Møteinnkalling. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Kompetansealliansen Møre og Romsdal

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Omstillingsprogram for petroleumsrelatert leverandørindustri

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

DIALOGMØTE. Vegard Iversen Fylkesdirektør for utdanning

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Søknader til Omstillingsprogrammet for petroleumsrelatert leverandørindustri, andre utlysning

2014/

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Samsvar mellom behov og yrkesvalg? Are Turmo, kompetansedirektør, NHO

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Næringsreisa Behov for faglært arbeidskraft og lærlingar i framtida. Innlegg ved leiar i fagopplæringsnemnda Nils P Støyva.

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

UngData Orientering om arbeidet med UngData, ved avdelingsleiar Rita Valkvæ, Kompetansesenter Rus Midt-Norge

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Fremtidige kompetansebehov med vekt på Agder

Frå busett til sysselsett

Avdeling for regional planlegging

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

2. Oppsummering av innspill Personene: Kompetansealliansen Møre og Romsdal. Sted/dato: Personalledersamling KS, 13.juni 2019

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 6/2015

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

c. strategiar for korleis næringslivet kan få auke tilgang til den kunnskapsutviklinga som skjer i forskings- og utdanningsmiljøa.

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Om Fylkesprognoser.no

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Ungdomstrinnsatsinga

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Utviklingstrekk Fræna kommune

Møtereferat frå HSAMU

Korleis oppretthalde regional konkurransekraft?

En utvikling på høgskolenes premisser?

Høyring NOU 2019:12 - Lærekraftig utvikling - Livslang læring for omstilling og konkurranseevne

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Lønnsundersøkinga for 2014

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Regionale effektar av Mørebyane som mellomstore byar. Professor Jørgen Amdam Høgskulen i Volda

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Byen som motor i den regionale utviklinga. Nasjonal nettverkssamling for regional planlegging, , Kjersti Hasselø

Arbeidsmarkedet nå april 2007

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset, Molde Dato: 29.08.2019 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik, tlf 712 80157 eller politikk@mrfylke.no, som kallar inn varamedlem. Varamedlemer møter difor berre etter eiga innkalling. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Grunn til forfallet skal difor opplysast. Den som ønskjer å stille spørsmål om sin habilitet i ei sak jf. forvaltningslova 6 og kommunelova 40 nr. 3 skal melde inn dette til utvalsekretæren eller juridisk avdeling i god tid før møtet. Dette også grunna eventuell innkalling av varamedlem jf. forvaltningslova 8 3.ledd.

Saksnr Innhald YN-3/19 Kompetansealliansen Møre og Romsdal YN-4/19 Kvalitetssystem for seksjon opplæring i bedrift YN-5/19 Formidling til læreplass 2019 YN-6/19 Jenter i elektrofag - status etter eitt år YN-7/19 Årsrapport for yrkesopplæringsnemnda 2018 RS-10/19 Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2019-2023 RS-11/19 Økonomirapport 1. tertial 2019 - Yrkesopplæringsnemnda RS-12/19 Periode 2019-6 Budsjettoppfølging - Yrkesopplæringsnemnda RS-13/19 Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune RS-14/19 Klagebehandling eksamenskarakterar og standpunktkarakterar 2019 RS-15/19 Innhenting av karakterar frå standpunkt, halvårsvurdering 2 og eksamen - skoleåret 2018/2019 RS-16/19 Skolevalg 2019 RS-17/19 Innhenting av standpunkt- og eksamenskarakterar våren 2019 RS-18/19 Rundskriv om læremiddel 2019/20 RS-19/19 Vurdering, fråværsføring og bruk av skoledatasystem RS-20/19 Hovedinntaket 2019/2020 RS-21/19 2.gongs inntak til skoleåret 2019/2020 Godkjenning av protokoll

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2019 88117/2019 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato YN-3/19 Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2019 Kompetansealliansen Møre og Romsdal Bakgrunn Fylkeskommunen etablerer i 2019 Kompetansealliansen. Kompetansealliansen skal vere ein møteplass der utdanningsinstitusjonane, vidaregåande og høgare utdanning, møter representantar frå arbeidslivet for å diskutere kompetansebehova i regionen framover. Formålet for Kompetansealliansen er todelt; Utdaningsinstitusjonane skal få oppdatert kunnskap om kva arbeidslivet i regionen etterspør av kompetansetilbod, og kan gjere tilpassingar på grunnlag av dette. Samtidig skal arbeidslivet få kunnskap om framtidige kompetansebehov frå andre deler av arbeidslivet, høgare utdanning og andre representantar, noko som kan påverke korleis dei sjølv tenker rekruttering og kompetanseutvikling i eigne organisasjonar framover. Etablering av Kompetansealliansen Møre og Romsdal vart behandla i utdanningsutvalet 7. februar 2019 (UD-1/19), og i regional- og næringsutvalet 5. februar 2019 (RN-1/19). Utvala gjorde følgande vedtak: Samrøystes vedtak i Regional- og næringsutvalet - 05.02.2019 Regional- og næringsutvalet stiller seg bak oppretting av Kompetansealliansen for Møre og Romsdal. Regional- og næringsutvalet vedtek at utvalsleiaren vert fast deltakar i Kompetansealliansen. Kunnskapsgrunnlaget for Kompetansealliansen vert lagt fram for regionalog næringsutvalet i mai 2019. Samrøystes vedtak i Utdanningsutvalet - 07.02.2019 Utdanningsutvalet stiller seg bak oppretting av Kompetansealliansen for Møre og Romsdal. Utdanningsutvalet vedtek at utvalsleiaren vert fast deltakar i Kompetansealliansen. Kunnskapsgrunnlaget for Kompetansealliansen vert lagt fram for Regionalog næringsutvalet og Utdanningsutvalet i mai 2019. Representantar frå lærarane i den vidaregåande skulen v/utdanningsforbundet må ha ein representant i Kompetansealliansen. I denne saka viser fylkeskommunen til nokre av innspela som kom frå første møte i Kompetansealliansen 12.juni, og frå samling med personalsjefane i kommunane 13.juni. Til det første møtet i Kompetansealliansen vart det utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag, og dette kunnskapsgrunnlaget ligg ved denne saka.

Det er eit ønskje om ein dialog med y-nemnda om innspel til det vidare arbeidet med Kompetansealliansen. Øyvind Tveten, frå regional- og næringsavdelinga i fylkeskommunen, som har leia arbeidet med etablering av Kompetansealliansen, vil halde ein presentasjon om arbeidet på møtet 29.august. Status etablering av Kompetansealliansen Første møtet i Kompetansealliansen vart gjennomført på Campus Ålesund 12.juni. Det var 50 deltakarar på møtet, og dei som var representert var: NTNU og høgskulane Ungdomspanelet og studentparlamenta Kommunar Bedrifter frå ulike bransjar (Maritim næring, marin næring, næringsmiddelindustri, petroleumsnæringa, prosessindustri, bygg og anlegg) Helse Møre og Romsdal, Nav, KS, Helseinnovasjonssenteret, Fylkesmannen, Innovasjon Norge, Utdanningsforbundet Fylkeskommunen (leiar av utdanningsutvalet, regional- og næringssjef, fylkesutdanningssjef) Gjennomføring av første møtet i Kompetansealliansen Del ein av møtet var innlegg i plenum. Regional- og næringssjef Bergljot Landstad opna møtet med å vise til nokre av dei prosessane som er starta på nasjonalt nivå, nye læreplanar, nye nasjonale utval og reformer. Felles for mange av desse prosessane er at det blir peika på behovet for å både sjå på innhaldet i utdanningstilbodet, men også på kva måte det blir lagt til rette for kompetanseheving i arbeidslivet. Kjersti Kleven, prosjektleiar i ikuben, bedriftseigar og medlem i Ludvigsen-utvalet, viste til at utfordringa er ikkje berre definere kva kompetanse det er behov for, men også korleis den enkelte tileignar seg kompetanse. Skular over heile landet jobbar no med å finne ut korleis dei skal snu skolekvardagen slik at det blir rom for prøving og feiling, øving, testing og meistring. Professor Torger Reve frå Handelshøyskolen BI hadde fått i oppgåve å sjå på kompetansebehovet i Møre og Romsdal sett utanfrå. Reve peika mellom anna på at det er eit stor behov for etter- og vidareutdanning som er tilpassa næringslivets kompetansebehov. Møre og Romsdal har mykje industri, og kompetansebehovet i industrien er i endring. Vi kan ikkje forvente at industrien vil stå for like høg vekst framover, Reve meiner den største veksten vil kome i dei kunnskapsintensive næringane. Del to av møtet var sett av til gruppearbeid, leia av Protomore kunnskapspark, der målet var å arbeide fram konkrete forslag til kva som må og kan gjerast for å møte framtidas kompetansebehov i Møre og Romsdal. Gruppene fekk i oppgåve å diskutere kompetansebehov og løysingar for nokre forhandsdefinerte fiktive personar. Arbeidsøkta var leia av ProtoMore kunnskapspark. Dette er nokre av innspela som gruppene kom opp med: Behov for meir praksisorientering i utdanninga gjennom case frå arbeidslivet inn i undervisninga, hospitering for undervisningspersonell og bruk av gjesteforelesarar frå arbeidslivet. Synleggjere etter- og vidareutdanningstilbodet. Tilbodet er større enn mange er klar over.

Vi bør legge til rette for nettverk for etter- og vidareutdanning på tvers av bedrifter og bransjar. Det gir mulegheiter for å kunne lære på tvers bransjar. Etter- og vidareutdanning må vere lagt opp slik at det er mogleg å kombinere med jobb. Samlingsbaserte tilbod, modulbaserte tilbod, kveldsundervisning og nettundervisning er døme. Ansvaret for kompetanseheving for den enkelte arbeidstakar ligg ikkje berre til samfunnet og til arbeidsgivar, arbeidstakarane sjølv har også eit tydeleg ansvar for eigen kompetanseutvikling. Kompetanse på leiing var trekt fram som eit viktig fagfelt. Den raske endringstakta krev mykje av leiarane. Motivasjonsteori og atferdsteori er viktige eigenskaper for å kunne leie. Med eit aukande kunnskapsinnhald i produkt- og tenesteproduksjonen trengs det fleire med høgt utdanningsnivå i organisasjonen, og det å leie fagekspertar som kan meir om faget enn leiinga utfordrar leiarrollen. Møte med kommunane 13. juni Fylkeskommunen har hatt god dialog med KS Møre og Romsdal i prosessen med etablering av Kompetansealliansen. 12.-13.juni arrangerte KS samling for personalsjefane i kommunane. Fylkeskommunen fekk mulegheit til å bruke deler av møtet 13.juni til diskusjon med kommunane om framtidig kompetansebehov. Behovet for god leiing av utviklings- om omstillingsprosessar i kommunal sektor vert trekt fram. Dette var i tråd med innspel frå møtet i Kompetansealliansen 12.juni. Dette er nok ikkje noko revolusjonerande funn, men det speilar at både offentleg og privat sektor opplever at endringstakt og teknologiutvikling er høg, og det utfordrar leiarrollen. Det er behov for å kunne kombinere kompetanseheving, samtidig som ein står i jobb. I hovudsak bør derfor etter- og vidareutdanning skje gjennom kortare kurs og/eller samlingsbasert modellar. Det er behov for eit tettare samarbeid mellom kommunane og tilbydarane av tilbod om etter- og vidareutdanning for å sikre at tilbodet er i tråd med behovet i kommunane. Spesielt vart det trekt fram behovet innanfor helsesektoren. Vidare arbeid med Kompetansealliansen Kompetansealliansen vil bli ein årleg møteplass, men ettersom det er ein ny arena, vil vi evaluere og truleg justere innretning og form i arbeidet. Dei vidaregåande skolane, fagskolane, NTNU og høgskolane blir nå invitert til å drøfte korleis vi best kan følge opp dei innspela og behova som har kome fram. Fylkeskommunen vil bruke dei innspela vi har fått til å spele inn i dei nasjonale prosessane som er sett i gong, til dømes høyringa på Ekspertutvalet for etter- og videreutdanning (Markussen-utvalget) som la fram si utgreiing i juni 2019. Fylkeskommunen vart invitert tilbake til KS si personalsjefsamling på eit seinare tidpunkt, for å følge opp dei innspela som kom og rapportere tilbake på korleis fylkeskommunen har tatt arbeidet vidare. Eit initiativ som fylkeskommunen vil sjå nærmare på, er å samle universitet og høgskulane, saman med personalsjefane for å diskutere meir konkret om kompetansebehovet i kommunal sektor med tanke på utvikling av utdanningstilbod.

Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemda tek orienteringa om Kompetansealliansen til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef

24.mai 2019 Kompetansealliansen Møre og Romsdal Kunnskapsgrunnlag MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Innhold Forord... 2 1. Samandrag og utfordringar... 3 2. Bakgrunn for arbeidet med Kompetansealliansen... 4 3. Utfordringar og drivarar for kompetansepolitikk... 5 3.1 Det «nye» arbeidslivet... 7 3.1.1 Det nye arbeidslivet og digitalisering... 7 3.1.2 Korleis vil digitalisering påverke arbeidslivet?... 8 4. Utfordringar med rekruttering av kompetanse på kort sikt... 8 4.1 NHO sitt kompetansebarometer... 9 4.2 Nav sin bedriftsundersøkelse for Møre og Romsdal... 10 4.2.1 Mangel på arbeidskraft... 10 4.3 FoU-investeringar i næringslivet... 12 4.3.1 Generelt om FoU-investeringar i næringslivet... 12 4.3.2 Bedriftene i Møre og Romsdal investerer stadig meir i FoU... 12 4.3.3 Solid vekst i FoU-personale... 13 4.3.4 Størst FoU-aktivitet retta mot hav og energi/klima... 13 5. Møre og Romsdal langsiktig kompetansebehov... 15 5.1 Folketalsutviklinga i Møre og Romsdal vil gi utfordringar på sikt... 15 5.2 28 000 vil gå av med pensjon i løpet av ti år... 15 5.2.1 Størst behov innan pleie- og omsorgsarbeidarar, ingeniørar og undervisning... 16 5.2.2 Mange over 55 i kommunal sektor... 16 5.2.3 Vi er avhengige av å kunne rekruttere utafrå Møre og Romsdal... 16 5.3 Utdanningsnivået lågt, men aukar... 17 5.3.1 Sysselsetting aukar mest for personar med høgare utdanning... 17 5.5 Ungdom frå Møre og Romsdal søkjer seg i større grad til høgare utdanning... 18 Appendix... 19 side 1

Forord Kunnskapsgrunnlaget er utarbeidd til første møte i Kompetansealliansen Møre og Romsdal, som vert gjennomført 12.juni 2019. Formålet med kunnskapsgrunnlaget er å løfte nokre utfordringar sett frå eit regionalt perspektiv knytt til arbeidet med å tilpasse og utvikle utdanningstilbod i Møre og Romsdal i tråd med behova i arbeidslivet. Kunnskapsgrunnlaget er meint som eit innspel til diskusjon. Det er ingen forslag til konkrete handlingar for å følgje opp utfordringane det vert peika på, dette ønskjer vi at aktørane i Kompetansealliansen er med å diskuterer. Arbeidslivet i privat sektor er avhengig av tilgang til rett kompetanse for å kunne vere konkurransedyktige. På same måte er offentleg sektor avhengig av det same for å kunne levere gode tenester til innbyggarar og samfunnet. Det er sett i gong fleire prosessar frå statleg hald som gir føringar for arbeidet med å tilpasse kompetanse til arbeidslivet sitt behov. Det er vedtatt ein eigen nasjonal kompetansestrategi, og det er til dømes sett ned eit utval og ekspertpanel for å sjå på kompetansepolitikken og etter- og vidareutdanningane. Norsk Industri lanserte i mai 2019 vegkartet «Kompetanse for fremtidens industri». Norsk Industri seier mellom anna at tilsette med god kompetanse og ferdigheiter blir meir avgjerande for evna til verdiskaping i framtidas industri. Som ein del av dette arbeidet skal ein etablere «Industrifagskolen», der ein av pilotane vert eit tilbod på Fagskolen i Ålesund. Kunnskapsgrunnlaget bygger i stor grad på offentleg statistikk frå SSB. Men vi har også fått innspel og tal frå mange aktørar, mellom anna NTNU og høgskulane, Nav, KS og NHO. Det er mykje tall og informasjon som kunne vore inkludert i eit slikt kunnskapsgrunnlag. Det er viktig for oss å få tilbakemelding på kva de saknar av kunnskap, som grunnlag for å diskutere utfordringane med kompetanseutvikling i Møre og Romsdal. God lesing! Bergljot Landstad, regional- og næringssjef Møre og Romsdal fylkeskommune side 2

