Saksbehandler, innvalgstelefon Magne Nesse, 5557 2335 Vår dato 07.07.02015 Deres dato Vår referanse 2015/7155 461.5 Deres referanse Norenes Gjestebrygge v/ Anton Dahl Nielsen Postboks 177Postboks 177 KOPERVIK42915437 Koparvik Løyve til mudring i Kjerkalevika og dumping i Hiskosen i Bømlo kommune Fylkesmannen i Hordaland gjev Norenes Gjestebrygge løyve til å mudre 500-1 000 m 3 i Kjerkalevika. Føremålet med mudringa er å auke seglingsdjupn. Mudringsmassane skal dumpast på anvist dumpeplass utanfor Tverrborgvikholmen. Tiltaket er planlagt gjennomført hausten 2015. Løyve er gjeven med heimel i forureiningsforskrifta 22-6. Vi viser til søknad datert 21. mai 2015 og orientering om endra dumpestad i e-post av 6. juli 2015. Søknaden For å betre seglingsforholda i Kjerkalevika innerst i Lyklingefjorden skal det mudrast ca. ein meter med botnsediment over eit areal på 1 000 m 2. Det er anslått at det må fjernast 500-1 000 m 3 massar. Mudringa skal utførast frå sjø, med gravemaskin på lekter. Massane blei først søkt dumpa på ca. 200 meters djupne i Lyklingefjorden, ca. 500 meter sørvest av Barbuneset. Kommunen, Norges Kystfiskarlag avdeling Sunnhordaland, rekefiskar Geir Erik Strand, Fiskarlaget vest og Fiskeridirektoratet var i mot denne dumpeplassen sidan den låg midt i eit rekefelt. Det blei vist til den gamle "båtkyrkjegarden" som alternativ dumpeplass av Norges Kystfiskarlag og Fiskeridirektoratet. Søkjar har fått påvist denne staden av lokale fiskarar og har i e-post av 6. juli 2015 sendt kartdata av plassering, som er ca. 200 meter vest av Tverborgvikholmen på 155 meters djupne i Hiskosen. Denne dumpestaden ligg ca. 3 km lengre nord enn den fyrste dumpestaden. Massane skal dumpast med bruk av splittlekter. Tiltaket er planlagt gjennomført hausten 2015. Det er ikkje tatt prøver av botn fordi det ifølge søker ikkje er kjente forureiningskjelder i området. Søknaden er på vegne av 11 grunneigarar som har eigedom i Kjerkalevika. Høyring Søknaden vart sendt på høyring til Bømlo kommune, Fiskeridirektoratet, Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum og Kystverket. Det kom også høyringsuttale frå Norges Kystfiskarlag avdeling Sunnhordaland og rekefiskar Geir Erik Strand. Utanom merknader knytt til dumpestad nemnd ovanfor var det ikkje vesentlege merknadar til søknaden. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Bømlo kommune seier i uttale av 3. juni 2015 at området som skal mudrast ligg i eit område som i gjeldande kommuneplan er avsett til fritidsbebyggelse med område for småbåtanlegg i sjø, og at sjølve tiltaket ikkje treng eige løyve etter plan og bygningslova. Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum seier i uttale av 19. juni 2015 at dei ikkje har merknader til tiltaket etter kulturminnelova. Karmsund Havnevesen IKS har i vedtak av 11. november 2014 gjeve løyve til tiltaket etter havne- og farvannslova. Fylkesmannen si grunngjeving All mudring og dumping utført frå skip er forbode med mindre det er gjeve løyve etter forureiningsforskrifta 22-6. Fylkesmannen er mynde etter forskrifta og skal vurdere søknader etter Miljødirektoratets rettleiar TA 2960/2012 "Handtering av sedimenter". Krav til dokumentasjon ved mudretiltak aukar med storleiken på tiltaket. I denne saka skal det mudrast mellom 500 1 000 m 3, noko som i rettleiaren omtalast som eit lite tiltak og krav om sedimentundersøkelser kan utelatast, dersom det ikkje er kjende forureiningskjelder i nærleiken. Kommunen seier i sin høyringsuttale at dei ikkje har kjennskap til kjelder til