Fastsetting av lokal forskrift for jakt av grågås, Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommunar

Like dokumenter
Fastsetting av lokal forskrift for jakt etter grågås i Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy kommuner

P FYLKESMANNEN I ROGALAND. Adresseliste. Lokal forskrift om tidlig jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommuner 2015 og

I følge adresseliste. Saksbeh.: Odd Frydenlund Steen, Vår dato Vår ref. 2015/711

Fastsetting av forskrift om jakttid og døgnregulering av jakt etter grågås i Møre og Romsdal i jakttidsperioden 1. april mars 2022.

Forskrift om utviding av periode for sanking av grågåsegg i nærmere angitte områder i Alstahaug, Dønna, Herøy og Vega kommuner- Nordland

Løyve til motorferdsel Delegert vedtak

Fylkesmannens rolle i forvaltning av grågås

Løyve til motorferdsel med snøskuter til Sandvinsstølane ifolgefonna nasjonalpark. Delegert vedtak

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

Tidlig jaktstart, jakttidsrom og utvidet eggsanking på grågås i årene i Alstahaug - Dønna - Herøy og Vega

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon

Utvidet eggsanking og tidlig jaktstart på grågås - Alstahaug, Dønna, Herøy og Vega

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Tvedestrand kommune Enhet for plan, miljø og eiendom

Tidlig jaktstart, jakttidsrom og utvidet eggsanking på grågås i 2018 Alstahaug - Dønna - Herøy og Vega

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2010/1134/26/K /12525 Anna Bilstad

Forvaltningsplaner for gjess; hva bør de inneholde og hvordan få planen til å bli et godt verktøy?

Forvaltningsplan for grågås på Linesøya i Åfjord kommune

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Postboks 4710 Sluppen, 7468 Trondheim Sentralbord: , Telefaks Besøksadresse: E. C. Dahls g.

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

ROVVILTNEMNDA I REGION 1 Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Delegert vedtak - Dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - HOH motorferdsel - NIVA

Rapport: Inspeksjon ved Time kommune - Forsøplingsmyndighet Kontrollnummer: I.FMRO

Dokid: (17/721-1) TIDLIG JAKTSTART JAkTTIDsRoM oe UTVIDETEGGSANKINGPA. That x (" a) iw vil. WM Wit) QM En..,..JON)

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato Ref.nr MDIR 2016/ / Tore Gjul

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

Vi viser til e-post av med søknad om dispensasjon for å drive forskring ved Hellstugubreen i Jotunheimen.

Nemnd for vilt- og innlandsfiskeforvaltning

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Retningslinjer fastsatt av Direktoratet for naturforvaltning 26. mars 2012.

Løyve til utsetjing av utanlandske treslag, skogproduksjon Hellebrekkene, gnr/bnr 147/1 Tysvær

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Hvordan forebygge beiteskader av gjess i landbruket

HØRING PÅ FORSLAG TIL NY FORSKRIFT OM JAKT- OG FANGSTTIDER SAMT SANKING AV EGG OG DUN I PERIODEN 1. APRIL 2017 TIL 31. MARS 2022

VANG KOMMUNE. Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: DOLSIM - 17/

Om fjerning av steintipp på gnr. 42/126 Sørheim, innanfor Jærstrendene landskapsvernområde, Hå kommune

Løyve til installering og drift av fastmontert kamera ved Bondhusbreen i Folgefonna nasjonalpark

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Delegert vedtak - dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - Rimstigen - ny bru - grunneigarar Bakka

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Gjenvinningsanlegg for plast - Gangstø Transport AS Vindafjord søknad om løyve etter forureiningslova for avfallsanlegg Fylkesmannen ber om uttale

Løyve til helikoptertransport i samband med forskning i Folgefonna nasjonalpark - Universitetet i Bergen

FINNØY KOMMUNE SAKSPAPIR

Tilsynsutvalet for Hardangervidda Telemark

FINNØY KOMMUNE SAKSPAPIR

Vår referanse Deres referanse Dato

Særutskrift - Viltforvaltning - vald/endring av vald - Høylandsbygd - Mehus Hjortevald

