Reguleringsføresegner. for. Åsgard småbåthamn. Gnr. 22 bnr. 6, 16, 17 m.fl.

Like dokumenter
FØRESEGNER FOR SKÅRNESVIKA, TOSKA GNR. 43, BNR 94 m.fl. I RADØY KOMMUNE

Reguleringsføresegner. for. Alverneset. gbnr 137/28 m.fl.

DETALJREGULERING FOR SMÅBÅTHAMN HORNELANDSVÅGEN, DEL AV GNR. 46, BNR.4, STORD KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

(Plan-id )

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

for Kommunens Dato: Møtedato: 1. gangs 2. gangs Sak: 203/12 Side 1 av 5

Solund kommune Solnes Reguleringsplan: Saksnummer: Dato sist revidert: Godkjent plan:

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegner for. Bustadområde på Alver, gbnr 137/188

1.1 Det regulerte området er vist på plankart i mål 1:1000, datert

FØRESEGNER FOR ALVERNESET, GNR. 137, BNR 28 LINDÅS KOMMUNE

Reguleringsplan, detaljregulering for: jf. plan- og bygningslovens (pbl) kap.12

DETALJREGULERINGSPLAN. Fritidsbustader Karihavet Del av gnr. 101, bnr.13 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

FØRESEGNER FOR DETALJREGULERINGS- PLAN POLLEN, gnr 35. bnr 79 m. fl, AUSTEVOLL KOMMUNE DATERT: Planid: AVGRENSING OG FØREMÅL

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

(Plan-id )

Reguleringsføresegner for Hillesvåg bustadområde Gbnr 196 / 21 og 30 m.fl.

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde gnr. 34. bnr. 4

REGULERINGSPLAN. Svartabrotet naustområde del av gnr. 14 bnr.38 PlanID: Bømlo KOMMUNE

Reguleringsføresegner. for. Hordasmibakken. Lovheimel: Plan- og bygningslova Kommunens saksnummer: 2013/1408 og 2014/1885. Plan-ID:

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

REGULERINGSPLAN FOR TROVÅG NORD VINDAFJORD KOMMUNE FØRESEGNER

FØRESEGNER for detaljregulering for Haganes hytteområde

GULEN KOMMUNE Reguleringsføresegner til detaljreguleringsplan for: Gbnr. 91/1, Mjømna, Mjømna bobil camp og båtferie. Planid:

FJELL KOMMUNE Føresegner for: Arefjord G.nr. 41, B.nr m.fl jf plan- og bygningslovens (pbl) 12-7

MELAND KOMMUNE. Reguleringsplan FOSSEMYRA IDRETTSANLEGG, GNR 24, BNR 58 m. fl. Reguleringsføresegner

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR HJELMESET 3, GNR. 31 BNR. 2, 4 M.FL. HERØY KOMMUNE

L A U V F J E L L E T REGULERINGSFØRESEGN Detaljreguleringsplan, del av gnr. 15, bnr. 9, Ådland, Fusa kommune. PlanID:

Reguleringsplan for Solnes, Nedre Vats. Vindafjord kommune Gnr. 138 bnr. 8, 15, 23 m.fl.

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

1 - Generelt. 2 - Reguleringsføremål. Areala innanfor planens avgrensingslinjer er regulert til følgjande føremål: 3 - Fellesføresegner

Framlegg til REGULERINGSFØRESEGNER for Bjørnevik bustadområde. Jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12

Reguleringsføresegner for Gnr. 37 bnr. 8, 14 mfl.

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

1 GENERELT 2 FELLES FØRESEGNER

1.1 Formål Formålet med planen er etablering av rorbuer, bubilparkering, servicebygg, naust, veg og småbåtanlegg.

REGULERINGSFØRESEGNER TIL DETALJREGULERINGSPLAN FOR SANDVIKA. Del av Gnr 64, bnr 1 og 30 Kvinnherad kommune

Reguleringsføresegner for Sjurneset, Gnr. 10 bnr. 16 mfl.

FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR RØYSET HYTTEFELT. Dato rev PlanID gjeldande plan:

Meland kommune Reguleringsplan for Leirdalen, Ryland Gnr 43 bnr 132 med fleire; idrettsanlegg og barnehage Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Ramsneset gnr.82 bnr.40, m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

HYTTEFELT LAUVFJELLET F Ø R E S E G N E R. Detaljreguleringsplan, gnr. 15, bnr. 9 m. fl.

Føresegner

FUSA KOMMUNE REGULERINGSFØRESEGNER DETALJREGULERING STRANDVIK BYGDAPARK

FØRESEGN REGULERINGSPLAN FOR BJØRKENESET ( REGULERINGSENDRING)

Føresegner Plan: Del av gbnr. 88/3. Bustadtomter Hopen

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

FELLESFØRESEGNER (pbl 12-7 ) Dokumentasjon ved søknad om tiltak

REGULERINGSPLAN FOR ANGLEVIK, MOSTERHAMN GNR. 10 BNR. 1 MFL. BØMLO KOMMUNE.

PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN STRAUMEN II ERSTATTAR DELAR AV R-116 PLANID: BØMLO KOMMUNE

Sogndal kommune. Vedteken dato: Revidert dato: Reguleringsplan for Lunnamyri Plan ID Reguleringsføresegner Detaljregulering

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Flatevika 117/31 m.fl. Plan-ID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegn Hytteområ de Skå røy Austevoll kommune

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Fjell kommune, Langøyna Ørnahaugen Kystlandsby

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN GNR. 81, BNR. 181 og 90 ROSENDAL HYTTETUN OG CAMPING, VEDAVIKA I KVINNHERAD KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

REGULERINGSFØRESEGNER

DETALJREGULERING AV ØYERSBERGET, BØMLO

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR MÅSVIKREMMA SYD

BESTEMMELSER TIL DETALJREGULERING FOR BOTNEN, REGULERINGSPLAN FOR GNR 135 BNR 1, 13 I GULEN :

SAMNANGER KOMMUNE FORSLAG TIL REGULERINGSPLAN FOR BUSTADOMRÅDE GJERDE LØNNEBAKKEN

Lindås kommune. Reguleringsplan. Nystøltunet gnr 214 bnr 41 m.fl. Reguleringsføresegner. (jf plan- og bygningslova 12-7)

REGULERINGSFØRESEGNER etter Pbl for: Fjell kommune, Straume Sør, gnr.35, bnr. 5, 58, 65 m.fl.

FORSLAG TIL FØRESEGNER FOR DETALJREGULERING GOAVIK HYTTEFELT VINDAFJORD KOMMUNE

Meland kommune. Reguleringsplan. Fossesjøen Gnr. 25, bnr. 161, 167 m.fl. Reguleringsføresegner. (jf plan- og bygningslova 12-7)

TINNHØLVEGEN MED DAMOMRÅDET

REGULERINGSFØRESEGNER FOR HYTTEOMRÅDET HUNDSNESVIKA GNR. 35 BNR. 2 - TYSVÆR KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

FRAMLEGG TIL REGULERINGSFØRESEGNER FOR PLAN NR , SPJELD BÅTHAMN, JFR. PLAN- OG BYGNINGSLOVA 26

X X X

1 Arealet innafor plangrensa har følgjande føremål i samsvar med plan- og bygningslova. I. Bygningar og anlegg (Pbl 12-5 nr.

«SLETTO VEST» DETALJREGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER. Del av gnr. 56, bnr. 17 og 142 i SVEIO KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER.

FØRESEGNER. Detaljreguleringsplan Øyrane, Hellesylt. Jf. Plan og bygningsloven Kap 12.

