Øving Fårikål 2014. Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september 2014. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm



Like dokumenter
Fylkesmannen i Møre og Romsdal. CIM-seminar i Molde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Øving Fårikål 2016 Oppsummering

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 24. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Forslag frå fylkesrådmannen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Jula med Dagmar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Aurland kommune Rådmannen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

«Ny Giv» med gjetarhund

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Slik lever dei der. Tilsynserfaringar frå Møre og Romsdal. Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Hå kommune 17. april 2015

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Kvalitetsplan mot mobbing

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Samfunnstryggleik og beredskap

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Den nye seksjon for applikasjonar

Alvorlege hendingar i barnehagar og utdanningsinstitusjonar. Rettleiar i beredskapsplanlegging

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Valdres vidaregåande skule

Øving Hordaland Bakgrunn, opplegg og forventningar til kommunane. Åsne Hagen Fylkesmannen i Hordaland

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Rapport etter tilsyn. Kommunal beredskapsplikt

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Stemnehandboka for NKSF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Transkript:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm Øving Fårikål 2014 Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september 2014 Oppsummering Side 1

1 Innleiing... 3 2 Øvingsmål... 4 3 Måloppnåing oppsummering og evaluering... 5 3.1 Hovudmål... 5 3.2 Delmål 1... 5 3.3 Delmål 2 og 3... 6 3.4 Delmål 4... 6 3.5 Delmål 5... 7 3.6 Delmål 6... 8 3.7 Hovudkonklusjon... 8 Side 2

1 Innleiing Øving Fårikål var ei enkel krisehandteringsøving som Fylkesmannen i Møre og Romsdal la til rette for kommunane i fylket. Øvinga vart gjennomført måndag 29. september 2014 kl 0900 1300. Alle kommunane var inviterte til å delta. 32 av 36 kommunar deltok. Sykkylven, Ålesund og Aure og Smøla deltok ikkje. Målgruppa var kommunen si kriseleiing og kriseleiinga sine viktigaste støttefunksjonar (sekretariat/loggførarar og ansvarlege for informasjon til publikum og media). Utfrå scenarioet var det på førehand tilrådd å ta med viktige samarbeidspartnerar i kommunen sine planar, som til dømes Politiet, for etablering av mottak for evakuerte og pårørande. Dette kunne også vere eige personell og representantar for frivillige organisasjonar. Kommunane var i eigne lokale under øvinga. Spelstaben var i Fylkeshuset på Molde. Fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal var øvingsleiar. Øvinga var lagt opp som ei varslings- og diskusjonsøving. Kommunane fekk kl. 0900 ei varslingsmelding, eit scenario og eit sett diskusjons- og treningsoppgåver. Dei skulle kvittere for motteken varslingsmelding og kvar for seg gå gjennom scenarioet og oppgåvene. Øvinga vart oppsummert i to telefonmøte kl. 1130 og 1215 halvparten av kommunane i kvart telefonmøte. Scenarioet for øvinga var møteulukke mellom lastebil og buss. Passasjerane i bussen var skuleelevar heimehøyrande i ein anna kommune nord i landet. Scenarioet og øvingsopplegget er nærare gjort greie for i gjennomføringsplanen og øvingskompendiet som vart distribuerte før og ved starten av øvinga. Side 3

2 Øvingsmål Før øvinga var det sett opp følgjande hovudmål: Øving Fårikål 2014 skal betre kommunane si evne til å handtere situasjonar der kommunen må ta hand om ulike grupper (evakuerte, berørte, pårørande) som har vore utsette for ekstraordinære hendingar. Øvinga skal også tene som årleg gjennomgang av grunnleggande beredskapsdugleik: handtering av varslingsmeldingar, etablering av kriseleiing og utnytting av krisestøtteverktøyet CIM. Og følgjande delmål: Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for mottak, vidaredistribusjon og handtering av beredskapsvarsel. Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for raskt å etablere operativ kriseleiing når situasjonen krev det. Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for raskt å etablere nødvendige støttefunksjonar rundt kriseleiinga. Øvinga skal avklare om kommunen er i stand til, og ser nytte i, å bruke krisestøtteverktøyet CIM. Og: Øvinga skal vere grunnlag for korleis kommunen vidare skal arbeide med CIM Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for mottak av evakuerte, berørte og pårørande. Øvinga skal gje kommunane og fylkesmannen eit høve til å trene på bruk av telefonmøte som informasjonskanal under krisehandtering Side 4

