Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet 23.02.2018 023/18 Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Handegard, Sigrid B. N - 137 18/521 Drift av service/næringsbygg på Landsbytorget Dokument i saka: Dok.dato Tittel 15.01.2018 Avtale mellom Jondal kommune og Statens vegvesen Region Vest 10.01.2018 Drift av service/næringsbygg på Landsbytorget Vedlegg Er du vår Landsbytorg vert Driftsstandard servicebygg Saka blir avgjort av:. Plan og driftsutvalet Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Avtale om drift av servicebygg, Statens vegvesen Offentlegheitslova Forvaltningslova Forskrift om offentlege anskaffelsar Saksopplysningar: Denne saka er ei oppføljing av PDU sak/vedtak 010/18 : «Saksopplysningar: Denne saka handlar om prosess og modell for drift, og kva som bør vektleggjast i evt. val av driftar og konsept, når det gjeld service - /næringsbygget på Landsbytorget i sentrum. Jondal kommune har inngått avtale med Hordaland fylkeskommune/statens vegvesen om bygging, eige og drift av servicebygg på ferjekaien i Jondal, jmf. avtale frå 20.02.17 I tillegg
er det eit næringsareal i bygget i tilknytning til venterommet som opnar for mogeleg sambruk, totalt areal 41 m2. Næringsarealet er lagt til rette med straum, vatn og avløp, men ikkje innreia. Bruken av arealet vil avgjera utforming, og bør difor avspegla husleiga i startfasen. I investeringsprosjektet inngår også areal til Landsbytorg, men dette er ikkje omfatta av denne saka som gjeld drift av bygget. Prosjektet er planlagt ferdig innen våren 2018. Tiltaket er finansiert i eit spleiselag mellom Jondal kommune, næring og samferdselmidlar frå Hordaland fylkeskommune, Nasjonal turistveg, Nasjonalparklandsby/Miljødirektoratet og Sparebankstiftinga Hardanger. I enkelte av tildeliningane ligg der føringar for drifta. Det er krav frå Statens vegvesen at venterommet skal vera ope i tida på døgnet når ferja går. Jondal kommune mottek eit årleg tilskot på kr 70 000 til drifta. Bak tilsegnet om tilskot frå Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland har ein beskrive følgjande prosjektmål : «Målet er å få ei direkte næringsetablering i kombinasjon med nytt servicebygg. I tillegg skal prosjektet føra til auka verdiskaping innan reiseliv og service.» Verdiane som ligg til grunn for Norges Nasjonalparklandsbyar er ekte, bærekraftig og verdiskapande. Desse legg også retning for drifta. Fleire driftsmodellar kan vera aktuelle. Jondal kommune kan drifta anlegget i eigen regi, og leige ut næringsarealet. Eit anna alternativ er å lysa ut konkurranse der både drift av servicebygget m/tilskotet og disponering av næringsarealet inngår, eller ein kan lyse ut konkurranse om konsept på næringsarealet, og drifte servicebygget i eigen regi. Ein må også vurdere om ein skal bruke næringsarealet strategisk for t.d for å få eit nytt tilbod eller
aktivitet som understøttar verdiane som ligg i det å vera Nasjonalparklandsby. Skal ein prioritere konsept/tilbod som ikkje eksisterar i sentrum pr. i dag, og som vil auka mangfaldet, eller ein kombinasjon der konseptet også understøtter eksisterande arbeidsplassar? Vurdering: Det er positivt både for reisande, fastbuande og gjester at arealet i sentrum vert oppgradert og ein får toalett og venterom, med mogelegheit for næringsetablering. Kombinasjonen med næringsareal og sambruk/drift med venterom/toalett, og eit område rundt som innbyr til bruk, tilseier ei driftsform som legg opp til at ein privat næringsaktør også får ansvar for drifta av servicebygget i tråd med inngått avtale med Statens vegvesen. Her kan ein utnytte sambruk av areal og toalett på ein kostnadseffektiv måte for både kommunen og næringsaktør. Fleire næringsaktørar har alt vist intresse for arealet, og det ligg såleis til rette for å lysa ut ein konkurranse om drifta på gitte kriteriar. Då har ein også mogelegheit til å leggje inn strategiske mål/krav for konkurransen. Dette er ein modell rådmannen vil tilrå. Næringsarealet bør fyllast med eit innhald i tråd med verdiar for Norges Nasjonalparkkommunar og Landsbyar. I denne samanhengen vert det tolka som tilbydar bør presentera eit konsept der produktet er mest mogeleg lokalt tilverka, gjerne bygd på lokale tradisjonar. Det kan vera mat, drikke, handverk, opplevingar.o.l. Kva med t.d. eit eige Landsbybakeri? I forståinga av bærekraft legg ein her til grunn at tilbydar skal presentera ein forretningsmodell for konseptet som syner ei levedyktig bedrift og heilårsarbeidsplass. Å støtta opp om eksisterande arbeidsplasser vil også vera av betydning i val av konsept. Kaien i Jondal er eit trafikknutepunkt med ca 500.000 reisande (Reiselivsrapport 2017). Det er eit betydeleg potensiale for omsetnad. Det bør difor også vere eit krav om at t.d ulike produkt frå Hardangermeny kan seljast herifrå, dersom det er ynskjeleg frå produsentane, og det elles høver saman med konseptet som bygget skal innehalda. Uteområdet bør, i tillegg til å vera ein sosial møteplass, også fungera som eit torgområde for dei som har produkt å selja. Bruken av dette område inngår ikkje i denne saka. Her bør ein gjerne hauste erfaring frå ein sesong eller to, med ei målsetjing om ei ubyråkratisk ordning, før ein evt. lagar køyrereglar for bruk av torgplassen. Næringsarealet er pr. no ikkje innreidd. Sjølv om kommunen er eigar av bygget, kan innreiing overlatast til ein privat drivar, mot t.d gratis husleige i eit bestemt antal år. Då vil driftar på ein best mogeleg måte kunna planleggja innreiing ift. drift og langsiktig tenkning. Alternativet er at kommunen står for innreiing finansiert over husleige. Rådmannen vil tilrå den første løysinga. Tilråding frå rådmann: 1. Rådmannen får fullmakt til å utforma kriteriar og å lysa ut drift av servicebygget m/næringsareal på Jondal ferjekai i tråd med avtale av 20.02.17 mellom Jondal kommune og Statens vegvesen og inntensjonane i denne saksutgreiinga.