1. Samandrag og utfordringar I kapittel 3 trekker vi fram nokre av dei viktigaste utfordringane og drivarane for kompetansepolitikken framover. Mellom anna gjer den teknologiske og samfunnsmessige utviklinga at kompetanse må utviklast og fornyast. Samtidig er det arbeidstakarar som i for liten grad deltek i opplæringsaktivitet i arbeidslivet og etter- og vidareutdanning. Kva må arbeidslivet sjølv gjere, og kva endringar kan tilbydarane av utdanningstilbod i Møre og Romsdal gjere, for å legge til rette for kompetanseutvikling i arbeidslivet? Kva kompetanse er det arbeidslivet i Møre og Romsdal ønskjer at utdanningsinstitusjonane legg til rette for? Og; på kva måte ønskjer arbeidslivet at slike tilbod vert tilrettelagt? Både NHO sitt kompetansebarometer og NAV si bedriftsundersøking, viser teikn til aukande utfordringar med å rekruttere kompetanse til arbeidslivet. NHO sitt kompetansebarometer viser at bedriftene sine kompetanseutfordringar påverkar mulegheitene til å levere produkt og tenester. Både NAV og NHO viser at det er stor mangel på fagarbeidarar, og Nav viser til at dette gjeld både Noreg samla og Møre og Romsdal. Den demografiske utviklinga for Møre og Romsdal med stadig fleire eldre, kombinert med ein forventa svak nedgang i arbeidsstyrken framover, vil vere ei stor utfordring. Behovet for helse- og omsorgstenester vil auke, samtidig som sektoren har høg del av dei som vil gå av med pensjon i eit tiårs perspektiv. Det er forventa at aukande behov for arbeidskraft innanfor helse- og omsorg vil vere med å legge ytterlegare press på rekruttering av arbeidskraft til alle sektorar. Korleis skal vi møte behovet for aukande rekruttering til arbeidslivet? Kva type kompetanse treng offentleg sektor for å løyse utfordringane? Bedriftene i Møre og Romsdal aukar sine investeringar i forsking og innovasjon. Næringslivet har hatt ei sterk auke i FoU-personell, og tal FoU-årsverk utført av personar med høgare grads utdanning. Men frå 2015 til 2017 ser vi at antall FoU-årsverk utført av høgare grads utdanning går ned. Dette fell saman med ei periode med utfordringar i næringslivet. NAV si bedriftsundersøking viser at mange bedrifter ikkje lukkast med å tilsette personar med ønska kompetanse, og må enten tilsette personar med lågare/anna kompetanse. Dersom fall i delen FOU-personale med høg formell kompetanse er eit signal om utfordringar med å rekruttere denne type kompetanse, kan det vere eit faresignal. Opplever arbeidslivet at det er mangel på kvalifisert arbeidskraft med høgare grads utdanning? Folketalsutvikling, nettoflytting og fødselsrater tilseier at Møre og Romsdal vil få færre innbyggjarar både i dei yngre aldersgruppene (under 20 år) og færre i arbeidsdyktig alder (20-66 år). Dette kan bli forsterka om unge vaksne i framtida flyttar til universitetsbyane i same omfang som i dag. Det betyr at ein ikkje kan sjå for seg at fylket er sjølvberga med framtidig arbeidskraft om ein ikkje reduserer arbeidskraftsbehovet eller at ein vinn den (inter)nasjonale kampen om kompetanse når «eldrebølga» treff Vest-Europa. Er det muleg å kombinere nye utdanningstilbod som både treff behovet i arbeidslivet, og som kan påverke at fleire vel Møre og Romsdal som studiestad? Er vi gode nok til å kople utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet, med tanke på å halde på den kompetansen som vi utdannar i fylket etter fullførte studiar? side 3

2. Bakgrunn for arbeidet med Kompetansealliansen OECD leverte i 2014 to rapportar om Noreg sitt arbeid med kompetansepolitkk. «Skills Strategy Diagnostic Report Noway» såg på utfordringane innanfor kompetansefeltet, og «Skills Strategy Action Report» såg på konkrete forslag til korleis Noreg skal ta i bruk, mobilisere og utvikle kompetansen i samfunnet. Ei av utfordringane som OECD peikar på, er at det regionale nivået ikkje har ansvar for kompetansepolitikken. Eit av dei konkrete forslaga til forbetring var å utarbeide ein nasjonal kompetansestrategi. Nasjonal Kompetansestegi 2017-2021 var vedtatt mars 2017. Nasjonal kompetansestrategi har fokus på regionale arbeidsmarknader og korleis regionane bør ta eit aktivt grep for å sikre arbeidslivet tilgang til relevant arbeidskraft. Frå Kompetansestrategien: Tilgangen på relevant kompetanse i arbeidsmarkedet skal styrkes gjennom et mer systematisk samarbeid mellom fylkeskommunen og kompetanseaktører som det næringsrettede virkemiddelapparatet, kommuner, partene i arbeidslivet, NAV, studieforbund, fagskoler, universiteter og høyskoler. På bestilling frå Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Kommunal- og moderiseringsdepartementet, vart alle fylkeskommunane oppmoda om å greie ut og etablere god praksis for samarbeid med partane i arbeidslivet om (1) kompetansebehov og (2) utarbeiding av kunnskapsgrunnlag for beslutningstakarane i utdanningssystemet. Som svar på bestillinga frå Kunnskapsdepartementet lyste Møre og Romsdal fylkeskommune i 2017 ut prosjektet «Betre balanse mellom tilbod og etterspurnad av kompetanse i regionale arbeidsmarknadar». Møreforsking, som fekk prosjektet, hadde eit tredelt oppdrag: korleis påverkar globale trendar kompetansebehova i Møre og Romsdal verktøy for å synleggjere korleis arbeidslivet oppfattar kompetansebehova modell for samhandling i regionale partnarskap Med bakgrunn i Møreforsking sitt arbeid, andre fylke sitt arbeid og vår kjennskap til i Møre og Romsdal var fylkeskommunen si tilråding å etablere Kompetansealliansen Møre og Romsdal. Etablering av Kompetansealliansen har vore drøfta i Partnerskap for kompetanse og verdiskaping. I september 2018 tilrådde partnerskapet at fylkeskommunen går vidare med etablering av Kompetansealliansen. Etablering av Kompetansealliansen er også vedteken i Utdanningsutvalet og Regional- og næringsutvalet i fylkeskommunen. side 4

3. Utfordringar og drivarar for kompetansepolitikk Kompetansebehovsutvalget Som ein del av oppfølginga av Nasjonal kompetansestrategi, vart Kompetansebehovsutvalget (KBU) etablert i 2017. Utvalet skal sjå på Noreg sitt framtidige kompetansebehov som grunnlag for nasjonal og regional planlegging, og for den enkelte og arbeidslivet sine strategiske beslutningar knytt til kompetanse. Kompetansebehovsutvalet legg følgande definisjon av kompetanse til grunn: «Kompetanse er et samlebegrep for kunnskap, forståelse, ferdigheter, egenskaper, holdninger og verdier. Men kompetanse er mer enn samlingen eller summen av dens bestanddeler. Bestanddelene er komplementære, og kompetansebegrepet inkluderer også samspillseffektene fra bestanddelene.» Figur 3.1 Kompetansebehovsutvalget sin definsjon av kompetanse I «NOU Fremtidige kompetansebehov II» frå 2019, trekk KBU fram åtte utfordringar som utvalet ser på som særleg viktige framover. 1. For mange går ut av grunnskulen med svake ferdigheiter og låg Grunnopplæring kompetanse. 2. For mange fullfører ikkje vidaregåande opplæring, og oppnår dermed Grunnopplæring ikkje ei stabil tilknyting til arbeidslivet. 3. Teknologisk og samfunnsmessig utvikling gjer at kompetansen må Læring i arbeidslivet utviklast og fornyast. 4. Mange arbeidstakarar deltar i for liten grad i opplæringsaktivitet i Læring i arbeidslivet arbeidslivet og etter- og vidareutdanning. 5. Aukande levealder inneber at fleire må bidra i arbeidslivet for å Læring i arbeidslivet finansiere velferdsstaten. Det aukar og behovet for påfyll av kompetanse for alle arbeidstakarar uavhengig av alder. 6. Mobilitet over landegrenser gir usikkerheit om framtidig tilgang på kompetanse. Mobilitet og kompetanse 7. Det er vedvarande manglar på kvalifisert arbeidskraft innan nokre yrke, særleg helse- og omsorgssektoren, grunnskulelærararar, IKT, Fagopplæring og høgare utdanning samt fagarbeidarar til bygg og anlegg. 8. Arbeidslivsrelevansen bør bli betre i mange høgare utdanningar. Fagopplæring og høgare utdanning side 5

Kompetansealliansen Møre og Romsdal skal ikkje levere innspel til alle desse utfordringane, men spesielt punkt 3, 4, 5, 7 og 8 er særleg relevant for vårt arbeid. Punkt 2 er ei svært viktig utfordring, og der fylkeskommunen har eit særskilt ansvar. Møre og Romsdal er blant fylka med best gjennomføring i vidaregåande opplæring, men har likevel utfordringar. Særleg er det behov for fleire læreplassar, for å sikre eit godt tilbod for alle elevar som vel yrkesfag. Punkt 2 er også sterkt relatert til arbeidet med utanforskap. Personar som i dag står utanfor arbeidslivet, representerer arbeidskraft som vi treng i arbeidslivet. Er du inne i arbeidslivet, har du også vesentleg betre føresetnadar for å ha god fysisk og psykisk helse, mindre rus og kriminalitet. NAV Møre og Romsdal har lansert «Nullvisjonen for utenforskap for unge i Møre og Romsdal». Visjonen er ein invitasjon til alle parter for å vere med å løyse denne utfordringa. Som følgje av dette arbeidet er det mellom anna etablert eit tettare samarbeid mellom vidaregåande skular og NAV, som har vist gode resultat. side 6

3.1 Det «nye» arbeidslivet Arbeidslivet i framtida vil bli påverka av endringar innanfor fleire område. Den demografiske utviklinga viser at vi blir stadig fleire eldre. Det aukar behovet for helse- og omsorgstenester. Vi må samtidig også sjå på korleis vi skal produsere desse tenestene på nye måtar. Skal vi produsere helse- og omsorgstenester på same måte som i dag, vil det krevje at store deler av arbeidsstyrken må arbeide innanfor denne sektoren, og det vil bli mangel på arbeidskraft i andre sektorar. Sentraliserings- og urbaniseringstrenden vil påverke tilgang på arbeidskraft, og det vil truleg vere store geografiske forskjellar i arbeidslivet sine mulegheiter til å rekruttere rett kompetanse. Dette kjem vi tilbake til seinare i denne rapporten. Klima- og miljøutfordringane verda står overfor er alvorlege. Det påverkar allereie korleis vi produserer varer og tenester idag, men det vil i framtida bli eit aukande krav til at næringsog samfunnsutviklinga er i tråd med naturen rundt oss. 3.1.1 Det nye arbeidslivet og digitalisering Digitalisering muleggjer produksjon og sal av varer og tenester på heilt nye måter. Kompetanse (kjelde NoU Framtidige kompetansebehov II) I det norske læreplanverket er det definert fem grunnleggande ferdigheiter; lesing, skriving, rekning, muntlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Også sosiale og emosjonelle ferdigheiter er viktige for læring og resultat i arbeidsmarknaden. Nyare forsking har påvist at sosiale og emosjonelle ferdigheiter både påverkar og styrkar grunnleggande ferdigheiter, men også medverkar til andre positive utfall i arbeids- og samfunnslivet. I lys av endra kompetansebehov i arbeidslivet, er arbeidsstyrken si evne til omstilling sentral. Omstillingsevna er avhengig av individa si evne og motivasjon til å lære, muligheitene dei har til å gjere det, og korleis læringa vert gjennomført. Det er avgjerande for enkeltindivid, arbeidsgivarar og samfunnet at alle parter anerkjenner behovet og får mulegheit til å delta i læringsaktivitetar. Solide grunnleggande ferdigheiter vil også i framtida vere det viktigaste fundamentet for læring. Dette gir sosial bærekraft, og gir alle mulegheit til å bidra i samfunns- og arbeidslivet. Etterspurte ferdigheiter når bruk av IKT aukar OECD har definert ferdigheitene som vert etterpurt når bruken av IKT aukar. Generelle IKT-ferdigheter Inneber å kunne bruke gjeldande programvare og teknologiar som blir kravd for å kunne utføre jobben. Spesialistferdigheter Inneber å kunne beherske avanserte teknologiar, til dømes programmere og utvikle applikasjonar. I dei fleste tilfelle treng ein her formell høgare utdanning på minimum bachelornivå i eit IKT-intensivt fag. IKT-komplementære ferdigheter Inneberer å løyse avanserte oppgåver som oppstår som følgje av auka bruk av IKT på arbeidsplassen. Det handlar ikkje nødvendigvis om å beherske eller utvikle teknologien sjølv. Auka bruk av IKT har til dømes muleggjort meir horisontale organisasjonsformer, og dette krev meir samarbeid og mindre ovafrå-ogned-leiing. Digitale løysingar kan føre til at arbeidsoppgåvene vert endra, men det er framleis behov for fagkunnskap i samspelet med spesialiserte IKTferdigheiter for å løyse dei. Mykje av omstillinga i arbeidslivet, i privat og offentleg sektor, vil vere knytt til å anvende teknologi og digital kompetanse for å effektivisere og betre oppgåveløysinga. EU har utvikla ein indikator for å måle digitale ferdigheiter, og kunne samanlikne mellom land. I denne indikatoren plasserer Noreg seg i toppen av EU/EØS området. Kvar enkelt si mulegheit til å side 7

fungere i samfunnet, er i aukande grad avhengig av vår evne til å forhalde oss til digitale offentlege og private tenester. 3.1.2 Korleis vil digitalisering påverke arbeidslivet? Det er heilt klart at digitale ferdigheiter er avgjerande for arbeidstakarane, bedrifter og samfunnet, i framtida. Dette er også trekt fram i Norsk Industri sitt vegkart for kompetanse. Det er ein stor debatt rundt kva konsekvensar av digitalisering og teknologisk utvikling vil ha for arbeidslivet framover. På den eine sida er det frykt for at teknologien mulegjer automatisering av ei rekke oppgåver som gjer at mange yrke og arbeidstakarar vil bli overflødige og føre til høgare ledigheit. På den andre sida, vert det vist til at innføring av meir teknologi og automatiserte prosessar, vil legge til rette for andre typar arbeidsoppgåver og gjere arbeidskvardagen meir spennande og utfordrande. FoI-strategi for næringslivet Forskings- og innvoasjonsstrategien for Møre og Romsdal 2016-2020, peiker på tre kunnskapsområde som vi må bygge opp kunnskap i regionen om; bærekraft, muleggjerande teknologiar og kommersialisering. Strategien peiker på at Møre og Romsdal har eit konkurransefortrinn til verdiskaping knytt til havet, men kunnskapsområda gjeld for alle næringane. Tilbakemeldingar frå næringslivet og universitet og høgskulane, tilseier at kunnskapsområda som strategien peikar på framleis er riktige. Men det har skjedd mykje innanfor desse kunnskapsområda som gjer at det må byggast nytt innhald. Det er ikkje noko fasit på korleis digitaliseringa vil påverke arbeidslivet framover. Men det er gjort ei rekke analyser og framskrivingar for å forsøke å belyse dette temaet. Kompetansebehovsutvalet viser til rapport frå Undertun og Steen (2018) som har gjort ei undersøking av korleis nye digitaliseringstiltak i arbeidslivet har skapt nye kompetansebehov i fire bransjar; helse og omsorg, busstransport, finans og skatteforvaltning. Eit viktig fellestrekk er at det har blitt eit auka krav om generelle IKT-ferdigheiter. Generelle IKTferdigheiter inneber å kunne handtere gjeldande programvarer og teknologi som blir kravd for å utføre arbeidet. 4. Utfordringar med rekruttering av kompetanse på kort sikt Det vert gjennomført mange ulike analyser av kompetansebehov i arbeidslivet. Mellom anna gir NHO årleg ut Kompetansebarometeret og Nav har ansvar for den årlege Bedriftsundersøkelsen. Vi vil i dette kapittelet gi nokre hovudtrekk av utfordringane som arbeidslivet opplever i arbeidet med å rekruttere arbeidskraft med rett kompetanse. Vi vil også sjå på næringslivet sine investeringane i FoU. Formålet med dette er å vise innanfor kva område bedriftene investerer i forsking, som igjen kan vere med å synleggjere kompetansebehovet. side 8

