VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

Like dokumenter
Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

ØYGARDEN UNGDOMSSKULE

Øystese barneskule April - 08

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Vurderingspraksis med fokus på norsk, engelsk og matematikk

VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Sandeid skule SFO Årsplan

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kvalitetsplan mot mobbing

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT GLESNES SKULE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Til deg som bur i fosterheim år

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

mmm...med SMAK på timeplanen

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Velkomen til Mork barnehage

Plan for Liabygda SFO

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Samansette tekster og Sjanger og stil

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Informasjonshefte Tuv barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

SAMARBEID HEIM OG SKULE

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Frå novelle til teikneserie

Valdres vidaregåande skule

METODIKK FOR SKULEVURDERING

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Transkript:

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule Vurderingsveka : veke 17; 21. 24.april 2008 Vurderingsrapport Glesnes skule Side 1 av 29

1 FØREORD Regionalt samarbeid om vurdering og kvalitetsutvikling Fjell, Øygarden og Sund (FØS) har etablert eit samarbeid om ekstern skulevurdering; med start våren 2008. I dette samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Ut frå forskrift 2-1- knytt til Opplæringsglova 14-1, fjerde ledd: Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og dei enkelte læreplanane for fag. Kommunen har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene. I Opplæringsslova 13-10,2.ledd heiter det også: Kommunen skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lova og forskriftene blir oppfylte. Det vart i 2007 vedteke av skulesjefane/skulefagleg ansvarlege i FØS at det skulle etablerast eit vurderingsnettverk i regionen. Mål: Ei vurderingsgruppe på tvers av kommunegrensene skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i skulane. Føremålet er mellom anna: Knyta saman god praksis i regionen. Vedkjenna oss at skulen både treng, og kjem til å få «auge utanfrå». Nytta ekstern hjelp i vurderingsarbeidet og utvikla vurderingskompetanse. Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunane sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderar si eiga verksemd. Kven er vurderar? 14 personar i regionen er medlemmer i vurderingsnettverket. Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera dei 31 grunnskulane i regionen innan 3 år, dvs. om lag 10 skular for kvart skuleår. 2-3 medlemar frå nettverket gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer skular i eigen kommune. Denne første gongen (våren - 08) vil tilsaman 5 skular verta vurderte. Det vert ein ny vurderingsrunde hausten 2008 og då med 5 nye skular. Om prosessen Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skuleeigar Fokusområdet må ha utviklingspotensiale. Fokusområdet vert meld inn til prosjektkoordinator. Vurderarane førebur sjølve vurderinga gjennom eit samarbeid med skulen, med utarbeiding av kriterium, og metodeval og verktøy tilpassa det området skulen ynskjer fokus på. Skulevitjing med kartlegging, observasjon og samtalar Vurderinga vert gjennomført. Våren 2008 vil vurderinga verta gjennomført i veke 16 og 17. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 2 av 29

Rapporten Vurderarane skriv rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekkjer både fram verksemda sine sterke sider innanfor vurderingsområdet, og kva utfordringar skulen har framover. Den gjev også informasjon om rammene for vurderinga tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men kanskje eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med innan det fokusområdet som er vurdert. Det er eit ynskje at dei reiskapar og metodar som har vore nytta, kan overførast til det interne vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med. Rapporten vert gjort offentleg på kommunen si web-side om lag ein månad etter at den er lagt fram for skulen og skuleeigar. 2 FAKTA OM SKULEN Bygget/ skuleanlegget - Glesnes skule som ligg på Glesvær er ein trebygning frå 1951 med påbygg av m.a. gymsal. Klasseromma er relativt små. Personalet og administrasjon Lærarar: 4,7 årsverk fordelt på 7 personar, inkludert rektor. Assistentar: 3 årsverk fordelt på 3 personar. (Arbeider både på skule og i SFO.) Administrasjonen består av rektor. Organisering, elevar og klassar - Glesnes skule er ein 4-delt barneskule med slik fordeling av klassar og elevar: 1.klasse: 18 elevar 2.klasse: 11 elevar 3.klasse: 11 elevar 4.klasse: 8 elevar 5.klasse: 13 elevar 6.klasse: 12 elevar 7.klasse: 7 elevar I alt: 80 elevar Vurderingsrapport Glesnes skule Side 3 av 29