1 REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 230 BNR. 1 M.FL., STØLSVIK, HALSNØY, KVINNHERAD KOMMUNE

OS KOMMUNE. Framlegg til REGULERINGSFØRESEGNER for: Jf. plan- og bygningslovens (Pbl.) 12

Detaljregulering for gnr/bnr 27/89 m.fl.,borggata Stord kommune

REGULERINGSFØRESEGNER FOR GRÅSIDALEN NORD GNR 40 BNR 4 MFL. I AUSTEVOLL KOMMUNE

FØRESEGNER FOR DETALJREGULERINGS- PLAN POLLEN, gnr. 35. bnr. 79 m. fl, AUSTEVOLL KOMMUNE. Vedteke: Planid:

Gulen kommune Detaljregulering Nappen hytter Gnr 92 Bnr 1 m.fl. Nappen

DETALJREGULERING (etter pbl.-08) PLANFØRESEGNER

- Industri/lager - Angitt bebyggelse og anleggsformål kombinert med andre angitte hovedformål

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

Transkript:

Reguleringsføresegner for Åsgard småbåthamn Gnr. 22 bnr. 6, 16, 17 m.fl. Lovheimel: Plan- og bygningslova 12-7 Kommunens saksnummer: 2014/7484 Plan-ID: 1263-201502 Revideringar: Dato: Handsamingar: Dato: Saksnummer: 1. gangs handsaming plan- og miljøutvalet: 31.08.2016 101/16 2. gangs handsaming plan- og miljøutvalet: 13.06.2018 079/18 Godkjent plan i kommunestyret: 21.06.2018 049/18

LINDÅS KOMMUNE DETALJREGULERING REGULERINGSFØRESEGNER FOR jf plan- og bygningslova (pbl) 12-7. Gnr. 22, bnr.6, 16, 17 m.fl. ÅSGARD SMÅBÅTHAMN Saksnummer: 2014/7484 Plan id.: 1263-201502 Dato sist revidert: 01.06.2018 Godkjent i kommunestyret: 21.06.2018 INTENSJON MED PLANEN Føremålet med planen er å gjera området tilrettelagt for småbåthamn og for lagring av småbåtar på land. I tillegg legg planen til rette for at det kan etablerast tre nye naust i nord og ein eller to bustadar i sør. Det blir òg lagt til rette for parkering, og eit friområde. 1 GENERELT 1.1 Det regulerte området er vist på plankart i mål 1:1000, dagsett den 06.11.2017. 1.2 Planområdet skal nyttast til følgjande føremål: Bygg og anlegg (Pbl 12-5 nr. 1): Bustader frittliggjande Garasjeanlegg for bustad-/fritidsbustad Småbåtanlegg i sjø og vassdrag Småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone Uthus/naust/badehus Fritidsbustad Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (Pbl 12-5 nr. 2): Veg Gangveg/gangareal/gågate Anna veggrunn tekniske anlegg Anna veggrunn grøntareal Parkeringsplassar Grøntstruktur (Pbl 12-5 nr. 3): Friområde Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (Pbl 12-5 nr. 6): Småbåthamn Friluftsområde i sjø og vassdrag Omsynssone (Pbl 12-6, jf. 11-8): Frisikt Høgspenningsanlegg Omsyn friluftsliv 2 FELLESFØRESEGNER 2.1 Byggegrenser 2.1.1 Nye bygg skal plasserast innanfor byggjegrensa. Der byggjegrense ikkje er vist, gjeld føremålsgrensa som byggjegrense. 2.1.2 Garasjar/carportar og uthus med grunnflate på inntil 50m², parkeringsplassar, forstøtningsmurar, hekk, gjerde o.l. kan plasserast utanfor byggegrensa, men ikkje nærare enn 1m frå veg og/eller nabogrense. Ved direkte utkøyring mot veg skal avstanden vere 5m. 2.2 Dokumentasjon ved rammeløyve 2.2.1 Ved innsending av rammesøknad skal det leggast ved situasjonsplan i målestokk 1:500 der det vert gjort greie for avkøyrsler, frisikt, svingradius, eksisterande og framtidig terreng, eventuelle murar, trappar, gjerder og uteopphaldsareal. 2.2.2 Fyllingar og skjeringar skal tilpassast tilgrensande terreng og såast/plantast til. Det skal ikkje setjast opp høgare murar enn 1,5 meter utan at dei terrasserast. Terrasse/avsats skal ha minimum djupne 1,0 meter og kvar avsats skal plantast til for å dempe fjernverknad av muren. Alle murar innanfor planområdet skal vere i naturstein, eller blenda med naturstein. 2.2.3 Ved nye tiltak skal avbøtande tiltak verte planlagt og utført slik at bygg og anlegg ikkje tek skade av høg vasstand. Den avbøtande effekten, inkludert materialval, skal verte dokumentert og skildra ved innsending av rammesøknad. 2.2.4 Ved innsending av rammesøknad skal det utarbeidast rutinar som sikrar handtering av oljer og anna miljøfarleg avfall. 2.2.5 For småbåthamna skal det i søknad om rammeløyve dokumenterast kvar vedlikehald av båtar og utstyr skal utførast, samt at tiltaket ikkje vil forureine omgjevnadane (jf. Forureiningslova). 2.2.6 Etter Lov om hamner og farvatn m.m. 27 skal alle eventuelle tiltak i sjø godkjennast av aktuelt hamnevesen. 2.2.7 Småbåthamna skal ha naudsynt brannberedskap i høve til gjeldande reglar. Dette skal dokumenterast i søknad om rammeløyve. 2.2.8 Plassering av avkøyrsler skal takast stilling til ved søknad om byggeløyve og visast med siktliner 3x20 meter, samt svingradius minimum 3,0 meter. Innanfor frisiktsone er det ikkje tillate med parkering eller hensetting av sikthindringar høgare enn 0,5 meter. Det skal leggast dreneringsrøyr under kvar avkøyrsel. 2

