ÅRSPLAN 2019/20 MAURTUÅ BARNEHAGE

Like dokumenter
ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE 2017/18 «SAMAN SET ME SPOR» TIME KOMMUNE: TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ÅRSPLAN FOR MAURTUÅ BARNEHAGE 2016/17 «SAMAN SET ME SPOR» TIME KOMMUNE

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Informasjonshefte Tuv barnehage

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Årsplan Gimsøy barnehage

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Du må tru det for å sjå det

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Blåbærskogen barnehage

Årsplan Lundedalen barnehage

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

1/2 ÅRSPLAN 2012 GRØNBERG BARNEHAGE

Plan for overgangar. for barn og unge

Årsplan Ballestad barnehage

Å fremje felles interesser til beste for barnet

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

Barnehagen sitt samfunnsmandat

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Å RSPLÅN. Treungen barnehage RELASJONAR

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Årsplan for de kommunale barnehagene i Nesset 2018/2019

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Innhaldsliste. 1. Presentasjon av barnehagen 1.1 Barnehagens visjon 1.2 Eigenart/profil

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Kvislabakken barnehage er et mangfoldig læringsverksted

LOFTHUS FAMILIE- BARNEHAGE

Frå barnehagebarn til skuleelev

AVDELING FOR OPPVEKST

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ÅRSPLAN FOR LØKEN BARNEHAGE 2019

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ÅRSPLAN 2017/2018 HARESTUA BARNEHAGE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsplan for Støtvigenga barnehage

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Fladbyseter barnehage 2015

Stokkalandsmarka barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

ÅRSPLAN FOR BARNAS HUS for barnehageåret 2010/2011

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Transkript:

ÅRSPLAN 2019/20 MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede TIME KOMMUNE: TRYGG OG FRAMTIDSRETTA Fleksibilitet respekt omsorg glede

Forord: Alle barnehagar arbeidar med utgangspunkt i Lov om barnehagar og forskrift om rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver. Barnehagane i Time skal skape kultur for og grunnlag for livslang læring. Rammeplanen for barnehagen pålegg alle barnehagar å laga ein årsplan som visar korleis rammeplanen og barnehagelova skal følgjast opp, dokumenterast og vurderast. Denne planen skal gi informasjon om korleis barnehagen vil arbeide med omsorg, oppdraging, likestilling og likeverd, livsmeistring og helse, og leik og læring. Årsplanens funksjon er: Arbeidsreiskap for barnehagepersonalet til å styra verksemda i ei ønska, bevisst og uttalt retning Utgangspunkt for foreldra til å kunna påverka innhaldet i barnehagen Grunnlag for kommunalt tilsyn Informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen til eigar, politikarar, kommune, samarbeidspartar og andre interesserte Som eit tillegg til årsplanen har me progresjonsplaner, verdidokument og det lages halvtårsplaner og månadsplanar avdelingsvis. Her går me meir i detaljer på arbeidet og følgjer opp med dokumentasjon. Dette finn du på barnehagens heimeside. https://www.minbarnehage.no/maurtua Prosess for utarbeiding av årsplan: Juni: Årsplanen fastsettes av barnehagens SU August/septe mber: Årsplanen vert lagt ut på barnehagens heimeside Mai: Ny årsplan vert laga ut frå foreldre- og personalevaluering Oktoberdesember: Barnehagen arbeider ut frå årsplanen Mars/april: Personalet evaluerer og vurderer innhald. Kva har vi fått til? Januar/februar: Foreldremedvirki ng. Innspel frå SU, foreldreråd, den enkelte føresette 2

Presentasjon av barnehagen: Maurtuå Barnehage opna i 1992 som ein privat andelsbarnehage. I august 2010 blei me kommunal. Barnehagen blei delvis renovert i 2016/2017 og våren 2019 fekk me heilt nytt uteområdet. Me har 3 avdelingar med 57 barn, inkludert heile og delte plasser. Me har i barnehageåret 2019/20 1 småbarnsavdeling for 1-2 åringar, ei avdeling for 2-3 åringar og ei avdeling for 4-5 åringar. Me har eit stabilt personalet, lågt sjukefråvær og medarbeiderundersøkingar visar at personalet trives. Våren 2018 blei me som den første barnehagen i Time kommune, Marte Meo barnehage. Alle fast tilsette er dermed blitt ein Marte Meo praktikar, og me har eigen Marte Meo terapeut. Du kan lesa meir om kva dette innebær på www.martemeo.com Sidan 2000 har me vært praksisbarnehage for studentar ved barnehagelærerutdanninga, UiS. Dette innebærer at det i løpet av våren og hausten, kjem studentar som er i praksis. Antall veker vil variere, alt etter kva årskull det er. Dagsrytme: 0700 Barnehagen opnar 0730 Frukost avdelingvis. 0900 Tur, aktivitetar, leik inne/ute. 1100 Samlingsstund avdelingsvis. 1115 Lunsj 1200 Aktiviteter, leik inne/ute, kvilestund 1400 Fruktmåltid. 1430 Leik inne og/eller ute. 1630 Barnehagen stenger. 3

