Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-2 112797/12 12.12.2012 Arbeidsreglement Vedteke i K.sak 95/48. Revidert av rådmannen 18.03.05. Oppdatert 01.07.10. Handsama i administrasjonsutvalet den 21.12.2012, sak 2/12. Kven reglementet omfattar Dette reglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, jf. hovudtariffavtalen kap. 1 1. Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strir mot lov, tariffavtaler eller andre bindande reglar for kommunen. Tilsetjing Arbeidstakaren vert tilsett for teneste i kommunen, ikkje i den enkelte eininga eller arbeidsplassen, og på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, reglement, tilsetjingsdokument og hovudtariffavtaler. Arbeidsavtale Kommunen skal gi skriftleg melding om tilsetting. Av arbeidsavtalen skal det gå fram kva for vilkår og plikter som gjeld for stillinga. Ved tilsetjing får arbeidstakaren utlevert eitt eksemplar av arbeidsreglementet. Legeattest For stillingar der det blir stilt spesielle krav til helse, skal det leggjast fram tilfredsstillande legeattest før tilsetjinga. Politiattest For stillingar ved barnehage, barnevernsteneste, sosialteneste (støttekontakt/personleg assistent for barn), skule, kulturskule og andre som regelmessig oppheld seg i barnehagen eller grunnskulen, skal det leggjast fram tilfredsstillande politiattest før arbeidstakar byrjar i stillinga. Tuberkulinattest For stillingar i helse- og sosialtenesta, i lærarstillingar og i andre stillingar knyta til barneomsorg, skal det leggjast fram tilfredsstillande tuberkulinattest før arbeidstakar byrjar i stillinga. Kravet gjeld for dei som har vore i land utanfor Europa (med unntak av enkelte land), USA, Canada, Australia, New Zealand og Japan i meir enn 3 månader eller som har vore i nær kontakt med personar som kan vera smitta av tuberkulose. Arbeids- og kviletid Klokkesletta for arbeids- og kviletid skal gjerast kjende. 1
Ordinær arbeidstid er 37,5 timer pr. veke eller 35,5 timer pr. veke etter reglane i hovudtariffavtalen. Kommunestyret har vedteke at når arbeidets art gjer det naudsynt, kan det avtalast at matpausen vert ein del av arbeidstida. P.t. har alle tilsette i kommunen matpausen inkludert i arbeidstida. Grunnane til at matpausen er ein del av arbeidstida, kan vera at pauserommet ikkje er tilfredsstillande og/eller at tilsette ikkje har høve til å forlata arbeidsplassen i pausen. Tilsette med arbeidstid med meir enn 5 ½ timer pr. dag, har rett på pause, jf. arbeidsmiljølova 10-9 Lengda på matpausen er 20 minutt. Om fleksitid sjå eige reglement for denne ordninga. Deltidstilsette ekstraarbeid/overtid Deltidstilsette kan ta på seg ekstraarbeid i tillegg til si ordinære stilling. Det totale timetalet skal i slike høve ikkje overstiga timetalet for 100% stilling. Med ekstraarbeid forstår ein her; vakter som ferie- og sjukevikar, samt ekstrahjelp og vakter grunna vakanse i stillingar. For stillingar i turnusordningar som har gjennomsnittsberekna arbeidstida si ved skriftleg avtale vert den enkelte arbeidstakar si arbeidstid pr. døgn og pr. veke å leggja til grunn. Arbeidstid utover desse grensene vert å sjå som overtid. For deltidstilsette vert det rekna meirarbeid for opp til full stilling. Den tilsette skal gje melding til næraste overordna som tilbyr ekstraarbeid, dersom timetalet overstig det som svarer til arbeidstid for 100% stilling. Ferie Ferien må ordnast i samsvar med reglane i gjeldande ferielov og tariffavtale. Einingsleiar eller leiar som har fått delegert mynde, fastset ferietid etter samråding med arbeidstakaren eller dei tillitsvalde vedkomande har. Ferielista skal som hovudregel gjerast kjend så tidleg som mogleg og seinast 2 månader før ferien tek til. 2
