Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland Nordsjøruta Bergen- Mongstad Utvikling av 2 Syklist velkommen destinasjoner Skilting Haugastøl- Bergen Sykkeltrasé Rallarvegen til Ulvik Hardangerfjordruta Leirvik-Voss Felles informasjon Trykt og web Prosjektplan - Sykkeltrasé fra Rallarvegen til Ulvik - forstudie Prosjektansvarleg: Rolf E. Akselsen, Stiftinga Rallarmuseet Finse Prosjektleiar: engasjeres Prosjektstart: 15.04.2009 Prosjektavslutning: 11.09.2009
1. MÅL OG RAMMER 1.0 Bakgrunn Sykkelturisme er aktivitetsferie i sterk vekst. I Noreg den 3. største sommaraktivitet etter fiske og vandring. Sykkelturisme er eit produkt som kan leggast til rette for lokalbefolkning, hytteeigar og turistar med forholdsvis enkle midlar. Det er ein ferieform som med enkle grep kan spesialtilpassast for skuldersesongane. Undersøkingar viser og at ringverknader for øvrig næringsliv er gode, sykkelturistar nyttar lengre tid og meir pengar enn for eksempel bilturistar. Destinasjonssykling med utflukter ut frå ein base er stadig meir etterspurt som sykkelform. På Vestlandet har arbeidet i stor grad vore fokusert rundt utvikling av Nordsjøsykkelruta. Dette er ei satsing som har vore utvikla gjennom Interreg samarbeid og omfattar no 6000 km med tilrettelagde løyper rundt Nordsjøbassenget. Denne satsinga har vore fronta gjennom Rogaland fylkeskommune, som og har hatt sekretæriatsansvar for heile prosjektet. Ruta går frå Rogaland gjennom Sunnhordland og endar opp i Bergen. Denne ruta er og ein del av Nasjonal Sykkelveg nr 1. I tillegg til denne ruta går også nasjonal sykkelveg nr 4 frå Bergen til Voss og vidare via Rallarvegen ut av fylket. Denne løypa går gjennom Den grøne Sløyfa (Eksingedalen Teigdalen). I Hordaland har det vore arbeidd med sykkelturisme ulike stader. I Sunnhordland har ein gjennom prosjektet Sykkelturisme i Sunnhordland utvikla 2 ruter som er godt egna for sykkelturisme. Fleire andre ruter er også under utvikling. Voss arbeider aktivt med å få meir effekt av den store aktiviteten som er på Rallarvegen. Osterfjord Reiselivslag har tidligare arbeidd noko med sykkelturisme og i Bergen har Statens Vegvesen og Bergen Kommune gjort ein del. Rallarvegen frå Haugastøl til Myrdal og Flåm er i dag Noregs mest brukte attraksjon for syklistar med ca. 25.000 syklistar pr. år. For å komme vidare til Voss og vidare vestover er syklistane avhengig av å ta lokaltog frå Myrdal til Upsete. Terrengsykling visar ein stigande interesse og har ført til at heilt nye grupper bruker sykkel som ferieform. For å kunne tilby direkte sykling til Voss og utfordringane på terrengsykling eller stisykling (sigle track) har interessentar i Ulvik og på Finse sett moglegheiter i å laga ein trasé frå Hallingskeid til Rundavatnet og vidare vegen ned til Osa og Ulvik. Frå Ulvik vil man kunne knytte traseen opp via Espelandsdalen til planlagt nasjonalsykkelveg nr. 6 til Voss. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 2
