Diktarsti i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Idéskisse frå Magni Øvrebotten, oppdatert per 13.11.15.



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brødsbrytelsen - Nattverden

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

DIKTARSTIEN i BOTNANE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jon Fosse. For seint. Libretto

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

I N N H O L D. Forord

mmm...med SMAK på timeplanen

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Kom skal vi klippe sauen

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Valdres vidaregåande skule

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Til deg som bur i fosterheim år

Namning av vegar i Fræna Kommune

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kva er økologisk matproduksjon?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Eit vennskap Ellingsøy, 20.februar 2013

«Ny Giv» med gjetarhund

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Rom ved havet, rom i byen

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Setring ved Håbakkselet Hareid

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

INFORMASJON om førestellinga:

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt


Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Klepp kommune Tu skule

Johan Dalsegg født død

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsplan for Hare November

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvårsplan i norsk 2. trinn VÅR Nynorsk

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Transkript:

BOTNANE Foto: Are Fjellestad Diktarsti i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Idéskisse frå Magni Øvrebotten, oppdatert per 13.11.15. Inspirert av Diktarstigen i Skjåk ser eg føre meg ein diktarsti i Botnane, med dikt av Jan- Magnus Bruheim, plasserte nærast råd dei konkrete plassane som inspirerte han til å skrive dikta. Eg synst det er naturleg at det står noko synleg att etter 100-årsjubileet for Bruheim (2014) også i Botnane. Eg har innhenta løyve frå Torunn Bruheim Haugen, som sit med rettane til dikta, og frå dei grunneigarane som eig der skilta skal stå. Alle er positive. Bruheim-nemnda løyvde i februar 2015 kr.10.000 til føremålet, og årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag vedtok i mars å løyve kr. 15.000. Dette er det vi har av pengar førebel. Vi treng 65.000-70.000 kroner når alt er rekna med, også stativ og montering. Eg ser føre meg eit spleiselag mellom private, kommunar, lag- og organisasjonar. Målet er å opne diktarstien i august 2016. Vil du vere med på innsamlinga kan du betale til kontonr. 3705 29 68802. Merk innbetalinga Diktarsti. Takksemda går begge vegar Fyrst tenkte eg berre å ha diktet "Huset som talar" på det gamle skulehuset, og diktet "Tri grannar" på gravplassen. I tillegg til ein kort presentasjon av Jan-Magnus Bruheim og tida hans i Botnane. Dette for å ha eit synleg minne om han i bygda. Dette kan framleis vere ei minimumsløysing. 1

No er alle som opplevde han i Botnane, frå 1978 til 1985, godt vaksne. Men nye generasjonar vart kjende med Bruheim gjennom CD-innspelinga og konserten til Sigrid Moldestad. For mange var det heilt nytt at Bruheim hadde budd her ute i havgapet. 11 av dei 45 bøkene han gav ut kom medan han budd i Botnane, og dei siste dikta han skreiv her er med i den siste diktsamlinga "Årringar" (Aschehoug 1987). Mellom dei "Den annsame", som han las opp då bygda tok avskjed med han 3. november 1985. Songen er også med på CD-en til Moldestad. Når eg les dikta og breva hans på nytt ser eg takksemda hans for dei sju åra han fekk i Botnane, og kva dei betydde for både han og diktinga hans. Men eg kjenner også på takksemd den andre vegen, at vi var så heldige at svaret på spørsmålet "Til Roma eller til Botnane?" vart Botnane (stykket står i boka "Tankefuglar i tunet", Noregs Boklag 1980, og heng på veggen i grendahuset i Botnane). Det bør vere lett å oppdage Bruheim i Botnane og då er det dikta hans vi må satse på, særleg dei som er knytte til konkrete plassar. Det er fleire enn skulehuset og gravstaden, (sidetala i parantes syner til Dikt i utval 2014): 1. Gravstaden, med diktet «Tri grannar» (Side 197). Ok frå kyrkjeverje Knut Arne Vadøy i Bremanger. 2. Kaia i Botnane der ferja stoppa før. Jan-Magnus hadde sin daglege tur hit for å sende og hente post, eller han tok ferja til Florø for å handle. Diktet «Still sjø» (Side 210). Ok frå grunneigar Åge Sørbotten. 3. "Øyi mi", Flôtholmen, som fekk diktet «Ved fjøre sjø». Side 189. Her sat han mykje og funderte, og ensa ikkje at sjøen flødde. Det er kort veg frå vegen og ned til denne holmen, og diktet kan stå på ei lita utkøyrsle ved vegen. Ok frå grunneigar Torbjørn Øvrebotten. 4. Grendahuset der han budde. Ser føre meg to dikt her. Det eine om «Huset som talar» (side 251) på framsida, og eit anna ved inngangen bak. Evnt samle alt ved inngangen. Ok frå grunneigar Bremanger kommune v/rådmann Tom Joesen. Foto: Kristian Hosar 5. «Fotefâr i stein» (side 184), ein stein med avtrykk av ein barnefot, ligg i utmarka bak skulehuset. Attmed elva, ein stad kalla «Bokset», der det ein kan ta seg over elva med eit byks. Minst aktuell, minst synleg, om ikkje diktarstien blir del av ei turløype? Ok frå grunneigar Torbjørn Øvrebotten. 2