Fråvær frå arbeidet Fråvær på grunn av sjukdom, ulykke eller andre årsaker skal straks meldast til næraste overordna. Eigenmelding kan nyttast når arbeidstakar har vore tilsett i minst 2 månader. Arbeidstakar med kortare tenestetid må levera sjukmelding. Sogndal kommune er IA-verksemd og arbeidstakar kan derfor nytta eigenmelding for inntil 8 kalenderdagar om gongen og inntil 24 kalenderdagar i løpet av 12 månader. Meir opplysningar går fram av skjema Eigenmelding 2. Eigemelding skal leverast 1. arbeidsdag etter fråværet. Ved sjukefråvær utover dette skal arbeidstakar levera legeerklæring. Arbeidstakar plikter ikkje å gje opplysningar om sjukdomsarten. Leiaren vil kontakta arbeidstakar innan 8. fråværsdag for å avklare oppfølginga i sjukmeldingsperioden. Utbetaling av løn Månads- og årslønte får løn den 12. i månaden, eller næraste føregåande yrkedag. Kvar arbeidstakar skal kontrollera at det er betalt rett sum. Eventuell feil må meldast snarast råd. Arbeidstakaren kan be om forskot inntil ein gong i månaden. Det er einingsleiar som tilviser lønsforskot. Attendebetaling skal som hovudregel skje påfølgjande månad, Time, dag- og vekelønte får utbetalt løn 1 gong pr. månad og den 12. i månaden, dersom anna ikkje er avtalt. Det vert utbetalt det beløp som er tent opp i føregåande månad. Den einskilde arbeidstakar skal så langt det er mogleg kontrollera at rett beløp er betalt ut. Berre i desse tilfella kan det bli gjort frådrag i lønningane: a. Lovbestemte trekk b. Pensjonsinnskot og trekk til OU-ordninga. Pensjonsinnskot vert trekt frå byrjingsdatoen. Mellombels tilsette og vikarar som sluttar utan å ha blitt tekne opp pensjonsordninga, får tilbakebetalt trekt innskot når dei sluttar. c. Sum som på førehand er skriftleg avtalt mellom kommunen og arbeidstakaren. d. Fagforeiningskontingent dersom fagforeininga ber om det, jf hovudavtalen. e. Erstatning for skade eller tap av arbeidstakar med vilje eller med grov aktløyse har påført kommunen. Kravet for slikt trekk er at arbeidstakar skriftleg erkjenner erstatningsansvar, eller at det er fastslått ved dom, eller at arbeidstakar rettsstridig sluttar i stillinga si. Lønstrekk skal avgrensast til den delen av løna som er over det som er rimeleg å tru at arbeidstakaren treng for å forsørgje seg sjølv og husstanden sin. Før trekket blir gjennomført, skal det drøftast med dei tillitsvalde for arbeidstakaren. Vanleg orden Arbeidstakaren må vera på arbeidsstaden/mønstringsstaden når arbeidstida tek til. Ingen må gå frå arbeidsstaden i arbeidstida utan løyve. Arbeidstakaren må ikkje vera påverka av alkohol eller anna rusande eller bedøvande middel i arbeidstida. Sogndal kommune er ei AKAN-bedrift. 3