Skulestrukturen i kommunen I Sund kommune er det 7 barneskular og 1 ungdomsskule. Skulen sine planar og prioriterte utviklingsoppgåver - IKT-opplæringa - Olweus-programmet - Realfagsatsing - Lese- og skriveopplæringa 3 VURDERINGSTEMA Stikkord: Glesnes skule har bede om vurdering på følgjande tema: Klasseleiing Vurderingstemaet vart vald i samarbeid med lærarar og tillitsvald. Temaet er aktuelt og er ofte framme i den offentlege skuledebatten. Det er også fleire skular i regionen som er på trappene til å starte opp programmer for klasseleiing. Det fins ein god del litteratur om emnet. 4 KRITERIUM/KVALITETSKRAV Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette kriteria er henta frå lov, regelverk, rettleiingar, læreplanverk og skulen sine eigne planar. Når vurderarane gjennomfører ei vurdering, vert kriteria og teikn på god praksis jamført med den informasjon som er samla inn om temaet; gjennom intervju, observasjon o.a. på skulen. Kriteria speglar ønsket om å finna ut om kvar skulen står i dag med omsyn til vurderingstemaet. Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderarane, og godkjende av skulen. KRITERIUM TEIKN PÅ GOD PRAKSIS Det fysiske læringsmiljøet Tema: Læraren som ansvarleg leiar for det fysiske læringsmiljøet: Klasserommet er organisert slik at det fremjar læring og lettar det daglege arbeidet for lærar og elevar. Klasserommet er praktisk og oversiktleg organisert. Læremiddel som læraren treng er lett tilgjengeleg når timen byrjar. Elevane har gode rutinar for å og Vurderingsrapport Glesnes skule Side 4 av 29

leggje tilbake det dei treng av bøker og utstyr. Rommet er innreidd slik at det stimulerer til læring. Elevane har med seg naudsynt utstyr til timane. Klasserommet vert forlate i ordna tilstand. Det psykososiale læringsmiljøet Tema: Læraren som ansvarleg leiar for det psykososiale læringsmiljøet: Læraren opptrer som ein tydeleg leiar. Skulen medverkar til at lærarane står fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane. Læraren møter presis til timen. Elevane møter presis til timen. Timen har ein klar og tydeleg oppstart og avslutning. Skulen sine ordens- og åtferdsreglar er kjende for elevar, føresette og dei tilsette. Klassereglane er tydelege i klasserommet. Læraren er konsekvent ved korreksjon av uønska åtferd. Reaksjonsmønsteret ved uønska åtferd er kjent av elevar, føresette og dei tilsette. Ønska åtferd vert belønna. Læraren opnar opp for humor, spontanitet og improvisasjon. Læraren viser omsorg og ser kvar einskild elev Elevar som ønskjer å snakke, må rekke opp handa for å kunne ta ordet. Alle elevar får ta ordet i løpet av dagen. Læraren sikrar at han har augekontakt med alle i løpet av timen. Læraren bruker namnet på elevane på ein positiv måte. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 5 av 29

Berøring vert brukt som eit positivt kontaktmiddel. (T.d handhelsing, klapp på skuldra.) Undervisning og læring Tema: læraren som leiar for undervisning og læring: Læraren skaper forståing for formålet med opplæringa Måla i læreplanane er kjende for elevane og dei føresette. Eleven sine læringsplanar viser tydeleg kompetansemåla. Læraren uttrykkjer tydelege forventningar om deltaking, innsats og læringsresultat. Elevane får vurdering av eiga deltaking, innsats og læringsresultat. Føresette får tilbakemelding på elevane si læring og utvikling. Lærarane gir meiningsfulle arbeidsoppgåver til elevane Læraren gir grunngjeve og ærleg ros. Undervisninga er engasjerande og variert, og elevane blir motivert til eiga utvikling og læring. Læraren er trygg i faget, har gode fagkunnskapar. Læraren bruker varierte undervisningsmetodar. Læraren bruker arbeidsmåtar tilpassa elevane i gruppa. Læraren bruker varierte læremiddel. Læraren kjenner elevane sin faglege ståstad. Elevane får opplæring i læringsstrategiar og ulike arbeidsmåtar. Elevane får, og kan sjølv velje oppgåver som både utfordrar og gir høve til utforsking, åleine eller saman med andre. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 6 av 29

Samarbeid med heimen Skulen legg til rette for samarbeid med heimen og sikrar at foreldre/føresette får medansvar i skolen. Lærar får tilfredsstillande informasjon frå heimen om eleven. Føresette får tilfredsstillande informasjon frå skulen. Heimen veit kva tid og korleis lærar er å treffe. Det vert halde minst to foreldrekonferansar pr skuleår. Føresette får medverke ved planlegging og gjennomføring av klasseforeldremøte. 5 DELTAKARAR I VURDERINGA Interne: - Elevar, - Pedagogar/assistentar, - Rektor og føresette. Eksterne: Britt Eide Knudsen og Barbro Karin Tveit Hospitant: Rune Landro (både som observatør og deltakar i vurderingsarbeidet). Grunngjeving for val av informantar Vi har prøvd å møte alle aktuelle deltakar i skulesamfunnet for å få så breitt grunnlag for vurderinga som mogleg. 6 TIDSBRUK Det er avsett ei veke (5 arbeidsdagar) til å vurdera ein skule. Med i dette er også ein startdag der vurderarane møter skulen for fyrste gong - for avklaringar og planlegging. Møtet vert kalla Førehandsmøtet. Under sjølve vurderinga, er vurderarane på skulen i inntil 4 dagar. Skulen får rapporten siste dagen. I forkant og undervegs førebur vurderarane informasjon, metodar, verktøy og driv vurdering av informasjon og har oppsummeringar. Å gjennomføra ei kvalitetsvurdering på 3 dagar er knapp tid, og inneber ei avgrensing av vurderinga. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 7 av 29