6. Utkjøyrsla ved Flyndrebekken, som no er vekke pga av at området er utfylt. Kan bli ein fin rasteplass med steinbord- og benkjer, og informasjonstavle med kart over diktarstien og annan informasjon om bygda/turstiar. Her kan fleire dikt vere aktuelle. Både «Haustkveld ved havet» (side 198) og barnediktet "Tjelden» (side 259). Ok frå grunneigar Torbjørn Øvrebotten. " Tri grannar " på gravstaden Gravstaden i Botnane vart teken i bruk i 1900 og Jan- Magnus såg på den som bygda si historiebok. I hans tid i Botnane var det mange som kunne fortelje levande om dei som var gravlagde der, og om ulukker og omkomne på sjøen. Botnane er ein stad der havet har teke mange liv. Diktet "Tri grannar" er skrive i 1983, etter gravferda til Ivar Sørbotten. Det skildrar skikken med at grannane grov grava, før gravemaskiner tok over dette arbeidet. På bileta ser du klokketårnet og inngangspartiet til gravstaden. Eg trur høgre veggen i porten, når vi kjem inn, eignar seg best for diktet. TRI GRANNAR Tri grannar står der og grev ei grav. Men teier med det dei tenkjer: Så snøgt kan livstråden slitna av. Det kjennest som noko av grendi er burte med han som tok ut på den siste ror. Alt står her og talar stille i togni um han som fór. Skodda heng låg over lendet. Regn dryp og bårone vaskar. Hausten er kringum, og vinden susar i fallande lauv. Alt er det same i stilt og stridt. No er dei ferdige grannane. Står der ei stund ved den opne gravi. Teiande og med bøygde hovud. Så går kvar heim til sitt Jan-Magnus Bruheim 3

FOTO: Are Fjellestad Kaia i Botnane Her venta vi på ferja, såg kven som reiste og kom, sende mjølk og dyr, køyrde bilane på sliskar, høyrde nytt og henta og leverte post. Jan-Magnus Bruheim var der ofte. Han var storkunde for Postverket. Det kom haugevis med pakkar, brev og aviser til han, og han sende mykje post. Når han var på kaia gjekk han ofte langsmed kaikanten og såg ned i sjøen. Kva han såg ser vi att i mellom anna diktet «Still sjø»: STILL SJØ Når sjøen ligg svartblank og spegelstill, kan du sjå nedi djupet dei løynde understraumar går inn og inn. Kjemmer og kjemmer over skogar av grønske og tang og tare. Dei bøygjer seg unna som for ein usynleg vind. Jan-Magnus Bruheim 4

Flôtholmen "Øyi mi" Jan-Magnus kalla holmen for «Øyi mi» fordi han sat der mykje og tenkte. Det var før det kom vegsamband til bygda og før det var bygt eit fiskeanlegget like ved. Det er lett å gå ut til Flôtholmen på fjøre sjø, men gløymer du deg vekk flør det og holmen er ikkje landfast lenger. No er han nesten overgrodd av grantre, og det er også ein del tre mellom holmen og vegen. Delar av dette må ryddast om vi set opp skilt med diktet Bruheim gav holmen. Skiltet tenkjer eg meg oppe ved vegen, på ei lita utkøyrsle (sjå bilete over), stor nok til ein bil eller to. Derifrå er det lettast å gå ned til holmen. Vi kan merke ein sti. VED FJØRE SJØ Ved fjøre sjø er denne øyi landfast og du kan nå dei andre um du vil. Du høyrer båreskval. Ei terne flyg med bråkast. I vårblå luft ei lerke bivrar vengjestill. Hit fann du ut. Til stilla etter larmen. Men enno tykkjest all ting berre drøymt. Og båreskvalar enno bryt i barmen. Alt ber du enno med deg. Ingen ting er gløymt. Forheksa sit du her. I draumen bunden, med lengten gnagsår slit i sine band. For seint du varest der du stig or draumen: Ikring har sjøen flødd og du er løyst frå land. Jan-Magnus Bruheim 5