2.2.9 Ved rammesøknad for naust skal det visast kor parkeringsplass for kvart naust er. 2.2.10 For småbåthamna skal det i søknad om rammeløyve dokumenterast kva type tiltak som vil verta satt i verk for å minimera vindpåkjenningar og bølgar frå båttrafikk, jamfør lokalklimavurderinga som er vedlagt reguleringsplanen. 2.2.11 I søknad om rammeløyve skal det leggast ved eit reikneskap som skildrar antal båtplassar innanfor heile planområdet, og fordelinga mellom område BSB, BBS og VS. 2.3 Rekkefølgje 2.3.1 Før det vert gjeve bruksløyve for småbåthamna skal det vere etablert ein plass for avfallskonteinarar som skal være felles for alle brukarar av anlegget. Plass for vask og vedlikehald av båt skal også vere opparbeidd, med ein form for sandfang og/eller filter som skyljevatnet vert filtrert gjennom. Slammet og/eller avfallet skal verta handtert som spesialavfall. Gangveg skal vere opparbeidd innanfor område SGG. Dersom dagens stikopling innføre GF1 vert råka ved gjennomføring av tiltaka, skal den reetablerast. Snuhammar SV3 skal vere merkt opp. 2.3.2 Før det vert gjeve ferdigattest for småbåthamna, skal avfall og overskotsmateriale frå etableringa vere transportert til godkjent fyllplass. 2.3.3 Før det vert gjeve bruksløyve for småbåthamna skal det vere etablert ein møteplass innanfor o_svt. 2.3.4 VA-rammeplan skal vere utarbeidd og godkjent av kommunen før det kan verte søkt om rammeløyve innanfor BFS2, BBS og VS. 2.3.5 Vegkrysset Åsgard/Hindenesvegen skal utbetrast i samsvar med skisse datert 28.06.2017 (sjå vedlegg). Utbetringa skal sikre frisiktsoner på 45m, samt stramme kurvar i krysset inn til 9m radius. Det skal også etablerast eit trygt venteareal for kollektivreisande. Følgjande tiltak er tillat utan krav om utbetring av kryss: Nye småbåtplassar kan etablerast dersom eksisterande vert fjerna, slik at det totalt ikkje vert fleire båtplassar, eller meir enn totalt 20 stk. innanfor heile planområdet. Garasje innanfor BG, eventuelle endringar innanfor BFS1 og BFF, oppføring av bustadhus og garasje innanfor BFS2, oppføring av naust innanfor BUN1 og BUN2, samt tiltak i tråd med 3.6.8, er også tillate utan krav om utbetring av vegkrysset. 3 BYGNINGAR OG ANLEGG (Pbl 12-5 ledd nr 1 ) 3.1 Bustader frittliggjande: BFS1 3.1.1 Innanfor BFS1 er det ein eksisterande bustad. Grad av utnytting innanfor BFS1 skal ikkje overstiga %-BYA=45%. 3.2 Bustader frittliggjande: BFS2 3.2.1 Grad av utnytting innanfor BFS2 skal ikkje overstiga %-BYA=35%. 3.2.2 Innanfor BFS2 kan det etablerast inntil to bustadeiningar. 3.2.3 Det skal etablerast 2-3 parkeringsplassar per eining. Bilar skal kunne snu på eigen tomt. 3.2.4 Største gesimshøgde er 6,0 m og største mønehøgde er 8,0m. Høgdene vert målt frå det lågaste terrengpunktet på bygningen. 3.2.5 Det skal setjast av minimum 200 m² areal for leik og uteopphald per bustadeining. 3.2.6 Tiltaka skal etablerast med ein skånsam terrengtilpassing. Bygg skal leggjast på ein måte som følg landskapsforma. Det er ikkje tillate med flatsprenging av tomta i eitt nivå eller skjemmande terrassering av landskapet. I terreng som opphavleg er brattare enn 1:3, skal ein velje ein hustype som tar opp nivåforskjellar i terrenget. 3.2.7 Det er tillate å føre opp ein garasje ved oppføring av einebustad, og inntil to garasjar ved oppføring av tomannsbustad innanfor BFS2. Garasjar må ikkje plasserast i frisiktsonar, og ikkje nærmare veg enn 1,0 meter. Største mønehøgd er 5,0 meter, og største gesimshøgd er 3,0 meter, begge målt frå det lågaste terrengpunktet på bygningen. Dersom det ikkje er bygd garasje samtidig med bustadeininga, skal det ved utrekning av samla bygd areal (BYA) reserverast minst 36 m² for bygging av frittståande garasje per bustadeining. 3.2.8 Alle bygg skal ha saltak. 3.3 Garasjeanlegg for bustad-/fritidsbustad (BG) 3.3.1 Grad av utnytting innanfor BG skal ikkje overstiga %-BYA=10%. 3.3.2 Det er tillate å etablera mindre tiltak som garasje, bod, biloppstillingsplass og sti. 3.4 Fritidsbustad frittliggjande (BFF) 3.4.1 BFF er område for eksisterande fritidsbustad. Grad av utnytting innanfor BFF skal ikkje overstiga %-BYA=35%. 3.5 Småbåtanlegg i sjø og vassdrag (BSB) 3.5.1 Innanfor BSB er det tillate med kaiar, bryggar, pirar, samt tilpassingar til naust. Kaiar kan ikkje vere samanhengande, og det skal minimum vere 5 meter mellom kaiane. 3.5.2 Det kan maksimalt etablerast éin kai per nausttomt, og kaien skal maksimalt vere 4x4 meter. 3