Visjon til barnehagen: Saman set me spor Med det meinar me: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre. Me lærer og utviklar oss i eit samspel. Alle skal oppleve Maurtuå barnehage som ei god plass å være. Barna skal bli rusta til å ta gode val i livet. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra gje barna ei god plattform for vidare utvikling og læring. Når barn, foreldre og tilsette sluttar i Maurtuå, vil me at dei skal kunne sjå tilbake på åra i barnehagen som gode og lærerike, og at dei har mange opplevingar dei vil hugsa. Visjonen vår heng saman med våre 4 verdiar: Fleksibilitet Respekt. Omsorg Glede Verdidokumenta inneheld dokumentasjon over kva me meiner må ligge til grunn for eit godt barnehagetilbod, og rutinar for å ivareta kvaliteten på samspelet i barnehagen. Verdidokumenta finn du på heimesida vår: https://www.minbarnehage.no/dynamiccontent//documents/381-maurtua-verdidok- REDIGERT-2019-6b1ccb89-ccd9.pdf Grunntankar i vårt arbeid: I Maurtuå barnehage er det aktive og engasjerte vaksne som ser kvart barn som unikt og verdfullt. Me vil leggja til rette for ein innhaldsrik og stimulerande kvardag, saman med barn og foreldre. Det vil seie: Barn og foreldre får ein god og trygg start i barnehagen. Me gjev rom for gode opplevingar og læring i kvardagen. Me gjev kvart enkelt barn eit tilrettelagt barnehagetilbod. Me har gode markeringar av høgtider og merkedagar. Me har eit godt samarbeid med foreldra. Barnet er ein ressurs som vi skal ta på alvor. Dei vaksne er tydelege og bevisste si rolle og sitt ansvar. Me har ei halding om at jobben me gjer alltid er til barns beste. Vår visjon og våre verdiar dannar grunnlag for våre val og handlingar. 4

Visjon til Time Kommune: «Trygg og framtidsretta». I Maurtuå barnehage har me fylgjande mål knytt til denne visjonen. Trygg: Foreldra skal oppleva at det er trygt å ha barna sine i barnehagen. Alle skal bli møtt med forståing og respekt. Personalet skal vera tydelege på kva barnehagen står for og kva me vil foreldra skal bidra med. Barna er trygge og opplever barnehagen som ein god plass å vera. Personalet er trygge på rolla si og kompetansen sin slik at dei får brukt seg sjølv på ein god måte. Framtidsretta: Foreldra møter ein barnehage som er i utvikling og heile tida vil gjera det beste for deira barn. Barna får grunnleggjande basiskunnskap som gjer dei i stand til å meistra livet. Personalet opplever å vera ein del av ein lærande organisasjon. Kvalitetsplan for barnehagane 2017/2022. Trygg og framtidsretta Kvalitetsplanen for barnehagane er eit styringsverktøy som tydeleg definerer retning mot felles mål. Planen er utarbeida i ein prosess der styrarane i private og kommunale barnehagar i Time kommune har gitt tilbakemeldingar på fem utvalde fokusområde og problemstillingar knytta til desse. https://www.time.kommune.no/_f/p1/i199cd7bf-7b15-407e-9249-ef45d6a160f4/kvalitetsplan-forbarnehagane-2017-20221161454.pdf 1. Leik og læring 2. Språk og fleirkulturelt mangfald 3. Tidlig innsats 4. Barnehagen i informasjonssamfunnet 5. Leiing og samarbeid 5

Teieplikt og meldeplikt Alle som arbeider i barnehage har teieplikt i forhold til personlege forhold, og meldeplikt ved mistanke om mishandling, kjønnslemlesting og anna omsorgssvikt. Jf. Barnehagelova 20. Alle tilsette, studentar, vikarar osv. har oppstartssamtale med styrar. Her går dei blant anna gjennom kva teieplikt er, og konsekvensen ved brot på teieplikt, samt meldeplikt. Me har og fast del på planleggingsdagen i august for heile personalet om kva det inneber å ha teieplikt og meldeplikt, og kva konsekvensar det får, ved brot på teieplikta. Satsingsfelt for barnehageåret 2019/20: Hovedtema for barnehagane i Time kommune neste år er «BARNS TRIVSEL» med underpunkta inkludering, leik, læring og medverknad. Maurtuå barnehage skal i år ha «LIVSGLEDE» som hovudtema for barnehageåret. Me skal ta utgangspunkt i Maurtuå sine fire verdiar: Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede Psykisk helse og miljø skal væra med som viktig grunnpilarar gjennom arbeidet med alle dei fire verdiane. 6

