STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING GRENSEKONTROLL 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012
1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på livslang læring. Det er viktig å ha godkjende instruktørar for å kunne handsame opplæringa som samfunnet og politietaten krev. Dette gjeld for bachelorutdanninga og for undervising og instruksjon i regi av lokale politidistrikt. Politihøgskolen ser på instruktørutdanninga som eit av dei viktigaste bidraga frå høgskolen til å heve kompetansen i etaten. Som ein del av schengensamarbeidet er det etablert ein felles struktur for opplæring av personell med arbeidsoppgåver innanfor grense- og territoriekontroll. Noreg er gjennom dette samarbeidet forplikta til å gjennomføre opplæring av politi og sivile grensekontrollørar. Opplæringa skal byggje på ein europeisk standard. Sivile grensekontrollørar og polititenestepersonar med grensekontroll som eit viktig arbeidsfelt skal ha lokal opplæring i høve til standarden. Instruktørutdanninga er spesielt utarbeidd og lagt til rette for krava og utfordringane i samband med schengengrensekontrollen. Utdanninga gir 20 studiepoeng. 2. Føremål Instruktørutdanninga skal medverke til å bygge kompetanse innanfor schengengrensekontroll, og vedlikehalde og utvikle kompetansen i tråd med gjeldande kunnskap og nye krav til yrkesutøvinga. Utdanninga skal støtte ein einskapleg praksis og medverke til nettverksbygging. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er fagleg kompetente, motiverte og skikka tenestepersonar som har eller er tiltenkt rolla som instruktør sentralt eller lokalt. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 1
3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskole/politihøgskole eller mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande vere fast tilsette i politi- og lensmannsetaten ha fagansvar innanfor schengengrensekontroll ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar kunne bruke DUF, ELYS II/SIS og andre sentrale dataregister ha lokale og/eller sentrale instruktør-/undervisingsoppgåver undervegs i studiet Kravet om politiutdanning kan fråvikast om søkjaren kan dokumentere annan relevant kompetanse. Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. 4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter gjennomført instruktørutdanning skal studentane kunne: utøve instruktørrolla med auka innsikt og tryggleik arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre for å gjennomføre instruksjonar lokalt og sentralt identifisere og vurdere etiske dilemma i læringssituasjonar forstå at det er viktig med både forskings- og røynslebasert kunnskap forstå, formidle og diskutere faglege problemstillingar medverke til å utvikle fagområdet Studiet er organisert i fire hovudemne som samla skal gi studenten eit heilskapleg læringsutbyte. 4.1 Pedagogikk Emnet omfattar reflektert og gjennomtenkt planlegging pluss gjennomføring og evaluering av læringssituasjonar. Tolking av teori og refleksjon over praksis står sentralt. Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 2
Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: Praksisteori og pedagogisk grunnsyn. Ulike læringsperspektiv. Motivasjon. Kompetanse og føresetnader for læring. Læringsstrategiar og arbeidsformer. Didaktikk: o planlegging av læring og undervising o vurdering og rettleiing i læring og undervising Grupper og danning av grupper. Kultur og mangfald. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for omgrepet praksisteori vurdere det pedagogiske grunnsynet sitt forklare kva læring er og gjere greie for ulike syn på læring gjere greie for sentrale didaktiske modellar og bruke modellane når dei planlegg læring 4.2 Fag Solid fagleg kunnskap er eit naudsynt grunnlag for å forstå faget. Kunnskapen kan vere både forskings- og røynslebasert. Fagleg innsikt er ein føresetnad for ein instruktør. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: Internasjonale konvensjonar og forordningar. Nasjonale lover og regelverk. Bakteppe for utlendingar som reiser inn og ut: o menneskerettar Arbeidsoppgåver og metodar: o dokumentkontroll o foto og fingeravtrykk EURODAC o konflikthandsaming o kriminaletterforsking o politisamarbeid nasjonalt og internasjonalt o praktisk grensekontroll land, luft og sjø Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 3
o profilering o tolking o trendar og analysar Relevante datasystem. Yrkesetikk. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for sentrale internasjonale menneskerettar og korleis dei er relaterte til tenesta i grensekontrollen forklare det internasjonale og nasjonale juridiske rammeverket og kva for retningsliner som gjeld ved passering inn og ut av schengenterritoriet demonstrere, forklare og vurdere rolla og arbeidsmetodane til grensekontrolløren forstå IBM 4.3 Fagdidaktikk Fagdidaktikken knyter faget og pedagogikken saman. Det sentrale i fagdidaktikken er kva som skal lærast, kvifor det skal lærast og korleis ein skal leggje til rette for læring i dei einskilde faga. Kunnskapen om faget skal danne grunnlag for både faglege og pedagogiske vurderingar og val. Det vert òg lag vekt på yrkesdidaktikken, samanhengen mellom yrket og faget. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: det som særmerker fagområdet «grensekontroll» yrkesdidaktikk Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: velje, forklare, nytte og vurdere gode metodar og strategiar for læring av schengengrensekontroll utnytte dei eksisterande rammene identifisere behovet for og gjennomføre faglege og pedagogiske endringar forstå verdien av fagfeltet i politiarbeidet og bruke det som grunnlag for å motivere deltakarane til læring Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 4