3.6 Småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (BBS) 3.6.1 Grad av utnytting innanfor BBS skal ikkje overstiga %-BYA=40%. 3.6.2 Største gesimshøgde er 7,0 m og største mønehøgde er 9,0 m, begge målt frå det lågaste terrengpunktet på bygningen. Alle bygg skal ha saltak. Arkar på tak er tillate. 3.6.3 Det skal etablerast 1 parkeringsplassar for kvar 3.-4. båtplass på område SPP. Minimum 10% av parkeringsplassane innanfor SPP skal være utforma for rørslehemma. 3.6.4 Innanfor BBS er det tillate med lager, kaiar, bryggar, pirar, båtslippar og tilpassingar til flytebryggar. 3.6.5 Rørslehemma skal kunne bevege seg trinnfritt på og mellom område BBS og flytebrygga/-ene. 3.6.6 Båtar skal ikkje lagrast utandørs på land. 3.6.7 Ved søknadspliktige tiltak innanfor BBS, utover dei som er nemnt i 3.6.6, skal kai og bygg hevast til minimum k+ 2,5 m eller så skal bygningar sikrast mot stormflo. 3.6.8 Følgande tiltak er tillate utan at heving av kai og lagerbygg over dagens høgder er naudsynt: - Etablering av opp til 5 båtslippar på vestsida av nr.31, med tilhøyrande dørar og portar i bygget. - Etablering av betongkai vest for nr. 31 med gangbruer over slippane som kan opnast/fjernast når slippane skal nyttast.etablering av kaipirar mellom slippane vest for nr.31. - Naudsynt oppgradering og sikring av kaiar generelt. - Oppgradering av fasadar på nr. 29 og 31 (kledning og vindauger). - Fjerning av delar av skur/tilbygg på vestsida av nr. 29. - Oppgradering av båtslipp nord for nr. 29. 3.7 Uthus/naust/badehus (BUN) 3.7.1 Innanfor BUN1 er det tillate med inntil tre naust. 3.7.2 Innanfor BUN2 er det tillate med eit naust. 3.7.3 Nye naust skal vere bygg/uthus i ein etasje med bruksareal (BRA) inntil 40 m², og kan byggjast enkeltståande eller i rekke. Eventuelt loftsrom skal ikkje ha måleverdig areal. Knevegg på loft er ikkje tillate. Mønehøgda skal vere under 5,0 meter målt frå topp ferdig golv. Vindaugsarealet si dagslysflate skal ikkje overstige 3% av bruksarealet (BRA). Altan, utkraging eller terrassar er ikkje tillate. Naust skal ha saltak med ein takvinkel mellom 35 og 45. Naust er i denne samanheng bygning ved sjø for oppbevaring av fiskereiskapar og båtutstyr, mindre båtar, og utstyr for fritidsbruk på og ved sjøen. Naust skal ikkje nyttast til varig opphald, og skal ikkje ha toalett og kjøkkenfasilitetar. 3.7.4 Plassering av nye naust må ikkje hindre fri ferdsel. Det er ikkje tillate med gjerde eller stengsel rundt nausta. 3.7.5 Det skal etablerast 1 parkeringsplass per nausteining innanfor SPP. 4 SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR ( Pbl 12-5,ledd nr 2) 4.1 Veg (SV) 4.1.1 f_sv2 er felles for SPP, BFS2 og eigedomar utanfor planområdet som har tilkomst til vegen. 4.1.2 SV3 er tilkomst til BBS og SPP, samt snuplass for renovasjonsbil. Snuplassen skal merkas av. 4.2 Gangveg/gangareal/gågate (SGG) 4.2.1 SGG koplar SPP og GF. 4.3 Anna veggrunn tekniske anlegg (SVT) 4.3.1 Innanfor o_svt skal det opparbeidast ein møteplass for køyretøy. Møteplassen skal godkjennast av Vegavdelinga i kommunen før den vert etablert. 4.4 Anna veggrunn grøntareal (SVG) 4.4.1 f_svg3-4 er felles for brukarane av vegen f_sv2. 4.4.2 Innanfor areala kan det leggjast til rette for forbikøyringslommar. 4.4.3 Det er ikkje tillata med tiltak som kan minska frisikten langs vegen. 4.4.4 Innanfor f_svg4 tillatast det ein biloppstillingsplass. 4.4.5 Innanfor f_svg3 tillatast det oppføring av ein nettstasjon. 4.5 Parkeringsplassar (SPP) 4.5.1 SPP kan etablerast på to nivå. Nedre del av SPP har tilkomst frå SV3 og BBS. Øvre del av SPP har tilkomst frå f_sv2. 4.5.2 Innanfor SPP kan det etablerast murar og liknande for å ta opp høgdeforskjell. 4.6 Avkøyrsler 4.6.1 Avkøyrsler kan etablerast med eit mindre avvik frå dei regulerte avkøyrslespilane. 5 GRØNTSTRUKTUR ( Pbl 12-5,ledd nr 3) 5.1 Friområde (GF) 5.1.1 Eksisterande stikopling skal oppretthaldast, og dersom den vert råka av tiltaka skal den reetablerast. Stien knytt seg frå parkeringsplass (SPP) og gangareal (SGG), og sørover mot ein fritidseigedom. 5.1.2 Innanfor GF1-2 kan det etablerast benkar, stiar og liknande. 6 BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDRAG, MED TILHØYRANDE STRANDSONE 4