Me vil i tillegg arbeidde ut frå fagområda, med ekstra fokus på eitt av områda for kvar månad. Aktivitetar, samlingar og turar vil bære preg av fagområdet. Hovudmål Sosial kompetanse Og våre verdiar Leik og læring Leselyst Delmål/tiltak Å vere anerkjennande er ei grunnhaldning hos den enkelte tilsette. Me har fokus på omsorg, empati og følelsar. Me har fokus på god folkeskikk. Me er trygge og tydelege i møte med barna. Me ser kvart enkelt barn. Me har fokus på å glede andre. Me har respekt for at me er ulike. Me deler barna i stabile leikegrupper. Dei vaksne er medviten til si rolle i høve til leiken. Det fysiske miljøet er tilrettelagt slik at barna kan ta eigne val og med gode leikekroker. Me er medvitne om kva leiker me har, og byttar/lånar avdelingar seg i mellom. Barna har god tid til spontan leik. Me er medvitne på - og legg til rette for læring både gjennom spontan og planlagt leik. Me badar barna i språk (bøker, songar, rim/regler, samtale, leik med språket, bokstavar m.m.) Me har TRAS kartlegging av alle barn 1 gong i året. Me har språkgrupper for barn som treng ekstra språkstimulering. Eige bibliotek med mulighet for å låne med bøker heim. Me har månadens song og regle. Tidleg innsats. Fysisk aktivitet, psykisk helse og kosthald. Me er ein lærande organisasjon. Barn får rett hjelp tidleg. Me har oppstartssamtale med alle nye foreldre. Me gjev barna allsidige erfaringar som fremmar livslang læring. Me har eit godt samarbeid med skulane for å få til ein god overgang frå barnehage til skule. Me har eit tett samarbeid med andre faginstansar som barnevern, helsesyster og PPteneste. Kvart barn nyttar skogen; minst ein gong per veke. Kvart barn deltek i gymnastikkaktivitetar, spontant og i planlagde opplegg. Me har tur- og gymnastikkutstyr som stimulerer til variert fysisk aktivitet. Vaksne skal være gode rollemodellar og oppmuntra barn til at dei får meistringsopplevingar. Me har fokus på menneskekroppen og betydinga av gode vaner og godt kosthald. Me har god veksling mellom aktivitet og kvile. Me har fruktmåltid kvar dag. Kvalitetsvurdering kvart år gjev oss ei rettesnor for arbeidet vidare. Me fylgjer aktivt med og deltek i den pedagogiske debatten. Me er alle viktige, men har ulike funksjoner i vår lærande organisasjon. Me er løysningsfokusert. Me har kultur for refleksjon i kvardagen ved å bruka praksisforteljingar. Me dokumenterer for å synliggjera det som skjer i kvardagen. 7

Trafikksikkerthet: Gjennom trafikkopplæringa i barnehagen vil ha fokus på å lære trafikkreglane, lære barna å bruke sansene i trafikken og me vil lære barna at det er viktig å bruke bilbelte, sykkelhjelm og refleks. Me har eigne rutinar for å ivareta tryggleiken på tur og tilsette i barnehagen kjenner til rutinane for uventa faresituasjoner og hendingar på tur. Barnehagen har rutinar for å ivareta tryggleiken til barna på parkeringsplassen og porten. Dette blir gjennomgått med alle tilsett, samt nye foreldre. Korleis arbeider barnehagen med inkludering og likeverd? Barnehagen skal gjenspeile mangfaldet i samfunnet i forhold til funksjonsnivå, alder, kjønn, kultur, språk og familiebakgrunn. Rammeplanen er tydeleg på at barnehagen skal være eit inkluderande fellesskap med plass til det enkelte barn. Personalet har ansvar for at alle barn får oppleve at dei sjølv og alle andre i gruppa, er betydningsfulle personar for fellesskapet. Personal: - Rullerer på avdelingar. Blir inkludert i ulike miljø og at det ikkje dannas subkulturar. - Trivselsreglar for personalet. - Eige verdidokument for personalet. - Rutinar for nytilsette for at dei skal bli inkluderte i personalgruppa. - Fokus på eit godt arbeidsmiljø og nærværsarbeid. - Sosiale samankomster utanom arbeidstida. Foreldre: - Eige verdidokument for korleis me skal møta foreldra. - Oppstartssamtale med alle nye foreldre. - Eige foreldremøte på våren for nye foreldre. - Tilstelningar kor me inviterar foreldre. Barn: - Kvart enkelt barn skal bli sett og få kjenne på at vi vil dei vel og setter pris på dei. - Tydelige vaksne på korleis me skal ha det i vår barnehage, og det skaper ei forståing av at alle er like mye verdt. - Primærkontakt. - Verdidokument for barna. Her beskriv me korleis me skal visa barna respekt for barna. - COS Me har brukt eit barnehageår, der me har hatt COS kurs. Dette har ført til at personalet har fått økt forståing for korleis ein skal møte barna og forstå barns følelsar og behov. Få til eit bedre samspel med barna, og sjå oss sjølv utanfrå. - Marte Meo rettleiing med fokus på barn som fell utanfor i leiken, korleis personalet kan tilretteleggje for at desse barn og skal bli inkludert meir i leiken. 8