4.1 NHO sitt kompetansebarometer NHO sitt kompetansebarometer for 2018 viser at det på fleire område er vesentlege forskjellar i svara frå bedriftene avhengig av kor stor bedrifta er. Dette er kanskje ikkje overraskande. Med tanke på bedriftsstrukturen i Noreg og i Møre og Romsdal, som er prega av mange små- og mellomstore bedrifter, er dette likevel eit viktig poeng. Halvparten av bedriftene med færre enn 10 tilsette seier dei har eit udekt kompetansebehov, medan av bedriftene med fleire enn 250 tilsette seier 70 prosent at dei har udekte kompetansebehov. Kompetansemangel får konsekvensar. Totalt sett seier 61 prosent av NHO-bedriftene som har svart at dei i stor eller nokon grad har udekte kompetansebehov i 2018. Blant bedriftene som melder om udekt kompetansebehov, seier om lag 40 prosent at dei har tapt kundar eller marknadsandeler og av desse igjen har 4 prosent meldt at dette har skjedd i stor grad. Ein femtedel av bedriftene totalt seier at dei har redusert si verksemd som følge av å ikkje ha tilstrekkeleg kompetanse. NHO sitt kompetansebarometer NHOs kompetansebarometer bygger på bedrifter som er medlemer i NHO, som utgjer om lag 9 prosent av det totale antall verksemder i Noreg og ca. 20 prosent av alle årsverk. NHO spør om kompetansebehovet i dag og dei neste fem åra. Dette har dei gjort over dei fem siste åra, og kan derfor sjå korleis bedriftene sitt kompetansebehov har utvikla seg i denne perioden. Udekte kompetansebehov Udekt kompetansebehov omfattar to aspekt, anten at bedriftene opplever at dei manglar arbeidskraft, eller at bedriftene ser at dei tilsette skulle hatt ein annan kompetanse eller kompetanse på eit høgare nivå enn i dag. Figur 4.1 Andel NHO-bedrifter som i stor eller noko grad har behov for følgande kompetanse dei neste fem år (kjelde NHO) side 9

Behova for ingeniørkompetanse har endra seg over den siste femårsperioden. Ingeniørtypane som flest bedrifter har behov for er: elektroingeniør, byggingeniør, maskiningeniør og dataingeniør. Rapporten for 2018 viser at behovet for bygg- og maskiningeniørar er redusert, medan bedriftene sitt behov for dataingeniørar har auka. Behov og bruk for etter- og vidareutdanning I NHO si undersøking for 2018, har bedriftene sine behov for, og bruk av etter- og vidareutdanning, vore eit eige tema. Flest bedrifter ønskjer kompetanseheving innanfor bedrifta, mens færre rapporterer om behov for etter- og vidareutdanning på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Også her er størrelsen på bedrifta ein viktig faktor. Blant bedrifter med over 250 tilsette seier nesten ein tredjedel at tilsette har tatt mastergrad kombinert med jobben, medan heile 12 prosent har tilsette som har tatt doktorgrad i forbindelse med jobben. Store bedrifter har også høgast grad av intern og uformell kompetanseheving. Tre av fire NHO-bedrifter seier at dei legg til rette for etter- og vidareutdanning, men skreddarsydde tilbod er mindre vanleg. Det er i hovudsak dei store bedriftene som tilbyr skreddarsydde tilbod til sine tilsette. Nesten to tredjedelar av NHO-bedriftene seier at dei i stor eller i nokon grad kartlegg kompetansebehovet for dei tilsette, og nesten halvparten seier dei har ei form for kompetanseutviklingsplan. Næringslivet i Noreg utmerkar seg positivt samanlikna med andre land når det gjeld kompetanseutviklingsplaner. 4.2 Nav sin bedriftsundersøkelse for Møre og Romsdal «Bedriftsundersøkelsen» er NAV si årlege temperaturmåling av situasjonen i arbeidsmarknaden. Nav spør i undersøkinga om korleis bedriftene trur dei vil utvikle seg med tanke på talet på tilsette det neste året, bedriftene si tru på utvikling i marknaden, omsetning og resultat. Nav spør også om bedriftene har hatt utfordringar med rekruttering dei siste tre månadane. Hovudtrekk frå 2019: Bedriftene i Møre og Romsdal er optimistiske med tanke på framtidsutsiktene, både for utvikling i marknaden, og for omsetning og resultat. Dette, saman med reduksjon i ledigheit og fleire utlyste stillingar, bekreftar at det går betre i næringslivet i Møre og Romsdal. 25 prosent av bedriftene ventar å tilsette fleire neste år, medan 12 prosent ventar færre tilsette. Betring for bedriftene og lågare ledigheit, medfører også utfordringar med rekruttering av arbeidskraft. Mangelen på arbeidskraft aukar mykje, og er i 2019 på det høgaste nivået som er målt med samanliknbare data. 4.2.1 Mangel på arbeidskraft 21,5 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal svarer at dei ikkje har lukkast med å rekruttere ønska kompetanse siste tre månadane. Dette omfattar både dei tilfella at bedriftene ikkje har lukkast å tilsette nokon, eller dei har tilsett nokon med lågare eller annan kompetanse. I Møre og Romsdal er det blitt vanskelegare å rekruttere dei siste åra. Mangel på arbeidskraft er dobla til omtrent 3 500 frå i fjor. Nav har målt mangel på arbeidskraft på same måte sidan 2012. Figuren under viser at Møre og Romsdal ikkje har hatt større mangel på arbeidskraft enn no. I Møre og Romsdal har mangelen på arbeidskraft auka kraftig det siste året, og er nå større enn i forkant av den oljedrivne nedturen vi hadde frå 2014. side 10

Det er til helserelaterte yrker det er størst mangel på arbeidskraft. Men det er også stor mangel på fagarbeidarar, tømrarar og snekkarar, rørleggarar og elektrikarar, både i fylket og i landet. Figur 4.2 Utvikling i mangel av arbeidskraft (kjelde NAV) Figur 4.3 Bedrifter som ikkje har lukkast med å rekruttere ønskja kompetanse (kjelde NAV) side 11

4.3 FoU-investeringar i næringslivet Forsking og utviklingsarbeid (FoU) kan styrke bedriftene si evne til å skape nye eller betre produkt og prosessar. FoU kan også styrke evna til å samarbeide med andre bedrifter og forskingsmiljø og finne fram til, forstå og ta i bruk kunnskap som er utvikla i forskingsmiljø eller hjå andre bedrifter. Utvikling i bedriftene si investering i FoU kan vere eit bidrag til å forstå kva kunnskap næringslivet investerer i, og kan vere med å gi innblikk i kompetanseområde som næringslivet er opptatt av. 4.3.1 Generelt om FoU-investeringar i næringslivet Bedriftene i Møre og Romsdal har ei unik evne til omstilling og nyskaping tufta på erfaring. I framtida må ein bygge vidare på dette og utvikle og ta i bruk ny og meir forskingsbasert kunnskap. Utviklinga i FoU-investeringar i næringslivet i Møre og Romsdal er kraftig aukande, og viser at bedriftene i Møre og Romsdal heng godt med i denne utviklinga. FoU-miljøa i Møre og Romsdal er kjenneteikna av eit tett samarbeid med næringslivet. Det er behov for å styrke kapasiteten i forskingsmiljø i regionen for å understøtte bedriftene sitt utviklingsarbeid framover. Eit aukande kunnskapsinnhald i produkt og tenestene, krev også at fleire bedrifter treng meir formell og analytisk kunnskap for å kunne drive sitt utviklingsarbeid. Rekruttering av kompetanse med høg formell utdanning, i tillegg til kvalifisert arbeidskraft på fagarbeidernivå, er derfor viktig framover. 4.3.2 Bedriftene i Møre og Romsdal investerer stadig meir i FoU Møre og Romsdal har hatt jamn vekst i prosentdelen bedrifter som investerer i FoU. I 2007 rapporterte 18 prosent av bedriftene at dei hadde investert i FoU. I 2017 var denne delen auka til 26 prosent. Dette er høgast i landet. Tabell 4.1 Andel verksemder med investeringar i FoU (kjelde SSB) Del virksomheter med FoU 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 Molde 23 16 20 20 12 15 21 17 25 18 23 Kristiansund 13 13 22 13 13 23 16 18 24 28 16 Ålesund 19 24 18 21 17 22 21 20 29 27 31 Ulsteinvik 18 26 22 20 11 20 17 21 36 26 32 Ørsta/Volda 22 33 26 11 44 13 7 11 7 25 23 Sunndalsøra 9 18 24 22 13 15 9 13 23 30 21 Surnadal 3 3 13 3 8 17 11 21 39 22 20 Møre og Romsdal 18 20 20 19 15 19 19 18 27 25 26 Landet 15 16 15 15 15 16 15 16 19 21 21 Det er stor skilnad mellom dei økonomiske regionane fylket. Det er Ulsteinvik, Ålesund, Sunndalsøra og Surnadal som har stor vekst i talet bedrifter med FoU-aktivitet. God vekst i FoU-investeringane Nivået på FoU-investeringane har hatt god vekst frå 565 mill. kroner i 2007 til 1318 mill. kroner i 2017. Tilsvarande ein vekst på 133 prosent. På same tid var auken for landet på 91 prosent. FoUinvesteringane i Møre og Romsdal utgjer 4 prosent av FoU investeringar i landet. FoU-investeringane er høgast i fylka med dei store breiddeuniversiteta i Oslo, Bergen og Trondheim. Meir samarbeid med FoU-miljø om forsking Innkjøpt FOU seier noko om i kva grad bedriftene samarbeider med FoU-miljø i innovasjonsprosjekta. Møre og Romsdal har hatt ein vekst på heile 149 prosent sidan 2007 i innkjøpt FoU, medan veksten for landet var på 56 prosent. Fylker som Nordland, Sogn og Fjordane, Hedmark og Vestfold har hatt side 12

større prosentvis vekst, men alle desse fylka har hatt vekst frå eit lågt nivå og har ikkje overstige nivået på investeringane i Møre og Romsdal. Det er stor skilnad mellom regionane i innkjøpt FoU. Særleg Ulsteinvik og Ålesund har stor vekst. Kristiansundsregioen hadde vekst fram til 2015 og har deretter falt. Ørsta/Volda er stabilt lågt nivå med ein del variasjon i tala over tidsperioden. Figur 4.4 Utgifter til innkjøpt FoU i næringslivet 2007 og 2017 (kjelde SSB) 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 Utgifter til innkjøpt FoU i mill. kroner 2007 2017 4.3.3 Solid vekst i FoU-personale Både på landsbasis og i Møre og Romsdal har det vore auke i både i talet på personar og årsverk som arbeider med FoU. I Møre og Romsdal auka talet på FoU-personar med 143 prosent frå 2007 til 2017. Møre og Romsdal hadde størst prosentvis auke, med unntak av Finnmark som starta på eit svært lågt nivå i 2007. Det vil truleg vere eit større behov for samarbeid mellom bedrifter og eksterne FoU-miljø for å ta i bruk ny kunnskap og teknologi, for å lukkast i den globale konkurransen. Det vil derfor også vere behov for fleire tilsette med høgare formell kompetanse for å drive utviklingsarbeidet. I perioden 2007 til 2017 har Møre og Romsdal hatt ei betydeleg auke i talet på FoU-årsverk i næringslivet som vert utført av personar med høgare grads utdanning. Men det er verdt å merke seg at frå 2015 til 2017 har talet på FoU-årsverk utført av personar med høgare grads utdanning gått ned. Det er grunn til å tru at dette heng saman med utfordringane i næringslivet i kjølvatnet av nedturen i petroleumsrelatert industri. Men dersom fall i andelen FOUpersonale med høg formell kompetanse er eit signal om utfordringar med å rekruttere denne type kompetanse, kan det vere eit faresignal. 4.3.4 Størst FoU-aktivitet retta mot hav og energi/klima Figuren under viser at det blir investert mest i FoU innan maritim, marin, fiskeri og havbruk (havnæringane) og tema knytt til energi, miljø og klima. Møre og Romsdal er størst på FoUinvesteringar innan tema maritim og havbruk i landet. Samla for havnæringane, fiskeri, havbruk, marin og maritim er det berre bedrifter i Rogaland som har investert meir innanfor desse. side 13

Figur 4.5 Investeringar i FoU frå næringslivet i Møre og Romsdal fordelt etter tema (kjelde SSB) FoU-investering etter tema (i mill kroner) 1 CO2-håndtering Klima og klima- tilpasninger Landbruk Klimateknologi og annen utslipps- reduksjon Helse Landbasert miljø og samfunn Fornybar energi Marin Petroleum Fiskeri Havbruk Miljøteknologi Energi- effektivisering og -omlegging Maritim 307 0 50 100 150 200 250 300 350 Mange skattefunn prosjekt i Møre og Romsdal Verksemdene i Møre og Romsdal fekk i 2018 godkjent 469 skattefunn prosjekt. Også her er det havnæringane som dominerer, marin/sjømat og maritim sektor hadde høvesvis 186 og 93 prosjekt. Ser vi på skattefunnprosjekt etter tema, figur 4.6 under, er det særleg innan akvakultur og informasjons- og kommunikasjonsteknolog at vi har mange prosjekt frå Møre og Romsdal. Figur 4.6 Skattefunnprosjekt etter tema i 2018 ((kjelde Forskningsrådet) Tal skattefunnprosjekt etter tema Materialteknologi Maskintekn. Energi-/miljøtekn. Tverr/flerfaglig teknologi og andre Bygg-, anleggs- og transportteknologi Informasjon- og kommunikasjonsvitenskap Næringsmiddelteknologi Datateknologi Konstruksjonsteknologi Fiskeriteknologi Informasjons- og kommunikasjonsteknologi Akvakultur Øvrige 10 11 12 15 16 23 23 29 33 43 93 160 0 20 40 60 80 100 120 140 160 180 side 14

5. Møre og Romsdal langsiktig kompetansebehov Oppsummering langsiktig kompetansebehov: Framskriving av folketalsutviklinga, tilseier at Møre og Romsdal får færre innbyggararar under 20 år og færre i arbeidsdyktig alder. Innbyggarar over 67 år aukar med rundt 50 prosent, medan dei over 80 år blir dobla fram mot 2040. Behovet for tenester frå helse- og omsorgssektoren vil derfor auke kraftig. 23 prosent av lønnstakarar i Møre og Romsdal, mot 20 prosent for landet, er over 55 år. Fylkeskommunen har berekna at ikring 28 000 lønnstakarar vil gå av med pensjon i fylket dei neste ti åra. Det er nær 4 000 lønnstakarar innan yrket «pleie- og omsorgsarbeidarar» i alderen 55 år og eldre i fylket, og delen dei utgjer av det samla talet lønnstakarar i yrket er 26,9 prosent, 21 prosent høgare enn på landsbasis. Innanfor ingeniørar og utdanningsyrka er det høvesvis nær 1 900 i kvar av dei to yrkesgruppene som er 55 år og eldre. Her skil ikkje delen seg mykje frå landssnittet, men yrka er strategiske viktige og på sikt vil det bli (enda) større konkurranse om denne arbeidskrafta. 5.1 Folketalsutviklinga i Møre og Romsdal vil gi utfordringar på sikt Det demografiske bakteppet for framtidig kompetansebehov i fylket er ei folketalsutvikling der det blir store geografiske skilnader, men der ein i sum sit att med færre innbyggjarar både i dei yngre aldersgruppene (under 20 år) og færre i arbeidsdyktig alder (20-66 år). Samstundes aukar talet innbyggjarar over 67 år med kring 50 prosent, medan dei over 80 år blir dobla fram mot 2040. På sikt vil behovet for personell innanfor helse- og omsorgsyrka vil auke kraftig, samstundes som ein eventuell auke i yrkes- og utdanningsval til sektoren vil reduserer moglegheita til andre sektorar og næringsgrupper til å halde arbeidsstyrken på same nivå som i dag. Arbeidsinnvandringa har sakka av, utvandringa aukar og fødselsratane er låge. Dei unge si utflytting gjev Møre og Romsdal eit innanlandsk flyttetap. Fødselsraten er høg samanlikna med landet, men ikkje nok til å reprodusere befolkninga då dei er historisk låge over heile landet. Om unge vaksne i framtida flyttar til universitetsbyane i same omfang som i dag vil det bety ei endå lågare folketalsutvikling enn kva dagens framskrivingar legg til grunn. Det betyr at ein ikkje kan sjå for seg at fylket er sjølvberga med framtidig arbeidskraft om ein ikkje reduserer arbeidskraftsbehovet eller at ein vinn den (inter)nasjonale kampen om kompetansearbeidskraft når «eldrebølga» treff Vest-Europa. 5.2 28 000 vil gå av med pensjon i løpet av ti år Om ein ser vekk frå endringar i arbeidsmåtar, teknologi og andre tiltak som gjer at vi kan løyse oppgåvene som ligg føre oss på en meir effektiv måte i framtida, kan vi talfeste «rekrutteringsbehovet» gjennom å sjå på kor mange som vil gå ut av arbeidsmarknaden grunna alderspensjon dei neste ti åra. I alt vil det vere kring 28 000 lønnstakarar, av i alt 121 000 lønnstakarar i fylket. På landsbasis utgjer delen lønnstakarar i alderen 55 år og eldre 20,1 prosent, medan den i Møre og Romsdal er 3 prosentpoeng høgare og dei utgjer 23,1 prosent. side 15

