Årsmelding Velledalen I.L. 2005



Like dokumenter
Sakliste: 1. Godkjenne sakliste og møteinnkalling 2. Val av to repr. til å skrive under protokoll 3. Val av skrivar og møteleiar 4. Årsmeldingar 5.

andremann i mål, ørstingen Stig Helset. Det var positive tilbakemeldingar på løypetraseen.

«Ny Giv» med gjetarhund

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Årsmelding for O-gruppa 2015

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Trimgruppa Velledalen IL ÅRSMELDING. Gruppa har hatt tre møte gjennom året.elles er vi på talefot også utanom møta. Årsprogrammet

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

Teknikk og konsentrasjon viktigast

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Bitraf Resultatregnskap0per

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Hatlestrand og Ølve skyttarlag (3806). Årsberetning 2012

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Årsmelding 2015 IL Gular, orienteringsgruppa

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Årsregnskap. Velledalen i Balanse AS. Org.nr

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Valdres vidaregåande skule

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Forslag frå fylkesrådmannen

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Vurdering av allianse og alternativ

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Presentasjon av Gunn Ågot Leite

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Transkript:

Sverre Gunnar Brunstad Årets utøvar 2005 1

ÅRSMELDING HOVUDSTYRET 2005 AKTØRAR: Atle Hole leiar 1.vara Elisabeth Urke Hjorthol Kristin Grebstad sekr. 2. vara Janne Brunstad Sølvi Sæther kass. 3.vara Mette Ulvestad Anita L. Hole Ove Skylstad Hovudstyret har siste året hatt ni styremøter, inkludert ein studietur til Stordal. 1.vara, gruppeleiarar og idrettsskuleleiar har vore kalla inn til dei fleste møta. Laget har siste arbeidsåret ikkje hatt eige ungdomsstyre. Frammøte har vore variabelt stemninga upåklageleg. 163 MEDLEMAR Pr 31. desember 2005 hadde Velledalen IL 163 medlemar. Som ein ser av statistikken under, ein relativ klar nedgang. Laget har fått to nye æresmedlemar siste år, og har totalt sju slike, nemleg: Fridtjof Drabløs, Magnar Fet, Kaspar Fet, Karl B. Lade, Johan S Grebstad, Bjørg Frøystad Hole og Nils Terje Skylstad 0-5 6-12 13-19 20-25 26+ 2002 14 51 24 1 100 = 190 2003 17 49 26 3 98 = 193 2004 15 43 29 2 98 = 187 2005 8 41 31 0 83 = 163 SOLID ØKONOMI Som ein vil sjå av reknskapen er økonomien i laget god. Tilskot siste år: Sykkylven Kommune kr. 3000,- som året før. Møre &Romsdal fylke midlar til fysisk aktivitet kr. 5000,-(ny) Til nye trimkasser Aktivitetsmidlar frå staten: kr 17 134,- i 2005.. (kr.19341,- i 2004). SPONSORAR Ingen spesielt store sponsorar i 2005, men ei rekkje mindre. Dette er slike som har sponsa arrangement som Fjellsæterrunden og Konradløpet med premiar. Vi har elles ein muntleg avtale med Holmbergs gartneri om handel til halv pris, og gratis lokal med Vellda (Konradløpet). TAKK TIL ALLE SOM HAR STØTTA LAGET I 2005! SILD ERSTATTA KAKER 2

Ettersom Mattilsynet sa stopp, vart Kakeetarfestivalen i 2004 den siste i rekkja. I 2005 arrangerte vi i staden ein hyllest til silda. Dette var eit samarbeid med Sykkylven bonde-og småbrukarlag og Agora. Arrangementet vart vellukka. 170 var innom på ein torsdag. Helen Longva Fet og Liv Nordli Hole var kjøkkensjefar. Silda henta vi i Brattvåg. Tilbakemeldingane var positive. NY KONRADREKORD Konradløpet er så stort at her trør Styret og alle gruppene til i fellesskap. Det fjerde løpet samla imponerande 268 deltakarar. Løpet gjekk i år eitt døgn før enn normalt p.g.a. kollisjon med konfirmasjon den 1.mai. Forholda var nær optimale. Tilbakemeldingane sa at 2005-gjennomføringa av arrangementet var det beste så langt. Jarle Lade filma målgangen, noko som gjorde at vi for fyrste gong..?? hadde korrekt rekkefylgje mellom dei 100 beste NYE ÆRESMEDLEMAR Under grillkvelden på Brunstadsætra i juli vart Bjørg Frøystad Hole og Nils Skylstad nye æresmedlemar i V.I.L. Alle kjenner deira innsats for laget. Bjørg mest for sin jobb med idrettsskulen, men ho har òg to år som leiar i Hovudstyret. Nils er primus motor i ei heile tida godtgåande trimgruppe i tillegg til at han kvart år serverer laget gode sportslege prestasjonar. Utan tvil to verdige æresmedlemar. SLEGGJEKAST FOR KVINNER Ja, det var eitt av mange tilbod under aktivitetsdagen (sommaridrett) på Dalemyra. Elles var det idrettsmerkeprøver, null-løp, fotball, hesteskokasting, plommesteinspytting og stafett. Ein fin kveld med utøvarar nær sagt frå 0-80 år. Vêret var ikkje det beste, men det var det knappast nokon som ensa. REKORDOVERSKOT Førjulsmessa har siste åra vore eit samarbeid mellom VRF og V.I.L. Denne gongen trykte vi inn det høgste talet utstillarar vi nokon gong har hatt. Sjølv om vi hadde ein liten svikt på loddbøkene i høve til tidlegare år, tok vi igjen dette på andre felt. For fyrste gong bikka nettoen over 60 000 kr, takka vere ein god jobb av maaaange medlemar. 3

