saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.05.2019 61967/2019 Rigmor Hustad Holen Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 12.06.2019 God Helse-partnarskapet - evaluering og vegval Bakgrunn Frå 2003 har Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane arbeid saman for å utvikle eit langsiktig folkehelsearbeid. Frå 2013 var alle kommunane i Møre og Romsdal medlemmer i God Helse-partnarskapet. I 2016 vart det inngått avtale med Møre og Romsdal Idrettskrets og dei to friluftsråda i fylket om gjensidig forpliktande samarbeid om folkehelse. Formålet med God Helse-partnarskapet er å bidra til eit folkehelsearbeid som fremmer befolkinga si helse, trivsel, sosiale og miljømessige forhold og som førebygger psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar og bidra til å beskytte befolkninga mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa. Som følgje av inngått partnarskapsavtale tildeler kultur- og folkehelseutvalet kvart år tilskot til kommunane, 125 000 kroner til alle med unntak av dei tre bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund, som har eit tilskot på 150 000 kroner per år. Kommunane som tek i mot tilskotet, forpliktar seg til å ha tilsett ein folkehelsekoordinator i minimum 50 prosent stilling og arbeide heilskapleg med folkehelse i heile kommunen si verksemd. Gjeldande avtale var til politisk handsaming i 2016, sak KF-46/16. Det vart gjort vedtak om å forlenge avtalane fram til 31. desember 2019 (2017-2019). Det vart også vedtatt at partnarskapet med avtalar skulle evaluerast i 2018, og leggast fram for utavlet med tilråding om vidare vegval våren 2019. Evalueringa Evalueringa er gjennomført av Møreforsking Molde og ligg som vedlegg 1 til denne saka. Evalueringa har bestått av spørjeskjema utsendt til folkehelsekoordinatorer, ordførarar, rådmenn og planleggarar i alle kommunane. I tillegg var det gjennomført oppfølgjande intervju med fem kommunar og andre samarbeidspartar. Det er også samla inn erfaringar frå fire andre fylkeskommunar og frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Evalueringa viser at i Møre og Romsdal har God Helse-partnarskapet bidrege til auka og endra fokus på folkehelse, og at det er gjort mykje positivt arbeid ute i kommunane. Partnarskapet vart etablert i ein tidsperiode kor mange kommunar
ønska å styrkje og systematisere sitt folkehelsearbeid, og partnarskapet har medverka til dette. Innføring av folkehelselova har vore ein viktig milepæl. Dei siste ti åra har likevel både folkehelsearbeidet og forståinga av kva folkehelse er, endra seg. Før var folkehelse synonymt med levevanar, medan det i dag er ei breiare forståing for at folkehelse famnar om mykje meir. I kommunane vert dette spegla eksempelvis i kommunalt planarbeid og med auka fokus på breie og befolkningsretta tiltak, framfor individretta tiltak. Evalueringa viser at God Helse-partnarskapet har medverka til å utvikle ein solid grunnmur i folkehelsearbeidet i fylke, og har vore særleg viktig for folkehelsekoordinatorane sitt arbeid. Evalueringa viser at fylkeskommunen sine viktigaste bidrag for partnarane er: Nettverksbygging og samlingar Økonomiske tilskot Oversiktsarbeid Kompetansedeling og kompetanseheving Sentral støtte for folkehelsekoordinatorane Evalueringa viser også at det er eit utviklingspotensiale i både partnarskapet og folkehelsearbeidet. Evalueringa viser mellom anna følgjande: Med unntak av kommunane sin samfunnsdel av kommuneplanane, er folkehelse i liten eller dels varierande grad forankra i kommunane sitt planverk Partnarskapet har over tid gradvis mista administrativ og politisk deltaking og engasjement. Det er i større grad blitt folkehelsekoordinatorane sitt partnarskap, noko som har ført til utilstrekkeleg sikring av tverrfaglig arbeid og felles engasjement i kommunane Fleire folkehelsekoordinatorar etterlyser endringar for å kunne fungere optimalt i sin rolle God Helse-partnarskapet har lite målbare resultatmål Det er behov for å auke søkjelyset på god dokumentasjon og evaluering, for å sjå om innsatsen trekk i ønska retning og for å auke eigarskapen til God Helse-partnarskapet Det er behov for å sette tydeligare krav til eigenandel på tilskot, slik at forpliktinga mellom partane aukar Møreforsking tilrår ei vidareføring av God Helse-partnarskapet, men med desse endringane: Konkretisere mål og tiltak i ein todelt avtale Resultatmåla i partnarskapsavtalen framstår som til dels utdatert, for lite konkrete og diffuse. Det er også stilt spørsmålsteikn ved om partane i avtalen er likeverdige. Det blir tilrådd ein todelt partnarskapsavtale som i tillegg til å ta i vare dei langsiktige og overordna måla for folkehelsearbeidet, har ein eigen del basert på den enkelte kommunes folkehelseutfordringar. Få fleire med i partnarskapet Fylkeskommunen bør arbeide aktivt for at alle kommunar deltek i partnarskapet, mellom anna ved å fjerne krav om folkehelsekoordinator. I tillegg bør ein invitere med aktørar frå privat, offentlig og frivillig sektor.