3 Måloppnåing oppsummering og evaluering Den vidare oppsummeringa er strukturert etter dei fastsette øvingsmåla. Oppsummeringa og refleksjonane byggjer på fylkesmannen sine observasjonar under øvinga gjennom innsyn i kommunane sine loggar, kvitteringar for meldingsmottak, situasjonsrapportar og tilbakemeldingar gitt i dei avsluttande telefonmøta. Øvingsforma gjer det vanskeleg å gjennomføre grundige analysar og vurderingar både av den enkelte kommune og for kvart enkelt øvingsmål, og det er ikkje gjort forsøk på anna enn å gje ei grov oversikt over vesentlege erfaringar. 3.1 Hovudmål Øving Fårikål 2014 skal betre kommunane si evne til å handtere situasjonar der kommunen må ta hand om ulike grupper (evakuerte, berørte, pårørande) som har vore utsette for ekstraordinære hendingar. Øvinga skal også tene som årleg gjennomgang av grunnleggande beredskapsdugleik: handtering av varslingsmeldingar, etablering av kriseleiing og utnytting av krisestøtteverktøyet CIM. Tilbakemeldingar gitt i telefonmøte og skriftlege rapportar gjer det umogleg å konkludere annleis enn at kommunane opplevde øvinga som nyttig, og at den i nokon grad vore med å betre kommunane sin evne til å ta hand om personar med akutt omsorgsbehov etter ulukke. Dette mellom anna gjennom at fleire kommunar meldte å ha avdekt manglar i sitt planverk om evakuering og innkvartering, som følgje av øvinga. Øvinga gav anledning til gode, konkrete diskusjonar om varslingsrutinar, etablering av kriseleiing og kommunen sin bruk av krisestøtteverktøyet CIM. I og med at dette var ei varsla øving der kriseleiinga var samla, fekk ikkje øvd på rutinar for etablering av kriseleiinga. For dei kommunane som brukte CIM vart det avdekt mindre tekniske utfordringar, som det vert vist til lengre nede i oppsummeringa. Frå fylkesmannen si side kan det tilsvarande konkluderast med at alle kommunane som deltok gjennomførte dei oppgåvene som vart gitt, og at det i telefonmøta og rapportane vart spelte inn viktige problemstillingar som øvinga hadde synleggjort. Konkrete forhold blir nærare kommenterte under dei enkelte delmåla, og ein oppsummerande refleksjon rundt hovudmålet er gitt heilt sist i rapporten. 3.2 Delmål 1 Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for mottak, vidaredistribusjon og handtering av beredskapsvarsel. Første del av øvinga var lagt opp som ei varslingsøving. Eit beredskapsvarsel vart sendt frå fylkesmannen, og det vart bede om kvittering for motteke varsel. I tillegg var det i øvingskompendiet gitt diskusjonsoppgåver om temaet som kommunen kunne gå gjennom etter varslingsfasen. Sett frå fylkesmannen fungerte varslinga bra. Alle kommunar hadde kvittert for motteken varsling innan 40 minutt, dei aller fleste i løpet av ti minutt. Men for ei varsla varslingsøving bør ein kunne forvente såpass. Nokre tilbakemeldingar gjekk på at ikkje alle interne fekk melding på epost. Fylkesmannen sender meldingar/varsel til beredskap@xxx.kommune.no. Øvinga var såleis nyttig for Side 5