forureining i området. Fylkesmannen aksepterer at det ikkje er tatt sedimentundersøkelser, og antar at massane er reine ut frå områdets plassering og tidlegare bruk av området. Spreiing av reine partiklar under mudring kan også medføre forureining ved å nedslamme omkringliggjande sjøbotn og blakke vatnet. I følgje opplysningar i søknaden består sjøbotn i hovudsak av skjelsand og stein. Fylkesmannen anser ikkje dette som problematisk. Søk i databasen Artsdatabanken og Naturbase 7. juli 2015 viser at det ikkje er trua artar eller utvalde naturtypar nær mudreområdet som kan verta påverka av eit avgrensa mudringstiltak i dette området. Den nye dumpestaden utanfor Tverborgvikholmen er anbefalt av fiskarlag sidan den tidlegare har vært nytta til å dumpe utrangerte skip. Staden er kjend av lokale fiskarar og bruk av fiskereiskap skjer ikkje her, sjølv om staden ligg nær reke- og makrellfelt. Sjøbotn som er søkt nytta til dumpestad har heller ingen kjende marine verdiar som korallrev eller tareskog eller kjend verdi som gyte- og oppvekstområde for andre marine arter, i følgje Fiskeridirektoratets kartbase. Det ligg tre oppdrettslokalitetar innanfor ein radius på ca. 1,5 km frå dumpestaden i nordvest og sørvest. Fylkesmannen forventar ikkje noen negativ påverknad av desse lokalitetane som følgje av tiltaket på grunn av lang avstand mellom lokalitet og dumpeområde. Både forureiningssituasjonen og naturmangfaldet er kartlagt, og kravet i naturmangfaldlova 8 om at saken skal baserast på eksisterande og tilgjengelig kunnskap, er dermed oppfylt. Kunnskapsgrunnlaget for tiltaket vert vurdert som tilstrekkelig, og føre-var prinsippet i 9 i naturmangfaldlova er ivaretatt ved at tiltaket er regulert med vilkår etter forureiningslova. Risikoklasse Ut fra opplysningane gjeve i søknaden set Fylkesmannen tiltaket i risikoklasse 4. Risikoklassen er gradert fra 1 til 4, der 1 er høgast risiko. Det er valt risikoklasse 4 fordi det er 2
eit lite mudringstiltak som skal gjennomførast. Risikoklassen angir forventa ressursbruk og gebyrsats ved et eventuelt tilsyn, jf. forureiningsforskrifta 39-6. Gebyr for sakshandsaming Fylkesmannen tar gebyr for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova. På bakgrunn av dei opplysningane som ble gjeven i søknaden og at Fylkesmannen bruker små ressursar på saken, tek vi gebyr etter sats 4 (lågaste sats), 21 000 kroner, for handsaming av søknaden, jf. forureiningsforskrifta 39-3, jf. 39-4. Faktura vert sendt frå Miljødirektoratet. Sjå forureiningsforskrifta kapittel 39 for å lese meir om sakshandsamingsgebyret. Endring og omgjøring De pliktar å unngå unødvendig forureining, jf. forureiningslova 7. Viser det seg at forureiningstilhøva endrar seg, kan Fylkesmannen med heimel i forureiningslova 18, endre vilkåra i løyvet og sette nye vilkår, og om nødvendig trekkje løyvet tilbake. Rett til å klage De har fått løyve til mudring/utdjuping. Dersom det likevel skulle være noe de ønskjer å klage på, inkludert vedtaket om gebyr, kan de klage til Miljødirektoratet, jf. forvaltningslova 28. Fristen for å klage er tre veker etter at de har motteke dette brevet. Klagen bør være skriftleg begrunna, og den skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland. Med hilsen Sissel Storebø Magne Nesse Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrift. Vedlegg: Løyvet sine vilkår Kopi med vedlegg: Bømlo kommune Leirdalen 1 5430 BREMNES Geir Erik Strand Norges Kystfiskarlag avd Sunnhordaland Fiskeridirektoratet 3
