Kommunal forskrift om tilhøyrsle til skule i grunnskulen Vedteke av fellesnemnda xx.xxxx.xxxx
Fastsett av fellesnemnda for Midt-Telemark kommune med heimel i lov av 17. juli 1998: Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 8-1: «Kommunen kan gi forskrift om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til.» Lokal forskrift om skolekretsar i Midt-Telemark kommune angir kva for område i kommunen som soknar til dei ulike skulane, også definera som skulen sitt inntaksområde ellerskulekrins. Nå det vert fatta vedtak om skuleplass, vert det tatt utgangspunkt i den adressa eleven står oppført med i folkeregisteret. Forskrifta si hensikt er å legge grunnlag for faste, påreknelege krinsgrenser. Det skal igjen medverke til å skape tryggleik og gode nettverk både for elevar og foreldre. Lokal forskrift tek omsyn til at elevane skal få skulegang ved den næraste skulen. Det kan likevel vere omsyn som tilseier at det er meir hensiktsmessig å gi eleven plass ved ei anna skule. 1 Inntaksområde og skulekrinsar Inntaksområde Midt-Telemark kommune sine inntaksområde definerer kva for barneskule eleven høyrar til som bustadskule. Dett er basert på bustadadresse meldt inn i folkeregisteret. Inntaksområde for Bø barneskule: Grunnkretsane: 0102 Forberg 1 0109 Valen 0108 Vatnar 0201 Eikjebygda 1 0202 Bø 0203 - Langkåshaugen 2 0204 Sandvin/Røysum/Lia 0205 Breisås 1 0206 Breisås 2 0207 Breisås/Borgja 0208 Flatin 0210 Eikjabygda 2 0211 Forberg 2 Side 1
Inntaksområde for Folkestad barneskule: Grunnkretsane: 0101 Øvre Bø 0103 Verpe 0104 Vreim 0105 Oterholt 0106 Folkestad 1 0107 Folkestad 2 0209 Langkåshaugen 1 Med justeringarmellom 102 Forberg 1 og101 Øvre Bø, slik det går fram av kartet under: Side 2
Og mellom 107 Folkestad 2 og 109 Valen,slik det går fram av kartetunder: Side 3
Inntaksområde for Sauherad barneskule: Grunnkretsane: 0101 - Klevjar 0104 Sunds 0105 Nordagutu 0106 - Moen 0107 Haukvik 0108 - Jonsås 0109 Sauar 0201 Sætersbø 0202 Gvarv vest 0203 Stranna 0204 Gvarv øst 0205 - Gunnheim 0206 - Flåthaug 0207 - Nes Grunnkretsane 0102 Hjuksebø og 0103 Angar er overført til Notodden kommune gjennom ei grensejustering med verknad frå 1. januar 2020. Skulekretsar Midt-Telemark kommune sine ungdomsskular definerast gjennom inntaksområda for barneskular som soknar til respektive ungdomsskular. Skulekrins for Bø ungdomsskule: Inntaksområde for Bø barneskule Inntaksområde for Folkestad barneskule Skulekrins for Sauherad ungdomsskule Inntaksområde for Sauherad barneskule 2 Tildeling av plass i skulen Elevar som skal begynne i fyrste og åttande trinn vert tildelt skuleplass ved nærskulen/den skulen eleven soknar til i samsvar med vedtekne inntaksområde. Elevar som flyttar i løpet av skuleåret, vert tildelt skuleplass ved nærskulen/den skulen eleven høyrar til i samsvar med vedtekne inntaksområde etter flytting, basert på ny adresse i folkeregisteret. Side 4
3 Søknad om anna skule enn den som vert tildelt Etter grunngjeven søknad kan eleven bli tatt inn ved ein anna skule enn den eleven høyrer til. Dette kan gjelde for elevar med særlege behov kor val av skule har vesentleg betydning for skulegangen, forsette sitt ynskje om at søsken skal gå på same skule samt tilhøve som trafikk og tryggleik. Jf. Opplæringslova 8-1, tredje ledd. 5 Bytte av skule etter opplæringslova 9a Opplæringslova 9a-1 slår fast at alle elevar har rett på eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring. Nokre gangar kan det være naudsynt med bytte av skule for at elevar skal få oppfylt sine rettigheitar etter denne paragraf i opplæringslova. Dette er eit alvorleg tiltak som settast i verk etter at alle andre tiltak er prøvd ut og vurdera som ikkje hensiktsmessig av omsyn til eleven. Det kan også oppstå tilfelle der det er naudsynt at ein elev bytar skule for å ta i vare andre elevars rettigheitar etter opplæringslova 9a-3. 5 Informasjonsplikt Forskrifta gjerast kjent for elever/forsette ved tildeling av plass i skulen. 6 Tidspunkt for verknad Forskrifta gjeld for alle elevar i grunnskulen, og har verknad frå 1. august 2020. Fram til 1. august 2020 gjeld dei opphavlege inntaksområda i kommunane Bø og Sauherad. Side 5