Tabell 5.1. Lønnstakarar fordelt på region som vil gå av med alderspensjon i eit tiårs-perspektiv Alle lønnstakarar Tal 55 år og eldre Del 55+ (prosent) Nordmøre Romsdal Nordre Sunnmøre Søre Sunnmøre Møre og Romsdal Norge 21 236 32 665 46 370 20 713 120 984 2 531 955 5 020 7 934 10 241 4 803 27 998 508 942 23,6 24,3 22,1 23,2 23,1 20,1 5.2.1 Størst behov innan pleie- og omsorgsarbeidarar, ingeniørar og undervisning Tabell 5.2 (i Appendix) viser kor mange lønnstakarar som er 55 år og eldre i Møre og Romsdal fordelt på yrke, og kor stor del desse utgjer av alle lønnstakarane innanfor desse yrka. Det er pleie og omsorgsarbeidarar som utgjer den største gruppa, med nær 4 000 lønnstakarar i alderen 55 år og eldre i fylket. Av det samla talet lønnstakarar i yrket utgjer dei 26,9 prosent, og dette betydeleg høgare enn snittet i landet. Innanfor ingeniørar og utdanningsyrka er det og mange i aldersgruppa 55 år og eldre, høvesvis nær 1 900 i kvar av dei to yrkesgruppene. Her skil ikkje delen seg mykje frå landssnittet, men yrka er strategiske viktige og på sikt vil det bli (enda) større konkurranse om arbeidskrafta. Mangelen på kvalifisert personell innan undervisning og helse- og omsorg vert peika på av Kompetansebehovsutvalget. I tillegg peikar dei på IKT og fagarbeidarar innan bygg og anlegg. Innan bygg og anlegg er delen som er 55 år og eldre høgare i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet. Det gjeld både byggarbeidere og helpearbeidere innen bygg og anlegg. Innanfor IKT ligg delen 55 år og eldre over landsgjennomsnittet på Nordmøre og i Romsdal. Særleg Nordmøre ser ut til å ligge langt over landsgjennomsnittet. På Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre ligg delen eldre i IKT yrka under landsgjennomsnittet. 5.2.2 Mange over 55 i kommunal sektor Figur 5.4 (i Appendix) viser at kommunal sektor har mange sysselsette over 55 år. Det er særleg innan undervisning og ikkje minst helse/pleie/omsorg, der kommunane vil få mange som vil gå av med alderspensjon dei neste ti åra. I den grad kommunane allereie i dag opplever utfordringar med å rekruttere arbeidskraft, tilseier talet på eldre arbeidstakarar i kommunal sektor at dette vil kunne forsterke seg framover. 5.2.3 Vi er avhengige av å kunne rekruttere utafrå Møre og Romsdal Mange av yrka som arbeidslivet vi ha behov for, krev utdanningar som vi per i dag ikkje har utdanningstilbod om i Møre og Romsdal. Det er kanskje heller ikkje grunnlag for, eller realistisk, at vi kan få på plass i Møre og Romsdal. Det betyr at vi må rekruttere denne kompetansen anten gjennom studentar frå fylket som tek utdanninga og kjem att, rekruttering av studentar utanfor Møre og Romsdal, eller rekruttering frå utlandet. Tala i Tabell 5.2 viser eit behov for rekruttering basert på arbeidstakarar som vil gå ut av arbeidsmarknaden med alderspensjon. Dette kjem i tillegg til eksisterande behov for kompetanse, altså det behovet vi har for kompetanse i dag som ikkje vert dekt. side 16

5.3 Utdanningsnivået lågt, men aukar Tilgangen på kompetanse i arbeidsmarknaden kan til ein viss grad illustrerast statistisk gjennom utdanningsnivå i befolkninga. Det hadde vore meir presist med utdanningsnivå til dei sysselsette, men det er lite data tilgjengeleg. Historisk har utfordringa for Møre og Romsdal vore at delen sysselsette med lang høgare utdanning har vore blant dei lågaste av alle fylka. Figur 5.1 Utdanningsnivå i befolkninga, Møre og Romsdal og landet Utdanningsnivå i befolkninga, 16 år og eldre, 2017 50 40 30 20 10 0 27,2 26,2 Grunnskolenivå 41,2 37,4 Videregående skolenivå 3,8 2,9 Fagskolenivå 22,1 23,7 Universitets- og høgskolenivå, kort 5,7 9,7 Universitets- og høgskolenivå, lang Møre og Romsdal Landet Det låge utdanningsnivået i Møre og Romsdal skuldast mellom anna at det er langt lågare del av dei eldre sysselsette som har lang høgare utdanning. Møre og Romsdal har lågast del av befolkninga i alderen 60-66 år som har lang høgare utdanning, og nest lågast del i aldersgruppa 50-59 år av alle fylka. I aldersgruppene under 50 år kjem fylket langt betre ut. Og i aldersgruppa 30-39 år har Møre og Romsdal frå 1996-2016 hatt størst relativt vekst i delen sysselsette med høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 år (Kunnskapsgrunnlag Forskningsrådet, 2018). Innan kort (inntil 3 år) høgare utdanning ser ein det same mønsteret, med lågare del med høgare utdanning i dei eldre aldersgruppene enn i dei yngre. Delen av befolkninga med dette utdanningsnivået er samstundes ikkje spesielt høgt eller lågt samanlikna med dei andre fylka. Møre og Romsdal skil seg frå dei andre fylka først og fremst gjennom at fylket har den høgaste delen av befolkninga med utdanning på fagskulenivå av alle fylka. Fylket har også en høg del med vidaregåande skulenivå, mens ein ikkje skil seg vesentleg ut i delen med grunnskolenivå. 5.3.1 Sysselsetting aukar mest for personar med høgare utdanning Næringslivet i Møre og Romsdal har vore gjennom ein periode med utfordringar i kjølvatnet av nedturen i petroleumsrelatert industri. Utvikling i sysselsetting i Møre og Romsdal dei seinare åra viser at dei med lågast formell utdanning er hardast råka av nedgangen. For dei som berre har grunnskule eller vidaregåande som høgste utdanning har sysselsettinga gått ned sidan 2015, medan den for dei med høgare utdanning har auka, og auka mest for dei med lengst høgare utdanning. Dette syner ein klår trend i arbeidsmarkanden nemleg at etterspurnaden etter høg formell kompetanse aukar. side 17

Figur 5.2 Utvikling i sysselsetting etter utdanningsnivå i Møre og Romsdal 2015-2018 5.5 Ungdom frå Møre og Romsdal søkjer seg i større grad til høgare utdanning Studentar frå Møre og Romsdal kan hentas frå Samordna Opptaks database for høgare utdanning. Der kan ein sjå kvar personar frå Møre og Romsdal har søkt på høgare utdanning. Talet studentar frå Møre og Romsdal har auka år for år, og i 2018 var det kring 5 400 studentar frå Møre og Romsdal som møtte til utdanning ved høgare utdanningsinstitusjonar rundt om i landet. Av desse er kring 2 500 heimhørande i Møre og Romsdal (berekna 700 ved Campus Ålesund). side 18

Appendix Figur 5.3. Lønnstakarar over 55 år etter yrke, og andelen dei utgjer av lønnstakarane innan yrket Yrker Lønnstakarar Andel som er over 55 år 53 Pleie- og omsorgsarbeidere 3 990 26,9 31 Ingeniører mv. 1 855 24,3 23 Undervisningsyrker 1 846 21,4 33 Medarbeidere innen økonomi, administrasjon og salg 1 620 27,4 83 Transportarbeidere og operatører av mobile maskiner 1 560 29,8 22 Medisinske yrker 1 539 21,1 13 Ledere av enheter for vareproduksjon og tjenesteyting 1 480 35,5 81 Prosess- og maskinoperatører 1 242 20,9 52 Salgsyrker 1 213 13,6 24 Rådgivere innen økonomi, administrasjon og salg 1 026 28,0 41 Kontormedarbeidere 861 31,7 71 Byggearbeidere 795 16,0 51 Yrker innen personlig tjenesteyting 791 22,1 91 Renholdere mv. 775 23,8 43 Økonomi- og logistikkmedarbeidere 767 23,6 11 Politikere og toppledere 761 40,7 72 Metall- og maskinarbeidere 736 16,7 12 Administrative og merkantile ledere 723 32,7 Andre yrker 4 418 19,6 side 19

Møre og Romsdal fylkeskommune Molde kommune Ålesund kommune Kristiansund kommune Vanylven kommune Sande kommune Herøy kommune Ulstein kommune Hareid kommune Volda kommune Ørsta kommune Ørskog kommune Norddal kommune Stranda kommune Stordal kommune Sykkylven kommune Skodje kommune Sula kommune Giske kommune Haram kommune Vestnes kommune Rauma kommune Nesset kommune Midsund kommune Sandøy kommune Aukra kommune Fræna kommune Eide kommune Averøy kommune Gjemnes kommune Tingvoll kommune Sunndal kommune Surnadal kommune Rindal kommune Halsa kommune Smøla kommune Aure kommune Figur 5.4 Sysselsette i kommunal etter sektor, 55 år og eldre Tal sysselsette i kommunane etter sektor, 55 år og eldre, 1.12.2017 2000 1800 1600 1400 1200 1000 800 600 400 200 0 01 - Administrasjon 02 - Undervisning 03 - Barnehager 04 - Helse/pleie/omsorg 05 - Samferdsel og teknikk 06 - Annet Møre og Romsdal fylkeskommune side 20

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.08.2019 95509/2019 Maiken Røshol Saksnr Utval Møtedato YN-4/19 Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2019 Kvalitetssystem for seksjon opplæring i bedrift Bakgrunn Seksjon opplæring i bedrift i Utdanningsavdelinga starta i 2018 opp arbeidet med å utarbeide eit overordna kvalitetssystem for seksjonen. Bakgrunnen for dette var å samle prosedyrar og rutinar for arbeidsoppgåvene som blir utført i seksjonen. Dette skal bidra til ein meir heilskapleg måte å jobbe på. I tillegg kan det vere nyttig med eit felles dokument dei tilsette i seksjonen kan bruke for rettleiing i ulike arbeidsprosessar. Dette kan også bidra til at nytilsette lettare får oversikt over arbeidsprosessane i seksjonen. Vurdering: Kvalitetssystemet er under utarbeiding, og første utkast er forventa å vere klart i løpet av hausten 2019. Når første utkast er klart vil det sendast ut til eit utval opplæringskontor, skoler og andre tilsette i utdanningsavdelinga som kan komme med innspel. Deretter vil seksjon opplæring i bedrift gå gjennom dei innkomne innspela og oppdatere kvalitetssystemet. Vidare vil kvalitetssystemet bli lagt fram for Yrkesopplæringsnemnda i sin heilheit. Kvalitetssystemet skal vere eit dokument som blir brukt jamleg og vil bli revidert kvart år eller ved endringar i lov og forskrift som har betydning for innhaldet i systemet. Kvalitetssystemet vil innehalde følgande rutinebeskrivingar: Informasjonsmøte for elevar som har søkt læreplass Formidling av søkarar til læreplass Alternativ fagopplæring Vg3 i skole Godkjenning ny lærebedrift / ny fagleg leiar Dialogmøte mellom OIB og OT NAV samarbeid Teikne og godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt Planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring i bedrift Teoriopplæring i fellesfag for lærlingar som ikkje har gjennomført Vg1 og Vg2 Lærekandidatar Praksisbrevkandidatar Lærlingtilskot til lærebedrifter Tilretteleggingstilskot frå fylkeskommunen UDIR midlar - Tilskot til lærebedrifter som tek inn lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov

Endring av læretid Samling for lærlingar Skolering av fagleg leiar/instruktør Kvalitetssikre opplæring i lærebedrifta Fare for heving / heving av lærekontrakt/opplæringskontrakt/praksisbrev Rutine for gjennomføring av årleg rapportering Rutine for gjennomføring av Lærlingundersøkinga Rutine for gjennomføring av Lærebedriftsundersøkinga Oppmelding til og gjennomføring av fag-/sveine- og kompetanseprøve Praksiskandidat - Oppmelding til og gjennomføring av fagprøve/sveineprøve Dokumentasjon Årets lærling Skolering prøvenemnder Periodisk oppfølging av prøvenemnder Rutiner for skole-nm Seksjonsmøte Måle/vurdere reell praksis på områder der det er utarbeida eit kvalitetsdokument Korrigere / betre områder der det er utarbeidd eit kvalitetsdokument Avviksmelding (Melding om avvik) Rutiner for vedlikehald av kvalitetssystemet Kvar enkelt rutine er bygd opp etter same mal slik at dokumentet blir oversiktleg. Under er eit utklipp frå eitt av dokumenta i kvalitetssystemet. Ein del av rutinane har vedlegg med utdjupande informasjon og aktuelle skjema som skal brukast i arbeidsprosessen.

Utklipp frå kvalitetssystemet Dokument 15: Endring av læretid Møre og Romsdal fylkeskommune Utdanningsavdelinga, Seksjon opplæring i bedrift Godkjent: 2018 Omfatter: Endring av læretid for lærling/lærekandidat Neste revisjon: Vår 2019 Utarbeidd av: Seksjon opplæring i bedrift Forkortingar: Opplæringskontor OK, Enkeltståande lærebedrift LB, Seksjon opplæring i bedrift OIB, Oppfølgingstenesta - OT Anbefalt av: Yrkesopplæringsnemnda Godkjent av: Møre og Romsdal fylkeskommune Referanse: Opplæringslova 4-6. Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt Mål for arbeidsprosessen Sikre at lærlingen sin rett til vidaregåande opplæring blir innfridd. Kvalitetskrav Godkjent lærekontrakt/opplæringskontrakt i henhald til lov og forskrift. Skriftleg informasjon frå bedrifta om endring. Skriftleg informasjon til partane. Metode Arbeidsprosessen startar når fylkeskommunen har motteke informasjon og dokumentasjon om endring i lærekontrakt/opplæringskontrakt. Endringar kan vere: Heving/overgang til ny bedrift. Registrering av stans av ulik årsak (sjukdom, svangerskap, militærteneste eller anna fråvær). Forlenging av læretid av ulik årsak (sjukdom, svangerskap, militærteneste eller anna fråvær). Gjennomføring Vurdere og godkjenne endringar i lærekontrakt/opplæringskontrakt etter informasjon/dokumentasjon og vurdering i henhald til lov og forskrift. Registrere endringar i kontrakten i Vigo Opplæring. Skrive enkeltvedtak med informasjon om godkjent endring og sende til partane i kontrakten. Registrere endringar i opplæringsmappa til lærling/lærekandidat i ephorte. Registreringar Vigo opplæring ephorte opplæringsmappe til lærling/lærekandidat Innmelding av endring til Lånekassen Vedlegg Avtale om endring av læretid

Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemnda tek saka om kvalitetssystem for seksjon opplæring i bedrift til orientering. Erik Brekken fylkesutdanningssjef Bjørnar Loe seksjonsleiar

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.08.2019 95524/2019 Maiken Røshol Saksnr Utval Møtedato YN-5/19 Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2019 Formidling til læreplass 2019 Bakgrunn Tal på søkarar til læreplass Talet på primærsøkarar til læreplass (lærlingar og lærekandidatar) i Møre og Romsdal har vore stigande dei seinare åra. I 2015 var talet på søkarar 1183, og sidan då har talet auka til 1372 i 2018. Tala frå 2019 viser at det har vore ein nedgang til 1264 søkarar i 2019. Både søkarar med rett og utan rett er inkludert i tala, og søkarane er frå både eige og andre fylker. Formidling av læreplassar blir ikkje avslutta før 1. november inneverande år, så tala vil kunne endre seg i løpet av hausten. 1400 1350 1300 1250 1200 1150 Tal på søkarar til læreplass 1100 2015 2016 2017 2018 2019 Tal på søkarar til læreplass Tal på formidla søkarar: Til no er det formidla 892 søkarar til læreplass (774 med første ønske og 118 med lågare ønske, både lærlingar og lærekandidatar). Det er ein liten nedgang frå 2018 då vi formidla 912 søkarar til læreplass. I 2017 formidla vi 851 søkarar. Tilsvarande tal frå 2016 var 765 formidla søkarar. Avviket mellom søkartalet på 1264 og formidla søkarar på 892 er som følger:

128 søkarar har ikkje svart på våre førespurnader. Desse blir kontakta fortløpande. 207 søkarar er framleis ikkje formidla. 61 av desse vil få tilbod om Vg3 i skole og resten vil bli forsøkt formidla til læreplass i løpet av hausten. 37 søkarar er ukvalifisert, har trukket søknaden eller har anna ønske. Vurdering Ein mogleg årsak til nedgangen i søkartala til læreplass kan vere at det i 2019 var færre elevar på Vg2 yrkesfag. Det er denne gruppa elevar som i stor grad søker om læreplass, og det vil då vere ein naturleg nedgang i talet på søkarar til læreplass. Tabellen under viser talet på elevar på Vg2 yrkesfag. Tala er basert på uttrekk 15.august 2019. Skoleår Tal på elevar på Vg2 yrkesfag 2018/19 1843 2017/18 1973 2016/17 2015 Utfordringer med å skaffe nok læreplassar Sjølv om mange av søkarane er formidla så er det framleis mange som står utan eit tilbod. Av dei 207 attståande søkarane til læreplass er det flest søkarar i elektrikerfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget. Dette er ei utvikling vi har sett over fleire år. Tilbod om Vg3 i skole Fylkeskommunen vil opprette klassar med Vg3 i skole sidan det framleis er mange søkarar utan tilbod om læreplass. Tilbod om Vg3 i skole blir i desse faga (såframt nok søkarar): Barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsearbeidarfaget Romsdal vgs Elektrikerfaget Ulstein vgs

