HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

Like dokumenter
Har du barn/ungdom som pårørende? Når noen i familien blir alvorlig syk

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Radar Reklame og Rådgivning AS 03/08 Forsidefoto og side 3: Scanpix Creative. Har du barn som pårørende?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Info til barn og unge

TIL BARN OG UNGDOM MED FORELDRE SOM HAR MULTIPPEL SKLEROSE (MS)

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

-Til foreldre- Når barn er pårørende

BARNEANSVARLIG. En ressurs for barn og unge som er pårørende til alvorlig syke foreldre. Nettadresser:

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Barnespor 2 Guide til foreldresamtaler - bidra til at barna får nødvendig informasjon

BARN SOM PÅRØRANDE AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL. Eit samarbeid mellom kommunane Aurland, Lærdal og Årdal. Aurland kommune Vangen

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Kva treng barnet frå dei vaksne, både heime og i barnehagen, for å kunne etablere trygg tilknytning? Tilknytning heime og i barnehagen

Erfaring og forsking

HVA NÅ? når mor eller far til dine barn er syk

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Når barn er pårørende

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Til deg som bur i fosterheim år

Kva skal gjerast og kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Til deg som bur i fosterheim år

Barn som pårørende Lindring i Nord Eva Jensaas, Palliativt team.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

FIRFOTMODELLEN. Fødselsdato

6-åringar på skuleveg

Barn som pårørende - søskengruppe. Helse Fonna, barnehabilitering

Barn og ungdom som pårørende i somatisk sykehus Undervisning vedlegg til kompetansepakke, Oslo universitetssykehus

Innsats i BTI Barnevern

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barn i sorg etter langvarig sykdom

Når noen i familien er syke påvirker det hele familien. Dette gjelder både fysiske og psykiske sykdommer.

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Barn som pårørende fra lov til praksis

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

God barndom = god helse i vaksen alder?

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Dømt til en annerledes barndom - barn som pårørende i kriminalomsorgen. Fagkonferansen Hell Anne Kristine Bergem Psykiater og fagrådgiver

Trivsel og vekstvilkår

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Foreldregruppe i barnehagen

BARN SOM PÅRØRENDE en pålagt del av helsehjelpen. Arendal kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Dette må vi bare gjøre mer av! Hva sier nasjonal pårørendeveileder om det å involvere og inkludere barn? v/kari Bøckmann, Rådgiver/psykologspesialist

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Kan fastlegen vere nyttig for barn i familiar med rusproblem?

Hvordan tematiseres foreldres rusproblemer for barna? Turid Wangensteen PhD-kandidat

Pårørende Rådgiver/psykologspesialist Kari Bøckmann

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Bjørnehiet SFO - informasjon

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Barn er også pårørende - hva kan vi gjøre for å hindre at barn tar skade av foreldrene vansker?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Barnespor for helsepersonell

De skjulte barna -Kjærlighetens små hjelpere

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

BARN SOM PÅRØRENDE. Kvinesdal 18.oktober 2013 v/gunnar Eide

Barns rettigheter som pårørende. Kristin Håland, 2019

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Min lese-, skrive- og tegnebok når en jeg er glad i er syk

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Til foreldre om. Barn, krig og flukt

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Hvordan sikrer vi god nok oppfølging og inkludering av barn som pårørende?

Omsorg ved livets slutt

Dalane seminaret

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

Kan fastlegen vere nyttig for barn i familiar med rusproblem?

Min Bok Når noen i familien har fått en hjerneskade

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Om å høyre meir enn dei fleste

Stiftelse, finansiert av offentlige midler 20-års jubileum i personer med variert faglig bakgrunn Lavterskeltilbud

Hvordan sikrer vi god nok oppfølging og inkludering av barn som pårørende? Prioriterte oppgaver for BarnsBeste 2019

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Transkript:

HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

NÅR EIN I FAMILIEN BLIR ALVORLEG SJUK, vil det berøre heile familia. Alvorleg sjukdom inneber ofte ei dramatisk endring i livssituasjonen, og barna/ungdommen sin kvardag kan bli prega av uro og bekymring. Det er viktig at vi vaksne ikkje gløymer barna og/eller ungdommane og korleis dei har det i denne situasjonen. Denne brosjyra vender seg til foreldre og andre vaksne som ønskjer rettleiing i ein vanskeleg situasjon. Ulike sjukdomar kan arte seg på ulike måtar slik at det som passar i ein viss situasjon i ei familie, ikkje behøver å være det rette for ei anna familie. Kvar familie har sine eigne minne, venner, omgangskrets, interesser og reglar. Du som foreldre kjenner ditt barn best. Likevel kan det vere bra å bli påminna om det som er spesielt viktig å tenke på for barna si skuld. LOVVERK Vi har eit lovverk som skal ivareta barn og/eller ungdom sine rettigheiter som pårørande. Dette finn vi i lov om helsepersonell 10 a og b, 25 tredje ledd. Det betyr at helsepersonell blant anna skal tilby samtale med pasienten om barnet og/eller ungdommen sin informasjons eller oppfølgingsbehov og tilby informasjon og rettleiing om aktuelle tiltak. Dette gjeld også som ei følge av at foreldre eller et søsken til barnet og/eller ungdommen døyr. Innanfor rammene av teiplikta skal helsepersonell også tilby barnet og/eller ungdommen og andre som har omsorg for barnet og/eller ungdommen, å ta del i ein slik samtale. I følgje Spesialithelsetenestelova 3-7 skal institusjonar som lova gjeld, ha barneansvarleg personell, med ansvar for å fremje og koordinere helsepersonellet si oppfølging av mindreårige barn med foreldre som er alvorleg sjuke. I HELSE MØRE OG ROMSDAL har vi barneansvarlige på alle aktuelle seksjoner

BARN/UNGDOMMAR I SORG BARN/UNGDOMMAR I SORG ER AVHENGIGE AV VAKSENHJELP Barn og ungdomar opplever ikkje sorg kun når mor eller far døyr, men også ved skilsmisse, flytting eller når mor eller far er alvorleg sjuke. Barn og ungdomar er svært avhengige av at dei vaksne hjelp dei gjennom sorgarbeidet. Barn og ungdomar har ikkje sjølv dei nødvendige erfaringane eller orda til å handtere dette sjølve. BARN OG UNGDOMMAR HAR TANKAR, MEN MANGLAR ORD Barn og ungdomar har bruk for vaksne som snakkar med dei og hjelp dei til å sette ord på kjensler og tankar. Mange foreldre kan forståeleg nok vere i tvil om kor mykje informasjon barnet/ungdomen skal ha, og kor mykje dei skal involverast når ein i familia er alvorleg sjuk eller døyr. Skal ein velge taushet eller tale? Det kan vere til hjelp å vete at barn tåler smertefulle beskjedar om sjukdom og død. Barna/ungdommane vil heller involverast i vanskelege ting enn å bli heldne utanfor. Det skapar tryggheit og forutsigbarheit at dei får vete. Barna/ungdommane er gode til å finne ut kva foreldra «tåler» av spørsmål, og kan halde tilbake eigne reaksjonar og spørsmål for å hindre at det skal bli enda vanskelegare for foreldra.

NORMALE REAKSJONAR Sinne Tilbaketrekking Uro Søvnvanskar Konsentrasjonsproblem Skuldkjensle Kroppslege plager, som for eksempel hovudverk og magesmerter Bråmodning Sengevæting Auka trong for nærleik Tristheit Bekymring for framtida Barna/ungdommane sine reaksjonar må alltid forståast i lys av barnet/ ungdommen sin situasjon og alder. Sorg er også energikrevande og stel av barnet/ungdommen sin kapasitet. Barn/ungdommar treng derfor å vete at sorg består av mange forskjellege kjensler og uttrykk, samtidig som vi må huske på at også andre ting kan påverke barnet/ ungdommen sine reaksjonar (uvennskap, vanskar på skulen, kjærleiksorg osb.). Alle dei nemnde reaksjonane er normale. Varer dei ved betyr det at barnet bør få hjelp til å bearbeide opplevingar og kjensler. Fagpersonell kan være til hjelp med å rettleiie og støtte slik at du som forelder sjølv kan formidle nødvendig informasjon til dine barn/ungdom. Sjølv om barnet/ungdomen er stor og kjenner seg vaksen, er det godt å få hjelp i ein vanskeleg situasjon