Inkludering av frammandspråklige: - Tolk - Heimesida med moglegheit for oversetting til deira språk - Tettare/jevnleg dialog med framandspråklige foreldre. Korleis arbeider barnehagen med likestilling? Barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape eit likestilt samfunn. Gutar og jenter skal ha like muligheiter til å bli sett og høyrt, og oppmuntras til å delta i alle aktiviteter i barnehagen. Barnehagens materiell og utstyr må stimulere til allsidig leik. Me skal leggja til rette for at barn kan opparbeide mot og sjølvtillit til å være seg sjølv og velja fritt ut frå kven de er, meir enn de forventningar som ligger i kjønnsrollene. Plan for å førebyggja mobbing: - Me har utarbeida eigen tiltaksplan mot mobbing. Planen seiar noko om kva mobbing er, og kva me vaksne skal sjå etter. Her er det og handlingsplaner for korleis ein skal gå fram dersom ein ser at mobbing skjer i barnehagen. http://www.minbarnehage.no/dynamiccontent//documents/381-ece25884-31cb-4fdab304-38b53ecf15bf.pdf - Jobbe med vennskap. Ha rutinar som gjør at de vaksne legger merke til om nokon ikkje har nokon å leike med. - Lære barna enkel konfliktløysning gjennom å være gode rollemodeller. Ikkje være opptatt av å fordele skyld, men av å finne en løysning. - Har hatt kurs for personalet med tema vennskap. Alle barn har ein primærkontakt i barnehagen. Ved at ein vaksen har et spesielt ansvar i forhold til ei gruppe barn, sikrar man at enkeltbarnet blir sett i kvardagen. 9

Markering av religiøse høgtider, merkedagar: Me har plan for alle høgtider og merkedagar. Her står det korleis me skal feira/markere dagar og høgtider. Me er medvitne på at religiøse markeringer er fri for forkynning, men at me skal formidla. Alle merkedagar blir evaluert, der me nyttar kvalitetskrysset. Danning- gjennom omsorg, leik og læring Barnehagen skal i samarbeid og i nær forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Samhandling mellom barn og vaksne i leik og læring er ein føresetnad for danninga. Danning er ein livslang prosess som blant anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og væremåte. Danning skjer i samspel med andre og er heilt nødvendig for å vær ein del av eit større fellesskap. Gjennom gode danningsprosessar blir barnet i stand til å handtere livet. Det skjer ved at dei utviklar evna til å vera prøvande og nysgjerrig til omverda, og evna til å sjå seg sjølve som et verdifullt medlem av et større fellesskap. Barn må få utfordingar, utvikle kunnskapar og ferdigheter, og få støtte for å handle omsorgsfullt og gjera etisk begrunna val. Tryggleik og omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barnet, og barnas omsorg for kvarandre. Det å gje og ta imot omsorg er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse. Alt barna opplevar og erfarer i barnehagen skal ha eit utgangspunkt i en omsorgsfull relasjon der den vaksne ser og ivareta barnet. Barna skal møte trygge vaksne som viser engasjement og glede. Gode relasjonar gjer barna trygge og robuste som får ei betre utvikling, læring og mindre åtferdsproblem seinare i livet. Dette står det meir om i våre verdidokument. Trygghetssirkelen beskriv den «normale» sirkelen barnet beveger seg på heile tida. Barnet har behov for å veta at den vaksne er der. Når dei har nok «påfyll» beveger dei seg ut på sirkelen for å utforske verda. Dei treng å veta at me er der når dei utforskar, den vaksne må visa at «det er i orden for meg at du utforskar». 10

Når eit barn skal byrja i barnehage, må ein bryte litt opp trygghetssirkelen. Dei skal leverast til nokon som dei ikkje kjenner. Dette kan vera vanskeleg og kjennast unaturleg for mange foreldre. Mange er redde for at barnehagen ikkje skal forstå kva barnet treng, og at dei ikkje skal bli tatt vare på så godt heime. Barnet skal inn i ein annan kvardag, være saman med andre barn og bli kjent med nye vaksne. Dei vaksne i barnehagen skal være omsorgspersonar som skal hjelpe barna i alle deler av barnehagekvardagen. I barnehagen ser me, at jo meir tryggleik foreldra klarer å få omkring barnehagen, jo lettare går oppstarting. Vi veit at foreldra er forskjellige og alle barn er forskjellige. Me ynskjer at de skal stola på at me ynskjer det beste for ditt barn. Gjer du det, vil du formidle dette til barnet ditt som raskare vert trygg i barnehagen. 11