Tidsplan, Glesnes skule. Ekstern vurdering i veke 17 Veke 5 30.01.08 TID TILTAK ANSVAR Frist for å melde inn vurderingstema Veke 7 - Møte om vurderingskriteria nettverket (12.02) - Gjer avtale om førehandsmøte med rektor og personale Veke 9 Førehandsmøte m/rektor 25.02.08 Gjennomgang og fordjuping i vurderingstema. Vurderarane møter rektor (25.02.08.) Veke 10 Veke 11 Veke 13 Lage framlegg til kriterium og endeleg tidsplan Vurderarane sender «glansbilete» til skulen. Vurderarane møter personalet/rektor ved skulen. Presentasjon av «glansbilete» - torsdag 13.03.08 Vurderarane tek med infobrev til foreldra Utsending av påstandsskjema Skulen kjem med evt. framlegg til endringar/tillegg til glansbilete, - frist 27.03.08 Skulen Vurderarane Vurderarane Vurderarane Vurderarane /rektor Vurderarane /rektor Veke 14 Førebuing av vurderingsveka. Vurderarane Veke 15 Skulen sender tilbake påstandsskjema 08.04.08 Oppsummering av påstandsskjema. Førebuing av vurderingsveka. Rektor Vurderarane Veke 16 Førebuing av vurderingsveka. Vurderarane Rektor Veke 17 Vurderingsveka: Observasjon i klassar, intervju med lærarteam, elevråd, rektor, tillitsvald. Gjennomføring av foreldremøte, - tysdag 22.04.08 kl.18.30 Endeleg utarbeiding av rapport onsdag og torsdag. Presentasjon av rapport torsdag 24.04.08 kl.16.30 Vurderarane Rektor Veke 19 08. mai Frist for skulen: Innspel om faktiske feil i rapporten. Skulen Før 17.mai Innan 01. juni Innan 6 mnd Endeleg rapport vert sendt skule/kommune og vert lagt ut på nettet. Skulane sender ei evaluering av vurderingsarbeidet til koordinator. Rektor rapporterer til skuleeigar om arbeidet med utviklingsområde. Vurderarane, skule og kommune Rektor Rektor Vurderingsrapport Glesnes skule Side 8 av 29

7 METODAR Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle samtalar og gruppesamtalar, møte og observasjon. I denne vurderinga er følgjande metodar nytta: Dokumentanalyse Skulen sende vurderarane diverse relevante dokument: Utviklingsplan, resultat etter ståstadsanalyse, resultat av elevundersøking for 7. kl. våren 2008. Kriterium og teikn på god praksis Vurderarane utarbeidde kriterium og teikn på god praksis med utgangspunkt i Kunnskapsløftet og lovverket. Vurderartrioen gjennomførte eit førehandsmøte med skulen i veke 11. Skulen fekk høve til å koma med merknader til kriteria/teikna på god praksis. Desse punkta vart utgangspunktet for utarbeiding av samtaleguidar, observasjonsskjema og oppgåver til foreldremøte. Påstandsskjema I forkant av skulebesøket sende vurderarane ut påstandskjema alle partane i vurderinga. Desse vart fylt ut av elevar, føresette, elevar, lærarar og assistentar. Påstandsskjema vart returnerte til vurderarane for oppsummering. Oppsummeringa viste kva område vurderarane måtte hente inn meir informasjon om. Observasjon I løpet av veka har vi hatt observasjonsøkter i alle klassar frå 1.-7. trinn. Dei det har vore undervist i faga norsk, matematikk, kunst & handverk, engelsk, samfunnskunnskap og KRL når vi har observert. Verktøy for vidare informasjonsinnhenting For å kunna gjera djupdykk i temaet, laga vurderarane samtaleguidar for intervju med dei tilsette og elevane. Vi laga guidar tilpassa lærarane, assistentane, elevrådet, rektor og tillitsvald. Guidane vart temamessig knytte opp til kriterieskjemaet. I møtet med foreldrerådet brukte vurderarane ein enkel prosessmetode for å fokusere på foreldra si vurdering av skulen sine sterke sider og skulen sine forbetringsområde innan temaet klasseleiing. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 9 av 29