YMSE Elles har året gått på det jamne. Det vart arrangert VETERANTREFF i grendahuset 7.desember. Bra frammøte- 12 karar. Idrettslaget har selt lodd for Skiforbundet og vi har selt Årbøker for sogelaget 62 stk. Vi har delteke i arrangementa i regi av Lag på lag til inntekt for Velledalen Grendahus. Vi har støtta aksjonsgruppa som kjempar for utkantskulane med 3000 kroner, vi har gitt 10 000 kroner til den nye løypemaskina på fjellet. Til jul brukte vi om lag 2000 kroner til medlemspleie (blomar/julekort). Og vi har heidra jubilantar og kondolert ved gravferder. FILOSOFI Velledalen IL satsar bevisst på arrangement der ingen er ekskludert. Målet er å samle ungane, foreldra og besteforeldra på same arena (jmf. Romjulsmarsj, Førjulsmesse, Konradløp, Kakeetarfestival, Aktivitetsdag o.s.v.). Ingen kan seie anna enn at vi har klart det bra. Slagordet trim og trivsel dekkjer godt det vi driv med. Gruppene bør likevel arbeide for å stimulere den aktive idretten, og aller helst auke den. Ein auke her treng på ingen måte gå utover trim-og trivsel-arrangementa. For styret Atle Jomar Hole 4

ÅRSMELDING-FRIIDRETT 2005 MED I GRUPPA: Håkon Fedt, Odd Kåre Fet, Hans Olof Holmberg Heilt blank for aktivitet er slett ikkje friidrettsgruppa. Men der finst utan tvil potensiale til forbetringar. Gruppa sine aktivitetar har stort sett vore i samarbeid med andre. Vi nemner: Fire kveldar i lag med idrettsskulen. Her fekk dei prøve seg både på hopp,løp og kast Samarbeid med SIL Friidrett om ein terrengløpkarusell. Eitt av løpa vart avvikla i Velledalen med bra deltaking Arrangert Konradløpet i samarbeid med dei andre gruppene i idrettslaget Friidrettsgruppa deltok òg under aktivitetsdagen som vart avvikla tidleg på hausten 2005 Deltaking: Håkon Fedt deltok i Kjerringi i Leikanger i Sogn. Ei kraftprøve der deltakarane må gjennom fire greiner, telemark,langrenn, springing og sykling. Håkon Fedt vann klassa si - og Bruløpet (over Sykkylvsbrua) totalt - hausten 2005 Nils Terje Skylstad vann klassa si i Saudehornet opp i Ørsta Mange V.I.L-medlemar gjorde det skarpt i Konradløpet, vi nemner: Nils Skylstad nr.3 (17.24), Bastian Skogvold nr.9 (19.41), Håkon Fedt nr.11 (19.55), Ragnhild Fjærestad nr.12 (20.06), Kenneth Fet nr.13 (20.16), Per Gunnar Holmberg nr.19 (21.03), Petter Velle nr.25 (21.49) og Bastian Weiberg Aurdal nr.27 (22.23) Sverre Gunnar Brunstad har gjort det skarpt i lange løp. Mellom anna har han fullført fire maratonløp i 2005. Bestetida i 2005 sette han i Amsterdam med 2.49.02. Linnast var han i Drammen, der tida vart 2.56.54. Tre jenter frå Velledalen/Straumgjerde kvalifiserte seg til finalen i skulecupen i friidrett hausten 2005. Det var Erika Weiberg Aurdal (sprint), Berit Brunstad Emdal (lengde) og Hilde Riksheim Tandstad (lengde). Finalen går i Molde i mai 2006. Som ei direkte fylgje av dette er det no sett i gang friidrettstrening kvar måndag i Storhallen med Olav Strømme som instruktør. For friidrettsgruppa Atle Jomar Hole 5