Det er ikkje lov å røykje i kommunale bygg, eller i kommunale køyretøy eller uteområdet tilknytta arbeidsplassen. Handsaming av utstyr Alt inventar, verktøy, materiale o.l. må handsamast med omhug. Ein må vera varsam når ein brukar eld, lys og eldsfarlege saker. Arbeidstakaren må retta seg etter reglar og pålegg som er gjevne for å trygga liv, helse og eigedom, og bruka det verneutstyret som er påbode etter lover og forskrifter. Permisjon For permisjon gjeld reglane i tariffavtalen og det permisjonsreglementet som kommunen har fastsett. Anna løna arbeid Kommunal arbeidstakar kan ikkje utan løyve frå arbeidsgjevar overta anna løna arbeid som vil vera av eit slikt omfang at det kan gå utover arbeidsytinga i kommunen. Det same gjeld ekstraarbeid som kan føra til ugildskap etter forvaltningslova kap. 2. Informasjon Kommunen har som mål å sikre openheit og dialog som arbeidsform i alle ledd i kommunen. Medarbeidarane i kommunen vert oppfordra til å bidra til offentlegheit med sin kunnskap innanfor sine arbeidsfelt, og alle medarbeidarar har som privatpersonar høve til å uttala seg i saker som gjeld kommunale spørsmål og som ikkje er underlagt teieplikt. Leiarane i kommunen har ansvar for å informera media. Den einskilde sakshandsamar kan gje faktaopplysningar i ei sak. Intern varsling Kommunen har i samsvar med Arbeidsmiljølova 2-4, 2-5 og 3-6 utarbeidd eigne retningsliner for intern varsling. Tilsette vert oppfordra til å varsle internt om kritikkverdige tilhøve, og kommunen legg vekt på at all intern varsling skal følgjast opp. Dei kommunale retningslinene for intern varsling skal sikra at varsling skjer på ein forsvarleg måte, sikra den som varslar og sikra den det vert varsla om. Teieplikt Alle arbeidstakarar har plikt til å gjera seg kjende med reglane om teieplikt i offentleg forvaltning, og skal underskriva erklæring om teieplikt. Når ei sak er undergjeve teieplikt medhald av lov, reglar eller når det følgjer av saksart, må ingen arbeidstakar omtale saka overfor nokon utanforståande. Brot på teieplikta kan medføra straff etter straffelova 121. 4
Oppseiing Oppseiinga skal vera skriftleg frå begge partar. Arbeidstakar kan krevja grunngjeving for oppseiinga. Denne kan krevjast i skriftleg form. Ved oppseiing frå kommunen skal oppseiinga innehalda opplysningar om at arbeidstakar har rett til å krevja forhandlingar, reise søksmål, og kva slag fristar som gjeld. Før slik oppseiing skjer skal det drøftast med dei tillitsvalde for arbeidstakaren. Oppseiingsfristane skal vera i samsvar med gjeldande regler i lov og tariffavtale. Om dei rettane arbeidstakar har ved oppseiing, vert elles vist til kapittel 15 i arbeidsmiljølova og reglane i forvaltningslova. Når arbeidstakaren sluttar, vert det laga sluttattest om arbeidstakaren ber om det. Avskil Kommunen kan gjeva ein arbeidstakar avskil med påbod om å slutta straks dersom vedkomande har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg mishald av arbeidsavtalen. Avskil skal gjevast skriftleg og innehalda opplysningar om rett til å krevja forhandling, reise søksmål, og kva slags fristar som gjeld. Medan spørsmålet om avskil blir handsama, kan arbeidstakaren i heilt spesielle tilfelle bli suspendert frå stillinga. Vilkåret for å kunne suspendera nokon er at det er nødvendig av omsyn til at det gagnar tenesta best at arbeidstakaren straks blir fjerna frå den noverande stilling, og at det må vera grunn til å tru av vilkåra for avskil etter arbeidsmiljølova 15-14 er til stades. Arbeidstakaren har krav på å få ha løna si fram til vedtaket om avskil er avgjort. Før det blir gjort vedtak om avskil eller suspensjon, skal det drøftast med dei tillitsvalde for arbeidstakaren med mindre arbeidstakaren ikkje ønskjer dette. Ved suspensjon har arbeidstakaren krav på at denne blir grunngjeven. Om rettane til arbeidstakaren elles, blir det vist til forvaltningslova. I spørsmål om avskil vert det og vist til arbeidsmiljølova 15-14. 5