Vurdering Vurderarane føretok ei vurdering, ved å spegla utsegnene frå tilsette, elevar og føresette mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga vart det trekt konklusjonar. 8 SKULEN SINE STERKE SIDER INNAN VURDERINGSOMRÅDET Det fysiske læringsmiljøet Elevane har gode rutinar for å ta fram og leggje tilbake det dei treng av bøker og utstyr. Dette gjer at ein kjem fort i gang med læringsøkta, og at overganssituasjonane blir smidige. Det psykososiale læringsmiljøet Gode rutinar for innmarsj og oppstart av timane. Ordninga med bra-korta ser ut til å ha hatt ein positiv effekt på orden og åtferd i korridorane. Også positivt at lærar alltid er på plass når elevane kjem inn. Elevar som ønskjer å snakke, må rekke opp handa for å kunne ta ordet. Alle elevane blir sett. Eit positivt tiltak, som også foreldra sette pris på, er oppmuntringsbreva som 4. og 5. klasse får kvar månad. Undervisning og læring Lærarane synleggjer læringsmål på vekeplanane. Både elevar og føresette set tydeleg pris på bruk av læringsmål på vekeplanane. Denne praksisen er med på å endre fokus frå å gjere til å lære. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 10 av 29

Samarbeid med heimen Skule-heim samarbeidet er godt, særleg med tanke på informasjonsflyten. Rektor gjer eit godt arbeid med å sikre informasjon gjennom fleire kanalar. Foreldra er også tydeleg på å gje skulen honnør for dette. 9 SKULEN SINE UTVIKLINGSOMRÅDE INNAN VURDERINGSOMRÅDET Hovudpunkt for utvikling av området klasseleiing: 1. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar Vurderarane har gjennom observasjon sett liten variasjon i undervisninga og i elevane sine arbeidsmåtar. Dette kjem også fram i samtale med elevrådet. 2. Klasse- og skulereglar Vurderarane har sett at det er mange reglar som elevane skal forstå, hugse og handle etter. Det er registrert over 20 reglar i nokre klasserom. Nokre av reglane er godt synlege på gode plakatar, andre er i mindre grad leselege. Både elevane i elevrådet og andre elevar som vurderarane har snakka med, seier at det ikkje er øvd på reglane. 3. Elevane si vurdering av eige arbeid Både lærarar og elevar som vurderarane har snakka med, seier at elevane i liten grad blir utfordra til å vurdere eige arbeid. Vurderarane har også i liten grad observert at lærarane gjer dette. 4. Læraren som tydeleg klasseleiar Mange av lærarane har klare tankar om korleis vere ein tydeleg leiar for elevane. Vurderarane har observert eit avvik mellom det dei seier og det dei gjer i klasserommet. Vurderarane har ikkje registrert at lærarane praktiserer eit felles reaksjonsmønster på uønska åtferd, bortsett frå Vurderingsrapport Glesnes skule Side 11 av 29

ordninga med bra-korta. Også informasjon frå elevrådet underbyggjer desse observasjonane. Vurderarane har i liten grad observert bruk av positiv forsterking ved at ein gir merksemd til ønskt åtferd i staden for å gi merksemd til uønska åtferd. Det er også observert at ein i stor grad bruker kollektiv ros i staden for individuell ros. Ein av tilbakemeldingane som foreldrerådet prioriterte, var at nokre av lærarane burde ta meir tak i uro i klassane. 10 IDEAR TIL VIDARE ARBEID Utviklingsområde Belønningssystem Oppmuntringsbrev Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar Idear Vurderarane har sett at ordninga med bra-korta har gitt positiv effekt på inngang og orden i korridorane. Skulen bør likevel vurdere eit sluttpunkt på denne ordninga, når ønska åtferd er automatisert. Forsking om belønningssystem seier at slike system bør brukast intensivt i korte periodar innanfor eit avgrensa område. Både elevråd og foreldreråd trekkjer fram ordninga med oppmuntringsbrev i 4./5.kl som særs positiv. Foreldra trakk m.a. fram at eleven på denne måten vart gjort merksam på at læraren såg positive ting ved eleven som eleven i utgangspunktet ikkje visste at læraren hadde sett. Denne ordninga bør kanskje takast i bruk også i andre klassar. Læreplanen sin generelle del legg vekt på at læraren skal bruke varierte arbeidsmåtar (læringsplakaten). Planen seier også at elevane skal få og sjølv kunne velje oppgåver som både utfordrar og gir høve til utforsking (LK06 s. 33). Elevane si motivasjon for Vurderingsrapport Glesnes skule Side 12 av 29

