Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12. desember 2018

Like dokumenter
Ny arealplan for Fjaler

Oppsummering av møte med næringslivet om arealplanen 8. januar 2019

Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11. desember 2018

Oppsummering av folkemøte i Dale om arealplanen 13. desember 2018

Ny arealplan for Fjaler

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Dale 13. desember 2018

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Guddal 6. desember 2018

Ny arealplan for Fjaler

Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561

Næring 23 Hytte 34, Bustad 76 Hytte 2

Vedlegg 2, del I. Kolleid

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Notat vedrørande høyringsuttalar til Kommunedelplan Huglo

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Søknad om godkjenning av oppstart - Reguleringsplan for Strandebarm gamle skule gnr 120/121 bnr 001, 002/171, 169, mfl Kvam Herad.

Søknad om oppstart av reguleringsplan

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 18:00-19:15

Kommunedelplan Edland/Haukeli

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Saksutgreiing til folkevalde organ

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 047/14 Plan- og Miljøutvalet PS /14 Bystyret PS

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE PØYLA 110/329 M.FL. ALVSVÅG PLANID

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Områdereguleringsplan Smiehogen Plan-ID vedtak

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

SETESDAL REGIONRÅD BEREKRAFTIG BYGGERI I SETESDAL LANSERINGSMØTE 20. JUNI 2018

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: ERLEVIK Arkivsaknr: 2016/1556. Utvalsaksnr Utval Møtedato 6/17 Formannskapet

Til Grunneigarar og naboar Offentleg mynde. Dato:

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

Til veljarane i Tysnes

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Samanstilling av konsekvensar for utbetring av Rv 5 Evja Fugleskjærskaia Florø,

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Kommuneplanens arealdel

Forslag arealformål. Fiskeri/bruk og vern av sjø og vassdrag LNF (natur)

Områdenavn: FO 5 Øystese Gnr/bnr: 44/9 mfl. -Busdalen- Tilrådd

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Informasjonshefte om Brekke for idédugnad - arbeidsgrupper

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

SØKNAD OM MINDRE REGULERINGSENDRING. Detaljreguleringsplan, gnr/bnr 101/1, 101/44, 101/45 m. fl. L I N G A C A M P I N G og H Y T T E R

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen:

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 031/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

NAUSTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN

Innspel til planprogrammet for kommunedelplan for vann og vassmiljø

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Klage på avslag om søknad om utvida bruk av eksisterande avkjørsle frå Solstadvegen til Fv 47 i Sveio i Sveio kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE FLATEVIK 117/31 M.FL. TORMODSÆTRE PLANID

Radøy kommune Saksframlegg

Saksgang: Møtedato: Saknr.: Utbyggingsutvalet /09. Objekt: HØYRINGSDOKUMENT - STATLEGE RETNINGSLINER FOR STRANDSONEFORVALTNING.

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

Radøy kommune Saksframlegg

Vår ref. 2014/ Særutskrift - Dispensasjon frå LNF - 190/48 - Halsnøy Kloster - Johanne Emmerhoff

Vegvurdering Langevåg

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaknr 12/215

Varsel om oppstart Detaljregulering for Rovde Industripark

2015/ Særutskrift - Dispensasjon - 140/6 - Fritidsbustader - Raudstein - Nils Gunnar Røssland

NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: BSS Arkivsaknr: 2014/1485. Utvalsaksnr Utval Møtedato 168/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

Jølster kommune Saksutgreiing

Innspel til rullering av kommuneplanens arealdel for Kvinnherad kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 185/187 - terrasse - Valen - Jan Gunnar Fatland. Innstilling frå rådmannen:

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN FRITIDSBUSTADER LYKLINGSJØEN 136/6 OG 80 M.FL. LYKLING PLANID

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51

Vår ref. 2010/ Særutskrift - BS - 221/2 - spikertelt - Borgundøy - Kari L. Haugland og Jan Harald Fosse

Reguleringsplan for Storøynå hytteområde, Kvaløy

Transkript:

Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12. desember 2018 Deltakarar: 34 innbyggarar møtte opp i tillegg til ordførar, to frå administrasjonen og to frå Norconsult. Til saman 38 stk. Dato: 12. desember 2018 Stad: Grendehuset i Våge Rådgjevar/verkstadhaldar: Norconsult AS, Arne Kringlen Innleiing Tredje folkemøte i forbindelse med høyring av planprogrammet til arealdelen. Ordførar ynskte velkomen og informerte kort om bakgrunnen og formålet med møtet. Prosjektleiar Arne Kringlen informerte om gjeldande og komande arealdel, formålet med ny arealdel og arbeidsprosessen. Presentasjon Presentasjon er vedlagt. Under følgjer nokre utdrag: - Korleis er gjeldande arealplan o Risikovurderingar og faresoner er ikkje med o Manglar strategisk arealbruk (arealbruken er ikkje detaljert nok) - Viste forskjell på arealplanen og delplanen for Dale - LNF- spreidd blir sentral arealbruk i kommunen (fritidsbustad, bustad og næring) - Viss ein skal setje av byggjeareal innanfor skred/flaumområde krev det utfyllande dokumentasjon/vurdering før ein ev. kan byggje - 100 meter sona for sjø og vassdrag er generell og gjeld uavhengig av topografi og landskap. o Det er lettare å få løyve til å byggje i forbodssona viss det er gjort ei konkret vurdering av kva som er den «funksjonelle strandsona» - Til neste runde med folkemøte (mars-april) blir framlegg til arealplanen synt fram slik at innbyggarane får sjå om deira innspel er tatt med eller ei. Då blir det høve til å drøfte løysingane som er valt/ikkje valt. Spørsmålsrunde Etter presentasjonen og gruppearbeida vart det opna for spørsmålsrunde. Spm. og svar er oppsummert nedanfor. 1. Kven kan kome med innspel? Svar: Alle kan kome med innspel, og de kan fint meine noko om andre sin eigedom. Også naboen sin.

2. Kven er det som gjer vurderingar på korleis innspela skal silast? Svar: Det er politikarane som gjer den fyrste vurderinga, så gjer vi i Norconsult ei vurdering saman med administrasjonen, før vi til slutt legg våre vurderingar fram politisk. 3. Det ligg føre ei reguleringsplan som opnar for vindmøller på Lutelandet. Kan det gjerast noko for å fjerne/oppheve den? Svar: Det skal ein del til for å kunne oppheve vedtekne planar, og det må då føreligge gode grunnar til det. Gjeldande plan er juridisk bindande for arealbruken i området, og ein utbyggar legg opp til ei betydeleg satsing for å få ein plan godkjent. Det vil difor vere uheldig å gjere noko med planen så lenge den er eit godt styringsverkty. 4. Kva slags skravur er det som er vist på kartet (Holstad)? Svar: Det er ei restriksjonsgrense etter anna lovverk enn plan- og bygningsloven. Det viser nedslagsfelt for drikkevatn. 5. Blir det gjort nærare skredundersøkingar? Svar: Aktsemdsonane for skred og flaum er kun ein peikepinn på at det er potensiale for skred/flaum i området, og er godt nok for arealplanen. Men når ein kjem til neste nivå (reguleringsplan/ utbygging) må det gjærast nærare undersøkingar av fagekspert(ar). Då er det tiltakshavar sitt ansvar å få dette gjort. Det vert for omfattande om slike undersøkingar skal gjerast på kommuneplannivå, og vil føre til forlenga og omfattande prosessar. På planforumsmøtet som vi hadde med statlege mynde uttalte NVE at dei kunne stille på synfaring med kommunen for å gjere ei vurdering på korleis vi kan forhalde oss til skred- og flaumsonene i nokre område som vil vere aktuelle for utbygging. Gruppearbeid 1 Etter presentasjon og spørsmålsrunde vart forsamlinga delt inn i seks grupper, etter alder. Gruppene vart spurte om kva som er positivt og negativt med å bu i Våge, og kva for forventningar dei har til den nye arealplanen. Spørsmåla vart først drøfta i gruppene og sidan i plenum.

Oppsummering (hovudmoment frå gruppearbeidet) Positivt: Alle gruppene nemner natur/rekreasjonsmoglegheiter som positivt, og fleire trekker i tillegg fram nærleik til sjø. Vidare at det er butikk, skule og barnehage i bygda i tillegg til at det er bra med næringsetablering. Fleire nemner også gode sambygdingar, samt at bygda har butikk, skule og barnehage. Elles også fergeforbinding, kort veg til ekspressbåten til Bergen, dugnadsånd, aktive lag/organisasjonar, trygg plass å bu, friheit, moglegheit for å bu spreidd, tilbakeflytting blir også trekt fram som positive trekk.