Leiken har ein sentral plass i barnehagen. Den er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barnet kan uttrykkje seg gjennom. Å få delta i leiken og å ha venner, er grunnlaget for tryggleiken og trivselen. Det er me vaksne som har ansvaret for å skape eit godt og inkluderande leikemiljø for alle barna. I leiken får barna : Utvikle venskap Språk og sosiale ferdigheter Stimulere fantasi og kreativitet Friplass kor det umoglege vert muleg Oppleve humor og glede. Rolleleiken er en viktig arena for å fremme ei god språkutvikling og leggjer grunnlaget for ein god sosial kompetanse. Barnehagen skal leggja til rette for variert leik som gir muligheit for læring, gode opplevingar, glede og meistring. For oss er det viktig å ta vare på all leik, også den som skjer på stellerommet, i samlingsstund, rundt bordet under måltidet osv. Denne typen leik gir også god læring. På stellebordet lærer dei minste mykje om turtaking med at den vaksne til dømes seier bø-tittei, så gjer barnet det same. Læring føregår i det daglege samspelet med andre. Vi skal støtte og stimulere barna sin nysgjerrighet. Vi skal gje dei varierte opplevingar og kunnskap, og materiale som gjev utvikling. Nokon aktivitetar i barnehagen planleggast av personalet i forkant, dette er formell læring. Andre læringssituasjonar, uformell læring, er de som bare oppstår her og nå, fordi barna er opptatt av noe. Begge situasjonane har en pedagogisk hensikt og er like viktige for barns læring. Vaksne som rollemodellar «Barna gjer det vaksne gjer, ikkje det me seiar» I våre verdidokument står det konkret korleis ein skal være i lag med barn, foreldre og kollegaer. Dette gjer det trygt for nytt personalet og andre, å veta kva som forventas av dei. 12

Barns medverknad: MÅL: Barn har rett til å uttrykke seg og påverke alle sider ved sitt liv i barnehagen. Barn har rett til medvirkning tilpassa barnets alder og forutsetningar. Jf. barnehagelova 1. 2.ledd Me vil: Ta barna sine innspel og synspunkt på alvor, lytta til det barna seier og snakka saman om korleis vi kan gjennomføra ynskja deira. Observera barna og sjå kva interesser og sterke sider dei har. Nytta dette når vi planlegg tema og aktivitetar. Evaluera jamleg for å sikra at alle sin stemme vert høyrt. Ikkje bare dei som snakkar mest og høgast. Ha god dialog med foreldra Ha barnesamtaler kor me nyttar fuelboks. Tilvenning av nye barn: Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knytta seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den fyrste tida slik at barnet kan oppleve tilhørighet og trygghet til å leke, utforske og lære. Mål: - Sikra mest mogleg tryggleik for ban og foreldre/føresette. - Gje eit positivt inntrykk av barnehagen. Tid Tiltak Deltakare Ansvar Før oppstart i august April-mai-juni Informasjonsbrev til foreldre/føresette Foreldremøte/temakvel d Oppstartssamtale Besøk i barnehagen Foreldre/føresette, personale frå barnehagen Barn og foreldre/føresette Oppstart i august Tilpassa tilvenning Eigen plan for oppstart Foreldresamtale Barnehagen har faste rutinar Foreldremøte/temakvel d Kontaktperson i barnehagen og foreldre/føresette Foreldre/føresette og kontaktperson (tilknytningsperson) i barnehagen Styrar Styrar Pedagogisk leiar Styrar/pedagogisk leiar Pedagogisk leiar Styrar ped.leiar 13

Interne overgangar i barnehagen: Me har samarbeid på tvers av avdelingane gjennom heile året, men ekstra mykje på vår og sommar, slik at barna skal bli kjende med personalet og romma på ny avdeling. Pedagogar overfører informasjon om kvart enkelt barn til ny pedagog (som er kontaktperson). Fokus den første månaden vil vera tid og rom til å bli kjende med barna og personalet når de bytter barnegruppe. Innarbeida rutinar og reglar på ny avdeling og laga gode fellesskapsaktivitetar. Overgang barnehage skule: Overgangsprosessar er sårbare og kan støtta eller svekka eit barn si utvikling, sjølvbilete og livskompetanse. Hovudmålet med føringar for overgangar er å gjera overgangane så trygge som mogleg, samt å sikra kontinuitet og heilskap i utdanningsløpet. Mål: - Barna kjem til ein skule som dei kjenner og som kjenner dei. - Det er heilskap mellom barnehage og skule/sfo. - Informasjon og barnet vert vidareført. Forskingsresultat frå USA meiner å kunna påvisa at overgangen frå barnehage til skule er viktig fordi han kan leggja føringar for heile skulegangen, for sjølvbiletet og for seinare livskompetanse. (Pianta & Kraft Sayre 2003, Løge et.al. 2003) Hovudansvaret for samarbeidet om overgangar 0-16 ligg hos styrar og rektor. Pedagogiske leiarar, kontaktlærarar, leiar i SFO og avdelingsleiarar er viktige partar for vidare oppfølging. Tid Tiltak Deltakare Ansvar Oktober Innhente samtykke frå foreldre/føresette om overføring av informasjon til skulen. Skulane får liste med oversikt over nye barn innan utgangen av oktober. Foreldre/føresette og pedagogisk leiar November- januar Våren før skulestart Møte mellom skule og barnehagar i samarbeidsområdet. Gjennomgang av barneliste. Gjennomgang av lokal plan for overgang. Foreldremøte. Registrering av nye barn til skulen. 5 åringane vitjar skulen etter oppsett plan. Rektor og styrar i aktuelle barnehagar. Foreldre/føresette, rektor, inspektør og SFO leiar. Barn og personale i barnehagen Styrar Kommunalsjef Rektor Rektor Styrar/rektor 14