arbeid vil verte styrkt om læraren i større grad lukkast med dette. Framlegg til tiltak: - Meir bruk av konkretiseringsmateriell - Bruk av stasjonsundervisning, - vurdere annan disponering av romma - Meir bruk av visuelle læremiddel, t.d. ved introduksjon av nye emne. - Variere i type oppgåver, - meir opne utforskande oppgåver Klasse- og skulereglar Det er viktig at elevane ikkje har for mange reglar å rette seg etter. For mange reglar gjer det vanskeleg både for elevane og dei vaksne som skal følgje opp alle reglane. Framlegg til tiltak: - Avgrense til 4-5 reglar knytt til det sosiale og til orden - Fokusere på maks 2 reglar om gangen - Sikra at reglane er innlært og forstått - Gjere kjent kva som vert konsekvensane av regelbrot - Følgje opp reglane Elevane si vurdering av eige arbeid I forskrift til Opplæringslova 3-4 står det at elevane skal delta i vurderingsarbeidet. Lærarane må bli meir medviten om denne sida ved opplæringa. Mange undersøkingar viser at dersom elevane kjenner vurderingsgrunnlaget og deltar i vurderingsarbeidet, gir det motivasjon i læringsarbeidet (Vurderingshefte frå Udir. s 11). Vurderingsrapport Glesnes skule Side 13 av 29

Læraren som tydeleg klasseleiar Framlegg til tiltak: - Lærarane gir elevane høve til skriftleg og munnleg eigenvurdering. Læringsplakaten (s. 32 i generell del av læreplanen) seier at skulen skal bidra til at lærarane står fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane. Bruk av ros er det mest anerkjente verkemiddel i pedagogikken både blant forskarar og praktikarar. Likevel viser observasjonar at lærarane trur at dei roser oftare enn dei faktisk gjer (Betre skole småskriftserie nr 6). Framlegg til tiltak: - Unngå å bruke generelle kommentarar som fint, bra gjort osb. - Gje spesifikke tilbakemeldingar av typen: Eg likte måten du løyste dette problemet på fordi - Gje individuell ros i langt større grad enn gruppe-ros. - Gje ros i form av ikkjevurderande skildring av ønska åtferd: Nils har fått fram boka! Anna: - Skulen bør drøfte seg fram til ei felles forståing for bruk av sanksjonar på uønska åtferd. (Det er utvikla ulike klasseleiingsprogram som kan hjelpe ein til å systematisere dette arbeidet.) Vurderingsrapport Glesnes skule Side 14 av 29

6 månadar etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende til skulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering. Glesnes skule 24.04-2008 Rune Landro Britt Eide Knudsen Barbro Karin Tveit vurderar FØS vurderingsnettverk Vedlegg: Spørsmål til arbeidsmøte med foreldrerådet s. 16 Forside samtaleguide s. 17 Spørsmål til assistentane s. 18 Spørsmål tilelevrådet s. 19 Spørsmål til lærarane s. 20 Spørsmål til rektor s. 21 Spørsmål til ATG (tillitsvald) s. 22 Påstandskjema assistentar s. 23 Påstandskjema elevar 3. 7.kl s.25 Påstandskjema lærarar s. 26 Påstandskjema føresette s. 28 Observasjonsskjema s 29 Vurderingsrapport Glesnes skule Side 15 av 29

ARBEIDSMØTE MED FORELDRERÅDET 22.04.08 KL. 18.30-20.00 Tema: Klasseleiing Det fysiske læringsmiljøet Det psykososiale læringsmiljøet Undervisning og læring Samarbeid med heimen Problemstilling I: Vurder Glesnes skule med omsyn til klasseleiing. Kva er skulen god til? 1. 2. 3. 4. 5. Problemstilling II: Vurder Glesnes skule med omsyn til klasseleiing. Kva kan skulen utfordrast til å gjere betre? 1. 2. 3. 4. 5. Utstyr som vi treng: Tusjar, - raud/blå Flipover-ark Tape Vurderingsrapport Glesnes skule Side 16 av 29

Samtaleguide for Glesnes skule Tema: KLASSELEIING Namn: Stilling/funksjon: Dato: Glesnes skule vil bli vurdert ut i frå følgjande tema: Klasseleiing Det fysiske læringsmiljøet Det psykososiale læringsmiljøet Undervisning og læring Samarbeid med heimen Kommentar til alle: Alle opplysningar vil bli handsama konfidensielt. Vurderingsrapport Glesnes skule Side 17 av 29

Assistentane Nr Spørsmål Klasseleiing 1 Kva er arbeidsoppgåvene dine i klassen? 2 Kven gir deg informasjon om kva du skal gjere i klassen? 3 I kva grad får du planar for arbeidet ditt? 4 Korleis er samarbeidet mellom deg og læraren? 5 Har du fast samarbeidstid med lærar? Svar I tilfelle ja, kor ofte og korleis organisert? Vurderingsrapport Glesnes skule Side 18 av 29