Løyve til mudring i Kjerkalevika og dumping utanfor Tverrborgvikholmen for Norenes Gjestebrygge i Bømlo kommune Fylkesmannen gjev Norenes Gjestebrygge løyve med heimel i forureiningsforskrifta 22-6. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar i søknad datert 21. mai 2015, og søknad om endra dumpestad datert 6. juli 2015. Løyvet gjelder fra dags dato. Dersom de ønskjer endringar utover det som er opplyst i søknaden eller under sakshandsaminga og som kan ha miljømessig betyding, må de på førehand avklare dette skrifteleg med Fylkesmannen. Dersom heile eller vesentlige delar av løyvet ikkje er teke i bruk innan fire, år skal de sende beskjed til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil då vurdere eventuelle endringar i løyvet. Fylkesmannens referanse Tillatelsesnummer Anleggsnummer Risikoklasse 1 2015.0434.T 1219.0097.01 (mudrested) 1219.0098.01 (dumpested) 4 Bedriftsdata Bedrift Postadresse Kommune og fylke Norenes Gjestebrygge ved Anton Dahl Nielsen Boks 177, 4291 Koparvik Bømlo, Hordaland Tillatelse gitt: 7. juli 2015 Sissel Storebø Magne Nesse Løyvet er godkjent elektronisk og har derfor ingen underskrift 1 Jf. Forureiningsforskrifta kapittel 39 om gebyr til statskassen for Miljødirektoratets arbeid med løyver og kontroll etter forureiningslova
1. Løyvet omfattar 1.1 Omfang Løyvet gjeld: Mudring av inntil 1 000 m 3 massar i Kjerkalevika i Bømlo kommune som vist i vedlegg 3 i søknad av 21. mai 2015. Dumping av inntil 1 000 m 3 muddermassar på angjeven dumpeplass utanfor Tverborgvikholmen i Hiskosen, som vist på kart i e-post av 6. juli 2015 2. Generelle vilkår Tiltaka skal skje som det er gjort greie for i søknad datert 21. mai 2015, dersom ikkje anna er nemnt i løyvet, andre vedtak, eller på anna måte er avklara med Fylkesmannen. Fylkesmannen skal varslast før tiltaket vert starta opp. Tiltakseigar er ansvarleg for at vilkåra i løyvet blir følgde, og pliktar å syte for at dei som skal gjennomføre tiltaka er kjende med dei vilkår som gjeld. Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, setje nye vilkår, og om nødvendig kalla løyvet tilbake, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stades. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eitkvart tidspunkt, å stoppe arbeida. Dersom ein treff på kulturhistorisk materiale; skipsvrak, keramikk eller andre marine kulturminner, må Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum varslast (marinarkeologi@bsj.uib.no). Dersom kulturminne på sjøbotn kan bli rammet av tiltaket, må arbeidet under vatn straks stansast. Verksemda må i så fall ikkje startast opp igjen før museet har undersøkt og eventuelt frigitt området. Eventuelle brot på desse vilkåra vil vere i strid med reglane i lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne. Den som har fått løyvet er ansvarleg for å innhente nødvendig samtykke fra grunneigarar og andre rettighetshavere. 3. Utføring av mudring og dumping Mudring og dumping skal utførast så skånsamt som mogeleg for å redusere partikkelspreiing. Tiltaka skal gjennomførast innafor det arealet som er angjeve i søknaden. Dersom det oppstår unormale forhold som har eller kan få forureiningsmessige konsekvensar, skal tiltakshavar straks melde frå til Fylkesmannen. 4. Sluttrapport og tilsyn 4.1 Sluttrapport Tiltakseigar skal sende rapport til Fylkesmannen innan seks veker etter at tiltaket er gjennomført. Rapporten skal beskrive mengde massar som er mudra, med eit kart over området og korleis massane vart dumpa.
4.2 Tilsyn Tiltakseigar plikter å la representantar frå Fylkesmannen føre tilsyn med anlegget når som helst.