April Foreldresamtale i barnehagen med fokus på skulestart. Overføringsamtalar. Skjema blir brukt. Foreldre/føresette og pedagogisk leiar Mai Kontaktlærarar og pedagogiske leiarar. Mai/juni Besøk på skulen. Barn og kontaktlærarar Mai/juni Foreldremøte Foreldre/føresette, kontaktlærarar. Pedagogisk leiar Styrar/rektor Rektor Rektor Time kommune har ein felles plan for overgangar, den ligg på heimesida til kommunen. https://www.time.kommune.no/_f/p1/ief7ecf54-4ccc-4bf6-ac05-5bccb5b33817/overgangsplan-0-16-ar.pdf 15

Fagområda som me planlegg vårt arbeid ut frå: Målsetting for arbeidet med fagområda er at alle barn skal erfare og lære gjennom vektlegging av fagområda i formelle og uformelle situasjonar i kvardagen. Rammeplanen held fram 7 fagområde som alle skal vektleggjast i arbeidet med alle barn i barnehagen. Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, rørsle, mat og helse. Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknologi Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Mengd, rom og form I Maurtuå barnehage vil me vektleggje å nå alle fagområda. Fagområda er i lag med våre verdier utgangspunkt for når me planlegg turar, samlingsstund, aktivitetar og liknande. Sjå månadsplaner for meir detaljerte planar. Me ha eiget erfaringshjul for rammeplanens fagområder: Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det enkelte barn, samtidig som omsynet til fellesskapet ivaretas. Barnehagen skal sikre barn under opplæringspliktig alder et oppvekstmiljø som både gir utfordringar som er tilpassa barnets alder og funksjonsnivå og trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkningar. Barnehagen skal styrke barns muligheiter for læring og aktiv deltaking i et fellesskap med jamnaldrande. Barnehagen skal ha de fysiske, sosiale og kulturelle kvaliteter som til einkvar tid er i samsvar med eksisterande kunnskap og innsikt om barndom og barns behov. I løpet av tida barna går i barnehagen skal barna oppleve mestring. Barn skal få oppgåver og opplevingar som gir de muligheit til å lære nye ting og få god sjølvfølelse. Personalet i barnehagen må leggja tilrette for at barna skal finne en balanse mellom det å oppleve mestring og å kunne strekke seg etter nye mål. Vi har satt opp en oversikt over fagområda frå rammeplan, og det barna skal oppleve og få erfaringar med i barnehagen i de ulike aldersgruppene. Barn lærer ulikt og de har ulike erfaringar med seg, slik at aldersinndelinga er fleksibel. Mykje læring skjer gjennom kvardagsaktivitetar, annen læring skjer i planlagde, tilrettelagte aktiviteter https://www.minbarnehage.no/dynamiccontent//documents/381-25c428a1-1291-42f8-ae8ca78b6885e661.pdf 16

Det er naturleg at det vert vektlagt fleire område inn i tema og opplegg samtidig. Barnas eigne interesser skal vektleggjast for å kunne imøtekoma barnas medverknad og motivasjon for å lære. 17

Kva skjer i barnehagen? Månad September Omsorg Oktober Omsorg November Glede Kva skjer? 20. Potetfestival 23. FN-kaffe. 15. Planleggingsdag 19. Språktivoli. Desember Glede Januar Glede Februar Fleksibilitet Mars Fleksibilitet April Respekt Mai Respekt Juni Respekt 13. Luciafeiring 17. Nissefest. Veke 49-51: Juleverksted 14.Mattetivoli 6. Samefolkets dag 18.Plandag 21. Karneval. 11.Besteforeldrekaffi 16. Barnehagedagen 18. Livsgledesløyfe. 1. Påskefrukost 3. Påskefest. 14.Plandag 5.Eksperimentdag 15. Me øve på å gå i tog. 22. plandag Besøk til skulen for skulebarna Maurtuåfestival Besøk til skulen for skulebarna 18