Det er utfordrande å skaffe nok læreplassar til alle i desse faga, då det er mange søkarar som konkurrerar om læreplassane. I dei klassane vi har få søkarar sender vi ei liste med kvalifiserte søkarar til skolen, slik at dei kan følge opp kvar enkelt søkar. Tiltak for å auke talet på læreplassar Fylkeskommunen har fleire tiltak for å skaffe fleire læreplassar. Seksjon opplæring i bedrift har fokus på rekruttering av nye lærebedrifter, og det har blitt gjennomført ei marknadsføringskampanje kvar vår dei seinare åra med reklame på bussar. I tillegg arbeidar formidlingsrådgivarane for å auke talet på læreplassar. Formidlingsrådgivarar Det blei vedteke i Utdanningsutvalet at det skulle tilsettast tre formidlingsrådgivarar i faste stillingar etter at prosjektperioden på to år var over. Dei tre er no tilsette og skal vere lokalisert i Molde, Kristiansund og Ålesund. Formidlingsrådgivarane er lokalisert ute på skolene. Dei skal bidra til at heile det fireårige løpet frå Vg1 og til avlagt fagprøve etter læretid skal sjåast i samanheng. I samarbeid med skolene og lokalt og regionalt næringsliv skal dei arbeide for å skaffe fleire lære- og opplæringsplassar. Dei er no i ein prosess med å hjelpe søkarane til å finne seg læreplass. Det gjer dei blant anna ved å gje råd og tips til søkarane i å skrive jobbsøknad og CV. Søkarar som står på venteliste når formidlinga er over får eit brev der vi orientarar om at dei blir overført til Oppfølgingstenesta (OT). OT vil i samarbeid med NAV forsøke å gi søkarane ein praksisplass slik at det kan vere lettare for dei å få seg ein læreplass seinare. Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemnda tek saka om formidling til læreplass 2019 til orientering. Erik Brekken fylkesutdanningssjef Bjørnar Loe seksjonsleiar

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.08.2019 95497/2019 Maiken Røshol Saksnr Utval Møtedato YN-6/19 Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2019 Utdanningsutvalet 05.09.2019 Jenter i elektrofag - status etter eitt år Bakgrunn Jenter i elektrofag er eit likestillingsprosjekt som skal gå over to år. Saka blei tatt opp til behandling i Yrkesopplæringsnemnda i april 2018 og det blei vedtatt at prosjektet skulle starte opp 1. august 2018, sak YN-8/18. Bakgrunnen for at prosjektet blei starta var eit stort behov for faglærte innan elektrofag, og at det er ein liten del kvinner i desse yrka. Prosjektet skal bidra til at fleire jenter i skolen skal velje elektrofag. I oktober 2018 fekk Utdanningsavdelinga ein førespurnad frå Barne- og likestillingsdepartementet der dei etterspurte lokale tiltak for å motverke kjønnstradisjonelle utdannings- og yrkesval. Jenter i elektrofag er eit slikt tiltak og er eit bidrag i likestillingsarbeidet. Prosjektet skal opne valhorisonten slik at elevane blir bevisste på at dei kan velje utradisjonelt. I starten var prosjektet avgrensa til Nordmøre og Romsdal, men etterkvart blei også Sunnmøre inkludert på grunn av stor interesse for prosjektet her. Vurdering Prosjektleiar Anne Hilde Moldver har sidan prosjektet starta utført ei rekke aktivitetar. Desse aktivitetane skal bidra til å auke interessa for elektrofaga blant jenter når dei søker vidaregåande opplæring. Moldver har mellom anna deltatt på Karrieredagane i Molde, Kristiansund og Surnadal. Like etter karrieredagane var det ei auke i talet frå 2017 på elevar frå 10. klasse som valde å hospitere i elektrofaga. Mediedekning Prosjektet har blitt marknadsført i media ved hjelp av pressemelding, radiointervju, artiklar i aviser og via sosiale media. I løpet av hausten 2019 vil prosjektet marknadsførast aktivt over heile fylket. Det er laga rollups og flygeblad om prosjektet. I tillegg blei det laga genserar som brukast av jentene som deltek på karrieredagane, dei som er ute på skolebesøk og under andre arrangement. Det er skaffa fleire genserar som skal nyttast for å marknadsføre prosjektet i ulike samanhengar. Prosjektet har ei eiga Facebook-gruppe med eit nettverk for jenter i elektrobransjen i fylket. Det har vore utfordringar med å auke talet på medlemmar i gruppa, og det vil arbeidast vidare for å skape aktivitetar og auke medlemstalet. Jentelunsjar Det blei arrangert «jentelunsjar» der det blei samla jenter frå Vg1 elektrofag, byggog anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon. Dette bidrog til at jentene

blei kjent med kvarandre. I tillegg var målet å skape eit miljø der dei kunne dele erfaringane med å vere jente i eit miljø dominert av gutar. Det blei stor interesse for jentelunsjane og det var positive tilbakemeldingar frå deltakarane. Det er ønskeleg å gjennomføre slike samlingar på dei største vidaregåande skolane i fylket. Fagkveld Prosjektet blei også presentert på fagkvelden ved Kristiansund vidaregåande skole for lærarar og elektrobedrifter i Nordmørsregionen. Erfaringane frå fagkvelden syner at det må arbeidast for å betre haldningane til bedriftene slik at dei ser fordelane med å ha jenter som lærling i elektrofaga. Nettverksmøte og skolebesøk Prosjektet blei presentert på nettverksmøte for rådgivarar. For at rådgivarane på ungdomsskolen skal gi elevane god rettleiing må dei ha kunnskap om yrkesfag. Vidare er det viktig at dei får informasjon om kva mulegheiter som fins etter oppnådd fag- og sveinebrev for både gutar og jenter som vel utradisjonelt. Det blei også gjennomført skolebesøk på ungdomsskolar. Formålet var å opplyse elevane om fordelane med å velje utradisjonelt, og om kva for mulegheiter dei har når dei vel elektrofag. Det er panlagt å gjennomføre skolebesøk i løpet av skoleåret 2019/2020 også. Forslag til vedtak: Yrkesopplæringsnemnda tek saka om jenter i elektrofag status etter eitt år til orientering. Erik Brekken fylkesutdanningssjef Bjørnar Loe seksjonsleiar Vedlegg 1 Rapport etter første år, 2018-2019

Jenter i elektrofag 2018 Hva gjorde vi og hva gjør vi videre rapport etter 1.år

Innhold Innledning...3 Aktiviteter...3 Karrieredager...3 Mediadekning...3 Jentelunsj...4 Deltakelse på Fagkveld ved Kristiansund videregående skole...4 Deltakelse på Rådgivernettverksmøte...4 Besøk på ungdomsskoler...4 Facebook-gruppe...4 Resultater/tall/effekt...4 Karrieredager...4 Mediadekning...5 Jentelunsj...5 Deltakelse på Fagkveld ved Kristiansund videregående skole...5 Refleksjoner og videre arbeid...5 Karrieredager...5 Profileringsutstyr...5 Mediadekning...6 Jentelunsj...6 Deltakelse på Fagkveld ved Kristiansund videregående skole...6 Deltakelse på Rådgivernettverksmøte...6 Besøk på ungdomsskoler...6 Facebook-gruppe...6 Prosjektansvarlig: Møre og Romsdal fylkeskommune, utdanningsavdelinga, Opplæring i bedrift Prosjektleder: faglærer i elektrofag Anne Hilde Moldver 20% ressurs Prosjektperiode: 01.08.2018 31.07.2020 2

Innledning Stortingsmelding 7 (2015-2016): "Kunnskap om hvilke utdannings- og yrkesmuligheter som finnes er avgjørende for at unge skal foreta gode utdannings- og yrkesvalg, uavhengig av kjønn. Rådgivningen i skolen og annen karriereveiledning spiller en viktig rolle. Samtidig vil unges holdninger til ulike utdanninger og yrker preges av familie, venner, nærmiljø og hvordan samfunnet, medier og utdanningsinstitusjonene selv fremstiller dem. Å se at andre har gått foran og lyktes er viktig for unge som ønsker å velge utradisjonelt."(s.26). «.Målsettingen er å sikre at det er elevenes kompetanse og interesser som bestemmer deres valg av videregående opplæring, ikke elevens kjønn» ( Stortingsmelding 7, s.28). I stortingsmeldingen sies det at holdninger hos den enkelte og endringer i samfunnsstrukturer er arbeid som kreves for likestilling mellom menn og kvinner. Endringer krever tid, og må derfor være langsiktig og målrettet. Endringer krever bevissthet og kunnskap om hvordan kjønn påvirker muligheter og valg. I lys av stortingsmelding nr.7 ble det tatt initiativ av Møre og Romsdal Fylkeskommune til å gjennomføre dette prosjektet. Prosjektet er toårig og går fra 01.08.2018 til 31.07.2020, med en ressurs på 20%. Ansvarlig for utførelsen av prosjektet er prosjektleder Anne Hilde Moldver. Anne Hilde har fagbrev som elektriker, har utdanning som fagtekniker elkraft og ingeniør elkraft. Anne Hilde jobber i dag som programfaglærer i elektrofag på Romsdal videregående skole. Målet med prosjektet er å få flere jenter til å vurdere og søke seg til elektrofagene. Det geografiske området var først tenkt å dekke Nordmøre og Romsdal med Sunnmøre som kontrollgruppe. Men etter hvert er også Sunnmøre tatt med inn i prosjektet. Prosjektet er i tråd med regjeringens ønsker. Aktiviteter Karrieredager Jenter i elektrofag har deltatt på karrieredagene i Molde, Kristiansund og Surnadal. I Molde varte karrieredagene i tre dager, mens de i Kristiansund og Surnadal hadde en dag hver. Mediadekning Markedsføring ved hjelp av media. Det ble sendt ut pressemelding om prosjektet der vi fikk god respons fra NRK- Møre og Romsdal i form av radiointervju og vi hadde en flott artikkel over to sider i Romsdals Budstikke. Ellers ble det registrert oppslag i Aura-Avis. Pressemeldingen ble også delt på Facebook. Noen uker før søknadsfristen til videregående utdanning gikk ut, ble det kjørt kampanjer rettet mot jenter i aktuell alder på sosiale medier i Møre og Romsdal.

Jentelunsj Det er holdt 2 jentelunsjer ved Romsdal videregående skole. Prosjektet har spandert mat og drikke til jentene. På samlingene har det vært jenter fra elektro, byggfag og TIP. Vi valgte å samle alle jentene som har valgt utradisjonelt da vi så at nytteverdien av det ble større og jentene fikk stiftet vennskap på tvers av avdelingene. På den måten fikk de også dra nytte av hverandres kunnskap og erfaringer faglig og det å være jente i et guttedominert skole - og arbeidsmiljø. Det ble gjort forsøk med å få til jentelunsj på Kristiansund videregående skole, men det ble utsatt da dato passet dårlig for jentene. Deltakelse på Fagkveld ved Kristiansund videregående skole Deltakere på denne konferansen var lærere og elektrobedrifter på Nordmøre. Møtet ble holdt i regi av formidlingskoordinatoren for Nordmøreregionen. På møtet fikk vårt prosjekt presentert seg og vi informerte om hvorfor det er viktig å ha fokus på at jenter har mye å bidra med i elektrofagene. Arbeidsmarkedet er fortsatt sterkt preget av tradisjonell kjønnsdeling selv om ungdommen i prinsippet kan velge fritt. Vi vil bidra til å bevisstgjøre ungdommen om det kjønnssegregerte arbeidsmarkedet og at de skal velge det de har lyst til. Deltakelse på Rådgivernettverksmøte Vi fikk noen minutter til å informere om prosjektet og hvorfor dette er viktig. Besøk på ungdomsskoler Jenter i elektrofag har vært på 3 skolebesøk. Vi fikk en hel skoletime til å presentere prosjektet ved hvert besøk der vi snakket om hvorfor man velger tradisjonelt, fordeler med å velge utradisjonelt, og om muligheter ved å velge elektrofag. Dette var et positivt tiltak. Det var avtalt 5 skolebesøk til som måtte avlyses da prosjektleder ble satt ut på grunn av sykdom en periode. I sykemeldingsperioden var det planlagt sterkt fokus på å gjennomføre flest mulig skolebesøk som dessverre ikke ble gjennomført. Facebook-gruppe Det er opprettet en Facebookgruppe «Jenter i elektrofag, Møre og Romsdal». Gruppen er ment til å kunne danne et nettverk blant jenter i elektrobransjen i Møre og Romsdal. Resultater/tall/effekt Ikke alle aktiviteter lar seg direkte måle, og noen av aktivitetene vil man først se virkningene av etter noe tid. Under er det beskrevet hva man har kunnet se av effekt og resultater så langt. Karrieredager Kort tid etter at karrieredagene var over, skulle tiendeklassene på hospitering. Tall fra de ulike skolene viser at det er flere jenter som har søkt hospitering på elektrofag i 2018 enn i 2017. På karrieredagene i Kristiansund, viste NEAS stor interesse for prosjektet og vi fikk være med på en video de laget i forbindelse med karrieredagene. Videoen ble delt på Facebook. 4

Hospitering ved elektrofag Skole 2017 2018 Romsdal VGS 3 20 Kristiansund VGS 1 4 Surnadal VGS 0 3 Rauma VGS? 3 Sunndal VGS?? Mediadekning Radiointervjuet ble fanget opp av El- og IT-forbundet, der prosjektet ble med som innleder på Klubblederkonferansen i Kristiansund i november 2018. Jentelunsj Vi har fått positive tilbakemeldinger fra jentene på disse lunsjene, og det er stor oppslutning rundt arrangementet. Jentene spør stadig om når neste møte blir. Deltakelse på Fagkveld ved Kristiansund videregående skole På dette møtet ble det interessante diskusjoner om holdninger angående jenter som lærlinger/fagarbeidere i elektrofaget. Refleksjoner og videre arbeid Karrieredager De økte tallene fra hospiteringen kan tolkes å ha sammenheng med deltakelse på karrieredagene. Konkusjonen er derfor at karrieredagene er en viktig arena for rekruttering og bør videreføres. Profileringsutstyr Til prosjektet er det laget 2 rollups og det er trykket opp flygeblad. Dette har fungert tilfredsstillende så langt. I løpet av karrieredagene fant vi ut at vi kunne ha stor nytte av å være mere synlig i form av bekledning. På den måten ville vi skille oss mer ut og være blikkfang i stedet for å «drukne» i mengden. Vi valgte derfor å bestille noen gensere som sto i stil med rollupsene. Resultatet ble noen knall orange gensere som synes godt. Det ble i første omgang bestilt fire gensere som vi låner ut til jenter som er med på skolebesøk og andre arrangement. Genserne er veldig populære og det er flere elever, lærlinger og montører som kunne tenke seg en slik genser. Det er bestilt 24 gensere til som vi planlegger å gi til jenter som er med på karrieredager og skolebesøk.