Dette kan også være interessant for kulturhistorien knytt til Rallarvegen og Bergensbanen. Vi veit også at tyskarane under 2. verdenskrig planla og starta bygginga av ein jernbanetrasé frå Hallingskeid og ned til Osa der det var planlagt stor industriutbygging. Heile dette prosjektet ble stoppa før det kom skikkelig i gang. Det finnes i dag framleis rester etter oppstarten på traséen ved Hallingskeid. Utfordringane blir sjølve stien frå Hallingskeid til Rundavatnet i forhold til trasévalg, grunneigarproblematikken og miljøhensyn. 1.1 Prosjektmål 1.1.1 Hovudmål for prosjektet Prosjektet skal utvikla Hordaland som sykkelfylke i reiselivssamanheng. Hordaland skal vera det leiande sykkelferiefylket i Noreg der kombinasjonen mellom syklist velkommen destinasjonar og regionale og nasjonale sykkelruter er eit av våre fortrinn. Dette forutset at ein får finansiert og gjennomført infrastrukturen. 1.1.2 Delmål for sykkeltrasé Rallarvegen Ulvik Målsettinga med forstudien er å avklare moglegheiter for å lage ein sykkelsti (sigle track) frå Hallinskeid til Rundavatnet med omsyn til trasévalg, grunneigarproblematikk og miljøkonsekvensar samt dei kulturelle sidene koble til planlegging og bygging av Bergensbanen og Rallarvegen. 1.2 Rammer 1.2.1 Prosjektets tidsramme Hovudprosjektet går frå 01.03.09 til ut 2011. Denne forstudien bør kunne gjennomførast innan 11.9.2009. 1.2.2 Økonomisk ramme Forstudien har ein kostnadsramme på kr. 65.000 (ekskl. mva.). Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 3
2.0 PROSJEKTSKILDRING 2.1 Prosjektskildring 2.1.1 Kortfatta prosjektskildring Dette delprosjektet er ein del av prosjektet Sykkelturisme i Hordaland. Totalt er det 6 delprosjekt i Sykkelturisme i Hordaland, samt nokre fellesoppgåve: Nordsjøruta Bergen-Mongstad Utvikling av 2 Syklist velkommen destinasjoner (Voss og Sunnhordland) Skilting Haugastøl-Bergen Sykkeltrasé Rallarvegen til Ulvik Hardangerfjordruta Leirvik-Voss Felles informasjon trykt og web Arbeidet med delprosjektet Sykkeltrasé Rallarvegen til Ulvik startar med ein forstudie som skal kartleggja og evaluera moglegheitene for å lage ein sykkelsti frå Hallingskeid på Rallarvegen til Rundavatnet og deretter ned til Osa og Ulvik. I dette skal ein gjennom ein interessentanalyse evaluera trasé, grunneigarproblematikk, miljøkonsekvensar og kulturhistoriske verdiar knytt til koblinga Halligskeid/Rallarvegen og Ulvik sentrum. Dersom forstudien gir positive signaler vil det kunne gå vidare i eit forprosjekt som i hovudsak vil være prosjektering av traséen med investeringskalkylar og driftsorganisering. Hovudprosjektet vil være sjølve investeringa eller gjennomføringa. 2.1.2 Prosjektets innovasjonsgrad Prosjektets innovasjonsgrad ligg i å byggja opp gode terrengsykkelferieprodukti form av ein sti som knyttar Rallarvegen opp til togfri trasé til Voss og planlagt nasjonal sykkelrute nr. 6 (Hardangerruta). Dette vil vera infrastrukturtiltak som vil kunne styrke næringsaktørane i dei gitte områda. 2.1.3 Prosjektets verdiskapingsgrad Prosjektet si verdiskaping ligg fyrst og fremst i at denne type infrastrukturtiltak vil bidra til at eksisterande og nye næringsaktørar vil få nye målgrupper. Undersøkingar syner at sykkelturistar er ein lønnsam gruppe som legg igjen store summar i løpet av ferien. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 4