SAMARBEID MELLEOM HEIMEN OG BARNEHAGEN: Foreldresamarbeid Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremma læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Jf. Barnehagelova 1. For å sikra samarbeid med barnas heim og foreldremedvirkning, må kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samaerbeidsutval. Jf. Barnehagelova 4. Barnehagen skal væra eit kompletterande miljø til heimen. Forståing og samarbeid er to sentrale begrep som skal dekka ulike sider ved kontakten mellom barnehage og heim. Foreldreråd Foreldrerådet består av foreldra/dei føresette til alle barn og skal fremma deira felles interesser og sjå til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet samle seg 1-2 gangar pr år på foreldremøte. Foreldrerådet skal bl.a. velje foreldrerepresentantane som skal sitta i Samarbeidsutval og Arbeidsutvalet i barnehagen. Samarbeidsutval (SU) består av: To foreldrerepresentantar med ein vara valt av foreldrerådet, som sit minst eit år av gangen. To tilsett representant valt av personalgruppa. Ein eigar representant (Time kommune) Styrar i barnehagen har møte-,tale- og forslagsrett samt informasjonsplikt i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv Møte 2-3 gonger i året. Samarbeidsutvalet sine oppgåver Vare eit rådgjevande,- kontaktskapande og samordnande organ for foreldre, personalet og barnehagen. Skal godkjenne og komme med innspel til barnehagen sin årsplan som utarbeidast av barnehagen sin styrar i samråd med dei tilsette. Sjå til at barnehagen drivast innanfor ramma av barnehagelova, vedtekter og budsjett. Styraren skal sørgja for at saker som er viktige leggast fram for samarbeidsutvalet og foreldrerådet. Arbeidsutvalet (AU) består av: Fire-fem foreldre valt av foreldrerådet. Det skal være minst ein representant frå kvar avdeling som sit minst eit år av gangen. Arbeidsutvalet sine oppgåver: AU skal fremme felles interesser til foreldra og bidra til samarbeid mellom barnehage og foreldregruppa for å skape eit godt barnehagemiljø AU har rett til å utale seg om saker som er viktige for foreldras forhold til barnehagen. AU skal være med å drøfte barnehagens ideelle grunnlag og arbeide for å fremma kontakt mellom barnehage og lokalsamfunn. AU har møter ca 2-3 gonger i året. 19

Me oppfordrar foreldra til å nytta seg av denne moglegheita. Det er eit godt fora til å få være med å prega barnehagekvardagen. Foreldresamtaler: Alle foreldre får tilbod om 2 foreldresamtaler pr. barnehageår. Er det behov for fleire samtaler, tek foreldra kontakt med ped.leiar. Foreldremøter Me har eit foreldremøte for nye foreldre i mai/juni. Dette er eit informasjonsmøte. I september/oktober har me foreldremøte for alle foreldre. Her har me litt info, samt eit foredrag med tema som opptek foreldra. Anna kvart år er det felles foreldremøte for alle barnehager i kommune, både kommunale og private. Då leier me inn dyktige foredragshaldarar som snakker om tema som engasjerer foreldregruppa. Brukarundersøking: Time Kommune gjennomfører ein brukarundersøking blant foreldra, anna kvart år. Me hadde i 2016 ein svarprosent på 92 %, og i 2018 ein svarprosent på 86 %, noko me sjølvsagt er svært glade for. Brukarundersøkinga visar at me har fornøyde foreldre. Brukarundersøkinga blir gjennomgått av styrar og kommunen i etterkant, samt styrar og personalet. Foreldresamarbeid: MÅL: Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter i nær forståing og samarbeid med heimen. Kva Del mål. Gjennomføring Dokument asjon Vurderer Oppstart samtale. -Få ein god overgang -Forståing og samarbeid - Drøfte med foreldra kva dei ønskjer å medverke i, og korleis. - Kva er viktig for det enkelte barn. - Mål for individuell Oppfølging Barnemappa. Pedagogisk leiar Styrar Bringe og hente situasjonen - Forståing og samarbeid. - Gjensidig respekt - Openheit og tillit. - Lytte og vise innsikt. - Regelmessig kontakt der ein utvekslar - Vi er tilgjengelege og imøtekommande med barn og foreldre i hente og bringesituasjonen. Vi høyrer på foreldre og barn og samarbeider godt. Vi legg vekt på gjensidig tillit. - Registrere barnet. Foreldresamtalar Foreldre Pedagogisk leiar. Assistentar Styrar 20

informasjon Samarbeids utval (SU) -Medverknad og innsyn. - Godkjenne årsplan. - Drøfte høyringar og praktisering av verdigrunnlag. - Info om dagleg drift og økonomi. Saksmappe Samarbeids utvalet og styrar. Foreldreråd (AU) - Reell medverknad - Barnehagen er open for kva foreldra ventar og ynskjer. - Drøfte praktisering av verdigrunnlag. - Samtale og synspunkt kjem fram. - Gruppearbeid. - Ulike metodar blir nytta. - Lage plan for heim /bhg samarbeid. Foreldremøte. Saksmapper Styrar Foreldresamtalar - Skape godt grunnlag for tryggleik, utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. - Minst 2 samtalar pr. år. I tillegg ved behov. - Trivsel / utviking til barnet og den pedagogiske drifta skal drøftas. - Rettleiing når det gjeld omsorg og oppdragar oppgåver - Info. om hjelpeinstansar. - Individuell opplæring. - Det skal lagast ein utviklingsplan for barnet. (den skal evaluerast ved kvar samtale).i denne planen samarbeider ein om mål til barnet. Barnemapper Pedagogisk leiar Personale. Styrar Anna samarbeid - Gje tidlig informasjon slik at ein kan medvirke. - Lage treffpunkt for foreldra og barnehagen. - Via heimesida - Foreldrekaffi, påskefrukost og andre tilstelningar. AU Styrar Pedagogisk leiar 21