Mediadekning Det hadde vært ønskelig med større oppslutning av pressemeldingen, men den oppmerksomheten vi fikk var god. Prosjektet startet med Nordmøre og Romsdal som hovedområde og senere utvidet til også å gjelde Sunnmøre. Høsten 2019 vil vi gå aktivt ut for å skaffe mediaoppmerksomhet for «Jenter i elektrofag» over hele fylket. På klubblederkonferansen ble det antydet at et samarbeid mellom «Jenter i elektrofag» og El- og IT-forbundet kunne være aktuelt. Vi vil derfor ta kontakt med El- og IT-forbundet og finne mulighet for å få til et samarbeid. Jentelunsj På bakgrunn av de positive tilbakemeldingene fra jentene er det ønskelig å fortsette med denne aktiviteten. Vi skal forsøke å få til slike lunsjer/samlinger på de største videregående skolene i fylket. Deltakelse på Fagkveld ved Kristiansund videregående skole Holdningene som kom frem under diskusjonene om jenter i elektrofag vitner om at det er mange forestillinger ute hos bedriftene som ikke taler til jentenes fordel. Det bør derfor arbeides mye for å bedre holdningene til bedriftene når det gjelder å ta inn jentelærlinger. Deltakelse på Rådgivernettverksmøte Erfaringsmessig vet vi at informasjonen elevene får fra rådgiverne i ungdomsskolen er noe svak når det gjelder yrkesfag og mulighetene etter fagbrev. De er heller ikke nok oppdatert på hva arbeidsmarkedet etterspør. Det bør derfor jobbes aktivt med å få mer innpass i rådgivernettverksmøtene for å informere om hvilke muligheter man har om man velger yrkesfag. Dette gjelder både gutter og jenter i utradisjonelle fag. Besøk på ungdomsskoler Å få innpass på ungdomsskolene har vært utfordrende. Når vi endelig fikk mulighet fikk vi relativt god respons. Med det erfaringsarbeidet som ble gjort dette året, vil vi starte kommunikasjonen med skolene tidligere om slike skolebesøk. Facebook-gruppe Det er utfordrende å få medlemmer til denne gruppen. Vi er avhengig av at de som allerede er medlemmer sprer ordet videre og legger til kjente. Denne prosessen tar nok litt tid. Det vil jobbes videre med å skape aktiviteter og øke antall medlemmer i gruppen. 6

Postboks 2500, 6404 Molde (postadresse) Julsundvegen 9, 6412 Molde (besøksadresse) Tlf: 71 28 00 00 E-post: post@mrfylke.no Web: mrfylke.no 8

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.08.2019 95383/2019 Bjørnar Loe Saksnr Utval Møtedato YN-7/19 Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2019 Utdanningsutvalet 05.09.2019 Årsrapport for yrkesopplæringsnemnda 2018 Bakgrunn Yrkesopplæringsnemnda har etter lovendringa i 2007, ein rådgjevande funksjon for Møre og Romsdal fylkeskommune når det gjeld fag- og yrkesopplæringa i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har det faglege og administrative ansvaret på området, men har plikt til å legge fram for yrkesopplæringsnemnda alle saker om kvalitet i fag- og yrkesopplæringa før dei vert handsama i fylkespolitiske organ. Organiseringa går fram av Opplæringslova, og lova gir føresegner om m.a. rettar og plikter for lærlingane og bedriftene og om fag- og sveineprøver. Yrkesopplæringsnemnda hadde i 2018 6 møte og handsama 21 saker i tillegg til 19 referatsaker. I mars og oktober var det fellesmøte med utdanningsutvalet. Val av yrkesopplæringsnemnd følger fylkestingsperioden: Medlemmar i yrkesopplæringsnemnda Kari Hoset Ansnes Elin Ous Bjørnar Dahle Odd Kåre Amundsgård Anne Mari Pilskog Inger Mette Stenseth Kent Logan Hjelle Victoria Hide/Janita Kvistad Hanne Notøy Bjarne Storfold Elde Kirsti K. Ringdal Ole Bjørn Helberg Representerer: LO Møre og Romsdal NHO Møre og Romsdal LO Møre og Romsdal NHO Møre og Romsdal KS Virke Repr. elev/lærling/lærekandidat Repr. elev/lærling/lærekandidat Møre og Romsdal fylkeskommune (regional og næringsutvalet) Møre og Romsdal fylkeskommune (utdanningsutvalet Observatør NAV Observatør Utdanningsforbundet Flest vel yrkesfag I Møre og Romsdal vel framleis over halvparten av ungdomane yrkesfag. Det gjer oss til eit av dei største yrkesfagfylka i landet.

I skoleåret 2018/19 var inntatte elevar med ungdomsrett, både eigne og gjesteelevar, valde 1921 ungdomar yrkesfaglege studieprogram, medan 1615 valde studieførebuande utdanningsprogram. Inntatte elevar med ungdomsrett, både eigne og gjesteelevar, VG1 Tal elevar Endring 2017 til 2018 Per september 2016 2017 2018 Tal elevar Del Studieførebuande utdanningsprogram (ST) 1 741 1 774 1 615-159 -9 % Yrkesfaglege utdanningsprogram (YF) 2 023 1 895 1 921 26 1 % Totalt 3 764 3 669 3 536-133 -4 % Utdanningstype Utdanningprogram ST Idrettsfag 229 260 237-23 -9 % ST Kunst, design og arkitektur 51 51 52 1 2 % ST Medier og kommunikasjon 150 122 97-25 -20 % ST Musikk, dans og drama 122 131 128-3 -2 % ST Studiespesialisering 1 189 1 210 1 101-109 -9 % YF Bygg- og anleggsteknikk 221 190 189-1 -1 % YF Design og håndverk 122 103 92-11 -11 % YF Elektrofag 315 299 312 13 4 % YF Helse- og oppvekstfag 508 498 506 8 2 % YF Naturbruk 100 118 102-16 -14 % YF Restaurant- og matfag 121 119 95-24 -20 % YF Service og samferdsel 139 143 140-3 -2 % YF Teknikk og ind. produksjon 497 425 485 60 14 % Vurdering Arbeid med å skaffe fleire læreplassar I 2015 kom det eit fall i oljeprisen, noko som fekk store konsekvensar for mange næringar i Møre og Romsdal. Båtar vart lagt i opplag, arbeidstakarar vart permitterte eller oppsagde. Det er fortsatt etterslep etter fallet i oljeprisen, og dette påverkar lærlingesituasjonen innan fleire fag. Det er fortsatt vanskeleg å få lærlingplassar innafor industrien, maritime fag og elektrofag, kor vi i 2018 oppretta Vg 3 i skole på Ulstein og Kristiansund vidaregåande skole. Og innafor helse- og oppvekstfag er det ei utfordring med å skaffe nok læreplassar. I 2018 har vi godkjent 127 fleire lære og opplæringskontraktar enn i 2017. Utdanningsavdelinga arbeider kontinuerlig med å auke talet på læreplassar og sette i verk fleire tiltak for å prøve å skaffe fleire læreplassar. Det vart sett i gang ei kampanje, Yrkesfagenes år, for å sette yrkesfag og mangel på læreplassar i fokus.

Kampanjen retta seg mot bedrifter. Det var reklame på bussar og terminalar, samt informasjon på fylkeskommunen sine heimesider og andre sosiale media. For tredje år på rad igangsette utdanningsavdelinga aksjon; Tenk framtid Bli lærebedrift.

Talet på inngåtte lærekontraktar: Dei siste åra har fylkeskommunen måtte opprette fleire klassar med alternativ opplæring på VG3 nivå for å dekke opp mangelen på læreplassar. I 2017 blei det oppretta VG3 elektro i Ulstein, byggfag i Fræna, helse og oppvekst ved Romsdal, IKT servicefag ved Ålesund og sveisefaget ved Haram. I YN-1/17 blei det oppretta fire regionale stillingar som formidlingskoordinatorar i full stilling for to år. Ansvaret til koordinatorene er å jobbe målretta for økt formidling av lærlingar og lærekandidatar. Dei skal også i samarbeid med leiingane i skolane og YFF-lærarar rekruttere nye lærebedrifter. 1. oktober 2017 var alle fire på plass i sine regionar. Effekten av dette arbeidet vil vi sjå i 2018/19. I YN-2/17 fekk dei yrkesfaglege nettverka utvida oppgåver og ressursar for å styrke deira arbeid med å skaffe fleire læreplassar. Mellom anna fekk kvar nettverksleiar auka sin ressurs tilsvarande 5 prosent stilling. Fylkeskommunen har tru på at eit betre samarbeid mellom skole og arbeidsliv er vegen å gå. Ved at elevane får god praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) og god dialog mellom aktørane i yrkesopplæringa er viktig. Hospitering av lærarar og instruktørar kan vere med på å skape slike samarbeidsarenaer. Det er også ei stor utfordring å få nok læreplassar i kommunane. KS har tidlegare anbefalt at kommunane bør ta inn 1 lærling pr. 1000 innbyggjarar. Ut i frå dei tala så er det ein del kommunar som har tatt inn lærlingar i samsvar med det måltalet. No har KS endra måltala og meiner at kommunane bør ta inn 2 lærlingar pr. 1000 innbyggarar. Det er mange søkarar til læreplass i helsearbeidarfag og barne- og ungdomsarbeidarfaget så vi måtte, som nemnt tidlegare, opprette alternativ VG3 også for desse faga.

God rådgiving og karriererettleiing til elevar er eit viktig tiltak slik at elevar som søkjer yrkesfag får god rettleiing om kva moglegheit dei har for å få læreplass i eit fag og seinare arbeid. «Yrkesfagenes år» 2018 var «Yrkesfagenes år». Planlegginga av dette byrja allereie i 2017. «Yrkesfagenes år» er ein omdømmekampanje på nett og sosiale medier. Kampanjen skal spre informasjon om moglegheiter innan fag og yrkesopplæring og auke interessen for yrkesfaga. Eit av måla er felles innsats for å skaffe fleire læreplassar, og å sjå samanhengen med arbeidet i «samfunnskontrakt for fleire læreplassar 2016-2020». Vi byrja også arbeidet med ei lokal samfunnskontrakt i 2017. Vekslingsmodell Møre og Romsdal fylkeskommune starta hausten 2014, eit forsøk med vekslingsmodell i helsearbeidarfaget ved Kristiansund vidaregåande skole. Det var 13 elevar som starta med eit fireårig løp mot fagbrev. Det er då ei veksling mellom skole og arbeidsliv alle fire åra, med ei gradvis auke i praksis. Det vert ikkje starta opp eit nytt tilbod med denne modellen foreløpig. Det er ei utfordring å skaffe nok læreplassar i kommunane også for desse elevane. Ålesund vidaregåande skole starta opp med ein vekslingsmodell i service og samferdselfag i 2014. Tilbodet er over fire år og elevane vil få generell studiekompetanse i tillegg til fagbrev. Dei er no inne i sitt 3. opplæringsår. I 2015 starta Kristiansund vidaregåande skole eit liknande tilbod, dei er no inne i sitt 2. opplæringsår. Praksisbrev Kristiansund vidaregåande skole fortsette med praksisbrev skoleåret 2018/19. Tilbodet er meint for ungdom som har lettare for å lære av praktisk arbeid enn av teoretisk opplæring i skole. Elevane er 4 dagar i bedrift og ein dag i skole i to år. Den dagen dei er på skole vert det undervist i fellesfaga, matematikk, norsk og samfunnsfag. Modellen vi i Møre og Romsdal har utvikla der praksisbrevet er organisert liknande eit opplæringskontor, der ein tilsett ved skolen tek seg av oppfølginga av kandidatane og lærebedriftene, blir vidareført. Skolen bidreg med utarbeiding av lokalt tilpassa læreplanar og har eit auge med opplæringa også ute i bedrift. Frå i år skal ein nytte ordinære prøvenemnder ved utarbeiding og gjennomføring av praksisbrevprøva. I Kristiansund er det no 12 kandidatar på kontrakt. Fem av dei på Vg1 og 7 er framleis med vidare på Vg2. Fleire av desse Vg2-kandidatane har fått lovnad om å få fortsette som lærlingar etter at praksisbrev-perioden er over. Skolen tilbyr fellesfag-opplæring for det tredje året og det er no seks som nyttar seg av dette tilbodet etter å ha blitt lærlingar.

Vaksenopplæring Vaksenopplæringstilbod finn vi over heile fylket. Åtte av dei vidaregåande skolane i fylket har hatt tilbod om ulike yrkesfaglege kurs, fire har hatt tilbod om generell studiekompetanse. Det vart arbeidd med utvikling av tilbod innanfor fleire yrkesfag i samarbeid med andre aktørar i 2018, dette arbeidet held fram i 2019. Det er framleis flest vaksne innafor helse- og oppvekstfaga, størstedelen er minoritetsspråklege, og her arbeider ein no saman med kommunar og lokale NAVkontor om ulike pilotar for å finne ein god samarbeidsmodell. Vi har og ein pilot innafor TIP-faga i gang dette skoleåret. Denne modellen skal vidareførast til andre fag dersom den er vellukka. I 2017 vart det gjennomført om lag 600 realkompetansevurderingar og 52 ulike kurs for meir enn 700 elevar, noko som er ein markant nedgang i høve dei tre førre åra. Hovudårsak er at målgruppa har endra seg mykje dei siste to åra. NM i yrkesfag Yrkes-NM vart arrangert 23. 25. oktober 2018 Hellerudsletta, Oslo/Akershus Lærlingar frå Møre og Romsdal fylkeskommune oppnådde følgande plasseringar: 1. plass Johannes Rønning, Anleggsmaskinfører 1. plass Sigurd Hatlen og Odd Helge Oksavik Juva, Automatiker (lagkonkurranse) 2. plass Weng I Ho, Design og søm 1. plass Jørgen Andreas Mo, Elektriker 3. plass Arne Kristian Birkelund Bævre, Servitør 3. plass Fredrik Sæther, Sveiser Yrkes-EM 2018 vart arrangert 25.-29. september 2018 i Budapest, Ungarn Lærlingar frå Møre og Romsdal fylkeskommune oppnådde følgande plasseringar: 4. plass Vinjar Vederhus (Ekornes) og Espen Brandtzæg Godø (Nordvest Miljø) Skole-NM Det har vore arrangert lokale skolekonkurransar og fylkesmeisterskap i ein del yrkesfag hausten 2017 og våren 2018. Det har vorte arrangert konkurransar i følgjande fag * Bilfaget, leitte køyretøy * Bilskade, lak og karosseri * TIP industrifag * Kulde- og varmepumpeteknikk * Frisør * Interiør og utstillingsdesign * Design og tekstil * Kokk- og servitør

Kristiansund vgs og Borgund vgs har arrangert ordinære fylkesmeisterskap med deltakarar frå fleire skolar. I enkelte fag har lokale skolekonkurransar fungert som fylkesmeisterskap der det har vore meldt på berre ein skole. Vinnarane frå fylkeskonkurransane deltok i etterkant på skole-nm 2018 som gjekk av stabelen i Hedmark og Trøndelag i april månad. Fylket hadde 2 deltakarar i Trøndelag i faga kokk og servitør. Film og media frå Fræna vgs tok bronsemedalje i servitørfaget. I Hedmark deltok Møre og Romsdal fylkeskommune i faga kulde og varmepumpemontør, automatisering (lag på to), industrimekanikar, manuell maskinering, sveising, bilfag, leitte køyretøy og billakkering/bilskade, interiør og utstillingsdesign, design og saum. Kim Taeyeong, Borgund vgs, Møre og Romsdal tok gull i design og saum. Anton Nautnes, Romsdal vgs, Møre og Romsdal tok sølv i industrimekanikar. Ole Martin Glåmen, Haram vgs, Møre og Romsdal tok bronse i kulde- og varmepumpemontør. Lærlingundersøkinga Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføra for fylkeskommunane. Det er frivillig for lærlingane å svare på undersøkinga. Vi har tidlegare hatt ein jamn auke i talet på lærlingar som har svara på undersøkinga, men i 2016 vart det ein svarprosent på 39 prosent. I 2011 greidde vi i fellesskap med opplæringskontora å auke svarprosenten til 53% (47% i 2017). Hovudkonklusjonen er at lærlingane trivst og har eit godt læringemiljø. Nokre få område får litt låg score. Det er på område som medverking, om lærlingane deltek aktivt med å planleggja eiga opplæring og på dokumentasjon, om det er skriftleg dokumentasjon på opplæringa. Somme lærlingar meiner at dei er litt lite førebudd på fagprøva. Dette prøver vi å retta på med å ha samtalar med opplæringskontora og gjennom lærlingsamlingar. Lærebedriftundersøkinga Parallelt med lærlingundersøkinga gjennomfører fylkeskommunen lærebedriftsundersøking. I denne undersøkinga får lærebedrifta seie si meining om læremiljøet og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Begge undersøkingane inngår som ein del av arbeidet med kvalitetsutvikling i fagopplæringa. I 2018 var svarprosenten på lærebedriftsundersøkinga på 78% (50% i 2017). På lærebedriftsundersøkinga oppnådde Møre og Romsdal fylkeskommune best svarprosent av alle fylkene. Gjennomgåande er det tilfredstillande resultat i undersøkinga. Ein kunne likevel ynskja noko meir samarbeid mellom lærebedriftene og skolane for å sikra best mogleg overgang frå skole til læreplass og i YFF (faget yrkesfaglig fordypning tidlegare PTF).

Ny lærling- og lærebedriftsundersøking frå 2018. Udir har i eit samarbeid med ei referansegruppe frå 3 fylkeskommunar jobba med å vidareutvikla undersøkingane. Her har Møre og Romsdal fylkeskommune delteke. I 2018 vart lærlingundersøkinga ny og forenkla. Lærebedriftsundersøkinga vert også forenkla. Den har blitt todelt. Ein del for lovpålagte rapportoppgåver for Opplæringskontor og lærebedrifter, samt for frittstående bedrifter (ny rapportmodul). Del to vil vera frivillig og fokusera på kvaliteten i læringsmiljøet fagleg og (psyko)sosialt. Årleg rapportering blei gjennomført for første gang i 2018 og her blei svarprosenten 71%. I rapportmodulen blir det dokumentert at det meste er på plass i Opplæringskontor og medlemsbedrifter, samt frittstående lærebedrifter. Gjennomgåande framstår intern opplæringsplan, representant for de ansatte og kjennskap til prosedyre for heving av lærekontrakt som områdene med størst utviklingspotensiale. Lærlingsamlingar For å auke kvaliteten på fagopplæringa held Møre og Romsdal fylkeskommune faste årlege samlingar for både 1. års lærlingar og 2. års lærlingar. Dette er blitt teke godt i mot av lærlingane og det har vore stor deltaking. Vi har samling for 1. års lærlingar om hausten. På desse samlingane får lærlingane mykje nyttig informasjon om plikter og rettar og mange gode råd frå starten ute i bedrift. Vi har samling for 2. års lærlingar om våren. På desse samlingane er fokuset retta mot fagprøven og arbeidssøk. Lærlingane får òg moglegheit til å lufte saker og stille spørsmål dei lurar på mot slutten av læretida. 405 1. års lærlingar deltok på samling i 2018 og 375 2. års lærlingar. Instruktørkurs Vi held årlege kurs for nye faglege leiarar/instruktørar som skal rettleie lærlingar og lærekandidatar i bedrift. God rettleiing er ein føresetnad for god opplæring og ny rekruttering av fagarbeidarar. Kursa blir godt motteke og deltakarane får med seg nyttig verktøy med praktiske opplysningar til hjelp for å lykkast i arbeidet med lærlingane. Hausten 2018 deltok 314 faglege leiarar/instruktørar på desse kursa. Ny periode for prøvenemnder, 2020-2024 Vi er i gang med arbeidet med å få på plass nye prøvenemnder for perioden 2020 til 2024. Prøvenemndene består av kompetente fagarbeidarar som gjennomfører fag-, sveine- og kompetanseprøver. Prøvenemndene har ei viktig oppgåve med å sikre og å utvikle kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa. Arbeidet til prøvenemndene legg føringar for den faglege standarden på norske fagarbeidarar. Fylkeskommunen hentar inn forslag til medlemmar frå partane i arbeidslivet. Vi kan også om naudsynt hente inn forslag frå andre.

