Nordic Rutile AS DETALJREGULERINGSPLAN - ENGEBØ NOTAT - ORIENTERING OM ENDRINGAR I PLANEN Dato: 14.03.19 Versjon: 01 www.asplanviak.no
Innhald 1. Oversyn over endringane, hovudtrekk...2 2. Området ved fjorden og ved fylkesvegen...3 3. Serviceområdet på Engebøfjellet...5 4. Gråbergdeponiet...6 5. Dagbrotet og gruva...7 6. Parkbeltet/skjermsona (vegetasjonsskjerm) og endra vegføringar...8 INNLEIING Planen for Engebøfjellet, vedteken i 2011 og godkjend av departementet i 2015, legg til rette for mineralutvinning frå dagbrot og gruve med tilhøyrande sjødeponi, fabrikkområde, serviceområde, gråbergdeponi og vegar m.m. Plankartet (landdelen) er vist nedanfor. Landdelen av reguleringsplan for Engebøfjellet vedteken i 2011, godkjend i 2015 Det er no lagt fram ei detaljregulering for landdelen av reguleringsområdet for Engebøfjellet. Føremålet med detaljreguleringa er detaljering og noko justering av løysingane med utgangspunkt i som vart vedteken i 2011. Det vert m.a. endring av vegløysingar og trafikkmønster, noko endring av arealbruk og tilrettelegging for mellombels arealinngrep knytt til anleggsfasen og første driftsfase. I dette notatet vert det gjeve eit oversyn over skilnaden på dei to planane. Asplan Viak Leikanger 14.03.19 Nils Husabø side 1 av 8
1. Oversyn over endringane, hovudtrekk Plankart detaljregulering mars 2019. Løysinga frå planen for Engebøfjellet («plan 2011») er, der det er avvik, markert med tal og illusterande liner:veg = svart, stipla. Planlagd høgspentline i luftspenn = blå. Eks.høgspentline i luftspenn = mørk blå. Avgrensing massedeponi = raud, stipla. Nord er opp på kartet Arealet for massedeponiet vert litt redusert. Omfang i plan 2011 er vist med stipla raud line i illustrasjonen over, som elles viser hovudtrekka i dei endringane som detaljreguleringa gjev: 1 = sone for terrengavrunding og gjerde rundt dagbrotet (avrunding låg tidlegare inne i dagbrotområdet). 2 = Veg høgt i terrenget og eksponert mot Vevring vert lagd lågare og i tunnel inn i dagbrotet. 3 = Serviceområdet vert flytt austover, frå gult område (3) til lysegult. 4 = Det vert mellombels deponi i vestre del av massedeponiet. 5 = Vegen rundt og aust for Rusta vert flytt vestover og kjem i slyng vest for Rusta. 6 = Planlagd høgspentline i luft går ut og vert erstatta med jordkabel i trase langs driftsvegen. 7 = Endra tilkomst til driftstunnel 8 = Utretting av fylkesvegen 9 = Eksisterande luftspenn langs fjorden vert erstatta med jordkabel i Engebøtunnelen og vidare langs fylkesvegen. Detaljreguleringa opnar for at det kan førast vassleidning frå vest, for forsyning av gruva og industrianlegga - gjennom Engebøtunnelen eller i eige borehol på sida av og om lag parallelt med tunnelen. Vidareføring langs fylkesvegen. Areal for mellombels bruk er no markerte på plankartet. Anleggsarbeidet og delvis første del av driftsperioden føreset bruk av større areal enn dei regulerte permanente føremåla. Det vil verte behov for riggområde, tilkomstar, mellombels deponi og mellombels anleggsområde. T.d. krev side 2 av 8
veganlegg at ein i byggjeperioden nyttar areal langs vegen. Areal som er sett av til mellombels arealbruk skal tilstellast/tilplantast når den mellombels bruken er slutt. Arealbruken i serviceområdet på fjellet og i drifts- og industriområdet nede ved fjorden er no meir spesifisert gjennom reglar i føresegnene og noko detaljering av plankartet. Omsynssoner fareområde høgspent, stormflo og skred er tekne med på plankartet. Skredområda er ikkje tekne med på illustrasjonane i dette notatet. Endringar gjennom detaljreguleringa vert nedanfor omtala nærare for dei ulike delane av detaljreguleringsplanen. 2. Området ved fjorden og ved fylkesvegen Over: Området ved fjorden/fylkesvegen, utsnitt av reguleringsplan Engebøfjellet Over: Framlegg til detaljregulering av området ved fjorden/fylkesvegen (nord er opp på teikninga) Det er planlagt to driftstunnelar inn i gruva (stipla liner rett nord for fylkesvegen) Den austlegaste er dreia austover og tilkomstvegen er flytt (tunnelane hadde før felles tilkomstveg). Aust for dette er det sett av eit mindre areal for vassforsyningsanlegg (basseng/vasstank), BVF. side 3 av 8
