FLORA KOMMUNE Samferdsleutvalet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 24.10.2013 Møtetid: Kl. 10:00 13:11 Møtestad: Samfunnshuset Saksnr.: 006/13-008/13 Parti: Desse møtte H: Tore Jakob Madsen. V: Kjell Høyvik. Ap: Åge Larsen, Solbjørg Tonheim. Frp: Frank Willy Djuvik. Parti: Forfall V: Hallgerd Frøyen. Ap: Solveig Willis. Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Merknad til innk.: Godkj. saklista: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Ymse: Frank Willy Djuvik. Godkjent. Godkjent. Samferdslerådgjevar Einar Atle Årdalsbakke, plansjef Rolf Bjarne Sund, møtesekretær Arne Schei. Djuvik og Høyvik: Orientering om båtrutene i Flora kommune, samt gjennomgang av fakta. Årdalsbakke: Orientering om arbeidet med sykkelby samt tidlegare vedtak. Sund: Orientering om fakta og status i forbindelse med Brandsøyvegen og forskottering. Djuvik og Sund: Orientering om Kinnvegen samt foreslått køyremønster. Administrasjonen tek initiativ til eit dialogmøte mellom leiaren i fylkesutval for samferdsle, Flora kommune og grendalag i kommunen, etablerer eit meldingssystem for innbyggjarane i øyane i samband med avvik i båtrutene i Florabassenget og utgreier fakta i ein uttale. Administrasjonen tek kontakt med Bremanger kommune i samband med vegsak som var handsama 24.10 i Bremanger kommunestyre, og kjem attende med sak til neste møte om dette.
Sakliste Sak nr. Saktittel 006/13 Godkjenning av møtebok 007/13 Oppretting av flyplassutval 008/13 Flybuss i Flora kommune
006/13: Godkjenning av møtebok Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre. Samrøystes vedteke. SAMF-006/13 VEDTAK: Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre, med ein merknad om at møtedatoar ut 2013 kunne vore formidla til medlemene på e-post. 007/13: Oppretting av flyplassutval Det opprettast eit flyplassutval som skal arbeide med å finne beste framtidstretta løysingar for Florø lufthamn vedr. kapasitet, dimensjonering, konsesjonsvilkår og flytilbod samt følgje opp RTP. Flyplassutvalet skal ikkje være besluttande organ, men gje råd til Flora kommune og andre aktuelle aktørar, samt arbeide strategisk med dei tema som ligg til utvalet. I tillegg til to politikarar og Rådmannen med ein rep. blir følgjande invitert til å delta i utvalet: Fram Flora, Fjordkysten, Flora Industri og næringsforeining og Florø lufthamn. Som politikarar frå Flora kommune blir følgjande vald: ". Administrasjonen i Flora kommune er sekretariat. Framlegg: Frank Willy Djuvik la fram følgjande framlegg til vedtak: Innstilling til Bystyret: Samferdsleutvalet er lokalt flyplassutval for Flora kommune. Det vert i tillegg oppretta eit interkommunalt flyplassutval for Florø Lufthamn, som skal arbeide for å finne beste
framtidsretta løysingar for Florø lufthamn vedr. kapasitet, dimensjonering, konsesjonsvilkår og flytilbod samt følje opp RTP. Flyplassutvalet skal ikkje vere besluttande organ, men gje råd til Flora kommune og andre aktuelle aktørar, samt arbeide strategisk med dei tema som ligg til utvalet. Kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Askvoll vert invitert til å delta med to representantar kvar, primært ordførar samt ein representant for næringslivet i den aktuelle kommunen. I tillegg vert Avinor og Fjordkysten invitert til å delta i utvalet med ein representant kvar. Flora kommune som vertskommune for flyplassen deltek med leiar i Samferdsleutvalet og ordførar i utvalet, i tillegg til at Flora Industri- og næringsforening vert invitert til å delta med ein representant. Flyplassutvalet står sjølv fritt til å invitere inn andre aktørar som dei meiner det er føremålstenleg at deltek i utvalet. Leiar i Samferdsleutvalet har ansvar for å innkalle og konstituere utvalet. Administrasjonen i Flora kommune er sekretariat for det interkommunale flyplassutvalet. Framlegget til Djuvik vart samrøystes vedteke. SAMF-007/13 VEDTAK: Innstilling til Bystyret: Samferdsleutvalet er lokalt flyplassutval for Flora kommune. Det vert i tillegg oppretta eit interkommunalt flyplassutval for Florø Lufthamn, som skal arbeide for å finne beste framtidsretta løysingar for Florø lufthamn vedr. kapasitet, dimensjonering, konsesjonsvilkår og flytilbod samt følje opp RTP. Flyplassutvalet skal ikkje vere besluttande organ, men gje råd til Flora kommune og andre aktuelle aktørar, samt arbeide strategisk med dei tema som ligg til utvalet. Kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Askvoll vert invitert til å delta med to representantar kvar, primært ordførar samt ein representant for næringslivet i den aktuelle kommunen. I tillegg vert Avinor og Fjordkysten invitert til å delta i utvalet med ein representant kvar. Flora kommune som vertskommune for flyplassen deltek med leiar i Samferdsleutvalet og ordførar i utvalet, i tillegg til at Flora Industri- og næringsforening vert invitert til å delta med ein representant. Flyplassutvalet står sjølv fritt til å invitere inn andre aktørar som dei meiner det er føremålstenleg at deltek i utvalet. Leiar i Samferdsleutvalet har ansvar for å innkalle og konstituere utvalet. Administrasjonen i Flora kommune er sekretariat for det interkommunale flyplassutvalet.
008/13: Flybuss i Flora kommune Det blir arbeidd vidare med oppretting av Flybuss- rute i Flora kommune som er disponibel for flyavgangane. Administrasjonen vil komme tilbake til Samferdsleutvalet med eit konkret opplegg for Flybuss innan 1. halvdel i 2014. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. SAMF-008/13 VEDTAK: Det blir arbeidd vidare med oppretting av Flybuss- rute i Flora kommune som er disponibel for flyavgangane. Administrasjonen vil komme tilbake til Samferdsleutvalet med eit konkret opplegg for Flybuss innan 1. halvdel i 2014.