Negativt: Fire grupper nemner dårleg infrastruktur (både veg, mobil, breiband og manglar sykkelveg) og dårleg offentleg kommunikasjon (buss til Førde og Rysjedalsvika, samt ekspressbåt). Fire grupper nemner utbyggingsnegativitet, bl.a. i forhold til strandsona (tre grupper), ingen område for spreidd busetnad, lite attraktive byggjefelt, langt mellom folk ved spreidd busetjing, det manglar eldrebustadar, framtidig etablering av vindmøller og vanskeleg å få byggje (bustad, industri) om det ikkje er i samsvar med plan. Elles blir det også nemnt attgroing, manglar badeplass og båtplass, lite overnattingsmoglegheit, for få lokale tilbod (må til Dale), få arbeidsplassar, dårleg kulturtilbod, nedgang i folketal, er avhengig av bil, mangel på møteplassar (kafé, pub, o.l.), store investeringar i sentrum i forhold til i utkantane, bygdedyr og vanskeleg å utvikle næringslivet. Forventningar: Alle gruppene har forventningar til bustadutbygging. Fire av gruppene ynskjer at det vert opning for det innanfor 100-metersbeltet, to grupper vil ha større fleksibilitet generelt sett og aldersgruppa 70+ har forventningar til bustadfelt nær skule. Og aldersgruppa 60-70 peikar på eldretun slik at dei eldre har trygge buforhold når dei vert pleietrengande. Andre moment er at det blir skilt mellom hytte- og bustadbygging, og at det ikkje blir lagt opp til spreidd hyttebygging. 5 grupper har forventningar til at infrastrukturen vert betra, bl.a. fiber (i Korssund og Lammetun) og vegar (bl.a. Lutelandet), samt betra trafikktryggleik for mjuke trafikantar. Elles er det peikt på å unngå konfliktar mellom landbruksdrift og spreidd bustadbygging og lågt konfliktnivå ved behandling av søknadar. Elles er det forventningar til nye småbåthamner og utviding av småbåthamner, nye arbeidsplassar, få tilflytting frå andre kommunar, nye næringsareal/utviding av eksisterande, reiselivsutvikling, registrering av kulturminne (som Leahuset og Nilsboa) og at Fjaler skal bli ein «ja» kommune. Gruppearbeid 2 jobbe med A0 kart Forsamlinga vart delt i seks grupper. Gruppene fekk i oppgåve å merke på kartet kvar i krinsen Våge det er knutepunkt/sentrumsliknande område som skal byggast vidare på. Og så skulle dei sjå heile kartet samla og merke av kvar det ikkje bør byggast, og kvar det bør opnast for bygging.

Gruppe 1

Gruppe 2

Gruppe 3

Gruppe 4

Gruppe 5

Gruppe 6

Gruppearbeid 3 jobbe med A3 (grende/sone)kart Gruppene vart fordelt etter kvar i Våge dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var fire grupper på grendekart nr. 3, og det var ei gruppe på dei tre andre grendekarta. Gruppe 1 og 2 Gjølanger, Hellevik, Lone, Kjøsnes, Håvåg, Fure, Furnes

Gruppe 2 Kjøsnes, Håvåg, Fure, Furnes

Gruppe 3 Furset, Grytøyra, Våge, Folkestad

Gruppe 3 Furset, Grytøyra, Våge, Folkestad

Gruppe 3 Furset, Grytøyra, Våge, Folkesta

Gruppe 3 Furset, Grytøyra, Våge, Folkestad

Gruppe 4 Korssund, Lammetun, Lutelandet

Oppsummering Hovudinntrykket frå folkemøtet i Våge var at ein ikkje vil utløyse grunneigarkonfliktar generelt sett, og at ein legg opp til ein utvikling i akvakulturnæringa. I tillegg må det vere ei balanse mellom næring, infrastruktur og bustad. Innbyggarane er stolte over næringsverksemdene som er etablert, og dei ynskjer at det blir etablert fleire næringar i bygda. Dei som har hatt lyst til å etablere seg i området har hatt vanskelegheiter med det då noverande plan har ikkje avsett nok område til næring. Og gjeldande plan for framtidig vindmøllepark hemmar vidare industrisatsing på Lutelandet. Vegen til Lutelandet er i dag for dårleg for stortrafikken som er til området i dag, samt den framtidige trafikken. Innbyggarane har forventningar at det blir gjort noko med den, anten i form av omlegging eller utviding. Vidare var det fokus på å få til bygging av bustader i strandsona. Det har vore ein del dispensasjonssaker med ulikt utfall, og innbyggarane ynskjer at den nye planen blir meir fleksibel for å unngå avslag på bygging. Referent: Norconsult AS, Ann Sissel Heilevang Vedlegg: Presentasjon