Elevrådet Nr Spørsmål Klasseleiing 1 Kva er reglane for korleis du skal oppføre deg i klasserommet? 2 Kva gjer dei vaksne når du oppfører deg som du skal? 3 Kor ofte får du ros av dei vaksne for korleis du oppfører deg? 4 Kva gjer dei vaksne når du bryter reglane? 5 Kor ofte ber læraren deg å vurdere eige arbeid? 6 Veit du kva du skal gjere når du er ferdig med ei oppgåve? 7 Kva gjer læraren for at det skal vere godt humør og god stemning i klassen? 8 Er det noko anna de vil fortelje oss? Svar Vurderingsrapport Glesnes skule Side 19 av 29

Lærararane Nr Spørsmål Klasseleiing 1 Korleis organiserer du klasserommet slik at det fremjar læring 2 Kva for kriterium legg du i å vere ein tydeleg leiar? 3 Kva gjer du for å vere ein tydeleg leiar? 4 Kva er viktig å ta omsyn til for å kunne sjå den enkelte elev? 5 På kva måte synleggjer du kompetansemåla for elevar og føresette? 6 Korleis forklarer du kva som må til for nå dei ulike kompetansemåla? 7 Korleis gjev du elevane vurdering av læringsresultat, og korleis dokumenterer du læringsresultat for elevar og føresette? 8 Korleis vert elevane utfordra til eigenvurdering? 9 Nyttar du ulike læremiddel og korleis fungerer dette i praksis? 10 Korleis bidreg du til eit læringsmiljø som gjev utfordring og utvikling? 11 Korleis visualiserer de kva elevane skal lære? 12 Fortel om bruken av bra-korta. Svar Vurderingsrapport Glesnes skule Side 20 av 29

Rektor Nr Spørsmål Klasseleiing 1 Korleis organiserer du klasserommet slik at det fremjar læring 2 Kva for kriterium legg du i å vere ein tydeleg leiar? 3 Kva gjer du for å vere ein tydeleg leiar? Svar 4 Kva er viktig å ta omsyn til for å kunne sjå den enkelte elev? 5 På kva måte synleggjer du kompetansemåla for elevar og føresette? 6 Korleis forklarer du kva som må til for nå dei ulike kompetansemåla? 7 Korleis gjev du elevane vurdering av læringsresultat, og korleis dokumenterer du læringsresultat for elevar og føresette? 8 Korleis vert elevane utfordra til eigenvurdering? 9 Nyttar du ulike læremiddel og korleis fungerer dette i praksis? 10A Korleis bidreg du til eit læringsmiljø som gjev utfordring og utvikling? 10 Korleis arbeider du for at Glesnes skule B skal bli ein lærande organisasjon? 11 Korleis visualiserer de kva elevane skal lære? 12 Fortel om bruken av bra-korta. 13 Kva gjer du for at lærarane skal stå fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane? 14 Korleis vert kontaktlæraransvaret fordelt? 15 Korleis legg du til rette for at lærarane samarbeider om felles elevar? 16 Vi har observert ulik praksis i bruk av brakorta. Kva tenkjer du om det? Vurderingsrapport Glesnes skule Side 21 av 29

ATG Nr Spørsmål Klasseleiing 1 Korleis vert kontaktlæraransvaret fordelt? Svar 2 Korleis legg du til rette for at lærarane samarbeider om felles elevar? 3 Vi har observert ulik praksis i bruken av bra-korta. Kva tenkjer du om det? 4 Kva gjer leiinga for at lærarane skal stå fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane? Vurderingsrapport Glesnes skule Side 22 av 29

PÅSTANDSSKJEMA, assistent Tema: Klasseleiing PÅSTAND Heilt einig Eg er assistent på trinn: Litt einig Ikkje einig Det fysiske læringsmiljøet 1. Klasserommet er praktisk og oversiktleg organisert. 2. Læremiddel er lett tilgjengeleg når timen byrjar. 3. Elevane har gode rutinar for å leggje tilbake det dei treng av bøker og utstyr. 4. Rommet er innreidd slik at det stimulerer til læring 5. Elevane har med seg naudsynt utstyr til timane 6. Klasserommet vert forlate i ordna tilstand. Det psykososiale læringsmiljøet 7. Lærarane står fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane. 8. Læraren er presis til timen 9. Elevane møter presis til timen 10. Timen har ein klar og tydeleg oppstart og avslutning. 11. Skulen sine ordens- og åtferdsreglar er kjende for elevar, føresette og dei tilsette. 12. Klassereglane er tydelege i klasserommet. 13. Læraren er konsekvent ved korreksjon av uønska åtferd. 14. Reaksjonsmønsteret ved uønska åtferd er kjent av elevar, føresette og dei tilsette. 15. Lærar belønner ønska atferd. 16. Læraren opnar opp for humor, spontanitet og improvisasjon. 17. Elevar som ønskjer å snakke, må rekke opp handa for å kunne ta ordet. 18. Alle elevar får ta ordet i løpet av dagen. 19. Læraren rettar merksemd mot alle elevane i klassen. 20. Læraren bruker namnet på elevane på ein positiv måte. 21. Berøring vert brukt som eit positivt kontaktmiddel. (T.d handhelsing, klapp på skuldra.) Vurderingsrapport Glesnes skule Side 23 av 29