4.4 Praksis Praksis er ein gjennomgåande komponent i studiet. Det er viktig for det samla læringsutbytet å både praktisere og reflektere over praksis. Planlegging, gjennomføring, tilrettelegging og evaluering er sentrale prosessar knytt til praksis. Studentane skal rettleiast under praksis. Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane kunnskap om: læring i praksis evaluering av læring Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: tilpasse instruksjon og undervising til ulike målgrupper og situasjonar motivere deltakarar for læring meistre varierte undervisingsformer bruke ulike pedagogiske og teknologiske hjelpemiddel gi konkret og målretta tilbakemelding vurdere læringsprosessane og læringsresultata til deltakarane vurdere korleis dei kan forbetre og vidareutvikle si eiga og andre si undervising samarbeide med andre instruktørar ta ansvar for langvarige kurs/utdanningar 5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med fellessamlingar og studiearbeid under og utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 12 månader. Utdanninga tar om lag 560 timar. Det omfattar undervising, øvingar, praksis, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer inntil 245 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte. Dei skal særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Studentane skal medverke til gjensidig Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 5
læring, mellom anna ved å rettleie og vurdere undervisinga til medstudentar. Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Ein utviklingsplan for eigen lærarkompetanse som skal vere utgangspunkt for ein samtale midtvegs i studiet. Planleggje, forklare, leggje til rette for og vurdere minst fire læringssituasjonar. Dette omfattar planleggingsdokument før undervisinga tar til, gjennomføring av undervisinga og refleksjonsnotat etterpå. Ein plan for instruksjon/undervising studenten sjølv utfører gjennom utdanningsperioden. Studentane skal òg levere eit avsluttande refleksjonsnotat om eiga læring gjennom heile utdanninga med utgangspunkt i sin eigen utviklingsplan. Notatet skal leverast 14 dagar etter siste samling. 6. Vurdering Den praktiske lærarkompetansen til studentane vert vurdert under heile utdanninga etter gitte kriterium. Studiet vert avslutta med ei praktisk prøve og ein munnleg eksamen. Studentane skal gjennomføre planlagt undervising i ein autentisk opplæringssituasjon med reelle deltakarar. Etter den praktiske prøva kjem det ein munnleg eksamen. Karakterane er bestått / ikkje bestått. Begge prøvene må vere beståtte. Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 6
7. Litteratur 7.1 Obligatorisk litteratur Pedagogikk (605 sider): Bjørke, Gerd (2006): Aktive læringsformer. Oslo: Universitetsforlaget (130 sider) Bjørndal, Cato RP (2011): Det vurderende øyet. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: Kapittel 1, 2, 3, 7, 8 (82 sider) Hiim, Hilde og Else Hippe (2009): Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: Kapittel 1 8 (117 sider) Strandkleiv, Odd Ivar (2006): Motivasjon i praksis. Oslo: Elevsiden DA (75 sider) Øiestad, Guro (2004): Feedback. Oslo: Gyldendal Akademisk. (100 sider) Kompendium: Andersen, Kjell (2003): Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Pensum: Teori i didaktikk og Yrkesdidaktikk side 77 102. (25 sider) Boge, Margunn, Markhus, Gunvor, Moe, Randi, Ødegaard, Elin Eriksen (2009): Læring gjennom veiledning. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: Ulike perspektiver på veiledning. (21 sider) Karlsen, Hilde(2011): Klare for arbeidslivet. NIFU rapport 42/2011. Pensum: Side 16 18 (2 sider). Lyngsnes, Kitt og Marit Rismark (2007): Didaktisk arbeid 2. utg. Oslo: Gyldendal akademisk. Pensum: Kapittel 4. Teorier om læring (25 sider) NOKUT (2012). Om kvalifikasjonsrammeverket og sentrale begreper. Henta 3. mai 2012 fra http://www.nokut.no/no/nokuts-kunnskapsbase/det-norskeutdanningssystemet/nasjonalt-kvalifikasjonsrammeverk/ (3 s.) Strømsø, HI, Lycke, KH, Lauvås, P(red): Når læring er det viktigste. Oslo: Cappelen akademisk forlag. Pensum: Kap 6: Formativ vurdering i undervisningen (26 sider). Fagleg litteratur Pensum skal vere oppdatert og aktuelt. Det politifaglege pensumet vil difor verte revidert før studiet vert gjennomført etter ny studieplan. Studieplan for instruktørutdanning grensekontroll 2012 Side 7