Fylkesvegen vert flytt (utretting), og avkøyrsla for driftsvegen mot fjellet vert knytt direkte til fylkesvegen. Den planlagde (plan 2011) underkøyrsla under fylkesvegen går ut. Det er lagt inn skredvoll/sikringstiltak langs fylkesvegen. Det er og lagt inn betre avkøyrsle frå fylkesvegen til eigedom(ar) ved plangrensa i aust. Arealbruken i området nedom fylkesvegen er meir spesifisert enn i planen frå 2011. Det er sett av tomt for administrasjonsbygg, parkeringsanlegg, prosessområde og område for kommunalteknisk anlegg mm. Arealet for kai er utvida mot aust og omfattar no også den eksisterande mindre kaien. Aust for denne er det lagt til rette for oppfylling i bukta og opna for støttefylling i sjø (#3) innafor det tidlegare regulerte hamneområdet i sjø. Nedom er vist eit utsnitt av austleg del m.a. med tomt for administrasjonsbygg (BAA 1) Utsnitt: BAA1 og SPP er areal for administrasjonsbygning og parkering side 4 av 8
3. Serviceområdet på Engebøfjellet Over: Reguleringsplan Engebøfjellet (2011) - Serviceområdet - gult område til venstre (nord: opp på teikninga) Detaljregulering: Serviceområdet (Gult - BSM5) er flytt austover (nord: opp på teikninga) I planen for Engebøfjellet (plan 2011) låg serviceområdet heilt i vest og skulle byggjast opp til kt. 290 ved deponering av stein (gråberg). I detaljreguleringsplanen vert området flytt austover og kjem på eit lågare nivå kt. 263. Stipla areal langs sørsida av området er areal der terrenget skal takast ned (skjering). Vegen mellom serviceområdet og gruva (SKV) er tenkt plassert lenger nord enn i planen frå 2011. Der service-området låg i plan 2011, er det lagt inn eit grøntområde (#6) med opning for kortsiktig mellombels lagring av stein som skal nyttast til produksjon av mineral. Mellomlagringa vil gjelde i perioden det ikkje er lov å sprenge på våren som definert i utslippsløyvet pga. smoltutvandring og ev. andre kortsiktige behov i samband med gruvedrifta. side 5 av 8
. 4. Gråbergdeponiet Plankart Engebøfjellet (plan 2011) deponiområdet mm. (nord er opp på teikninga) Detaljregulering (nord er opp på teikninga) Deponiarealet er litt redusert i sør - langs vegen/serviceområdet og litt i aust (tilpassa eigedomsgrensa). Føresegnene opnar for steinknusing i deponiområdet produksjon av massar for sal, med tanke på best mogleg utnytting av steinressursane. Det er lagt inn mellombels deponiområde, skravert område #5 i vest for mellomlagring av stein (malm) på toppen av hovuddeponiet. I aust er det lagt inn mellombels riggområde #2 (for brakkeriggar m.m. knytt til anleggsperioden). side 6 av 8
5. Dagbrotet og gruva Over: Dagbrotet (mørk lilla) og gruva (stipla). Plan 2011. Over: Detaljregulering: Dagbrotet (lysebrunt) og gruva (gul/grønt), nord er opp på teikninga. For dagbrotet er det nye i detaljreguleringa at avrundinga mot kringliggjande terreng vert utafor det regulerte dagbrotområdet i skravert område på planutsnittet oppom. I dette området skal det og setjast opp sikringsgjerde. Gruva (området for underjordsdrift) vert no vist på same formelle plan kartet som resten av tiltaka. Arealføremålet for gruva er råstoffutvinning under bakken. Det er berre ei mindre utviding i høve til 2011-planen. Engebøtunnelen går gjennom området, og innafor ein sylinder med radius 50 meter og senter i midtlina i fylkesvegen rundt denne (rektangel til venstre på kartet), er det i utgagnspunktet ikkje høve til å ta ut steinmassar. Dette er ei presisering som er teke inn i detaljreguleringa. side 7 av 8
6. Parkbeltet/skjermsona (vegetasjonsskjerm) og endra vegføringar Over: Reguleringsplan Engebøfjellet (plan 2011), utsnitt av parksona med fylkesvegen og driftsveg. Dagbrotet er mørkt lilla område til venstre, og planlagd kraftline (luftspenn) stipla til høgre for det (nord er opp på teikninga). Framlegg til detaljregulering (nord er opp på teikninga) Driftsveg i aust vert flytt vest for Rusta. Driftsveg i vest mellom serviceområdet og dagbrotet kjem for ein stor del i tunnel så ein mest mogleg unngår eksponering mot Vevring. Kraftlina til Engebøfjellet vil ikkje lenger gå i luftspenn, men bli lagd i jordkabel i/nær driftsvegen. VAanlegg til fjellet (serviceområdet) vil og følgja ein slik trase. Mellombels deponiområde er nytt, men kjem i område som delvis er påverka av tidlegare gruvedrift med meir (skravert område i vegslyngen og heilt i aust). side 8 av 8