Når dei nye nemndene er på plass i 2020 blir alle kalla inn til 2-dagers kurs i regi av fylkeskommunen. Fagprøver Det har vore gjennomført 1662 fagprøver i 2018 mot 1672 i 2017. I 2018 var det totalt 1598 bestått 64 ikkje bestått Lærlingar 941 bestått 33 ikkje bestått Skoleelevar 188 bestått 16 ikkje bestått Praksiskandidatar 448 bestått 15 ikkje bestått

Forslag til vedtak: Årsrapport for yrkesopplæringsnemnda 2018 blir tatt til orientering. Erik Brekken fylkesutdanningssjef Bjørnar Loe seksjonsleiar

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 02.05.2019 40401/2019 Monica Solheim Saksnr Utval Møtedato UD 15/19 Utdanningsutvalet 09.05.2019 20/19 Fylkesrådmannens tilråding 16.05.2019 U 62/19 Fylkesutvalet 03.06.2019 UP 22/19 Ungdomspanelet 17.06.2019 T 25/19 Fylkestinget 17.06.2019 RS-10/19 Yrkesopplæringsnemnda 29.08.2019 Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2019-2023 Bakgrunn Fylkestinget vedtok i sak T-78/09 den overordna strategien for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring Møre og Romsdal. I det overordna strategidokumentet blir det gjort nærare greie for arbeidet med sikring-, utvikling og vurdering av kvalitet i opplæringa. I følge strategien skal fylkestinget kvart år behandle plan for kvalitet, jf. sak T-30/10 og melding om kvalitet jf. sak T-75/10. Framlegg til kvalitetsplan for 2019-2023 og høyringsinnspel ligg ved saka. Kvalitetsplanen vart sendt på høyring til aktuelle høyringsinstansar, i tillegg var det open høyring av kvalitetsplanen på mrfylke.no. Kvalitetsplanen tek utgangspunkt i opplæringslova med tilhøyrande forskrifter, samt nasjonale og lokale satsingsområde og prioriteringar i arbeid med læring, og elevane og lærlingane sitt utbytte av opplæringa. Målet med kvalitetsarbeidet er utvikling. Vi bruker det vi veit om læringsmiljø og læringsresultat for å vurdere korleis opplæringa for elevar og lærlingar i Møre og Romsdal kan bli enda betre. Kvalitet i opplæringa blir målt i kva grad dei politisk fastsette sektormåla, dei nasjonale måla og dei lokale måla for opplæringa, blir nådd. Desse måla kjem til uttrykk i kvalitetsplanen. Om struktur og oppbygging av kvalitetsplanen Kvalitetsplanen er delt inn i fire hovudområde: læringsmiljø, læringsresultat, gjennomføring, leiing og profesjonsutvikling. Dei fire hovudområda har ulike målsettingar, kvalitetsfremmande område og indikatorar på kvalitet. Skolane skal utarbeide eigne handlingsplanar med utgangspunkt i kvalitetsplanen og skolen sin oppdragsavtale med fylkesutdanningssjefen. Kvalitetsindikatorane tek utgangspunkt i brukarundersøkingane for elevar, lærlingar og personalet, i tillegg til eigendefinerte indikatorar for kvalitet. Som datakjelder har ein mellom anna brukt SSB, Utdanningsdirektoratet, Skoleporten, Vigo og kvalitetsplattforma Hjernen&Hjertet.

Skoleeigar sine prioriteringar I samband med behandling av kvalitetsmeldinga i fylkestinget 12.12.18, sak T- 61/18, vart følgande vedteke: Samrøystes vedtak i Fylkestinget - 12.12.2018: Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring 2018 vert tatt til vitande. For å utvikle kvaliteten og betre gjennomføringa vidare skal følgande prioriterast: Gjennomføring. Hovudmålsettinga er at talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring med greidd resultat etter 5 års opplæring skal aukast til 79 prosent ved utgangen av planperioden. Arbeid med læring og trivsel. Det skal arbeidast systematisk med tilpassa opplæring, skolemiljø, læringsmiljø, psykososialt miljø, psykisk helse, læreplanverket, klasseleiing, vurderingspraksis og grunnleggande ferdigheiter for alle elevar. Digital kompetanse. Det skal arbeidast for å auke digital kompetanse og dømmekraft på ein systematisk og målretta måte for å møte endringane i samfunn og arbeidsliv. Elevdemokrati og medverknad. Det skal arbeidast med at elevane vert lytta til og har ein reell innflytelse i skolekvardagen. Overgangar. Det skal arbeidast med å vidareutvikle varige samarbeidsstrukturar både når det gjeld overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande skole, frå vidaregåande skole til opplæring i bedrift og til høgare utdanning. Saman med lokalt og regionalt arbeidsliv skal det arbeidast for å skape fleire lære- og opplæringsplassar. Formidlingsarbeid skal stå særleg i fokus. Profesjonsfellesskap og skoleutvikling. Det skal arbeidast med vidareutvikling av pedagogisk leiing og profesjonsfellesskap som fremjar delings- og læringskultur med elevanes læring og utvikling i fokus. Spesialundervisning. Hovudmålet er at mest mogeleg av utfordringane elevane har, skal løysast ved førebyggande og operativt arbeid i klassekvardagen. I tråd med fylkestingets vedtak er desse prioriteringane bygd inn i kvalitetsplanen. Kommentarar til vedteke prioriterte område i kvalitetsplanen: I kvalitetsplanen har vi endra for å få eit ryddigare oppsett, ved at hovudmålsettinga står først og dei andre prioriterte områda er satt som punkt a-e. Under punkt a) Arbeid med læring og trivsel, er lærlingar lagt til. I tillegg er nytt punkt om Spesialundervisning satt under punkt a) Arbeid med læring og trivsel. Vurdering I perioden 2019-2023 vil kvalitetsutviklinga i den vidaregåande opplæringa i hovudsak bli prega av nasjonale prioriteringar og lokale satsingar for å auke

gjennomføringa. Sentrale føringar i perioden er prega av fornyinga av Kunnskapsløftet, som gjennom ny overordna del av læreplanverket, ny struktur for yrkesfaga og nye læreplanar frå 2020 skal bidra til eit verdiløft i opplæringa. Det skal bli god samanheng mellom formålsparagrafen i opplæringslova, overordna del av læreplanverket og læreplanane i dei enkelte faga. Skoleåret 2019-2020 skal skolane og lærebedriftene førebu seg på Kunnskapsløftet 2020. Skolane skal arbeide med heilskapen i læreplanverket, lokalt arbeid med læreplanar og vurderingspraksis, digitalisering, profesjonsutvikling og leiing. Innanfor fagopplæring skal også formidlingsarbeid stå i fokus, med sentrale mål om å skaffe fleire læreplassar og styrke overgangen frå skole til opplæring i bedrift. Kompetanseheving av dei tilsette er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane for at elevar og lærlingar i den vidaregåande opplæringa får ei opplæring med høg kvalitet og relevans til arbeidsliv og vidare studiar. Gjennom nye desentraliserte modellar for kompetanseutvikling i skolen og kompetanseutvikling innan yrkesfag kan kompetanseutviklinga tilpassast lokale behov. Kompetansebygging skjer i samarbeid med universitet, høgskolar og andre kompetansemiljø. For kompetanseutvikling i skolen vil fylkesutdanningssjefen mellom anna bruke dei innarbeidde systema vi har for kompetanseheving, som til dømes fagnettverk, fylkesakademiet, «Kompetanse for kvalitet», leiarsamlingar, rådgivarnettverket og lærande møter for skoleleiarar innan utviklingsområder og lovpålagte områder. Ny desentralisert ordning for kompetanseutvikling innan yrkesfag skal bidra til at målgruppene i yrkesopplæringa har nødvendig kompetanse slik at opplæringa som blir gitt er i tråd med læreplanverket. I samarbeid med arbeidslivet skal ordninga bidra til å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen innan opplæring i bedrift. Kvalitetsplanen skal danne grunnlag for skolane sine handlingsplanar. Nasjonale satsingar samsvarer godt med utviklingsarbeidet som er lagt til grunn i fylkeskommunen si kvalitetsplan og skolane sitt arbeid med kvalitet i opplæringa. Det blir forventa at auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på elevens læringsutbytte, kjem til uttrykk i skolane sine handlingsplanar i planperioden. Kvalitetsplanen skal leggast til grunn for utarbeiding av lokale arbeidsplanar for lærarane og skoleleiarane. Forslag til vedtak: Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 2019-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget. Behandling i Utdanningsutvalet - 09.05.2019 Syver Hanken (H) fremma på vegner av seg sjølv og H følgjande forslag:

Tilleggsforslag til kapittel om tilpassa undervisning: «For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune i kommande planperiode sjå på moglegheita for å gjennomføre prøveprosjekt med nivåvalg i den videregående skulen.» Teksten vert innarbeidd av administrasjonen. Votering: Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. Forslaget fremma av Syver Hanken (H) vart samrøystes vedteke. Samrøystes tilråding frå Utdanningsutvalet - 09.05.2019 Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 2019-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget. Tillegg til kapittel om tilpassa undervisning: For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune i kommande planperiode sjå på moglegheita for å gjennomføre prøveprosjekt med nivåvalg i den videregående skulen. Teksten vert innarbeidd av administrasjonen. Fylkesrådmannen har ikkje andre merknader og legg fram saka med slikt forslag til vedtak: Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 2019-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget. Tillegg til kapittel om tilpassa undervisning: For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune i kommande planperiode sjå på moglegheita for å gjennomføre prøveprosjekt med nivåvalg i den videregående skulen. Teksten vert innarbeidd av administrasjonen.

Votering: Dei tre første kulepunkta i tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. Avsnittet: «Tillegg til kapittel om tilpassa undervisning: For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring...» fekk 0 røyster og fall. Samrøystes tilråding frå Fylkesutvalet - 04.06.2019 Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 2019-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget. Teksten vert innarbeidd av administrasjonen. Behandling i Ungdomspanelet - 17.06.2019 Det vart fremma følgjande forslag (likelydande med tilrådinga frå utdanningsutvalet): «Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 209-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget Tillegg til kapittel om tilpassa undervisning: For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune i kommande planperiode sjå på moglegheita for å gjennomføre prøveprosjekt med nivåvalg i den vidaregåande skolen. Teksten vert innarbeidd av administrasjonen.» Votering: Dei tre kulepunkta i tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteke. Forslag til tillegg vart vedteke med 8 mot 1 røyst. Vedtak i Ungdomspanelet - 17.06.2019

Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 209-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget Tillegg til kapittel om tilpassa undervisning: For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune i kommande planperiode sjå på moglegheita for å gjennomføre prøveprosjekt med nivåvalg i den vidaregåande skolen. Teksten vert innarbeidd av administrasjonen. Behandling i Fylkestinget - 18.06.2019 Torgeir Dahl (H) fremma følgjande forslag: «Tillegg til kapittel om tilpassa undervisning: For å styrke arbeidet med tilpassa opplæring ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune i kommande planperiode sjå på moglegheita for å gjennomføre prøveprosjekt med nivåvalg i den videregående skulen.» Votering: Forslaget frå fylkesutvalet blei samrøystes vedteke. Forslaget frå Torgeir Dahl (H) fekk 19 røyster og fall. Samrøystes vedtak i Fylkestinget - 18.06.2019 Auka gjennomføring og tettare oppfølging med fokus på læringsutbytte for elevar og lærlingar, skal i planperioden 2019-2023, vere ei gjennomgåande målsetting i kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Kvalitetsplanen for 2019-2023 blir vedteken med dei målsettingar, kvalitetsfremmande område og tiltak som kjem fram i planen. Kvalitetsplanen skal evaluerast i den årlege kvalitetsmeldinga til fylkestinget. Ottar Brage Guttelvik

fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 Kvalitetsplanen 2019-2023 2 Høyringssvar til kvalitetsplanen

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2019-2023 Visjonen Ein tydeleg medspelar: "Vi vil utvikle kvaliteten i vidaregåande opplæring ved å vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen og vere profesjonelle i alt vi gjer. Vi skal vere fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt." Innleiing Den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennom samfunnsoppdraget både utdanne og danne, og vere ein trygg arena for meistring. Opplæringa skal vere framtidsretta der alle elevar og lærlingar skal ha faglege utfordringar, gode læringsmiljø, god oppfølging og oppleve ein vurderingspraksis som fremmer læring. Opplæringa skal bidra til å utvikle kunnskap, ferdigheiter og forståing, samt evne til å anvende kompetanse. Hovudmålsetting Talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal med greidd resultat etter fem års opplæring skal aukast frå 76 prosent i 2018 til 79 prosent i 2023. Om kvalitetsplanen I perioden 2019-2023 vil sentrale endringar prege utdanningssektoren. Kvalitetsplanen famnar difor omgrep og føringar som gjer seg gjeldande i ny overordna del av læreplanverket, fagfornyinga, ny struktur for yrkesfaga og digitaliseringsstrategien «Framtid, fornying og digitalisering». Kvalitetsplanen er delt inn i fire hovudområde: 1. Læringsmiljø handlar her om opplæringsverksemda sine indre aktivitetar, arbeidet med opplæringa, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa, vurderingspraksis og lærarane sin kompetanse. Dette området omfattar og tryggleik, inkludering og trivsel. 2. Læringsresultat handlar om læringsutbytte sett opp mot dei målsettingane som er satt for opplæringa. 3. Gjennomføring omfattar både rettleiing i utdanningsval, tilgang på relevante skole- og opplæringsplassar, overgangar mellom nivå, og fullføring av opplæringa med bestått resultat. 4. Leiing og profesjonsutvikling handlar om pedagogisk og fagleg leiarskap og utvikling av kompetanse i eit profesjonsfagleg fellesskap. Hovudområda er i tråd med krava til oppfølging av kvalitet i opplæringslova 13-10 og er delvis overlappande. I analyseverktøyet Hjernen&Hjertet finn vi same inndeling og indikatorar som kjenneteikn på kvalitet. 1

Prioriterte område Hovudmålsettinga er at talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring med greidd resultat etter 5 års opplæring skal aukast til 79 prosent ved utgangen av planperioden. For å utvikle kvaliteten og betre gjennomføringa vidare er det vedteke i Fylkestinget 12.12.2018 at følgande område skal prioriterast: a) Arbeid med læring og trivsel. Det skal arbeidast systematisk med tilpassa opplæring, skolemiljø, læringsmiljø, psykososialt miljø, psykisk helse, læreplanverket, klasseleiing, vurderingspraksis og grunnleggande ferdigheiter for alle elevar og lærlingar. Spesialundervisning. Hovudmålet er at mest mogeleg av utfordringane elevane har, skal løysast ved førebyggande og operativt arbeid i klassekvardagen. b) Digital kompetanse. Det skal arbeidast for å auke digital kompetanse og dømmekraft på ein systematisk og målretta måte for å møte endringane i samfunn og arbeidsliv. c) Elevdemokrati og medverknad. Det skal arbeidast med at elevane vert lytta til og har ein reell innflytelse i skolekvardagen. d) Overgangar. Det skal arbeidast med å vidareutvikle varige samarbeidsstrukturar både når det gjeld overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande skole, frå vidaregåande skole til opplæring i bedrift og til høgare utdanning. Saman med lokalt og regionalt arbeidsliv arbeidast for å skape fleire lære- og opplæringsplassar. Formidlingsarbeid skal stå særleg i fokus. e) Profesjonsfellesskap og skoleutvikling. Det skal arbeidast med vidareutvikling av pedagogisk leiing og profesjonsfellesskap som fremjar delings- og læringskultur med elevanes læring og utvikling i fokus. 2