2. Det vert etablert ei arbeidsgruppe med to representantar frå administrasjonen og leiar i PDU for å vurdera aktuelle tilbydarar. Gruppa skal komma med innstilling på driftar til Plan og driftsutvalet, som fattar vedtak i saka seinast i møte 16.04.2018. Ragnvald Joakimsen ass. rådmann 22.01.2018 Plan - og driftsutvalet Framlegg frå Olav Magnus Hammer, Ap: Endra pkt. 1. 1. Rådmannen legg fram utkast til kriteriar/retningsliner for drift av servicebygg for politisk handsaming i PDU. Røysting: Framlegget frå Olav Magnus Hammer vart samrøystes vedteke. Tilrådinga frå rådmannen pkt 2 vart samrøystes vedteke. PDU - 010/18 Vedtak: 1. Rådmannen legg fram utkast til kriteriar/retningsliner for drift av servicebygg for politisk handsaming i PDU. 2. Det vert etablert ei arbeidsgruppe med to representantar frå administrasjonen og leiar i PDU for å vurdera aktuelle tilbydarar. Gruppa skal komma med innstilling på driftar til Plan og driftsutvalet, som fattar vedtak i saka seinast i møte 16.04.2018.» Det er no utarbeidd framlegg utlysingstekst i tråd med intensjonane i saka og driftsstandard for servicebygg, som vedlegg i saka. Vurdering: Rådmannen si vurdering er den same som i PDU-sak 10/18 Tilråding frå rådmann: 1. Jondal kommune legg til grunn vedlagte kriteriar og driftsstandard for utlysing og drift av servicebygg m/næringsareal på Jondal ferjekai. 2. Det skal utarbeidast avtale mellom Jondal kommune og driftar med bakgrunn i utlysingstekst og driftsstandard. Ragnvald Joakimsen/ass. rådmann 23.02.2018 Plan- og driftsutvalet Framlegg frå Lajla-Margrethe Lindskog-Lund, Sp:
Driftsstandard servicebygg - endringar: Byta ordet trafikantar med besøkande (gjentakande gjennom dokumentet). Servicebygget m/toalett skal inspiserast og reingjerast dagleg mellom 06.00-10.00 i lågsesongen og minst to gongar dagleg i høgsesongen. Utlysingstekst - endring Stryke setninga "Kanskje er du vår nye landbybakar?" Legge til 13.2 i forvaltningslova under "Offentleg innsyn i konkurransedokumenta". Framlegg frå Olav Magnus Hammer, Ap: Rådmannen utformar husleigeavtale med drivar av landsbytorg. Avtale må innehalde avklaring av - kontraktens varigheit - opsjonsmoglegheit - kva som er misleghald iht. kriteria Røysting: Framlegga frå Lajla Margrethe Lindskog-Lund og Olav Magnus Hammer vart samrøystes vedteke. Tilrådinga frå rådmannen med tilleggsframlegga frå Lajla Margrethe Lindskog-Lund og Olav Magnus Hammer vart samrøystes vedteke. PDU- 023/18 Vedtak: 1. Jondal kommune legg til grunn vedlagte kriteriar og driftsstandard for utlysing og drift av servicebygg m/næringsareal på Jondal ferjekai. 2. Det skal utarbeidast avtale mellom Jondal kommune og driftar med bakgrunn i utlysingstekst og driftsstandard. Tillegg: Driftsstandard servicebygg - endringar: Byta ordet trafikantar med besøkande (gjentakande gjennom dokumentet). Servicebygget m/toalett skal inspiserast og reingjerast dagleg mellom 06.00-10.00 i lågsesongen og minst to gongar dagleg i høgsesongen. Utlysingstekst - endring Stryke setninga "Kanskje er du vår nye landbybakar?" Legge til 13.2 i forvaltningslova under "Offentleg innsyn i konkurransedokumenta". Rådmannen utformar husleigeavtale med drivar av landsbytorg. Avtale må innehalde avklaring av - kontraktens varigheit - opsjonsmoglegheit - kva som er misleghald iht. kriteria