Kunnskapsbaserte tiltak, dokumentasjon og evaluering Fylkeskommunen bør vidareutvikle rapporteringsmalen og gjennomføre rapporteringa som ein del av ei årlig evaluering av partnarskapet. Endre til todelt tilskotsordning for folkehelsearbeid Ein del av tilskotet kan nyttast til lønn for ein folkehelsefunksjon. Den andre delen kan rettast mot aktivitetar og prosjekt for folkehelse i regi av kommunane og/eller andre partnarar. Ei ny tilskotsordning må sjåast i lys av ein ny partnarskapsavtale. Strategisk leiing og kommunikasjon av folkehelse Fylkeskommunen bør undersøke korleis dei kan utnytte andre arenaer for strategisk kommunikasjon om folkehelse, særlig mot rådmenn og ordførarar. Folkehelseloven og plan- og bygningsloven Folkehelseloven trådde i kraft 1. januar 2012 som ein del av samhandlingsreforma. I lova er folkehelse definert som befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Føremålet til folkehelselova er å medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelsa, herunder utjamning av sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeid blir definert slik i lovens 3, punkt b): «samfunnets sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremmar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som beskyttar mot helsetruslar, samt arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa». I følgje folkehelselova, kap. 4, 20-21 skal fylkeskommunane fremme folkehelse innafor dei oppgåver og med dei verkemiddel som er lagt til fylkeskommunen. Det skal skje gjennom regional utvikling og planlegging, forvalting, tenesteyting og tiltak. Fylkeskommunane skal støtte folkehelsearbeidet i kommunane og vere ein pådrivar for og samordne folkehelsearbeidet i fylket. Fylkeskommunen skal også ha oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar denne. Plan- og bygningsloven står også sentralt i planlegging og gjennomføring av kommunalt folkehelsearbeid. Målet er å fremje befolkninga si helse, og motverke sosiale helseforskjellar. Lovverket er slik tydeleg på koplinga mellom planlegging og folkehelse. Dette fordrar også ei tverrsektoriell tilnærming i arbeidet med folkehelse, både i fylkeskommunen og kommunane. Vurdering Som regional samfunnsutviklar skal fylkeskommunen gi strategisk retning til samfunnsutviklinga, mobilisere ulike aktørar og ressursar, og samordne offentleg innsats og verkemiddelbruk. Heilt sentralt her er samarbeid. Evalueringa viser at God Helse-partnarskapen har vore viktig for å sette det strategiske blikket på folkehelse og folkehelsearbeidet, og gitt arbeidet i Møre og
Romsdal god retning og utviklingsfart. Arbeidet har ført til en mobilisering av aktørar i form av ytterlegare samarbeid og ein samordning av den offentlege verkemidelbruken. Evalueringa viser til gode erfaringar og resultat som følgje av God Helsepartnarskapet. Fylkesrådmannen ser det som viktig av at dei gode erfaringane blir med vidare. Både nettverksarbeid og stimuleringsmidlar er høgt verdsett og har ein positiv effekt for folkehelsearbeidet, og vil soleis vere viktig også i eit vidare folkehelsesamarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen. Samtidig viser evalueringa at det er nødvendig og riktig at det blir gjort endringar. Dette som følgje av erfaringar, utviklingstrekk og tydelegare avklaring av ansvar og roller mellom forvaltingsnivåa. Partnarskap som omgrep beskriv ein frivillig og likeverdig avtale mellom to eller fleire partar om samarbeid, eller koordinert innsats, for å nå eitt eller fleire felles mål. Evalueringa viser at det er vanskeleg for kommunane å skilje mellom det som er partnarskapsavtalen sitt innhald og det