Delegert vedtak - Dispensasjon - Nærøyfjorden landskapsvernområde - motorferdsel - transport av utstyr til Vassete

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Gangstø Transport Kontrollnummer: I.FMRO

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - transport av materiale og proviant med traktor til Hjølmo

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Partsbrev - Dronefilming i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Reisemål Hardangerfjord - Folgefonna nasjonalparkstyre

FORSLAG TIL. Nye jakt og fangsttider samt sanking av egg og dun for perioden 1. april mars Høring

Rapport: Inspeksjon ved Tysvær kommune - Forsøplingsmyndighet Kontrollnummer: I.FMRO

Rovviltforvaltning og beitebruk i Vestland, ansvar og roller

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

Delegert vedtak. Stølsheimen landskapsvernområde - kjentmannstur for evakueringsrute frå rv. 13 på Vikafjellet over Finnbunuten

Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland. Sakshandsamar Anbjørg Nornes Vår ref. 2018/ Dykkar ref. Dato

Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved til hytte ved Kollungstjønn og Haukberghytta - Skjåk JFL

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - Løyve til landing med helikopter ved Longevasshytta - Indre Sunnfjord Turlag

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Forvaltning av gås. Finn Erlend Ødegård Seniorrådgiver - Norges Bondelag 17. September 2014

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - motorferdsel i samband med kvisting av skiløype

Deres ref: Vår ref: Arkivkode: Saksbehandler: Dato: 2015/479-7 K40 Torbjørn Fosser,

Ny behandling - Inngjerding av seterstøl, Alvstusetra - Svartåmoen naturreservat

Endring av hjortevald nr. 217 og 301

Berekna volum: ca m 3 Berekna sjøbotnareal som blir dekka: ca m 2 august juli 2017 (tentativt)

- 1 landing ved Stølsmaradalen turisthytte i perioden frå

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Særutskrift - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte

Stølsheimen landskapsvernområde - løyve til utbetring av stølsstien ovanfor Negardstølen

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Hå kommune - Oversending av rapport etter undersøking av kommunen som miljøvernmynde etter forskrift om organisk gjødsel

Organisk Materielretur AS, Storøy i Karmøy kommune - Utlegging av søknaden om løyve etter forureiningslova til plastgjenvinningsanlegg

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

38/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning /15 Kommunestyret

Særutskrift - 95/3 - arealoverføring - Dimmelsvik - Statens vegvesen

2`fi,(3 - 8 NOV Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fylkesmannens behandling av klage i Vestnes kommunes sak 82/2009, om naust ved Sørevatnet.

Brødrene Flatebø AS har søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova 11 for mottak, mellomlagring og gjenvinning av rivingsbetong.

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 137/58 - nytt anlegg/konstruksjon - Herøysundet - Herøysund Båtlag

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

MOTSEGN - SELJE KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL VÅRE MERKNADER

FAKTA FAKTA-ark. Grågåsa i framgang økte beiteskader på dyrket mark. Grågås som beiter på dyrket mark.

Med heimel i naturmangfaldlova 48 får Villreinutvalget for Ottadalsområdet dispensasjon frå verneforskriftene for

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Erfaringer med bedre organsiering av gåsejakt; eksempelet Nord-Trøndelag. Ingunn M. Tombre

Transkript:

Vår dato: Vår ref: 20.06.2019 2019/3701 Dykkar dato: «REFDATO» Dykkar ref: «REF» «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» Kontakt saksbehandlar Cathrine Stabel Eltervåg, 51 56 89 15 Fastsetting av lokal forskrift for jakt av grågås, Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommunar 2019-2021 ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Fylkesmannen opnar for utvida jakt på grågås i Finnøy, Kvitsøy, og Rennesøy kommunar etter forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra 1. april 2017 til og med 31. mars 2022 3, punkt 1, med heimel i naturmangfaldlova og viltlova. Fastsett av Fylkesmannen i Rogaland 16. juni med heimel i lov av 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) 15 og 16 og forskrift av 25. januar nr. 106 om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongane frå 1. april 2017 til og med 31. mars 2022 3. 1 Føremål Føremål med utvida jakt på grågås er å avgrense skadeomfang på dyrka mark og å fremme ein betre forvaltning av bestanden. 2 Utvida jakttid Felles føresegner: Jakttid på grågås vert utvida med 15 dagar i forkant av ordinær jakttid, frå og med 26. juli til og med 9. august. Det er berre lov å jakte på dyrka mark og gjødsla beite (og inntil 30 meter frå dette). Områdespesifikke føresegner: Rennesøy All jakt skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrka mark eller gjødsla beite og i tida mellom kl. 16:00 og 22:00. Verneområde og anna areal er friområde. Finnøy Utvida jakttid gjeld berre på følgande øyar: Finnøy, Fogn, Talgje, Kyrkjøy, Bjergøy, Aubø, Tjul, Nord-Talgje, Helgøy, Nord-Hidle, Halsnøy og Ombo. All jakt skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrka mark eller gjødsla beite og i tida mellom kl. 16:00 og 22:00. Mindre holmar, verneområde og anna areal på hovudøyane er friområde. Kvitsøy Utvida jakttid gjeld berre på følgande øyar: Kvitsøy, Langøy, Hellesøy, Krossøy, Kråkøy og Hestholmen. All jakt skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrka mark eller gjødsla beite og i tida mellom kl. 16:00 og 22:00. Øvrige øyar, verneområde og anna areal på øyane er friområde. E-postadresse: fmropost@fylkesmannen.no Sikker melding: www.fylkesmannen.no/melding Postadresse: Postboks 59 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44 Telefon: 51 56 87 00 www.fylkesmannen.no/ro Org.nr. 974 763 230

Side: 2/5 3 Ikraftsetjing og varigheit Forskrifta trer i kraft 26. juli 2019 og varer til og med 9. august 2021. 4 Oppheving Fylkesmannen kan oppheva forskrifta i tilfelle at utviding av jakta gir uønskte verknadar. 5 Straff Brot på denne forskrifta vert straffa etter viltlova 56. ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Bakgrunn for saka Me viser til søknadar om tidleg jaktstart på grågås frå Finnøy (30.04.2019), Kvitsøy (30.04.2019) og Rennesøy (05.04.2019) kommunar. Bestanden av grågjæs er stor i kommunane, og det har over fleire år kome rapportar om beiteskadar på avlingar. Fylkesmannen har sidan 2012 opna for tidleg jakt på Kvitsøy, og sidan 2015 har me opna for tidleg jakt i alle dei tre kommunane. Desse kommunane har ei felles grågåsbestand, og dei samarbeider og utvekslar erfaringar om grågåsforvaltning. Fylkesmannen finner det derfor naturleg å lage ei felles forskrift for Finnøy, Kvitsøy og Rennesøy kommunar. Kommunane har for det meste vore nøgd med ordninga om tidleg jakt. Gjeldande forvaltningsplan for grågås for Rennesøy kommune vart godkjent i mars 2018, i Finnøy kommune i juni 2015 og i Kvitsøy kommune i august 2015. Finnøy kommune søker om tidlig jakt på grågås frå 26. juli og frem til ordinær jaktstart (10. august). Kommunen ønsker at det skal opnast for jakt på desse øyane: Finnøy, Fogn, Talgje, Kyrkjøy, Bjergøy, Aubø, Tjul, Nord-Talgje, Helgøy, Nord-Hidle, Halsnøy og Ombo. All jakt skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrka mark eller gjødsla beite og i tida mellom kl. 16:00 og 22:00. Mindre holmar, verneområde og anna areal på hovudøyane er friområde for grågjæs. Kvitsøy kommune søker om tidleg jakt frå 26. juli frem til 10. august, og dei ønsker at det skal vere lov å jakte kvar dag. Det skal i denne perioden berre opnast for jakt på Kvitsøy, Langøy, Hellesøy, Krossøy, Kråkøy og Hestholmen. Resterande holmar skal fungere som friområde. Kvitsøy kommune ønsker jakt om kvelden (kl. 16:00 22:00). Rennesøy kommune søker om tidleg jakt frå 26. juli frem til 10. august, og dei ønsker jakt om kvelden (kl. 16:00 22:00). Rettsleg grunnlag Etter forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra 1. april 2017 til og med 31. mars 2022, kan Fylkesmannen fastsetta forskrift etter 3 punkt 1a: «Fylkesmannen kan åpne for jakt på grågås inntil 15 dager før ordinær jaktstart når det foreligger en godkjent lokal forvaltningsplan. I denne perioden fastsetter fylkesmannen jakttiden innenfor et tidsrom fra kl. 24.00 10.00 eller 16.00-22.00.»