1. Læringsmiljø Mange faktorar verkar inn på læringsmiljøet i skolen og lærebedriftene; organisering og innhald i læringsarbeidet, bruk av kompetanse og kompetanseutvikling, samspel og relasjonar, involvering av føresette, og samarbeid mellom opplæringsverksemd og arbeidsliv. Dette verkar inn på korleis det er å vere elev, lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og vaksen i opplæring i Møre og Romsdal. Desse gruppene blir heretter referert til som "elevar og lærlingar". Trygt og godt læringsmiljø Alle elevar og lærlingar skal ha eit trygt og godt læringsmiljø som fremmar helse, trivsel, inkludering og læring. Skolane og lærebedriftene skal drive eit systematisk og kontinuerleg arbeid for å fremme dette. Skolane skal ha rutinar som sikrar saksbehandling i tråd med lov og forskrift, mellom anna kapittel 9A i opplæringslova, både når det gjeld elevane sitt psykososiale miljø og det fysiske miljøet. Alle skal oppleve å vere ein del av det sosiale fellesskapet, både på digitale og andre sosiale arenaer. Tilpassa opplæring Tilpassa opplæring er eit verkemiddel for meistring, fagleg utvikling og læringsutbytte for alle elevar og lærlingar. Opplæringa skal tilpassast føresetnadene og nivået til den enkelte, til dømes ved hjelp av læringsstøttande prøver for elevar. Plikta til å tilpassa opplæringa gjeld både for elevar og lærlingar med høgt læringspotensiale, dei som treng spesialundervisning og dei som treng anna særskilt oppfølging, til dømes på grunn av psykiske vanskar. Tilpassa opplæring skal prege opplæringa i skole og lærebedrift gjennom læringsmiljø, klasseleiing, organisering og arbeidsmetodar, undervisning, opplæring og vurdering i tråd med nasjonale føringar. Elevane og lærlingane skal kunne tileigne seg og bruke kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar i kjente og ukjente samanhengar. Dei skal lære seg å samarbeide, dele og bygge kompetanse gjennom ulike arbeidsmetodar og bevisst bruk av teknologi. For ungdom med ulike utfordringar i kvardagen, skal skolen og lærebedriftene gjennom tidleg innsats og tett oppfølging, arbeide for at dei kan fullføre opplæringa. Dette skjer i samarbeid med Pedagogisk-psykologisk teneste, kommunar, helsetenesta og andre profesjonar og aktørar. Vurderingspraksis Skolane og lærebedriftene skal vidareutvikle vurderingspraksis som fremmer læring gjennom tydeleg og god struktur i opplæringa, der elevane og lærlingane er kjent med mål, kriterier og kjenneteikn for måloppnåing. Dialogen mellom lærar og elev og mellom instruktør og lærling skal gi tydeleg tilbakemelding om kvaliteten på arbeid og prestasjon, samt framovermelding om korleis dei kan få god fagleg progresjon. Det skal vere tydelege forventningar til elevane og lærlingane si læring, og ein positiv og støttande relasjon mellom elev og lærar, lærling og instruktør. Elevane og lærlingane skal vere involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eigen utvikling. Skolane og lærebedriftene skal arbeide med kjenneteikn på god undervisning og opplæring i fag, i tråd med nasjonale føringar for vurdering. Digitale ressursar skal nyttast i vurderingsarbeidet. Skoleleiinga si rolle i utviklinga av vurderingspraksis er nærmare omtala under «Leiing og profesjonsutvikling». 3

Grunnleggande ferdigheiter Skolane og lærebedriftene skal arbeide systematisk med utvikling av dei fem grunnleggande ferdigheitene: lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale ferdigheiter. I læreplanverket står det korleis desse vert forstått og arbeidd med i dei enkelte faga. Digital kompetanse Arbeidslivet og samfunnet er i rask endring der teknologi spelar ei stadig viktigare rolle. Digitale ferdigheiter er ein naturleg del av grunnlaget for læringsarbeid både i og på tvers av emne og fag. Digitale ferdigheiter er mellom anna dømmekraft til å velje, vurdere og bruke informasjon. Det er nødvendig kompetanse å ta i bruk nye og eksisterande verktøy og tenester, bruke ulike arbeidsmetodar og læringsstrategiar, og å lære med og av teknologi. Digital kompetanse er og ein føresetnad for demokratisk deltaking. Skolane og lærebedriftene skal rettleie elevane og lærlingane slik at dei får eit bevisst og aktivt forhold til eigen teknologibruk. Relevans i faga Undervisninga i fag skal vere relevant for elevane og lærlingane sitt framtidige kompetansebehov. Skolane skal arbeide vidare med å implementere metodikken frå FYR-satsinga (FYR - fellesfag, yrkesretting og relevans). Skolane skal arbeide aktivt med relevans i både fellesfag og programfag, til dømes kan dette skje i samspel med næringslivet. Elevdemokrati og medverknad Skolane og lærebedriftene skal bidra til at opplæringa bygger demokratiforståing og oppleving av medborgarskap hos elevane og lærlingane. Det må arbeidast systematisk for å styrke elevdemokratiet og medverknaden i opplæringa. Elevar og lærlingar skal oppleve å bli lytta til og ha reell medverknad i avgjerder både på skolen og i lærebedriftene. Dette er viktig for godt arbeidsmiljø og velferdsinteressene til elevane og lærlingane. Skolane skal aktivt bidra til at saker som gjeld elevane sin skolekvardag vert handsama i elevrådet, skolemiljøutvalet og skoleutvalet. Medverknad kan til dømes skje gjennom organisering av undervisninga, val av aktivitetar, vurderingsarbeidet, råd og utval på skolen og velferdstiltak. Undervisningsevalueringa er eit eksempel på elevmedverknad. Indikatorar For å vurdere kvaliteten på læringsmiljøet ser ein i hovudsak på indikatorar i Hjernen&Hjertet, Elevundersøkinga og Lærlingundersøkinga. I tillegg ser ein på om skolane har rutinar for å sikre at kapittel 9A i Opplæringslova blir ivareteke, og at skolane har eit aktivt elevråd, skoleutval og skolemiljøutval som blir følgt opp av skoleleiinga. 2. Læringsresultat Læringsresultat er knytt til overordna mål i planverket og måla i dei enkelte planane. I samsvar med opplæringslov og læreplanverk omfattar læringsresultat det heilskaplege læringsutbyttet. Formålet med opplæringa er at elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal kunne delta og bidra i eit samfunn prega av aukande grad av internasjonal påverknad og større kulturelt mangfald. Det skal leggast til rette for at elevane og lærlingane kan delta i ulike internasjonaliseringsprogram, eller på anna måte skaffe seg internasjonal erfaring. 4

Karakterar skal uttrykke elevane sin kompetanse i fag. Læringsresultatet heng saman med mange faktorar i og utanfor skolen, mellom anna elevane sine føresetnader, skolens læringsmiljø, klasseleiing og elevane sin eigeninnsats og motivasjon. Karakterutviklinga indikerer verknaden av opplæringa. Ny overordna del til læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget og overordna prinsipp for opplæringa, og beskriv grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis. Forståing av det nye kompetanseomgrepet i ny overordna del må ligge til grunn for skolane og lærebedriftene sitt arbeid med læreplanar og vurdering av elevane og lærlingane sin faglege kompetanse. Det nye kompetanseomgrepet: «Kompetanse er å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.» Skolen og lærebedriftene skal legge til rette for læring innanfor tre tverrfaglige tema; folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap, og bærekraftig utvikling. Fagfornyinga vil legge vekt på fagovergripande kompetansar som det å lære å lære, å samhandle, kommunisere og delta, og det å kunne utforske og skape. Kritisk tenkning og refleksjon er ein viktig del av opplæringa. Gjennom samarbeid skal elevane øvast i nytekning og entreprenørskap. Ungt Entreprenørskap kan her bidra med fleire program. I tillegg legg fagfornyinga vekt på kjerneelement i fag og djupnelæring. Kjerneelementa beskriv dei mest sentrale omgrepa, kunnskapsområda, tenkemåtane, metodane og uttrykksformane i faget. Djupnelæring er gradvis å utvikle kunnskap og varig forståing av omgrep, metodar og samanhengar i fag og mellom fagområde. I tillegg inneber det refleksjon over eiga læring og å bruke det ein har lært i kjente og ukjente situasjonar, aleine eller saman med andre. Indikatorar For å vurdere læringsresultatet legg ein mellom anna til grunn indikatorar frå Hjernen&Hjertet, SSB og Vigo. 3. Gjennomføring Vidaregåande opplæring skal ha relevante og framtidsretta tilbod som bidreg i rekrutteringa til lokal og regional arbeidskraft. For elevar, tilsette og arbeidslivet lokalt og regionalt er det viktig å ha ein føreseieleg tilbodsstruktur. I tillegg vil ein robust tilbodsstruktur leggje grunnlag for å bygge fagmiljø som har kontinuitet, noko som er viktig i skolen sitt langsiktige kvalitetsarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande målsettingar for overgangar og gjennomføring i vidaregåande opplæring: Talet på elevar og lærlingar som gjennomfører med greidd resultat etter fem års opplæring, skal aukast frå 76 prosent i 2018 til 79 prosent i 2023. Nasjonal målsetting fram mot 2030 er at ni av ti elevar som begynner på vidaregåande skal fullføre og bestå opplæringa. For kvart årstrinn skal minst 84 prosent av elevane ha gjennomført skoleåret med greidd resultat, og minst 96 prosent av lærlingane skal ha greidd fag-/sveineprøva. 5

For kvart skoleår skal mindre enn 4 prosent av elevane slutte i løpet av skoleåret, og i læretida skal mindre enn 3 prosent av lærlingane heve kontrakten sin. 90 prosent av søkjarane med ungdomsrett skal få oppfylt primærønsket sitt om val av utdanningsprogram på Vg1. 90 prosent av elevar frå Vg2-yrkesfag som primært søker lærekontrakt, skal få ønsket oppfylt. Overgangar Skoleeigar arbeider for å knytte nærare samarbeid med kommunar, næringsliv og høgare utdanning i arbeidet med overgangar. Dette gjeld både overgangar mellom nivå i opplæringa, overgang til bedrift, og overgangar mellom skolar. Opplæringa skal gi elevane grunnlag for vidare studiar eller yrkesaktivitet, og elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram skal oppleve samanheng i det fireårige opplæringsløpet. Ei god rådgivingsteneste er sentral i arbeidet med overgangar, og skal gi elevane godt grunnlag for å gjere val om vidare utdanning og yrkesaktivitet. Region og arbeidsliv For å auke gjennomføringa i Møre og Romsdal må vi skaffe fleire læreplassar for å sikre overgangen frå Vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram til lærebedrift. Det skjer i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv gjennom felles innsats om Samfunnskontrakt for fleire læreplassar 2016-2020. Innsatsområda i Samfunnskontrakten skal betre samsvaret mellom tilgang til og behov for læreplassar og fremme kunnskap om fag- og yrkesopplæring. Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal vidarefører mellom anna aksjonen «Tenk framtid bli lærebedrift». Skolane skal gjennom avtalar om utplassering i yrkesfagleg fordjuping arbeide for å formidle elevane til læreplass. Formidlingskoordinatorane er eit fylkeskommunalt tiltak som skal bistå skolane i dette arbeidet. I samarbeid med arbeidslivet skal ny desentralisert ordning for kompetanseutvikling innan yrkesfag legge til rette for at målgruppene i yrkesopplæringa har nødvendig kompetanse slik at opplæringa som blir gitt er i tråd med læreplanverket. Ordninga skal bidra til å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen innan opplæring i bedrift. Indikatorar For å vurdere gjennomføringa legg ein mellom anna til grunn indikatorar frå Utdanningsdirektoratet, SSB, Skoleporten, Vigo og Hjernen&Hjertet. 4. Leiing og profesjonsutvikling Skolen skal vere eit profesjonsfagleg fellesskap prega av delings- og læringskultur der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og vidareutviklar sin praksis. Skoleleiinga si overordna målsetting er elevens læring og utvikling i eit inkluderande skolemiljø der enkeltelevens behov og føresetnader blir ivareteke. 6

Leiinga skal legge til rette for at skolen fungerer som ein lærande organisasjon, der lærarane kan lære av kvarandre gjennom samarbeid. Det skal vere lett å få hjelp av kollegaer gjennom kvardagslæring og god samhandling. God kommunikasjon er ein føresetnad i profesjonsfellesskapet. Ein lærande skole tek inn impulsar utanfrå, har endringskapasitet og vilje til kontinuerleg utvikling. Den bidreg til læring på alle nivå gjennom prioritering, organisering, drøfting av praksis, samt dialog med foreldre og samarbeidspartnarar utanfor skolen, og koplar dette til elevens læring. Skolen skal arbeide med å knytte formålsparagrafen, ny overordna del og læreplanverket saman med det som skjer i sjølve opplæringa, og sørge for at elevane får opplæring etter intensjonane. Mellom anna omfattar dette lokalt arbeid med læreplaner og vurderingspraksis, fokus på saksbehandling i tråd med lov og forskrift når det gjeld elevane sitt psykososiale miljø, og kontaktlærar si rolle. Skolen skal også arbeide systematisk med å bygge opp den profesjonsfaglege digitale kompetansen, både i eigen skole og i samarbeid med eksterne aktørar. Mellom anna skal fagnettverka gjennom sitt mandat arbeide med fagfornyinga, vurderingspraksis og digital kompetanse. Ny desentralisert modell for kompetanseutvikling i skolen legg til rette for at kompetanseutviklinga kan tilpassast lokale behov, og for at kompetansebygging skjer i samarbeid med universitet og høgskolar. Alle tilsette skal få nødvendig kompetanseutvikling gjennom til dømes «Kompetanse for kvalitet», fylkesakademiet, leiarsamlingar og fylkeskommunens eige leiarutviklingsprogram, fagnettverk, rådgivarnettverk og andre tiltak i regi av skolen og fylkesutdanningssjefen. Skoleleiinga skal bruke arbeidstidsavtalen for å legge til rette for profesjonsutvikling og erfaringsdeling i kollegiet. Indikatorar For å vurdere kvaliteten på arbeidet med leiing og profesjonsutvikling legg ein til grunn fleire indikatorar for god praksis: Skolane drøftar pedagogiske utfordringar, på tvers av leiing og lærarkollegium, for styrking av det profesjonsfaglege fellesskapet. Skolen har arenaer for felles refleksjon og læring der lærarane samarbeider om planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa. Både lærarane og leiinga drøftar korleis skolens kommunikasjon og arbeidsmåtar kan utviklast. Leiardialogen skal fremme skoleutvikling og godt samarbeid, både mellom fylkesutdanningssjefen og den enkelte skole, og på tvers av skolar. For å vurdere tilsette si oppleving av eigen arbeidskvardag legg ein til grunn medarbeidarundersøkingar. Oppfølging av kvalitetsarbeid Fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i opplæringslova og forskrift blir oppfylt, og for å følge opp resultata frå vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører, jf. opplæringslova 13-10. Kvalitetsplanen har ein tidshorisont på fire skoleår, men blir revidert årleg. Kvalitetsplanen blir endeleg vedteken i Fylkestinget i juni. Med utgangspunkt i den vedtekne planen skal skolane og utdanningsavdelinga utarbeide årlege handlingsplaner. Det skal utarbeidast ei årleg kvalitetsmelding om tilstanden i den vidaregåande opplæringa knytt til læringsresultat, gjennomføring og læringsmiljø. Sjå årshjul for kvalitetsarbeid for illustrasjon. 7

Analyse, vurdering av resultat og handlingsplaner Skoleleiinga skal vurdere skoleresultat henta frå Hjernen&Hjertet, med tydeleg involvering av personalet og elevane i evalueringsprosessen. Evalueringa vil gi grunnlag for utviklingsprosessar knytt til arbeidet med skoleeigar sine prioriterte område og oppdragsavtalane. Evalueringa skal føre fram til skolen sin årlege handlingsplan. På den måten legg ein grunnlag for å arbeide systematisk med skoleutvikling. Oppdragsavtalar og leiardialog I oppdragsavtalane set skolane saman med fylkesutdanningssjefen felles mål for tenesteutviklinga og kvalitetsarbeidet i skolen. Fylkesutdanningssjefen følger opp skoleleiinga gjennom året, slik at ein saman vurderer dei behova skolen har for støtte og oppfølging for å nå måla. Oppdragsavtalane har mål som er felles for alle skolane, samt eigne utviklingsområde for kvar enkelt skole som dei må arbeide spesielt med. Leiardialogen skal fremme godt samarbeid mellom den enkelte skole og fylkesutdanningssjefen. Skolebasert vurdering, årsmelding og kvalitetsmelding Skolane sitt arbeid med skolebasert vurdering skal dokumenterast i ei årsmelding. Skolane skal bruke rapporteringsmalen i Hjernen&Hjertet til årsmeldinga, som skal publiserast på skolen si nettside. Resultata til skolane er ein del av ei årleg kvalitetsmelding som fylkesutdanningssjefen legg fram til fylkestinget i desember. Kvalitetsmeldinga skal drøftast av fylkestinget og gi føringar for kva for område ein skal prioritere i det vidare kvalitetsarbeidet. 8