ÅRSMELDING LANGRENN 2005 MED I GRUPPA: Pål Rune Fet, Magne Nilsen, Svein Nakken, Svein Hjorthol, Lars Inge Sæther. Vara: Bjørn Lade Velledalen IL var representert i langrennsporet både i lokale renn, i kretsrenn og større turrenn i 2005-sesongen. Kenneth Fet sesongdebuterte i KM i Sunnylven med ein fin 7.plass av 28 deltakarar. Ein må mest ti år tilbake i tid sist Velledalen IL var representert i KM med deltakarar under 15 år. Utover i sesongen viste han framgang nær sagt i kvart renn. Han deltok i Skålarennet, i kretsrenn i Søvikdalen, i Sykkylvssprinten i Ladalen og i Fjellsæterrunden. Eit av høgdepunkta for sesongen for Kenneth var ein suveren siger i Barnas Fjellsæterrunde. Han fresa gjennom den tre kilometer lange løypa rundt Sætrevatnet på 9.34. Nestemann hadde 11.11 I dette rennet kom 34 av 78 deltakarar frå Velledalen /Straumgjerde. Flott! Men elles var deltakinga heller laber frå laget vårt. Erlend Lade Sæther og Anette Fet var vel dei einaste som prøvde seg i kretsrenn. ARRANGEMENT: Som vanleg hadde laget vårt ansvaret for løypa under Fjellsæterrunden, Og som vanleg var det perfekte spor. I tillegg hadde vi ansvaret for P.R, og kiosksal på grendahuset saman med SIL og rydding etterpå. Og vi samla inn gåvepremiar. Velledalen IL arrangerte Bygdameisterskapet med brukbar deltaking. Klubbmeisterskap vart avvikla palmesundag med heller svak deltaking (knappe 15) Dårleg vêr og vanskeleg føre. Det vart arrangert lysløyperenn distanserenn - ved Grendahuset den 24. februar. 13 deltakarar. TRENING Det vart prøvt med trening både på barmark og snø dei gongane det var snø ved Grendahuset. Nokre deltok, men interessa for langrenn er diverre ikkje stor i dalen for tida. Då idrettsskulen skulle ha langrenn etter påske, møtte berre 2-3 stk fram. Med tanke på at det var kring 40 registrerte deltakarar i idrettsskulen fortel det det meste. Hausten 2005 vart det difor inga organisert trening. Dessutan har langrennsgruppa hatt visse bemanningsproblem. Gruppa håper på betre tider for idretten som gjennom dei siste 100 åra oftast har sett Velledalen Idrottslag på kartet. Nakken & Co Svein Arne Nakken har stort sett vore åleine om å representere laget på seniornivå, og det har han gjort godt. Han gjekk truleg sitt beste renn ever, då han fekk sjette beste tida totalt under Fjellsæterrunden (nr. 2 i klasse 35-39 år). Vidare gjorde han ein fin figur under turrennet Heiåna, Holmenkollmarsjen og ikkje minst Birkebeinaren der han greidde 6

merkekravet for niande gong. Vi kryssar fingrar og tær for at han tek sitt tiande i jubileumsåret. PS. Sjølv om det høyrer til i 2006 nemner vi det likevel. Laurdag 28 januar (på Svein Arne Nakken sin 40 års dag) fekk V.I.L den beste 100 års presangen vi kunne få. Då vart Kenneth Fet KM-vinnnar i klasse 14 år med tida 9.55 på 3,2 kilometer. Fem sekund før nummer to, ein strandar med mor frå Straumgjerde. Og det hende 30 år etter faren, Pål Rune, vart KM-vinnar i same klasse. Men der er ein viktig skilnad. I Pål si tid var Sunnmøre eigen skikrets, no er det fylkesskikrets. Dermed heng Kenneth sin prestasjon høgast, og vi applauderer for Kenneth: Best av 24 fjortenåringar i Møre og Romsdal fylke i langrenn klassisk stil i 2006. HURRA!! Og det i sitt fyrste renn for sesongen. For langrennsgruppa Atle Jomar Hole 7

This document was created with Win2PDF available at http://www.win2pdf.com. The unregistered version of Win2PDF is for evaluation or non-commercial use only. This page will not be added after purchasing Win2PDF.