(PBL 12-5 nr.6) 6.1 Småbåthamn (VS) 6.1.1 Innanfor VS er det tillate med opp til 2 flytebrygger, med plass til inntil 30 båtar. 6.1.2 Innanfor VS er det tillate å etablere bølgedempar. 6.1.3 Flytebrygger skal plasserast minimum 9 meter frå båtslipp målt ved middelvannstand. 6.2 Friluftsområde i sjø og vassdrag (VFV) 6.2.1 Vest for VFV ligg eit gyteområde, og tiltak som kan hindra gytesuksess, skal ikkje tillatast i nærleiken av dette området. 6.2.2 Forankring av flytebryggar i VS er tillata innanfor VFV. Ved tiltak/inngrep i VFV, skal det leggjast fram søknad for fiskeridirektøren for uttale. 7 OMSYNSSONE ( Pbl 12-6 JF. 11-8) 7.1 Frisikt 7.1.1 Innføre sona er det ikkje tillate med tiltak som er høgare enn 0,5 meter over tilstøytandes vegar plan. Det er heller ikkje tillate med parkering eller hensetting av sikthindringar høgare enn 0,5 meter over vegplanet på tilstøytande veg. 7.2 Høgspenningsanlegg 7.2.1 Innanfor sona for høgspenningsanlegg er det ikkje tillate å oppføre bygg for varig opphald. 7.3 Omsyn friluftsliv 7.3.1 Friluftsliv skal ha særskilt vern innafor sona, og skal takast omsyn til ved planlegging, handsaming av søknader og gjennomføring av tiltak innafor områda. TEKNISKE TENESTER Rådmannen Lindås kommune 5