å oppklare nokre tekniske utfordringar knytt til distribusjonslister i nokre kommunar. Elles vart det sendt SMS til sentrale personar som kommunane sjølv har vald ut til dette. Før øvinga har det elles blitt gjort eit arbeid for oppdatere fylkesmannen sine lister over kontaktar for varsling til kommunane. Dette har i nokon grad blitt gjort i samband med formøte og tilsyn fylkesmannen har gjennomført i 2014, og elles som følgje av initiativ både frå kommunane og fylkesmannen i andre samanhengar. Som ein del av evalueringa etter øving vert den enkelte kommune oppmoda om å kvalitetssikre den informasjonen som er gjort tilgjengeleg for fylkesmannen i samband med meldingar og varsling. Utover det reint tekniske var det fleire kommunar som gjennom øvinga påpeika behov for rutinar/planverk for intern handtering av mottekne varslingsmeldingar. Dette ser også fylkesmannen, men det ser ut at ting har betra seg på sidan førre øving. For eksempel ved at det ikkje er så mange kommunar som har sendt meir enn ei kvittering for motteke varsel. Dette kan vere ein indikasjon på at kommunane har betre rutinar og kontroll i høve til dette enn ein har hatt tidlegare. I den grad vi har sett fleire kvitteringar så er tendensen at dei kjem frå tenesteeiningar i kommunen som er litt perifere i høve sentraladministrasjonen i kommunen, som for eksempel legekontor og helseinstitusjonar. Dette kan vere grunna brukarfeil, dersom det er forventa tilbakemelding internt i kommunen på mottatt varsel. Fylkesmannen noterer for sin del at slike rutinar bør gå inn i planmalar som vi utarbeider og at problemstillinga bør følgjast opp også i framtidige øvingar. Terskelen for utsending av diverse typar varsel vart også tema, sett i lys av alle varsel om flaum og jordskred fylkesmannen har vidaresendt på vegne av NVE siste tida. Det vart ikkje konkludert noko om dette, utover at ein vil freiste å få til meir heilskapleg varsling på dette, på ein måte som ikkje fører til for stor slitasje på varslingskanalen. 3.3 Delmål 2 og 3 Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for raskt å etablere operativ kriseleiing når situasjonen krev det. Øvinga skal avklare om kommunen har tilfredsstillande planverk og rutinar for raskt å etablere nødvendige støttefunksjonar rundt kriseleiinga. Ut frå øvingsformatet er det vanskeleg å vurdere desse øvingsmomenta utanfrå. Her må kvar enkelt kommune legge eigne diskusjonar og erfaringar til grunn for eventuell oppfølging. 3.4 Delmål 4 Øvinga skal avklare om kommunen er i stand til, og ser nytte i, å bruke krisestøtteverktøyet CIM. Og: Øvinga skal vere grunnlag for korleis kommunen vidare skal arbeide med CIM. Også her er det den enkelte kommune som må trekkje dei viktigaste konklusjonane for eige vedkomande, men sett utanfrå er det ein eintydig konklusjon at CIM har fått godt fotfeste blant kommunane i fylket. Nokre kommunar har kome veldig langt. Fleirtalet viste under øvinga at dei kan gjere seg nytte av viktige funksjonar, og berre 2 kommunar valde å ikkje bruke CIM under øvinga. Side 6

Fylkesmannen si oppteljing viser at 30 av 32 kommunar førte logg i CIM under øvinga. 27 av 32 brukte også CIM til å skrive situasjonsrapport, og alle desse brukte også CIM til å sende situasjonsrapporten til fylkesmannen, på ein eller annan måte. Desse tala er om lag som forventa med omsyn til loggføring, og det er positiv utviklinga når det gjeld rapportering. Loggføring er enkelt, rapportskriving er hakket meir komplisert, og når rapport skal sendast kan også systemtekniske sperrer gjere ting vanskeleg. Mange opplevde for eksempel at rapportar ikkje kom fram fordi kontaktlista i CIM hadde feil epostadresse for beredskapsvarsel til fylkesmannen. 8 kommunar hadde ikkje rapportert i løpet av øvingsdagen, og purring og gjennomgang avdekte brukarfeil og tekniske hinder som i stor grad vart retta opp. Til dømes loggførarar pålogga som admin opplevde å ikkje få sende rapport. Denne retten er ikkje lagt til admin som standard, og ein må vere pålogga i si vanlege brukarrolle for å ha den retten. Den kan rett nok leggast til hjå admin også. Dette og andre tekniske viderverdigheiter ved CIM vil bli teke opp under CIM-seminaret 10. desember. Utfrå fylkesmannen sitt innsyn i kommunane sine CIM-installasjonar under øvinga, kan også eit par andre moment trekkjast fram: Nokre, men framleis få kommunar har lagt kommunen sitt beredskapsplanverk over i CIM. Fleire kommunar har også tatt i bruk kvalitetssystem som til dømes Risk Manager, Kvalitetslosen med fleire. Etter fylkesmannen si vurdering er det å få samla alt relevant beredskapsplanverk på ein plass og å ajourføre det der, viktig for beredskapsarbeidet. For kommunane er det såleis viktig å ta stilling til kva ein skal bruke CIM til, og korleis. Fleire kommunar har ikkje teke i bruk innboksen for epost i CIM. All epost som skal loggførast, for eksempel det som kjem til beredskap@xxx.kommune.no bør vidaresendast til denne innboksen, og derifrå kan det loggførast direkte. Innboksen har adresse på forma mr_monster@cimproducts.no. For den enkelte kommune er 'monster' identisk med kommunenamnet og vanlege omskrivingsreglar for æ, ø og å. Også desse momenta blir tekne opp i CIM-seminaret 10. desember, og fylkesmannen kan sjølvsagt også gje rettleiing etter førespurnad frå den enkelte kommune. 3.5 Delmål 5 Øvinga skal auke kommunen sin kunnskap og medvit om ansvar ved hendingar som krev etablering av mottak for evakuerte og pårørande. Både i telefonmøta og i situasjonsrapportane var det ei gjennomgåande tilbakemelding at scenarioet i øvinga var svært aktuell og realistisk. Det var egna som grunnlag for å få fart på tenking kring tiltak som må gå fram i kommunen sitt planverk, og fungerte som ei nyttig påminning om at nokon hendingar i beredskapskvardagen ligg meir opp i dagen enn andre. Ein fekk også retta fokus på forholdet mellom kommunen si kriseleiing og det psykososiale kriseteamet. Ei anna tilbakemelding var at senarioet sette fokus på rollefordeling mellom kommunen og politiet, og det kom godt fram at det i kommunane kan vere behov for ei avklaring på ansvarsforholda ved hendingar som involverar politiet/lrs. Side 7