Side: 3/5 Fylkesmannen si vurdering Det er eit krav at det skal vere ein lokal forvaltningsplan for grågås før Fylkesmannen kan opna for tidleg jaktstart. Dette kravet er oppfylt for alle dei tre kommunane. Tidleg jakt er eit godt verkemiddel for å regulere lokal hekkebestand av grågås i område med store beiteskadar. Det er viktig at jakta går føre seg på ein måte som ikkje stressar gjæsene slik at dei trekker ut av områda straks jakta startar. For å unngå dette har Fylkesmannen tidlegare satt vilkår om at jakt mellom 26. juli og 10. august berre kan skje annan kvar dag. Kvitsøy kommune søkar nå om å få jakte kvar dag også under tidlegjakta. I søknaden skriv kommunen at deira erfaring frå tidlegjakt så langt er at gjæsene returnerer til område kor dei vart jakta på allereie dagen etter. Kvitsøy kommune meiner difor at det er mogleg å jakta kvar dag utan å skremme gjæsene frå området. Fordi den lokale hekkebestanden av grågås trekker tidleg, vanlegvis før ordinær jakt startar, meiner Kvitsøy at det er naudsynt å få så mange jaktdagar under tidlegjakta som mogleg. Kvitsøy viser til at det i andre kommunar (i andre fylker) er opna for å jakta kvar dag. Tilbakemeldingane frå Finnøy og Rennesøy er og at dei lokale gjæsene trekker før ordinær jaktstart. Dei melder og om ei aukane bestand av grågås og aukande beiteskader på dyrka mark. Finnøy og Rennesøy ønsker å endre frå morgonjakt (kl. 03:00 10:00) til kveldsjakt (kl. 16:00 22:00). Organisering av jakta er vist å vere viktig for å få eit høgare jaktutbytte og for å unngå at gåsa trekker tidleg frå jaktområda 1. Viktige stikkord er grunneigarsamarbeid, jaktfrie sonar (friområde) og at ein legger opp til dagar utan jakt. For å få til ein lokal tilpassing av jaktorganisering kan det vere fornuftig at det ikkje er vilkår om jakt annan kvar dag i forskrifta. Men me vil sterkt oppmode til at jakta organiserast i jaktfelt og at grunneigare i jaktfelta går saman om å etablere jaktfri sonar og dagar utan jakt. I alle høve bør det etter jakta i 2019 gjennomførast ei evaluering av jakta og organiseringa for å finne ut om det er naudsynt å gjere endringar før jakta neste år. Fylkesmannen skal vidare vurdere søknaden etter rettsprinsippa i naturmangfaldlova 8-12, jf. 7 i same lov. Kunnskapsgrunnlaget ( 8) Det er over fleire år gjennomført teljingar av hekkande grågås i Rennesøy (2014 og 2015), Finnøy (2013 2015) og Kvitsøy kommunar (2015-2019). I tillegg registrerte Norsk institutt for naturforskning (NINA) mytande grågjæs i Rogaland i 2015 og Norsk Ornitologisk Foreining i Rogaland har eit langvarig og pågåande prosjekt med teljing av hekkebestanden av grågjæs i Norheimsholmane i Sjernarøyane i Finnøy. Bestanden av grågjæs er difor godt dokumentert. Resultat frå teljingar lokalt og nasjonalt (og internasjonalt) viser at bestanden av grågås er stor og robust, og det er ikkje grunn til å frykte at den ikkje vil tole eit auka uttak gjennom jakt. Tidleg jaktopning er eit godt og målretta verkemiddel nettopp for å redusere den lokale hekkebestanden og dermed redusere skadar på landbruk. 1 Jensen, G.H., Tombre, I., Eythórsson, E., Madsen, J., Søreng, S.U., Gundersen, O.M. & Hovland, P.J. 2012. Gåsejakt i Nord- Trøndelag. Resultater fra ulike jaktorganiseringer i 2011. - NINA Rapport 777. 46 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Tromsø