ÅSGARD 28.0 29.9 20X45 H140_1 ÅDT150 3.5 30 6X45 H140_2 HINDENESVEGEN R9.0R9.0 FV395 Skogheim ÅDT250 36.7 fv 395 Hindenesvegen 3.2 22/3 oversiktlig. Tiltaket vil derfor ikkje generera ein høg auking i trafikkmengde. meter brei. vist i illustrasjonen. ILLUSTRASJON FOR ÅSGÅRD SMÅBÅTHAMN Småbåthamna vil i stor grad vil bli brukt av bebuarar i nærområ som har gangavstand. Det er lite trafikk på vegen Åsgard, veg Åsgard er ein kommunal veg med fartsgrense 50km/h og rund Hindenesvegen er ein fylkesveg med fartsgrense 80km/h og ru 3,0-3,5 meter brei og ligg aust for planområdet. Vegen har ein på omtrent 150 køyretøy mot nordvest og omtrent 250 køyretø søraust. Hindenesvegen er ein samlevegg (Sa3) som er utform som 1-feltsveg med låg trafikkgrunnlag (ÅDT mindre enn 300) Bilde nr.1 viser dagens situasjon/tilstand for Hindenesvegen ve krysset med vegen Åsgard. Hindenesvegen er utformet som 1-feltsveg og vegens tilstand viser at det er farleg å køyre 80km dette området. Vegen er for smal og ikkje oversiktlig. 50 km/h for Hindenesvegen er grunnlag for beregning av frisik Lindås kommune. Gnr.22, bnr.6, 16, 17 m.fl. Bilde nr.1: Fv 395 Hindenesvegen (kjelde: Statens vegvesen). Anna veggrunn - grøntareal Haldeplass, gåande Illustrasjonsplan til 2.3.5. i føresegner for Åsgard småbåthamn 28.06.2017