Planlegging, dokumentasjon og vurdering Barnehagen er ein pedagogisk virksomhet som skal planleggjast, dokumentarast og vurderast. Den enkelte barnehage står fritt til å velja metodar og omfang ut frå lokale forutsetningar og behov. Det bør leggjast tilrette for brei medvirkning frå barn, foreldre, barnehagens personale og eigar. Jf. Rammeplan kap.7 Planlegging: Me har 5 planleggingsdagar i året kor alle tilsette er med. To av desse er i lag med andre barnehagar i kommunen. Me har og ca eit personalmøte i månaden. Alle ped.leiarar har fast tid til for og etterarbeid. Plantid til andre i personalgruppa kan bli gitt, etter avtale med næraste leiar. Alle avdelingar har avdelingsmøte kvar tredje veke, på ca 1 time. Det blir halde pedagogisk leiarmøte og assistentmøte jevnleg. Dokumentasjon Dokumentasjon er å synleggjera med det formål å dele det med andre. Det handlar om å synleggjer det daglege innhald, kva barna seiar, tenker eller gjer (pedagogiske prosesser). Ved å visualisere barnas arbeid for barna sjølv, skapas grunnlag for refleksjon. Me viser barna at det dei gjer er meiningsfylt. Dokumentasjon dannar utgangspunkt for drøftingar av nye planer og utvikling av barnehagen. Den skal bidra til kontinuerlig refleksjon over vårt arbeid med barna. Gjennom dokumentasjon formidlar me informasjon om kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Me dokumentere gjennom: Heimesida vår Månadsplanar Det barnet skaper i barnehagen Vurdering: Me nyttar kvalitetskrysset for evaluering og refleksjon. Kva er bra? Kvifor er det bra? Kva kan bli bedre? Korleis? Hensikten med evalueringa er å få fram kva som var bra og kvifor det var bra. Me vil og reflektera kring kva som kan bli bedre og korleis me kan bedre det. Me nyttar kvalitetskrysset me når me evaluerer i barnehagen. 22

Andre samarbeidspartnarar: For å kunna gje eit mest mogleg heilheitleg tilbod til barn og foreldre må barnehagen samarbeida med andre tenester, institusjonar og hjelpeinstansar. Tverrfaglegheit og heilskapleg tenking må stå sentralt i arbeidet. Samarbeid med tenesteområde oppvekst (andre barnehagar) Me har eit tett samarbeid med kommunalsjef og fagstab oppvekst. Styrar deltek på alle styrar og leiarsamlingar i regi av oppvekst. Ressursteam Ressursteam er ei tverrfagleg gruppe der helsesyster, PPT, barnevern og 1-2 representant frå barnehagen møter. Gruppa kan drøfte og sette i gang tiltak kring barn og familie. Alle representantane kan melde saker. Barnehagen må be foreldra om løyve for at deira barn kan verte drøfta i ressursteam. Foreldra skal få tilbod om å være til stades når saka deira vert handsama. Foreldra har og rett på innsyn i saker som gjeld eigne barn. Samarbeid med PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) i Time kommune. Ein av dei tilsette ved PPT er nokre dagar i året i barnehagen. Målet er å kunne gje råd om generelle samspelsutfordringar og i høve til barna si utvikling. I tillegg kan vi og nytta dei til observasjon av spesifikke utfordringar hjå enkeltbarn. I slike tilfelle vert og foreldra informert. I samarbeid med foreldre hender det og at vi gjev saka til PPT for nærare utredning og oppfølging. Samarbeid med skulen På våren har me, i samråd med foreldra, ein overgangssamtale med skulen. Målet er gje viktig informasjon til skulen, slik at dei kan vere forberedt og sette saman gode grupper og at overgangen skal bli best mogleg for barnet. Me har ein besøksdag i mai, der barna får besøka skulen. Me går og på fleire besøk til skulen, slik at barna kan bli kjent med skulevegen og uteområdet. Barnehagen er med på eit samarbeidsprosjekt skule-barnehage som heiter SAMBA. Barnehagen har i lag med skulen ein eigen SAMBAplan som me evaluerer kvar haust. UiS Me er praksisbarnehage for Universitetet i Stavanger. Difor har me barnehagelærerstudentar hos oss i fleire periodar utover året. Dette er svært lærerikt for oss. Studentane får karakteren bestått/ikkje bestått i praksisperioden sin i barnehagen. Me har 3 praksislærarar i barnehagen, ein på kvar avdeling. 23

Kontaktinformasjon Maurtuå Barnehage Postboks 38 4349 Bryne Tlf styrar 5177 8310 Mobil styrar: 975 88 284 Blå avdeling: 907 49 966 Rød avdeling: 907 53 524 Blå avdeling: 906 91 165 www.minbarnehage.no/maurtua facebook: Maurtuå barnehage 2019/20 e-post: marianne.byberg@time.kommune.no Time kommune P.b.38, 4349 Bryne tlf 51 77 60 00 fax 51 48 15 00 e-post: postmottak@time.kommune.no www.time.kommune.no 24