Side: 4/5 Før-var-prinsippet ( 9) Det er som nemnd god oversikt og dokumentasjon på bestanden av grågås, og uttaket gjennom jakt vil av erfaring ikkje vere ein trugsel for arten eller den lokale hekkebestanden. Føre-var-prinsippet kommer difor ikkje til bruk i denne saka. Økosystemtilnærming og samla belastning ( 10) Tidleg jakt kan verke negativt på økosystem og utgjere ein samla belastning etter naturmangfaldlova 10. Det er særleg skytestøy frå jakta som kan vere problematisk for andre artar så tidleg i sesongen (juli). Me har difor satt vilkår i forskrifta om at jakta berre skal skje på eller nærare enn 30 meter frå dyrka mark eller gjødsla beite. I tillegg er det døgnregulering. Desse vilkåra vil og bidra til å gjere konflikten mellom jakt og natur og friluftsliv mindre. Me vil igjen minne om at forsking viser at eit sterkt jakttrykk vil presse grågjæsene til å trekke ut av jaktområde kort tid etter jaktstart. Om det skjer vil ein ikkje få til ønska avskyting av den lokale hekkebestanden. Det er viktig at jakta vert organisert slik at ein i størst mogleg grad unngår dette. 11 om kostnadar ved miljøøydelegging er ikkje aktuelt i denne saken då jegerane har ansvar for eiga jaktutøving. Det er viktig at jegerane og grunneigare vert gjort kjend med vilkåra for jakta. Gjeldande jaktlovar regulerer utøving av jakta, og i tillegg vil avgrensingar i tid og rom i forskrifta sørge for dei beste samfunnsmessige resultata jf. 12. Til sist Sjå vedtak med forskrift øvst i dette brevet. Etter at klagefristen er ute vil Fylkesmannen sende forskrifta til kunngjering. Me ber om at kommunane i etterkant av jaktperioden i 2019 sendar oss ein kort oppsummering av korleis tidlegjakta har fungert. Me er særleg interessert i jaktorganiseringa, og om det er merkbar skilnad mellom jakt annan kvar dag og jakt kvar dag. Tal på felte gjæs under tidlegjakta er viktig å ha med i oppsummeringa. Klagerett Dette er eit enkeltvedtak som kan klagast på innan 3 ukar etter at vedtaket er gjort kjent. Ein klage skal stilast til Miljødirektoratet men sendast til Fylkesmannen for uttale. Med helsing Per Kristian Austbø ass. fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg seniorrådgivar Dokumentet er elektronisk godkjent Kopi til: Sandnes kommune v/ landbrukskontoret Postboks 583 4305 SANDNES Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Statens naturoppsyn - Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM

Side: 5/5 Adresseliste: Kvitsøy kommune Kommunehusveien 6 4180 KVITSØY Rennesøy kommune Postboks 24 4159 RENNESØY Finnøy kommune Rådhuset 4160 FINNØY