Skulehuset der han budde Dette bilete er teke frå utkøyrsla som er aktuell som rasteplass og oppslagstavle om diktarstien og Bruheim. Herifrå ser ein skulehuset godt. I dag er huset grenda- og bustadhus. Leilegheita der Bruheim budde, er pussa opp og leigd ut. Han budde i "lærarbustaden", i ei kombinert stove/skriverom/soverom og eit stort kjøken. Ser føre meg diktet "Huset som talar" på murveggen på framsida av huset, på ei "glasplate" med svart skrift, bolta til muren, men råd å ta av når den skal vølast. Sigrid Moldestad og musikarane hennar spelte i september 2013 inn CD-en "Brevet til kjærleiken" i dei same romma som Bruheim budde i. HUSET SOM TALAR I det forletne skulehuset langt mot vest, der kan du tru det lever mangt! Det knett og knest når lyset gneistrar gjennom natta, stormen riv, regnet skvalar og når ròket driv Når sjøen båreblunkar, ligg der still og glitrar og sjøfugl skrik og småfugl kved og kvitrar og sola skin og milde vindar svalar, då kan du sitje her og høyre huset talar! Om du sit draumestill og lyder vèl, du høyrer at det talar og fortel. Det står og minnest alt som var ein gong, og kallar fram att leik og lått og song. Ein ôm av røyster Lette barnesteg. Dei opnar dører og kjem inn til deg. Du høyrer borna leikar seg og spring. Men når du skal sjå-til, ser du ingen ting. Rart vart det visst her då dei siste fór. Men huset står åleine att og gøymer spor - Tru kvar dei vart av, alle? Dei fór kvar si lei. Lell er det som om noko er att her etter dei. Jan-Magnus Bruheim 6

I inngangspartiet til forsamlingssalen i grendahuset (bilete til høgre) er det overbygg og plass til ei informasjonstavle med eitt eller fleire dikt. "Den annsame" (side 217), "Haustkveld ved havet" (side 198) eller "Å høyre til" (side 185) er aktuelle her. Fotefár i stein stein med avtrykk av barnefot Diktet handlar om ein stein som ligg i gangavstand bak skulehuset, på Legene, ved Søre elva. Ein stad som heiter "Bokset", der det er lett å bykse på steinar over elva, om ein skal på tur til dømes på Middagsnova. Om det vert laga turløype dit kan denne steinen vere eit godt merke, men elles vert han kanskje for mykje ute av diktarstien? Bortsett frå til "Øyi mi" kan ein køyre bil til dei andre plassane dikta handlar om. Dei ligg langs etter fylkesvegen. Steinen i Bokset har eit merke som ser ut som avtrykket av ein barnefot, og har fasinert generasjonar av store og små. Jan-Magnus like eins: FOTEFÂR I STEIN Fâr av ein barnefot så klår og rein, står teikna i den harde, gråe stein. Kven kunne tru ein liten barnefot, kan setja merke i det harde grjot? Trylt står du der og ser det vesle spor og undrast: Kva blir att av alt som kom og fór? Der fâret av ein tyngre fot aldri ville te, jamt kan ei mindre tyngd sitt merke setja ned. 7

Flyndrebekken rasteplass med informasjonstavle? Dette er ein eigna stad for ein rasteplass. Her stoppar folk, både pga. utsikta utover Pollen og fordi det er plass til å sette frå seg bilar når ein vil gå tur i området. Her hadde det gjort seg med ei tavle over dei merka turstiane i bygda/og litt kunnskap om Botnane. Før var det ein liten dam her, som var turr ved fjøre sjø og full når det flødde. Det var mykje flyndre i han, difor namnet Flyndrebekken. Kanskje berre vi som er oppvaksne på garden som kjenner til det namnet? På dette bilete ser du utsikta over Pollen, frå Flyndrebekken. Som før omtalt er det god utsikt mot skulehuset, frå Flyndrebekken, og det gjer det lett å forklare kvar Bruheim budde. Jan-Magnus gjekk her mykje og såg på fuglar og anna liv i fjæra. I dette området er det framleis mykje sjøfugl, mellom anna tjeld. Difor tenkjer eg at barnediktet «Tjelden» høver her. I det vert det synt til "Floteholmen", ein annan stoppstad på diktarstien: 8