3.0 ORGANISERING 3.1 Ansvarsforhold Eigarene av forstudien er Stiftinga Rallarmuset Finse og Ulvik herad. 3.1.1 Prosjektansvarleg Prosjektansvarleg er Stiftinga Rallarmuseet på Finse ved styreleiar Rolf E. Akselsen. 3.1.2 Prosjektleiar Vert peika ut seinare. 3.1.3 Øvrige roller og bemanning: Lokal referansegruppe med representant for Ulvik herad og minst to representanter frå reiselivsbedrifter i Ulvik herad. 3.2 Styringsgruppe Styringsgruppa for hovudprosjektet fungerar for statusrapportering. Denne styringsgruppa har følgjande samansetning; Prosjektansvarleg Hordaland fylkeskommune Statens Vegvesen STIN Destinasjonane i fylket 4.0 BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING 4.1 Styringsgruppemøte Møte i styringsgruppa fungerar som statusmøte. Styringsgruppa fastlegg prosjektet sin handlingsplan og til møte skal det rapporterast ihht. fastlagt handlingsplan. 4.2 Beslutningspunkt Beslutningspunkt vert lagt til styringsgruppemøta. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 5
5.0 RISIKOANALYSE 5.1 Kritiske suksessfaktorar Kritiske suksessfaktorar ligg i fyrste rekke i å få prosjektet finansiert. Det er og ein kritisk suksessfaktor i høve tidsramma for å få gjennomført dei tiltaka som er sesongavhengige (oppsetting av skilt o.l.). Dette fordrar at skiltplan og annen planlegging gjerast i god tid. Samla sett er det ein risiko for ikkje å nå prosjektets hovudmål dersom prosessen ikkje vert prioritert og forankra hos aktørar og samarbeidspartnarar. Denne risikoen kan reduserast ved at aktørane tidleg vert involvert. 5.2 Kvalitetssikring Kvalitetssikringa i prosjektet skjer gjennom oppfølging av prosjektleiar og gjennom styringsgruppemøte. 6.0 SAMARBEID MED ANDRE PROSJEKT Det går føre seg ulike prosjekt som det vil vera naturleg å samarbeida med. Dette er til dømes: - Geoturisme i Hordaland - Kortferie i Hordaland - Hardangerruta - forprosjekt - Innovativ fjordturisme - Explore Hardangerfjord - Ulike områdeprosjekt 7.0 GJENNOMFØRING 7.1 Hovudaktivitetar Følgjande aktivitetar vil vera ein del av forstudien: 1. Kartlegging og intervju med de ulike interessentane: Jernbaneverket, Rallarmuseet, Ulvik herad, grunneigarar, Fylkesmannen og næringsaktørar. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 6
2. Synfaringa over alternative traséer. Gjerast med Fylkesmannen, grunneigarar, Ulvik herad og Rallarmusset samt lokale kjentpersonar. 3. Vurdering om det er mogleg og etablere ein sykkelsti frå Rallarvegen til Rundavatnet 4. Konkretisering av ruta (dersom ulike alternativ) på kart (GPS) og skildring av ruta. 5. Utarbeida plan for forprosjekt, søkja om finansiering til dette. 7.2 Framdriftsplan April 09 Mai 09 Juni 09 Juli 09 Aug. 09 Sept. 09 Interessentanalyse <==========> Synfaring <==========> Vurdering av moglegheitane <======> Konkterisering av trasé <======> Plan for vidare arbeid <====> 8.0 Kostnadar & Finansiering 8.1 Kostnadar Aktivitet Prosjektleiing og adm. Kroner 57 000,- Reiser (befaringstur) og møter 5 000,- Diverse 3 000,- Totalt 65 000,- Prosjektleiing berekning av timer/dagsverk: - Kartlegging av moglege interessentar - 1 dg.v - Intervjue med interessentane 5 dg.v. - Synfaring 4 dgv - Konkretisering av ruta - 1 dg.v - Diverse rapportskriving, plan for forprosjekt. - 3 dg.v. Totalt 14 dv Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 7
8.2 Finansiering Finansiering Aktør Kroner Hordaland fylkeskommune - RUP 21.700 Ulvik herad 21.700 Stiftinga Rallarmuseet Finse 21.600 Sum 65.000 Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 8