3.6 Delmål 6 Øvinga skal avklare om kommunen har føremålstenlege rutinar og utstyr til at kriseleiinga/nøkkelpersonar frå kriseleiinga på kort varsel kan delta i eit telefonmøte med mange deltakarar. Øvinga vart avslutta ved at det vart gjennomført to telefonmøte mellom fylkesmannen og kommunane. Kl. 1130 for kommunane på Nordmøre og i Romsdal og kl. 1215 for sunnmørskommunane. Erfaringar frå tidlegare øvingar og hendingar, viser at 15 til 20 deltakarar er praktisk handterleg. Telefonmøte med alle 36 kommunane blir i største laget iallfall dersom det skal leggast opp til tovegskommunikasjon. Telefonmøta vart gjennomførte via ein ekstern tilbydar av slike tenester. Fylkesmannen har abonnement hos ein slik tilbydar, og kan raskt sette opp telefonmøte ved å distribuere telefonnummer og pin-kode. Alle kommunane fekk kopla seg opp og deltok i telefonmøta, og i det store perspektivet fungerte møta som ei oppsummering av ei øving med mange deltakarar. Veldig mange fekk på kort tid og utan vesentleg umak teke del i diskusjonen av både eigne og andre kommunar si handtering av scenarioet og refleksjonar rundt eigen beredskap. Det er likevel ikkje til å unngå at gjennomgangane, med 17-18-kommunar blir noko langdryge, og til neste gong bør øvingsleiinga be om meir spissa rapportar frå eit mindre utval av kommunane. 3.7 Hovudkonklusjon Det er fylkesmannen sin klare konklusjon at Øving Fårikål 2014 var ei nyttig øving. Ingen erfaringar eller tilbakemeldingar dreg hardt i anna retning. I løpet av fire føremiddagstimar øvde 32 kommunar på vesentlege deler av kommunen sitt beredskapsansvar. Fylkesmannen meiner at alle øvingsmål vart nådde. Ikkje på den måten at vi etter øvinga kan kvittere ut at alle øvingsmoment fungerer, men gjennom at øvinga har lagt til rette for at vesentlege deler av kommunen sitt beredskapsansvar er synleggjort, diskutert og at forbetringspunkt er noterte. Korvidt den enkelte kommune har nådd alle øvingsmåla, må avklarast lokalt. Det same gjeld sjølvsagt interne forbetringspunkt og intern oppfølging. Øvingskonseptet fungerte godt. Framfor alt var dette ein effektiv måte å få øvd mange på. Samanhalde med tilbakemeldingar frå kommunane om at øvingar er velkomne og bør vidareførast. Dette var etter planen den siste øvinga i rekka av Fårikålar, men eit nytt konsept er på tenkjestadiet. I eit nytt konsept vil fylkesmannen vurdere alle sider ved øvingsaspektet, og det finst også rom for å justere gjennomføringa. Å utvide til ein heil dag og å legge inn stresstesting av for eksempel kommunen sitt informasjonsapparat er opplagte alternativ. Side 8