Nordfjord vassområde Mottakarar: Eid kommune v/ rådmannen Vågsøy kommune v/ Rådmannen Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Postboks 294 6701 MÅLØY Vår referanse (oppgje ved svar) Dato: 13/5650 10.05.2013 Finansiering av Vassområde Nordfjord Eg viser til tidlegare kontakt vedkomande finansiering av det interkommunale prosjektet Vassområd Nordfjord, mellom anna: - faktura frå Gloppen kommune 04.01.2013 - brev frå Eid, Vågsøy og Selje kommunar til Fylkeskommunen 04.02.2013 om oppretting og finansiering av prosjektstilling - brev frå Gloppen kommune til Fylkeskommunen 29.04.2013. Noverande situasjon krev at saka får ei avklaring. Ikkje minst gjeld dette i forhold til utføring av oppgåver som ligg innanfor kommunane sine ansvarsområde. Oppgåver som står for tur er: Overvaking av miljøkvalitet i høve påverknad innanfor kommunen sitt ansvarsområde. Frist innan oktober 2013 Tilrettelegging for medverknad frå rettshavarar og private og ålmenne brukarinteresser ved synfaringar og møte i mai - september 2013 Utarbeiding av tiltaksanalyse. Frist 15. november 2013 Det er tre typar overvaking som er under planlegging: Vasskjemi i ferskvatn - Tilbod er innhenta, leverandør er vald og fyrste analyse av prøver er gjennomført. Det står att å analysere prøver som vil bli tatt i juni, august og oktober. Begroing (alger) i elvar: Tilbod er innhenta, planlagt gjennomføring i august. Sjø: Det er planar om å legge ut konkuransegrunnlag for sjøovervaking på Doffin 14. mai med tilbodsfrist 15. juni. Postadr.: Telefon: Telefaks: Organisasjonsnr.: E post: 6823 Sandane 57 88 38 00 57 88 38 01 964 969 124 post@gloppen.kommune.no
Innkjøp av sjøundersøkingar er den økonomisk tyngste delen av overvakinga, antyda til 70.000 100.000 pr stasjon. I Vågsøy kommune er det ikkje planar om anna overvaking enn sjøovervaking. I Eid kommune er det igangsett / planlagt alle tre typar overvaking. I avtalane om overvaking vert det teke atterhald om at finsieringa går i orden. Finansieringa må vere avklara før kontraktsinngåing som er planlagt fyrste veka i juli. Frist for å slutte seg til dette spleiselaget vert då 21. juni. Finansiering av kostnader etter prosjektplanen for 2012 og 2013 vil utløyse midlar til overvaking på kr 1 088 000. Fordelt etter Nordfjordrådsmodellen sin nøkkel, vil dette kunne gi kr 221 000 tilbake til Vågsøy kommune og 218 000 til Eid kommune. Dersom det var aktuelt å fordele midlane etter ein nøkkel med 1/3 lik fordeling, 1/3 etter landareal og 1/3 etter folketal, ville det kunne gi tilbake 152 000 til overvaking i Vågsøy og 187 000 til overvaking i Eid. Men dette krev omgjering av vedtak i 5 av samarbeidskommunane. Samordna miljøovervaking er ein kostnadseffektiv måte å ivareta kommunane sine oppgåver på. Ikkje minst felles innkjøp sparar kommunane for økonomi- og personellressursar. Bakgrunn for saka: Prosjektet Vassområde Nordfjord vart oppretta som interkommunalt plansamarbeid for å utføre arbeid i tråd med Forskrift om rammer for vassforvaltning og Planprogram for Vassregion Sogn og Fjordane. Det vart utarbeidd ein prosjektplan som omhandlar mellom anna formål, arbeidsoppgåver, organisering, økonomi og fordeling av kostnader. Status for handsaming av prosjektplanen til Vassområde Nordfjord i kommunane er per i dag: Gloppen kommunestyret 20.06.2011, godkjent Stryn formannskapet 19.10.2011, godkjent Bremanger kommunestyret 01.11.2011, godkjent Vågsøy kommunestyret 23.11.2011, godtar kostnader men ikkje fordelingsnøkkel Hornindal kommunestyret 24.11.2011, godkjent Eid kommunestyret 15.12.2011, ikkje godkjent stillingsstorleik for prosjektleiar og kostnadsfordeling Selje kommunestyret 20.03.2013, godkjent Vassområdeutvalet har etterkome ønsket frå Eid og Vågsøy kommunar om å ta kostnadsfordeling og prosjektleiarstilling opp til ny vurdering. På møte 16.03.2012 vart kostnadsfordeling etter areal lagt fram. Fleirtalet i utvalet heldt fast på fordeling etter folketal (Nordfjordrådsmodellen), i tråd med prosjektplanen. Fleirtalet i vassområdeutvalet meinte også at heil stilling som prosjektleiar måtte lysast ut straks, og at saka skulle leggjast fram for Nordfjordrådet på første møtet. Prosjektleiar vart tilsett og tok til i stillinga 20.08.2012. Nordfjordrådet vart orientert om saka i møte 08.10.2012. Gangen vidare: Ein kan sjå det slik at Eid og Vågsøy kommunar no har eit grunnlag for å ta saka opp til ny handsaming. Ein kan då tenke seg nokre alternative løysingar, mellom anna: 1. Kommunane godkjenner prosjektplanen og gir si formelle tilslutnad til arbeidet. For å vere med i samordna overvaking etter denne kostnadsfordeling, må vedtak føreligge seinast 20. juni. Side 2 of 6
2. Kommunane spelar inn anna framlegg til finansiering og kostnadsfordeling. Dette må i så fall handsamast på nytt i dei andre 5 kommunane før utgangen av juni, for å rekke å tinge overvakinga. Siste kommunestyremøte før sommarferien er frå 13. juni og utover. 3. Kommunane vel å ikkje ta del i samarbeidet om vassforvaltning. Kommunane må då avklare med Fylkeskommunen korleis deira pliktar i forhold til utarbeiding av forvaltningsplan m.m. skal ivaretakast. Det er med andre ord spørsmål om arbeidet for Eid og Vågsøy kommunar skal halde fram innanfor prosjektet eller ikkje. Som prosjektleiar vonar eg Eid og Vågsøy kommunar blir med vidare i samarbeidet om vassforvaltning og tar initiativ til ei avklaring på finansieringa. Med helsing Staffan Hjohlman prosjektleiar tlf. 904 02 661 Kopi til: Bremanger kommune Postboks 104 6721 SVELGEN Eid kommune Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Gloppen kommune Grandavegen 9 6823 SANDANE Hornindal kommune Postboks 24 6761 HORNINDAL Jølster kommune 6843 SKEI I JØLSTER Selje kommune 6740 SELJE Sogn og Fjordane Plan- og samfunnsavdelinga 6863 LEIKANGER Fylkeskommune Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN Vågsøy kommune Postboks 294 6701 MÅLØY Side 3 of 6