Undervisning og læring 22. Måla i læreplanane er kjende for elevane og dei føresette 23. Læraren bruker varierte undervisningsmetodar. 24. Læraren bruker varierte læremiddel. 25. Elevane får opplæring i ulike arbeidsmåtar. Glesnes skule.08 Vurderingsrapport Glesnes skule Side 24 av 29

Påstandskjema 3. 7. klasse Glesnes skule Skulen din skal ha besøk. På førehand vil vi gjerne vite litt om korleis du har det i klassen. Derfor vil vi at du kryssar av på dette skjemaet. Læraren les spørsmåla for deg, og du skal krysse av under det fjeset du meiner passar best. = Dette passar heilt slik det er = Dette passar nokså bra = Dette passar ikkje Eg er elev i klasse: 1 Det heng plakatar, bilete og ulike oppslag i klasserommet som eg kan lære av. 2 Læraren møter presis til timen. 3 Elevane møter presis til timen. 4 Læraren begynner undervisninga med ein gong alle er komen på plass. 5 Læraren rosar meg når eg gjer noko bra 6 Klasserommet er ryddig når vi går ut frå timen 7 Eg kan reglane for korleis eg skal oppføre meg 8 Klassereglane er tydelege i klasserommet 9 Læraren er rettferdig når nokon bryt reglane 10 Elevane rekk handa opp når dei vil seie noko 11 Eg får hjelp av læraren når eg treng det 12 Læraren gjer slik at eg får lyst til å lære meir 13 Læraren spør kva eg sjølv synest om det eg har gjort i timen. 14 Eg kan merke at læraren bryr seg om meg 15 Læraren forklarar kvifor vi må lære det vi har om på skulen 16 Læraren gjer slik at det er godt humør i klassen 17 Det er lett å finne utstyr vi har bruk for i timane 18 Vi arbeider i gruppe minst ein gong kvar veke 19 Eg veit kva eg skal gjere når eg er ferdig med ei oppgåve 20 Eg veit kva vi skal lære i rekning denne veka 21 Det står tydelege læringsmål på vekeplanen 22 Læraren har ei variert undervisning Vurderingsrapport Glesnes skule Side 25 av 29

Tema: Klasseleiing PÅSTAND Det fysiske læringsmiljøet PÅSTANDSSKJEMA, lærar 26. Klasserommet er praktisk og oversiktleg organisert. 27. Læremiddel som læraren treng er lett tilgjengeleg når timen byrjar. 28. Elevane har gode rutinar for å leggje tilbake det dei treng av bøker og utstyr. 29. Rommet er innreidd slik at det stimulerer til læring 30. Elevane har med seg naudsynt utstyr til timane 31. Klasserommet vert forlate i ordna tilstand. Det psykososiale læringsmiljøet 32. Skulen medverkar til at lærarane står fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane. 33. Eg er presis til timen 34. Elevane møter presis til timen 35. Timen har ein klar og tydeleg oppstart og avslutning. 36. Skulen sine ordens- og åtferdsreglar er kjende for elevar, føresette og dei tilsette. 37. Klassereglane er tydelege i klasserommet. 38. Eg er konsekvent ved korreksjon av uønska åtferd. 39. Reaksjonsmønsteret ved uønska åtferd er kjent av elevar, føresette og dei tilsette. 40. Ønska åtferd vert belønna. 41. Eg opnar opp for humor, spontanitet og improvisasjon. 42. Elevar som ønskjer å snakke, må rekke opp handa for å kunne ta ordet. 43. Alle elevar får ta ordet i løpet av dagen. 44. Eg sikrar at eg har augekontakt med alle i løpet av timen. 45. Eg bruker namnet på elevane på ein positiv måte. 46. Berøring vert brukt som eit positivt kontaktmiddel. (T.d handhelsing, klapp på skuldra.) Undervisning og læring 47. Måla i læreplanane er kjende for elevane og dei føresette 48. Eleven sine læringsplanar viser tydeleg kompetansemål. Heilt einig Eg er lærar på: trinn: Litt einig Ikkje einig Vurderingsrapport Glesnes skule Side 26 av 29

49. Eg uttrykkjer tydelege forventningar om deltaking, innsats og læringsresultat. 50. Elevane får vurdering av eiga deltaking, innsats og læringsresultat. 51. Føresette får tilbakemelding på elevane si læring og utvikling 52. Eg gir meiningsfulle arbeidsoppgåver til elevane. 53. Eg gjev grunngjeve og ærleg ros. 54. Eg er trygg i faget, har gode fagkunnskapar 55. Eg bruker varierte undervisningsmetodar. 56. Eg bruker arbeidsmåtar tilpassa elevane i gruppa. 57. Eg bruker varierte læremiddel. 58. Eg kjenner elevane sin faglege ståstad. 59. Elevane får opplæring i læringsstrategiar og ulike arbeidsmåtar. 60. Elevane får, og kan sjølv velje oppgåver som både utfordrar og gir høve til utforsking, åleine eller saman med andre. Samarbeid med heimen 61. Eg får tilfredsstillande informasjon frå heimen om eleven. 62. Føresette får tilfredsstillande informasjon frå skulen. 63. Heimen veit kva tid og korleis eg er å treffe. 64. Det vert halde minst to foreldrekonferansar pr skuleår. 65. Føresette får medverke ved planlegging og gjennomføring av klasseforeldremøte. Glesnes skule.08 Vurderingsrapport Glesnes skule Side 27 av 29

PÅSTANDSSKJEMA, føresette Tema: Klasseleiing PÅSTAND Det psykososiale læringsmiljøet Heilt einig Me/eg har elev på: trinn: Litt einig Ikkje einig 66. Skulen medverkar til at lærarane står fram som tydelege leiarar og førebilete for elevane. 67. Skulen sine ordens- og åtferdsreglar er kjende for elevar, føresette og dei tilsette. 68. Reaksjonsmønsteret ved uønska åtferd er kjent av elevar, føresette og dei tilsette Undervisning og læring 69. Læreplane sine mål er kjende for elevane og dei føresette 70. Eleven sine læringsplanar viser tydeleg kompetansemåla. 71. Læraren uttrykkjer tydelege forventningar om deltaking, innsats og læringsresultat. 72. Elevane får vurdering av eiga deltaking, innsats og læringsresultat. 73. Føresette får tilbakemelding på elevane si læring og utvikling 74. Arbeidsoppgåvene er meiningsfulle. 75. Læraren er trygg i faget, har gode fagkunnskapar 76. Læraren kjenner elevane sin faglege ståstad. 77. Eleven får opplæring i læringsstrategiar og ulike arbeidsmåtar. 78. Eleven får, og kan sjølv velje oppgåver som både utfordrar og gir høve til utforsking, åleine eller saman med andre. Samarbeid med heimen 79. Lærar får tilfredsstillande informasjon frå heimen om eleven. 80. Føresette får tilfredsstillande informasjon frå skulen. 81. Heimen veit kva tid og korleis lærar er å treffe. 82. Det vert halde minst to foreldrekonferansar pr skuleår. 83. Føresette får medverke ved planlegging og gjennomføring av klasseforeldremøte. Glesnes.08 Vurderingsrapport Glesnes skule Side 28 av 29

Observasjonsskjma Observasjons- objekt Læraren møter presis til timen. Elevane møter presis til timen. Læremiddel som læraren treng er lett tilgjengeleg når timen byrjar. Elevane har med seg naudsynt utstyr til timane. Læraren uttrykkjer tydelege forventningar om deltaking, innsats og læringsresultat. Klasserommet er praktisk og oversiktleg organisert. Timen har ein klar og tydeleg oppstart. Rommet er innreidd slik at det stimulerer til læring. Elevane har gode rutinar for å ta fram og leggje tilbake det dei treng av bøker og utstyr. Klassereglane er tydelege i klasserommet. Lærarane gir meiningsfulle arbeidsoppgåver til elevane Læraren bruker varierte undervisningsmetodar. Læraren bruker arbeidsmåtar tilpassa elevane i gruppa. Læraren bruker varierte læremiddel. Elevane får opplæring i læringsstrategiar og ulike arbeidsmåtar. Elevane får vurdering av eiga deltaking, innsats og læringsresultat. Elevane får, og kan sjølv velje oppgåver som både utfordrar og gir høve til utforsking, åleine eller saman med andre Læraren er trygg i faget, har gode fagkunnskapar. Læraren sikrar at han har augekontakt med alle i løpet av timen. Elevar som ønskjer å snakke, må rekke opp handa for å kunne ta ordet. Alle elevar får ta ordet i løpet av dagen. Læraren er konsekvent ved korreksjon avuønska åtferd. Ønska åtferd vert belønna. Læraren opnar opp for humor, spontanitet og improvisasjon Læraren bruker namnet på elevane på ein positiv måte. Berøring vert brukt som eit positivt kontaktmiddel. (T.d handhelsing, klapp på skuldra.) Læraren gir grunngjeve og ærleg ros. Klasserommet vert forlate i ordna tilstand. Timen har ein klar og tydeleg avslutning Stor grad Liten grad Vurderingsrapport Glesnes skule Side 29 av 29