TJELDEN Helst ruslar eg utmed sjøen ein stille soleglad-kveld. Der har eg ein ven å vitja. Og venen det er ein tjeld. I svart og kvitt er han fjørkledd der han står still på sin stein. Og skir og raud er han farga både på nebb og bein. Visst er eg vel ven med honom, men ikkje han med meg, for kvar gong eg nærmar meg varsamt, støkk han og flyg sin veg. Spegelbiletet i sjøen blagrar og fylgjer med heilt ut til Floteholmen der han set seg ned. Men eg står på same flekken Kan liksom ikkje gå, for eg står der og tenkjer på noko eg ofte har undrast på: Om alle dei skye og redde visste vi hadde dei kjær, skal tru om dei ville røme så snart som vi kom dei nær? Jan-Magnus Bruheim Eit anna dikt som kom kan høve her er «Haustkveld ved havet», som har fått seg eit ekstra lyft med Sigrid Moldestad sin tone og song på CD-en "Brevet til kjærleiken»: HAUSTKVELD VED HAVET Ei eldraud kveldssol sig i hav og her, i avdagselden kan hjarta gløyme krav og kav og kvile ut i kvelden. Ei furu står i skrinne jord. Det susar lint i baret. Småboror kviskrar løynde ord til bløretang og tare. Dei bårene som går mot land og syng si same salme, dei rullar òg mot framand strand med mandeltre og palme. Det ropar røyster i meg: Kom til andre land og lende! Men kjenner milde hender, som dreg tanken stilt attende. Langt ute høyrest bylgjebrot. Sjøfuglen ber seg ille. med draugen ror sin halve båt mot natt og skymingsstille. 9

Skilt og prisar For å få ei aning om kva skilta vil koste fekk eg i fjor haust reklamebyrået A til Å i Florø, til å rekne på det. Sidan det alt er eit år sidan tok eg 13.11.15. ny kontakt med dei for å få eit oppjustert overslag. A til Å svara at produksjon av seks skilt av typen "Sildestim" (sjå bilete) med design og produksjon vil koste kr. 45.000. Denne prisen er utan montering. Med materialutgifter og laging av stativ vil den totale budsjettprisen bli på 65.000-70.000, medrekna moms for seks slike skilt. Den store utfordringa vert å bruke skilttypar som toler ver og vind, og sollys. Kanskje må vi velge ulike materiale, alt etter kvar dei skal settast opp? Dei to/tre skilta som må stå fritt i naturen må anten murast inn i ein mur eller ha eit svært solid reisverk. Elles fyk dei til himmels i fyrste stormen. Tre kan vi feste på vegg, men berre to vil vere under overbygg. Monteringa må gjerast på dugnad. Reklamebyrået A til Å har også laga ein demo (sjå bilete) som syner alternativet "glasplate" som kan festast til vegg (aktuell på gravstaden og skulehuset). Kor mange skilt vi kan sette opp vil avhenge av kor mykje pengar vi klarer å samle saman. Billegaste løysing med skilt i overbygget ved skulehuset og på gravstaden har vi alt pengar til. Men då kan det ikkje kallast ein diktarsti. Det er viktig at plasseringa og utsjånaden på skilta glir fint inn i omgjevnadane og ser skikkeleg ut. Kven betalar? Eg ser føre meg eit spleiselag av privatfolk, lag og organisasjonar, kommunar, bankar, verksemder, ulike "kulturpottar", osv. Kanskje kan Turlag og Turistforreining få interesse av å vere med på eit samarbeid, der vi gjev informasjon om både diktar- og turstiar? Du kan få vere med Botnane og Årebrot grendalag har oppretta eit eige kontonummer for innsamlinga til Diktarstien, i grendalaget sin regi. Den vert kontrollert av revisor og alt det formelle er på plass. Kontonummeret er 3705 29 68802. Merk innbetalinga Diktarsti. 10