Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere seg opp ei meining om det kan vere artar og naturtypar i området som har verknad for forvaltinga. Når ein ser kva som er i desse databasane, må ein også ha klart for seg at desse databasane ikkje har meir innhald enn kva som er lagt inn i databasane. Ein asfaltert parkeringsplass og verdas flottaste slåttemark vil sjå like ut og vere heilt utan noko som helst i desse to databasane viss det ikkje er gjort undersøkingar. Underteikna har passert den aktuelle teigen 27.12.2015. Det blei ikkje gjort spesielle funn i området då. Arealet slik det ligg ser ikkje veldig interessant ut, og det som kan vere interessant må ein sjå etter på sommarstid. Det finst også ein observasjon gjort av Geir Gaarder i mai 1996. Observasjonen fortel om at det er eit visst potensial for interessante artar og naturtypar knytt til bekkedalen ovafor omsøkt dyrkingsområde, utan at ein kan konkludere noko meir. Eit stykke opp i lia på nordsida av nydyrkingsstykket er det gjort eit par funn av hasselrurlav. Det fortel normalt at det finst ein viss kontinuitet av hassel som kan vere interessant nok, men det er heilt uvisst kva utstrekning hasselførekomst med noko verdi kan ha i området. Dei observasjonane som låg på Artskart burde vere avklarande nok til at ein burde sjekke området nærare. Naturvernforbundet fann det difor nødvendig at det blir gjort undersøkingar i terrenget, då den kunnskapen som finst i databasane berre viser eit potensial og ingen avgrensingar. I utgangspunktet er det tiltakshavar som skal få ordna med at ein får undersøkt det som er nødvendig. Sidan det høvde for underteikna å gå ein slik tur likevel, er vel det meste av behovet dekt på den måten. Viss ikkje kommunen finn det nødvendig med ytterlegare undersøking, har Naturvernforbundet med dette spara tiltakshavar for ei rekning. Ved synfaring 16.7.2016 fekk ein stadfest at det aller meste av dyrkingsarealet ikkje har spesiell interesse. Det kan ha vore interessant biologisk mangfald då furuskogen sto her, men denne har nok i stor grad blitt borte med hogsten av furuskogen. I overkant av teigen såg ein over myra der gjerdet er plassert. Det er tale om fattigmyr, truleg ganske grunn. Myra har noko regulerande verknad med omsyn til vasshushalding/flaum. Adresse: v/øystein Folden, Rasta 4, 6630 Tingvoll
Det er langs bekken på sørsida at det er igjen biologisk mangfald av litt meir spesiell verdi. Øvst er det mest hasselskog, lenger ned kjem det inn meir gråor i tillegg. Omlag midt på er det elles fjell og små kløfter i sjølve bekkelaupet. Lengst ned blei det gjort eit funn av hasselrurlav (NT). Lokaliteten ligg slik til ved bekken at staden ikkje vil bli direkte råka av dyrking, men ytterlegare hogst kan verke negativt på denne arten. På fleire strekningar er det eit nivå omtrent jamt med bekken før det er ei skråning opp mot kanten av det som skal dyrkast. Sjølv om dette nivået er breiare enn dei 6 metrane som er omtala i nydyrkingsforskrifta, bør ein ikkje dyrke dette nivået. Det er tidlegare velta ned nokre røter i skråninga fleire stader. Ved vidare dyrking er det viktig at ein lar skogen langs bekken bli ståande. Skogen gir fukttilhøve som mellom anna gir vilkår for hasselrurlav. Det er vidare viktig at det ikkje blir velta meir av stubbar og stein nedover skråninga mot bekken, verken der det er kort veg frå dyrkaarealet og til bekken, og der det er litt flate på nivå med bekken. Desse krava vil truleg ikkje gripe mykje inn i dyrkingsplanane. Vi gjer elles merksam på at undersøkingane langs bekken ikkje er veldig grundige, sidan ein kan rekne med at området ikkje vil bli meir påverka enn det er i dag. Viss kommunen gir løyve til smalare buffersone/meir påverking, må området langs bekken undersøkjast nøyare, og då vil det vere nødvendig med spesiell kompetanse på lav og mose i oseanisk miljø. Det er i dag ikkje gjødselavrenning til bekken, utover det som skuldast beitinga. Det er viktig både for bekken og for vassdrag generelt at gjødselavrenning ikkje aukar. Vi foreslår difor at det i driftsplan for dette arealet blir lagt opp til gjødselplan slik at ein unngår å gjødsle dei tre siste metrane av dyrkamarka ut mot kanten til elva. Då vil grasvoksteren ut mot kanten ha verknad som ein buffer. Gjødsling etter 1. september vil også gi risiko for gjødselavrenning. Det vil sannsynlegvis vere positivt med storfebeiting i sjølve bekkedalen i den grad dyra vil gå der. Skogen langs bekken bør i stor grad få stelle seg sjølv. Om ein vil tynne langs enga, bør ein gjere dette over tid. Då vil ein unngå opptørking i skogen i bekkedalen. Alle observasjonane som er gjort er innlagt på www.artsobservasjoner.no og vil syne i Artskart. Oppsummering: - Dyrkingsarealet som til ein viss grad alt er dyrka er det ikkje noko til hinder for å overflatedyrke til beite. - Skogen langs bekken i sør har verdi, og dyrkingsgrensa mot bekken må vere meir enn 6 meter der det er eit nivå på høgde med bekken som er breiare. - Skogen langs bekken bør ikkje tynnast noko større. - Det bør ikkje deponerast røter eller stein ned mot bekken. - Grøfting av myra på oversida vil ha noko verknad for vasshushaldinga i området/langs vassdraget. - Avrenning av gjødsel til bekken må hindrast ved at det er ein 3 meter brei buffer ut mot engkanten som ikkje blir gjødsla direkte.
- Gjødsling etter 1. september skal ikkje førekome. - Beiting med storfe i bekkedalen er sannsynlegvis positivt. Med helsing Øystein Folden Leiar Kopi: Johannes Roaldset Figur 1. Biletet er tatt frå Vikavollbekken omlag der traktorvegen går inn på dyrkingsteigen. Foto 16.7.2016 Øystein Folden
Figur 2. Dyrkingsgrensa bør ikkje gå nærare bekken enn oppe på kanten heilt til høgre i biletet. Her er det ved tidlegare dyrkingsarbeid tippa røter ned skråninga. Det som ligg der vil ein gjere meir skade enn gagn med å fjerne, men det bør ikkje bli meir av røter og stein nedover skråningane mot bekken. Foto 16.7.2016 Øystein Folden
Figur 3. Eit lite parti der bekken passerer nokre små fjellskrentar. Foto 16.7.2016 Øystein Folden