fylkeskommune skal gjere som ein del av sine lovpålagte oppgåver, jf. folkehelseloven. Til dømes er nettverksarenaer som vi inviterer til ein del av vårt arbeid for alle kommunane, ikkje bere for dei som er med i partnarskapet. Innhaldet i avtalen er ikkje tydeleg og spesifikk nok til at det blir eit godt skilje på dette slik den er no. Avtalen sin oppbygging gjer at Møreforsking også stiller spørsmålsteikn ved om partane i avtalen, den enkelte kommune og fylkeskommunen, er likeverdige partar. Fylkesrådmannen tilrår vidareføring av formaliserte avtalar mellom den enkelte kommune og fylkeskommunen om folkehelse, men at omgrepet partnarskapsavtale blir erstatta av samarbeidsavtale. Målet må vere at det blir inngått nye samarbeidsavtalar med alle kommunane i fylket. Fylkesrådmannen tilrår vidare at det for den første avtaleperioden med kommunane også følgjer med eit økonomisk tilskot frå fylkeskommunen, om lag på same nivå som i dag for kommunane, minimum 125 000 kronar. Folkehelsearbeidet er ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Føresetnaden for tilskot må vere at kommunane sjølv frigjer minimum det same innanfor eigne økonomiske rammer. Møreforsking tilrår i sin evaluering at fylkeskommunen bør inngå samarbeidsavtalar om folkehelse med andre aktørar enn kommunane. Eksempel på slike avtalar er dei som er inngått med Møre og Romsdal idrettskrets og dei to friluftsråda i fylket. Fylkesrådmannen ser ikkje at det vil vere nødvendig, då fleire av dei aktuelle samarbeidspartane for fylkeskommunen har faste driftstilskot frå fylkeskommunen og deltek i nettverk fylkeskommunen driftar. Fylkesrådmannen tilrår at folkehelse som omgrep og tema for felles arbeid blir løfta ytterlegare i tilskotsbrev, kontaktmøte, andre nettverksarenaer og i den regionale planlegginga. Dette inneber vidare at God Helse-partnarskapsavtalen med Møre og Romsdal idrettskrets og friluftsråda ikkje blir vidareført. Fylkesrådmannen tilrår to aksar i det framtidige folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.
For det første, eit samarbeid med kommunane bør vere nedfelt i ein God Helsesamarbeidsavtale. Avtalen bør vere tidsavgrensa på fire år og innehalde - Felles mål for folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal, avstemt mot nasjonale, regionale og lokale mål - Generelle vilkår for fylkeskommunen og den enkelte kommune sine plikter - Prioriterte resultatområder for den enkelte kommune satt opp mot kommunens folkehelseutfordringer - Nivå på økonomisk tilskot frå fylkeskommunen, med forventing om minimum same nivå frå kommunen For det andre kan det vere tenleg å sette av ei årleg økonomisk ramme til strategisk utvikling av folkehelsearbeidet i fylket. Innovasjon, kompetanseheving og systematisk samarbeid og nettverk mellom forvaltingsnivå, forskingsmiljø og samfunnsaktørar i Møre og Romsdal bør vere nøkkelord i dette utviklingsarbeidet, kor satsingsområde er forankra i nasjonale og regionale prioriteringar. Forslag til vedtak: 1. Kultur- og folkehelseutvalet tek rapport frå Møreforsking «Evaluering av God Helse partnerskapet i Møre og Romsdal» til orientering. 2. Kultur- og folkehelseutvalet sluttar seg til fylkesrådmannen sitt framlegg til vidare utvikling av dagens God Helse-partnarskap. 3. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at det blir utarbeidd nye samarbeidsavtalar med kommunane, slik det går fram av saksframlegget. Utvalet ber om at dei nye avtalane blir lagt fram for utvalet til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Evaluering av God Helse-partnarskapen av Møreforskning Molde Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef