gjennom prosjektet fått eit stort nettverk til relevante aktørar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Me har hatt god kontakt med til dømes Husbanken, Distriktssenteret og KRD. Dette er partar for samarbeid som me ser stor verdi i å ha med i vidare arbeid. Til sist må her nemnast at prosjektet i seg sjølv er eit samarbeid. På tvers av kommunegrenser mellom fire øysamfunn der det har vore lite kontakt og samarbeid tidlegare. Dette samarbeidet og nettverket mellom øyene ser me fungerer godt og er svært verdfullt. På same tid ser me at òg kommunane våre gjennom prosjektet får ein arena for meiningsbryting og erfaringsutveksling angåande lokalsamfunnsutvikling. Her er tydeleg overføringsverdi til tilsvarande bygder i desse kommunane og elles. Både Espevær, Fjelberg, Huglo og Møkster opplever at samarbeidet i prosjektet er av stor verdi og gjev mykje støtte til å halda fram arbeidet for framleis levande øysamfunn. "Saman er me sterkare!" Aktiviteter Ein del aktivtetar vil verta koordinert og noko gjennomført i fellesskap, medan dei fleste aktivitetane skal organiserast og gjennomførast på kvar einskild øy. Me vil likevel nytta nettverket i prosjektet til å utvkla, støtta og bygga opp under alle aktivitetar. Mange aktivitatar er allereie presentert, t.d. under "Bakgrunn og mål", men her kjem eit utval. Aktivitetar i fellesskap: -utvikling, optimalisering og vidareføring av "Møkstermodellen" for utleigehus.

-vidareutvikling av profileringsplattform og felles profilering. -samarbeid om kulturarrangement, til dømes turnè til alle øyene. -erfaringsutveksling og utvikling av metodikk for småskala reiselivsnæring. -deling av erfaringar knytt til integrering av tilflyttarar. -samlingar med fokus på næringsutvikling. Aktivitetar på kvar øy: -arbeid for tilgong på og tilrettelegging av bustadar til tilflyttarar. -små og store miljøskapande arrangement. -støtte til lokale aktørar med verdiskapingspotensiale og legga til rette for samarbeid mellom desse. -tilrettelegging for småskala reiselivsnæring -stadig fokus på integrering av tilflyttarar og trivsel på øyene. Målgrupper Tilflyttarar til øyene. Fastbuande og fritidsgjester på øyene som tek del med dugnadsinnsats eller er med på arrangement o.l. Barnefamiliar som ynskjer å flytta til øyene. Gründerar som ynskjer skapa ny næring på øyene. Eksisterande næringsliv på øyene og i distriktet. Me vil nå målgruppene gjennom profilering t.d. på øyene sine nettsider, annonsering på internett eller andre media, på fellesmøter på øyene, gjennom dugnadsarbeid, gjennom arrangement og møteverksemd. Me ser òg at ei målgruppe kan vera andre tilsvarande småsamfunn og kommunar. Som sagt har me stor tru på den organisasjonen og nettverket som er etablert i prosjektet vårt. Me trur det er potensiale for læring og overføring når det gjeld organisasjon og samspel mellom det frivillige og

det offentlege. Slik overføring vil kunne føregå gjennom nettverket me har til tilsvarande prosjekt i Hordaland og eller gjennom nasjonale aktørar som Distrikssenteret. Òg når det gjeld modellen for utleigehus ("Møkstermodellen") og vonleg modell for stadsuavhengige arbeidsplassar utvikla gjennom prosjektet vårt ser me overføringsverdi og at andre kan vera ein målgruppa for oss. Resultat -10% auke i folketalet på øyene i prosjektperioden. -realisering og innflytting i minst eit nytt utleigehus på kvar øy. -styrka aktivitet rundt miljøskapande tiltak og arrangement. -utvikling og styrking av samarbeid for betre reiselivstilbod/verdiskaping. -utvikla tilbod om stadsuavhengige arbeidsplassar gjennom pilot på Espevær. -syna at øyene kan gje varierte og solide kulturelle tilbod som kan utviklast for framtida. -samarbeid mellom øyene om kulturarrangement (turne e.l.) -fremja levande og attraktive lokalsamfunn ved samspel mellom fleire aktørar. -at tiltak/aktivitetar som vert sett i gong og støtta gjennom prosjektet skal stå på eigne bein og fremja vidare utvikling òg etter prosjektslutt. Effekter -tryggleik og framtidstru for dei som bur på øyene. -styrking av institisjonar som butikk, skule, barnehage. -styrking av grunnlaget for lags- og organisasjonsliv. -bygdelaga vil ha hand om utleigebustad for familiar som ynskjer å prøvebu på øyene. -styrka kollektiv- og samferdsletilbod på og til/frå øyene. -levande samfunn vil vera positivt for fritidsmarknaden på øyene. -styrka gjennomføringsevne og erfaring til ei vidare utvikling av miljøskapande tiltak/arrangeemnt -at arbeid for fremjing av attraktive øysamfunn skal vera bærekraftig både sosialt, økonomisk og miljømessig. -ivaretaking av offentlege investeringar som er gjort over tid (infrastruktur, off. institusjonar m.m.)

-overføring av erfaringar, løysingar og metodar i prosjektet til andre småsamfunn og kommunar ("Møkstermodellen", stadsuavhengige arbeidsplassar, nettverk/organisasjon m.m.). Me er avhengig av framleis godt samarbeid for å dela erfaringar og styrka det samla prosjektet og kvar øy si gjennomføring av dei ulike tiltaka. På same tid er det viktig at eldsjelane på kvar øy held fram å brenna for saken og at desse får den støtten dei treng. Velvilje og støtte frå kommunar og andre offentlege institusjonar er alltid viktig og spesielt i saker som vedkjem bustad, skule, infrasruktur m.m.). Når det kjem til punkt som omhandlar næringsutvikling er dette spesielt avhengig av einskildpersonar på dei ulike øyene og deira visjonar og kvalitetar som gründerar. Dette er moment som ikkje kan styrast eller setjast direkte i gong frå prosjektet. Likevel, som me har vore inne på, har me tru på at ein kan støtta og stimulera til auka aktivitet og når det gjeld næring. Geografi 1219-Bømlo, 1221-Stord, 1224-Kvinnherad, 1244-Austevoll Tidsplan Mange tiltak og aktivitetar går kontinuerleg, dette gjeld spesielt: -tiltak for trivsel og integrering. -arbeid med bustadutvikling. -profileringsarbeid. -arbeid med næringsutvikling. Milepælar: Haust 2013 -byggestart for utleigehus etter "Møkstermodellen" på Espevær, Fjelberg og Huglo.

Vinter/vår 2014: -samling/workshop med fokus på næringsutvikling. Sommar 2014: -Store miljøskapande arrangement på alle øyene -flytting av ein ny familie til kvar øy. Haust 2014: - start projektering av nytt utleigehus på kvar øy Vinter/vår 2015: -etablering av samla tilbod innan reiseliv på alle øyene. Sommar 2015: -miljøskapande tiltak på kvar øy. -felles kulturarrangement (turne e.l.) -flytting av fleire familiar til øyene.