KVA HJELP BARN OG UNGDOM? INFORMASJON OG OPENHEIT Det er ikkje alltid lett for den vaksne å svare på spørsmål. Like fullt er det viktig å stille seg open for spørsmål og svare så ærleg som mogleg. Informasjon gir tryggheit og gjer det lettare å meistre ein vanskeleg livssituasjon. Det er også lov å sei at ein ikkje veit svaret, dersom det er sanninga. TIDLEG DELTAKING Informasjon frå deg som forelder bør starte så tidleg som mogleg i sjukdomsforløpet. Vi oppfordrar foreldre til å ta med barna/ ungdommane til sjukehuset på eit tidleg tidspunkt. ALDERSTILPASSA INFORMASJON Informasjonen bør vere konkret, tilpassa alder og utviklingsnivå, og bli gitt jevnleg ut fra behov. Det vil være forskjelar mellom småskulebarn (1. 4. klasse), storskulebarn (5. 7. klasse) og ungdommar på ungdomsskule/vidaregåande skule. Desse forskjellane har betydning for barn/ungdommars opplevingar og behov for hjelp. Barn og ungdommar vil trenge nye forklaringar og bekreftingar etter kvart som dei utviklar seg og forstår meir. Det er ikkje nødvendigvis slik at små barn har mindre reaksjonar enn store barn, men reaksjonane kan vere forskjellege. Reaksjonane kan komme og gå og dei kan variere. INFORMASJON TIL NÆRMILJØET Vi tilrår å informere helsesøster, skule og /eller barnehage, slik at barna/ungdommane kan bli sett og ivaretatt i ein vanskeleg situasjon

KVARDAG MED SJUKDOM I FAMILIEN Familia sine vante roller kan bli påverka ved alvorleg sjukdom og behandling. Mamma og pappa som alltid har ordna alt, kan no brått bli avhengig av andre si hjelp. Rolleforandringar kan vere vanskelege å forhalde seg til for barn/ungdommar. Barn og ungdommar er gode observatørar av omgjevnadane og konstruerer meninger sjølve, som for eksempel det å gi seg sjølv skulda for endringar. Kvardagen kan bli endr både kjenslemessig og praktisk. I den samanhengen kan det være behov for hjelp både fra familien sine private nettverk (venner, naboar, besteforeldre) og det offentlege nettverk (helsesøster, skule, sosionom, prest). KVA KAN HJELPE FAMILIEN? Sjukdomsfrie soner Normalisere kvardagen mest mogleg Kontinuitet og tryggheit i kvardagen Ha nokon vaksne å snakke med Hjelp til å sette ord på kjensler Treffe andre i same situasjon Spør oss om det som det er vanskeleg å snakke om med andre!

RÅD TIL FORELDRA Tidleg informasjon Ver open og ærleg Bruk ord og uttrykk tilpassa barnet/ungdommen sin alder Gi barnet/ungdomen lov til å reagere Følg opp med samtalar undervegs Gi trøyst Gi rom for glede i kvardagen Samarbeid med barnehage/sfo/skule Trekk inn fagleg hjelp ved behov Gi rom for barna til å uttrykke seg gjennom leik, teikning HUSK AT BARN/UNGDOM Har lov til å ha det bra Har lov til å være sint på mor/far Det er vanleg å bli både redd, sint og lei seg Det er ikkje di skuld Det er ikkje ditt ansvar å hjelpe mor eller far å bli frisk Du er ikkje den eineste. Det er mange andre barn/ungdommar som er i same situasjon som deg. Dei tenker og følar nesten det same som deg BESØK VED SJUKEHUSET Barn og ungdom er hjarteleg velkomen på besøk til sjukehusa i Helse Møre og Romsdal. VI TILRÅR Å: Gje beskjed til personalet når barn/ungdommar kjem på besøk Forklare på ein enkel måte om sjukdom og behandling Forbrede på eventuelle endringar i utsjånad Forklare utstyret som er ved senga

Dersom du har spørsmål eller ønskar å få vete meir, ta kontakt med: Navn på eininga:... Telefon... MEIR INFORMASJON: På disse nettstadane kan du finne meir informasjon. Her kan du lese om andre barn og unge i same situasjon som deg. Lurer du på noko, kan du stille spørsmål til fagfolk. barnsbeste.no nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande ug.no ungdomsgruppa i kreftforeininga barnogunge.no om barn sine rettigheiter når mor eller far er alvorleg sjuke regnbue.no for barn av foreldre med alkohol eller andre rusmiddelproblemer morild.org for deg som har ei mor eller ein far med psykiske problemer mentalhelse.no informasjon om psykisk helse helsesista.no (snapchat) her kan du få svar på ulike spørsmål ung.no informasjon om unges rettigheiter, moglegheiter og plikter huba.no nettverk for barn og unge si psykiske helse barsnakk.no heilt anonymt, om du vil Alarmtelefonen for barn og unge: ring 116 111 eller 116111.no 800TRYGG (eller 800 87 944): Hjelpetilbud for barn og unge som treng å snakke om vanskelege opplevingar knyttet til voksne sitt rusmisbruk - eller om andre ting som har med rus å gjere. helse-mr.no Helse Møre og Romsdal si nettside